Du
har kanskje allereie høyrt om Skillingsetra på Emblemsfjellet,
eller lagt merke til stadnamnet Skillingen på verkartet til
www.yr.no, når du siktar deg inn på
Emblemsbygda.
Av
ein eller annan grunn så finn du namnet Skillingen plassert rett bak
gamlehuset i Steffågarden, men litt unøyaktigheit kan ein vel
saktens tåle. Søker du meir informasjon om
garden i bygdeboka, så finn du ikkje noko slikt gardsnamn i det
heile tatt. Årsaka til dette skal eg komme attende til litt seinare
i denne teksten.
Namnet
Skillingen veit eg enno ikkje med sikkerheit kvar den kjem frå.
Namnet i seg sjølv er særmerkt for ein gard, og kan ha fleire
tydingar. Det er ikkje så lett å vite om namnet er eldre enn sjølve
garden, og om det er ein videreutvikla form av eit lokalt stadnamn.
Eg finn i alle fall ikkje grunnlag for å seie at namnet kjem av di
bruket opphaveleg vart verdsatt til ein skilling. Det er sjølvsagt
mogeleg at namnet Skillingen har hatt ei meir humoristisk undertone,
og ha samanheng med at garden på sett og vis var Ebbe-Johan sin
«spareskilling», eller kårstykke på sine eldre dagar, men det er
lite som tyder på det, for garden heiter ikkje Skillingen i dei
offisielle dokumenta. Det er heller ikkje noko i
skylddelingsdokumenta, eller skøytet på garden som vitnar om at det
har vore nokon stad kring tunet som har gjeve garden eit slikt namn
på folkemunne. Det er likevel interessant å merke seg at ein finn
ferskvasskjelder på austlandet som har fått namn som «Store
Skillingen» og «Skillingen». Store Skillingen i Nordmarka skal
vist nok ha fått namnet sitt frå sola sitt skinn over vatnet, og
det er interessant å merke seg at dei andre skilling-namna har
samanheng med vatn. Kan det hende at Skillings-namnet har kome til
nokre år etter frådelinga i 1894, og at det hadde forbindelse med
meieridammen som vart bygd på garden sin grunn kring 1896? Dammen
låg der i alle fall fleire år etter at meieriet vart nedlagd i
1906, for Harry Akslen fortel at det framleis var populært for
ungane i nærleiken å gå på skeisser der då han var ung.
Etterkvart vart dammen tørrlagd og dyrka opp.
Skal
ein vera heilt korrekt, så heiter Skillingen eigentleg Tunheim, er
bruksnummer 12 på matrikkelgarden Emblem, og har opphaveleg vore del
av Ebbegarden. Det er også dette namnet ein finn i både pantebøker
og bygdebok, men det er ikkje første gongen at namna i dokumenta har
vore annleis enn i daglegtalen. I tidlegare tider låg alle gardstuna
under Emblem omlag der Steffågarden og Tunheim ligg i dag. Emblem
bestod med andre ord av fleire gardsbruk, i eit samla klengetun, i
byrjinga av 1800-talet. Åkrane og slåttemarkene bestod då av svært
små jordlappar som var fordelt og bytta på i eit komplisert
lappeteppe, slik at kvar gard fekk jamnt fordelt jord på både gode
dyrkingsplassar, og der grunnforhold som vassjuk jord gav mindre
grøde. På den tid var det ikkje vanleg å dyrke opp og drenere
markane slik som i våre dagar. Ljåen kom også godt til mellom tuer
og steinar, i motsetnad til landbruksmaskinene i våre dagar. Bøndene
måtte difor planleggje og samarbeide godt i onnene. I ei tid med
lite oppdyrka mark for hestereiskap kunne det sjølvsagt vere godt å
vere mange om arbeidet, men styresmaktene og dei høgare autoritetane
i distrikta såg problem med denne ordninga, for det var vanskeleg å
få effektivisere landbruket og auke produktiviteten om denne gamle
ordninga skulle bestå. Sjølv var både prestar futar og amtsmenn
ofte føregangsmenn i landbruket, men dei hadde også råd til å
eksprimentere og mislykkast i motsetning til dei andre som trong
garden for å kunne livberge seg.
Det
er likevel grunn til å tru at også fleire av gardbrukarane ynskte
seg meir samanhengande markar og åkrar. I alle fall så fekk Nils
Olsen Solavåg på Ystebøen utskift sin del til eit samanhengande
stykke lengst vestpå garden Emblem allereie i 1834, og då måtte
truleg også dei andre følge på. Det vart i alle fall slik året
etter. Opphaveleg hadde ordninga vore at nokre av åkrane var faste
for kvar gard, medan slåttemarka kring tuna gjekk på omgong mellom
gardane. I 1835 utskiftinga var derimot målet at kvar gard skulle få
all jorda sitt i eit samanhengande stykke. Problemet var at dette
ikkje var mogeleg å få til. Dermed måtte brukarane i Steffågarden
og Ebbegarden finne seg i at deira bruk vart delt i to delar.
Ebbegarden vart delt i ein tunteig ved det gamle klengetunet, og ein
teig innanfor Røssevold-elva. Det kan dermed vere grunn til å tru
at husa i Ebbegarden ikkje vart flytta i 1835, men vart ståande på
sin opphavelege plass slik som dei hadde stått på det gamle
klengetunet. Dette kan også ha vore en grunn til at Ebbegards-folket
fann seg i denne delinga i to stykke. Det må i alle fall ha vore
tungtvegande grunnar til at Ebbegarden ikkje vart samla i ein
samanhengande del, slik styresmaktene sitt mål med utskiftinga hadde
vore. Bygdeboka gjev også opplysning om at husa i Ebbegarden vart
ståande på dette tunstykket lengst vest i fleire år. Truleg stod
dei fleste husa som vart registrerte i 1821 der framleis i 1835. I
bygdeboka finn ein at Jens Olsen Emblem (1790-1825) hadde sett opp ei
ny stove med loft, kjøkken, fordør og kakkelbileggar ovn. I tillegg
stod der ei eldre røykstove, høyløe, kornløe, stabbbur, fjøs,
stall tilbygd løa, 2 sauefjøsar, grisehus og kvenn i elva. Det må
med andre ord ha vorte både tidkrevande og dyrt å flytte på alt
dette. Det var den andre kona til Jens, Iverine Pedersdotter Lille
Nørve (f. 1795) og hennar nye ektemake etter Jens, Bernt Andreas
Iversen Emblem (f.1801) som dreiv bruket etter utskiftinga, og dei
flytte i alle fall ikkje tunet så lenge dei dreiv Ebbegarden.
I
1843 tok Nils Eriksen Kvassnes (1813-1876) over garden. Han var gift
med jordajenta Berte Jensdotter Emblem (1815-1894) og skal ha budd
på Emblem sidan 1836, når dei gifte seg. Han flytte husa innom
elva, men brukte begge dei to delane av Ebbegarden, og det gjorde
sonen Johan Nilsen Emblem (1841-1914) også. Likevel så fekk han
skyldsett og frådelt det gamle tunstykket i 1894. Den 27. september
vart det nemleg halde skylddelings-forrretning i Ebbegarden og
grensene vart tinglyst 18.10.1894, nokre månader etter at
utmarkutskiftinga for Emblemsbygda var vel i hamn og ferdig tinglest.
Det verkar som om det var ein grunn til denne frådelinga, som
Bygdeboka ikkje nemner i det heile tatt. I Panteboka vart det den 9.
januar 1903 tinglest ein obligasjon og eit «skadeløsbrev» på
Tunheim, der Knud C. Vegsund låner 82 kroner og 63 øre frå
Sykkylven Sparebank, med pant i Tunheim, «med paastaaende huse» og
«lösöre». Kan det ha vore slik at Johan selde Tunheim ein gong
mellom 1894 og 1903? Eg finn ikkje hald for noko slikt i
panteregisteret, så det kan ha vore mogeleg at Johan har hjelpt Knut
med å finne sikkerheit til å låne pengar, men då ville truleg
dette ha vorte registrert som heftelse på Ebbegarden også. I alle
fall så var Johan eigar av Tunheim i 1913.
Eg
skal vere så ærleg å innrømme at eg ikkje veit heilt kvifor Johan
valde å dele opp Ebbegarden på denne måten. Det er sjølvsagt
mogeleg at han ynskte seg eit eige kårstykke. Eg trur i alle fall
ikkje at han først og fremst meinte å dele garden på berre to av
sønene sine, for dei var mange born, og fleire gutar i borneflokken.
Nils B. Johansen og Olivia M. Johansdotter var dei to eldste og fødde
i 1863 og 1864. Eg finn dei i 1865-tellinga. Sidan er det litt
vanskelegare å fastslå nøyaktig kor mange born som Johan eigentleg
fekk. I 1900-tellinga finn eg i tillegg borna Ole, Andreas, Elias,
Marie og Ragna, så 7 born hadde dei i alle fall. Jentene kunne
truleg lettast verte gifte til eit anna gardsbruk, og eldstedottera,
Olivia, fann seg også ein kar frå Eikrem. Johan dreiv
Ebbegarden/Tunheim som eit samla bruk heilt til 1906, og so lenge
ville truleg ikkje eldstesonen vente. Nils vart etterkvart skipper og
busette seg først i Ålesund, før eg finn han på Giske i
1910-tellinga, der han er gift med Karen Larsdotter Giske, har ei
datter og har vorte fiskar igjen. Eg fann han første gongen med
tittelen skipper i den 24. november 1901. Då var han forlovaren til
yngstesøstera si, Berthe Jensine Johansdotter Emblem, som gifta seg
med snekkersvenn Peder Olaus Martinus Ekrem. Dei busette seg også i
Ålesund. Andreas finn eg ikkje att i digitalarkivet etter at han
vart registrert som ugift og heimebuande bygningsnekker i 1910. Ragna
gifta seg med Tor Ingvald Johansen Indresæter frå Stordalen i 1908
I
alle fall vart et slik at Ole fekk ta over Ebbegarden i 1906, etter
faren, og broren Elias fekk kjøpe det vestlege stykket med namnet
Tunheim, eller Skillingen på folkemunne. I Skøytet frå Johan til
Elias i 1913 finn eg att Andreas. Faren hadde skylddelt eit stykke
til han når han overlet det austre stykket av Ebbegarden til Ole i
1906. Denne «parcellen» hadde fått namnet «Fagerheim» og
bruksnummer 17. I det tinglyste skøytet på Tunheim frå 17.12.1913
går det fram at Elias kjøpte denne delen av farsbruket for 1500,-
frå faren. Det går vidare fram av doumentet at Elias sjølv hadde
sett opp hus, fjøs og løe der allereie. På dette tidspunktet hadde
broren Ole altså tatt over Ebbegarden, men med nokre unntak. Fjøsen
på setra og kvennhuset skulle delast likt mellom Ebbe på Tunheim og
Ole i Ebbegarden, Ebbe-Elias skulle også få ein halvpart av
trerøringsnaustet i Jagtevika i Emblemsvågen, men det skulle delast
med broren Andreas Johansen Emblem på «Fagerheim», som er det
stykket som Rolf Østrem eig i dag. Elias skulle også gje kår til
faren og mora Karoline. Det vart likevel ikkje så langdrygt kår,
for faren døydde allereie den 22. mars året etter av kreft. Han var
kanskje sjuk allereie når han selde Skillingen. Mora Karoline
Olsdotter levde 6 år til og døydde 30. august 1920.
Mora,
Karoline, rakk, i motsetning til faren, å få med seg at Elias vart
gift. Den 11. november 1917 stod 39-årige Elias Johansen Emblem
brudgom i Borgund Kyrkje. Den utkåra var den 4 år yngre
tjenestejenta Johanna Oleana Helena Rasmusdotter Aakre (1882-1970)
frå Haram. Det vart truleg skikkeleg bryllaupsfeiring i bygda, for
plassemann og dampskipsekspeditør Ludvik G. Ingebrigtsen Emblemsvåg
gifta seg også den same dagen.
Ebbe-Elias
var ein kar som var dyktig å fortelle. Han hadde vore på sjøen og
dreve fiske med eigen motorbåt. På sine eldre daga sat han gjerne
på benken på Aksla-buda og fortalde, medan ungdomen høyrde på.
Det gjekk helst i båt- og fiskehistorier, og dei unge likte særs
godt å høyre på. Medan han prata, så dreiv han å karva tobakk og
stappa pipa. Etterkvart vart pipa ferdig og sett til munnen. Elias
kveikte ei fyrstikk, men gløymde stadig vekk å bruke den. Dermed
brende han seg på fingrane og måtte kveike ei ny. Det kunne gå
mange fyrstikker før han endeleg fekk fyr. Harry Akslen fortalde at
dottera til Elias, Oddlaug, hadde arva denne fortellar-evna. Når dei
hadde noregshistorie på skulen, ramsa ho ikkje berre opp det ho
hadde pugga, men fortalde på ein slik måte at det vart interessant
for alle dei andre å høyre på.
Elias
var også ein dyktig nybrotsmann. Han dyrka mellom anna opp den gamle
Meieridammen lenger oppe i sida til ei flott slette. Elias fekk også
diplom for jordyrkingsinnsatsen sin. Han utmerka seg hjå
sambygdingane med å gå med berre ein stav når han skulle på
fjellet og skillingsetra etter høy om vinteren. Ebbe-Elias fyllte
opp kjelken, festa godt, og sette så av garde mot bygda igjen. Då
var staven god å ha som styrereidskap ned etter fjellsida.
I
1958 overlot han bruket til sonen sin, Johan Eliasen Emblem
(1923-1981) som var gift med Lilly Marie Aas (f. 1933) frå Vestnes.
Med dette vel eg førebels å avslutte den eldste historia om
Skillingen. Samstundes er eg takknemleg for meir informasjon om både
den eldste, den nyaste gardshistoria og ein og anna småhistorie
også. Ynsker du å hjelpe, så kan du nytte følgande addresse:
sveostrem@hotmail.com