 |
 |
|
 |
 |
Tekster fra innaumnesingen
Det aller første innlegget i Innaumnesingen er frå november 1904 ved stiftinga av ungdomslaget
God kveld
innaumnesinga og vel møtt
Innaumnesing
er eit namn so me alle so er inomnese altid heve følt os bindige to
aa haurt, jamt det same , det heve vore i song eller gledje. Og naar
me heve haurt de namna vorte nemnt, so heve me altid fått liksom ei
slag kjensle ta kjerligheit til dei so heve kalja seg med det namna.
No heve eg so nybaka mor sine det byrdige namna komen innomnese, for
om muligt
aa
rekkje dyke ei hand te hjelp i dykkar nye fyretagende, sa eg paa same
tid vil helse dyk te lykke me. Naar me no heve stifta os eit
ongdomslag her i Emblemsbygden aa paa same tidi heve bestemt os paa
eit handskrive blad so heve faat namne Innaumnesingen aa so ikveld
for fyrste gong presenterer seg fyr Emblemsbygden ongdomslag aa so
fyrst i stykka snakke te os. Men no vil eg iønaa blae snakke me
ongdomslage, eller fyrst te blana.
Eg
vil fyrst be blae velkoome te laga, aa ynskje at det maa trivast og
vekse seg stort ilag med me laga. No vil eg snakke nokre or me laga.
Fyrmaale me ongdomslage aa me blana, er etter mi meining te aa lære
og fyrstaa kvarandre.
Derfor
so jelde det fyrst aa fremst aa vere einige, inkje so aa fyrstaa at
me skal være einige om det emne so me skal ha ordskjifte om nei
longtifraa det er ikkje mi meining, fyr er me einige om emne vaart so
bli det kleint ordskjifte, te me daa fær nei daa er det omaagele at
me ere snaksame so me kan halaa fram vaare meininger om dei er aldri
so galne for det er omaagjere altid aa auka ordskifte so det bli
baade longt aa heit, men i vore brev og bladskrivning maa me alltid
vara fyrsigtige, fyr da kan me so snart sete eit ord so inkje jere
godt, sjølv om me inkje meine noko gale med det:
Her
maa ikkje noken misforstaa mie, eg meine paa ingen maate at me ikkje
skal skriva, nei langt i fraa me maa skrive baade lit og mykje, men
lat altid grunntankjen vor være einigheit fyr einigheit gir sterk
sun ordtame og det er eit sant ordtam fyre naar tvo eller tjue er
einige aa tek et tak so vinj det det dei vil. So det som er nærast
er det er me skal love aa førstaa kvarandre her er det me skal lære
at aa framsei vaare meininger her er det me kal love og rette os
etter andre her er det me skal ad aa lyfte alt kva so er stort aa
høyt her ska me lære og ta trauste framste tak so me ser det mand
nær takja er uttikne. Her skal me indprænte aa framdyne ei kjerleik
til kvarandre ei kjerleik so me kan framsyne først og ikkje (...)
naar ho behøvst men daa bræn som et fukst gaad til en kvar tid.
Lat
me konje vise at ho kan gro og trivast i ongdomslage aa hjaa ongdoma
i trua.
Med
det formaal vil eg tru at me heve stifta lage vort i alfald heve eg
vaju og sifta og skrive meg in i lage med det formaal so før næmt
lat me prøve og altid være einige og staa saman so mykje so muligt
kan (..) , ja lat os ta en mon atpaa so ska eg spaa om inkje lenje
frukta ta vaart arbeide
Bladstyrar
Andreas J. Emlem
Det er mogeleg at dette er bilete av Andreas Johansen Emblem, frå Ebbegarden. Han var fødd i 1875 og livnærte seg som snekker og fisker. Andreas var nest eldst og dermed ikkje odelsgut på garden. Han var enno ikkje gift når 1910-tellinga vart gjennomført og eg finn han ikkje som gift i kirkebøkene fram mot 1912 heller. Eg er ikkje sikker på om han vart verande i bygda etter 1910, eller om han gifte seg, men interessert i ungdomslagsarbeidet var han i alle fall.
Det er mogeleg at dette er bilete av Andreas Johansen Emblem, frå Ebbegarden. Han var fødd i 1875 og livnærte seg som snekker og fisker. Andreas var nest eldst og dermed ikkje odelsgut på garden. Han var enno ikkje gift når 1910-tellinga vart gjennomført og eg finn han ikkje som gift i kirkebøkene fram mot 1912 heller. Eg er ikkje sikker på om han vart verande i bygda etter 1910, eller om han gifte seg, men interessert i ungdomslagsarbeidet var han i alle fall.
Kva var eigentleg Innaumnesingen
"Inaumnesingen" er ei eiga skriftsamling med fleire bøker med handskriven tekst som vart skrivne av medlemmane i Emleim Frilynde Ungdomslag. Det var eigne "bladstyrarar"som hadde ansvaret for dette arbeidet. Store og små hendingar, eller dikt og noko somminner meir om skulestilar fylde permane i mange år frå skipinga i 1904 og fram mot 1970-talet då ungdomslagetvart nedlagd.
Eg har berre fått sett ei av desse bøkene som var vasskada - ein dårleg lagnad for ei bok med blekkskrift. Dei andre bøkene håpar eg at dei kan kome fram i lyset igjen, slik at dei kan verte til glede for bygdefolket nok ein gong.
"Emleimsbygda om 100 år" skrive i 1930
Når du i dag den 15 okt. 1930 tek deg ein tur gjennom
Emleimsbygda gjeng alt stilt og roleg etter den gamle bygdevegen er
der liten ferdsle Berre einkvar fotgjengaren no og då kanskje ein
hest eller sykkel av og til, og so dei tvo bilrutene som riv op lufta
eit par gonger om dag. Med forretningslivet er det usselt berre tvo
små forretningar som for det meste handlar berre på tobak, drops, kaffi
og smør. Folket strevar med det dei eig, bryt op ruskemarka og lagar
nytt land. I dag er her i bygda rundt sirka 60 tun men kor mange tun
og hus vil det vera i 2032? Ja det er eit spursmål som somme set for
seg. Korleis vil her vera um 100 år? Skal folkeoplysninga og kulturen
vekse eller skal komunistane kome til magta og rive ned at både det som
me og forfædrene hev bygt?
Eit er no sikkert ferdslen og
foretningslivet vil vekse. Ein spiritist
hev sett bygda um 100 år i
fylgjande trekk. Bilane vil då skynde seg avgarde etter dei regulerte
gater gjeng på kross og tvers gjenom bygda eller byen som det då vil
heita. Rutebilar med påskrifta: Harøy, Giske, Vigra, Aalesund,
Magerholm, Ekornes, Aure, Nysetra, Stranda, Hellesylt, Geiranger,
Grotli, Dombås, Ørsta vil dagle farte gjenom bygda. Det vert nokk eit
langt rutenamn, men bilane blir so lange at det er rikeleg plass til
namnet. Like eins vil dei 2000 personinge bilane til Emblems-billag aldri
kome burt for auga dine.På drosjehaldeplassen ved skulehuset vil
der vera parkert ca 100 bilar stødig. Skal du då ta deg ein tur ja om
ikkje lenger en til næraste småhus, hev du berre å ringe på den
trådlause telefon og bilen er der i same stunde og køyrer deg dit du
vil. Tek du deg ein tur inn på Paraten som det no heiter ein
sundagsjå mykje rart.
På Magerholm er der øyredøyvande liv. Fergesignala
vil
skrike gjenom lufta ustanseleg og bilhorna vil blande seg i
musikken som den beste pikkolo. 4 ferger er på veg til Korsneset og på
retur til M. holm 3 vil liggja ved den 250 m lange kaia på M. holm og 2
ved den 200 m lange kaia på Korsneset. Bilane vil kome gjenom
foretnings-strøket Magerholms lunda med 2 m millomrom og forsvinde
ombord i fergene. Petter Toresen Veik vil stå som ekspeditør og hans
sønner og sønnesønner fører dei stolte fergene med plass for 100 og 1000
personar Fergene vert drivne med elektrisitet som vert tilført gjenom
ein trå sum er strekt frå Magerholmstranda til Korsneset.
På
Jakjemneset vil der verta bygt store svære murhus på 12-14 etager og
likeeins ut heile Magerholmstranda. Jakop Engeset i 4.ledd vil verta
indehaver av landets største slakteriforetning med eithovudkontor
på Jakjemneset. Steffen Pedersen kjem nogså godt etter med si store
bakeriforetning som hev 50 svenner og 10 mestra i kake , og omset 50.000
brød 40.000 blautkaker 190.000 vinerbrød og bekymringskaker pr dag.
Kristen Holms smiforetning på Brauta vil vekke voldsom opsikt med
sine svere dimensjoner.
Karl Holms blad"Greftens Rambukk" vil kome
ut i 10.600.000 ekspl. for dag frå redaksjon og trykkeri på Paraten. K.
Hansen og Co kolonialforetning på Garsneset vil vere landets
næst-største foretning i den bransje. Lars Larsens buntmakerforetning
ved Brendhaug vil trekka landets fornemste folk for firmaets vare vert verdenskjende.Knut
Tamsens sko foretning ved Brendhaug vil omsette ca 36.000par sko pr
dag. Karlsons våpenfabrikk vil stå på reset og han vil også ha i arbeid
ein knippe flokk arbeidlause i arbeid. Hansens bryggeri i
Storebodalen vil verte landskjent for sin stordrift og gode produkter.
På
Austrem vil ein av landets største flygeplassar verte anlagt, med store
verkastader og fortøyningsmastre og hangarer. Abraham Alfredsen vil bli
foretagenes tillitsmand. Posthuset vert også byt på Austrem då al post
skal reise og kome gjenom lufta. På Nedregotten vert ei stor kirke med
tårnet 100 meter gjenom lufta. Presten vert Lars Hansen. Vidare vert der
mange store bygverk og foretningar. (...) heile bygda og det heile vert
ein øyredøyvande sjau heile døgnet. Stakars dei som vil fred år
2032"
Bladstyrar
Mauritz Akslen
Det er ikkje heilt enkelt å tyda alle tekstane i Inaumnesingen. fukt eller vatn
har fått blekket til å spreie seg på sida
Det er ikkje heilt enkelt å tyda alle tekstane i Inaumnesingen. fukt eller vatn
har fått blekket til å spreie seg på sida
Lesarbrev til Innaumnesingen frå 1930
Denne utgåva starter med
eit dikt. ( "Melkeveien" av Zacharias Topehus) og endrar deretter form til eit slags brev til bladstyraren. ( vanskelig å vite
dette med sikkerheit desverre)
"Ein vitjar i Emblemsbygda:
ein
laurdagskveld var eg komen op i bilen som skulde inn i emblemsbygda, eg
skulde dit inn for å vitja var tanken. Det gjekk i strykande fart
innover dei flate fine vegane, men herlagdomen vart snart slutt, den siste helvta av vegen var vel snarare meint som avnaglings kur enn som
biltur, for stundom var oppe under taket med hovudet og i neste
sekund kasta nedatt på setet på ein mindre blid måte. Men det gjekk
og om ikkje lenge stoppa bilen oppe på ein bakke. Der stod eit kvitt
hus som etter alle ytre og indre merke måtte vere ei handelsbud.
Eg
gjekk inn og skulle kjøpa noko ungemat. Inne på buda var det fullt
av folk varer og tobakksrøyk. Især den siste sorten var godt
representert, han la seg som ei blåskodde over alt og alle. Her var det
diskutert og fortalt skrøner som var meir og mindre trulege. Men eg
hadde ikkje stunder til å høyre so mykje etter, eg fekk det eg skulde ha
og gjekk. Seinare på kvelden skulde eg saman med ei par andre
gjenter ut å ture. eg hadde før på kvelden sett ein heil del gutar
rett nokre strammingar som hadde frakkar og kvite høge snippar, og eg
tenkte med meg at her var det ikkje fårlegt enn sjangs!! Men eg vart
skuffa for såg eg ikkje hysen av dei meir. Eg spurde om gutane her i bygda var so snobbete at dei tok på seg kjyrkjeklede for å gå ned
på buda o å kjøpa sigarettar, og sidan gå heim å leggja seg? et nei
det var nok ikkje slik heller, men dei var nok komne til byen allereie
dei. Ja so? kva gjer dei der då? At dei skal vel ut i Skansen for å sjå på eit lynnedslag att. Lynnedslag i Skansen? Det har eg aldri
høyrd, men det var vel lite å reisa so langt for. At det er nok ikkje
bærre før de dei reiser heller. Tek du deg ein tur på "Turnhallen"
eller "Folket" finn du vel ein heil del der, og du kan tru dei har
fint fylgje. Ja eg treng vel ikkje fortelje deg kvaslags gjenter det
er desse måla og pudra tingestane som held seg på slike stadar.
Snakk
ikkje meir om det, bad eg, lat oss heller halde lit kaule med han
Karlsen å gjengen hans, det er morosamt å sjå kor vaksna dei vil vera
slike knastar. Soleis gjekk den kvelden. Dagen etter laurdag plar vere sundag og slik var det denne gongen og. Den sundagen tok eg meg
ein tur ut gjennom bygda for å sjå korleis ho tok seg ut i dagsljoset.
Eg såg snart at her måtte vera fagert om sumaren når dei vene gardane
låg innkransa av sumarskledd bjørkaskog. Men fagrare kunde her vera
dersom fjeldet var kledd med fager skog, eg tenkte at her måtte vera
ei fager oppgåve for ungdomslaget og for einskildmannen óg.
Då
kvelden kom skulde eg vera med på ungdomsmøtet,vi møtte fram til den
fastsatte tid, og her traff vi vor gode ven frå i går kveld. Han
Karlson i ferd med å kveikje op. Det såg ikkje ut for at folk hadde let
so ( unnvint ? red anm.) med å møta fram til rett tid, det kom da
ein klikk og då ein annan slengjande, og endelegt so vart det byrja. Men
då viste klokka eit anna tal enn ette som eg hev frett skulde vere
fastsatt.
Programmet skulde vera som vanlegt, men det var ikkje
det eg fesste meg so mykje med eg såg meir på korleis folket førde seg under
møtet. Det var særleg ein ting eg fesste meg ved og det var allt
snakket både under songen og under oplesinga, det skjemde mykje ut. Det
underlege var at då han som heldt møtet bad folk uttala seg om eit eller
anna då vart det heilt stillt, då var det ingen som hadde noko å segja.
Ein
annan ting undra eg meg og mykje over og det var den uro som var utfør
veggen. Eg trudde at ungdomslaget var for all frilynd ungdom i bygda, og
eg trudde ikkje at nokon skulde ha interessa av å stå utanfor å halde
leven, men det er vel so her som i andre bygder at det er ein klikk som
held seg for god til å vera saman med andre "aldmindelige dødelige".
Å,
ja san, det vert vel mykje av kritikk dette av ein framand, men eg kan
trøyste dykk emblemsbygdarar med det at det er gale andre stadar og
sumestadar betre og sumestadar verre. Eg såg ikkje berre det som var
gale, det var mykje som var gildt óg. Eg såg at ungdomslaget hadde mange
gode krefter, men desse var unge og uprøvde. Eg trur at desse unge
kreftene i laget dykkar har ein lovnad i seg som spår godt for framtida.
No gjeld det at laget driv på det beste dei kan og lerer op desse
unge kreftene til å verte gode lags (...?..) og glade samfunnsborgarar.
So vil eg til slutt gjennom inaumnesingen sende ei hjertleg helsing til
alle samen.
Veslemøy.
Protest mot å forlate gullstandarden (fra Innaumnesingen 7. januar 1934)
"Som dykk alle veit, har Noreg i likheit med
Danmark Sverige, Finland, Holland og England gått burt frå
gullstandarden som mynt (..). Som protest derimot, hev heile 15 par
av ungdomen gått til direkte aksjon, og symbolet dei brukar er å bera
ein glatt gullring på høgre handi. Avsetnaden av gull hev i Ålesund
gått strykande, so ei ny forretning måtte åpnast. Ho ligg midt i centrum, og skal av Amors pilberar vera lett å råka. Innaumnesingens
erfarer like ved at bladet skal "gå i trykken" at her i bygda skal vera
i "gjære" å stja igong sympatistreik, hvis ikkje Noreg innan utgongen
av 1934 vil gå attende til gullstandarden. Rebus: Kor månge par
nyforelska vil det verta ved neste nyår, hvis Noreg fastheld sin
påstand.
Bladstyrar Sevrin J Emblem"
Dikt til Emblemsbygda (Inaumnesingen 26.12.1931)
Her hev mine fedrar butt i mange, mange
år. Her livde dei sitt liv so trutt i trange, trange kår. Det
inga soge skrive er om deira liv og kav, ingen bautastein dei fær på
si gløymde grav.
Avgøymd, avgløymd bygda låg i mellom fjord
og fjell. Herinne våre fedrar såg so mang ein helgakveld. Helg
og yrkje stille rann burt med småe steg, og snart dei øyddest mann
for mann no er det du og eg
Dei denne bygda oss hev gitt med
hus og heim og bø. Og difor eig vi henne fritt frå fjell og ned
til sjø.
Her hev vi levd vår barndoms tid og våre ungdoms år, og
etter kvart som tida skrid fær vi våre manndoms kår.
Mange
ting er annarleis mot kva det var ein gang Mange hev fått ein
annan sveis i gjennom tida lang. Men lell ho er vår Emblemsbygd vår
arv på denne jord. Og vi fær yrkje her i trygd i glans frå tid
som for.
Og lat vi yrkje meire traust og hugnad kring oss så. Til
meir du ofrar kjærleik raust til meir du att kan få. Og lat vi
sidan få den dom at vi var fagnafolk. Att vi fyllte godt vårt rom i
denne tidas bolk.
Og lat vi alle saman stå og hjelpe bygda
fram, då kan vi ut i verda gå forutan sorg og skam. Lat kvar
ein gjest i denne kveld få kjenna band som bitt. Og gjer at landet
alltid held og sterknar heller litt.
Bladstyrar Karl O.
Embl
"Innaumnesingen sine julegaver" Skrevet av Karl O Emblem 26. desember 1931
( Her er det en del karer fra bygda som er
omtalt. Er du i tvil om hvem så kan du spørre dine foreldre. Det
skal finnes litt slekt her...)
"Innaumnesingen hev i år gitt
nokre av leserane sine julegåver. Vi gjer oss so fri å offentlig
gjere nokre av desse.
Han Harald fekk eit brillepar med
inskripsjon: til bestefar.
Han Karl fekk eit helsingskvad skrive
på eit næpeblad
Han Sevrin fekk ein måne ny difor gjeng han
no so kry.
Han Johan fekk si store korg full av gamal
hjartesorg.
Han Georg, han fekk den idé at han snarast vil
gifte seg.
Han Mauritz fekk den eigenskap å halde andre folk
til ap.
Han Peder fekk ein juledramm og merkje er de: opp og
fram.
Han Lorents fekk lit sympati for uheld med sitt frieri.
Han
Lars fek lit kjærlegheit difor er han no alreit.
Han Hans
fekk ein dokkemann og glad som fuglen vart nok han.
Han Alfred
fekk naturligvis ein leikebil til nedsett pris
Han Konrad
fekk eit bølgeblekktak til å gøyme nasen bak.
Han Egil fekk
ein gamal vits og læreboka jui jits.
Han Jørgen fekk ein
fribelett til Sandvika han strauk med ett.
Han Oskar fekk eit
styltrepar so no er han og vaksen kar.
Han Tore fekk i
fergestil Ei uniform med luftventil.
Frå Innaumnesingen 11.1.1931
Den første
utgåva av Innaumnesingen våren 1931 vart ført til pennen av
bladstyrar Karl O. Emblem. Han åpna det heile med eit dikt før han
skreiv dei to tekstane som eg no har skrive av. Teksten er ikkje endra
frå slik den opphaveleg vart skriven inn for hand i ungdomslaget
sitt medlemsblad og lest opp søndag den 11. januar:
På siste ungdomsmøte var
det ordskifte om «Kvifor eg gjeng på ungdomsmøte» Diskusjonen var
som vanleg, ei tri fire som diskuterte over emnet, ein flok
diskuterte privat, eit par stykkjer slost og resten gjorde ingenting.Sidan eg er ein av desse
stakkarane som har vanskeleg for å snakke, og difor ikkje legg meg
op i diskusjonen, vil eg i staden for munnen bruka pennen og beda
Innaumnesingen om plass for eit innlegg i diskusjonen.
Eg kunde naturlegvis byrja
der dei andre slutta, og fortsetta med å rakka ned på kvinnfolka;
Men eg tykkjer at emnet og kvinnfolka heng lite saman, difor vil eg
forlate kvinnfolka og skrive om meir alvorlege ting. Dersom nokon
spurde meg kvifor eg gjeng på ungdomsmøte, so vilde eg svare. Eg
gjeng på ungdomsmøte for å treffa kamerater og jamnaldringar og
hyggast saman med dei i godt venelag. Eg gjeng for å høra folk
lesa, syngja, diskutere, og høre på kva dei skriv. Men for fullt ut
å kunne gjera meg nytte av ungdomsmøta, so må eg sjølv vera med
på alt dette. Vidare, fær eg låna bøker, gode bøker, og gjennom
dei utvikla mitt ånds og tankeliv. Med andre ord, eg gjeng på
ungdomsmøte for å få ei vidare utvikling på grunnlag av det som
eg lærde på folkeskulen. Ei slik utvikling er heilt naudturveleg,
for vor tid krev at ein mann skal kunne tenkja sjølvstendigt, og
setja tankane sine om i ord soleis at han kan målbera seg på ein
sømeleg måte.
Vel er det nok slik at ikkje alle hev like lett for
snakka; men skulde ikkje fleire kunne snakka enn dei som diskuterer
på ungdomsmøta her, ja då er det jammen dårleg stellt med
ungdomen her i bygda. Vår tid krev at ein mann skal vera
skrivedykttig. Ikkje berre slik at han kan skriva bokstavane ABC Men
slik at han kan skriva ned sine tanker på en flytande fri og
naturleg måte. Alt dette kan det indre lagsarbeidet hjelpa oss til å
læra, og fær vi ikkje læra det der, so vert det vant å læra det
nokon annan stad, for dei som ikkje hev høve til å gå på andre
skuler enn folkeskulen.
Den mann som ikkje kan, i
dette, som i alt anna, fylje si tid og stetta dei krav som tida krev,
ja han vert snart sett ut av konkuransen og må finna seg i at andre
gjeng framum han. Dersom ein tok det indre lagsarbeid på denne måten
og såg på det som ein annan framhaldskule der kvar og ein er sin
eigen og andre sin lærar, då vilde dette vera fulstendigt nok for
eit lag å arbeide med.
Men ungdomslaga stend saman
i ein sams organisasjon som og hev sitt å arbeida for. Det denne
arbeider med er kulturell, nasjonale og sosiale spursmål, som vi og
ved å stå i samskipnaden, fær arbeida for, direkte og indirekte.
Dette vert vårt ytre lagsliv. Samskipnaden gjer meir enn dette, den
er med å hjelper fram det indre lagsarbeid i einskildlaga og, for
det er sikkert at er ikkje det indre i orden so vert det og
stakkarslegt med det ytre. Det ytre lagsarbeid skal soleis skapa
idear å arbeida for, og det indre lagslivet skal gjeva ideane studna
og ved eit sams arbeid føra dei fram i livet.
For alt dette er det eg
gjeng på ungdomsmøte, kort og godt, eg gjeng på ungdomsmøte for å
hjelpa fram og læra av det indre lagsarbeid og for å stydja dei
gode saker som laget er med å styttar i det ytre lagsarbeid.
Av Innaumnesingen om
hundre av år.
Laurdag den fyrste oktober 2031, vert ein merkjesdag i Emblemsbygda
ungdomslag si histori. For då skal ungdomshuset innviast tanken om
ungdomshus er no 125 år gamal so arbeidet må sgjest å vera godt
fyrebutt. Men endeleg er den draumen som vore Tippoldeforeldre,
Oldeforeldre, Besteforeldre og foreldre, drøymde, gått i
oppfylling. Som ein kuriositet kan nenast at det hev vore valt 57
byggjekomitear. Bileta av desse kan ein få sjå i ungdomshuset sit
bilætgalleri. Der heng det og ei teikning som viser korleis dei var
tenkt å byggja i 1931. Det huset hadde vorte akkurat o stort som
sena og orkesterplassen i det ungdomshuset som no er byggt. Væl møtt
då på festen som skal opnast med denne songen:
At far min kunde gjeara, det som meg no hev gjort Ja det skal sikkert
vera; men han kom til kort. Det art med bere pratet, og drøymeri og
pjatt. Han hugsa matfatet, og let so tungen att.
Bladstyrar
Karl O. Emblem
Biletet syner ein del av den første sida i den første utgåva av Inaumnesingen frå november 1904
Biletet syner ein del av den første sida i den første utgåva av Inaumnesingen frå november 1904
For deg som vil vite meir om ungdomsrøyrsla og ungdomslaga
Anne Kristin Moe skreiv ein spanande tekst om bunadane si mogelege opprinning og samenhengen med dei frilynde ungdomslaga i Sunnmøre historielag si årbok for 2009. Her hentar ho kunnskap frå blant anna historikaren Jon Tvinnereim som har skrive historia om den frilynde ungdomsrøyrsla på Nordvestlandet.I denne teksten finn du óg meir kunnskap om Emblemsbygda Frilynde Ungdomslag.
http://www.sunnmore-historielag.no/?p=930
Vil du vite meir så er tittelen på Tvinnereims bok:
"Ei folkerørsle blir til. Den frilyndte ungdomsrørsla på Nordvestlandet"
Gode Innaumnesing
Innsendt
De er klart som bølgeblikk at i ei
bygd som denne maa et upoletesk blad som Innaumnesingen leda av
underærnering for det hender so lite nyt her i bygda no um dagane,
at korrespondentane maa føle sig fattig i aanden og lite skjikka til
aa fylla spaltene i vort kjære ungdomsblad. Ein skuld tru at dei
store hende utanfor bygda skulde skaka lit opp i senna ogsaa her
inne, men de er nok ikkje tilfelle, for tenkje se til at
storsildfisket som hev vore den store sensasjonen i kolega
Sunnmørsposten dei siste dagane, ikkje har havt stort anna verkning
paa bygda her en at kvindeforeningen gjorde streik uten varsel, og at
vore unge lovande fordringsmenn i leketøisbransjen brende inne med
fiskekake pylse og hakkakjøt.
Politiet melder at sidan den store sak
som Innaumnesingen hadde ein sensasjonel artikkel om i site nummer
hev det vore stilt og roleg. Likevel ser det ut til at saka fer et
etterpel for dei tvo saksøkte for artikkelen (...), ja beint fram
injurierende, og dei hev lova dyrt og heilagt at slike skumle
skriverier skal hemnast.
Fyllearresten stade tom sidan
initiativrike men reiste på fote losje Heimatt. Desverre hev desse
men faat lite tak for de store og gode saka, men utakk er verdens
lære, og mot opposisjonslysten kvinnfolk er det vanskeleg aa kjempe.
At saka hev havt vedergaaende fyljer kan ein spaa berre ved og kika
lit i a/s Vinmonopolets sin rekneskap. Den viser at intekte hev
svikta med et par tusen kroner. Dette kjem fyr en stor del av at
Emblemsbygda importlag hev godt konkurs, og deler ut som devstende
til uprioriterte fordringar 0,92% . At planen um aa bygga ny
fyllearest med serskjelt avdeling for kvinder er gaat i vasken er
sjølvsakt.
Kva skal ein gamal unkar finna paa anna
en hate kvinnfolka og filosofere over ekteskapet ja dette hørest vel
nokka inkonsekvent ut, men at ungkarar filosoferer over ekteskapet er
en kjendsgjerning. Dei filosoferar sjølvsagt over andre ting ogsaa
men ekteskapet er det sentrum all andre tankar kjem attende til. Ved
siden av ekteskapet filosoferer eg ein god del over tida vi lever i.
Eg kan ikkje sla me te ro me at ein børsspekulant i Wal Stret i New
york fin at tedarne hev tendens til bedring, nei eg hev mine egne
merke og dei sler aldri feil. Et godt merke paa opegaaende og bedre
tide er at mannen søkjer kvinna og kvinna søkjer mannen med formål
ækteskap notede vei.
Skal ein gaa ut ifraa at desse
symptomer spaar ret kan vi gladeleg gaa ut ifraa at Børspekulanten
hev ret. En maa nokk gaa langt attende i almanakka for aa finna en
slik tilstand som her er no i bygda. Gjeng du paa vegen laurdags
sundags og got og vel torsdags kvelden såå ser du at kråke søker
make alle stader sidan eg stend i Dyrebeskyttelsen kan eg ikkje anna
end synes synd i desse unge som gjeng og dreg kvarandre i
olbogslykjaa. At desse ikkje filosoferer er sikkert for ein filosof
styrar ikkje i ækteskapet med opne augo som desse og hjarta fult av
enbelt kjærleik.
Husk de gutar at om tiderne hev tendens
til aa gaa op no, so kjem dei ein gong til aa gaa ned, og husk paa
gutar lat dykk ikkje daara av elskhugs fylte draumar om et paradis
innan ækteskapet, for der er en slange og de er kvinna, difor ver
ikkje berre dyk sjølve, men ver dykk sjølve nokk.
Vyrdlaust
Kandidat Philosof Unkar Philosofus
"leserinnlegget" var truleg skrive i humoristisk ordelag av bladstyraren sjølv, Harald Røssevold, men heilt sikker kan ein sjølvsagt ikkje vere. Uansett så beskriv det ei stemning i bygda på slutten av året i 1930 og det er interssant at Avhaldslaget var tatt med.
|
|
 |
|
|
|