- av Svein
Ove Østrem-
«Kjøt-Iver»
var ingen kven som helst i si samtid før den andre verdskrigen. Han
skapte seg eit namn det stod respekt av og han utmerka seg i arbeid
for bygdefelleskapet, åndeleg så vel som verdsleg. Han har ei stor
etterslekt i Emblemsbygda og er på alle måtar vel verdt ein tekst
for ettertida. Mange av opplysningane i denne teksten er basert på
spora han etterlet seg, og ikkje minst fleire av minna som borneborna
sat att med etter han. Utan sambygdingen Peter «Peto» Hesseberg sin
artikkel frå 1994 i Sunnmørsposten ville denne teksten vorte mange
hakk fattigare.
Barndommen
på Stranda
Iver
Karlson Furseth vart fødd på Nedre Furset, kalla Pe-Ola garden, på
Stranda 5. januar 1851. Han var sonen til Carl Nicolai Simonsen og
Karen Knudsdotter Furset. Dåpen vart halden 19. januar i Stranda
kyrkje. Dåpsvitna var Malene Sivertsdotter Furset, Birgite Petrine
Pedersdotter Furset, Hans Ingebritsen (dræge?), Ole Andreas
Rasmussen Furset og Ole Pedersen Langelo. Malene og Ole kom frå to
av nabobruka på Nedre Furset. Den 23. september 1851 fekk han
koppvaksine og attest på dette den 16. oktober.
Kvar
Iver fekk interesse for handel frå er uvisst. Der fanst ikkje
handelslag eller kjøpmenn i bygda når han vart konfirmert. Før den
tid var det Sunnmørsjektene som frakta mellom anna skinn og fisk til
Bergen eller Trondheim og tok med seg litt rug, tobakk, jern og
forskjellige frihandelsvarer på heimturen. Bøndene kunne byte til
seg slike varer mot skinn, smør, bork og kjøt. Bygdene på inste
Sunnmøre feira gjerne når jektene kom trygt heimatt frå slik
«Trandemsfart». I Dalsbygda i Norddal var det også inntil nyleg
mogeleg å finna spor etter Jektekøyla der fartya låg i opplag
mellom turane og der var små kapteinstover kringom i bygda. Det var
nok spanande for ein gutonge å vere med på ei slik feiring, og
kanskje fekk ungane i bygda høyre historier frå den store verda
utanfor stoveglasa også.
Iver
fekk truleg høyre om farfaren sin, Simon Kildal Lund (1796-1877), som
var lensmann i Borgund. Om dei møttest nokon gong
er nok mindre truleg, for faren Karl var uekte son av Simon og Anna
Knudtsdotter Braute frå Ørskog. Han vaks opp som forsterborn på
Nedre Furset då Ola Pederson Furset og Else Knudtsdotter Furset (f.
Braute) var bornlause. Else var tanta til Karl og på den
tida var det å vere «uekte» born ei skam. Soleis fekk kanskje Karl
det betre på Nedre Furset enn han ville fått hjå mor si. Iver vart
soleis ætta av den finare presteslekta Kildal. Farfaren hadde gifta
seg inn i to særmerkte handelsætter på Sunnmøre. Kona hans var
nemleg dottera til handelsmann Arnt Nicolay Heide og
handelsmannsdottera Anne Bagge Hansdotter Mechlenburg i Vegsundet.
Heide åtte på byrjinga av 1800-talet nesten alle gardane i
Emblemsbygda. Eg vil tru at Iver kan ha høyrt om dette frå tanta og
fostermor si, men om det påverka han til å starte med
handelsverksemd er eg ikkje like sikker på.
Arbeidet
på gardane i Iver sin barndom var tungvint. Nyrydding av jord trong
mykje arbeidskraft. Dei hadde kanskje stubbebrytar på garden, men
elles var det lite å hjelpe seg med når storstein og røter skulle
flyttast. Av arbeid vert ein sterk, heiter det og det stemte så
visst i Iver sitt tilfelle. Gardsarbeidet vart i all hovudsak utført
med handemakt. Hausten var ei særs travel tid når alt skulle
bergast i hus. I tillegg måtte all veden køyrast heim til garden
før jul i lag med myrjord til neste års gjødselblanding. I jula
fekk tenarane fri til å bøte skoa sine, eller sy seg nye. Dei
førebudde seg nemleg til Kyndelsmesse då fisket for alvor tok til.
Ingen vaksen kar kunne gå heime på garden når det var fisketid.
Gardsarbeidet, ungepass og bearbeidinga av fisken vart kvinnene sitt
ansvar. Den jamne bonden hadde knappast råd til å ete fisken han
fekk. Mesteparten skulle tørkast for sal eller bearbeidast til tran,
men resten av innmaten og torskehauda kunne sendast heim att i
stampar og gje mat til gardsfolket og kårfolket ei god stund. Hadde
ein ikkje båt så kunne ein ta seg arbeid hjå andre som rorskar.
Tolde ein ikkje bølgene ute med kysten så kunne ein få arbeid ved
tranbrenneria i staden. Det var no at pengar kunne tenast. Kor
sjøsterk Iver var veit eg ikkje, men han heldt seg no mest på
landjorda på sine eldre dager i alle fall.
Frå
1865 var Iver for vaksen å rekne. Då vart han konfirmert og no var
det ulovleg å gå tiltakslaus. Iver var truleg med på fiske slik
som alle andre og han hadde truleg vore i teneste på nabogardar i
bygda i god tid før han vart konfirmert også. Det står ingenting
om resultatet i kyrkjeboka, men alt tyder på at han greidde seg bra
på det første overhøyringsforsøket. Samstundes var der tre gutar
som var året eldre og det er ikkje sikkert at dei hadde klart å
svare på spørsmåla frå presten i Strandakyrkja første gongen.
Slikt var aldri kjekt der ein stod framføre heile kyrkjelyden,
naboar og vener, men presten var som regel snill og gav enkle
spørsmål til den han visste som trong det.
I
1865-tellinga kan ein finne Iver registrert som heimebuande på
garden saman med søstrene Oline på 23 år og Johanne på 8.
Eldstesøstera var registrert som ugift tenestejente på denne tida.
Det komande tiåret etter folketellinga finn eg ikkje spor etter han.
Teneste
på Emblem
Iver
kom tidleg til Emblemsbygda. Den 6 år eldre broren, Knud Andreas
(1845-1934), hadde nemleg etablert seg der. Knud hadde då arbeidd i
fleire år som omgomgskulelærar i skuledistriktet som også omfatta
Emblem. Han hadde funne seg ei han var glad i og då trong han meir
enn berre lærerløna å leve av. Takka vere svigerfaren og
søskenbornet til kona, Oline Susanne Clausdotter (f. Magerholm),
kunne Knud gradvis etablere eit nytt gardsbruk ved å kjøpe seg
nokre innmarksbøter og litt utmark frå Auregarden og Negarden, mot
grensa til Østrem, sommaren 1874. Den nye garden fekk namnet «Nybø»,
men er for ettertida kjend som «Fursetgarden». Det var hit Iver
etter kvart skulle få seg litt løna teneste hjå bror sin. Det vert
fortalt at han kom i unga alder til broren for å bryte jord. Dette
var noko han heilt sikert var vand med frå heimgarden. Der var jorda
på Furset steinrik, men både Iver og Knud visste av eiga erfaring
at det likevel kunne verte god jord så lenge ein vart kvitt steinen.
Det dei rydda vekk kunne dessutan nyttast til eit anna viktig arbeide
på ein nyrydda gard, bygging av steingjerder og dreneringsgrøfter.
Ein kan dermed framleis sjå spora etter dyrkningsarbeidet åt Iver.
Det kan vere rimeleg å tru at han kan ha kome til bygda kring 1875
ein gong. Kva veg han drog er usikkert. Kanskje gjekk ferda med robåt
ut etter fjorden, men då han var 7 år gamal vart det starta opp
rutebåtdrift frå Geiranger til Ålesund. Iver fekk soleis oppleve å
sjå hjuldamparen «Søndmør» fosse fram utover fjorden og kanskje
hadde han råd til å vere med også. Då måtte båten stogge ved
Tussvika eller Flisneset og Iver gå over i robåt inntil båtsida
ved det veldige skovlhjulet midtfjords før skysskarane på Emblem
fekk rodd han trygt til land, For nokon kai fantest der ikkje på den
tida. Han ville i so fall reist på tredje klasse, sitande på ei
kasse eller ein kuffert med kleda sine oppe på dekk. Var veret fint
hadde han god utsikt over gardane langs fjorden. Det var kanskje
ikkje den første gongen han drog denne vegen, så han kjende nok att
lia ovanfor Sjøholt som skjulte slektsgarden Braute også.
Det
er godt mogeleg at Oline var gravid med sin førstefødde på den
tida Iver kom til bygda, men det er ikkje sikkert at han var der ved
dåpen. Han er i alle fall ikkje nemnd som fadder, og det er heller
ikkje nokon av slektningane til Knud på Stranda. Dåpen vart halde
2. april 1876, og då kan det ha vore vanskeleg å kome seg til
Borgund kyrkje. Frå kyndelsmesse 2. februar til sommarmål 14. april
var ein av dei viktigste fiskesesongane på våre kantar. For tenarar
var vinterfisket ei tid då dei kunne ta hyre og tene gode pengar.
Det kan verke underleg å leggje dåpen til denne tida om det ikkje
var bråttom, men sjølv på Dyb på Godøya var det ein dåp i
februar. Det er godt mogeleg at fisket var over tidlegare dette året
for heile 4 dåpsborn av totalt 6 i denne fisketida vart bore til
dåpen i Borgund kyrkje 2. april. Ein kan i alle fall sjå bort frå
at det var snakk om påskefeiring då palmesundagen var 13. april
dette året.
Om
Iver var einaste dreng i Fursetgarden er også vanskeleg å finna
sikkert svar på i våre dagar, men Knud hadde truleg ikkje så mykje
å rutte med. Buskap skulle byggast opp, garden skulle dyrkast frå
delvis heimeutmark og hus måtte byggast. Slikt var ikkje billeg for
den som måtte greie seg med ei enkel lærarløn. Frå
panteregisteret kan ein lesa at Knud fekk utsette det meste av
betalinga på markastykka som skulle verte Fursetgarden heilt fram
til 1898, så han hadde kanskje råd til å betale fleire slik at han
kunne få jorda klar til å gje grøde. Ein omgongskulelærar hadde
undervisningsfri slik at han kunne arbeide på eigen gard i dei
viktigaste onnene og skuleborna likeeins, men tid til å rydde ein
heil gard fekk han nok ikkje, og snart var det å ta skreppa fast og
byrje på nye 24 veker med vandring frå gard til gard for å drive
skule. På denne tida vart det likevel enklare då han berre fekk
Emblemsbygda som arbeidstad. Soleis kunne han kome seg heim att til
gardsarbeidet også.
Giftermål
i Borgund
Medan
Iver arbeidde hjå broren møtte han jamnaldringen Ingeborg Maria
Hansdotter (1851-1936) frå Øvste-Aksla. Dei gifte seg 8. juli 1877
i Stranda kyrkje. Under namna deira i protokollen er Slyngstad ført
opp. Det tyder at dei hadde tenkt å busette seg der. Forloverane var
begge frå Stranda. Dette var Ebbe Furset og Bernt Kjølaas.
Tillysningsdagane i strandakyrkja var 10., 13. og 20. mai. Ebbe var
forresten storebror til Iver og tok over farsgarden på Nedre Furset.
Det
første året etter giftermålet forpakta dei prestegarden på
Sløgstad på Stranda, men Ingeborg hadde slik ein heimlengt. Ho
fortalde borneborna at ho ofte sat på Yste neset og gløste
drøymande ut fjorden mot heimbygda si. Reisa mellom desse bygdelaga
var tidkrevande på den tida. Det vanlegaste var å ro, men det tok
fleire timar. Ein rekna i alle fall to timars roing og to kvilestadar
før Emblemsbygda for den som skulle på bytur til Ålesund. I
tillegg var Ingeborg gravid det meste av tida på Stranda og då vart
truleg saknet etter familien enno sterkare. På den tida var det
ikkje uvanleg at førstegongsfødande fødte på den garden kvinnene
kom frå. Lengten var so sterk at dei valde å flytte til
Emblemsbygda i 1878, etter berre eit år som forpaktarar på
prestegarden på Stranda. Dei fekk etter kvart bygsle det vesle
småbruket «Skørene». Det kan verke som om dei kom i løpet av
sommaren eller hausten, for eldstedottera Elisa Nikoline vart fødd
på Stranda 1. mai og døypt den 9. juni i Stranda kyrkje. Då stilde
slekta til Ingeborg mannsterke opp. Mellom dåpsvitna var faren Hans
Knudsen Akslen og søstera Marte Hansdotter Akslen. Dei andre var
sognepresten og prestefru Davida Bergh, samt Ebbe og Johanne Maria
Furset. Den korte tida mellom fødsel og dåp kan tyde på at dei
hadde hast med å kome seg av garde mens dei enno kunne sikra seg eit
utkome frå garden. Det var som regel også på denne tida at ein
kunne byte gard ifølge dei gamle reglane. Kva Fursetslekta tenkte om
Ingeborg sin raske retrett til Emblemsbygda er uvisst, men det som
hadde størst betydning var Iver si omsorg for kona si. Lengselen mot
Emblemsbygda var viktigare å løyse enn alt anna. Kanskje var det på
ny dampskipet «Søndmør» som frakta dei til Emblemsbygda. No hadde
dei truleg også nokre eigenlutar i tillegg til borna med på vegen.
Då var nok dampbåten tryggare enn å ro. Vegen frå Prestegarden
til dampbåten var kort inne på Stranda. I tillegg hadde
Fursetgrenda eigne små kyrkjebuer, eller lagerhus nær kyrkja og
kyrkjenausta.
Bygselmann
på Skorene
Iver
fekk bygselskontrakta i hendene fire år etter den forrige
bygselsmannen, Lars Kristiansen Viddal (1814-1876) var død. Eigaren
var den ugifte læraren og organisten Knud Larsen Emblem frå
Auregarden. Han budde det meste av si tid i lærargjerninga på Åse
og åtte Skørene i heile si vaksne levetid. Bygslaren, Lars, var
ingen kven som helst i bygda. Han åtte ei rekkje gardar i distriktet
og var den tredje og siste ektemannen til Andrine i Sjursgarden. Lars
var dermed stefar til den i samtida vidgjetne «Sjurs-Ole» og
dessutan far til «Store-Knut». Han hadde bygsla Skørene når
stesonen var vaksen nok til å ta over morsarva og Sjursgarden. Til
trass for ei velfyld lommebok så fekk han ikkje kjøpe småbruket.
Årsaka er ukjend. Det er mogeleg at Knud hadde tankar om å flytte
attende til bygda ein gong, eller at han heller ville ha jamn årleg
inntekt til å spe på den heller skrale lærarløna. Men han flytte
ikkje ned på Skørene då han pensjonerte seg frå læraryrket og
kom attende til Emblem. Iver var også bygselsmann all sin dag på
Skørene ifølge pantebøkene. Eg finn ingen annan bygselskontrakt
enn ei tinglest utgåve frå 1880, så det er mogeleg at Iver anten
budde hjå bror sin dei to første åra, eller at han fekk flytte inn
på Skørene før bygselskontrakta var signert. I so fall var det
ikkje den einaste gongen at det hende i Emblemsbygda. Broren, Knud,
var ein mann som ein såg opp til i bygda, og det er ikkje heilt
utenkjeleg at det var han som fekk i stand denne avtalen med
kollegaen sin i lærargjerninga. Det er i alle fall interessant å
merke seg at det ikkje vart påkrevd nokon arbeidsplikt, slik som med
forgjengaren. Det var heller ikkje nokon bakdel at Iver var ein
gudsfryktig mann når han fekk leige jord med sjølvaste organisten i
Borgundkyrkja.
Den
15. oktober 1880 skreiv Knud og Iver følgande bygselskontrakt med O.
Emblem og Claus Schrøder som vitne. Plassen heitte Skorene i
pantebøkene, men vart uttala «Skørene» på folkemunne og det
same vart skrive i denne kontrakta. Bygselskrava var følgande:
-
Bygselssummen
Kr. 400,00 fire Hundrede Kroner er mig Dags Dato betalt; han svarer
i aarlig Landskyld Kr. 12,00 – tolv Kroner som betales hvert Aar
til Nytaar. Han utreder alle Skatter og utgifter samt alle Byrder,
som nu eller i Fremtiden maatte paalegges Pladsen.
-
Gaardens
Gjærder og Indhegninger baade hjemme og paa Fjeldet efter Pladsens
Skyld opfører og holder Bygseltageren i forsvarlig Stand og holder
Jordvei i god Drift. De Huse, Bygselmanden maatte opføre bliver
hans Eiendom.
-
I
Udmarken bruger han sin Andel efter Pladsens Skyld; Pladsemænd maa
ikke indtages uden Jorddrottens Samtykke.
-
Eiendommen
maa ikke bruges som Underbrug, og maa Hø, Halm eller Gjødsel ikke
afføres.
-
Fæstet
forsakes, saafremt de Forpligtelser, denne Kontrakt foreskrives,
ikke punktlig opfyldes.(..) Byggseddel besørger Leilendingen paa
egen Bekostning thinglest. Aalesund den 18 Oktober 1880.
Det
skulle syne seg at Iver ikkje var nokon ringare forretningsmann enn
plassemannen Lars, før han. Iver skulle nemleg syne seg å verte eit
forretningstalent av dei sjeldne. Ungeflokken vaks jamnt og trutt og
Skørene gav nok heller lite utkome åleine. På denne tida var fiske
det som gav kontantane. Iver var truleg aktiv på utror på
fiskebankane han med, men mot slutten av 1800-talet var det også
lettare for folk flest å starte med handelverksemd. Iver starta opp
med kjøp og sal av livdyr som han slakta sjølv og selde vidare.
Dette er årsaka til at han etter kvart fekk tilnamnet «Kjøt-Iver».
Før 1906 måtte ein ut i robåt om ein skulle vere med dampbåten
anten innover fjorden mot Stranda eller utover til byen. Varer og
livdyr måtte fraktast på same måte. Dette var ikkje ufarleg ferd.
Flisfjorden like ved var eit frykta fjordstykke som dei fleste i
området visste om. Sjølv i nasjonale aviser verka det som om
Flisfjorden var eit kjend namn. Her møtes både vatn og vind frå
Storfjorden og Hjørundfjorden. Resultatet er upåliteleg vér og
fare for at det bles raskt opp. Ikkje så reint få båtar med
mannskap, varer og dyr har møtt ei våt grav nett der. Det var
kanskje ei drukningsulukke ved dampbåten «Robert» i Tusvika, der
ungdom frå Magerholm gjekk ned, som bles nytt liv i praten om å
bygge si eiga kai også i Emblemsbygda. Seinare skulle det verte
konkurrenande motorbåtdrift i både Eikenosvågen og Hammarsvika,
rett aust for Klebershammaren.
Iver
engasjerte seg i praten om dampskipskai og vart ein viktig aktør i
arbeidet for å bygge kaia i Jaktevika i Emblemsvågen. Som så ofte
tidlegare så stranda forsøka gjerne på det praktiske eller
økonomiske. Her måtte det skytast ut stein og nyttast dykkarar att
på til. Slikt var ikkje billeg. Frå møteprotokollane kan ein lesa
at det var eit sterkt ønske om at grunneigarane i Emblemsvågen
skulle avstå grunnen vederlagsfritt. Det var ikkje alle einige i.
Kanskje var årsaka at den viktigaste pådrivaren var handelsmann
Lars Olsen Emblem på Elvarum. Han hadde naturleg nok eigeninteresse
av at kaia kom på plass. Kan hende var han ein litt for ivrig
pådrivar også? I alle fall så vart det ikkje noko av ein avtale om
tomteavståing med den eine av eigarane, Rasmus Emblemsvåg, og
kaistyret forsøkte seg difor på lensmannskjønn. Frå
møteprotokollen kan ein lesa at Lars drog heilt til amtmannen i håp
om å få han med på laget. Ikkje rart at Rasmus ville gje seg. Det
heile skulle bero i eit halvt år før Iver kom til unnsetning. Han
skjøna nok at dette ikkje kunne løysast ved konflikt. Kanskje hadde
han eit forhandlingstalent også? I alle fall så valde Rasmus
Emblemsvåg å selje sin bit til Iver direkte. Det kan i ettertid
verke rart at han skulle selge til Iver som so selde vidare til
kailaget ved Lars O. Emblem, men slik kom i alle fall kaia på plass
i bygda.
Kaia
på Emblem fekk ikkje noko monopol på befraktning av dyr og kjøt,
sjølv om Iver var medaksjonær. Ein båt Båt som seinare skulle gå
innom Eikenosvågen heitte «Vidar», og tilhøyrde forløparen til
busselskapet Sularuta a/s. Dit hadde Iver bygd vegen frå nybruket
sitt oppe på Eikenosa. Etter 1916 gjekk emblemsbygdarane gladeleg
dit ut for å spare nokre øre på billetten, og Iver var ikkje
særleg ringare. Det vert fortalt at ein gong då Iver stod ved denne
kaia og venta på eit livdyr så studerte han nykjøpet i det båten
nærma seg kaia. Allereie før båten hadde lagt til hadde han funne
seg ein kvass stein i steingarden like ved. Båten laut vente medan
han raskt strupte dyret, parterte det på staden og lasta ombord før
båten fortsette vidare mot byen.
Det
var i 1896 at Iver valde å verte sjølveigar. Då kjøpte han
Eikenosa for 3450,- og flytta dit. På Skørene kan det verke som om
det vart stillt nokre år. I 1900-tellinga finn ein ingen der, men så
starta Iverslekta landhandel og borna laut også delta i dette
arbeidet. Sønene Karl og Hans vart særleg biten av basillen. Dei
vart begge handelsmenn. Karl flytte til Høybråten ved Oslo, medan
Hans tok over drifta av landhandelen på Skørene, før han flytte
til Spjelkavika og kjøpte den første kooperative forretninga der i
1920 under forretningsnamnet Hans Iversen. Men i byrjinga på Skørene
var dei derimot opptatt av heilt andre ting. Då var det søstrene
som tok seg av drifta.
Karl
O. Emblem skreiv for nokre tiår sidan om sine minne frå denne
butikken:
«
handelen
der, det er det lille gråe huset som ligg bortpå marka sør for
Røssevollveien. Der var handel i vestre enden. Der var eit vindu
norover og eit vindu sørover. Og inngangsdøra - og den lille gangen
og så butikken som var delt med ein liten faste benk mellom døra og
disken. Der sat alltid ein to tre gamlekarar på den benken. Eg likte
veldig godt å gå på buda. Det var ikkje noke som var ferdigpakka.
Smør kom i butter, måtte vegast opp, mjølet måtte dei vege opp,
sirap og også ein veldig svær artikkel den tida det var parafin og
lampeglas. Og me var veldig glade for å gå på buda, det kunne
kanskje vanke litt godt og. Så var det sirupspanna i ei hand og
kanskje oljespanna i den andre, eller du hadde mindre søsken i eine
handa. Og så var det vanleg med formaninga: Vær nå forsiktige og
la ikkje smøret kome i lag med parafinen, det var ikkje bra. Og så
ver forsiktig og ikkje knuse lampeglasa. Og det var oss.
Alt
skulle vegast, dei hadde desse balansevektene, skålvektene me kalla,
og det likte dei godt gamlekarane, då såg dei om det blei gitt god
eller dårleg vekt. Det var voldsomt ka dei grein på nasa då dei
kom desse nye vektene, med dene lange visaren og ei masse tal. Dei
var skeptiske og der var dei som var snare og heiv opp loddern når
dei kom heim for å ta stikkprøver på om det var rett vekt. Og så
var der ei gammal kone der i nærheiten som var nokså jamne med det
der, og når ho fekk det til å stemme då, sa ho: Å jammen vog ho
Sanna rett! Dei hadde ikkje så mange kroner å leggje frå seg i
forretningane.»
Iver
var nok ikkje like mykje delaktig i den daglege drifta av dette
handelslaget. Han hadde truleg nok med feavl, slaktarverksemda og
nydyrking slik at han fekk både beite og nok slåttemark til den
veksande buskapen. På Eikenosa dyrka han opp mellom 70 og 80 mål.
For dette fekk han medalje og diplom frå Møre Landbrukselskap.
Truleg fekk han tilskot også. Rydding av utmark og innmark til
maskinell drift var noko som var eit statleg ønske og ei drivkraft i
dei mange utskiftingane i bygda til fleire bruk som no fekk samla all
jorda si i større samanhengande teigar. Iver gav seg ikkje med desse
to bruka. Han kjøpte også Steinsgarden på Østrem og skillde frå
heimeutmarka nede i bygda lengst vest mot dei austlegaste gardane på
Emblem. Her dyrka han opp og bygde ei løe attåt. På
utskiftingskartet frå 1904 kan ein sjå denne løa utan noko hus.
Iver
gjekk sjeldan av vegen for å sette i gong med nybrotsarbeid og
tidvis kan det verke som om han ikkje tok dei enklaste vegane heller.
Det er ikkje så lett no i ettertida å vite kva han tenkte, men
omsut for andre veit ein at han hadde mykje av. Kanskje var omsorga
for dei ikring seg ein grunn god nok. Det hadde nok vore snakka på
bygda om gardsfolket i Larsgarden på Østrem som sleit for å klare
seg. I 1861 hadde det vore utpantingsforretning, der den nye
gardeigaren, «Sjurs-Ole» i Sjursgarden på Emblem hadde kjøpt det
meste av det nødvendigaste attende til bygselsmannen sin. I 1875
vart det ny tvangsauksjon på det vesle som larsgardsfolket hadde
greidd å skaffe seg sidan sist og nok ein gong var det truleg den
same gardeigaren som fekk tilslaget på naustet og det halve selet.
Då bygselsmannen Lars døydde i 1885 næma det seg slutten for denne
ætta i Larsgarden. Sjurs-Ole overlet etter kvart bygselskontrakta på
garden til sin eigen son, Lars Olsen Emblem og då måtte dei som
hadde budd der før flytte frå bruket. Ein av desse var «Marka-Hans»
som fekk leige ein liten husmannsplass i heimeutmarka til Larsgarden.
Han var også svoger til Iver og hadde følgeleg lite pengar mellom
hendene. Iver hjalp han med eit leveleg lån til han kom seg på
føtene. Broren, Knut hadde gifta seg i nabogarden, Steinsgarden. Der
kjøpte Iver bruket, delte frå eit stykke til seg sjølv i utmarka
før han selde mesteparten attende til ein pris som Knut kunne
betale. Ein vanleg foretningsmann ville nok tenkt heilt annleis, men
Iver var ikkje slik. Han tenkte med hjartet.
I
følge 1900-tellinga var det temmeleg fullt hus på Eikenosa hjå
Iver og Ingeborg det året. Dei var 15 i hushaldninga. Ifølge
folketellinga var dette borna Hans (f.1884), Karl (f.1886), Karn
(f.1879), Gurine (f.1882), Johanne (f.1889), Anna (f.1891) og Inga
(f.1893). Fleire av desse var anten sysselsatt med «Husgjerning»
eller «Kreaturstel og Jordbrugarbeide». Det året var Anna
Petersdotter Hesseberg i teneste hjå Iver. I tillegg til denne
flokken finn ein kårfolket beståande av Jakob og Anne med dei
heimeverande borna Berthe (f.1874), Lars (f.1878) og Aagne (f.1881).
Berte hadde litt inntekt frå syarbeid og veving, medan brørne
truleg var ute på fiske for det meste. Det vert oppgjeve at det
fanst eit sidebygg i tillegg til hovedhuset som vart nytta til
overnattingsfomål, men ingen sov i fjøsen eller stallen, slik
tenestefolket hadde hatt for vane på gardane berre nokre år i
forvegen.
I
1910-tellinga finn ein nok ein gong Skørene registrert i
folketellinga. Eg har ikkje funne nokon teikn på anna enn at Iver
hadde forsett å bygsle plassen etter at han kjøpte Eikenosa, men
forskjellen var truleg at Skorene i 1900 kun vart nytta til
jordbruksformål utan at nokon budde der fast. På samme måte var
det frådelte stykket frå Steinsgarden som seinare skulle få namnet
«Flydalsgarden» på folkemunne heller ikkje nemnd i tellinga.
Truleg hadde Iver allereie bygd løe og dyrka opp markane på den
tida. Men i 1910 var det svigersonen og læraren i bygda, Lars Flydal
som hadde busette seg der saman med Gurine Iverdotter Furset. På
Skørene budde no den ugifte handelsbestyraren Johanna Eikenæs som
den einaste. Truleg er namnet feilskrive for dottera til Iver,
Johanne, nytta no namnet Eikenos eller Eikenaas og var fødd på
eksakt same dag og år som den registrerte «Johanna» i
folketellinga. Dette er litt interessant, for det var brørne som
først og fremst skulle verte kjende som handelsmenn i ettertida, men
slik var det ikkje i 1910. Då Johanne gifte seg i 1918 og flytte til
Spjelkavika, tok søstera Inga Lovise over som butikkdame. På denne
tida var truleg også Hans stadig meir involvert i handelsverksemda.
Kring byrjinga av 1920 kjøpte han Korshaugen frå Steffågarden og
bygde ny butikk tilpassa formålet der. Denne butikken skulle ikkje
fortsette å vere i iverslekta så mange månadane, for snart fekk
han moglegheita til å kjøpe eit nytt forretningsbygg i Spjelkavika
i staden.
På
Eikenosa var dei no berre 10 att. Eldstesonen, Hans, på 26 år dreiv
som sagt litt med handel, men han vart først og fremst registrert
som gardsgut hjå faren. Broren Karl var det same, men han hadde litt
snekkring attåt. Anna var nemnd som budeie og gjekk då truleg på
Eikenossetra som Iver hadde sett opp nokre år i forvegen ved det som
i dag vert kalla Røssevollvatnet. Den andre heimeverande dottera,
Inga, hadde ansvar for kjøkkenarbeide og kanskje delaktig i
slaktarverksemda til far sin.
I
tillegg til Gurine som hadde gifta seg Flydal, var Elisa Nikoline
godt gift på Garsendhaugen, medan Karen Marie hadde gifta seg i 1910
med Iver Bjørkavoll og busett seg på Bjørkavollen, bruk nummer 4
under Eikenosødegård. Dei behøvde å bygge ny fjøs og då hadde
«Kjøt-Iver» kjøpt det nedlagde smørmeieriet på Emblem til dei,
slik at dei fekk nok material å bygge av. Restane syner framleis
innvendig i fjøsen og stallen. Kårfolket på Eikenosa levde enno og
unggutane Sigvard Sivertsen Valle frå Ørskog og Odd Johansen
Eriksen frå Ålesund hadde fått seg teneste som gardsgut og
visergut.
Slaktarverksemda
Iver
skal ha vore den første som løyste torgrett på Kipperviktorget, og
det var no først og fremst som slaktar og torghandlar han vart viden
kjend i distriktet. Bornebornet Karl Bjørkavoll har fortalt at
slaktarane i Ålesund gjekk heilt til høgsterett for å ta frå han
handelsretten, men tapte denne saka. Ein gong vart også politiet
bodsendt for å sjekke om slaktinga gjekk rett for seg. Iver hadde
nemleg leigd seg ei sjøbu innanfor torget slik at han kunne kjøpe
dyr på salsutstillingane i byen, slakte og by fram varene på
salsdisken i «Stallane» på austsida av Kipperviktorget så raskt
som råd var. Konkurentane tykkte nok at det gjekk for raskt i
svingane. I følge historia så fekk poltimannen sjå Iver i
aktivitet der han utan å sjå opp «druste ned ein okse, stakk og
flådde utan å puste på – snudde seg så frå ferdigflidde
skrotten og sa galant: -Gjør mig det efter!». Ifølge fortellaren
så tok politimannen berre på seg hua og gjekk derifrå.
Fredagskvelden
køyrde Iver med hest og vellasta vogn til Ålesund. Han sov saman
med hesten for å vere klar for kundane tidleg laurdag morgon. Det
var nøysemd i det meste han tok seg til, sjølv om han hadde råd
til å leige seg overnattingstad. Arbeidet tok på og rett som det
var sovna han ved taumane på den to mils heimvegen seint på
laurdagskvelden. Hesten visste derimot kva veg han skulle gå og
kunne vekke Iver ved å skrape med hovane ved stalldøra heime på
Eikenosa. Men han sov ikkje heile vegen, for dette var nok ei
mogelegheit til å drive handel. Folk visste når han kom forbi og
møtte fram for å gjere eit godt kjøp frå restpartiet i vogna. Han
var alt anna enn lågrøsta på vegen der folk kunne høyre dei
velkjende replikkane «Vil dokke ha blod, vil dokke ha tarma,
pro-pro...!». Han let heller ikkje moglegheita til å tene ein
ekstra slant gå frå seg. Då ein kar på Nørve ville sende med eit
par store spanner så var vogna breiddfull. Iver knytte då saman
spannene slik at dei vart hengande på kvar side av lasset.
Avsendaren kvitterte då med følgande: «Du Iver, du Iver – Du
tenke no på alt!»
Iver
var religiøs og ein særs gavmild mann. Han hjalp dei som trong det
ikring seg. Svoger og plassemannen Hans «Marka-Hans» Østrem fekk
låne pengar til å bygge seg hus, og fleire av utmarksteigane som
han rydda var det born og borneborn som fekk slå seg ned på og nyte
godene av. Vidare var han aktiv på det nye bedehuset i bygda. Eit
anna stort byggearbeid er bilvegen frå Eikenosvågen og heilt opp på
Eikenosa som det er gjordt små endringar på sidan den stod ferdig.
Her såg han sjølvsagt eigenytte med og søkte om tilskot frå
kommuna, men fekk ikkje meir enn 50 kroner i bidrag. Han gav bort
mykje av det han tente og hjelpte mange i gong med eiga
næringsverksemd. Iver levde kort sagt etter haugianske prinsipp. Ein
skulle bruka heller lite på seg sjølv og føre verdiane attende til
bedrifta og verdige formål. Den som såg han sovande med hesten i
Ålesund var nok einige i det, men gåvmildheita var nok større enn
det dei fleste andre gudfryktige grunderane i samtida hadde klart å
gjere etter han, så han hadde nok inga velfyld lommebok dei åra han
dreiv på Eikenosa, sjølv om han tidvis tente godt.
Attende
til Skørene
I
1922 selde Iver og Ingeborg Eikenosa til nykommarane,Ole Karl og Lars
Lundanes. Som ein følge av inflasjon etter den første verdskrigen
var salgsummen no på heile 30 000 kroner. Han spøkte på sine eldre
dagar med at dette var den eine av dei to gongane han var rik.
Familien flytte no attende til den vesle husmannsplassen Skørene.
Handelsstaden vart på ny bolig. Han engasjerte seg no i sølvreveavl,
men særleg til gullgruve vart det visst ikkje. I ei bok om
stamtavlene til sølvrevar i Norge kan ein sjå at han kalla
verksemda si for «Sølvrevopdretteriet, Michel» og stamtavlenamnet
var EQ Michel. Han var ikkje den einaste i bygda heller, men det er
ikkje heilt utenkjeleg at han var fyrste mann. Det vart særs
populært med slikt oppdrett på 1920-talet i fylket vårt. Kvar by
hadde også sitt eige utstillingslokale. Svigersonen Joakim J. Emblem
på Garsendhaugen var minst like ivrig, saman med pionerane Lars
Akslen i Hølå, Thomas Kaldhuseter i Kaldhusgarden og Georg
Emblemsvåg. Bornebornet til Iver, handelsmannen Sevrin Emblem,
foreviga Iver med fotoapparatet sitt og gav biletet som julehelsing
på julaftan i 1928 med handskriven bakside: «Kjære bestefar!!
Jeg vil hermed få lov å ønske dig en gladelig jul, å et godt
nyår. Takk for året som går. Beste hilsen Severin. Det
var eit godt venskap mellom dei to. Ikkje berre hadde dei engasjert
seg i handel, men begge gjorde også svært godt i det dei engasjerte
seg i.
Fleire
av borna til Iver og Ingeborg var ivrige kundar hjå fotografen i
Ålesund. Før 1930 var det vanleg å nytte små portrett limt på
papp som visittkort. Følgeleg var kjøpmannsønene Karl og Hans samt
handelslagbestyraren Johanna dei som trong slike, men dei andre
søstrene var ikkje så mykje ringare dei heller. Om nokon av dei
hadde fotoapparat er eg usikker på, men tidlegare nemnde Sevrin
hadde i alle fall eit slikt. Det verkar ikkje som om Iver var like
ivrig til å forevige seg sjølv, for eg har berre klart å finne eit
portrett av han hjå fotografen. Derimot finst det ein rekke
amatørbilete frå anten kvardag eller festleg lag saman med
familien. Mellom anna vart gullbyllaupsfeiringa på Skorene i 1927
skikkeleg dokumentert med ei rekkje gruppebilete. Det er soleis på
sine eldre dager at det finst flest bilete av han. Frå
kvardagsbileta kan ein sjå at iverslekta var temmeleg samansveisa.
Dei hjalp gjerne kvarandre med gardsarbeidet også. Det eldste bileta
er frå 1914 der svigersønene også var med på slåttonna på
Eikenosa. Seinare fortsette borna med denne tradisjonen på sine
eigne bruk også. Eit anna biletet syner potetoptaking i Flydalgarden
ovanfor tunet. Dei hadde nok glede av at so pass mange budde temmeleg
nær kvarandre i anten bygda eller dei næraste bygdelaga. Dette var
nok også trygt og godt for det aldrande ekteparet Iver og Ingeborg
som i tillegg hadde ei stor akslaslekt ikring seg. Begge bar på ei
sterk gudstru, noko som var godt å ha med seg på livsvegen.
Det
har vorte meg fortalt for mange år sidan om ein eldre kar lenger ute
i bygda som hadde laga seg si eiga kveldsbøn. Eg huskar ikkje
lenger den eksakte bøna, men den gjekk ut på at dersom han vakna i
morgon så håpa han at Gud ville vere hjå han og dersom han ikkje
skulle vakne meir så håpa han at han skulle få vere hjå Gud. No
var det mange med sterk gudstru i Emblemsbygda på den tida, men det
er ikkje heilt usansynleg at det kan ha vore Iver.
I
1936 døydde ektemaken Ingeborg. Ho hadde mellom anna vore plaga med leddgikt på sine eldre dager, men kyrkjeprotokollen nemner alderdom
som årsak. Ho var då i sitt 85. år. Ein imponerande alder i
samtida. Iver fekk enno leve i seks år til. Som enkemann flytte han til dottera, Anna, på Røssevollen og fekk i sine siste leveår pleie der. Han var plaga med asmabronkitt og hoste. Han døydde der den 25. august 1942 hjå Anna og svigersonen Harald Røssevoll.
Gravferda vart halden den 31. august. Etter talen song dei:
Farvel vi deg sier fader kjær, Som hviler så sødt på båre,
Nu kan intet ondt i verden mer, Ditt kjærlige hjerte såre;
Du stille er vandret hjem til ham, Som lot sin brud deg kåre.
Vår takk for hver stund på denne jord, Vi sammen med deg fikk være!
I sannhet du var en trofast far, Som ofret for dine kjære;
Ti aldri du tok, men stedse gav, Gud regne deg det til ære!
Begge vart gravlagde
like ved hovudinngongen til Borgundkyrkja. Av minnemerke som han
etterlet seg kan bautasteinen ved hovedporten på Borgund kyrkjegard
nemnast. På den fekk han hogd innskrifta «Alt for Jesus». Den står
framleis like ved grava hans. Det skulle eigentleg vere to identiske
bautasteinar, men den andre vart aldri fullført. Den vart lenge
liggande ved vegen oppe i Eikenosbakkane som kvilestein med tilnamnet
«Iversteinen». No står den ved «ELIM», som er pinsemenigheita
sitt forsamlingshus nede i Eikenosbakkane. Det største
«minnesmerket» etter han er likevel ettermelet av ein mann som rett
og slett er imponerande. Der finst knapt anna enn godord om han. Det
einaste unntaket må vera slaktar-konkurrentane i byen som ikkje
kunne begripe at nokon kunne arbeide so raskt utan å ta snarvegar.
Bornegornet Karl Bjørkavoll humra då han fortalde Sunnmørsposten
sin journalist at «dei ville ta ´nå av dage!».
Kjelder:
Emblem,
Karl O.: «Butikkane på Emblem frå gammalt til i dag.» Foredrag i
forbindelse med Emblem Samvirkelag sitt 35-års jubileum 1982
Folketellingane
frå 1865, 1900 og 1910
Gjerding,
Jørgen; Stranda Kommune 1837-1937» Ålesund 1937.
Hesseberg,
Peter: «Slaktarane ville Kjøt-Iver til Livs» Reportasje frå
Sunnmørsposten 1994
Kjølås,
Gerhard: «Gard og Grend» Stranda Bygdebok publisert av Stranda
kommune 1954.
Norges
Sølvrevavlslag: «Norges sølvrevstambok 3. bind». Saambandets
trykkeri, Bergen 1929
http://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2014033148142
Opplysningar
frå Per Almar og Gunvor Steinnes
Opplysningar frå Bjørg Bredvold til Per Almar Steinnes
Opplysningar
frå Ole M. Ellefsen om klassedelinga på dampbåtane
Panteregister
og pantebøkene for Nybø, Skorene og Eikenosa
Rabbevåg
Egil: Forarbeid til ny bygdebok for Emblemsbygda
Østrem
Svein Ove: «Om læraren Knud Emblem»
Østrem,
Svein Ove: «Emblemskaia» http://www.emblemsbygda.com/87433964
Østrem,
Svein Ove: «Nybø» http://www.emblemsbygda.com/66931070
Østrem,
Svein Ove: «Lærar Knut Emblem»
http://www.emblemsbygda.com/113642094
Østrem,
Svein Ove: «Skorene» http://www.emblemsbygda.com/66931074
Østrem,
Svein Ove: «Dei første lærarane på Emblem i tidsrommet 1742-1900»
http://www.emblemsbygda.com/113642096
Østrem,
Svein Ove: «Gamleskulen del 1» http://www.emblemsbygda.com/50061308
Østrem,
Svein Ove: «Smørmeieriet i bygda vår»
http://www.emblemsbygda.com/66931059
Øverlid,
Ragnar: «Bygdebok for Borgund og Giske, gardsoge 1-51», Borgund og
Giske bygdeboknemnd, trykt i Bergen 1961