Han
vart fødd i Negarden 2. april 1894, og fekk namnet Fredrik Anton
Emblem den 14. mai i Borgund Kyrkje. Foreldra var kjøpmannsonen og
gardbrukaren Fredrik Larsen Emblem (1863-1938) frå Negarden og Anna
Eline Jørgendotter Eikroll (1856-1897). Fadderane var mora, Anna
Eline, gardbrukar Klaus Nilss. Emblem på Ystebøen, gardbrukar Ole
Berntsen Emblem frå Jakobgarden, onkel Andreas Carolus Larsen
Emblem, og ungjenta Anna Johansdotter Emblem. Eg undrar meg på om
den sistnemnde kan vere nabojenta Anne Eline Petrine Johansdotter
Emblem (f.1865) frå Garsendhaugen. Ho gifta seg i 1899 med Severin
Kornelius Martinus Emblemsvåg (1856-1952) som var enkemann og dreiv
Antonesgarden i Emblemsvågen.
Fredrik
Anton var den femte i ein stor ungeflokk på heile 17 born. Rett nok
så døydde to av dei tidleg, men ein kan vel neppe sjå føre seg
korleis dei klarte å innrette seg reint praktisk med for eksempel
matstellet, og alle som trong sko og klede. Det må ha vore nesten ei
onn i seg sjølv. Litt spøkefullt kan ein kanskje seie at det neppe
var utan grunn at fleire av dei næraste grannane tok til med
skomakarverkstad som attåtnæring. Der var godt med hjarterom i
Negarden og foreldra engasjerte seg verkeleg i oppveksten til borna
sine. Dei eldste laut nok hjelpe til tidleg heime, men slikt var
temmeleg vanleg på den tida. Dei var ikkje så mange åra før dei
fekk ansvar for både dyr og pass av søsken. Ein åtteåring kunne
for eksempel passe sine tre yngre søsken på den tida. Foreldra,
Anna Eline og Fredrik, måtte arbeide hardt for å få nok mat på
bordet. Dei fekk nok også god hjelp frå Fredrik si mor, Severine
Knutsdotter (1836-1916) med opphav på Roald. Far til Fredrik var
nok også delaktig. Han heitte Lars Olsen Emblem (1845-1925) og dreiv
Negarden saman Fredrik til 1889. Det året fekk Lars utferdstrong,
som så mange i denne slekta før han. Borna var for lengst store nok
til å klare seg sjølve, og Negarden var veldriven. Han let dermed
oppgavene i heradstyret i Borgund ligge og drog på sjøen. Lars var
ingen ungdom lenger, med sine 44 år, men det var vel no eller aldri.
Sin del av gardsdrifta gav han frå seg til sonen. Då han drog var
der tre borneborn heime i bygda. Då han igjen sette føtene på
landjorda for godt etter 12 år, kring 1900, var Fredrik Anton
Fredrikson Emblem fødd og han hadde blitt farfar til 9 born berre i
Negarden.
Dei første borneåra
Me veit
ikkje så veldig mykje om dei første borneåra til Fredrik Anton
Fredrikson Emblem. Han
vart vaksinert 25. juni 1895 på Sjøholt, og anten kalla opp att
etter far sin, eller mest truleg etter Fredrik Elias Olavius Emblem
(f.1842-ca. 1865) som foreldra nok hadde i tankane. Faren til Fredrik
Anton var også kalla opp att etter han i 1863. Fredrik Elias Olavius
var storebroren til Lars Olsen Emblem, og dermed onkel til faren
hans. Han hadde emigrert til St. Paul i Amerika 1860 og delteke i
borgerkrigen der borte. Som takk for innsatsen i nordstatshæren fekk
han eit landområde, men døydde like etter krigen. Fredrik Anton
vaks nok opp med fortellingane om dei frå slekta som hadde reist ut.
Kanskje fekk han sjølv høyre oldefaren Ole Elias (1818-1896)
fortelle om turen til Amerika også, men han var neppe så stor at
han kunne hugse særleg mykje av dette. Ole vart heller aldri nokon
kårkall i Negarden. Han hadde overlete alt til sonen sin, Lars Olsen
Emblem, då han drog over dammen for å finne ut av arva etter sonen
i Amerika. Han vart verande i 4 år, men fekk ikkje kona Agnete til å
flytte etter, så han gjorde vendreis og busette seg hjå bror sin,
den etterkvart så rike Magerholm-Klaus på hovudbruket på Mageholm.
Fredrik Anton var kanskje ikkje så ofte på besøk der inne, men
brev og fortellingane levde nok vidare i slekta. Ein gamal-onkel
hadde endå til emigrert til Durban, så der fanst vel også
brevkorrespondanse og bilete frå han på garden. Det var sikkert
ekstra kjekt då bestefaren kom heim att og slo seg ned på parsellen
«Elvarum» like ved og starta butikk der kring 1900. Anton Fredrik
var nok ofte innom handelslaget der storesøstra Severine Andrine
Emblem (1887-1906) var busett som pleiedotter i 1900.
Livet i
Negarden kravde mykje arbeid frå tidleg morgon til sein kveld. For å
spe på inntekta dreiv emblemskarane mykje med fiske. Dei gjekk saman
om kjøp av større båtar og notlag, bygde storbåtnaust og
barkeplassar for kvar matrikkelgard i bygda. Brukarane på
Nedregotten hadde sin åttring i den lune vika nærast Løvika.
Etterkvart kom møringsbåtar, som «Kviten», til bygda og var
fellesbåt utan motor i sameige. Ein annan fellesbåt heitte
«Shallivar» og i Negarden hadde dei ein båt som heitte
«Sjøblomsten». Far hans byrja gradvis å kjøpe opp fisk også.
Soleis konkurrerte han vel med Mattis inne på Østrem, og vart nok
inspirert av han til å prøve seg på eigen tørrfisk-eksport for å
få betre forteneste, men det var seinare i mellomkrigsåra, etter at
Mattis Østrem hadde slutta og den store «Mattisbuda» på berget
innanfor Østremsvika var seld ut av bygda. Fredrik Anton var nok
også med ned på fiskeberga ved Storfjorden der fangsten vart tørka
til eksportvare på kvar eit ledig areal. Eg har høyrt at denne
næringa først tok slutt for negardsfolket då dei miste ei heil
last i Spania då borgerkrigen starta der i 1936. Soleis var nok fisk
ei god ekstrainntekt i minst 30 år. Etter dette tapet vart det
vanskeleg å klare seg. I eit brev til Fredrik Anton sin bror, Jørgen
Emblem, i Santa Fe fortel faren at det var vanskelege tider. Han
hadde ikkje inntekt, men framleis skulle dei årlege bankavdraga på
100 kroner betalast. Han håpa at vener frå arbeidsåra sine i
amerika kunne hjelpe han ei tid framover. På den tida var det
heldigvis berre to born å forsørge.
I
barneåra fekk Fredrik Anton eit meir praktisk namn i daglegtalen.
Det var «Frikken». Om det var han sjølv, eller familien, som byrja
med dette namnet er usikkert. Eg kan vel forestille meg at det var
eit slags «kosenamn», eller kanskje eit namn som han fekk frå sine
mindre søsken. Slike namn var veldig vanlege på den tida og vart
gjerne nytta livet ut. Til dømes jentenamnet «Mosse», som skapar
utfordringar når det rette namnet skal finnast i seinare
slektsgransking. Frikken-namnet er såleis lettare å finne opphavet
til. I den vidare teksten kjem eg til å nytte dette namnet slik at
det skal vere litt enklare å skille han frå faren som også heitte
Fredrik.
Harde slag
Alt var
ikkje berre idyll i Negarden. Mora, Anna Eline, døydde i 1897, då
Frikken berre var 3 år gamal. Han hadde kanskje ikkje så veldig
mange minne om mor si. Frikken fekk etter kvart ei stemor, Lovise
Olave Marie Jensdotter Hovden (1869-1940), som det vert fortalt om at
ho var flink til å ta seg av dei fem borna som no var morlause.
Sjølv hadde ho ikkje hatt det særleg enkelt i Emblemsbygda
tidlegare. Lovise kom opphaveleg over Storfjorden frå garden Hovden
ved munningen av Hjørundfjorden som tenestejente til Negarden. Ho
forelska seg i ungkaren Lars Karl Joakim Olsen Emblem (1870-1952) på
nabobruket Sjursgarden og vart også gravid. Far til Lars var
sjølvaste «Sjurs-Ole» og ein av dei rikaste i distriktet. Han
ville ikkje akseptere at sonen gifte seg med ei tenestejente og han
fekk viljen sin. Lovise vart dermed ståande att åleine som ugift
mor, og arbeid måtte ho ha for å klare seg, så dottera måtte
sendast til besteforeldra for oppforstring på Hovden, mens Lovise
måtte fortsette tenestearbeidet på Emblem. Slikt er vanskeleg å
forstå i våre dagar, men ho hadde i alle fall eit sosialt nettverk
kring seg slik at Olivie som kom til verda i 1895 ikkje vart
tvangsadoptert. Enno vanskelegare må det ha vore at ei ny ung dame
kom frå Holmeset for å gifte seg med Lars året etterpå. I
bryllaupsgåve fekk Lars gard på Østrem av far sin med ein klausul
om at dottera, Olivie, ikkje skulle ha rett på noko av denne gåva.
Lars med det nye etternamnet Østrem vart gradvis ein markant
skikkelse i bygda. Det gjorde det neppe noko lettare for Lovise, men
no var det hennar tur å oppleve noko positivt. Ho vart altså gift
nettopp i Negarden, og det var lite som tyda på anna enn at Fredrik
var svært glad i henne. Det var altså ikkje av medynk eller
praktiske årsakar han gifta seg opp att, sjølv om ein må erkjenne
at han ikkje hadde klart alle forpliktelsane utan ein ektefelle ved
si side.
Kring
1900 var der heller lite ein kunne gjera når sjukdom råka. Frikken
hugsa nok godt at eldstebroren, Lars Ingvald (1885-1900), vart sjuk
og døydde av tæring. Det var kanskje grunnen til at søstera
Severine budde ei tid på Elvarum med besteforeldra kring 1900. i
1903 døydde so lillebroren, Lars Leonhard (1901-1903) av kolera og i
1906 vart båra til søstera Severine ført til kirkegarden i
Borgund. Slikt pregar heilt klart eit bornesinn, sjølv om ein nok
var meir vand med å takle døden på den tida.
Midt
mellom tapet av søskena sine skulle Frikken begynne på skulen. Den
første tida hadde han den aldrande omgongskulelæraren og naboen,
Knud Furset. Borna gjekk då på skule omtrent tredje kvar dag i
12-15 veker. I 1894 hadde den gamle 9 vekers-grensa per klasse vorte
utvida slik at ein kunne ha skule i heile 21 veker, men dt vart ikkje
aktuelt i landbrukskommuna Borgund. 6 av desse vekene var nemleg
frivillig og på Emblem vart det spart på det meste. Mange av borna
skulle no uansett verte gardbrukarar, så mykje skulegong trong dei
då ikkje. Heime trong dei også hjelp på garden, og det var ikkje
alle som var like positive til skule. Bygda sjølv var ansvarleg for
utgiftene til lærar, matriell og skulebygg. Det hadde vore diskutert
lenge om ein skulle ta seg råd til å sette opp eige skulehus, men
det var først nokre år etter at Frikken starta på skule at
skulestova stod ferdig. Dette var omlag 20 år seinare enn fleire av
grannebygdene. Ved å satse på minstemålet i antal veker så kunne
same læraren ha tre klassar i staden for to. Det vart billegare, og
han trong også fritid nok til å drive sin eigen gard. Då kunne
dessutan løna reduserast litt til. I dei siste åra med omgongskulen
hadde dei derimot slutta med å dele opp skuledagane på dei ulike
gardane som hadde elevar. På Emblem gjekk skulekrins-grensa langs
Storelva. Frikken tilhøyrde altså krinsen utanom elva og gjekk i
klasse med dei som kom frå gardane som tilhøyrde matrikkelgardane
Emblem, Emblemsvågen, Røssevollen og Eikenosa. Dei heldt for det
meste til i den eine stova på Magnusplassen, som ofte var leigd ut
til dette formålet, før skulebygninga stod klar kring 1903. Den låg
like nedanfor tunet i Negarden på Skillingsmarka, så han hadde kort
veg.
Etter
kvart fekk han den nyutdanna Lars Flydal som lærar på den nye
skulestova på Hjellhaugreset i Emblemsbygda. Alt gjekk visst ikkje
slik som det skulle. Det er usikkert om Frikken sleit heile tida han
gjekk på skulen, og det er også uklart kva han sleit med. Det er
mogeleg at han kan ha hatt lese og skrivevanskar, med det er også ei
viss mogelegheit for at det kan ha vore snakk om psykiske vanskar,
eller ein mild polioinfeksjon. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han
vart psykisk prega av å miste så mange familiemedlemmar på få år
i barndommen, men nokon fasit på utfordringane har eg ikkje funne.
Det vert ikkje nemnd i skuleprotokollane. Åra gjekk og 9 år seinare
hadde han kun gjennomført 5 skuletrinn. Det kan verke som om han
også var ei tid heimanifrå. Fiske, eller teneste kan då vere to
nærliggande aktivitetar.
Eikelund Åndsvakeskule
I
folketellinga frå 1910 kan ein finne at Frikken var innlagt på
Eikelund Åndsvakeskule ved Bergen. Det
finst ikkje noko eiga mappe for kvar enkelt elev før 1914, men i
elevprotokollen kan ein lese at han vart skriven inn 19. februar 1909
og avslutta opphaldet ved konfirmasjonen 30. juni 1911. Det vert då
bemerka at han hadde gode kunnskapar, men ringe arbeidsevner på
grunn av sjukdom. Gamle elevbilete frå skulen syner nemleg at
praktisk gardsarbeid og handtverk var integrert i det teoretiske
skulearbeidet. Frå kopiboka kan ein også finne spor av
korrespondanse mellom faren, Fredrik, og institusjonen. Det første
av desse breva kjem frå Eiklund, er kort og udatert:
«De
længes vel efter at faa høre litt om og fra Deres herværende søn.
Og det glær mig da at kunde melde, at han befinner sig i bedste
velgaaende. Han har ikke vist ringeste tegn til hjemlengsel, hva der
formentlig kommer derav, at ha også tidligere har vært borte fra
hjemmet. Der er noget elskverdig ved gutten som gjør, at aller blir
gla i ham. Paa skolen ser det ut til at ville gaa bra med ham. Han
opfatter godt; men staa jo tilbake, hva kundskaber angaar. Vi har 8
opadstigende Klasser svarende til lovens bud om indtil 8aarig
skolegang, og vi forsøker nu at faa Fredrik med i 6te klasse, hvad
der antakelig vil gaa. Overpleieren behandler hans hode hver dag, saa
det ser bra ut.Fredrik var om at skrive selv; men det blev ikke til
noget videre, så de denne gang får nøie dem med en hildsen fra
ham. Også jeg sende Dem min hilsen, idet jeg tegner Deres»
Her stoppar teksten i brevkopien og ei eventuell neste side manglar.
Eg vil tru at det vart sendt kort tid etter at Frikken kom dit i
1909. Det kan vere interessant å merke seg at han har vore heimanfrå
før 1909 også, men skulen var ikkje fullført og ein veit ikkje
eksakt kva han har gjort før. I 1909 skulle han vel normalt ha vore
ferdig med den pålagde 8-årige skulegongen på Emblem. Han vart
registrert med «sygdom A» som står for «aandsvag», men den båsen
kunne nok romme litt av kvart. Dette var moderate lærevanskar der
skulegong kunne nytte, og breva mellom skule og faren syner fleire
gongar at Frikken ungjekk å skrive. Det kan difor minne litt om lese
og skrivevanskar av ei eller anna form, men der var også andre
mogelege årsaker, så det er vanskeleg å fastslå noko.
I eit nytt brev, datert 23. november 1909 var tona noko krassare.
Ingen av brevkopiane er signerte, men det kan nok hende at det er
styraren som skriv. Han hadde då fått brev frå faren, Fredrik:
«Jeg beklager, at Fredrik i den senere tid
har forsømt at skrive hjem; men jeg synes, det kunde gaa an at gjøre
mig opmerksom herpaa i en noget anden tone end den, der gaa gjennem
Deres brev av 15. d.m. Han paastaar forresten at bestefaren sa, at
han, Fredrik, skulde skrive, naar han hadde faat
brev fra
broren, og det har han ikke faat endnu. (...) Nu har jeg paalagt
Fredrik at skrive en av de første dage. Angaaende Deres skrivelse
iøvrig vil jeg ha sagt, at Fredriks bedstefar, som var her i høst
antagelig sandheten tro vil ha fortalt, at gutten ikke i noget maal
gav indtryk av venskjøtsel. Og om end hans fremgang paa skolen
desverre er liten av grunde, som jeg nedenfor skal nævne, saa er han
nu ialefald inne blit dårligere. Saken er nemlig den, at Fredrik
desverre maa være meget oftere og i længre tid paa sykestuen end i
skolens klasser, og da kan man jo ikke vente stor fremgang.(...)
Frå brevet vidare vert det fortalt at Frikken har evner til å
fullføre skulen, dersom han vert friskare og klarer å gå på
skulen meir enn han makta då, og at den hadde sett han attende på
alle måtar, men at håpet var å få han konfirmert. Det var altså
meir, og kanskje noko heilt anna enn lærevanskar han sleit med, Kan
det vere helsa som hadde forhindra han frå tidlegare fullført
skulegong også? Det er her ein kan stille seg spørsmålet om det
kan vere noko som er anten nytt, eller at det har forverra seg. Det
får meg til å tenke på seinskadar etter mild polio, der det ikkje
er snakk om deformering, eller problemar med gongen, men derimot
utmattelse og nedsatt totalkapasitet. Det kunne verke inn både
fysisk og psykisk, samt føre til økende belastningskadar i musklar
og ledd. Eit anna vanleg problem kunne vere pustevanskar og økt
risiko for både angst og depresjonar. Ein del av desse seinskadane
var ein nok ikkje like klar over den gongen. Dessverre er
opplysningane for få til å konkludere, men det er godt å sjå at
han faktisk greidde å fullføre skulen og vart konfirmert i 1911, 17
år gamal. Det er vanskeleg å etterprøve om han hadde liknande
sjukdom då han gjekk på skule på Emblem også, men det var vel
ikkje heil utan grunn at valget vart Eiklund. Det er sjølvsagt også
mogeleg at han vart sjuk etter at han byrja der, for det vert ikkje
nemnd i det første brevet og den 23. november skriv styraren også
at det ikkje var meininga at Frikken skulle vere innlagt slik som
dette. Ein kan då berre spekulere i om det var noko nytt, eller at
han hadde vorte friskmeldt av det same før han tok til ved denne
skulen. Faren sin påstand om vanskjøtsel kan kanskje tyde på det
første alternativet.
Nok ei
gong hadde Frikken fått ei tøff utfordring i livet, men han meistra
denne óg. Han vart konfirmert den 23. april 1911 i Birkeland
Prestegjeld i Bergen saman med 24 andre elevar frå Eikelund
Åndsvakeskule. Mellom dei var Johanne Gorgine Othilie Eriksen frå
Ålesund, jannaldringane Ellen Simonnæs frå Sande og Gustav Peder
Lauritz Myklebust frå Selje. Papira fortel ikkje noko om dei som kom
frå same fylke hadde litt meir kontakt eller ei.
Spanskesjuka
Eg veit
ikkje heilt kvar Frikken vart av etter 1911. Kanskje var han betre og
tok seg arbeid på gardane i Emblemsbygda, eller hjalp faren med
gardsdrifta? Ved eit par høve var han i alle fall dreng på Oppigar,
bruksnummer 2 på Hesseberg. Annie Hesseberg har fortalt at han tente
hos Rasmus Hesseberg og var veldig arbeidsom, så han var etterspurt
på fleire gardar i bygda. Han fekk difor god løn – heile 25
kroner, som var temmeleg bra den gongen. Eg vil tru at han først
fekk arbeid på Hesseberg i 1936, for faren fortel om dette i brevet
til sonen Jørgen i Santa Fe. Han var då ikkje like nøgd med
betalinga. Utfordringane tilknytta sjukdom stogga desverre ikkje på
Eiklund.
Mot
slutten av den første store verdskrigen fekk me ein nær
verdsomspennande epidemi. Ingen visste kvar den kom frå, og dei
krigførande partane heldt så godt på informasjonen om deira eige
land at det var vanskeleg å få oversikt over omfanget i samtida.
Det heile framstod nok for mange som ei mystisk og skremmande sjuke.
Smitta bredde seg så raskt at der va dei som meinte at
influensaepidemien måtte kome med vinden. I Todalen kunne
distriktslege Torkel Seip rapportere at influensaen ramma nesten
kvart einaste hus i bygda 2-3 dagar etter ein bygdeauksjon. Epidemien
fekk namnet «Spanskesjuka» eller «Spanska». Hundrevis vart råka
i kvart legedistrikt. I ein del av dei vart om lag halvparten av
befolkninga smitta, men det var heldigvis ikkje så veldig mange som
døydde. 1918 vart det store smitteåret og det dabba av utover 1919,
men framleis vart det registrert 3112 tilfelle og 97 døydde. I 1920
var det nokre område som vart råka, som hadde sluppe unna smitten
tidlegare.
Det som
nok gjorde sterkt inntrykk på folk var at det var særleg frisk
ungdom som vart råka hardast, og det var oftast dei som døydde.
Mauritz Akslen har fortalt at der i mange heimar i Emblemsbygda kunne
vere heile familiar som låg til sengs. Då måtte naboane hjelpa
kvarandre med dyr og matstell. Der var mange som døydde rundt
omkring, og ein del av Borgund kyrkjegard fekk soleis namnet
«Spanskesjukekolonien». Heldigvis var det ikkje fleire enn ein i
Emblemsbygda som døydde av denne influensaen. Det var Andreas frå
Magerholmdalen. Til samanlikning var der omlag 20 unge frå bygda som
døydde av tuberkolose i mellomkrigstida.
Lars
Bernhard Emblem (1905-1990) fortalde at broren, Frikken, vart hardt
råka av spanskesjuka, og han hadde nok ikkje det aller beste helsa
frå før av heller. Men det viktigaste var at han klarte seg og vart
frisk att. Nok ein gong kom Frikken seg gjennom dei tøffe
utfordringane han fekk. Han var dermed heldigare enn eldstebroren,
Lars Ingvald (1885-1900), som døydde av tæring i ung alder og
veslebroren Lars Leonhard (1900-1903) som døydde av kolera. Men når
det er nemnd, så levde alle dei resterande 15 borna i Negarden opp,
og det var ikkje like vanleg den gongen.
Husvere og giftarmål
Det er
imponerande å sjå korleis han har møtt alle desse utfordringane på
livsvegen med glans. Kring 1940 flytta han inn i kjellaren hjå
broren, Fridtjof Emblem (1913-1988) på «Lovisenberg». Stemora
deira, Lovise, hadde då budd der fram til ho døydde det året.
Faren Fredrik hadde frådelt dette stykket frå Negarden då han
selde farsbruket, Negarden, i 1924. Parsellen vart truleg kalla opp
etter nettopp Lovise. Det var omtrent der tunet på garden hadde
stått i mykje av oppveksten til Frikken. Huset eksisterer ikkje
lenger. Nevøen til Frikken heiter også Fredrik Emblem. Han har
nyleg sett seg opp nytt hus på den samme staden. Bak huset står
framleis den gamle løa frå Magnusplassen, som vart kjøpt og flytta
dit, men det var etter at Frikken hadde vorte vaksen.
Etter
krigen fekk han visst råd til hushjelp også. Ho heitte Kristine
Olefine Olsdotter Torvik og vart fødd i Herøy 26. oktober 1900.
Niesa, Lillian Nedrelid, hugsar at ho var veldig flink til å lage
mat og brodere. Ho kan den dag i dag sjå for seg Kristine med
blendavaska kvitt forkle og skjerf på hovudet når ho bakte. Slik
var også skikken den gongen. Det får meg til å tenke at ho kanskje
hadde gått på husmorskule også. Ein del fekk seg nemleg huspost
etter krigen på den måten.
Etter
kvart vart det meir enn berre huspost, for i 1955 gifte dei seg i
godt vaksen alder. Bryllaupet vart feira hjå søstera Klara på
bruket Hatlebøen, på Rødset i Spjelkavika. Omtrent samtidig flytte
dei frå Lovisenberg, og fekk leige det vesle huset på
Kristenplassen inne på Magerholm. Prisen var 50 kroner året, og no
hadde Frikken fått seg arbeid i Borgund kommune i lag med dei fleste
andre småbrukarane i Emblemsbygda. Det var nemleg den gongen det
trongst mykje handemakt framfor maskinkunnskap. Fleire av dei selde
også grus og sand til arbeidsgjevaren sin og dette vart også lesst
opp med handmakt. På returen kunne dei plukka seg blomsterløk og
andre nyttevekstar om dei kom over det,der slikt ikkje skule vere
lenger. For ein arbeidsom kar som Frikken var nok slikt arbeid midt i
blinken. Då kan han ikkje hatt særleg med helseplager lenger,
skjønt der fanst også dei som sleit med helsa og likevel fekk
kommunalt arbeid.
Ein
gong niesa, Lillian, hjalp Kristine med nedvasken i den vesle
Kristenstova fekk ho to broderte putevar som takk. Retteleg flotte
broderte putevar var det. Fleire i bygda kan framleis hugse at
Frikken og Kristine hadde høns på Kristenplassen. Han var visst med
på flyttinga av gamle-bedehuset frå sin opphavelege plass også.
Sjølve huset vart rulla ned bakken i heil tilstand av eit arbeidslag
frå Stordalen, men det fekk no ein kjellar på høge murar med
toalett, sal og kjøkken og vart utvida i lengda. Det heile vart
gjort gradvis på dugnad, og kjellaren vart nytta som bedehus i omlag
2 år medan det opphavelege bedehuset vart innreidd. Huset vart
innvia i 1963. Frikken fekk i denne perioden hente seg material som
vart til overs. Det bygde han hønsehus av. Dit kom mange for å
kjøpe egg, inkludert slekt og vener. Lillian Nederlid var ein av dei
som sende døtrene inn dit på handletur. Kristine var også aktivt
med i kvinneforeninga på bedehuset. Målfrid Emblem Flesjå er ei av
dei som hugsar Kristine og Frikken godt. Ho kan fortelle at ho var
innom dei med matvarer frå Samvirkelaget saman med Mette
Smogeli Bæverfjord. Det var ei tid før Alfred begynte å kjøre
varer med bil. Dei gjekk då med ei handvogn og leverte varene i
bygda. Målfrid selde også julehefte, og minnes at det alltid var så
triveleg å kome på besøk til dei. Der var alltid varmt og godt, og
dei var faste julehefte-kundar.
Dei
fekk ein 10-12 år saman der inne på Magerholm. Då Frikken døydde
i ein vårdag i 1969 vart det også slutt på Kristine sitt opphald i
Emblemsbygda, sjølv om der var mykje slekt ikring henne. Dei fekk
ingen born saman, og ho var ikkje den einaste enka på den tida som
søkte mot heimlege trakter på sine eldre dagar. Ho vart også
gravlagd på Bølandet i Herøy, til trass for at Frikken vart lagt
til kvile på Borgund kyrkjegard. Det var ein av brødrene til
Kristine som hadde eit sterkt ønske om å gravlegge henne nær
heimplassen. Eg er ikkje sikker på kven av dei det var, men sidan
han var velståande så lurer eg på om det kan vere veslebroren
Paulus Johannes Torvik (f.1905). Han var både handelsmann og
rutebåtekspeditør. I tillegg dreiv han med sildeforretning og
fisketørkeri.
Kjelder:
Akslen,
Mauritz: «sjukdom kring 1920». del av eit lenger dokument og
digitalisert på følgande stad: http://www.emblemsbygda.com/50061301
Emblem,
Fredrik: Brev til sonen Jørgen Emblem og svigerdottera Carmen datert
23.3.1936 http://www.emblemsbygda.com/50061299
Emblem,
Marit: Informasjon via Messenger 12.9.2017 om Fredrik og
spanskesjuka, fortalt av faren Lars Bernhard Emblem.
Flesjå,
Målfrid Emblem: Informasjon om vareleveringa i bygda.
Flydal,
Ivar: Om flyting av gamlebedehuset
http://www.emblemsbygda.com/34569322
Konfirmasjon
notert i Ministerialprotokollen for Birkeland sokneprestembete i
Bergen 1900-1912 i digitalarkivet:
https://media.digitalarkivet.no/view/2118/155
Landsforeningen
for polioskadde: «Polio og senskader. En veileder for polioskadde og
fagfolk» 2013
http://lfps.no/wp-content/uploads/2016/03/Polio-og-senskader-boka.pdf
Langleite,
Sigurd: Intervju med Karl O. Emblem kring 1984 om fiske før i tida.
http://www.emblemsbygda.com/50061315
Magerholm,
Per: Informasjon om hønsehuset som vart til av material frå
gamlebedehuset
Ministerialprotokoll
for Borgund kyrkje, dåpsregisteret 1894 publisert i digitalarkivet:
https://media.digitalarkivet.no/view/2680/17279/37
Nedrelid,
Lillian: Diverse informasjon via Messenger i løpet av 2017 om
Fredrik.
Nedrelid,
Lillian: Videreformidling av informasjon om Frikken si tid på
Hesseberg frå Annie Hesseberg
Ødegård,
Ottar: «Spanskesjuka. Ei farsot som også herja i romsdal» frå
boka «Sjukdomar og helsestell i Romsdal. Ei artikkelsamling».
Romsdal Sogelag 2003
http://www.romsdal-sogelag.no/uploads/kjeldeskrift/sjukdommar_i_romsdal_2003.pdf
Østrem,
Svein Ove og Rabbevåg, Egil: Bygdebok for Emblemsbygda, gardsoge.
Kladd til bygdeboka per august 2017
Østrem,
Svein Ove: «Negardshistoria» http://www.emblemsbygda.com/34569317