Det er mykje fin skrift å finne i gamle dokument og kontaktar, men det betyr ikkje at ein amatørhistorikar med sikkerheit kan seie kva som står skrive alle stadar. Det einaste som nyttar er ein god porsjon med tolmod og nøyaktige studiar av snirklar og trykk,
for å finne fram til korleis opphavsmannen har skrive dei mest lesbare delane. Når ein med tid og stunder likevel klarer å finne meininga i orda, så opnar det seg ei verd av kunnskap som kan fortella særs mykje om farne tider og dei som har levd før oss. Ein
bør likevel stilla seg kritisk til om tolkningane er rette og om det er ord som kan ha endra skrivemåte slik at ein kan klare å få oversette mest mogeleg korrekt. Diverre må ein tidvis gje seg og sette frå seg opne tekstfelt og meiningslause setningar.