Kva skjer akkurat no

Arbeidet med lokalhistorie krev som regel ei tålmodig sjel, eller gjerne fleire. Det handlar om nitidig arbeid med ørsmå detaljar og krevande kjelder. Går ein eit stykke attende vil berre det å tolke dokumenta vere eit problem for mange. Eit stort puslespel med fleire manglande delar er neppe å ta for hardt i.

Med ei stadig meir gjennomdigitalisert tid får me også fleire alernative arbeidsmåtar. Med nye kart kan ein leite etter strukturar som ligg godt skjulte under kratt og skog. Me kan til og med måle høgder og omkrets og i fleire tilfelle avklare kva det er, utan å sette eit einaste spadetak i jorda.

Livsminne kan også samlast inn på ein langt enklare måte via Facebook-grupper. Biletinnsamling og samtykke til publisering kan også ordnast på same måte. Kanskje har det vorte for raskt og enkelt slik at haudet og fornuften ikkje rekk å følge med. Samstundes så kan ein legge til rette for eit innsamlingsarbeid som er overkommeleg for dei fleste og ikkje koste skjorta heller.

Store mengder kjeldemateriale kan lastast ned på eiga datamaskin frå mellom anna digitalarkivet og funna kan strukturerast og arkiverast digitalt på ein slik måte at alt vert lett tilgjengeleg når ein skal skriva om ein bestemt gard eller person. Hadde alt blitt gjort på gamlemåten ville der vert lite å finne her på Emblemsbygda.com. Ein skal heller ikkje gløyme at ved undervegspublisering på nett kan svært mange bli med på arbeidet og bidra til kvalitetsikringa. Ein kan oppleve å få uvurderleg hjelp frå heilt uventa hald.

Lokalhistorie på nett har soleis også vorte ein disiplin for dei fagsterke historikarane. Gamle bygdebøker kan rettast enklare og ny kunnskap nå fram til fleire. Det vert spanande å sjå kva framtida kan vise. Godt Nytt år!

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett