Gravene på Ystebøen er eit av dei verkeleg store funna i Emblemsbygda. I Sunnmøre Historielag sitt tidskrift for åra 1920-22 fortel augevitnet, den arkeologiintresserte P. Stensager, om både funnet og utgravinga. Det fine er at du framleis kan kjøpa ei utgåve
av tidskriftet for kun 50 kroner om du kontaktar Sunnmøre Historielag (http://www.sunnmore-historielag.no/?page_id=15). Eg har berre så vidt starta å leite gjennom innhaldsregisteret i desse tidskriftene
i håp om å finna meir kildemateriale som omhandlar bygda vår.