Under kjeldesøk kom eg over ein fenrik med Røssevold til etternamn. Han var ein av fleire omkomne under prøveskyting med beslaglagde kanoner frå okkupasjonsmaktene. Fenrik Sigurd A. K. Røssevold var ein av dei som deltok
på den fatale skytetesten ved Husøya kystfort i Bjugn kommune 21. november 1945.
Spørsmålet er kven han var og kva slags forbinding han hadde med bygda vår. Det er vanskeleg å seie nok mevd sikkerheit sidan eg ikkje
har fullstendig oversyn over alle fødslar fram til 1930-talet enno. Eit anna usikkerheitsmoment er om Sigurd fekk status som fenrik før eller under verdskrigen. Det vil også ha betydning for kva årskull som Sigurd tilhøyrde.
Tek ein utgangspunkt i tanken om at Sigurd vart fenrik før krigen så kan han ha vore den same som vart fødd den 3. desember 1907. Dette var Sigurd Adolf Knutson Røssevold og sonen til fiskaren Knud Britanus Røssevold (f.
1870) og Synnøve Larsine Andreasdotter Flaate (f. 1873) frå Volda. Under 1900-tellinga bodde familien i Latinskolegata 17 i Ålesund og i 1910 på kvisten i Kirkegata 41.
Knut Britanus Røssevold var sonen til Ole Berntsen
Midtgard (1828-1920) og Anne Marie Samuelsdotter Storstein (1832-1892) som begge vart fødde i Sunnylven. I 1859 hadde dei vore gifte i omlag tre år kom til bygda vår. Der fekk dei feste og starta å rydde plassen Rognereiten på
Røssevollen allereie det samme året. Det gjekk temmeleg bra med plassefolket og dei kunne kjøpe Rognereiten til sjølveige i 1889. Ole gav seg ikkje som gardbrukar før han var 74 år gamal i 1902 og på denne tida
var altså den eine sonen, Knut, godt etablert som fisker i Ålesund i likheit med mange av dei jamnaldrande plassebrukar sønene frå Emblem.
Det er på sinn plass å påpeike at dette kun er ein Sigurd Røssevold
med A og K som eg har funne so langt. Kanskje er det nokon som kan hjelpe med enten å avkrefte eller bekrefte hypotesen min?