Kva skjer akkurat no

Eg har mang ein gong angra på at eg ikkje var flinkare til å spørre om gamle dagar då eg var yngre. Då ville eg truleg ha fått mange av dei svara som eg brukar timar og dagar på å finne fragmenta etter. I staden for hyppig nytta ord som "truleg" og "sannsynleg", kunne eg kanskje heller ha skrive at "slik var det den gong". Mange bygdelag har tatt konsekvensen av dette og fleire av desse har hatt livskraftige sogelag i årevis allereie. Fylkeshistorikaren kan syne til innsamla kjelder i hopetal frå Volda, Surnadalen o.l. medan vår eiga bygd har vorte liggande i historias skuggedal i alt for mange år. 

det skal no verte slutt på at Emblemsbygda si historie skal ignorerast. Saman kan vi skape noko med varig verdi for dei som kjem etter oss. Problemet er likevel at mange av "vitarane" er borte og mange av dei gode historiene like eins. Men det finst heldigvis ei rekkje nye mogelegheiter for den som vil vere med å leite. Stadig nye kjelder vert digitaliserte og tilgjengeleg på nett, slik at me med eit enkelt søk kan finne opplysninger som ein ikkje trudde at dei fanst ein gong. Eit varig problem er å finne svar på kvar det vart av dei som utvandra. Der har eg funne ei spanande side på nettet. http://www.archives.com kostar litt å bruke, men eg vart overraska over kor mykje informasjon eg fann i denne amerikanske varianten av digitalarkivet. Eg skal ikkje seie at denne sida vil passe for alle, men det overraska meg kor mange opplysningar frå tidsrommet 1900-1930 som eg kunne finne. difor valde eg å dele tipset vidare. For min eigen del så har eg funne ein del av svara som eg søkte uten at det kosta både skjorta og buksa.

| Svar

Nyeste kommentarer

09.11 | 16:49

Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, utgitt i 2019 til salgs ?
Ingen flere på ARK Moa.
97045588

24.10 | 16:33

Hei alle sammen!
Dette var en svært interresant oppdagelse all den tid at min kjære mormor, Ragna Marie Strømmen (f. Akslen) kom fra Aksla i Emblemsbygda.

13.08 | 10:14

Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr. Rørstad gift til Plassevågen i Emblemsvågen 1901. Ho kom frå Hjørundfjorden.

23.04 | 08:09

Oj! Det var tett