I 1860
kom ei ny skule-lov som skulle gje både utdanninga og lærarane
betre vilkår. Det var ikkje lenger slik at bygdefolket skulle dekkje
alle kostnadane åleine, for staten skulle no gje tilskot til
lærerlønningar, medan Amtet gav tilskot til bygging av eigne
skulehus. Forholda låg med andre ord til rette for at også
Emblemsbygda skulle få si eiga skulestove, men det skulle likevel gå
over 40 år før skule var på plass.
Opptakta til eige skulehus på Emblem
På
Emblem hadde me i staden ein «omgongskule». Ordninga var slik at
lærar og elevar hadde undervisning ikring på gardane i bygda.
Elevane møtte opp til undervisning etter ein utarbeida plan, med
stort sett 3 dagar undervisning på kvar plass før undervisninga
vart flytta til den neste garden. Stort sett var ordninga slik at det
vart undervist på dei 4 østremsgardane i 12 dagar før gardane på
Nedregotten, Aksla eller Magerholm tok over med 3 dagar på kva gard
der óg. Undervisninga vart med andre ord flytt i kring i bygda så
belastninga med å måtte frigi stova til undervisningsformål gjekk
på omgong.
I
skuleprotokollen for Emblems og Spilkevigs Skoledistrikt i 1859 Kan
ein også lese at skuleåret per klasse var i to omgongar frå 4.-26.
oktober og 26. mars til 25. april, eller i underkant av 8 veker.
Bygda var delt i to med Storelva som grense, slik at gardane på
Emblem, Emblemsvåg og Røssevollen var ein eigen rode med 18 elevar,
i 1859, som fekk undervisning frå 27. oktober og ut i november. På
våren var det likeeins og slik vart elevgruppene stort sett på
under 20 elevar. Praktisk var det óg for gardshusa var ikkje særleg
store og elevane trong heller ikkje gå heilt frå Emblemsvågen til
Magerholm for å kome seg på skulen. Krava til antal
undervisningsdagar eller oppdeling etter alder var heller ikkje slik
som no. Ein trong difor berre ein Lærar på rodane Hatlehol, Emblem
og Østrem. Omgongskulelæraren måtte traske frå gard til gard med
bokskrinet sitt og undervise alle alderstrinna samstundes. Eg vil tru
at denne ordninga var til å leve med for bøndene i bygda. I nokre
tilfelle kunne dei jamvel betale litt av lærerløna i mat og husrom
i staden for pengar også.
Etter
kvar så vart ordninga likevel endra. I 1868 kan ein lesa at «Emblem
Kredsskule» held til hjå Ole Knudsen Emblem frå mars til mai, frå
juli til september hjå Peder på Røssevollen, medan det var Jakob
Sørensen Emblem som husa skulen frå november til desember. Det var
også fleire som deltok i ordninga, men det verkar som om det var
slutt på tida der ein skulle dele likt på byrdene. Truleg var det
slik at dei andre gardane skulle betale eller levere andre tjenestar
som motytingar til dei som hadde belastinga med å låne ut huset
sitt i ein månad eller meir. Ordninga var likeeins på Østrem
Kredsskule i fleire år. Ei liknande ordning i 1891 vart betalt med
25,- til den som gav husly til skulen, så det kan ha vore ei liknade
leigeordning kring 1870 også. Det verkar som om bygdefolket fekk
meir pengar, truleg frå fiske, og at mange heller ville betale for
seg. Slik var det med bygdevegen til Magerholm også. Difor vart
statusen på vegen nedgradert til bygdeveg, og ein ny veg vart bygd
heilt frå Nørvasund til skodje via Brusdalen, for Skodjebygdarne
var meir interesserte i å delta på dugnadar i staden. No skal eg
ikkje påstå at dei var så velståande i bygda på denne tida, men
pengehushaldninga greip meir om seg.
I
1890-åra og fram mot 1900 hadde dei fleste bygdene i Borgund Kommune
fått sett seg opp ei eiga skulestove, mens bygda vår var ei av
berre 4 bygdelag som ikkje hadde noko slikt. Ein kan allereie i
tilsynsprotokollen for 1890 lesa at både Emblem og Østrem krets
hadde møte og heldt avstemming over eit forslag frå
Kretsskulestyret i Borgund om å slå samen desse to kretsane til «en
Kreds med fælles Hus.» Protokollen
syner vidare at bygdefolket ikkje var så heilt framand for tanken. I
møtet til Østrems krets vart det eit fleirtal for forslaget med 9
mot 6 stemmer, medan det i Emblem krets var 11 som stemte mot
sammenslåinga, og 7 som var for.
I
tida etter 1890 var det mest vanleg å leige skulestove for eit heilt
år mot betaling, så gamleordningane med fordeling var avslutta. I
1891 var det Lars Magnusen Emblem på Magnusplassen som leigde ut hus
til Emblemsgardane, medan dei innom elva fekk leige hos Ole Larsen
Emblem. Det er mogeleg at ordninga gav kjærkomen inntekt for dei som
vart valde ut. Lars var for eksempel plassemann og det er ei viss
moglegheit for at bygdefolket hjalp dei som trengde det ved slike
ordningar, eller med stillingar som dampskipsekspeditør og liknande.
Det ha synt seg ved fleire høve at bygdefolket har stilt opp for
kvarandre. På den andre sida hadde Lars også høveleg hus med to
stover, slik at kvardagen kunne gå omlag som vanleg i den eine stova
, medan det var skule i den andre.
Betalinga vart fordelt på dei som hadde born i skulealder og truleg
etter antal born og gardstørrelse også. Beløpet var i alle fall
fordelt i kor mange dagar den enkelte skulle betale for og beløpet
var 7 gongar meir for den som betalte mest, i motsetning til den som
betalte minst. I 1891 vedtok Skule- og heradstyret i Borgund ein ny
krets-inndeling der Østrem og Emblem vart slått saman til ein
skulekrets. Det verkar som om ein allereie var i gong med planar om
oppføring av eige skulehus på denne tida, for den 23. september
samme år vert det halde samla skulekretmøte for Østrem og Emblem.
På møtet vekte det harme hjå sambygdingane når det vert kjent at
Skulestyret i Borgund hadde gjort vedtak om «Bestridelse af
Udgiftene ved det paatenkte skolehuses opførelse i Kredsen samt Leie
af Lokale til Skolen.» Fleire av brukarane, og særleg dei i
utkantane av dei to gamle kretsane nekta å godta skulestyret si
beslutning om å slå samen Østrem og Emblem. Dei ynskte heller å
halde sin eigen skule. Videre har referenten skrive at «Grundet paa
disse foreviklede Forholde fandt man ikke Grund til aa gjøre noget
Skridt til Leie af Lokale for Skolen for de Opsiddere i Kredsene som
gaar med paa Skolestyrets Ordning for neste Aar.»
Dei vart likevel enige etter kvart om ein felles ordning med skule på
Skaret og Magnusplassen i 1892. Elevane var delte inn i 3
storskuleklassar og 3 småskuleklassar, men det vart påpeikt at
dette kun var gjeldande for det komande året. Ein var framleis imot
å verte samla i ein krets. Dei kom også fram til besluttning om at
dersom det vart 2 skulehus i bygda, og gamleordninga vart halde ved
like, så skulle bøndene sjølve bere alle kostnadane til bygging av
begge skulane. Vart vedtaket til skulestyret oppretthalde, så fekk
kommuna ordne skulehus for eiga rekning. Skulestyret bøygde derimot
ikkje av, og det gjorde heller ikkje bygdefolket. Dei heldt ikkje
noko møte før i oktober 1892 og då vart det vedteke å sende eit
nytt brev med krav om å få gamleordninga attende. Dei følgande åra
vart slike tilsynsmøte færre og ein heldt stort sett berre eit møte
per år med dei nødvendige valg av deltakarar til skuletilsyn, samt
beslutning om kven som skulle huse skulen det kommande året.
Tidlegare hadde det vore kring 4 møter per år. Kommuna på si side
bygde heller ingen skule på Emblem.
Den første byggekomiteen
I 1895
hadde ein truleg vorte vande med kun ein krets likevel. I oktober
vart det på nytt diskutert skulebygging, og no snakke ein berre om
ei skulestove. Dei vart einige om at tida var inne for å få sin
eigen skule og at «Huset skal opføres Paa biligste sted ved
Jelhaugreset». Det vart også bestemt at alle skulle delta like
mykje på dugnadane, og at den som hadde hest, skulle stå for
transport i tillegg. Sjølve pengeuttlegga til skulen vart derimot
fordelt ut frå størrelse på gardane, slik at det vart 6 klassar.
For kvar krone som dei i 1. klasse skulle betale, så slapp dei i 6.
klasse unna med kun 20 øre. Kvar gardbrukar vart så delt inn i kvar
si klasse, med Lars Danielsen Magerholm på Magerholm, Mathias
Halvorsen i Mattisgarden, Johan Nilsen Emblem på skaret og Klaus
Nilsen Emblem på Ystebøen i første klasse, medan dei fleste
plassebrukarane hamna i den lavaste klassa.
Det
verkar som om bygdefolket var særs klar for å bygge, for ein vart
også einige om medlemmane i byggekomitéen. Dei valde Petter
Pedersen Røssevoll, Johan Nilsen Emblem, Johan Olsen Nedregotten,
Ole Larsen Emblem og Lars Danielsen Magerholm. Desse fekk mynde til å
handle på kretsens vegne ved bygging av huset. Dei fekk mandat til å
ordne «det fornødne hvad Pligtarbeide angaar, deri indbefattet
muligens Optagelse af Pengelån.»
Det var
allereie klart at Johan Olsen Nedregotten på skaret var villig til å
gi plass til hustomt og leikeplass mot 10 kroner, som skulle betalast
når «Huset kommer i brugelig Stand.» Ein fekk også lov til å ta
stein til grunnmur og steingard kring leikeplassen i nærheita av
byggeplassen eller «som det falder beleiligst og billigst». Johan
krevde i motyting å få førsterett til å få eventuelle betalte
oppdrag som vasking av skulen, om slik skulle verte aktuelt ein gong
i framtida. Men av ein eller anna grunn så vart det ikkje nokon
skule likevel, og saka vart heller ikkje diskutert på kretsmøta til
skulen. På den tida var det mange skular som vart bygde, så det kan
vere grunn til å tru at dei kanskje venta på tilskot, sjølv om
noko slikt ikkje er nemnd nokon stad. Det vart også stadig
vanskligare å finne nokon som var villige til å huse skulen i
bygda, fram mot 1900.
Bygginga tek til
I 1899
valde difor formannen på nytt å ta opp spørsmålet om bygging av
eige skulehus. Han fekk forsamlinga med seg. Vedtaka frå 1895 vart
på ny børsta støvet av, men denne gongen vart det også noko som
kom i vegen for bygginga. Borgund Kommune heldt på med å utreie ei
vegomlegging i bygda, og ein valde å vente til at nyvegen var ferdig
utstaka. Ein ynskte dessutan å legge skulen inn til den nye vegen
som skulle komme. Ein vart samstundes einige om at kjelleren under
skulen skulle utformas slik at den kunne innreiast til sløydsal. Det
skulle gå enno nokre år før byggearbeidet tok til. I januar 1902
endte møtet med ei vottering over skuletomt. 36 stemte for ei
plassering «i østre Ende af Jelhaugen mellem Bygdeveien og den
nærmest udstukne Veilinje paa et Sted Sunnhedskommitionen finder
hensigstmedsigst og tjenligt», medan 5 stemte imot. Ein vart
einstemmig einige om å sette opp skulehuset same år. Søknad om
tilskot til bygginga var allereie sendt. Dei bestemte å bygge skulen
med eit eige lærarrom, og gang, i tillegg til sjølve klasserommet.
Byggekommitéen vart fornya og bestod no av Ole Larsen Emblem, Hans
Larsen Røssevoll, Johan Nilsen Emblem, Johan Olsen Nedregotten og
Lars Danielsen Magerholm. Johan Olsen Nedregotten skreiv under
avtalen om tomt og at stein frå graden eller tomta kunne nyttast til
bygginga. Han krevde at dersom skulen ein gong i framtida skulle
flyttast frå staden, så skulle steinen vere attende på garden.
Det var
dei lokal tømmermennene Marka-Hans (Hans Larsen Østrem (1858-1942))
og Kristian Larsen Østrem (1865-1949) som sette opp murane av hoggen
stein. Dei var truleg brødre og fødd i Larsgarden på Østrem, om
ein legg folketellinga frå 1865 til grunn. Marka-Hans fekk tilnamnet
sitt fordi han fekk utskilt eit stykke frå farsgarden ute i marka
som han kalla Vestrem. Kristian fekk tilnamnet Vedhaug-Kristian fordi
han busette seg på gardstunet Midthaug, som også vart kalla
«Vedhaugen». Det vart bestemt at murane skulle vere «skurefrie».
Dette vart ikkje heilt etterkomme og det førte til syrlege
kommentarar om at det her ikkje vart gjordt etter avtale. På den
tida visste alle kva «skurefrie» murar betydde. Karane fekk likevel
det dei krevde i betaling, kr 435,- for arbeidet.
Resten
av skulehuset vart hogd og ferdiglafta i Honningdalen før det vart
demontert og flytt til Emblem. Det var Karl D. Honningdal som leverte
bygget for 2650,- Truleg vart stokkane henta på hans eiga utmark ein
stad like vest for Skurene som markerar utmarksgrensa til Glomset,
aust for Setrevatnet. Han hadde fleire teigar i hellinga mot
Blåfjellet og Vassnakken. Resten av arbeidet vart stort sett gjort
på dugnad av bygdefolket. Unntaket var arbeidsløn til Andreas J.
Emblem, som laga mellom anna skap og bord til skulen, og Hans Larsen
Akslen som kjetta lærarrommet og måla skulen for 42 kroner litt
seinare. Karl O. Emblem fortalde i eit intervju at det tok fleire år
før skulen vart måla. Dette kan stemme sidan rekninga til Hans var
ei av dei siste før rekneskapen for bygginga vart avslutta den 3.
juli 1905. I så fall så var skulen også utan takrenner i 2 år.
I følge
den gamle tilsynsprotokollen for Emblem skulekrins, vart det første
møtet halde den 17. oktober 1903 på «Nedregotten skolehus».
Dette er det fyrste me veit om når skulen stod ferdig.
Totalkostnaden
på skulen vart 3600 kroner, inkludert 12 spyttebakkar to stolar, to
bord til loftet, 14 oljelampar, vedomn til både klasserom og
lærarrom . Av denne kostnaden fekk ein utbetalt eit tilskot frå
amtet på 600 kroner tre år etter. Resten av pengane måtte skaffast
med kombinasjon av lån og bidrag. Lærar Furset og Thomas Emblem var
to av dei private låneytarane som ein kan finne igjen i rekneskapet
for skulen dei fyrste åra. Skulen hadde utedo, med aviser som
dopapir, og fekk ikkje innlagt vatn i byrjinga. Storelva låg like
ved, og hit kunne ungane springe om dei var tyrste. Elektrisk lys
fekk skulen først i 1928.
Etter
skulen stod ferdig, var det bygdefolket sitt ansvar å levere ved
eller torv til oppvarminga, samt å stå for det daglege reinhaldet
og nedvasken kvart halvår. I byrjinga gjekk dette bra, men det tok
ikkje så mange åra før ein byrja å diskutere andre løysingar.
Det første spørsmålet gjaldt oppfyring om morgonen. Ein vart etter
kvart einige om å leige Rese-Karl til dette. I 1909 diskuterte ein
moglegheita til å leige nokon til den daglege småvasken også.
Etter kvart bestemte fleirtalet av bygdefolket seg for at ein skulle
kjøpe veden også. Det var fleire som etter kvart syntest at prisen
på ved var for høg, men det var ingen i bygda som ynskte å levere
ved til nokon lavare pris. Ved slike krinsmøter eller inkalling til
dugnad, skreiv oftast læraren ei bodstikke som så vart sendt frå
gard til gard raskast råd. Bodstikka måtte ikkje brytast. Ruta var
lagd på førehand slik at alle fekk beskjed. Meldinga inneheldt som
regel opplysning og kvar og når ein skulle møte og kva som skulle
gjerast Denne innkallingsmetoden har vorte brukt i alle år, og i
alle fall heilt sidan 1859.
Dei første lærarane på
gamleskulen
Omgangskulelærar
Knut Karlsen Furset (1845-1934) fekk oppleva å undervisa i eige
skulehus før han gav seg. Han kom frå Stranda og tok lærareksamen
ved Volda lærarskule i 1864. Det samme året vart han tilsett som
lærar i Hatlehol, Emblem og Østrem krins. I 1867 var han med på å
skipe «Prostilærarlaget». I 1874 gifta han seg med Oline Susanne
Klausdotter Magerholm, og kjøpte garden «Nybø» (i dag ofte kalla
«Fursetgarden») bruksnummer 4, frå Negarden og Auregarden. Det
betyr at han var 58 år og hadde vore i lærargjerninga på Emblem i
41 år før det vart ansett ein ny lærar. Furset gav seg i 1905. Han
var aktivt med i Borgund lærarlag og i fleire år del av Borgund
Herredstyre og forstandar i Borgund sparebank, der han også var
revisor i fleire år.
Den
neste læraren var Lars Flydal, som var fødd i Geiranger i 1883.
Familien flytta til Sykkylven og garden Skjerva då han var omlag eit
år gamal. I 1904 tok han lærarskuleeksamen i Volda. Hausten 1904
var han lærarvikar i Solevåg og Måseide skulekrinsar. I 1905 fekk
han arbeid i Emblem og Hatlehol skulekrins, etter Knut. Karl O.
Emblem fortalte i eit intervju at han trudde at Lars budde ei tid på
kammerset på skulen. Det er ikkje usannsynleg at han gjorde det i
tidsrommet frå 1905-1908. Lars underviste på gamleskulen all sin
dag. Han tok fleire lærarkurs, og hadde dessutan ei stipendferd til
Bergen og Oslo i 1917. Han vart gift i 1908 med Gurine Iverdotter
Furset frå Emblem, og fekk kjøpa seg eit gardsbruk frå
svigerfaren, med tilnamnet «Kjøt-Iver». Lars var aktiv i ungdoms-
og barnearbeidet i bygda. Han heldt søndagskule, var med i
ungdomslag, fråhaldslag og dreiv songøvingar. Lars måtte gje seg
frå lærargjerninga allereie i 1920-åra av di helse og krefter
ikkje strakk til lenger, etter eige utsagn.
Inga
Johansdotter Fureholm vart fødd på Fureholmen den 30.8.1894, og
vart truleg tilsett i deltidstilling som lærerinne før Karl O.
Emblem starta på skulen i 1914. Ein finn også Inga i Jakobgarden i
1910-tellinga. Ho var då registrert som tjenestejente på 16 år, og
«for tiden elev av forts. Skole». Ho hadde med andre ord tjeneste
hos ein familie som støtta opp om utdanning slik at ho fekk gå på
framhaldskulen på Emblem det året den var i drift som kveldskule.
Ho var den nest eldste dottera til Johan Iversen og Severine
Larsdotter Slinning. Josefine tok seinare over farsgarden, medan Inga
enten måtte gifte seg eller finne seg eiga løn til livsopphaldet.
Ho var truleg yngre enn 20 år då ho tok til med lærergjerninga i
småskulen på Emblem og Hatlehol skule, med ei halv stilling på
kvar skule. Etter dette er det ikkje lett å finne fleire spor etter
Inga, men det er grunn til å tru at ho gifte seg med den sterkt
historieinteresserte folkeskulelæraren Johannes Buset (1889-1961).
Biletet av Johannes er særs likt mannen på det som truleg er eit
forlovelsesbiletet av Inga frå 1918, og dessutan er både Inga
Buset og Inga Furholm født den samme datoen (30. august 1894).
stemmer denne kalkulerte gjettinga, så vart Inga Gravlagd i 1969 på
Nedre Gravlund i Ålesund.
Dei
andre lærarane, Bernhard Olsen og Arnfinn Teigen starta sin
lærargjerning på Emblem på eit seinare tidspunkt og eg vil difor
komme attende til dei i ein tekst om Emblem skule i tidsrommet
1940-1975.
Litt om skulekvardagen
Undervisningstida
vart gradvis utvida, medan folk flest hadde behov for ungane heime på
garden i arbeid i staden. Lova av 1889 fastsette at «soge»,
«landkunne» og «naturkunne» skulle vera tvungne skulefag.
Samstundes var det nok dei fleste som skulle verta gardbrukar eller
husmor i vaksenlivet og då var den slags ikkje rekna som særleg
nyttig kunnskap. Karl O. Emblem fortel at den som valde å gå vidare
med bokleg lærdom i hans tid ikkje vart sett opp til eller «halden
for å vere noko». Ved ein annan skulekrins vart desse nye faga
omtala som «slarvkunne» og lova møtte mykje motbør. Skulestyra
kunne og velje om dei ville gje undervisning i enten handarbeid,
kroppsøving eller teikning. I Borgund kommune valde ein då
teikning for det var billegast. Alle skulebygga som vart sette opp
etter 1890 fekk likevel eigen sløydsal. Spørsmålet om å innføre
handarbeid hadde vore diskutert heilt sidan 1862, men det vart ikkje
sett igong slik undervisning før i 1928, når skulestyret vedtok å
innføre sløyd i Fiskerstrand krins. Når det vart innført på
Emblem veit eg ikkje enno, men det vart ikkje innført i alle krinsar
før 1935, og Emblem har sjeldan vore i fremste rekke i slike
skulespørsmål.
Gamleskulen
var ein tredelt skule. Elevane gjekk på skule 2 dagar per veke og
det var då plass til tre forskjellige klassar per veke, for dei
gjekk på skule på laurdagen også den gongen. Denne tredelinga
innebar truleg at det var to årskull i kvar klasse. I 1910/11 vart
det i tillegg halde «framhaldskule», som var eit tillegg til den
obligatoriske folkeskulen. Eg veit ikkje kor lenge ein hadde dette
tilbodet på Emblem, men det varte nok meir enn eit år og det
innebar at framhaldskuleelevane fekk si undervisning på kveldstid.
Kveldsundervisninga var nok populær for då var det ikkje den same
konkurransen mellom skule og alt gardsarbeidet som skulle gjerast
heime.
I løpet
av 1800-talet hadde innhaldet i undervisninga endra seg temmeleg
mykje. Saman med aukande løn hadde også kravet til lærarutdanninga
vakse. No heldt det ikkje lenger med nokre vekers utdanning hjå
klokkaren og eksaminasjon hjå soknepresten. Fleire lærarskular
hadde vokse fram frå dei tidlege tilboda, med nokre vekers opplæring
på mellom anna Sjøholt. No vart det ei meir omfattande utdanning
på lærarskulen i Volda, eller via brevkurs for dei som allereie var
i fast arbeid. Det var likevel tidvis eit behov for vikarar og desse
kunne vera unge studentar og med kunnskap om heilt andre fag.
Lærarane fekk også auka innflytelse med faste representantar i
skulestyra. I 1907 vart det mellom anna innførd A.B.C, fyrste bandet
i leseboka, bibelsoga og noregsoga på landsmål i dei skulekrinsane
der fleirtalet hadde røysta for dette. Hatlehol krins var ein av
desse. Forslaget hadde kome frå Borgund lærarlag og innførd av
skulestyret. Emblem krins fekk ikkje fleirtal for ei slik endring og
Karl O. Emblem minnest at han fekk opplæringa på riksmål då han
byrja på skulen i 1914. Han hugsar óg at dette varte kun eit år
før også Emblem gjekk over til nynorsk som hovudmålform. I 1917
kom dei siste krinsane i kommuna etter.
Om det
var motstanden mot nynorsken eller om motstanden i bygda skuldast at
ein trong kjøpa nye lærebøker som bygdefolket skulle betale, veit
eg ikkje heilt sikkert. Bok-kostnaden vart i alle fall nemnt i
tilsynsutvalget sitt møte, før avstemminga vart halde i 1907. Når
det gjaldt spørsmålet om å ansette lærarinner, var
emblemsbygdarane tidleg ute. Den fyrste eg veit namnet på, var Inga
Furholm, og eg tur at ho tok til i 1913, men Karl O. Emblem fortalde
at det også skulle ha vore ei lærerinne på Emblem enda lenger
tilbake i tid, utan att eg har greid å finne ut meir om kven dette
kunne vere. Ansettelsen av Inga, i ei deltidstilling, hang saman med
at det vart fleire skuleviker per klasse og ein innførte ein eigen
«småskule» i kjellaren. Frøken Furholm hadde ein delt lærarpost
på Emblem og Hatlehol. På det meste var der 65 skuleborn og ein var
tidvis oppe i 28-29 elevar i same klasse så kapasiteten var sprengt,
men frå 1934 kunne ein nytte kjellaren på ungdomshuset som ekstra
klasserom.
Klasserommet
var på 5 ganger 5 meter, med tavla på nordveggen og dører til gang
og kammers på på austveggen. Elevane sat to og to på same pult.
Det var temmeleg kaldt til tider og ein minnest at vatnet i vassbytta
fraus. Dei som sat lengst bak i klasserommet hadde vindauga og
kaldgufsen i nakken. Då lærar Flydal skal ha bodd på
lærarverelset, så vert det mellom anna nemnd i tilsynsprotokollen
at det var behov for reprasjon og det vart diskutert å nytte papp og
å kle veggane med perlepanel. Det vart truleg i kaldaste laget for
ha óg. Jentene vart plassert nærast omnen som etterkvart vart
skjerma litt frå dei næraste elevane, for den kunne verte nokså
varm og særleg om ein skulle freista å få nok varme til heile
rommet. Veggane var ikkje måla dei fyrste åra og etterkvart som
tømmeret tørka så sprakk det og pultane like eins. Om våren kunne
elevane oppleva at flugene krabba ut or både veggar og pultane.
Der var
eit stort skap attmed døra der ein samla bøkene og
fysikkinstrumenta. Desse instrumenta var populære hos elevane til
tross for at det ikkje var så mange av dei. Eit av fysikkforsøka
gjekk ut på at alle elevane skulle sitte med hendene falda medan ein
av elevaen skulle peike mot noko som såg ut som ei kule – ein
anode. Lærar Flydal sveiva då og laga elektrisk straum og så gjekk
det som eit sjokk gjennom heile klassa. Detta var svære greier.
Faga
kring 1915 var: Kristendom, geografi, historie, naturfag, norsk,
skriving og lesing, rekning og song. Kroppsøving var ikkje noko fag
den gongen, men ein var såpass aktiv elles at det ikkje var noko
behov for det. Når dei kom heim frå skulen så ver det berre å få
av seg finklea og starte å ta i eit tak på garden. Borna nytta
blyantar til dei meistra skrivekunsten nok til å forsøke seg på å
skrive med blekk. Pulten var utstyrt med hol for blekkhuset og ei
nedsenkning for blyantar og penn med pennesplitt. Ein dyppa så
pennen oppi blekket når ein skulle skrive. Pulten hadde også eit
lok slik at ein kunne legge frå seg bøkene under bordplata.
Lydigheit var ein dyd. Borna vart innprenta at ein skulle vera lydig
mot foresatte. Dette gjaldt foreldre, lærar og andre
myndigheitspersonar. Men det var nok ikkje alle som klarte å sitte
like stille bestandig. Flydal brukte ikkje nokon avstraffelse, men
ein kunne bli sendt ut av klasserommet ei tid eller heimatt om det
var riktig gale. Det er fortalt at Per Nedregotten frå Steffågarden
på Nedregotten ein gong vart utvist frå klasserommet for ei stund.
Dette var han ikkje einig i, men gjekk likevel. Ute var det snø og
han gjekk så ned til Storelva bak skulestova, hakka hol på
badekulpen og la husa si oppå isen før han gjekk heim att. Du kan
tru at det vart liv då dei kom for å hente han inn igjen. I 1890
vart spørsmålet om fortsatt fysisk avstraffelse enstemmig vedtatt
av bygdefolket, med forutsetning om at det stort sett var læraren
som skulle stå for dette, mens enten foreldre eller representant for
tilsynsutvalget skulle vere til stades. Ynskte foreldra å ta seg av
avstraffelsen sjølve, så kunne dei det. Eg finn likevel ikkje nokon
protokollføring som syner at slik avstraffelse vart nødvendig, og
frå 1905 vart dette altså ikkje nytta av Lars Flydal heller.
Det var
ikkje så mange tankane for elevar med lese eller skrivevanskar den
gongen. Leksa skulle ein kunne og mykje måtte puggast, for deretter
å gjenfortellast, mens ein stod ved sida av pulten sin. Nokre gonger
var det rekning eller høyring i ordstaving og då var det ikkje like
lett å stå der om ein tok feil. Ein gong var det ei jente som
skulle stave ordet fiskestong. Ein sa heller «troe» i emblemsbygda
på den tida, men jenta stava likevel i veg. «S-t-a-n-g-troe».
Dette vekte mykje latter og det var ikkje noko artig for ho som
stava, men ho lærte det nok og det var mykje slik staving den gongen
så ho var neppe den einaste. Eksamenstida kunne vera hard, sjølv
for den skuleflinke og då kom det lærarar frå andre skular for å
eksaminere. Det var gjerne jentene som fekk dei beste karakterane, og
nokon meinte at Flydal favoriserte jentene, men dei var nok heller
litt meir modne og kanskje flinkare til å lese leksene også? Ein
gong var det geografieksamen og ein gut vart spurt om elvar i Norge.
Han visste at det var ei av elvane som heitte omlag det same som ei
av elvane i bygda. Namnet Sira var ikkje langt frå den lokale
Sirielva. Men så var han snar og brende til: «Eitråna!» Guten var
eigentleg flink han, men slike eksamenar røynde nok hardt på
nervane til ungane, og det var ikkje alle som fekk vist kva dei
kunne. Likevel hadde Emblem skule ry på seg for å gjera det godt og
å vera ein av dei beste skulane i Borgund Kommune i fleire år.
Skule
var ikkje berre stillesitjing. Dei starta klokka 9 og slutta mellom
15 og 16:30 kvar dag. Det var friminutt og storfriminutt midt på. I
storefriminuttet kunne dei som bodde nærast gå heimatt for å ete.
For den som ikkje likte å gå på skulen så vart det nok lange og
trasige dagar, men alle fann seg i det. Skuleplassen var ikkje så
stor dei første åra. Den rakk rett innafor trappa på austre
kortvegg. På vestsida rakk den forbi bakken som låg intil skulen.
Seinare vart skuleplassen trekt lenger austover mot Ungdomshuset mens
skuleplassen i vest vart korta inn nesten heilt til vestveggen på
skulen. Fordelen var at det no vart ein meir plan skuleplass som vart
inngjerda. Nokre av dei mest populære leikane var å slå lyre,
norsk og engelsk ball. Andre leikar kunne vere å springe rundt huset
og kike eller «kjil på tre». Lyrespelet var det mest populære.
Ein nytta ein eit skjelt til å slå ballen lengst mogeleg, slik at
ein kunne springe mellom «rottene». Spelet var langt på veg ein
variant av amerikansk baseball. Om vinteren var det å stå på ski
eller ake på kjelke. Ein fekk god fart nedover Resebakken, vidare
ned Ebbebakken der Samvirkelagsbygget ligg og var det gode forhold
kunne ein nå heilt ut til Sevrinbuda. Ein rakk to slike turar på
eit friminutt og tida måtte ein passe på sjølv. På sommaren kunne
ein bade i Storelva i ein oppmura badekulp bak skulen, og ungdomane
nytta skuleplassen til leik og moro etter skuletid óg. Annie Søreide
minnes at det enkelte gongar var dans på skuleplassen på
laurdagskveldar i sommerhalvåret. Det var gjerne på laurdagen og
søndagskvelden ein møtte på skuleplassen for å prate eller slå
lyre. Særleg var han Reite-Ivar flink til dette. Han var hjulbeint
men kjapp og han slo lyre nesten heilt inn til Skare-veien, men han
sprang som ein olding. Eldre karar i 40-50 åra kunne også gje seg i
lag med ungdommane på slike kveldar.
Vinterstida
var ikkje like enkel og særleg ikkje dei første åra før
Emblemsruta starta opp. Vegane i bygda vart ikkje måka slik som no.
Mjølketransporten gjekk som regel med hest og slede. Sleden gjekk
oppå snøen så då var det kun ei smal tråkka rås om ein hadde
vore så heldig at nokon hadde gått føre. Dei eldste borna gjekk på
ski men dei yngste borna måtte berast til skulen. Han Jakop på Stia
(I dag heiter det Stampen) hadde tre jentungar og han kom berande med
to av dei på ryggen.
Langt
verre veg hadde folket oppe i Magerholmdalen. Dei første kilometrane
ned til Magerholm var det ingen som hadde trakka råsa føre dei og
då var det enno lang veg heilt ut til Skaret, om ein måtte bere dei
yngste. Når ungane var store nok til å vasse på eigne bein, trong
dei fortsatt nokon til å gå føre nokre år til. Dei fleste ungane
hadde heimelaga treski med heimelaga bindingar til. Var ein heldig,
fekk ein etterkvart kjøpeski også. Nokre av ungane kunne verte vel
modige med ski på beina og far min minnest at dei hoppa frå brua
til hovudvegen og ned på Storelva. Det vart nokre meter. Med
påfølgande bråstopp.
Kjelder:
Bernt
sunde; Borgund Lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950
Dagbøker
for Emblem og Østrem skulekrins i tidsrommet 1859-1893
Folketellinga
i Borgund 1865
Informasjon
frå Agnes Flø
Informasjon
frå Olav Østrem
Informasjon
frå Per Almar Steinnes
Minneskrift
Borgund Kommune 1837-1937
Notat
frå Olaf Hesseberg
Rekneskapsbok
for Emblem skule 1904-1938
Sigurd
Langleite sitt intervju med Karl O. Emblem
Tilsynsprotokoll
for Emblem Skule 1890-1971
Øverlid,
Ragnar: Borgund og Giske band 2 Gardsoge 1-51, Borgund sogenemd 1960