Eit dramatisk bilete frå Storfjorden
ved Magerholm i 1941. Fotografen er Knut Brune som truleg var del av
mannskapet på ulykkesferga. Han fekk foreviga eit særskild syn der
brannmenn frå Spjelkavik kjempar for å sløkke brannen som herja på
Bilferga Geiranger. Dette var ei særmerkt ferge, men ho vart også
rekna for å vere ei «ulykkesferge». I denne vesle teksten skal vi
sjå litt nærare på litt av historia til B/F «Geiranger».
Turistferga på Storfjorden
I 1937/38 vart det sett opp ei
krisebevilgning på 200 000 kroner i vegbudsjettet for stamvegen frå
Romsdalen til Sogn og Fjordane via Trollstigen til Valldalen og
Hellesylt. Departementet ønska å unngå trafikkvanskar i komande
år, så dei løyvde difor pengar til ei bilferge frå Valldal til
Hellesylt.
I 1936 hadde Kong Haakon opna vegen
over Trollstigen og soleis knytt Valldalen til omverda . Tidlegare
var det kun Fjordabåten som frakta gods og pasasjerar, men no kunne
ein kome til bygda med bil. Både Åndalsnes, Trollstigen og
Geiranger vart turistmagnetar frå før og truleg så vart Valldalen
mykje besøkt etter at nyheita om vegen hadde spreidd seg i
riksmediene. Kravet vart å få på plass ei ferge med plass til 15
bilar. Det var med andre ord ikkje det store behovet etter dagens
målestokk, men fergedrifta var i sin spede barndom og biltrafikken
like eins. Det fanst ikkje så mange fergene på denne tida og nokre
av dei var ombygde båtar Som eit eksempel kan ein nemna at to av
dagens største fergesamband, Molde-Vestnes og Magerholm-Ørsnes, kun
hadde ein bilkapasitet på 4 og 7 bilar per tur i 1938. Rutene var
også litt annleis, for molde-ferga gjekk til Helland og
magerholm-ferga gjekk til Aure på dette tidspunktet. Departementet
krevde også at den nye ferga skulle vere vegvesenet sin eigedom,
sjølv om MRF skulle få disponere henne. Vegvesenet kunne også
omdisponere ferga dit det var behov for henne, også utanom fylket,
til ei kvar tid.
Ein rekna seg fram til ein byggesum på
omlag 320 000, noko som var mykje pengar på denne tida. På same tid
var vegløyvingane til Møre og Romsdal Fylke på 1,1 millionar
kroner per år. Det var frå denne potten at dei resterande 120 000
kronene skulle hentast frå. Fergedrifta skulle også haldast ope kun
på sommarstid. Det vart vidare bestemt at ferga skulle få namnet
B/F «Geiranger», og ho vart planlagd og spesialtilpassa til drifta
på Storfjorden. I tillegg til å gå ruta Valldal-Hellesylt, hadde
ein no også planlagd å utvide ruta til både Stranda og Geiranger.
Ferga var ei storferge med alle dei krav som ein i dag set til ei
bilferge. Difor vart ho også ei mønsterferge for framtidige nybygg.
I tillegg til gode vilkår for bilar, fekk ferga også flotte
opphaldsrom til passasjerane og ei stor bysse slik at dei reisande
kunne kjøpe seg mat undervegs. Det gjekk visst gjetord om
laksemiddagane ombord og utsikta frå middagsbordet på den flotte
utsiktssalongen må ha vore spektakulært for reisande innover
Geirangerfjorden. Ferga gjekk tett innunder fossane «Dei Sju Søstre»
hadde i tillegg høgtalerar der turistane fekk vite meir om både
landskap og attraksjonar undervegs. Kapteinen spela dessutan
gramofonmusikk ved både avreise og ankomst. Fergeturen var på heile
3,5 timar og var del av ein særmerkt avsluttning på den nye
«gullruta» frå Åndalsnes som stod klar året i forvegen. Med
fergeforbindelse til Geiranger, kunne ein og ta seg over fjellet til
Grotli og austlandet. Søndag den 11. juli 1937 starta nyferga på
sin første tur frå fergekaia i Geiranger. Fyrbøtar og kol behøvde
ein ikkje på ei slik nymotens ferge der «oljen renn av seg sjølv».
B/F «Geiranger» kunne gjera heile 12 knops fart med sine 242
Bruttotonn.
Ferga brenn
Hausten 1941 vart ferga innleigd til å
frakte høy ut Storfjorden. Ho vart mykje nytta til godstrafikk i
vinterhalvåret. Ferga var fullasta og passerte Magerholm då ho tok
til å brenne. Kva som var årsaka er eg ikkje sikker på enno, men
det kan ha vore fleire grunnar til dette. Ei årsak kan ha vore at
det gjekk varmgang i høylasset, dersom alt graset ikkje var tørt
nok enno. Høylasset kunne dermed tatt fyr ved sjølvtenning. Ei anna
årsak kan ha vore at fergedekket hadde vore så fullstappa at høyet
kan ha kome i kontakt med noko som hadde gjeve varme eller friksjon
nok til å skape eld. Den siste moglege årsaka kan ha vore at nokon
hadde vore uforsiktige med åpen eld, ved tenning av sigarett eller
liknande. Katastrofa var i alle fall eit faktum. Elden må ha spredd
seg særs raskt i det turre høyet og soleis overtent ferga.
Brannvesenet i Spjelkavika vart bodsent. B/F Frigg II tok brannbilen
ombord og frakta brannmannskapet ut til ferga. Dei hadde nok vatn å
ta av frå fjorden, men vegen vart nok uansett for lang på dei
dårlege vegane, med alle grindene, mellom Spjelkavika og Magerholm.
Truleg ville heller ikkje dagens brannvesen klart å berge meir av
ferga, som brann heilt ut. Men det var likevel eit hell i uhell at
det ikkje vart brann i Geirangerfjorden på somarstid når ferga var
fullasta med pasasjerar om bord.
Nye ulukker
Den tyske okkupasjonsmakta rekvirerte
den utbrende ferga, og skulle sjølv stå for gjennoppbygginga.
Reparasjonsarbeidet vart ikkje ferdig før i 1944, og då vart ferga
sendt til Nord-Norge. Etter krigen kom ferga attende til sin gamle
arbeidsplass som turistferge og godsferge elles i året. Men det
gjekk desverre ikkje så lang tid før eit nytt uhell ramma henne. I
1947 var «Geiranger» på veg frå Ålesund til Molde og Åndalsnes
med hestar og møbellast. På ny tok lasten på ferga fyr, og denne
gongen valde kapteinen å sette henne på grunn i fjøra ved
Kringstad, like vest for Molde by. 17 av dei 24 hestane døydde, men
menneska ombord berga seg. MRF overtok skroget frå vegvesenet og
fekk ferga oppattbygd på nytt for forsikringsutbetalinga. B/F
Geiranger fortsette turistfarten til Geiranger heilt fram til 1962.
No hadde biltrafikken auka so pass at ein behøvde større ferger.
Ein måtte stadig sette att bilar på sambandet, og dermed måtte
«Glutra»
og «Eira» settast inn i staden, etter
uttalige klagar på kapasiteten. Geiranger vart no flytt til
sambandet Valldalen-Eidsdal der ho vart hjelpeferge. Det vert fortalt
at ho frakta heile 500 bilar på ein dag, noko som må ha ført til
minst 32 turar over fjorden, eller 16 gongar tur-retur. Truleg var
talet enno meir enn dette om ferga ikkje var stappfull kvar gong.
Den 18 august 1966 møtte ferga sin
avgjerande lagnad, då den grunnstøytte, glei ut frå land og sakk i
Storeisundet mellom Vevang og Averøy. Ferga vart etter kvart heva
igjen, men denne gongen vart ho kondemnert og seld til eit firma på
Rovde. Etter ein periode som sandlekter endte ho sine dagar som ein
del av kaia ved sandtaket. Har du interesse av å lesa meir om ferga
og sjå bilete av ferga der ho ligg i dag, kan du følge denne
nettadressa:
http://www.hjorundfjord.no/?komponent=artikkel&handling=les&artikkel=1203