Ebbegarden
er i dag ein sjølvstendig gard med bruksnummer 8 under garden
Emblem. Slik har det derimot ikkje vore til alle tider. Emblem hadde
vore to-delt gard, då den vart delt vidare inn i 6 gardpartar på
slutten av 1500-talet. Eg skal ikkje begi meg inn på den eldste
historia her, berre leggje til at Ebbegarden var eit av desse 6
«gamlebruka». Garden låg då lenger vest i det gamle klengetunet
kring gamlehuset i Steffågarden. Staden vert framleis kalla
«tuftene», sjølv om dette namnet er lite i bruk i våre dagar. Det
var først etter den store innmark-utskiftinga etter 1835 at
Ebbegarden flytte tunet sitt lenger aust mot staden der barnehagen på
Emblem ligg i våre dagar.
Jordbruket i
endring
Målet
med ein slik stor utskiftingsprosess i heile amtet, var å få til
ein meir framtidsretta oppdyrking av jorda og fornye landbruket.
Dette var noko som fleire av dei leiande i samfunnet og amtet var
ivra for å få til. Frå slutten av 1700-talet hadde prestar,
borgarar, futar og amtsmenn samla seg i Landhushaldningselskap der
nye landbruksteknikkar vart diskuterte. Prost Deinboll i Molde gav ut
opplysningskrifter frå 1845 og dei fleste embetsmennene hadde eigne
gardar. Forskjellen på øvrigheit og den vanlege fiskar-bonden var
likevel stor. Dei høge herrar hadde råd til å eksprimentere, medan
folk flest trong mat kvart einaste år. Hadde dei nok til å greie
seg det eine året, så heldt dei gjerne på same oppskrifta den
komande året óg. Den gamle teigblandinga hadde hatt både fordelar
og ulemper. Før 1809 var det stort sett bygselsmenn i Emblemsbygda
som ikkje eigde sin eigen gard. Det påverka også lysta til å gjere
meir enn det som dei vart pålagde i bygselskontrakta med
jordeigaren. Dette gav seg utslag i mellom anna vedlikehald av husa.
Ein ser at det stadig vekk måtte settast opp nye hus som erstatning
for dei gamle. På den andre sida kunne det vera litt lettare å
drive gardsarbeid og dei store onnene i lag. Teigane var små og so
sammanvevde at ein ikkje kunne starte på slikt åleine. For fleire
av dei som mista ektefellene sine på denne tida så hadde dei både
tid til å sørge og å finne seg ein ny make. Nokre venta faktisk 2
år før dei gifta seg om att. Etter utskiftingane var slikt
utenkjeleg for då vart det å vera to vaksne heilt nødvendig til
ein kvar tid. Ein som vart enkjemann til påske kunne soleis ver gift
att før jul. Husbonden var også mykje ute på fiske for å greie
seg. I tidsrommet etter 1834 vaks også talet på born som levde opp,
og ein trong tenestefolk for å greie alt saman. På den andre sida
så vart det lettare å drive gardane når maskinelt jordbruk og
betre metodar kom i bruk. Dei nye sjølveigarane fekk støtte til
nydyrking og stadig fleire gjekk frå å dyrke mest alt dei trong
sjølve, til å drive med det som garden passa best til og heller
selge overskotet. Slik pengehushaldning vart stadig vanlegare utover
1800-talet. Ein ser det også på talet på husmannsplassar som kom
til og vart rydda i utmarka frå 1850-åra. Slikt gav rom til ei
aukande befolkning, gratis hjelp i onnene og på sikt langt større
innmark og slåttemark på gardane. Eg skal kome attende til utfallet
av utskiftinga i Ebbegarden når eg skriv om brukarane litt lenger
ned i teksten.
Eigarane
Emblemsgardane
har hatt mange kjende eigarar i si tid. Dei har vore erkebispe-gods,
del av Giskegodset og Margrete-prebendet, i Hannibal Sehested sitt
eige og Rosenkrantz-gods for å nemne nokre. Utfordringa er derimot å
vite konkret kva partar dei eigde og kva del Ebbegarden har vore eigd
av, for der var fleire samtidige eigarar. Det eg derimot veit, er at
handelsmannen J. A. Heide fekk eigedomsretten over heile Emblem i
1790. Du finn han dessutan att som eigar på dei fleste nabobruka
fram til han døydde i 1809. Sonen Arent Nicolai Heide kjøpte då
mellom anna Ebbegarden på dødsbuauksjonen. Heide-ætta vart soleis
dei siste jordeigarane før Ebbegarden vart seld til sjølveige.
Dette skal eg kome attende til litt seinare.
Brukarane
Den
første brukaren i Ebbegarden heitte Ingvald. Han dreiv garden frå
omlag 1603-14. Han vart utkomandert til teneste i Kalmarkrigen og
kan ha kome attende også. I alle fall var denne krigen over i 1613,
men det er mogeleg at dei ikkje fekk vite om at Ingvald var død før
dette. Det er litt merkeleg at det var brukaren sjølv, og ikkje son
eller tenestedreng som drog i staden. Dei som hadde pengar kunne
endåtil kjøpe seg ut av det heile, men Ingvald valde enten sjølv,
eller hadde ikkje anna velg enn å dra sørover. Ein veit ikkje om
Jon Knutsen som tok over bygselsvilkåra og garden i 1614, var i
slekt med Ingvald. Han dreiv i alle fall heilt til 1665 og han
betalte skatt i 1658 for ein hest, 8 kyr, tre geiter og ein sau.
Dette var ein brukbar flokk på den tida. Kjøt var det lite av i den
daglege kosten til samanlikning med i dag. Storgardar hadde soleis
heller ikkje så mange dyr. Åtte kyr kan difor tyde på at det er
ein velbehalden mann.
Den
tredje brukaren i Ebbegarden var i alle fall fødd på garden og
sonen til Jon. Han heitte Knut Jonsen, vart fødd omlag i 1642, og
var bygselsmann på garden frå 1665 til ein gong ut på 1690-talet.
Det er mogeleg at han dreiv garden heilt til 1700 også, for
opplysningane frå denne tida er ikkje så sikre desverre. Knut sine
born fekk ikkje ta over bygselskontrakta, om han hadde nokon vaksne
born i det heile, for kring 1700-1733 er det nemleg Peder Pedersen
(ca. 1675-1748) som driv Ebbegarden. Verken den første kona til
Peder, som heitte Anne Pedersdotter (d. 1701), eller den andre kona,
som han gifte seg med i 1702 hadde Knutsdotter til etternamn. Det er
ei viss mogelegheit for at kone nummer 2 var søster til den første,
men sikker er eg ikkje. Ho heitte i alle fall Marit Pedersdotter (d.
1712) og omgifte med ei frå same syskenflokken var ikkje så uvanleg
på denne tida. Peder var den einaste som heitte Peder Pederson Emlem
på gardane der. Eg må sjølvsagt ta omsyn til at der kan ha vore
ein eller to husmannsplassar, men eg har ikkje funne spor etter noko
slikt, så det er difor grunn til å tru at Anne Pedersdatter (døypt
7.12.1700), Anne Pedersdatter (døypt 24.9.1702), Peder Pedersøn
(døypt 4.8.1711) og Ingeborg Pedersdotter (døypt 4.8. 1711) er frå
Ebbegarden. Sidan begge dei eldste borna heitte Anne, tyder det på
at den eldste jenta døydde tidleg medan den neste dottera fekk same
namn då ho vart døypt. Denne skikken har gjeve ein del rare
namne-konstruksjonar fram mot byrjinga av 1900-talet. Var den som
døydde gut medan det neste bornet vart jente, så var det nok
stundom litt vanskeleg. Ein finn då namn som Oluffa, Olufine og
liknande. I dette tilfellet vart det derimot ikkje slike problem. Det
er likevel verdt å merke seg at Peder og hans nye kone, Marit, fekk
tvillingar som begge levde lenge nok til å verte døypte. Truleg
vart dei enno eldre. Slikt var ikkje vanleg og det er difor nemd
særskild i kyrkjeboka. Peder og Marit kan ha vorte nøydde til å
gifte seg i 1702, for Peder og Ingeborg vart døypte allereie i
september, det same året. Kanskje var det også slik han kan ha
vorte omattgift med ei som kan ha vore svigerinna hans? Borneflokken
var større enn desse fire. Eg har i alle fall funne ei Brite
Pedersdotter som vart døypt 29. januar 1708 og Marthe Pedersdotter
(1705- ca 1770) som vart jordajenta på garden.
Året
etter tvillingfødselen døydde Marit Pedersdotter og etterlot seg
enkemannen Peder med fleire små born i 1712. I forbindelse med
arveskiftet etter Marit er det registrert hest, 7 kyr, 2 kviger, 6
geiter, 4 sauer og ei eiga kvern. Kvenna vart dermed sett opp av
Peder og rekna som hans eigedom i motsetning til dei andre gardshusa
som tilhøyrde jordeigaren. Eg nemnde tidlegare at det vart Marthe
som tok over garden, men ho var berre 7 år i 1712 og faren 37. Eg
finn ikkje at han har gifta seg nok ein gong, men noko anna ville
vore særs uvanleg, for han dreiv garden i 21 år til. Der er likevel
eit spor, for han vert far igjen i 1725. Bornet heiter Birthe og vart
døypt på Nyttårsaftan det same året. Eg finn ikkje kven mora er,
for her er det berre fadderar som er skrivne inn saman med faren. Det
er eit spor i riktig retning at Bjørn Olsen Fliisholm dukkar opp
igjen som fadder. Normalt vil det vere fadder frå svigerfamilien til
Peder også, men alle dei andre har Emlem til etternamn, så då kan
ho truleg vere frå eit av nabotuna. Gjertrud kom i allefall frå
Steffågarden medan Ingebrigt var frå Auregarden. Den siste fadderen
er eg ikkje sikker på opphavet til, men ho heitte Emlem i alle fall,
og det kan vere Anne Rasmusdotter på Ystebøen. Det same året gifte
Malene Gregoriusdotter Røssevoll seg om att med Ole Ingebrigtsen frå
nabobruket, Auregarden, så det finst eksempel på liknande
giftermål i dette klengetunet.
Marthe
Pedersdotter Emlem gifte seg med Ebbe Knutsen Hovden (1705-1769). Dei
var med andre ord jamnaldringar og det er truleg han garden fekk
namnet sitt ifrå. Ein finn dei i forlovelsesregisteret i Borgund
kyrkje i november 1732. Han var då «ungkarl» og busatt på Emblem.
Kanskje har han hatt teneste der?. Det er også interessant å merke
seg at Bjørn Olsen Fliisholm er forlovaren hans. Dette er sonen til
Ole Larsen som rydda Flisholmen og var tønnemakar. Bjørn Olsen
(1690-1750) tok over Flisholmen etter faren. Dette tyder på at Ebbe
har vore i bygda ei tid, og at det var der han møtte Marthe. Ho
heiter forresten «Marit» i bygdeboka for Borgund, medan ho i
forlovelsesprotokollen heiter Marthe, og i ekteskapsregisteret i 1733
finn eg det same namnet. Eg vel difor å sette lit til dette.
Giftemålsregisteret i 1733 gjev ikkje opplysningar om kven som var
faren til Ebbe. Eg merkar meg likevel at han allereie heiter «Emelem»
når han gifta seg. Kan Hovden vera eit villspor? Eg har så langt
funne 7 born etter dei. Peder (døypt 27.7.1733), Knut (døypt 3.2.
1737, Olle (døypt 7.6. 1739), Anders (døypt 29.9. 1741) Ole (døypt
18.5.1744), Anne (16.4.1747) og Marthe (døypt 8.7.1750), men Olle
døydde truleg før 1744. Alle desse levde truleg ikkje opp, men eg
veit i alle fall at Anne vart mor til Inger Larsdotter Nedregota
(1771-1850) frå Guttormgarden på Emblem, og at Marthe vart gift med
Ole Larsen. Dei budde på Røssevollen då ho døydde 59 år gamal i
1807, Eg finn henne ikkje i folketellinga i 1801, så Ole Larson
Røssevoll vart truleg ikkje telt med. Det kan tyde på at han enten
ikkje hadde kome ditt enno, eller fordi han var husmann. Då han
døydde i 1826 vart han omskriven som «Røssevold af Aalesund» i
klokkarboka. Ole kom med andre ord frå ein husmannsplass på
Røssevollen som ikkje er omtala i bygdeboka eller 1801-tellinga.
Difor veit eg heller ikkje namnet på denne plassen. Den kan ha lagt
der dei nyare plassane vart rydda seinare, eller kanskje på det som
seinare vart innmark på Røssevollen. Eg set mest lit til det siste,
for det verkar rart å la god slåttemark vekse att utan grunn.
Ebbe
og Marthe fekk ord på seg for å drive Ebbegarden godt. Dei etterlet
seg også eit skiftbu på 170 Riksdalar også. Presten skreiv i 1769
at han var skikkeleg opplyst og vel forsynt med bøker. Kvenna, smia
og naustet var nokre av bygningane som han sette opp sjølv. Sonen
Knut Ebbesen (f. 1737) fekk først bygsle halvparten av Ebbegarden.
Resten tok han over då faren døydde i 1769. Han gav seg som
bygselsmann allereie i 1779. Knut gifte seg med Birte Olsdotter (ca.
1720-1804). Ho vart introdusert 23. september 1759 og med andre ord
ikkje frå Borgund eller bygda, men det står ikkje kvar ho kom frå.
I 1801-tellinga var dei «vilkårsfolk» og framleis gifte for første
gong begge to. Eg har enno ikkje klart å finne så mykje meir om
Knut og Birthe. Dei fekk i alle fall ein son som tok over garden
etter dei. Dette var Ole Knutsen (døypt 19.8. 1759) og dermed det
eldste bornet.
Ole
Knutsen vart ofte kalla «den eldre», slik at han kunne skillast frå
Ole Knutsen i Steffågarden på Emblem. Ole dreiv bruket frå 1779
til 1812 og var den siste bygselsmannen på garden. Han gifta seg med
Birte Andersdotter (f. ca. 1758) I 1807 hadde han 6 kyr, 4 ungfe, 6
sauer, 7 geiter og hest. I 1801-tellinga finn eg tre born som
framleis bur heime. Jens (f. 1788), Katrina (f. 1790) og Berndt
(1792). Eg har også funne fleire born. Ebbe Andreas Olsen (døypt
17.2.1795) vart i alle fall fødd i Ebbegarden. Jørgen Andreas
Olsen Emlem (døypt 5.8.1798) kan ha vore Ole sin son, men her er eg
usikker, sidan der finst to Ole Knutsen på Emblem. eg har dessutan
greidd å finne at
Olave
Olsdotter Nedregotten (1802-1881) var dottera til Ole. Ho gifta seg
med Lars Petter Johannesen og deretter med Petter Annaniasen Flisnes
som begge var brukarar på Skaret, like aust for Ebbegarden. Av
desse borna vart det Jens som overtok garden. Jørgen vart berre 15
år og Berndt 10 år, medan Ebbe gifte seg med Maren Knudsdotter
Walgermoe i Sykkylven kyrkje 30.5.1819. Eg skal fortelle litt meir om
dei lenger nede i denne teksten. Katrina har eg ikkje funne att etter
1801-tellinga.
Jens
Olesen Emlem (1788-1825) gifte seg i Borgund kyrkje den 3.6.1814 med
Maren Kanuta Villemsd. Blindheim. (1792-1821) Dei fekk borna Carolus
Jensson i 1799, som døydde berre 6 år gamal og vart begravd
27.3.1825, Maren, som vart berre 27 år og døydde 9. februar 1821
medan Berte Regine Jensdotter (1815-1894) tok over garden. Det er
grunn til å tru at der var fleire born også, men det er desse eg
har funne så langt. Det er på Jens og Maren si tid at Jens fekk
skøytet og vert den første sjølveigaren på bruket våren 1812.
Skiftet etter Maren var på 317 Speciedalar. Jens fekk omlag
halvparten, medan Berte fekk 52 og Carolus, som ikkje fekk overta
garden, fekk 105 Speciedalar. Dei hadde dette året 10-11 kyr, 20
sauer og avla vel 30 tønner korn i Ebbegarden. Garden
var framleis del av det gamle klengetunet på Emblem. Der hadde dei
ei ny stove med loft, fordør, kjøkken, og kakkelbileggjar (omn). I
tillegg hadde dei ei røykstove, høy- og kornløe, stabbur, stall
tilbygd løa, fjøs, 2 sauefjøsar, grisehus og kvern. Dei hadde óg
steinfjøs på den gamle Emblemsetra.
Jens
gifte seg om att 22.11.1821 med Iverine Pedersdotter Lille Nørve (f.
1795) Med henne finn eg dottera Johanne Maria som vart døypt i 1824.
Skiftet etter Jens vart tinglyst i april 1826 hadde 150 Speciedalar i
buet. Iverine fekk det meste, medan Berte Regine og Johanne Maria
fekk 14 1/6 Speciedalar kvar. Iverine gifte seg omatt med Bernt
Andreas Iversen Emblem (1801-). Dei dreiv garden fram til 1843. Bernt
var med andre ord ein ung kårkall på 42 år, medan Iverine kun var
6 år eldre. Det var truleg hensynet til Berte som vegde tyngst. I
1827 vart dei foreldre til Jens Elias Bernts. Emblem og i 1833 vart
Ingebrigt Carolus Britannus Bernts. Emblem fødd. Ingebrigt tok
seinare borgarskap i Ålesund. Årstalet er ukjend, men han hadde
eigen gullsmedverkstad før 1859, og vart omtala som Gullsmedmester i
Kippervika i 1865-tellinga ifølge Bjørn Jonson Dale sin tekst om
Gullsmedane på Sunnmøre i laugstida i årskriftet for Sunnmøre
historielag (s. 3061 i den digitaliserte utgåva) Han var då gift
med Inger Sarine Anderssen frå Bergen og hadde 3 born. Den 2. april
1832 vart ei eiga erklæring mellom Berte og stefaren, Bernt
tinglyst. Skrifta i panteregisteret er utydeleg, men det verkar som
om Dei har vorte eienige om at ho fekk førsterett på å få overta
bruket.
I
1843 overtok ho for alvor bruket saman med Nils Eriksen Kvassnes
(1813-1876). Han hadde allereie i 1836 fått tinglyst skøyte på
garden, men det var først 7 år seinare at kårbrevet vart tinglest.
Dei gifte seg den 5. juni 1836 i Borgund kyrkje. Det er interessant å
merke seg at det var Ebbe Hatlehol som var forlovaren til Nils. og
Ole Iverson Kongshaug som var forlovaren til Berte. Ebbe vart fødd i
Ebbegarden i 1795 og var onkelen til Berte. Eg skreiv tidlegare at
han gifta seg med Maren Knudsdotter Walgermo i Sykkylven kyrkje i
1819. Kring 1818 hadde Ebbe fått bygsel på Hatlehol Indre og dei
busette seg difor der. Ebbe var særleg involvert som vitne på
fleire av dokumenta som sjursgardsfolket fekk oppretta i forbindelse
med kjøp og sal av gardar eller bygselskontrakter. Kvifor han vart
forlovaren til Nils veit eg ikkje heilt sikkert, men truleg kan det
ha ein samanheng med at Ebbe vart oppattgift med Berte Eriksdotter
Kvassnes, som truleg var søstera til Nils. Du kan lesa meir om Ebbe
i ein eigen tekst her på www.emblemsbygda.com.
Under garden Emblem. Kvar Ole Iverson Kongshaug kjem inn i biletet er
eg ikkje heilt sikker på enno. Det er sjølvsagt ei mogelegheit for
at han er broren til Bernt Andreas Iversen Emblem som var stefaren
til Berte, og dermed som onkel å rekne.
Nils
og Berte fekk i alle fall sønene Johan Magnus i 1838, Johan Elias i
1841 og Ebbe Carolus i 1844, Ved utskiftinga for Emblem fekk Nils ein
todelt gard. Det gjekk ikkje å dele samtlege gardar inn i berre eit
stykke, som først tenkt. I teorien er det sjølvsagt mogeleg, men i
praksis vart det ikkje mogelg å verte einig om noko slikt. Truleg
har det samanheng med kva som var oppdyrka på den tida.
Slåttemarkene og åkrane låg for det meste i hellingane nedanfor
det gamle kyngetunet der Steffågarden og Skillingen ligg i dag. Dei
nye hovudstykka til Ebbegarden og Jakobgarden var nok
for
det meste udyrka og i Ebbegarden var det ein del myrlendt også. Namn
som «Ebbemyra» og «Meierimyra» og «Toskhaugmyra» vitnar om at
dette vedvarte fram mot 1900 også. Der fanst gamle åkrar og dermed
brukbar dyrkningsområder i Ebbegarden også sjølvsagt, for gamle
namn som «Linåkeren» frå tida før 1835 er ein god indikasjon på
den slags. Eg har ikkje funne nokon tvistemål, knytt til
utskiftinga, som er registrert i panteregisteret, men det er
interessant å merke seg at heller ikkje utskiftinga vart nemnd her.
Resultatet blei i alle fall at Ebbegarden vart delt i to deler. Den
største delen var innanfor Røssevoll-elva der Ebbegardstunet ligg i
dag, men dei fekk også ein «tunteig» som låg på der det gamle
klengetunet stod før 1835. Det kan vere grunn til å tru at det var
den same plassen der Ebbegarden hadde hatt husa sine tidligare, slik
at nokre av desse vart ståande der framleis. Det vart skrive i
bygdeboka at Nils flytte husa sine, men det er nok ein «sannheit»
som ikkje held heilt likevel. Det var mange hus i det gamle
Ebbegardstunet. Nokre hadde kanskje vorte kondemnerte etter år og
elde, men sidan Ebbegarden var ein sjølveigd gard, så tok dei nok
litt betre vare på husa sine enn andre. Eg vil tru at kvenna vart
ståande på same plassen, medan det nyaste huset vart flytta. Løa i
det nye Ebbegardstunet vart truleg større enn den gamle og inneheldt
kombinert fjøs, stall og låve. Slik hadde det ikkje vore nokre år
tidlegare. Eg skal ikkje seie dette for sikkert, men det ville vore
enklast å tenkje nytt allereie når driftsbygningane skulle
flyttast, slik at Ebbefjøsen vart sett opp omlag som den stend i
dag. Tømmer og murar kunne nyttast oppatt, medan tak og
grindkonstruksjonen oppå måtte byggast ny. Det er fleire slike
eksempel på gjenbruk i bygda vår. Eg trur også at nokre av husa og
truleg også gamlestova vart ståande att i gamletunet. Begge desse
teigane vart brukt framleis, og ein sparte seg både flytting av hus
og lang køyreveg på denne måten. Hjulreiskap var tross alt ikkje
vanleg i bygda enno, så det meste måtte fraktast på sledar, og det
var difor meir tungvint enn i våre dagar. Nils brukte begge
gard-teigane så lenge han dreiv Ebbegarden frå 1843-1863.
Ebbegardstunet vart ikkje flytt rett etter utskiftinga i 1835, men
fleire år seinare, etter at han tok over garden i 1843. Den 20.
oktober 1850 vart festeseddel til Magnus Larsen Skjortenes
underskriven. Magnus fekk opparbeide seg ein eigen husmannsplass, som
fekk namnet «Magnusplassen». På den tid var dette urydda mark
nedanfor det gamle tunstykket utanfor elva ved Korshaugen. Namnet
«Magnusbakken» vert framleis nytta på folkemunne om brattbakken
ved staden der Aksla-buda, Posten og seinare Videoposten heldt hus på
1900-talet. Magnusplassen låg omtrent der dagens undergang utanfor
eldreboligane på Emblem ligg i dag på Garsendhaugen. Magnus
og kona Berte Pedersdotter Skarbø frå Ørskog måtte i tillegg til
festeprisen på 30 Speciedalar betale 1 Speciedalar i årleg avgift,
samt delta med 6 arbeidsdagar i Ebbegarden i onnene. Nils og Berte
løyste kårbrev i 1863 og ein finn dei att i 1865-tellinga, saman
med dei nye brukarane i Ebbegarden. Berte vart enke den 17. februar i
1876 og vart sjølv begravd 12. januar 1894. Årsaka til dødsfallet
var «alderdomsvaghed»
Sonen
Johan Nilsen (1838-1914) var truleg den eldste og difor odelsguten i
Ebbegarden. I 1865-tellinga finn eg likevel noko rart. Johan står
oppført som «Gaardbruker og Leilænding». Dette er merkeleg sidan
Ebbegarden hadde vore sjølveigd heilt sidan morfaren kjøpte bruket
i 1812. Bygdeboks gjev ingen svar på dette, men det er verdt å
merke seg at det faktisk ikkje finst noko skøyte på garden til
Nils. Nils og Berte sat med andre ord framleis som eigarar i
Ebbegarden, sjølv om dei var registrerte som føderådsfolk. Det
finst heller ikkje noko kårbrev til andre enn plassefolket på
Magnusplassen, før i 1881. Då fekk Berte kårbrevet sitt. Den same
dagen vart det tinglyst at Johan hadde vunne dødsbuauksjonen etter
Johanne Jensdotter Emblem, som var søstera til Berte. Johanne åtte
ein fjerdepart i gardsbruket Brevik, og Johan fekk tilslaget med bud
på 250 kroner. Normalt vil ein finne kårbrev og skøyte på garden
samstundes, men det er ikkje registert nokon stad. Johan omtalar
likevel Ebbegarden som sitt eige bruk i kårbrevet frå januar 1881,
så det er likevel mogeleg at han hadde tatt over dette året. I
avsnittet under har eg også vald å skrive av innhaldet med
kårytingane, slik at du kan få eit lite innblikk i korleis det vart
utforma:
«Jeg
underskrevne Johan Nilsen Emblem tilstaar og vitterliggjør herved at
have forpligtet mig ligesom jeg herved forpligter mig til at svare
til min Moder Birthe Jensdtr. Emblem paa hendes Levetid følgende
aarlige Kaar eller Føderaad og skal samme hvile paa mit uinde Brug i
Gaarden Emblems Matr. No 8 Lno. 21 i Borgunds Thinglag som ... Byrde,
i hvis Eie eller Besidelse samme i Fremtiden skulde komme: 1) 7 syv
voge Byg, 9 -ni- Voge Havre, redneset og af det ... som avles paa
Gaarden, samt 2 -to- Tønder Poteter. 2) Fornæring Røgte og Pleie
for 2 –to- Kjør og 5 -fem-
Saue
alt forsvarlig og for Kjørenes Vedkommende besørges ogsaa
Melkningen saavel Vinter som Sommer og Melken bringes til hende i
Huset. 3) Frit og frosvarligt Hus saavel for hendes Person som for
de Ting Gjenstande hun maatte eie eller have. I Slatåret skal hun
have Raadighet over og Benyttelse af den Sval, som hun før har havt.
4) Frit Aar Til Behov enten Torv eller andere Brænsel efter
omstendighederne, hjembragt og indhugget, og naar det skulde ønskes
og tiltrænges ogsaa bringes Til hende i Huset. 5) Frit Mølle for
det Korn, som hun for eget Behov Tiltrænger. 6) Saalenge hun maatte
ønske det, skal hun være berettiget til at bruge og benytte 2 -to-
aagre, en større og en mindre, beliggende paa det Stykke af Gaarden,
som hun indtil for et Par Aar tilbage benyttede.Til disse Aagre
skaffes fornøden Gjødsel som i rette Tid kjøres paa Aagrene uden
udgift for hende lige som Pløiningen besørges uden Vederlag. 7)
Tilsyn og pleie paa forsvarlig Maade og til enhver Tid Kjærlig
Omsorg saaledes som det andlaar og sømmer sig Børn med Fordlorne
(?) Foranstaaende Føderaad er for 5 Aar taksert til en Verdi af Kr.
715,00 -syv hundrede og femten Kroner, og de i 6 Post omhandlede
Brugs Rettigheder samt i 3 Post Husbekvemmelighederne takserede til
Kr. 60.00 – seksti kroner Aarlig. Emblem den 29. januar 1881.
Johan
Nilsen Emblem. Til Vitterlighed: K. Furseth. A. Andersen
Johan
brukte begge gard-teigane slik som faren før han. I 1865 hadde dei
hest, 13 kyr, 13, sauer, 7 geiter og 2 grisar på garden. Dei dyrka
3/4 tønne med bygg, 1 tønne blandakorn, 6 tønner havre og 6 tønner
med potet. Ein kan med andre ord sjå at kjøtproduksjonen var på
veg opp i forhold til korndyrkinga. Johan var gift med Karoline P.
Olsdotter frå Haram Prestegjeld og dei hadde vore berre 23 år når
dei tok over garden to år tidlegare. Dei hadde to born på denne
tida, Olivia på 2 år og Oline på 1 år. Oline S. Klausdotter var
18 år og «tenestepige». Ho kom frå nabobruket Negarden og truleg
hadde ho ansvar for borna, som det vart fleire av etter kvart.
Sidan
er det litt vanskelegare å fastslå nøyaktig kor mange born som
Johan eigentleg fekk. I 1900-tellinga finn eg i tillegg borna Ole,
Andreas, Elias, Marie Sofie Henriette, Ragna og Berthe, så 8 born
hadde dei i alle fall. Jentene kunne truleg lettast verte gifte til
eit anna gardsbruk, og eldstedottera, Olivia, fann seg også ein kar
frå Eikrem. Johan dreiv begge Ebbegard-partane som eit samla bruk
heilt til 1906, og so lenge ville truleg ikkje eldstesonen vente.
Nils vart skipper i staden, og busette seg først i Ålesund, før eg
finn han på Giske i 1910-tellinga der han er gift med Karen
Larsdotter Giske, har ei datter og har vorte fiskar igjen. Eg fann
han også med tittelen skipper i den 24. november 1901. Då var han
forlovaren til yngstesøstera si, Berthe Jensine Johansdotter Emblem,
som gifta seg med snekkersvenn Peder Olaus Martinus Ekrem. Dei
busette seg også i Ålesund. Andreas finn eg ikkje att i
digitalarkivet etter at han vart registrert som ugift og heimebuande
bygningsnekker i 1910, men eg veit at han fekk seg frådelt eit
stykke frå farsgarden.. Berthe vart oppatt kalla etter farmora si,
som døydde 7 år tidlegare. Ragna gifta seg med Tor Ingvald Johansen
Indresæter frå Stordalen i 1909, Marie gifte med Hans Ramsvik og
Elias gifte seg med tjenestejenta Johanne Oline Helene Rasmusdotter
Aakre frå Haram i 1917. Eg skal kome attende med litt fleire
opplysningar om nokre av desse.
Dessverre
gjev ikkje 1865-tellinga noko svar på kor mange hus som stod på
garden dette året. Det eg derimot veit, er at Johan var ein dyktig
gardbrukar. Allereie i 1868 hadde han like høgt dyretal og avling
som Ystebøen, med hest, 11 kyr, 20 sauer, 12 tønner bygg, 35 tønner
havre, 34 tønner potet og 72 skippund høy. Det var tydeleg at noko
var i gjere. Det var rett nok ikkje så mykje meir dyr på garden,
men avlinga hadde vokse enormt. Kanskje var det resultat av
omfattande nydyrking dei siste åra? I panteregisteret finn eg berre
informasjon om at oppsitterane på Emblem og Nedregård hadde sett
opp «Hagaard» i utmarka i 1872. I 1900-tellinga finn eg heller
ingen nøyaktige tal på hus på garden, men det var nok slik at det
ikkje var særleg fleire hus i tunet på den tid, enn det me kan sjå
på biletet frå tida kring 1910. Då stod det eit stabbur, løe og
eit hus i tunet. Tida med mange små og spesialiserte driftsbygg var
uansett forbi. I 1904 vart foreksempel dei to små driftsbygningane i
Larsgarden på Austrem tatt ned og erstatta av ein langt større låve
med alt inkludert under eit tak. I kartet frå det same året kan ein
framleis sjå omriss av dei to gamle husa. Restane etter dei vart
nytta til å byggje opp veggar i fjøsen og kring brøten. Nokre av
desse veggane stend enno. Det var på slutten av 1800-talet og
byrjinga av 1900-talet at slike store driftsbygg for alvor kom opp i
bygda vår. Dei som rydda nye plassar gjorde dette mykje tidlegare,
men med mindre tal kvadratmeter om det var på ein husmannsplass.
Liknande bygg finn ein også på 1850-talet, så det kan vere mogeleg
at ei slik stor-løe kom opp på eit tidleg tidspunkt i Ebbegarden.
1900-tellinga
gjev derimot andre opplysningar som er nyttige. Dei hadde i alle fall
potet, og truleg litt korn framleis. Der var ingen kjøkkenhage på
garden, men derimot frukthage. Dei hadde framleis krøter og fjærkre,
men det finst ikkje nokon eigen kolonne for småfe som geit og sau.
På meir generelt grunnlag kan ein likevel seie at geitehaldet hadde
vorte dramatisk redusert sidan 1860-åra og at det var hovudsakleg
mjølkekyr og kjøtproduksjon som det vart satsa på i bygda vår frå
omlag 1900. Ved Røssevoll-elva rett vest for tunet hadde ein også
sett opp eit bygdemeieri med smørproduksjon som satsingssområde frå
tidleg på 1890-talet. Det var etterspørselen frå den veksande byen
som var i ferd med å påverke kva bøndene på Emblem skulle
produsere. Noko småfe fanst likevel på garden. Det kan me sjå av
kårbrevet frå 1906, som eg skal refere frå lenger ned i denne
teksten.
Fleire
i Ebbegards-ætta hadde flytta mot Ålesund og fiske var framleis ei
god kjelde til kontantar attåt kjøt og smør. I 1900-tellinga var
det berre yngstedottera, Ragna Johansdotter på 17 som var
heimeverande og «sysselsat med Kreaturstel, Husgjerning og
Indhøstingsarbeide. Brødrene Ole, Andreas og Elias var alle i
Ålesund på fiske saman med far sin som hadde eigen båt. Andreas
var snekker attåt, medan Marie var meir varig busatt der ute som
«sypige». Få av desse vart verande særleg lenge i Ålesund.
Fisket var sesongbasert og dei budde der fordi det vart lettare å
kome seg ut på felta på utrorsfisket. Ole tok som tidlegare nemnd
over farsgarden nokre år seinare, Andreas fekk altså skild ut ein
litan parsel på farsgarden og fortsette som snekkar, medan Elias
fekk kjøpe det som skulle verte «kårstykket», Den vestlegaste
delen av garden som fekk namnet Tunheim i papira og Skillingen på
folkemunne. Ingen som eg har snakka med veit i dag opphavet til
namnet «Skillingen», nokre meinar at det kan ha samanheng med ein
meir spøkfull tone i bygda. Det var ikkje vanleg å halde att ein så
stor del av garden til kårstykke attåt kårbrev på den andre
gardparten. Johan vart også kalla «Skillings-Johan», så kanskje
det var hentyding til at dette vart «Spareskillingen» hans? Dottera
Marie Ragna gifte seg altså som tidlegare nemnd til namnet
Indresæter i Stordalen i 1909.
Ole
tok over Ebbegarden i 1906. Skøytet vart underskrive 8.11.1906. I
1912 og 1914 tok han opp lån i Borgund sparebank. Det første var på
300,- og det siste på heile 3000,-. Det er mogeleg at det største
beløpet kan ha hatt samanheng med enten vøling av husa eller
båtkjøp. Broren Elias fekk kjøpe det vestlege stykket, som vart
særksild skyldsett med namnet «Tunheim», eller Skillingen på
folkemunne. I Skøytet frå Johan til Elias i 1913 finn eg att
Andreas. Faren hadde skylddelt eit stykke til han rett før han
overlet det austre stykket av Ebbegarden til Ole i 1906. (dette skal
eg kome attende til) Denne «parcellen» hadde fått namnet
«Fagerheim» og bruksnummer 17. Så vidt som eg har funne ut, så
vart det sett opp ei lita hytte der Andreas hadde stykket sitt.
Hovudbruket hadde framleis rett til å ta mold på stykket hans på
«Toskhaugmyra». Plassen låg mot utmarksgrensa i nord og
Fursetgarden og Jakobgarden i vest. Denne delen vart nokre tiår
seinare kjøpt av Alfred Østrem frå Abrahamsgarden, som no hadde
eigen gard med namnet «Solvang». Alfred var gift med
Marie Lovise Olsdotter Emblem (1916-1983) frå Ebbegarden. Ho var niesa til Andreas og
dessutan næraste nabo. Marie og Alfred skal ha tatt seg av Andreas
og fekk difor kjøpe denne parsellen frå han seinare. Andreas sin
plass låg der som Rolf Østrem frå Solvang bur i dag.
Alfred Østrem kom frå Abrahamsgarden og fekk rydda seg ein ny gard på Abrahamsgarden, Steinsgarden og Ebbegarden si utmark (samt et stykke frå Jakobgarden og Fursetgarden/Nybø) som fekk gardsnamnet Solvang.
Andreas
hadde også vore i Amerika. Han drog med utvandringsattesten i handa i
det store utferdsåret frå bygda i 1911. Han kom likevel attende og
døde i heimbygda i 1948 som ugift.
I
det tinglyste skøytet på Tunheim/Skillingen frå 17.12.1913 går
det fram at Elias kjøpte denne delen av farsbruket for 1500,- frå
faren. Det går vidare fram av doumentet at Elias sjølv hadde sett
opp hus, fjøs og løe der allereie. På dette tidspunktet hadde
broren Ole tatt over den austelgaste delen av Ebbegarden, men med
nokre unntak. Fjøsen på setra og kvennhuset skulle delast likt
mellom Ebbe på Tunheim og Ole i Ebbegarden, Ebbe-Elias skulle også
få ein halvpart av trerøringsnaustet i Jagtevika i Emblemsvågen,
men det skulle delast med broren Andreas Johansen Emblem på
«Fagerheim», som altså er det stykket som Rolf Østrem eig i dag.
Elias skulle også overta kårytingane til faren og mora Karoline.
Det vart likevel ikkje så langdrygt kår, for faren døydde allereie
den 22. mars året etter av kreft. Han var kanskje sjuk allereie når
han selde Skillingen. Mora Karoline Olsdotter levde 6 år til og
døydde 30. august 1920. Mora, Karoline, rakk, i motsetning til
faren, å få med seg at Elias vart gift. Den 11. november 1917 stod
39-årige Elias Johansen Emblem ( 1877-1970) brudgom i Borgund
Kyrkje. Den utkåra var den 4 år yngre tjenestejenta Johanna Oleana
Helena Rasmusdotter Aakre (1882-1970) frå Haram. Det vart truleg
skikkeleg bryllaupsfeiring i bygda, for plassemann og
dampskipsekspeditør Ludvik G. Ingebrigtsen Emblemsvåg gifta seg
også den same dagen. Ved sidan av gardsdrifta dreiv Elias ein god
del med fiske når det va vér til det. Inge Emblem fortel at han har
vore med på torskefiske i ein 28 fots motorbåt saman med Elias,
faren sin Martinus frå steffågarden og onkelen Lars Olsen Emblem
frå Auregarden. Inge er fødd i 1919, så det må ha vore på
1930-talet. Båten hadde då fått ein liten lugar der 3-4 mann kunne
sete på same tid. Du kan finne meir og Ebbe-Elias i ein eigen tekst
her på www.emblemsbygda.com
Ole
Johansen Emblem (1870-1914) var altså sonen til Johan, og fjerde
generasjon med sjølvstendige bønder. Ole gifte seg med Sofie
Jørgendotter Valde (f. 1883) frå bruk nummer 13 på Valle. Soleis
var det ei forbinding mellom Ebbegarden og Oppigard på Hesseberg
også. I 1910-tellinga finn eg 4 registrerte born. Kristine var
eldst og fødd 23.4.1904, Johan vart fødd 13.1.1906, Ingrid
8.12.1907 og Jørgen vart fødd 17.12.1909 og døde 25.11.1986. Klara
Fredriksdotter Emblem frå Negarden var berre 14 år og tjenestejente
i Ebbegarden det året. Etter 1910 er det litt vansklegare å finne
alle borna som vaks opp i Ebbegarden. Eg har likevel funne Asbjørg Elfrid
Olsdotter som vart fødd 22.9.1914. (Ho deler gravstein med broren
Johan og søstera Kristine på Borgund kyrkjegard.) Asbjørg døydde
18.12.1985. vidare har eg fått opplysningar frå Eli Sofie Skogstad om resten av borna. Solveig Olsdotter Emblem (1912-2002) Ho gifte seg med Egil Hansen (1913-1986), Marie (Maja) Lovise Olsdotter Emblem (1916-1983) var ho som gifte seg med Alfred Østrem, Kristine Olsen Emblem (1922-1996) vart "yngste Kristine", oppattkalla etter storesøstera si som døde i 1921. Til slutt kom Anny.
Kjenner du til fleire etter 1910, så er det berre å ta
kontakt. Ein finn ingen kårfolk på garden, for dei var det broren
Ebbe-Elias som tok ansvaret for då han overtok den vestlegaste delen
(Tunheim/Skillingen) som no hadde fått gardsnummer 12 og var skild
ut som kårstykke allereie på 1890-talet. Kårkontrakta var det
likevel Ole som måtte signere då han tok over i 1906. Kvifor han
valde å overlate den til Broren kan ein kanskje få eit svar på i
sjølve skøytet som vart tinglyst 17.6.1907:
«Underskrevne
Johan Nilsen Emblem tilstaar og vitterliggjør herved at have solgt,
ligesom jeg herved til min Søn Ole Johanssensælger , skjøder óg
overdrager mit eiende Gaardsbrug paa Emblem Gaards No 6, Brugs No 8 i
Borgunds Herred af Skyld 1 mark 84 øre med paastaaende Huse med
Undtagelse af 1/2 Del i Nøstet, Halvdelen i Kvernbruget, samt
Halvdelen i Sæterhusene, som jeg forbeholde mig til Eiendom. # Med
Hensyn til den nordre Grænse for anførte Brug henvises til en under
8. Oktober sikleden foretagen Skylddelingsforretning mellem
Hovedbruget (Hvis gjenværende Skyld ovenfor er anført) og en fra
samme fraskildt ... af. At de Bestemmelser, som i nævndte Forretning
er fastsatte bliver gjældende saavel for Parcellen som Hovedbruget.
Ved dette Salg forbeholder jeg mig og Hustru karoline Olsdatter for
vaar Levetid følgende aarlige Kaar, der hviler paa Bruget, som en
reel Byrd i hvis leie eller Besiddelse samme i Fremtiden maatte
Komme, nemlig: #1 125 kg – et hundrede Kilogram. Havre og 3,6 Hl.
Poteter. #2 Hver 3ie Dag, saalenge de samme Også giver Melk,
forbeholdes Ret til melkning af 4 -fire- Kjør samt 1 -en- Spædkalv
levert aarlig. Naar Kreaturene holdes i Udmarkenbesørges melkningen
af Kaaryderen og for Kaarfolkene, og om det paa Grund af Sygdom
eller Alderdom tiltrænges ogsaa hjemme og til leveret i deres
Bolig.Likeledes Ret til Fodring af 1 -en- Sau og 2 -to- Være, samt
Ret til Beitning for disse saavel hjemme som i Udmarken sammen med
Gaardens Smaafæ. #3 Frit Brug og Benyttelse af den østre Halvdel i
Stuebygningen og ligeledes østre Halvdel i Stabburet. #4. Frit
Brændefang til fornødent Brug som naar Kaarfolkene ikke selv er
istand dertil bliver at besørge i brugbar stand.
#6.
Frit forndent Brug af Hest og Kjøreredskaber, dog ikke til
Benyttelse ved Driften af den forbeholdte Parcel. #7. Tilsyn og Pleie
om saadan tiltrenges, særlig i Sygdom og Alderdom. #8. For
Langenden
de fremgaar af ovenførte Kaar: 36 kg -tredve og eks kilogram Byg,
1,2 Hl. Poteter ... Fodring af 1 -en- Vær og Melkning af 4 -fire-
Kjør de kun hver 4te Dag ... svares alt uforandret. Kaaret og des
til sædvanlig Tid og Forsvarligt såvel med Hensyn til Kvalitet som
Kvantitet. Foranstaaende Kaar oversættes efter beste Skjøn, hvad
Brugen af fast eiendom angaar til Kr. 40,00 -firte Kroner for 1 -et-
Aar og Kaaret i det Hele for 5 -fem- Aar til 750 Kroner. # Det herve
solgte Brug overdrages med Herligheder og Rettigheder, men ogsaa
Byrder og Forpligtelse saaledes som det har Tilhørt mig for en
Kjøbesum af Kr. 3200,00 -tre tusende og to hundrede Kroner- og da
nævnte Sum tre tusende og to hundrede Kroner er mig indbetalt, skal
bemeldte Gaard herefte tilhøre Kjøberen, hans Kone og Arvinger som
en lovlig Kjøbt og betalt eiendom, og forbliver i hans Hjemmelse
efter Loven. Ovenbemeldte sum er mig udbetalt # Emblem den 8de
November 1906.
Johan
Nilsen Emblem. Ole Johansen Emblem# Til Vitterlighed: K. Furseth Lars
O. Emblem.
Så vidt som eg kan sjå så var ikkje kårkrava
urimelege på nokon måte. Samstundes vaks ungeflokken og borna kom
tett frå 1906. Broren Ebbe hadde truleg betre plass i nybygd hus på
Skillingen. Faren må sjølvsagt ha vore med på eit slikt byte han
óg, så det var truleg praktiske årsaker som førte til at Johan og
Karoline heller tok kår på Skillingen. Stemmer opplysningane i
Borgundboka, så var årsaka at Johan (også kalla Skillings-Johan på
folkemunne) budde der på denne tida. Han overlet ikkje dette bruket
til Ole, og selde det først til Elias i 1913. Han må ha klart seg
godt på eiga hand frå 1906, og Skillingen var jo utskild minst ti
år før dette. Det må i so fall ha vore ein annan stad tunet låg enn i dag, for på eit bilete frå 1909-11 finst ikkje Skillingen på den staden tunet ligg i dag. Kanskje har det aldri lagt der før Elias bygde husa sine der?Dette får me truleg aldri fullgodt svar på. Karl O. Emblem (f. 1907) fortel også at han dreiv
borgundfjordfiske på denne tida med eigen båt. Johan fekk soleis
dobbelt kår frå 1913 til 1914. Til trass for kårkrava, så greidde
Ole seg temmelig bra på det som var att av Ebbegarden. Den 11.
februar 1918 vart det også tinglyst eit overskjønn frå Borgund
Kommune på erstaning for kommuna sin bruk ag grunneigerane sine
grustak. Ole var ein av desse, og det vert opplyst følgande:
«
#12# Grustaget paa Ole Johnsen Emblems eiendom. Det ligger paa Søndre
side av bygdeveien straks vestenfor Spændbroen over Østremselven.
Langs veien paa stedet skal H. P. Mittet ha kontrakt paa hustomt i en
bredde av – efter hvad der blev oplyst – omtr. 10 meter fra
veikanten i østre kant og omtr. 11 m i vestre kant. Grustaget ligger
på søndre side av Mittets tomt og er 13 meter bred i østre kant
(sår til et bjerketræ i bakkeskraaningen) til en nedsat sten, og
vestre kant fra denne sten til en .. større bjærk er 16 meter #
Mændene bestemte ertatningen til kr. 50,oo en gang for alle eller 8
Kroner aarlig. En stemte for Kr 50,00 og 6 Kroner # Grundeieren Ole J
Emblem mente, at de opnævnte skjøns- of takstmænd, der er
skatteborgere i Borgund kommune maatte anses inhabile til at utføre
takstforetningen. # Ordføreren var ikke enig her. Naar fogden har
opnævnt mænd fra Borgund som Skjøns. Og takstmænd, saa er det
skeet overenstemmende med gammel hevdbunden praksis og tidligere
retsavgjrelser # I denne ordførerens betragtning av forholdene var
administrator enig.»
50 kroner var uansett gode pengar på denne tida. Det
fanst også grustak eit par plassar til i bygda til vedlikehald av
bygdevegen, men nokre år etterpå hadde fleire sett at det var ei
kjærkomen ekstrainntekt å selje sand og grus til husbygging når
utrorsfisket for det meste tok slutt og større båtar tok over på
1930-talet. Og med dårlege tider, så fekk ikkje alle arbeid på
selfangst heller. Rett mange ungdomar gjekk å sparka i
grusen,bokstaveleg talt, men no byrja ein å sjå inntekter og arbeid
i sandhaugane på heimgarden. På Østrem vart det seld sand både i
Abrahamsgarden, Larsgarden og Steinsgarden. Konrad i Steinsgarden
hadde vore ein av dei tidlegare arbeidsledige ungdomane kring
Aksla-buda, men no vart det med eitt meir å gjere. Når Alfred
Østrem fekk kjøpt seg gard rett nord for staden der fotballbana på
Emblem ligg i dag, vart det til at også han selde sand. På denne
tida vart stadig nye hyttetomter frådelt gardane på Emblem for sal,
og dei som ikkje hadde odel, fekk likevel frådelt tomter til hus og
hage på heimgarden. Slik fortsette det i stort monn fram mot
1970-åra. I Ebbegarden vart det ikkje skild ut så mange tomter
etter at Andreas hadde fått sitt stykke og Skillingen vart eigen
gard. Det einaste unntaket er parsellen «Bjørktun» som vart
tinglyst i 1932. Dette er truleg tomta til Egil Hansen og kona
Solveig, som kom frå Ebbegarden. Dei kjøpte hustomt med plass til hage på denne tida. Huset
er i dag ombygd, men ligg på den same staden på høgre side av
innkjøyringa til dagens Emblem Skule. Huset ligg i bakkehellinga og
grensar i vest til gangvegen mellom skulen og barnehagen. Det vert
fortalt at Egil vurderte å kjøpe huset på den då nylig nedlagte
Daleplassen i Magerholmdalen, men var frårådd dette av
snikkarlaget. Det fanst ingen skikkelig køyreveg dit, og nedtaking
og frakt av tømmeret ville langt på veg overstige prisen på eit
nybygg. Slik vart det nybygd hus i staden.
Det
var den nest eldste i borneflokken som tok over Ebbegarden i 1941.
Han heitte Johan Olsen Emblem (1906-1973) og var broren til Yngste-Kristine
O. Emblem
(1922-1996
). Dei var dei siste som dreiv garden og budde der
samstundes. Så lenge eg kan hugse så har det vore slekta på
Solvang, Asbjørn Østrem som slo markane, og dette tok i alle fall
til etter 1980. Det er ikkje så lett å finne kjeldemateriale etter
1940 på grunn av kjeldevernet. Skal den nyare historia skrivast, så
treng eg soleis hjelp til dette etterkvart. I våre dagar er
Ebbegardsnamnet vidareført i den nye andelbarnehagen som ligg på
innmarka tett ved huset. Det bur fortsatt folk i Ebbegarden, sjølv
om garden i likheit med dei aller fleste bruka på Emblem er nedlagd
no.
Har du ytterlegare opplysningar eller minne, så vil eg gjerne
høyre frå deg på telefon: 95801801 eller e-post:
sveostrem@hotmail.com