Knut
Olaus vaks opp i Auregarden på Emblem. Han vart fødd 19.6. 1846 og
døypt i Borgund Kyrkje 2. august same år. Foreldra var Lars Knudsen
Emblem (1814-1863) og Henniga Tomassine Olsdotter Emblem. (1815-1900)
Ho var jordajenta i Auregarden. Fødselen var ein tradisjonell
heimefødsel, men jordmor Maren K. Vegsundvog var også til stade. I
følge Borgundboka så heitte faren eigentleg Lars Martinus Knutsen
Gisekeøygard (1814-1865). Han tok først namnet Emblem då han
flytte dit. Martinus-namnet brukte han ikkje, og det vart heller
ikkje nytta av presten i dåpsregisteret. Det har ved fleire høve
synt seg at Borgundboka er unøyaktig, men ein finn hald for kvar
Lars kom frå om ein les kven som var fadder i dåpen til sonen Knut.
Det var i alt 5 stykke og mellom dei er Ole Knudsen Gidsköegaard
og Synnøve Knudsdotter Gidsköegaard nemnde. Dette var
kanskje syskena til faren Lars, og dermed onkelen og tanta til Knut.
Ein skal ikkje sjå bort i frå at Knut fekk namnet sitt etter
farfaren sin. Dei andre fadderane kom frå Emblemsbygda og var Niels
Olsen Emlem, Andrine Arnesdatter Emblem og Lars Kristiansen Emblem.
Dei to siste var frå grannegarden, Sjursgarden, rett nedanfor
Auregardstunet. medan Niels Olsen Emblem (1806-1857) vart fødd i
Solevågen, oppvaksen i Larsgarden på Østrem og gift i 1833 på
Ystebøen.
Det var
mange born i Auregarden på Knut si tid. Til sammen fekk Lars og
Henninga 12 born, men det var ikkje alle som levde opp. På den tida
var det skikk å kalle det neste bornet opp att etter det som døydde.
Skjedde det med ein gong, så er det rimeleg sikkert at noko hadde
skjedd mellom barnedåpen til dei to. Soleis kan ein sjå at den
førstefødde fekk namnet Olave Maria i 1839, og likeeins den neste
dottera året etter. Knut fekk soleis arve namnet Knut etter bror sin
som vart fødd i 1845 og levde ikkje meir enn 4 veker. Dette kan ha
vore grunnen til at jordmora var tilstades då 2 av dei fire eldre
søskena døydde etter kort tid. Resten av borna gjekk det så betre
med. Han hadde altså fleire å leike seg med, før alvoret og auka
arbeidsmengde gradvis tok over for borneleiken.
Morfaren
til Knut heitte Ole Eliassen Årset og var fødd omlag i 1775. Han
hadde truleg inga slekt eller anna tilknyttning til bygda før han
flytte dit i 1807. Ole var bygselsmann i Auregarden fram til han tok
kår hos svigersonen i 1839. Mormora til Knut heitte Marte Olsdotter
Holen og kom frå Vågnes. Ein veit heller ikkje nokon eksakt
fødselsdato på henne heller, men i Borgundboka har årstalet 1785
vorte skrive som eit forslag. I 1836 hadde garden skifta eigar. Knut
Knutsen Giskeøygard hadde kjøpt bruket mot å oppretthalde
bygselsvilkåra til Ole og Marte. Kanskje var dette far til Lars, men
det har eg desverre ingen sikre opplysningar om enno. Dette
eigarskiftet er truleg meir enn eit tilfeldig samantreff. Ein kan i
alle fall registrere at Knut Knutsen Giskeøygard var eigar heilt
fram til 1856, medan Lars Martinus Knutsen Giskeøygard tok over
bygselskåra til svigerfaren sin i 1839. I 1856 fekk han kjøpe
garden og vart den første sjølveigaren i Auregarden på Emblem.
Lars
døydde før 1865-tellinga vart gjennomført i Emlemsbygda, for der
er kona hans, Tomassine registrert som enke på 51 år. Sonen Knut
var på denne tida 20 år, og det står skrive at han «Hjælper
Moderen med Gaardsbrug. Det var også tre andre born som var
heimeverande på denne tida. Karen H. var eldst og tre år eldre enn
Knut, medan Lisa T. var 11 år og yngstebroren Ole Martinus var 7 år.
Då Lars døydde var Henniga gravid med yngsteguten, Ola Elias
Andreas, som skulle verte meister i skomakerfaget i Ålesund som
vaksen. Mot byen, nærare bestemt Kolvika og Voldsdalen skulle også
fleire av søskena flytte på seg etterkvart.
Eg veit
ikkje noko om Knut hadde budd på garden heile tida, eller om han kom
heim då faren døydde for å hjelpe til, men ein ting var sikkert og
det var at han måtte ta ansvar som gardbrukar alt i tidleg alder og
han var nok ein driftig kar, for mora gifte seg ikkje oppatt. På
denne tida hadde Auregarden like stor avling og buskap som Ystebøen.
Samstundes fekk dei god hjelp og sjølv stefaren til den velhaldne
Sjurs-Ole i Sjursgarden, Lars Kristiansen Emblem ( frå Viddal),
valde å seie frå seg eit trygt kår for å verte plassemann på
Skørene, med arbeidsplikt i Auregarden. Dette var den same Lars som
var fadderen til Knut. Kan det vere slik at han var sitt ansvar som
fadder so bevisst? Det vart etter kvert eldstesøstera til Knut som
fekk rett på garden i arveoppgjeret etter faren. Ho gifte seg med
Thomas Klausen Magerholm (1846-1907), som var jamnaldring med Knut.
Skulekameratar var dei likevel neppe, for det var omgongskule på den
tida, og då var delelinja Storelva slik at dei gjekk på skulen kvar
sine dagar. Thomas og Karen tok over Auregarden i 1869, men dei fekk
ingen born så dei endte med kår hjå yngstebroren Ole Martinus
Larsen Emblem (1858-1958) og Martha Helene Eliasdotter Giskeøygard
(1864-1948) i 1892 i staden.
Knut
dreiv truleg Auregarden frå 1865 til 1869 før søstera tok over
farsarven. Han måtte med andre ord finne seg noko anna å leve av.
Han var no 23 år og framleis ungkar og hadde moglegheita til å
velje yrke utan å måtte forsørge nokon kone eller anna familie.
Han hadde nok pengar til å byrje på lærarskulen, eller
«Seminarium» som det vart kalla på skuleplassen på Stord i dei
dagar. Han valde å tileigne seg meir bokleg lærdom, og på denne
tida var det ikkje nokon lærarskule i Volda. Stord var den nærmaste
skulen og då kunne han nytte seg av enten postvegen frå Bergen
eller kystenvegen med båt. Kanskje fekk han anten økonomisk støtte
eller anbefalingsbrev frå presten i Borgund også, men eg har ikkje
funne noko hald for nettopp det. I 1871 vart Knut uteksaminert frå
Stord og der hadde han truleg lært seg kunsten å spele orgel også.
Det same året vart han ansatt som omgangskule-lærar i Skarbøvik-,
Åse- og Gåseide skulekrins.
Knut
vart den andre organisten i Borgund kyrkje si historie i 1870-åra.
Det var nemleg så seint som i 1865 at Borgund kyrjelyd hadde fått
sitt første orgel. Læraren i Buholmstranda skuledistrikt, Carl
Ystenes Eriksen var den fyrste. Knut tok etter kvart over både
lærargjerninga og orgelkrakken. Det verka som om det var ein regel
dei kommande åra at læraren på Åse var organist ved sida av. Knut
leia også fleire kor i åra som skulle kome og busette seg i
Kolbeingarden på Åse, men han livnærte seg ikkje som gardbrukar
ved sida av, slik lærarkollegaen Knut Furset på Emblem. Han var
fortsatt ikkje gift i 1900, og fortsette som ugift livet ut. I 1904
gav han seg som organist når kyrkja brann ned. I 1906, gav han seg
også som lærar etter 35 år. Dei siste åra var han berre lærar på
skulen på Åse . Han hadde fått oppleve å vera omgangskulelærar
nokre år før Åse fekk si eiga skulestove. Han hadde også
engasjert seg i Borgund Lærarlag frå 1890-åra, Norges
Lærerforening og vore med på å starta kveldskule på
søndagskveldane. Han fekk gode skussmål som lærar og det vert
fortalt at han var virkeleg engasjert i lærargjerninga. Dei
pedagogiske samtalane mellom lærarkollegaene desse åra var både
omfattande og fylt av ynsket om å forbetre sin pedagogiske praksis.
Som lærar var han også ein respektert mann og sjølvskriven i styre
og stell. Soleis kan ein 2. mars 1888 også lesa i «Norsk
Kundgjørelsestidende» at Magistraten i Aalesund hadde kunngjordt
den 5. januar det same året at Knut no var innvald som medlem av
diektionen i Aalesunds Landmannsbank.
Ragnvald
Larsen Roald tok over både lærarkallet og organistkrakken i
Borgund. Han fekk også lærarstova i Kolbeingarden, så Knut måtte
flytte ut derifrå når han pensjonerte seg, 70 år gamal. Knut
flytte dermed attende til Emblemsbygda og levde truleg dei tre siste
åra sine hos dei aldrande søskena sine i Auregarden. Der hadde
storesøstra hans, Karen, allereie fått kår hos yngstebroren Ole
Martin i 1892. Truleg så fekk Knut også nokre fine år før han
døde den 31. oktober i 1909 av «hjertelammelse». Det var ikkje
noko brått dødsfall, for doktoren hadde vore til stades. Den 6.
november var det begravelse frå den nyreiste Borgundkyrkja, med
arvtakaren Ragnvald ved orgelet. Den dag i dag finn ein framleis
noteboka til Knut i Auregarden, som var ærbødigst tilskrive Kong
Oscar den andre. Eg finn ikkje noko tydeleg svar på om han fortsette
med kor-leiing i heimbygda etter at han vart pensjonist, men det
fanst både bedehus, orgel og kor i bygda på den tida, så det er
ikkje heilt usansynleg.
Kjelder:
Portrettbilete
av Knut Emblem frå Roar Emblem digitalisert våren 2015.
Norsk
Kundgjørelsestidende 2.3.1888
Samtale
med Leon Emblem 10.10.2012
Sunde,
Bernt e. al.: Minneskrift Borgund kommune 1837-1937,
Najonaltrykkeriet Ålesund 1937
Sunde,
Bernt: Borgund Lærarlag gjennom 100 år, 1850-1950. Utgjeve av
Borgund lærarlag 1950
Øverlid,
Ragnar: Gardsoge Borgund og Giske Bind II, Bogund bygdeboknemnd 1961
Digitalarkivet:
Folketellingane for 1865, 1900 og 1910
Digitalarkivet:
Diverse scanna kyrkjebøker frå Borgund Kyrkje i perioden 1846 til
1909
Wikipedia:
Stord lærarskule