Når
du går deg ein flott solskinnstur oppover Grønevollen og vidare
fram til Østremsetra, så er det lite som vitnar om kva bygdefolket
har hatt å stri med der oppe i tidlegare tider. Du kan framleis
finna eit og anna sel i hellande terreng med oppmura fjøs under, og
det er framleis mogeleg å høyra saudelåt om sommaren, men livet
har ikkje alltid vore like harmonisk og fredeleg. I denne teksten
skal me venda oss attende mot 1700- og1800-talet for å ta del i
historier og opplevingar som har vorte fortalt vidare i fleire
mannsaldrar etterpå. Nokre av desse historiene er truverdige og me
kan finna hald for dei i skriftlege kjelder, medan andre kan ha vorte
pynta på. Uansett så er dei ei verdifull kjelde som det er vel
verdt å fortelle vidare.
Det
er ikkje tvil om at det har vore både gaupe, bjørn og ulv i områda
kring bygda vår. Gamle stadnamn som Bjønnahiet og Bjønnalågen
vitnar om at dette ikkje har vore noko som berre høyrer 1800-talet
til, eller fantasihistorier som vart fortalt kring grua på gardane i
Emblemsbygda når mørkret fall på. I 1837 fekk me Formannskapslova
og auka lokalt sjølvstyre. Dette vart stadfesta ved kongeleg
resolusjon den 14. januar 1837 og vedtak på Stortinget 23. januar i
1936. Futestyre vart avløyst av kommuner og komunestyre, og slik
vart det også danna ei Borgund Kommune, som vår bygd vart ein del
av. Ei av dei første sakene som Kommunestyre representantane skulle
ta stilling til var eit framlegg til ein plan om «hvorved flere
Sogne skulde gaa sammen i den hensigt at utrydde eller formindske
Antallet af Bjørne, Ulve og andre Udyr....» Ein
såg for seg at mellom anna Dragsundet skulle ryddast heilt for
rovdyra. Det var stort sett her at både bjørn og ulv kom seg til
Yksnøya, Borgund kommune og dermed også bygda vår. Dette tyder på
at det ikkje var eit lite problem.
Kor
mykje bjørn og ulv som fanst på denne tida er vanskeleg å seie,
men Elias Ekroll har rekna på det og han kom fram til at det
før 1850 gjennomsnittleg vart drepe 5 hestar, 16 kyr og 60 får av
bjørn og ulv kvart år på fastlandet på nordre Sunnmøre.
Strekninga frå Dragsundet i aust til Spjelkavika var hardast råka.
Ein stor del av dette arealet er Emblemsfjellet. Han skreiv også at
tala truleg var for låge heller enn det motsette. Det kan bety at
tala kan ha vore enno høgare. Særleg kan dette vera tilfelle dei
åra når det låg is i Dragsundet slik at fleire ulveflokkar kan ha
tatt seg over til Yksenøya. Slike år kan det ha vore vansklegare
for ulven å finne seg mat og at den difor kom nærare inn på
bygdefolket. Som du vil sjå av historiene nedanfor så er det ofte
dei særmerkte hendingane som vart tatt vare på og gjenfortalt.
På
1920-talet vitja Peter Stensager bygda vår på oppdrag for
Bygdebok-komiteen i Borgund Kommune. Målet var å samla inn stort og
smått av historier og fortellingar frå dei eldste i bygda. Fleire
av desse historiane handla om bjørn og ulv. Eg har forsøkt å
sortere desse historiene litt. Fleire av dei har eg berre tatt
hovudinnhaldet frå sidan Stensager har gjort det same. Desse har
mista si opphavelege fortellerform så difor har eg lagt om til ei
meir moderne språkdrakt. Du kan også lesa dei slik han opphaveleg
noterte dei her på www.emblemsbygda.com.
Bjørn på
tunet
Dette
er kanskje dei historiene som prega folk
mest. At det var rovdyr på
fjellet var ein ting, men når dei kom heilt inn på tunet, då vart
dei ein trussel for småborna også. Den første forteljaren heitte
Ole
Knudsen Emblem. Han vart kalla «Sjurs-Ole» av di han hadde drive
Sjursgarden på Emblem. Ole fortalde at bjørnen ofte la seg til oppe
i ura utanfor Fursetgarden og den var ikkje redd for å ta seg inn på
gardstuna. Ein gong hunden på Eikenosa gjødde foruroligande, gjekk
Hallstein Eikenos (truleg Hallstein Rassmussen f. 1765) ut for å sjå
kva som skjedde. Han oppdaga då at bjørnen stod å kika inn
fjøsdøra. Hallstein kasta øksa si etter bjørnen som satte i et
brøl og sprang nedover lia til Hatlehol. Der slo den seg inn i
fjøset og drepte ei ku. I Ole si levetid hadde bjørnen også klart
å komme seg inn i sjursgardsfjøsen. Her hadde han drept ei kvige og
lemlesta ei anna ved å sette klørne i bakparten på henne. Ho kom
seg ut av fjøsen medan bjørnen helt taket framleis. Ho kom seg til
slutt laus og kom seg heimatt til tunet sønderriven. Dette skal ha
vore den siste bjørnen i bygda og Ole var sjølv med på det aller
siste bjørnejaget.
Kristen
Magerholm var ein annan av dei som var med på det same bjørnejaget.
Han var då i konfirmasjonsalderen og han fortel at «hele
stranden blev varslet for å sende folk fra begge sider av fjeldet,
og bortenfor Brusdalsvandet og få gjordt jag like inn til
Dragsundet» Faren til
Kristen skal ha fortalt at han miste 2 kviger i fjøset på Magerholm
som følge av bjørn, men dette var ikkje noko i motsetning til
Sykkylven, som skal ha vore den staden på Sunnmøre med mest bjørn.
Kona til Kristen heitte Marte og kom der ifrå. På hennar farsgard
skal bjørn ha tatt livet av heile 9 kyr på ei natt medan dei stod
fast inne i fjøsen. Kristen fortel også at gaupa kom til etter at
bjørnen vart utrydda. Faren til Kristen var Ole
Martinus Knutsen (1803-80), som i samtida vart kalla «Parat-Ole» på
sine eldre dagar. Han var tidlegare drivar av hovudbruket på
Magerholm.
Hallstein
var ikkje den einaste på Eikenosa som som opplevde rovdyra på nært
hald. Garden ligg høgt og praktisk talt omtrent heilt oppe på
fjellet, der bjørnen kunne ligge skjult og vente. Ane Rasmusdotter
Eikornås var omlag 80 år i 1920. Ho fortalde at det var mykje bjørn
og ulv då faren dreiv garden. Ho hugsar også at ulven tok ein vær
rett ovanfor tunet då ho var lita. Ulven drog med seg væren
“opunder fjeldhammeren” Bjørnen slo seg ofte inn i fjøsen på
Eikenosa i tidlegare tider og i hennar bestefar sin tid var det
“tjukt av bjønn”. Det hadde vore bjønnajag då ho var ung.
Dette bjønnajaget må dermed ha vore etter 1840.
Kjøpmann
Lars Olsen Emblem på Elvarum fortalde at bjørnen også skal ha
slått seg inn i fjøsen i Negarden også i hans bestefar si levetid.
Det vart halde bjørnejag til Dragsundet kvart år. Bestefaren var
truleg
Ole
Olsen Kaldhusdal (ca 1790-1866).
På
nabogarden til bruket Framigard ute i Puskhola var det eit gamalt
sommerfjøs og her hadde bjørnen ofte klart å komme seg gjennom
taket for å drepe kviger eller småfe. Johan Rasmussen Ødegård
(1853-1940) fortalde at der fortsatt var merke etter bjørneklørne
på 1920-talet. Dette er heller ikkje så langt frå Bjønnalogen.
Går
ein enno lenger attende i tid, så var det ikkje berre ein bjørn ein
hadde å stri med. Bestefaren til Sjurs-Ole hadde nokre historier på
lager. Det nytta ikkje å sende buskapen til fjells åleine på den
tida, og småungar kunne ikkje nyttast til å gjete. Det var nok
helst ungdommar i konfirmasjonsalder eller eldre som vart nytta til
slikt arbeid. Ein gong sat det ei gjetarjente frå Steffågarden med
ein handrok og spann garn samstundes som ho passa på dyra. Då kom
ein bjørn so nær henne at ho kunne ta på den. Ho tok tak i strupen
på bjørnen og bad den sette seg. Bjørnen gjorde som ho sa, og då
ho var ferdig så klappa ho til den med rokken og gikk der ifrå.
Dette er av dei mindre trulege historiene, men underhaldande ein sein
haustkveld. Det er mogeleg at det var snakk om ein bjørnunge, dersom
fortellinga er sann.. Ei anna særeigen historie frå bestefaren til
Sjurs-Ole handlar om ei jente som vart kalla Reite-Kirsti på Østrem.
Ho skal ha opphavet sitt frå Norfjordeid og kom innom Sjursgarden
med kyrne. Ein stad nær tunet var der ein svær hatlerunn med einer
under. Kirsti klatra opp i hatlerunna, men best som det var miste ho
taket, datt ned og endte over skrevs på ryggen på ein bjørn.
Bjørnen skvatt og gav frå seg ein «bøff» før den rusla vidare.
Det var truleg morfaren til Ole som fortalde minst ei av desse
historiene i si tid. Han heitte Arne Ellingsen Åkernes (død 1798)
og dreiv gardsbruket Skaret på Nedregotten. Det var kanskje mor til
Ole, Andrine Arnesdotter (1799-1862) som fortalte vidare desse
historiene når han var gutunge. Reite-kirsti kan vera Kirsti
Kristoffersdotter som var gift med Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865)
på Reiten. Stemmer dette så kan ikkje morfaren ha vore den som
fortalde historia. Det finst ikkje nokon andre gardskoner på Østrem
eller Reiten med Kirsti som førenamn, men det kan ha vore ei av
jentene på Reiten som ikkje tok over garden og då er i so fall
muligheitene truleg større for nok slik oversikt finst ikkje.
Sykkylvsbjørnen
på Hesseberg
I
det fyrste bandet av Bygdebok for Sykkylven, "Sykkylven i eldre
tid", har Ola Tandstad funne tak i ei gamal historie om
Bjørnevitjing på Hesseberg. Bjørnen hadde lagt på svøm over
Storfjorden frå ein stad som heiter Buvika, nord for Ørsneset.
Denne strekninga er omlag 3,5 km lang og ein imponerande symjetur for
ein bjørn. Bamsen kom på land i Litlevika på Hesseberg. Den kvilte
seg truleg litt, men så fortsette den vidare opp på storåkeren som
låg like søraust for Oppigard. Hunden på garden hadde fått auge
på bjørnen og sette av garde etter den. No er ikkje ein hund særleg
motstand for ein bjørn, og det tok nok ikkje så lange stunda før
den fekk seg ein klaps av bjørnelabben. Hunden vart slått i svime
medan bamsen fortsette vidare mot fjøsdøra. Den slo mot døra på
smalefjøsen, men den var så solid at den ikkje gav etter, til trass
for fleire forsøk.Til slutt måtte bjørnen gje opp forsøket og no
hadde også husbonden oppdaga kva som hendte. Han festa eit
neverstykke i enden på ein staur, tende på nevera og sprang ut på
tunet. Han skreik og ropte, slik at bjørnen vart redd og sette til
skogs.
Bjørnen vart seinare sett i Embleimsbygda, der den
gjorde stor skade på buskapen. Kva som var årsaka til at bjørnen
gjekk til åtak på husdyra veit ein ikkje, og symjeturen vitnar om
at dette var ein særs frisk bamse. Kanskje var det eit ungdyr som
hadde fått smaken på lettare byttedyr. Samstundes skal ein merka
seg at Sykkylven var ein av dei mest bjørnetette stadane i landet på
1800-talet Årsaka til symjeturen kan dermed ha vore at ungbjørnen
var på jakt etter eit eige revir. Var alt oppteke på Sykkylvssida,
så vart det dermed behov for å symje over på den andre sida. Kor
lenge den fekk herje i Emblemsbygda veit eg ikkje noko om, men til
slutt sette bygdefolket ut gilder som var ei felle med sjølvskot,
der bjørnen utløyste børseskotet sjølv, idet den byrja å ta for
seg av åtet. Eit slikt sjølvskot vart etter kvart bana til bjørnen,
og der vart den liggjande til han vart funnen og frakta til gards.
Bjørnejakt
i Magerholmalen
Kåre
Magerholm fortel også om Bjørn i Magerholmdalen:
“I
1830-åra vart det gått bjønnamanngard over heile Uksnøya. På
sydsida av nakken er der nokre stupbratte hamrar der ein bjørn heldt
til i ei flå, der hadde han også hi. dit opp hadde ikkje jægrane
kome seg, so bjørnen lurte dei. Dette var ein stor gamal hannbjørn
som var grasbjørn, so han gjorde ikkje krøtera noko. Knut Tjugen
var bestefar til bestefar min, og han budde då på Daleplassen. Den
nye forpaktaren på Aksla - som forpakta Aksla etter Knut Tjugen -
var Lars Akslen. Knut og Lars vart då samde om å skyte bjørnen.
Bjørnen
kom or hiet på ein viss dato om våren. Han gjekk over Løypemyra og
fylgde nakkane fram til Grøndalen der han grov opp nokre røter som
han åt. Knut og Lars la seg då oppe i ei flå i Sjylseternakken og
venta. Og rett nok, der kom bjørnen! Dei skaut han. Han røyste seg
då opp på bakføtene og datt på ryggen, daud. Knut Tjugen for heim
etter hest og slede for å køyre til gards den skotne bjørnen. men
hesten nekta å gå inn til bjørnen. Han bels i nasen og reiste seg
opp, så dei måtte sprette han ifrå sleden og binde han i eit tre.
Knut og Lars måtte drage
bjørnen
til gards med handemakt. Denne historia har gått i arv. "Dette
hende før mi tid", sa bestefar. Bestemor hadde også tidlegare
fortalt meg om ei gjente som heitte Kanutte som møtte ein bjørn
utanfor Sjøalet ned for Daleplassen.”
Kven
denne Kanutte var, har eg enno ikkje greidd å spore opp. Det er mest
truleg at ho var frå enno eldre tid!
Bjørneåtak
på setra
Ole
Larsen Nedregotten fortalde at det var bjørn på Emblem den gong
faren hans levde. Ein mann frå Aksla hadde ei kvige som han skulle
fø. Den sommaren var kviga på Urastølen, som var gamlesetra til
Aksla. Her gikk bjørnen til åtak. Kviga la på svøm over
setrevatnet med bjørnen på ryggen. Ho kom også i land på den
samme måten. Bjørnen vart jaga med hund frå Urastølen til
Eikremsetra der den la på svøm. Kviga klarte å komme
seg uti Setrevatnet og la på svøm med bjørnen på ryggen. Ein
annan fortalde at den saug blod av kviga som symde for livet.
Etterkvart som ho kom seg på land igjen så helt bjørnen seg
fortsatt fast. Folk på setrane ikring var ikkje særleg skvetne av
seg. Dei kom til med rop, stokkar og staur. Bjørnen var som besett
då han kom på land. Han gav seg ikkje sjølv om dei heldt eit
lurveleven utan like. Ei gamal dame hivde då ta seg klea, vende raua
åt bjørnen og feis. Då gav han opp jakta og rusla av garde. Kvar
det vart av han er usikkert, men tidlegare munnlege kjelder fortel at
dei jaga bjørnen med hund heilt til Eikremsetra, der bjørnen kom
seg unna ved å leggje på svøm. Ei nyare kjelde fortel derimot at
bjørnen vart funnen att, etter ei tid i Magerholmdalen. Det vart
sett i gong bjørnejag over nakkane mot Reiteløypa, og at den vart
skoten der. Bjørnen hadde i tillegg drepe fleire kalvar nede på
bø-markane i bygda og ein kunne ikkje føla seg trygge når den kom
så nært inn mot husa. Det var med andre ord ikkje like artig å
vere setrejente i tidlegare tider med både bjørn og ulv ikring seg.
Ei budeie skal jamvel ha opplevd at bjørnen sette i å hamre på
seldøra med labbane. Jenta var snarrådig nok til å trive tak i
grautkjelen idet ho hadde opna døra og sett kven som stod utanfor.
Ved å kaste den glovarme grauten på bjørnen, fekk ho jaga den på
flukt. Denne historia har ukjend opphav og det er ikkje nemnd på kva
seter dette skulle ha hendt. Agnes Flø har fortalt vidare ei
historie som ho fekk høyre med bestefaren sin som var Sjurs-Ole. Ein
gong skal ei jente med namnet Ingebjørg ha møtt bjørnen ved
Bjønnanakken. Ho vart livredd men ante råd og byrja forsiktig å
kle av seg. Då ho var ferdig vart bjørnen så redd att han stakk
av. Dei fleste bjørnehistoriene ovanfor er fortald i fleire
versjonar i generasjonar, men med dei har eins hovudstruktur, så det
er grunn til å tru på hovudinnhaldet i fleire av desse sjølv om
det er grunn til å tvile litt på dei mest oppsiktsvekkande. Å kle
av seg eller spele død er to råd som har vorte gjengjeve i fleire
kjelder også utanom vår eiga bygd. Somme av kjeldene er så gamle
at det er grunn til å feste lit til dei.
Bjønnajaga
til Dragsundet
Johan
Rasmussen Ødegård (1853-1940) vart født i Framigard bruksnummer 3
under garden Ødegård i Puskhola. Faren hans heit Rasmus Johansen
(1826-1919) og var også fødd og oppvaksen på den samme garden. Han
skal ha fortalt om eit stort bjørnejag den gongen han var kring 20
år:
«
De
gik alle mand av huse med de forskjelligste ting at gjøre larm med.
Faren børsepipe uten kolbe og skjøt med løst krutt, tændte med
knusk og flint. Det var flere bjørner i følge. De laget manngar fra
tidlig om morgenen og kom til Dragsundet.”
Johan fortalde vidare at svigerdottera hans var frå Magerholmdalen
og at ho hadde ei bestemor som kom frå Østrem. Denne ungkona var
Karoline Knutsdotter Magerholmdal (1888-1981). Ho hadde gifta seg med
sonen til Johan, Ole Johnsen Ødegård (1887-1971) Bestemora til
Karoline kan ha vore Randine Knudsdotter som var registrert som 45 år
i 1865-tellinga Ho kan moglegeins vere frå Larsgarden på Østrem:
“Hun har
fortalt at hun var en gjente på 8 år, da bjørnejaget gik og for
der forbi ved middagstider. Hun så en binne med 4 unger i "Jelet"
der elven går ned. Der satte bjørnen sig og kvilte lidt. Manngarden
var da længer ute. I Dragsundet lå 5 skarpskyttere på østresiden.
De skjøt en bjørn som de fik iland, mens en eller to andre som blev
skutt sank.”
Dette kan ha vore omlag i 1828. To andre bjørnar overlevde og kom
seg over til den andre sida:
“Straks
ovenfor er en hule nu næsten tilgrodd med mose. Den kaldes
bjørnegraven. Om denne fortælles det at det var en frugtsommelig
kone som var på leting etter hesten og møtte bjørnen. Denne
begynte å grave en hule. av og til så den op om hun sat der endnu.
Hun fik da av sig stakken og hengte den op på en buske og la på
sprang. Bjørnen grov så ned stakken og trodde formentlig at det var
konen.”
Elias
Ekroll har skrive om bjønnajaga på Yksnøya i Sunnmøre Historiske
lag sitt tidskrift frå 1926-1927. Dette var basert på muntlege
overleveringar frå foreldre og eldre menneske som hadde opplevd
slike jag sjølve. Rovdyrplaga var så stor at det påverka
byggeskikkane også. Fjøsmurane måte gravast godt ned i grunnen og
takhøgden måte vera så stor at bjørnen ikkje kom seg opp på
taket. Det var også ein nedarva skikk at folk samla seg til slike
bjønnajag mot Dragsundet med det samme bjørnen synte seg. Inne i
Dragsundet låg det bjørnejegerar med børse for å gje bamsen ein
varm velkomst. Borgund-folket starta jaget i Spjelkavika, medan folk
frå Skodje stod klar til å ta over ved den gamle kommunegrensa på
Magerholm. Denne ordninga hadde fungert i lang tid, men utover
1800-talet så lærte bjørnen seg til å skjule seg i ulendt terreng
i staden for å la seg jage mot Dragsundet. Etterkvart vart også
folket lei av å hive alt dei hadde i hendene når bodstikka om
bjønnajaget kom. Dette kunne vere minst 4 gongar om året og
kruttsalvar til å skremme bjørnen med var dyrt. Når det heller
ikkje gav noko resultat, så møtte stadig færre opp på jaget. Dei
færraste kunne på denne tida tenkje seg å gå på bjønnajakt
åleine eller saman med eit par naboar. Med såpass mange rovdyr I
nærleiken vart den einaste måten å samle nok folk på å få futen
til å beordre bøndene på jag. Ein funderte mykje på korleis ein
skulle bli kvitt bjørnen og endte opp med idéen om å leige ein
finn frå Finnmark. Det heile var enklare sagt enn gjort for det var
dårlege fobindingar mellom Sunnmøre og Finnmark i dei dagar.
Om
det var ein finne som kom er heller usikkert, men det kom i alle fall
ein kar til Spjelkavika i 1808 som levde godt nokre dagar på
bygdefolket si bekostning. Han vart fortalt at bjørnen ikkje hadde
fast hi i distriktet og dukka som regel opp på Yksnøya i juli
månad. “Bjønnejegeren” ville då gå i strandkanten kring heile
Yksnøya, og lovde at det skulle verte heilt fritt for bjørn og ulv
om han fekk godt betalt. Han trong i så fall hjelp til arbeidet,
husrom og mat i tillegg. Folk lot seg likevel ikkje lure og lovte løn
dersom bjørnen heldt seg unna 4 månader i strekk. Karen tok på seg
arbeidet og lova at no var alle udyra vekke, men det skjedde naturleg
nok ikkje. Dette var ikkje den einaste luringen. Den neste lovte også
å rense området for lindorm, som han meinte var særs plagsom på
Skodje. Han snakka godt for seg og overtala dei som var skeptiske.
Han beøvde i så fall gull til å skremme med, eit kraftig forsterka
hus til å bo i og ein god del til, men han klarte heller ikkje å
reinse området for skadedyr. Fabeldyret linormen var han heldigare
med for det har i alle fall ikkje har vist seg sidan.
Heilt
fram til 1838 var folk motlause etter dei mislykka bjønnajaga. Dei
deltok like vel på futen si befaling, men ein sommar hadde bjørnen
drepe så mange dyr att det oversteig tre års skatt på enkelte av
gardsbruka i Skodje. Den gongen var det heller ikkje noko erstatning
å få frå staten og det var få husdyr på dei enskilde gardane.
Sivert Flåthe og Christen Sorthe valde no å sjå nærare på
bjønnajagordninga. Dei merka seg at dei fleste hadde jaga på vegar
og skoglause skrentar der det var lett å gå og det var sjølvsagt
ikkje her bjørnen stakk seg unna. Dei laga dermed ei ny ordning der
eit bestemt antal menn frå kvart bygdelag skulle ha ansvar for jag i
kvar si skogstrakt. Dei skulle også ha ein oppsynsmann eller formann
som dei andre måtte respektere. Ei ny lov krevde også at ein kvar
som åtte eiga børse skulle ha med seg ei bestemt mengde dreia kuler
som dei skulle skyte inn i skogen slik at bladverket og trea bevegde
seg litt. Denne planen gav resultat og ein gong måtte 13 bjørnar
forlate Yksenøya i eit einaste jag. Berre ein av dei vart skoten og
2 skadde, men til slutt vart det slutt på bjørn på Yksenøya. I
1926 var det omlag 40 år sidan sist det skulle ha vore nokon bjørn
på Emblem.
Gråbein
Eventyr
som Rødhette og ulven ber bud om at ulven har vore både frykta og
omtala i uminnelege tider. Menneska har også ala nyttedyr som hunden
frå ulven, men truleg var redsla for ulv større en frykt for bjørn.
Ei medverkande årsak til dette er nok ulven si jaktform, der dei
jagar i flokk. Ulvehyla om kvelden kunne vere nok til å sette ein
støkk i dei fleste.
På den tida
då bestefaren til Sjurs-Ole (1834-1922) levde så skal der ha vore
mykje gråbein, eller ulv, på Emblemsfjellet. Dei var særleg
pågåande om vinteren når det var mindre mat å finne. Han fortalde
at dei kunne komme ned til tuna i flokkar på 10-15 stykker. Seinare
kom det også gaupe til bygda og dei var meir plagsamme enn ulven.
Ane Karoline Ellingsdotter Emblem (1840-1925) frå Steffågarden
fortalde også at det var gråbein på fjellet då ho var barn. Ei
kvige skal ha vorte bitt i halsen på Gamle Emblemseter slik at den
vart hes kvar gong den skulle raute. Den historia var også den siste
ho høyrde om ulv. Det kan tyde på at ulveplaga vart mindre i andre
halvdel av 1800-talet.
Svigerdottera
til Rasmus Ødegård i Puskhola hadde besteforeldre på Østrem.
Sjølv kom ho frå Magerholmdalen og heitte Karoline Knutsdotter
Magerholmdal (1888-1981). Frå Østrem kunne ho fortelle følgande
historie om ulven til Peter Stensager:
“I
hendes bestemors unge dage - hun var såvidt voksen da - var moren
engang nede ved elven utenfor husene med hesten for å kjøre ved.
Hunden var med. Da hørte de gråbeinshyl. Hunden satte av sted og
skulde jage gråbeinen. De tok da utover efter lien og slos med
hunden. Hun kom sig tilgards med hesten. Da hun så senere skulde
efter hunden, talte hun 23 gråbein. De hadde slitt hunden istykker
mellem sig. Det skulde våre et år da der lå is i Dragsundet at det
kom så svært meget ulv ut på fjeldet her. Det var vistnok efter
det store bjørnejag som ovenfor er omtalt.”.
Det
kan ha vore eit bjørnejag
kring 1828.
Elias
Ekroll fortel også om eit gråbeinsjag på Yksenøya i 1827.
Ulveflokkane kunne ofte gjere meir skade på hest og krøter enn
bjørnen. Å leige vaksne til å gjete krøtera var også dyrt for
bøndene, så dette året vart ein samde om stortingsmannen Arne Grønningseter sitt
forslag. Ein skulle starte jaget både i Tafjorden og Spjelkavika.
Ein skulle gå manngard i heile Yksenøya si bredde og dei skulle
jage dyra mot Skodje. Folk frå Vestnes og Tresfjord skulle sørge
for å stenge fluktruta nordover. For kvar kommunegrense stod nye
jaktlag klar til å overta. Det var hardt arbeid å bevege seg i
myrjord og ulendt terreng heile dagen. Målet var å jage alle
ulveflokkane over Taftesundet og vidare til Ellingsøya for så å
drepe alle saman ved Kverve. Planen var utforma slik at når
jagarlaga var slitne mot slutten på dagen, så var det lett og
rimeleg flatt terreng som var oversiktleg å ta seg fram I. Det er
mogeleg at planen til Arne ville ha fungert også, men ein annan
ville det annleis. Amtmann Krogh hadde godkjent Arne sin plan og bedt
lensmennene om å vera med på jaget og å sjå til at alt gjekk
rett. Problemet var at ein annan stortingsmann, Henrik Remmen, hadde lagt sin eigen plan. Eg
skal ikkje fundera vidare på kvifor han gjorde dette, men no vart
endepunktet endra til Ørsneset nedanfor gardsbruket Helle i Vatne
sokn. Problemet var at for å få dette til så måtte ein opp i
høgfjellet på nattestid når folk var slitne etter ein lang
jagardag. Remmen sjølv hadde nytta båt til Ørsneset i staden for å
gå bjønnajag. Det heile endte no annleis enn at ulvane vart jaga på
fjorden. Dei stakk seg vekk på fjellet i skodda mot slutten av
jaget. Då Henrik vart kjend med flausa og dei sinte jagarane på
land, så turte han ikkje å ro inn til land. Arne Grønningseter, på
si side hadde avslutta jaget på Ørskogfjellet når han fekk vite
kven som hadde tatt over komandoen og kva veg det bar.
Nokre
tiår seinare vart likevel ulven utrydda på våre trakter og den
siste bjørnen skal ha vorte skoten før 1900 ein gong ifølge Karl
O. Emblem frå Steffågarden. Det er mykje som tyder på at dette
stemte. Den siste tida var det truleg meir snakk om streifbjørn som
kom med nokre års mellomrom. Gaupa kom truleg til bygda i tida
etterpå, når det vart ledige jaktmarker. Ho var ikkje like farleg å
jakte på på som ulven og bamsen, men den var truleg vansklegare å
få has på utan sporsnø. I våre dagar er det stilt og trygt i både
bygda og på fjellet. Ein og annan rovfugl finst sjølvsagt, men det
er noko heilt anna enn dei historiene som du har fått lesa om her.
Eg skal ikkje spekulera så mykje i sanninga og truverdet i denne
teksten, men heller la dei få stå som restar av muntlege
overleveringar frå dei som har levd før oss. I våre dagar så
finst det ikkje så mange slike lenger.
Kjelder:
7.
klasse Emblem skule 1999: «Gamle Emblemseter». Hefte frå
historieprosjektet.
www.Digitalarkivet.no:
1865-tellinga for Magerholmdalen
Ekroll,
Elias: «bjørnehistorier»; Sunnmøre Historielag sitt tidskrift for
1916-17
Magerholm,
Kåre: «I bestefars rike» hefte frå 1986
Rolsen, Nordahl: "Dyrebogen historier om dyr samlet fra bygd og skog og fjeld".
Cammermeyers forlag,
Kristiania
1895
Stensager,
Peter: «Mundtlige optegnelser vedr. Borgunds historie»,
Maskinskrevne ark frå tida mellom 1920 og 1925 med intervju av dei
eldste i bygda vår.
Sunde,
Bernt et. a.: «Minneskrift Borgund Kommune 1837-1937». Trykt ved
Nasjonaltrykkeriet i Ålesund 1937
Tandstad,
Ole: "Sykkylven i eldre
tid", Fyrste bandet av Bygdebok for Sykkylven, Sykkylven
Sogenemnd 1962
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske band II, Gardsoge gardsnr. 1-51». Utgjeve
av Borgund og Giske Bygdeboknemnd i 1961