Den
første gongen eg finn Myrane i skrivne kjelder er i 1892. Dette
året vert Myrane skrive inn i panteregisteret som bruk nummer 13 på
Emblem. Dei fleste nye gardane på 1800-talet vart registrerte i
dette registeret det året dei vart skyldsett eller når skøytet
vart tinglest. Ein kan difor rekna Myrane som frådelt Auregarden
nettopp dette året. Leitar ein vidare i panteboka for Borgund, så finn ein at det vart halde skylddelingsforretning den 6. oktober 1894. Her vart "Parcellen, der blev givet navnet Myrene" tildelt grensene sine til nabobruka og skyldset til 22 øre frå Auregarden si opphavelege skyld. I tinglysinga den 18. oktober 1894 vert det også opplyst at skjøtet på Myrane vart utstedt 18.1.1892, og kårbrevet frå Ole Larsen Emlem til Thomas Klausen Emlem og Karen Larsdotter Emlem vart også tinglest 18.10.1894.
Årstala heng godt samman med opplysningane i Borgundboka band II der Thomas
Klaussøn Emblem overlet drifta av bruket sitt, Auregarden, til Ole
Larsen Emblem og tok kår. Thomas kom opphaveleg frå Magerholm, og
var son av Klaus Olsen Magerholm (1820-1907) som var ein av dei
rikaste i distriktet. Klaus var ikkje akkurat født til rikdom på
Negarden og han var heller ikkje odelsguten der. Han gifte seg
derimot til betre kår i 1845 med enka, Olave Jetmundsdotter
(1816-1870), opphaveleg frå Hjorthol i Sykkylven. Saman kjøpte dei
ei rekkje gardpartar i bygda.
Thomas
Klaussøn (1846-1907) var heller ikkje odelsgut, for Olave hadde
minst eit born frå før. Thomas
var likevel eit godt gifteemne og fekk seg både jordajente og gard.
I 1869 finn me han i Auregarden saman med kona Karen Larsdotter
Emblem (1843-1927). Faren til Karen var den første sjølveigaren på
bruket, og ho var dessutan søster til lærar og organist Knut
Emblem. Han hadde budd heime og drive garden etter at faren døydde i
1863, men når Karen tok over så fekk han følge sine eigne vegar
via Stord lærarskule til lærarpost på Åse. Han gifte seg aldri og
flytte heim til Auregarden etter at han pensjonerte seg.
Thomas
og Karen fekk ingen born og dei tok difor kår hos bror til Karen,
Ole Larsen Emblem (1858-1952) i 1892. Han var 12 år yngre enn Thomas
og hadde difor nokre år att før han sjølv trong kårbrev. Med
frådelinga av stykket Myrane i 1892, så flytte Thomas og Karen ned
dit etter kvart. Eg har ikkje funne eksakt årstal på flyttinga, men
hausten 1893 var i alle fall alle tinglysingar og det formelle på
plass. Tuleg var også hus og løe sett opp på denne tida. Eg skal
ikkje seie for sikkert om husa var nye eller kjøpt brukte. Det var i
alle fall vanleg på denne tida å kjøpa seg hus og flytte dei til
garden. I 1868 var det i alle fall ikkje nemnd noko om tømmer på
emblemsgardane, berre nok bjørkeskog og torv til ved. Det er også
mogeleg at dei hadde råd til å kjøpa seg ferdiglaft inne på
Glomset, men dette var nok ikkje så vanleg før ein bikka nærmare
over mot 1900. Hus på både Nedregotten og Røssevollen er
beskrivne som flytta frå «inni fjordane».
Det er
også interessant å merke seg at det ikkje vart tinglyst noko skøyte
på Myrane eller Auregarden. Det er difor grunn til å tru at Thomas
og Karen fortsette å eige begge bruka ei tid. Eg har ikkje funne eksakt kva
år dei skøytte frå seg Auregarden, men det var i alle fall før
Thomas døydde i 1907. Årsaka til denne påstanden er at då Karen
skøytte frå seg Myrane i 1907, så vart det opplyst at ho sat i
uskift bu etter Thomas. Det er vert å merke seg at faren Klaus
heller ikkje selde Elvarum i 1892, når han delte frå denne
gardparten frå Negarden til brorsonen Lars Olsen Emblem. Han valde
heller å bygsle vekk stykket. Kanskje kan dette ha påverka Thomas
til å behalde eigedomsretten på Auregarden også.
I
1900-tellinga finn ein følgande opplysningar om Myrane, som no vart
nemnd i ei folketelling for fyrste gongen: Thomas og Karn som
husfader og husmoder, pleiesøn Knut Edvartsen Kolvig på 13 år
«Til forpleining for endel af Fattigvesenet», enke Marie Larsdatter
Kolvig på 60 år som «sysler dels med husligt – dels også med
Indhøstingsarbeide» og Halvor Torkildsøn Magerholm som var 57 år,
halvbroren til Thomas og «paa Forpleining af egne Midler» Eg veit
ikkje kva som feila Halvor, men han levde i alle fall heilt til 1922
og i alle fall dei siste 12 åra på Magerholm. I 1910 finn me han
der «for egen forpleining» og i klokkarboka står han oppgjeven som
ugift fattiglem. Det må ha tæra på økonomien å ikkje kunne
forsørge seg sjølv i so mange år. Thomas
og Karn fann også husrom til dei som hadde behov for husrom og
hjelp. Kanskje er det også ei forbinding mellom pleiesonen Knut og
enka Marie?
Våren
1907 døydde Klaus inne på Magerholm og hausten det same året
følgde sonen Thomas etter. Begge
måtte gi tapt for kreften og no vart det ikkje like lett for enka
Karn som sat attende. Ho hadde rett nok pengar å greie seg på, samt
kårbrev fra Auregarden, men på Myrane hadde dei nok sett føre seg
å vere sjølvhjulpne ei god ri då dei delte frå sitt eige kårbruk.
Dei fekk nok likevel nokre gode år der nede på Myrane og
kirsebærtrea hadde vakse seg brukbart store kring stova.
I 1910
er det berre Karen og tjenestejenta Laura Olsdotter Emblem på 16 år
som er registert på Myrane. Ti år tidlegare hadde det vore både
korn, potet, krøter og frukthage, men no nærma Karn seg 70 år og
då laut andre snart ta over om det ikkje skulle gro att. Laura var
brordottera til Karn, men saman kunne dei ikkje makte gardsdrifta.
Rett nok var det seinhaustes at tellinga vart gjort og det påverka
truleg kven som vart registrerte på Myrane, men Karen hadde likevel
byrja å tenkje på framtida.
Den
21.1.1914 tingles ein at Karen selde Myrane til broren Ole Larsen
Emblem for 450 kroner. Ho sat, som tidlegare nemnd, framleis i
uskifta bu etter Thomas. Ho ville også ha på plass testamentet sitt
i same slengen. Myrane gjekk attende til kvar tomta ein gong kom ifrå
og no var det aurefolket som stod for drifta, medan Karen fekk
fortsette å bu i kårhuset sitt på Myrane.
I 1923
vert det endringar på det vesle tunet. Karen bur der framleis, men
Laura hadde vorte vaksen og gifta seg med Lars Hansen Akslen.
(1893-1983) Karen budde på kamerset medan Lars, Laura og sonen Harry
styrte i resten av huset. Gardsdrifta hadde dei ikkje noko med, for
det tok brørne til Laura, Oskar, Lars og faren hennar Ole Larsen seg
av. Ektemannen Lars var nemleg mykje på sjøen og då vart dette ei
god ordning for båe partar. Harry minnest fortsatt dei store
kirsebærtrea kring stova. Ein gong var han uheldeg då han klatra i
desse trea. Dei vart mellom anna nytta til å henge opp garna og
nokre store kveitekroka til å henge opp fisk. No hadde han fått
ein av kveitekrokane fast i den vesle handa. Gode råd var dyre og ei
brukandes hand var uvurderleg. Faren tok han med seg opp på Ystebøen
til Klaus, Sonen til Peter Knudsen (1869-1942) og Antonette
Klausdotter Emblem (1874-1955). Klaus var som ein slags bygdelege
utan nokon formell utdanning i faget. Sjølv han var i tvil om det
beste ville vere å ta Harry med på sykkelen til doktoren. Til slutt
tok han eit barberblad, sterilliserte det med ei tend fyrstikk og
åpna såret forsiktig for å få ut kroken. Operasjonen gjekk bra og
såret vart forbunde med ei bløytt fluorhaldig forbinding. Den dag i
dag kan ein sjå eit lite merke etter kveitekroken ved tommelrota på
handa til Harry.
Lukka
for den vesle familien på Myrane skulle verte kortvarig. I den 25.
juli 1927 døydde Laura av tæring.Lars dreiv fortsatt sjøen som
kaptein og den einaste råa var att Harry og søstera Mary fekk
flytte opp i Auregarden til morfaren og mormora. Kun to månader
etter døydde også Karn. Så det vart mykje på ein gong for
aurefolket, og ikkje minst borna til Lars og Laura. Dei vart buande i
Auregarden heilt til 1933. Den seinsommern flytte dei inn på bruket
Gjerdet saman med faren og stemora Karen Petra frå Sande, som hadde
gifta seg med Lars året i forvegen.
Den 7.
desember 1932 skøytte Ole Larsen Emblem (1858-1952 )frå seg både
Skorane og Myrane til sonen Oskar Olsen Emblem (1902-1995). Skøytet
vart tinglest 9. januar 1933 og no kunne onkelen til Harry busette
seg på Myrane.Rett nok så eigde han no Skorane (kalla Skørene)
også, men ikkje gardshusa der. Det var kun på Myrane han åtte
stovebygninga og løa attåt. Det påverka nok valet for kvar han slo
seg ned, og han hadde nok å henge fingrane i for han var i
startfasen med Emblemsruta og det var ikkje så reint få
utfordringar dei stod ovanfor på dårlege vegar, vinter som sommar.
Det var først kring 1933 at dei slapp å leige inn rutebåt i staden
til mjølketransporten når snøen kom i for stort monn eller
teleløysinga gjorde vegane uframkomelege med buss. Saman med kona
Lovise Karoline Jakobsdotter Aksla (1905-1987) frå Stigen,
bruksnummer 2 under garden Reiten. Fekk han sønene John, Olav,
Kjell, og Kristoffer. Fleire av gutane fortsette i farens fotspor
som bussjåførar i Emblemsruta.
Jon bygde på og utvida det vesle
huset til ein stor og moderne bolig og den utforminga som det har
fått i dag.
Kjelder:
Bilete: Roar Emblem, Rune Røed Olsen og Svein Ove Dale Østrem
Folketellingar for Borgund 1865, 1900 og 1910
Gravminneregisteret til DIS Norge på nett
Intervju og telefonsamtalar med Harry Akslen hausten 2012
Kirkebøkene for Borgund Kirke i tidsrommet 1813-1940
Pantebok for Nordre Sunnmøre 1891-1894
Panteregistera for Nordre Sunnmøre i tidsrommet 1890 til 1894
Stensgager, P.: Intervju med Lars Olsen Emblem kring 1920
Telefonsamtalar med Ola og Leon Emblem hausten 2012
Øverlid, Ragnar: "Borgund og Giske II, Gardsoge Gardsnr. 1-51". Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961