Aksla-Buda fekk ei heller
kort levetid i bygda vår. Eg har likevel forsøkt å samle det eg
har klart å finne ut om dette handelslaget. Det aller meste er
basert på livsminne og intervju med Harry Akslen. Mykje kunnskap har
desverre gått tapt i åras løp, men takka vere innsatsen til Karl
O. Emblem, Sigurd Langleite, Emblem Skule og opplysningar frå
Lillian Nedrelid, Jofrid Emblem, Mauritz Akslen, Laura Ramsvik, Annie
Hesseberg, Hatlebakk Lars og Harry Akslen, så kan eg likevel makte å
gje eit lite riss av det som ein gong var.
Ei still og klar januarnatt
i 1934 braut elden laus på Emblem. Aksla-buda på Magnusbakken brann
heilt ned til grunnmuren. På nokre timar forsvann nær alle spor av
det som hadde vore eit av dei første handelslaga i bygda vår. Dei
siste åra før brannen heitte butikken eigentleg «Ths.
kristoffersen Landhandleri», men namnet «Aksla-buda sat framleis
att i daglegtalen. Før eg går nærare inn i Aksla-Buda si historie,
vil eg sjå fortelle litt om dei handelsmenn som gjekk føre og la
grunnlaget for det som skulle verte Aksla-Buda, eller «L.K. Akslen»
Handelslagshistoria i bygda
vår tok til på Elvarum i 1900. Lars Olsen Emlem hadde kome heim frå
utanriksfart og fått seg frådelt eit stykke av farsgarden,
Negarden. Han hadde starta butikken som filial for handelsborger
Børre Berli i Ålesund, men vart seinare ein sjølvstendig
handelsmann. I tillegg var han poståpnar, meieribestyrar, gardbrukar
og politiker. Lars hadde fått utmerkelse for oppdyrkingsarbeidet
sitt, og han var også pådrivar for å få bygd dampskipskai i
bygda. «Negards-Lars» dreiv butikk i kjellaren på huset sitt fram
til 1921. Jofrid Emblem og Mauritz Akslen minnest frå sin barndom at
høgtidstundene i bygda var annleis den gongen. Julehandelen hadde
heilt andre dimensjonar enn no, men litt ekstra vart sjølvsagt
handla inn. Dette var det karane som skulle gjere. Helst skulle ein
vente til siste liten på julaftan før dei gjekk på butikken. Dei
hadde med seg handleliste og det var spente born som sat heime og
venta på kva dei hadde kjøpt med seg heim. Ein 17. mai var det
handelsmannen sjølv som spanderte. Mauritz minnest ein gong at Lars
sette sveivegramofonen ut i vindauget og spela nasjonalsongar.
Etterpå delte han ut ein pose med sukkerbrød til kvar av ungane som
hadde høyrt på.
Lars fekk ikkje drive handel
åleine så mange åra før den neste landhandelen dukka opp.
Skorene ligg litt lenger
vest for «Lars-buda» på Elverum. Iver Karlsson Furset frå Stranda
hadde flytta til denne vesle plassen i bygda vår i 1878. Iver,
eller «Kjøt-Iver» som han vart kalla, slo seg raskt opp som
slaktar, gardeigar og var truleg også den første med torgrett i
Ålesund. I 1896 hadde han kjøpt Eikenosa og flytta dit. Kring 1906
hadde sonen Hans Iversen Furset starta si eiga handelsverksamheit,
med eigen landhandel i den vestre stova på Skorene. Du kan finne
meir informasjon om denne butikken i Karl O. Emblem sitt foredrag om
butikkane på Emblem her på www. Emblemsbygda.com. Hans skulle få
stor betydning for butikkane som kom etter han. Det er grunn til å
tru at Aksla-Buda ikkje ville verte nokon realitet utan at Hans
starta opp. Broren Karl Iverson Furset vart også handelsmann, men
han etablerte seg på Høybråten. Det vert fortalt
at også Sverin Emblem frå
Negarden, som seinare skulle verte drivaren av Sevrinbuda, det
største landhandleriet i distriktet, skal ha vorte inspirert til å
verte handelsmann når han arbeidde for onkelen Hans Iversen Furset.
Butikken på Skorene vart
etterkvart i minste laget, og difor kjøpte han ei tomt frå Ole
Knutsen Emblem i Steffågarden, og bygde ny butikk på «parcellen
Korshaugen» på Magnusbakken. Tomta vart skylddelt 23.10.1920.
Oppmålingsbrevet vart underskrive 6 dagar etterpå og tinglest 10.
november 1920. Butikken stod ferdig kring 1921. Den nye butikken vart
dermed liggande berre omlag 100 meter frå konkurrenten, men han
visste truleg at Lars var i ferd med å gje seg, og at det ikkje var
nokon som skulle overta. Kanskje var dette årsaka til at han valde å
utvide handelsverksamheita også? Samstundes så kan han ha visst at
faren ynskte å selge Eikenosa og flytte attende til Skorene, slik at
det ikkje var ein verande stad i lengda. På kort tid hadde han i
alle fall bygd ein ny butikk i Emblemsbygda og samstundes kjøpt opp
det første Kooperative handelslaget i Spjelkavika.
Spjelkavikbygdarane hadde
danna samvirkelag under NKL i 1915 og bygd eige forretningsbygg i
1918. Men så kom den økonomiske nedgangen etter Første Verdenskrig
og medlemmane vart engstelege for å miste innskota sine. Dei var
skremde av alle konkursane, og fleire var overbevist om at det samme
skulle skje med dei også. I 1920 vart laget avvikla og
forretningsbygget vart seld til furset-Hans. Han var neppe engsteleg
for framtida, og han klarte seg temmeleg godt. Han hadde allereie
gifta seg med butikkdama Inga Amalie Hjelle frå Eikrem den 1.7.
1917, og busett seg i Spjelkavika. Han byrja no å nytte etternamnet
Iversen, og dreiv handel i fleire år etter 1920. Men i 1925 valde
han kun å satse på butikken i Spjelkavika. Buda på Magnusbakken
vart difor seld i til ein som i salspapira kun kalla seg H. Maude.
Det fulle namnet er Henrik Maude (1884-1944). Han flytta vidare til
Ørskog og starta med handel der i staden. Han gifte seg med Hanna
Eide (1893-1970) og begge er gravlagd i Ørskog. Sjølv om han ikkje
vart verande i Emblemsbygda særleg lenge, så fortsette han å eige
tomta og huset. Etter at han gjekk bort var det kona Hanna som
fortsette å leige ut huset til butikk og boligformål. Huset vart
nemleg bygd opp att med fleire etasjar og husvere etter ein brann
nokre år seinare. Det skal eg kome attende til. Sjølve landhandelen
vart leigd ut til to brør frå Øvste-Aksla, og det er den historia
om «Akslabuda» eg hovudsakleg skal fortelle om her. Det vil seie at
eg ikkje går så djupt inn i historia om Myrstad filial og
Samvirkelaget si historie i dette huset.
Lars Kornelius Knutsen
Akslen vart fødd 15. januar 1884. Han var den nest eldste sonen til
Knut Hansen Akslen (1849-1927) og Lisa Larsdotter (1854-1936). Lars
vaks opp på farsbruket «Øvste-Aksla», som var bruksnummer 1.
Faren dreiv garden heilt frå 1871 til han døde i 1927, og når han
gav seg så var det eldstebroren som hadde førsteretten, så noko
håp om å få overta farsbruket hadde han nok ikkje. I motsetning
til mange andre born i bygda, så var fadderane til Lars rekrutterte
utanbygds frå. I dåpsregisteret fin ein ungkaren Lars Edvardsen
Koldvig, gardbrukaren Iver Rassmussen Voldsdal med kone og heilt til
slutt sambygdingen Hans Tidemandsen Røssevold med kone. Den 2.
oktober 1898 vart Lars konfirmert i Borgund Kirke, men det er ikkje
noko teikn på at han skilde seg særmerkt ut. I alle fall så gjekk
det ikkje så veldig godt på overhøyringa hjå presten. To år
seinare finn ein den 16 år gamle Lars som heimebuande på Aksla, der
han «sysler med jordbrugsarbeide» I denne folketellinga er det 7
heimebuande søsken på Aksla. Lars sin tre år eldre bror bur
mellombels i Ålesund, der han livnærar seg som «Snedker og
fisker». Opphaveleg var det ei storesøster også, men ho finn eg
ikkje att nokon stad.
Det var ikkje så mykje å
ta seg til for det veksande antalet med ungdomar i Emblemsbygda.
Kring 1900 var det som regel tømraryrket, utanriksfart eller fiske
som var alternativa for den som ikkje hadde nokon gard å ta over.
Men nokre få år seinare valde ei rekke av bygdeungdomane å forlate
bygda. Målet var tømmerhogst i Amerika, og særleg i California,
Washington, eller Arizona. I 1910-tellinga finn eg Lars og
storebroren Knut som arbeidere ved sagbruket i Albion, California.
Dette er ein stad ved kysten nord for San Fransisco. Staden var neppe
tilfeldeg vald, for av dei 8 ungdommane som var i Amerika dette året,
var 7 av dei i Albion. Lærarsonen Kristian Furset var den einaste
som var på ein annan stad, men han var utnemnd til arbeidsforman i
Tacoma, som låg litt lenger nord. i staten Washington. Ein kan ikkje
sjå bort frå at han også hadde vore i Albion tidlegare. Dei fleste
av ungdomane hadde vore i Amerika i omlag eit år og stort sett var
det snakk om ungdommar frå dei større gardane i bygda, slik som
Steffågarden, Aksla, Magerholm og Mattisgarden, men det fanst også
unntak, for to av ungdommane kom frå husmannsplassen Vestrem, medan
sistemann var son av den pensjonerte læraren Knut Furset, som også
var bror til Kjøt-Iver på Eikenosa og hadde fått rydda seg eit
nytt gardsbruk i Emblemsbygda. Kjøt-Iver var i slekt med
Aksla-folket og gutane på Vestrem ved giftermål. I tillegg var
fleire av dei som drog til Amerika mellom 1909 og 1911 jamaldringar
eller naboar også.
Med unntak av den vaksne
gardbrukaren Ole i Steffågarden, så var det enten unge gutar eller
jenter i arbeidsfør alder, ugifte var dei óg. Målet var San
Fransisco og Lars hadde dessutan bestemt seg for å utvandre då han
drog. Begge oppga at dei var fiskarar og på jakt etter arbeid der
borte. «White Star Line» hadde agentar i vårt eige land og var
truleg populere fordi dei sette opp rutebåtar heilt frå Trondheim,
Kristiansund og Ålesund. Båtane gjekk som regel via Bergen til Hull
i England, men dei kunne også tilby ein totalpakke med togreise
mellom Hull og Newcastle, samt videre båtreise til New York. For
ettertida er dette selskapet truleg mest kjend for båten Titanic som
sank i 1912.
Lars og storebroren Knut
reiste over Atlanteren med White Star Line den 18. mars 1909.
Eg har desverre ikkje noko
oversikt over kor lenge Lars Akslen var i Amerika, men det var nok
slik at han enten var borte i fleire år av gongen, eller så gjorde
han som Ole i Steffågarden og var borte i omlag eit år av gongen.
Ole arbeidde også i Albion ei tid. Det som i alle fall er sikkert,
er at både Lars og broren Knut kom attende til bygda vår, og desse
to ungkarane hadde klart å spare opp pengar også. Ein gong kring
1925-26 leigde dei butikken på Magnusbakken. Namnet vart «L.K.
Akslen» og stod truleg for Lars og Knut Akslen. Broren Karl var
nemleg lam etter ei ulukke i løa då han var gutonge. Knut fekk
etterkvart nok å gjere med gardsdrifta på Øvste-Aksla, medan Lars
tok hovudansvaret for den daglege drifta. Arbeidserfaringa frå
butikken til Hans Furset vart no til særs nyttig kunnskap for Lars.
Men samtidig må han på dette tidspunktet ha merka at helsa ikkje
var den aller beste. Det kan ha medverka til at amerikaturane tok
slutt.
Om utforminga av butikken
Eg har ikkje funne noko
bilete av Butikken slik den vart bygd av Hans Furset og videreført
som Akslabuda, eller L.K. Akslen, men Harry Akslen har ein
imponerande hukommelse og evne til å hugse detaljar. Han har fortalt
korleis denne butikken såg ut i hans barndom.
Det var eit kvitmåla hus på
halvanna etasje og loft. Grunnflata var omlag den same som på det
huset som står der i dag. Det var på den tida ingen som budde der
på denne tida, for der var ingen bustadrom.. På langveggen mot
bygdevegen var det ei dør på midten og eit vindauge på kvar side,
nett som i dag. Inngangsdøra hadde overbygd tak, og det var inga ark
eller liknande utbygg på loftet og det bodde heller ingen der.
Lageret var eit tilbygg med skråtak (halvetak) på baksida (mot
sør). Det låg litt høgare i terrenget og difor var det ei trapp
med to trinn frå butikken og opp til lageret. Om lagerert vart bygd
samstundes som huset, er eg mindre sikker på. Det er godt mogeleg at
den kom til seinare , men før 1923 var det i alle fall på plass.
Mot aust var det også ei lagerdør frå utsida av butikken.
Inne på Akslabuda var det
benk under vindauget på venstre side av inngangsdøra. Disken laga
av tre og var forma som ein hestesko i brunmåla panel. Det var ein
klaff på disken mot vest som kunne slåast opp slik at ein kom seg
bakom. På ekspeditørsida var det store skuffer som inneheldt mjøl,
sukker, gryn og slikt, mens det store sirupsfatet stod på lageret.
Butikkdama tok med eit spann og tok ut korka på fatet, så sirupen
starta å renne sakte ut. Ho sprang fleire gongar og såg etter heilt
til ønska mengde var oppi spannet. Sirupen vart for det meste nytta
til brødbakinga på gardane. Kaffi, parafin til lampane, og kanskje
noke søtt slik som kandissukker eller sjokolade var populære saker.
Seinare kom det også eit glasskap på disken med sjokolade og
wienerbrød. Ein kan tenkje seg at sjokoladen vart temmeleg mjuk om
somrane. Nokre populære sjokoladesortar var Korsika- og Malta lys
nøttesjokolade sjokolade frå Nidar Bergene. Sorten var til sals
også på 1950-talet. I tillegg var det rullar med innpakningspapir
på disken og noke skarpt som ein kunne riva av papiret mot.
Det var hyller på tre av
veggane, med unntak av nordsida der vindauga og inngangsdøra var.
Der var også eit lite
kontor med ei glasrute, slik at ein kunne sjå ut i butikken frå
kontoret.
Andre viktige ting var
sjølvsagt kassaapparat, vekt og spyttbakke.
På benken til venstre
innafor døra brukte han Os-Hans å sitte når han var heime frå
Amerika (Hans Nikolaisen Emblemsvåg frå Oshaugen) Ebbe-Elias brukte
å sete der óg. Han Elias var god til å fortelle, og ein som
ungdommane likte å høyre på. Medan han fortalde historier frå den
tida han hadde motorbåt og var på fiske, så karva han og stappa
pipa si, slik at ho var ferdig til å sette til munnen. Når han
skulle til å tenne pipa, mens han fortsette å fortelle, så gjekk
det mange fyrstikke. Han tende først ei fyrstikk, men gløymde å
putte den mot pipa. Dermed brende han seg på fingrane når fyrstikka
hadde fått brenne ei stund, og så var det å finne tak i ei ny.
Åpningstidene var også
litt anna enn dei vi er vande med i dag. Det var helst ettermiddagane
at karane samla seg. Midt på dagen var det heller lite handel.
Ungane vart ofte sendt på buda for å handle, medan karane først og
fremst kom for å frette nytt, eller slå av ein prat med dei andre
frammøtte. Gamlekarane var nok dei mest trottuge, og møttest dei
ikkje på buda så hadde dei ei rekkje andre stadar som «Børsen»
ved telefonsentralen på Reset, Emblemskaia eller på kårlofta på
gardane i bygda.
Når det nærma seg jul, så
skulle den beskjedne julehandelen helst utsettast i det lengste før
karane endeleg la i veg på sjølve julaftan. Alt kom i laus vekt
eller store kvanta og måtte målast og vegast. Kunden følgde nøye
med på vektskålene medan butikkdamene åpna skuffene i disken og
fylte oppi den mengda som vart bestilt. Etterpå vart mjølet,
smøret, kaffi-bønnene, lampeveikane eller lampeoljen pakka eller
fyllt i spanna. Ungane hadde fått streng beskjed om å passe seg så
oljen ikkje kom oppi maten, eller det nye lampeglaset knuste. Var dei
heldige, så kunne det verte ein gratis bit kandissukker attpå
handelen også. Oldemora mi, Marta Dale, frå Dalsbygda i Norddal var
butikkdame på butikken til Negards-Lars nokre år tidlegare. Ho
hadde ei og anna artig historie frå denne tida. Den eine skulle ha
vore om Ivar Flydal. Han hadde hendene fulle med varer, men ho meinte
at han truleg fekk plass til ein liten godbit som han kunne putte i
lomma om ikkje anna. Søtsaker var alt anna enn kvardags for ein
gutonge den gongen, men han avslo tilbudet, for han hadde to store
lommer, men begge var det høl i. Ho lo godt når ho fortalde om han
som takka nei til godteri.
No var ikkje denne vesle
historia frå Aksla-Buda, men den kunne like godt ha vore det, og det
er truleg mange slike historier som me i ettertida har gått glipp
av. Eg fortalde tidlegare i teksten at Lars Akslen hadde registrert
seg som utvandrar ved avreisa til Amerika i 1909. Kva som fekk han
til å endre meining er eg ikkje sikker på, men det er ei
interessant opplysning som kan vere med på å forklare kvifor. Harry
Akslen fortel at han hugsar Lars som arbeidde og pusla med å fylle
på varer den siste tida, men det var tydeleg for dei handlande at
han var sjuk. Den 4. desember 1929 døydde landhandlar Lars K.
Knutsen Akslen av «tæring», eller Tuberkolose som det vert kalla i
dag. Lars gifta seg aldri og hadde difor ingen nære arvingar. Broren
Knut var medeigar i butikken, men det var Thomas Kristoffersen som
var bestyrar og som stod for den daglege drifta.
Thomas såg moglegheiter i
det meste. Når Ålesundarane byrja å nytte Emblemsfjellet til
fjellturarar, så var det mange som kom ned på Emblem søndagskvelden
og skulle ha skyss ut att til byen. Andreas Spjelkavik hadde starta
passasjerrute allereie i 1924, og det var han eller sonen Hans Bigton
som det vart sendt bod etter. Emblemsruta var enno ikkje oppretta, og
då kunne det verte lenge å vente. På denne tida hadde dei ein fem-
og ein sjuseters drosjebil, før dei fekk seg ein 10-12 seters
Bedford. Vegane var dårlege, og var det påske og teleløysing attpå
så vart det særs lenge å vente for den som ikkje fekk plass på
den første turen. Harry fortel at dei også hadde behov for
grindagutar, for grinder var det ein god del av på denne tida, og
særleg når det var beitesessong. Petra Indreberg, dottera til Peter
Indreberg var ei av desse «grindagutane» Det var ikkje plass til
henne inne i bilen, så ho måtte stå på stigbrettet og halde seg
fast på utsida. Det var ikkje mykje sikkerheit å snakke om, men
farta var heller ikkje så stor. Det vart fortalt om ein som kom
heilt opp i 40 km/t. ein gong, men normalen låg nok mest på
20-talet og opp mot 30.
Turen til Ålesund vart med
andre ord dryg i forhold til dagens tidsaspekt. Kristoffersen
bestemte seg dermed for å bygge eit påbygg med skråtak mot
vestveggen på utsida av butikken. Her innreia han kafé med kakao,
wienerbrød frå Molnes Bakeri og sjokolade til slitne turistar.
Dermed kunne dei sitte lunt og godt medan dei venta, og Thomas kunne
tene ein ekstra slant attpå. Han hadde i tillegg opna opp veggen så
det var lett å gå frå butikken til kaféen. Det har med andre ord
vore heile tre kafear i Emblemsbygda, Ein stod på Magerholm ved
fergekaia, Ein var del av Aksla-buda, og om somrane hadde Georg
Emblemsvåg kafé nede på Emblemsanden ved fotballbana. Eg har i
tilegg funne at Ludvig Berntsen fekk kaféløyve i 1936, men eg har
aldri høyrt om kafé i Berntsenhuset. Det kan heller hende at han
formelt var søkar for familien Engeset, om dei hadde fått avslag.
Thomas var altså på jobb
søndagskveldane også. Men det var ikkje det einaste tiltaket som
han hadde fått på plass. På 1930-talet var det vanskeleg å få
seg arbeid for ungdomane i bygda. Det vart etterkvart sett i gong
såkalla «naudsarbeid», som vegarbeid og skogplanting, men det var
mange som likevel var utan arbeid, og det var heller ikkje plass til
alle på sjøen heller. Det vart til at mange av desse møtte på
Aksla-buda om ettermiddagane og vart hengande der. Thomas tok godt
imot ungdomane. På lageret hadde han endå til ordna med
boksehanska, slik at dei kunne drive på med boksing om dei ynskte
det. I tillegg var det populært å spele «Lappis». Då nytta dei
ein femøring og forsøkte å kaste mynten nærast mogeleg ein strek
som var teikna opp nokre meter unna spelarane.
Egil Hansen og Konrad Østrem
var to av dei som samla seg på Aksla-Buda på den tida.
På eit tidspunkt før 1933
vart Kristoffersen meir enn berre ein bestyrar for dei på Aksla, for
då butikken tok fyr, natta til 13. januar 1933, så hadde butikken
skifta namn frå L.K. Akslen til «Ths. Kristoffersen Landhandleri».
Den påfølgande dagen kunne Sunnmørsposten fortelle at både huset
og varebehaldninga strauk med. Journalisten skreiv også at det var
det stille veret som hadde berga husa ikring. Heldigvis var alt
forsikra. Eg har leita i avisa heile den påfølgande våren etter
ytterlegare opplysningar om brannårsaka utan å finne noko svar.
Sikkert er det i alle fall at handelsmannen Henrik Maude på Sjøholt
eigde huset.
Harry Akslen fortel at
brannmurane vart ståande i omlag to år, før eit nytt hus med
fleire etasjer omsider stod klar. I følge Karl O. Emblem, så skal
Aksla-slekta hatt interesser i nybygget kring 1935, og at dei skal ha
drive butikk i det nye huset ei kort tid før dei overlet forretninga
til Peder Myrstad, som dreiv landhandel og bakeri i Spjelkavika. Med
dette kan ein for alvor sjå slutten på Aksla-Buda, og byrjinga på
«Myrstad Filial». Etterkvart flytte søstera til Knut og Lars,
Antonette Akslen (1888-1957) inn i det nybygde huset. Eg er usikker
på årstalet enno. Ho vart i dagligtalen kalla «Anti» og var
ugift. Ho budde lenge på heimgarden, Øvste Aksla og tok seg av
veslebroren sin, Karl Elias (1895-1941), som hadde brote ryggen i ei
fallulykke på Låven på Aksla under leik. Han vart sengeliggande
resten av livet, og det vert fortalt at Anti skal ha fått huset i
løn som takk for at ho ofra både framtid og giftermål for å ta
seg av han medan han levde. Den opplysninga stemmer nok ikkje heilt.
Eit nærare søk i grunnboka til bygget syner at Anti og søskena
Thea Akslen Østrem, Thommas Akslen, Marie Grindvik og Knut Akslen
kjøpte eigedommen i 1950 for 9000 kroner. Nokre dagar etterpå
kjøpte Anti ut søskena sine og vart eineeigar. Spørsmåle var
berre korleis ho fekk hand om så mykje pengar og kvifor ho ikkje
berre kjøpte heile huset åleine? Då kan det at ho fekk huset vere
ei slags forklaring likevel. Det er mogeleg at der var noko arv etter
foreldra og søskena Hans, Eline, Lars og Karl som alle hadde gått
bort før 1950. Eg undrar meg også på om grunnboka eigentleg syner
at søskena overlet sine delar til Anti, sjølv om det formelt står
at ho kjøpte dei ut. Det kan demed ha vore som ei slags «løn»
utbetalt i ettertid, men sikker kan ein ikkje vere. Eg tvilar i alle
fall litt på at Anti med eitt hadde 9000 kroner i banken, og der
finst ingen banklån registrert på henne og eigedommen.
Aksjeselskapet L.K. Akslen eksisterte derimot fram mot krigen. Utan
ein velferdstat å støtte seg til, så behøvde ho ei inntekt for å
klare seg sjølv. Det nye butikkbygget hadde rett nok den same
grunnflata som den opphavelege butikken, men no var det fleire
etasjar oppå, og her var det plass til å leige ut til fleire. Dette
vart løysinga for Anti.
Lillian Nedrelid har fortalt
meg kven som bodde der mot slutten av 1930-åra. Maude leigde ut
areal til Myrstad-butikken i kjellaren. I første etasje budde
familien Kristoffersen med Thomas Petra og borna Solbjørg, Harald og
Per. Det var den same Thomas som hadde arbeidd og dreiv butikken frå
omlag 1929-1933. Der var også ein liten hybel med ei kokeplate for
ansatte på butikken i den samme høgda. I andre etasje var det to
rom pluss kjøkken mot aust. Antonette bodde i den vestlige delen i
denne etasja, medan butikkbestyrar Anna Emblem (f. Hundeide), Lorentz
Emblem og dei 5 borna hadde kjøkken og stue i den andre enden. Dei
kjøpte seg seinare tomt og bygde hus kring 1951 inne på Aksla som
næraste nabo til lærar Bernhard Olsen. Der gjekk også ei bratt
trapp opp på loftet der ongane sov. Etter dagens standard så var
dei lave loftsvindauga alt anna enn trygge for born, men det gjekk no
bra likevel. Alle i huset delte ein utedo. Lillian hugsar framleis
kor stort det var å endeleg få innandørs bad når familien flytta
inn i eige hus nesten 20 år seinare
Det nye huset vart ståande
i mange år. Fram til 1946 heldt Myrstad Filial til i kjellaren. Det
året tok det nystarta Emblemsbygda Samvirkelag over varelageret og
leigeavtalen med Hanna Maude som va enka etter Henrik. Anti døydde i
1957. Året i forvegen hadde ho seld huset til nevøen Karl «Kallen»
P. Østrem frå Abrahamsgarden. Han var sonen til Thea som hadde vore
med å kjøpe huset i 1950. Kallen og kona Magna Johansen frå
Storhaugen budde visst der ei tid også, før dei fekk frådelt
parsellen «Udsigten» frå Karl sin heimgard ået etterpå og bygde
seg hus der. På slutten av 1950-talet vert bygget seld nesten kvart
år ei tid. Kvar gong auka prisen betydeleg og det kan verke litt
underleg for ettertida. I 1956 var det altså Karl som kjøtpte huset
for 15 000 kroner. Året etterpå sel han til onklane Thomas Akslen,
og Knut Akslen, samt Lisa P. Akslen som var enka etter onkelen Hans.
Dei to dreiv Øvste-Aksla. Prisen hadde no auka til 23 000 kroner.
Året etterpå, i 1958, sel dei vidare til Thomas Kristoffersen for
28 000 kroner. På tre år hadde dermed huset stege nesten dobbelt i
verdi. No skal det nok seiast at kanskje ikkje salsummen frå Anti
til Karl var heilt reell i forhold til verdien av huset, og der kan
ha vore ein del oppgraderingar i desse åra som auka verdien
betrakteleg. Ellers så har verdiauken langt på veg finansiert både
tomtekjøp og mykje av huset som Karl bygde seg på Østrem. Huset
vart deretter overført vederlagsfritt frå Thomas og kona Evelyn
til borna Per, Harald og Solbjørg i 1970. Dei fekk burett i
leiligheita si attende. Dette året tok Postverket over som
leigetakar for kr. 2400 kroner inkludert lys og varme i 10 år.
Harald kjøpte så ut søskena og mora sin bruksrett året etterpå.
I 1978 kjøpte så Bjarne Sæter eigedommen for 85 000 kroner og
busette seg øverst. i Seinare vart det også videoutleige i
kjellaren på 1980-talet før det vart slutt på
forretningsverksomheit på Korshaugen. Eg vil tru at «Videoposten»
kanskje flytta inn etter oppussinga i delar av huset i 1986. Posten
hadde då flytta inn i nybygd hus ved Samvirkelaget sitt
forretningsbygg lenger aust ved Ebbebakken. Akslabuda vart etterkvart
kun nytta til boligformål, og huset vart modernisert og pussa opp
hausten 2007. Like før det var ferdig, vart huset totalskada i brann
den 14. januar 2008. Dette var den andre brannen i husets historie.
Det brann ikkje heilt ned denne gongen, men måtte totalrenoverast
på nytt. Dagens hus på Korshaugen oppå Magnusbakken er soleis i si
tredje utgåve, med ny bilgarasje der kaféen ein gong var. Det er
nok lite truleg at Aksla-Buda vil gjenoppstå som butikk. Samstundes
er det viktig å ta vare på den rike historia som dette huset har
hatt. Forhåpentlegvis kan eg fortelle historia om både posten og
videoutleige også om nokre år.
Kjelder:
Intervju
og ein rekke telefonsamtalar med Harry Akslen om Aksla-Buda hausten
2013.
Samtalar
og e-post korrespondanse med Lillian Nedrelid 2011. Her er det også
lagt til tilleggsinformasjon frå Annie Hesseberg og Laura Ramsvik.
www.digitalarkivet.no
:
Folketellingar, emigrantprotokollar og kyrkjebøker.
Emblem
Skule sitt arkiv frå "Bygda vår" prosjektet 1987:
Intervju med Lars Emblem, Jofrid Emblem, stensilkopi-bilder av Karl
og Lars K. Akslen
Øverlid,
Ragnar: Borgund og Giske Band II Gardsoge, Borgund og Sula
bygdeboknemnd 1961
Sigurd
Langleite: Intervju med Jofrid Emblem og Mauritz Akslen kring 1984
Sunnmørsposten:
1. kvartal 1934 på mikrofilm
http://www.archives.com:
Amerikanske folketellingar og offentlege arkiv på nett.
Karl
O. Emblem: Foredrag om handelslagshistoria på Emblem i forbindelse
med 25 års jubileet til Samvirkelaget på Emblem 1971.
Langleite,
Sigurd et al.; Samyrkjelaget Spjelkavik, Emblem Samvirkelag: 50 år
1946-1996: en del av sunnmøre Samvirkelag
Digitalarkivet: Gamal
grunnbok frå 1935-1990