Kven
var eigentleg Ebbe Olsen Hatlehol. Det spørsmålet har eg stilt meg
ei stund. Eg har merka meg at Ebbe vert nemnd både jamnt å trutt i
forbindelse med kjøp og sal i Sjursgarden på Emblem, jamvel i
skiftet etter han så er folk med etternamnet Emlem nemnd. Kan det
vere slektsforbindingar.
eller
andre årsakar til at Ebbe hadde so pass god kontakt med det på den
tid velståande sjursgardsfolket? For å forsøke å komme fra til
noko forklaring på desse spørsmåla, har eg forsøkt å sjå kva
det historiske kjeldematerialet kan fortelle meg. Det var dermed
naturleg å starte med å søke etter ei mogeleg innleiing til eit
svar i bygdeboka.
Ein
Ebbe Olsen Emblem (1795-1855) finst på bruket Hatlehol Indre,
bruksnummer 1, som opphaveleg skal ha vore del av Garden Eikenos fram
til om lag 1854. Ebbe skal ha vore plassemann og brukar i tidsrommet
1818-1855. Det vert vidare fortalt at han skulle ha vore gift to
gonger. Den første kona var Maren Knutsdotter, og den neste var
Berte Eriksdotter Kvassnes (f. 1820) Husa på plassebruket skal visst
ha vore plassebrukarane sin eigedom opphaveleg, men etter kvart fall
dei i staden i gardeigaren sitt eige. Omlag 2 år etter at Ebbe tok
over, måtte han bygsle husa også. Det stod då ei stove, stabbur,
og fjøs med løe under same tak. Ebbe bygde sidan ei ny stove med
kammers, loft, langsval og fordør før han døydde i 1855. Den nye
stova vart ved arveoppgjeret i 1855 taksert til 55 Speciedalar. Ebbe
Olsen kan med andre ord ha vorte fødd, eller i det minste vore
gardbrukar på Emblem før han flytte til Hatleholen. Der endra han
etternamnet sitt til namnet på garden han kom til, slik skikken var
den gongen. Problemet er at dei då ikkje er like lette å spore for
ettertida - særleg om dei flytte fleire gongar og endra namn. Namnet
Ebbe varr ikkje så vanleg, og difor er det lettare å spore. Namn
som Ole Knutsen og Knut Olsen er verre, fordi det var så mange av
dei på den tida. Likevel kan ein truleg seie med sikkerheit at Ebbe
ikkje var gift før, for han var temmeleg ung når han flytte til
Hatleholen.
Når eg
leitar etter mogelege born med namnet Ebbe i Emblemsbygda, så er det
kun eit alternativ som dukkar opp. I 1801-tellinga finn eg ein Ebbe
Olesen på 6 år i Ebbegarden på Emblem. Ebbe er den fjerde av i alt
fem born på denne garden under tellinga. Foreldra var Ole Knudsen på
43 år og Birte Andersdotter på 44 år. Eit nærmare søk i
kirkeboka, syner at Ebbe eigentleg vart døypt Ebbe Andreas Olsen
Emlem i Borgund Kirke 17. februar 1795. Ein kan desverre ikkje finne
anna enn fadderar og farens fulle namn i desse gamle kirkebøkene, så
eg kan ikkje seie meir sikkert om kvar mor til Ebbe kom frå.
Fadderane
var Knut Ebbesen, Ingebrigt Knudsen, Kolbein, Ellen Nilsdotter og
Elen Olsdotter Emlem. Knut Ebbesen er truleg Knut Ebbesen Emlem (f.
1737), som var farfaren til Ebbe. Ingebrikt Knudsen er truleg
Ingebrikt Knutsen Nedregotten (1742-1816) på Negarden, medan Ellen
Nilsdotter var kona hans. I såfall heitte ho Ellen Nilsdotter Gryta
(1760-1809). Den siste eg finn at er Kolbein som var Kolbein Larsen
Emlem (f. Lyshol) i Sjursgarden. Det er vanskeleg å seie om far
eller mor til Ebbe har hatt noko slektskap til sjursgarden, og eg har
ikkje funne noko prov for dette så langt, men det er mogeleg at det
kan ha vore eit venskap mellom folket i Ebbegarden og Sjursgarden.
Samstundes skal ein ikkje sjå bor ifrå det faktum at faddervalg
også kan ha vore ein måte å bygge band mellom brukarane på det
gamle Klengetunet på Emblem, der brukarane budde svært tett og var
avhengige av hjelp frå kvarandre.
Eg kan
med andre ord ikkje påvise noko klart slektskap mellom Ebbe og
brukarane i Sjursgarden frå fadder-listene åleine. Det er rett
nok enkelte namn som eg ikkje klarar å finne opphavet til, så eg
skal ikkje vere for påståeleg, men det ei rimelig stor
sannsynlegheit for at det ikkje er snakk om noko nær slekt mellom
Ebbegarden og Sjursgarden, utan at ein leitar enno djupare ned i
materialet. Likevel finn eg namnet på Ebbe Olsen i fleire av
dokumenta frå Sjursgarden. Eit av dei mest omfangsrike dokumenta er
skiftepapira etter Knut Olsen Emlem (Kirkebø) i 1941. Ebbe er nemnd
fleire gongar, og det kan verke som om han var vitne, eller kanskje
medhjelpar i det omfattande arbeidet. Det var i alle fall ikkje
skrivekunnskapane som førte til at han fekk oppdraget, for
signaturen hans er ført «med påhalden penn», noko som tyder på
at han ikkje kunne skrive. Eg har likevel ingen andre dokument som
kan tyde på at han tok på seg oppdrag som vitne mot betaling.
På den
andre sida så kan det ikkje ha vore så lett å tene til livets
opphald på Hatleholen. Kun to år etter at han fekk bygsel på
plassen, så måtte han bygsle husa på garden også. Borgundboka
nemnde i alle fall at husa tidlegere hadde vore i plassemennenes
eige. Det tyder at dei har sett opp husa for eiga rekning. Truleg så
var det hus på husmannsplassen før Ebbe si tid. Av ei eller anna
grunn, så måtte han byrje å bygsle desse to år etter at han
flytte dit frå Ebbegarden. Det kan vera fleire medverkande årsaker
til dette. Eit av dei mest nærliggande forklaringane kan vera at det
ikkje gjekk så bra, reint økonomisk. Kanskje måtte han ha
utpanting eller eksekusjonsforretning på garden, og då var det
truleg gjeld til handelsmannen som han kanskje sleit med å betale.
Det var vanleg, men likevel forbunde med skam om avling, reiskap
eller husa måtte selgast på tvangsauksjon. Slik kan grunneigaren ha
kjøpt husa, for så å leige dei attende til plassemannen sin.
Byrjinga av 1800-talet hadde ikkje vore så enkel på våre kantar.
Napoleonskrigane hadde ført til hungersnød og barkebrødtid i
landet vårt. Problemet er at panteregisteret ikkje gjev opplysning
om noko slikt. På sett å vis verkar alt som normalt, med unntak av
utskiftingsforretning og saksbehandling i forbindelse med auksjon og
sal av Hatlehol Indre til Halvor Abelset på Magerholm. Ebbe var
ingen sjølveigar og det var difor ikkje noko dramatisk i dette. Det
var altså eit eigerskifte i Ebbe si tid, men den kom ein god del år
seinare. Det er også interssant at eg ikkje kan finne hald for
påstanden om bygsling av husa i 1820. Rett nok er det eit dokument
som er registrert i panteregisteret på datoen 1. mai 1820, mellom
Ebbe og Kjøpmann Mechlenburg i Vegsundet, men det er nok heller
snakk om tinglysinga av husmanskontrakta. Den handskrivne teksten er
såpass utydeleg at eg ikkje kan tyde den skikkeleg. Det finst ikkje
noko anna tinglysning i 1818 eller 1819, så då er det nok truleg
at det er ei slik kontrakt.
Ebbe
Olsen hadde ikkje nokon odelsrett, for han var fjerdemann i rekka.
Han hadde truleg ikkje vore særleg gamal når han måtte ut i
tjeneste for første gong. Det var tydelege forskjellar på å vere
gardbrukar eller plassemann på denne tida. Plassemannen kunne ha frå
omlag halvparten til under ein fjerdepart av inntekta som ein
gardbrukar. Gardbrukar er eigentleg litt missvisande i vår bygd, for
her var mange bygselsmenn, og sjølv bygselsmenn på ein større gard
kunne slite med å få endane til å møtast.
Eg har
har også søkt i digitalarkivet etter teikn på at Ebbe Olsen
Hatlehol kunne ha knytt venskap til ein eller fleire i Sjursgarden.
Desse gardane låg tett samman i det gamle fellestunet, eller
klengetunet som det også vart kalla. Ebbe kan difor ha kjent godt
både til gardsfolket og kårfolket. Kolbein var også fadder til
Ebbe. Ole Nilsen i Sjursgarden var berre 5 år yngre enn Ebbe, og tok
over garden i 1825, men eg kan ikkje finne registreringa av
giftermålet til Ole og Andrine Christiane Arnesdotter /1799-1862)
frå Skaret på Nedregotten. Andrine gifte seg om att to gongar til,
men begge desse kom utanbygds frå, og her er naturleg nok ikke Ebbe
registrert som forlovar.
Men det
er kring det andre giftermålet med Knut Olsen Kirkebø (1802-1840)
frå Lassegarden på Sula at Ebbe vert registrert i dokumenta kring,
arveskifte, kjøp og sal i Sjursgarden.
På
leitinga etter den manglande biten i puslespelet Har eg søkt i det
meste av barnedåpar, giftemål, og andre handlingar der det kan vere
mogeleg å finne indikasjon på at Ebbe kan ha hatt nær kontakt med
ein eller fleire i Sjursgarden. Ingen av borna til Ebbe, som eg har
funne, har hatt fadderar av Sjursgard-ætt. Det er sjølvsagt ei
mogelegheit for at Ebbe kan ha fått fleire born enn Agnete Olave
Bergithe i 1823 og ein dødfødt gut i 1827. Det betyr at eg ikkje
kan seie med 100% sikkerheit at ingen i Sjursgarden har vore fadder
for nokon av borna til Ebbe Olsen Hatlehol.
I dei
søka eg har gjort kring Ebbe si rolle som forlovar, så har eg kun
funne to registeringar i kirkebøkene. Begge funna er frå Kirkeboka
for Ørskog. 10. juni 1838 var han forlovar og medhjelpar til Rasmus
Halsteinson Ekenaas frå Eikenosa. Bruda var Else Jacobsd. Lande, som
hadde den kjende Kirkesanger og læraren Lars Strømme til forlovar.
9. november 1840 var han på nytt forlovar sman med Rasmus
Halsteinson Eikenaas frå Eikenosa. Denne dagen Gifte enka Berthe
Elene Knutsdotter på 44 frå Vestre seg om att Thore Olaus. Jacobs.
På 33 år Frå Lande. Berte var på denne tida bufast i
Eikenosvågen.
I jakta
etter forbindelse, finn eg etter kvart den første samanhengen mellom
Ebbe og sjursgard-ætta. Andrine Cristiane Arnesdotter Nedregotten
Emlem gifte seg som kjent til Sjursgarden og vart omattgift to
gonger. Andre gongen fekk ho sonen Andreas Ole Johan Knutsen Emlem
(1834-1922), som vart odelsgut på garden, og deretter Lars Carolus
Knutsen Emlem (1837-1846), som døydde tidleg. Han hadde ein fadder
som heitte Olave Olsdotter Nedregotten (1802-1881) frå Skaret. No er
ikkje dette særleg revolusjonerande, for Andrine kom frå denne
garden sjølv. Mora Laurentze Larsdotter (ca. 1760-1835) var først
gift med Arne Ellingsen Åkernes (d. 1798) som var far til Andrine.
Men då han døydde, gifte mora seg opp att med Johannes Pedersen,
som fekk bygselsbrev på Skaret i 1800. Saman fekk dei sonen Lars
Petter Johannesen, som vart bror til Andrine og gift med Olave
Olsdotter Emlem. Olave vart med andre ord tanta til dåpsbornet og
dermed eit sjølvskrive fadder-emne. Når eg sjekkar fødelsdatoen
til Olave i kirkeboka for borgund, får eg meg ein liten overrasking,
for Olave kjem frå Ebbegarden, akkurat slik som Ebbe. Dei er begge
borna til Ole Knutsen Emlem og difor også sysken. Ebbe vert med
andre ord bror til Andrine si svigerinne. Det kan forklare at Andrine
og Knut valde Ebbe Olsen Hatlehol til både vitne og hjelpesmann ved
arveskiftet etter Knut Olsen Emlem i 1841.
Det
dukkar også opp ei anna interessant sak medan eg leita etter
slektsbanda. I ein revers frå 1838 på garden Nordre Aakernes er
fleire kjende namn innskrive i teksten. Eg har enno ikkje klart å
tolke heile teksten, men registrerer at dokumentet er frå Knut Olsen
Emlem og Ebbe Olsen Hatlehol. Det er også skrive at Knut er gift
med Andrine, så det er sikkert at dette er Knut i Sjursgarden.
Vidare finn eg at det er omtala eit skifte etter «faderen Lars Peter
Johannesen» (1802-1837). Dette var mannen til Olave Olsen. I tillegg
er borna til Lars og Olave, Ole Larsen og Johanne Lisa Larsdotter
Nedregotten nemnd i dokumentet. Så vidt som eg kan tolke teksten så
vert det skrive ned at Ole Larsen (1832-1923) skulle få skøyte på
Skaret etter Besteforeldra sine. Ebbe Olsen tok truleg medansvar for
arveskiftet saman med Knut Olsen, på vegne av Olave og Andrine. Ebbe
hadde sjølvsagt ikkje krav på noko arv, men det hadde Andrine.
Det
fanst altså slektsband mellom Ebbe sin familie og Andrine i
Sjursgarden. Han vart likevel ikkje i nærleiken så rik som henne.
Dottera til Ebbe, Agnete, vart gift i Negarden på Emblem med Ole
Elias Olsen Emlem (1818-1896) Difor vart også kjøpmann Lars Olsen
Emlem arving etter Ebbe, som var morfaren hans. Det vart ikkje den
voldsomme summen akkurat. Arvebeløpet lydde på 2 ort og 18 1/2
Skilling. Arveskiftet vart signert i februar 1856, nesten eit år
etter at han døydde. Soleis har både Hatlehol Indre, Ebbegarden,
Skaret, Negarden Indre Åkernes og Sjursgarden ei felles historie.
Truleg kan enno fleire emblemslekter finne felles opphav, for eg har
ikkje sjekka alle søskena til Ebbe so nøye enno. Dette er også eit
døme på kor mykje spanande ein kan finne om ein startar å leite
litt og undre seg på iblant.