I
slutten av april 2013 var eg på tur til Færøyane. Her lever dei
gamle vestnorske tradisjonane og historiene nær like godt i dag som
for fleire hundre år attende. Dei hugsar framleis ringdansen til
minne om den gong Prillar-Guri bidrog til å stogge skottehæren, og
dei var stolte over sitt norske opphav. Den eine søndagen tok eg
turen til det gamle bispesetet Kirkjubøur, der kong Sverre skal ha
vakse opp og Olavskirka frå 1200-talet stend vegg i vegg med restane
av Magnuskatedralen, frå Norsk storheitstid. I den vesle Olavskirka
kan ein framleis sjå eit lite kikehol på den eine langveggen.
Det
vart fortalt at det vart nytta av dei spedalske, slik at dei kunne få
følge med på messa dei óg.
Medan
eg sat der, kom eg til å tenkje på vår eiga historie i heimbygda.
Kva veit eigentleg vi om verkningane av denne fryktelege sjukdomen i
vår eiga bygd? Den dagen vart eit nytt skriveprosjekt starta. Dette
har få tatt seg tid til å skrive noko om tidlegare. Rett nok har
Karl O. Emblem skrive om oldefaren sin, Elling Steffensen Emlem,, men
den store oversikta var fråverande. Etter mykje leiting i historiske
kjelder kan eg no legge fram dei aller første funna mine, og
samstundes har eg forsøkt å finne fram til litt meir kunnskap om
dei som vart råka av denne sjukdomen. Heldigvis kan me snart feire
at det er 100 år sidan sist.
Den
som har lese bibelsoge på skulen kjenner nok til minst ei historie
som omfatta dei spedalske. Truleg har historia om Lazarus vore det
einaste mange har høyrt om dei ulike sjukdomane som har fått namn
som spedalsksjuke. spilt-sjuka eller leprasjukdom. Sjølv om slik
sjukdom har hatt mest oppblomstring i varmare strok, så har ein
ikkje vore fri for den slags i vårt eige land og bygd heller.
Ein
trur at lepra-bakterien kom til landet vårt seinast i vikingtida.
Ein har påvist gravfunn etter leprasjuke på Island kring 1000 e.
kr. og i mellom anna Irland har ein funne sjukehus heilt tilbake til
700-talet. Truleg var det ei rekke sjukdommar, og særleg
hudsjukdommar, som fekk fellesbeteikninga «spedalsk» eller «Spilt»
i tidlegare tider. Psoriasis og skabb kan ha vore to av desse.
Etter
kvart som forskninga for alvor skaut fart utover 1800-talet, fann
ein også fram til smittekjelda, lepra-bakterien, eller
«Mycobacterium Leprae». Det var nordmannen Gerhard Henrik Armauer
Hansen som klarte å beskrive den for første gang i 1873. Sjukdommen
vart delt inn i to hovudkategoriar. Den tuberkuloide forma vert også
kalla «Glatt spedalskheit», medan den mest kjende forma var den
lepromatøse. Denne forårsaka utslett og veskefylde utbulingar på
huda, som etter kvart utvikla seg til knutar. Infeksjon-sjukdommen
angreip særleg hud og nervar og kunne verte særs smertefullt for de
som vart råka.
Bygdeboka
fortel om nokre av dei som vart råka i bygda vår. Så reint mange
har det neppe vore, men utfordringa er at denne kjelda kun tek for
seg dei som har tatt over eller drive gardsbruk i bygda vår. Mindre
husmannsplassar utan jord og øvrige slektningar er ikkje omtala. Eg
har klart å finne fram til nokre fleire enn dei som Borgundboka
omtalar, men det har ikkje vore enkelt å finne fram til dei som
døydde før 1856. Etter det året vart det oppretta eit nasjonalt
register, og det har forenkla arbeidet mitt betydeleg. I det neste
kapittelet vil du finne omtale av dei som eg har funne fram til so
langt. Teksten vil verte oppdatert etterkvart som nye namn vert
funne.
Magerholm
Bruk II
Jakob
Klemetson Magerholm (d.1640) vart fødd på Magerholm på den tida då
hovudbruket var delt i to, frå 1603-1830. Faren, Klemet Magerholm
var den første under denne ordninga. Klemet sin bygsla del vert for
ettertida kalla bruk 2, men det er mogeleg at det på den tida vart
kalla foreksempel «Klemensbruket på folkemunne. Stemmer
opplysningane i bygdeboka så delte Jakob denne gardparten av
Magerholm med bror sin, Lars, i 1620. Far deira døydde i 1610, og då
var gutane ikkje gamle nok til å ta over. Mor deira dreiv difor
garden fram til gutane vart vaksne. Så vidt som eg har funne ut, så
tok dei over i 1620. Det er dermed mogeleg at Jakob og Lars kan ha
vorte fødde etter 1603 ein gong. I så fall vart ikkje Lars særleg
gamal etter notidas målestokk. Det stod ikkje betre til med Jakob
heller, for han døydde som spedalsk. Jakob var truleg ikkje spedalsk
heile livet, for han fekk ein son som heitte Klemet Jakobson
Magerholm og som var brukar på farsbruket kring 1650-1691. Han finst
og i skatteregisteret for 1658. Korleis Jakob vart smitta, fortel
kjeldene ikkje noke om. Magerholmen var truleg allereie på denne
tida «skysstasjon» Herifrå kunne ein komme seg over fjorden med
båt, og truleg vidare innover mot Honningdalsnes, Langskipsøya og
Tysse også. På denne tida var det kanskje ikkje så mange reisande,
men det var ei tid med stor tømmereksport til Europa. Magerholm var
på Jakob si tid eigd av Rosenkrantz-godset. Det vart truleg seld
tømmer i stort monn frå denne garden også, for i 1667 var det
berre skog til eige brensel attende. Det er vanskeleg å spekulere i
om Jakob kunne ha vorte smitta av nokon utanfrå bygda, men det er
sjølvsagt ei viss mogelegheit for det. Det er grunn til å tru at
fleire enn Jakob vart smitta også, men det finst ingen digitaliserte
kirkebøker frå denne tida som kan bekrefte eller avkrefte
påstanden.
Magerholmneset
Denne
vesle husmannsplassen låg på neset omtrent der naustet til
hovudbruket på Magerholm ligg i dag, like ved resevekaia for fergene
. Husa skal ha stått like oppunder hammaren, og kanskje kring staden
der vegen til Magerholmdalen har vorte bygd. Sivert (Syver?) Olsen
Magerholm (1836-1876) var den andre og siste plassemannen på neset.
Han var storebroren til Kristen Magerholm, og sonen til «Parat-Ole»
oppe på Paraten, eller Bøen, som garden vert kalla i dag. Morfaren
til Sivert og Kristen heitte Halvard Abelset, og var av dei rikaste
på Sunnmøre. Han skal ein gong ha kjøpt 18 gardar på ein gong.
Halvard åtte mellom anna hovudbruket på Magerholm, Magerholmvika og
fleire av husmannsplassane som tilhøyrde gardane. Men borna var
mange og fleire av borneborna endte som bygselsmenn eller husmenn,
nett slik som Kristen og Sivert. Sivert gifta seg den 12. oktober i
1862 til Magerholmneset. Kona Anne Johanne Joakimsdotter Magerholm
(1827-1905) var 9 år eldre og truleg bornebarnet til Lars i
Magerholmvika. Sivert og Anne fekk to døtre som begge busette seg i
Breivika i gamle Borgund kommune. Dottera Oline vart gift i 1894,
medan eldstedottera Johanne Susanna Sivertsdotter Magerholm
(1863-1955) reiste til Amerika og vart verande der nokre år, før ho
kom heim att. Sivert vart neppe meir enn 40 år. Han døydde som
spedalsk i 1876. I følge lepra-registeret så vart han ikkje innlagd
på noko Lepra-sjukehus. Om han budde heime heile tida er eg også
usikker på. Han rakk i alle fall ikkje å sjå døtrene sine verte
gifte, Men kona Anne var det verkeleg tak i. Ho kara seg fast inne på
neset og dreiv husmannsplassen under særleg tunge kår på eiga hand
heilt frå 1876 til 1903. Ho døydde hos dottera Oline på
Ludviksplassen i Breivika to år etter.
I
gravferdsprotokollen for Reknes Hospital i Molde 1866, finn eg også
ei Ingeborg Joakimsdotter Magerholm på 35 1/4 år som døydde 22.
juni, og vart gravlagd den 28. juni. Ho var då innskriven som «Lem
i Reknes pleietiftelse for Spedalske». Kan dette vere søstera til
Anne? I lepra-arkivet vert i alle fall fødestaden Magerholm
registrert. Ho vart også folketelt som «Ug. Lem av Stiftelsen» på
Reknes Hospital i Molde. Det tyder at Ingeborg ikkje vart gift. Ho
vart fødd i 1830, men skrifta i kyrkjeboka er ikkje særleg lett å
tyde. Eg finn berre Joakim på Magerholmneset på denne tida, så det
er mest sannsynleg at Ingeborg vaks opp på denne husmannsplassen. Ho
vart kanskje smitta av svogeren, eller kanskje var det omvendt, men i
motsetning til han, så vart ho innlagd på Lepra-sjukehuset. Det er
også mogeleg at ho vart hardare råka enn han. Samstundes skal ein
ikkje gløyme at ho var ugift, og hadde difor ingen til å ta seg av
henne. Det er mogeleg at symptoma kom tidleg, og at ho difor ikkje
vart gift, men det var heller ikkje enkelt for husmannsdøtre om dei
fekk skral medgift. Sivert gifta seg trass alt i 1862, og då hadde
han ikkje vorte smitta enno, eller så visste han ikkje at han var
smitta. Ingeborg var på denne tid 32 år og i gifteklar alder. Vart
ho smitta etter den tid, så var det truleg ikkje smitten som hadde
hindra giftermål, men vart ho råka først, så kan det stemme litt
betre. I 1865 dreiv i alle fall Sivert Magerholmneset framleis, medan
Ingeborg var innlagd allereie.
Det
er også vert å merke seg at det var innlosjert ein legdslem på
Magerholmneset når folketellinga vart gjennomført. Det var ei eldre
dame som heitte Siri Larsdotter på 73 år. Siri er ikkje registrert
som spedalsk, men det er truleg at det har vore fleire på legd som
har vorte innlosjerte på Magerholmneset. Årsaka til at legdlemmar
vart busett ei tid på denne vesle husmannsplassen kan vere at dei
rikare bøndene ikring kan ha betalt ekstra for å sleppe å ha dei i
eiga hushaldning. Kanskje fekk Sivert ein liten slant ekstra for
bryderiet. Ein kjenner til minst ei historie frå bygda, der ein vart
smitta av legdslemmen på garden. Ein kan difor ikkje sjå heilt bort
frå ei slik mogelegheit. Kanskje var det slik at den hendinga sette
eit støkk i sambygdingane og at det vart husmennene si oppgåve å
ta seg av dei spedalske, dersom dei rikaste bøndene hadde råd til å
betale seg frå denne oppgåva. Ein kjenner til liknande ordningar
ved utskriving av soldatar, men det er viktig å påpeike at dette
kun er ei i hypotese enno.
Magerholmvika
Halvor
Olsen Magerholm (1832-1867) var broren til Sivert Olsen Magerholm på
Magerholmneset, og sonen til «Parat-Ole» eller Ole Knutsen
Magerholm. Halvor hadde fått skøyte på bruket frå faren i 1851.
Halvor var sjukeleg og måtte seie frå seg garden. Han fekk eit
slags kår hos Lars Larsen Frøysa (f.1818) frå Sykkylven. Lars
syntest at kårytingane til Halvor vart for tunge, og valde heller å
starte som fargar i Volsdalen i staden. Halvor bygsla då frå seg
garden til broren Knut Andras Olsen Magerholm (1840-1886). Broren
knut, vart på folkemunne kalla «Vika-Knut». Han dreiv bruket godt.
Han hadde i 1868 både 7 kyr, 12 sauer og ein halv hest. Knut drukna
på veg til dampbåten D/S Robert i Tussvika kring 1886. Halvor
fekk rett på å bruke den eine stova på garden, og han fekk eit
jordstykke på «Haugen», men han klarte truleg ikkje seg sjølv mot
slutten.
I
1865-tellinga vart Halvor registrert som «fødreådsdreng» hos
faren oppe på Paraten. Det vart ikkje nemnd noko om at han var
spedalsk. Kanskje budde han der oppe for å få hjelp av foreldra
sine.
Det
kan også vere ei anna årsak. I 1865 var Nils K. Knudsen, sonen til
Vika-Knut eit år gamal. Barnedødeligheita var framleis høg og ein
skal ikkje sjå bort ifrå at dei hadde byrja å sjå nokre
samanhengar når talet på dei som vart råka hadde vorte så høg i
den same slekta på Magerholmen.
Det
kan vere grunn til å tru at slikt vart diskutert i bygda i samtida
også. Allereie i 1854 hadde resultata av den første
lepra-forskninga blitt publisert. Her vart også slektskap peika på
som medverkande årsak. Dette var på ei tid før ein byrja å snakke
om bakteriesmitte. Kanskje var det slik at Halvor ynskte å vise
hensyn i det første kritiske leveåret til nevøen sin? Ein veit at
sjukdomen og mogelegheiter for å verte frisk vart diskutert allereie
før 1850, så det er kanskje ikkje heilt usannsynleg at ein hadde
tankar om både overføring av sjukdommen og årsakssamanhengar.
I
kirkeboka vart det likevel skrive at han budde i Magerholmvika det
året han døydde, i 1867. Det var berre to år seinare, og kan til
dels motstride hypotesen min. Halvard hadde kanskje fått tilbod om
å verte lagd inn på Reknes hospital dei siste åra, men han valde
likevel å bli buande heime, til trass for at dette var ein frykta
sjukdom i samtida. Han fekk med andre ord bu på Magerholm livet ut.
Det får ein også til å tenke på om det var dei utan nokon til å
sjå etter seg og dei som først og fremst vart råka av den knutete
og dermed mest synlege varianten av spedalskheit, som flytte
heimanfrå.
Gurine
Lovise Halvorsdotter Magerholm er den siste i magerholmslekta som eg
har funne so langt.
Ho
vart fødd i 1859 og dottera til Halvor. Dette var før han tok kår
hos broren, Knut. Halvor vart aldri gift, men det er mogeleg at han
allereie var smitta. Det vil i så fall vere grunn til å tru at han
ikkje visste det sjølv enno. Mora var ungjenta Ingeborg Thomassine
Nilsdotter Rødsetreit. Kanskje var ho tjenestejente enten i
Magerholmvika, eller på ein av dei nærliggande gardane. Det fall
truleg ikkje i god jord at Halvor fekk ei uekte dotter, men så reint
uvanleg var den slags heller ikkje. På den tida sa også
bygselmannen til Halvor, Lars Larsen Frøysa frå seg
bygselsansvaret. Det vart for vanskeleg å finne nok utkome på
bruket. Kanskje var det fordi han såg at no vart det fleire en
Halvor som skulle forsørgast? Det kan vere grunn til å tru at
Halvor ikkje hadde giftermål i planane, det vart i alle fall ikkje
slik. Men broren Knut kom Ingeborg til unnsetning, og han gifta seg
med henne i 1861. Eg trur neppe at det var av medynk. Gurine fekk
vekse opp hos onkelen og stefaren, Knut, i Magerholmvika, med faren
buande på same bruket. I 1865 vart ho i alle fall registrert på
garden. Den 10 mai 1874 vart ho konfirmert, men staden var ikkje i
Borgundkirka. Ho hadde vorte råka av den same sjukdomen som faren,
Halvor. Ho var allereie innlagt på Reknes Hospital på avdelinga for
dei spedalske. Her hadde ho nok fått god tid til å forbereie
konfirmantoverhøyringa. I alle fall fekk ho karakteren «Meget
godt», som den einaste på kullet sitt. Kun tre år seinare, før ho
rakk å verte 18 år, døydde Gurine på Reknes i Molde den 7. april
1877. Truleg vart ein onkel på morsida også smitta. Eg finn i alle
fall ein Nils Martinus Nielsen Rødsetreit som død i 1872. Då budde
han som spedalsk på Reknes.
Elvemyr,
bruksnr. 8 under Nedregotten
Denne
plassen er utskild frå Guttormgarden på Nedregotten. Det vart først
nytta som kårstykke av Guttorm Knutsen Nedregotten (1816-66) og
Johanne Sivertsdotter (d. 1859) frå 1857. Guttorm var den som ga
namn til «Guttormgarden». Den eine dottera hans heitte Karen Helene
Lovise Guttormsdotter Nedregotten (1838-1910), og gjekk for å vere
den finaste jenta innanfor Flisneset. Ho vart gift i 1864 med Sevrin
Larsen Fremmerhus (1835-1905) frå Stranda. Han hadde kome til bygda
som dreng eit år tidlegare og vart betatt av denne jenta. Dei bygsla
etter kvar Guttorm sitt kårstykke for 1 Speciedalar og 4
arbeidsdagar for året. Sevrin vart sjuk og overlet Elvemyr til sonen
i 1895. Karen fekk ein verre sjebne, ho vart spedalsk. Resultatet av
eit nærmare søk i kirkebøkene kan tyde på at ho ikkje vart smitta
så veldig tidleg. I såfall har inkubsjonstida vore lang, for ho
rakk å sette 5 born til verda etter at ho hadde gifta seg. Carl
Johan var eldst, og truleg ogå årsaka til giftermålet. Deretter
kom Lovise, Andrine, Sivert-Elias og Berntine med omlag 2 års
mellomrom. Det som er rart med denne historia, er at ho ikkje vart
nemnd i lepra-arkivet, og i kirkeboka for 1910 finn eg ei kårkone
som heitte Karn Guttormsdatter Nedregotten, men ho døydde av astma.
Det står ikkje nemnd noko om at ho var spedalsk, men det vart heller
ikkje budsendt nokon lege. Det er mogeleg at ho hadde fått den
tuberkuløse varianten som ikkje var så synleg, men det er også
mogeleg at det hadde vorte konkludert med at ho ikkje var spedalsk
før ho døde i 1910. Kanskje var det ein annan hudsjukdom, om ho
hadde noko slit i det heile tatt. Bygdeboka oppgjev inga kjelde for
historia, og soleis kan ein kanskje tvile litt. Eg har i alle fall
ikkje funne andre tilfelle på Elvemyr.
Steffågarden
Elling
Steffensen Emblem (ca 1806-1849) var den siste brukaren av både
Steffågarden og Jakobgarden, i eit samanhengande stykke som den gong
heitte kun Steffågarden. Elling var gift med Mali Rasmusdotter
Bukkeskinn, frå Hjørundfjorden.
Oldebornet, Karl O. Emblem
fortalde at Elling var så uheldig å verte smitta av ein legdekall
som bodde ei tid på garden. Dette skulle ha vore kring 1850. Han
hadde høyrt at det skulle vere ei von om å verte frisk dersom han
kom seg til Kristiania (Oslo). Elling fekk vere med ei jekte sørover,
men heimatt måtte han gå. På vegen heim la han merke til at
bøndene på austlandet nytta hjul på køyrereiskapen. På våre
eigne trakter var sleden fortsatt i bruk, sommar som vinter. Vel
heime tok han til å lage seg ei liknande vogn. Dette vart den første
høyvogna i Emblemsbygda. Oldebornet fortalde vidare at den vart
ferdig like før han døydde. Etter ei tid med leiting i kirkebøkene,
har eg truleg funne ein «garmand» med namnet Elling Steffensen
Emlem som døydde i 1849. Han er innskriven i Ministerialboka for
Borgund og Giske sokn (1848-1858). Stemmer dette, så gjekk tida fort
frå han vart smitta og til han døydde. Det kan også stemme
overeins med med det som oldebornet Karl fekk høyre. Elling vart
registrert som far i 1845, og var kanskje også frisk på den tida.
Sjukdommen hadde i alle fall ikkje brote ut enno. Frå 1845 til 1849
gjekk det altså berre fire år. Det kan kanskje fortelje oss noko om
kva type spedalskheit han vart råka av også. Etter at Elling døydde
vart Steffågarden delt i to delar, Steffågarden og Jakobgarden. I
Bygdeboka er tidspunktet sett til 1854, medan dødsåret for Elling
var 1853. Eg finn ikkje nokon slik gravferdregistrering, hverken i
Borgund, Bergen, Oslo eller på Reknes Hospital i Molde. Det er difor
mogeleg at den datoen er uriktig. Mykje tyder nemleg på dette.
Knut
Steffensen Emblem (1826-1869) var broren til Elling
Steffensen, og dessutan sonen til Steffen Steffensen frå Gjørva i
Geiranger. Steffen hadde drive Steffågarden tidlegare, og var den
som vart teken ut av arresten i Kolvika under bondeopprøret i 1816.
Knut bygsla Steffågarden i 1854 og nytta gamlehusa på bruket. Han
var gift med Anne Marie Martinusdotter Breivik frå Blindheim
(1824-1900). At Knut var spedalsk, er det lite tvil om. Han levde
lenger enn Elling, og vart difor registrert i Lepra-registeret som
vart oppretta i 1856. Korleis han vart smitta, veit eg ikkje, men han
tok over den delen av farsgarden om framleis heitte Steffågarden og
det var altså etter att Elling var død. Det er vanskeleg å fastslå
noko sikkert, men det er mogeleg at han kan ha vorte smitta av bror
sin. Knut og Anne Marie fekk ingen born, så det vart dottera til den
tidlegare nemnde broren Elling som tok over gardsbruket.
Antonesgaren
i Emblemsvågen
Helene
Olsdotter Emblemsvåg (ca. 1795-1863) var gift med Anders Rasmussen
Rørhus (1795-1875) og dei dreiv bruket frå 1820-1849. Kanskje var
Helene dottera til den tidlegare brukaren Ole Monsen Hundeidvik (ca.
1750-1825) som tok kår i 1820. Helene vart spedalsk. Ho vart ikkje
sendt til Reknes, men vart registrert i Lepra-arkivet. Ho døydde
truleg heime på Emblem.
Lovise
Marta Antoniusdotter Emblemsvåg, vart født 10. april 1849 i
Emblemsvågen, og døypt 28.11. 1850. Ho var dottera til Antonius
Johannesen Emblemsvåg (1825-1920) frå Spjelkavikneset. Lovise var
altså ikkje i slekt med Helene, sjølv om dei har budd på samme
gardsbruket. Dei budde kanskje på bruket begge to i ei kort tid, men
det er like truleg at dei ikkje møttest nokon gong også. Lovise
døydde i Bergen i 1924. I kirkeboka vert det skrive at ho bodde hos
«Pleiestiftelsen for spedalske i Bergen» og at ho vart begravd på
Møllendal Kirkegård i Bergen den 2. mai 1924, 5 dagar etter at ho
vart erklært død. Lovise vart aldri gift, og ho var truleg den
siste frå bygda vår som var spedalsk, då ho døydde. Med Lovise
sin død i 1924 vart også eit kapittel med lepra-sjukdom endeleg
avslutta i Emblemsbygda. Me kan neppe klare å forestille oss kva
slags lidelse desse har vore gjennom.
Oppsumering:
Sjølv
om funna i beste fall er mangelfulle, så er dette i alle fall ei
fullstendig registrering av sjukdomsutbrota i bygda vår etter 1856.
Det er verdt å merke seg at Elling, som døydde i 1849, ikkje vart
innlagd nokon stad, og han vart heller ikkje registrert som spedalsk
eller «spilt» i kyrkjeboka. Ser ein nøyare etter, så finn ein at
ingen dødsfall på denne tida vart oppført med nokon årsak i det
heile. I bygdeboka vart ikkje Elling omtala som spedalsk, men der er
det lkeel så mange faktafeil at det ikke vil vere mogeleg å nytte
denne kjelda som noko «sannheitsvitne». Det er grunn til å tru på
Karl O. Emblem si fortelling. Han har synt seg som ein særs
interessert og nøyaktig lokalhistoriegranskar. Kjelda hans var
bestemora, som skulle ha meir enn god nok førstehandskjennskap til
farens skjebne.
Det
som er vansklegare å fastslå, er kor mange andre tilfeller som der
har vore i tida før 1856. Elling skulle ha vorte smitta av ein
«legdekall». Om dette var nokon med opprinnelse frå bygda, er
vanskeleg
å seie noko om. Som regel har det synt seg at mange av desse kom frå
nærliggande kommuner. Det er mogeleg at nokon av dei som vart
registrerte som «legdlemmar» kan ha vore spedalske, eller hatt
liknande hudsjukdomar, utan at dei vart lagd inn på institusjonar,
som Reknes Hospital eller St. Jørgens Hospital i Bergen. Det kosta
også pengar å verte lagd inn på St. Jørgens Hospital. Det var nok
ikkje alle som hadde råd til den slags. Andre vart innlagd først
når sjukdomen var komen så langt at dei ikkje greidde seg sjølve.
Dessutan måtte ein ha samtykke frå anten lege eller presten på
heimstaden. Dei måtte også gå god for at sjukehuset fekk betalt
«innlemmelses-pengar» I 1751 var den påkrevde summen frå St.
Jørgens Hospital på heile 18 riksdalar per år, og tilsaman omlag
36 riksdalar for den som levde i to år. Etter desse to første åra
slapp ein å betale meir, men det kan ikkje ha vore lett å skrape
saman så mykje pengar. Enno verre vart det om fleire i same familie
vart smitta.
Registreringa
av dei spedalske etter 1856 syner også ein tendens, der fleire frå
same slekt og gard har vorte smitta. På Magerholmen er det rett nok
ikkje berre snakk om ein gard, men det var slektsforhold mellom dei
som vart smitta i Magerholmvika og på Magerholmneset. Desse funna
går godt i hop med Daniel Cornelius Danielsen sitt skrift frå 1854,
«Den spedalske Sygdom, dens Aarsager og dens forebyggelsesmidler»,
der han oppsumerte sine 15 år med forskning. Han kunne mellom anna
konkludere med at:
«naar først den spedalske Sygdom er kommet
ind i en Familie, saa utbreder den sig til alle Sider, og det paa en
saa rædselsfuld Maade, at intet Lem længre kan vide sig sikkert».
I tida etter 1856 gjekk sjukdomen attende i landet vårt.
Det har vorte peika på at den auka institusjonalieringa og
interneringa av dei lepra-sjuke kan ha vore ei medverkande årsak.
Sjukdomen smitta gjennom dråpesmitte og med eit auka fokus på
sjukdommen og forskning, så
kunne ein også forebygge etter kvart. Frå 1856 til
1875 vart talet på registrerte spedalske redusert frå 2958 til 1752
og frå 1900 til 1910 gjekk talet ytterligare ned frå 577 til 310. I
1950 var det berre registrert 8 tilfeller att i Norge og i 1957 vart
den siste overlegestillinga lagd ned. Det har vorte registrert nokre
få tilfeller etter den tid, men desse tilfella har vore knytta til
invandring.
Kjelder:
Biblioteket
for juridiske fag:
http://www.ub.uib.no/avdeling/jur/arkiv/spedalsk.htm
Blom,
Kari:
"De
fattige Christi lemmer" : Stiftelsen St. Jørgens historie».
Publisert av Stiftelsen St. Jørgen, Bergen 1991
http://www.nb.no/nbsok/nb/983dffd72bd0de6b3dec6b5aa3165ccc?index=5#0
http://no.wikipedia.org/wiki/Spedalskhet
Digitalarkivet:
www.Digitalarkivet.no
Direktøren
for det civile medicinalvæsen: «De spedalske i Norge», Beretning
for femaaret 1911-1915. Norges officielle statistikk VI. 108
http://www.ssb.no/a/histstat/nos/nos_vi_108.pdf
Folkehelseinstituttet
si smittevernhandbok på nett:
http://www.fhi.no/eway/default.aspxpid=239&trg=Content_6493&Main_6157=6287:0:25,5499&MainContent_6287=6493:0:25,6833&Content_6493=6441:82808::0:6661:71:::0:0
Kirkeprotokoll
for Bolsø Prestegjeld, Reknes hospital 1818-1868
News
Medical sin nettside:
http://www.news-medical.net/health/What-is-Leprosy-(Norwegian).aspx
Statsarkivet
i Bergen: «Lepraregisteret 1856-1956»:
http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lepraregister&sideid=284&storleik=150
http://da2.uib.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=lepraregister&sideid=285&storleik=150
Øverlid,
Ragnar; «Borgund og Giske Band II: Gardsoge 1-51» Borgund og Giske
bygdeboknemnd
1961.