HUSMENN I BYGDA KRING 1800

Husmannshistoria i Emblemsbygda kring 1800

Historia om husmenn og husmannsplassane har vore eit forsømt kapittel i bygdehistoria vår. Eit eksempel på dette er folketellinga frå 1801 der ein har registrert heile 3 husmenn uten jord, medan bygdeboka ikkje nemner dei med eit ord. Det er på den andre sida skrive om Plassevågen at det er nemnd fleire husmenn under Emblemsvågen kring 1600, men at ein ikkje veit kvar dei budde eller om dei hadde jord. Eg ynskjer å sjå litt nærare på det som er å finne om husmenn kring 1800 og sjå nærare på nokre hovudtendensar. Det er ikkje så mykje å finna, men det finst ei folketeljing som kan bidra eit stykke på vegen.

I 1801 kom den første folketeljinga der ein valde å registrera alle i landet systematisk etter gard. Tidlegare hadde slike teljingar som formål å gi oversikt over soldatar eller kva jordegods som fantest, og kva som kunne skattleggast av mellom anna kongen. Dei som åtte fleire gardar eller skulle krevja inn skatt hadde nok brukbar oversikt over sine eigne, men med denne folketeljinga kan ein også i ettertid få ei meir nøyaktig oversikt over dei fleste innbyggjarane i landet.

Historikaren Tore Pryser peikar likevel på det faktum at ikkje alle teljarande var like nøyaktige, og at det er mange feil i materialet. Det er mellom anna ikkje alle som har ført opp meir enn hovudyrke, og for husmannen vart kanskje ikkje eingong dette registrert utanom kva stand han var frå. Ein veit då ikkje om foreksempel husmannsplassen var hovudinntektskjelda, eller om det kanskje var fleire andre innektskjelder ved sidan av. Det er difor stor skilnad på om ein er husmann utan jord med anna inntekt enn litt fiske, eller om dette er snakk om ein sjømann eller kanskje skipper som hadde fått sett seg opp ei lita stove på heimplassen. Slike skipperstover har funnest langs heile kysten og der har det ikkje nødvendigvis vore noko armod å spore.

I 1801 er det få husmenn i Emblemsbygda. Reknar ein med Hatlehol og Flisnes, så finn ein kun 10 plassemen og husmenn. Dei fleste finn vi på Hatleholen, Fureholmen og i Eikenosvågen, der det er kun 6 brukarar i alt og alle er husmenn eller plassemenn. Lenger inne finn vi 3 husmenn utan jord på Nedregotten, medan den siste finst i Emblemsvågen. Eg finn ikkje nokon opplysningar om dei jordlause husmennene i Gardsoga for Borgund, og det er heller ikkje opplyst om kva som er hovudintektskjelda til desse. Det eg derimot veit, er at Nedregotten vart skild frå garden Østrem og kan ha vore gammalt utmarksbeite mot sjøen i eldre tider. Nedregotten har alltid hatt utmarksbeite på Emblemsfjellet, men teigane har vore så små at det neppe har vore grunnlag for å spe på inntekta med mellom anna kolmilebrenning slik dei seinare plassemenn på Magerholm fekk lov til. Utan jord, har dei nok heller ikkje hatt nokon tørkeplass for fisk, slik som var vanleg måte å behandle fisken på, så at han skulle halde seg som mat for huslyden utover året.

Ein sit dermed att med nokre mogligheiter. Det kan ha vore ein husmanssavtale som gav rett til tørkeplass for fisk, og endå til andre rettar, som skulle sørge for livberging for husmanssfolket, for det er ikkje noko som tydar på at det er snakk om slekt, om ein samenliknar etternamna. Det kan og ha vore snakk om husmenn i namnet, men at dei hadde andre inntekter og kunne leva et godt liv. Ein skal likevel hugsa på at byrjinga av 1800-talet ikkje var nokon god periode for den som dreiv gardsbruk. Dette var ei tid før poteta kom for alvor og fleire kornhaustar slo feil. Etter kvart vart også Danmark/Norge boikotta og handelsforbindingane mellom dei to landa fysisk stengde av, då vi stod på feil side under Napoleonskrigane. Resultatet vart hungersnød og barkebrødtid for mange i landet vårt. Emblemsbygdarane var likevel litt bedre stilde enn dei i innlandet, sidan det var god tilgong på fisk rett utanfor stovedøra.

Årsaka til at det var såpass mange husmenn og plassemenn lenger vest i bygda, var at dette var temmeleg nye bruk, som nett var rydda og fleire av dei var berre nokre tiår gamle. Fleire av desse plassane vart frådelt garden Eikenos som eigne bruk kring 1818. sidan desse bruka vart frådelte, og seinare sjølvstendige så har vi litt meir opplysningar om dei i gardsoga. Eg vil nytte høvet til å sjå litt nærare på plassane på Hatlehol, Fureholmen og Eikenosvågen. (Fureholmen er markert som eigen stad i 1801-tellinga men ifølge Borgundboka var plassen ein del av Eikenosvågen).

Hatlehol bestod kun av to husmannsplassar, men med to svært forskjellige plassemenn. Dei vart rydda mellom 1750 og 1770, og var for nye bruk å rekne. Det eldste av dei to var Hatlehol Indre, bruksnr. 1, der Didrik Einarsen (1720-1771) frå Store-Kalvøy heldt til. Han hadde tidlegare hatt eit bruk på Eikenos, og flytte ned og rydda seg ein ny plass under Eikenosa. I 1769 skriv presten i Borgund at han kan lese, men at kona, Inger Larsdotter (d. 1788) er betre opplyst. Då han døydde var buet fallit, men kona dreiv plassen vidare nokre år.

På Hatlehol Ytre bruksnr. 2, fann ein Lars Pedersen Fureholm (1710-1779). Av presten vart han omtala som vankunnig, har få bøker og «øver liten gudsfrygt, forsømmelig med deres børn at holde dem til skolen». Borna som då var 12 og 14 kunne ikkje lese. I 1771 var Lars dømd for tjuveri av 5 klippfiskar hos Mons Doran i Grimmergarden. Lars vart dømd til 21 slag, skulle betale gjeld og tvigjeld, og «have sit hovedlod forbrudt til Kongen». Lars måtte gå frå plassen og buet viste 34 riksdaler i underskot. Han vart buande på plassen, men døydde i stor armod. Den neste brukaren som let han få bu vidare var og fattig. I 1775 var han så forarma at han måtte «betle sitt brød paa bygden». Den neste brukaren, Lars Pedersen Store-Urke, er nemnd i 1801, døde som fallit i 1813, eit av dei store kriseåra i landet.

Det stod ikkje særleg betre til på Fureholmen. Her vart plassen rydda i 1739, og den andre brukaren, Lars Pedersen (ca. 1705-76) som overtok berre eit par år seinare, måtte pantsette heile garden, som ikkje hadde dyr. Han flytte like etterpå, og rydda plassen Hatlehol Ytre. I 1798 måtte Rasmus Rasmusen låne 77 riksdalar med pant i garden. Dokumentet syner vidare at det kan hende var fiske dei livberga seg av. Det var med andre ord ikkje særleg stridt på dei nye plassane under Eikenosa, og tida kring 1800 var kanskje av dei skrinnaste tidene for den som var avhengig av godt sommarvér for å overleve.

I Eikenosvågen låg plassane Torevågen og Olevågen. Ole Pedersen (ca1705-77) var første plassemann i Torevågen og dreiv tydlegvis plassen sin temmeleg godt. I 1761 bytte han bruk med med Lars Larsen oppe på Eikenosa. Byttet vart omgjort 5 år seinare og Ole flytte nedatt, der sonen hadde teke over plassen. Presten skriv i 1769 at Ole «lever uforligelig med sin søn, og bør straffes for sit ufredelige levned.» I følge Borgundboka livnærte Ole seg som fiskar og smed. Han hadde og ein annan son som heitte Knut Olsen. I justisprotokollen i 1771 står det at han hadde blitt arrestert to gonger for tjuveri. Han hadde rømt frå fengselet og stole på nytt. Han skulle ha lagt seg på skogen med hest, og hadde holer i utmarka der han gøymde tjuvgodset sitt. Knut vart dømd til å brennmerkast i panna, «kagestryges», og settjast i jern på næraste festning på livstid. Faren hadde truleg hjelpt sonen sin og vart også dømd. Han «skal miste sin hud i fengselet, og have sit hovedlod forbrudt». Ole vart dermed fallit i 1771. Sonen Peder Olsen (1733-1802) vart karakterisert som ein som «øver liden gudsfrygt» og har få bøker, men klarte seg etter forholda temmeleg bra som plassemann.

Jakob Knutsen Emlemsvåg (1727-72) rydda plassen Olevågen kring 1755. I likheit med dei andre plassemennene ikring seg så var det nok både nødvendigheit og kanskje litt eventyrlyst som lokka.Han hadde ingen gard å ta over på odel, og vart heller ikkje gift til nokon gard, så då måtte han prøva seg som husmann i staden. Presten skreiv i 1769 at han og kona Mein Hansdatter Valderhaug ( f. 1736) hadde liten kunnskap, men heldt borna til bra opplysning. Dei var fattige, men strevsame, og fekk stadig hjelp av fattigkassa. Då dødsbuet skulle gjerast opp, var gjelda til handelsmann Høeg i Vegsundet på heile 115 riksdalar. Etter Jakob kom det hyppige skifte av brukarar og fram mot 1850 stod mest alle i gjeld når dei døde. Skiftet etter dei synte enten underskot eller så vidt i balanse. Dei dreiv mest fiske, og hadde få eller ingen dyr. Det var handelsmannen som berga dei, og heldt den verste svolten frå døra.

Ser me lenger innover, så stod det nok betre til i Emblemsbygda. Her var det eigentleg berre ein husmannsplass med jord, og på Østrem var det endå til tenarar på dei fleste gardane i 1801. Fleire hadde ansvar for kårfolk som i mange tilfeller var eigne foreldre. Dei er omtala som vilkårsfolk og hadde med andre ord stilt krav før dei gav frå seg garden til den neste generasjonen. Det fantest inga pensjonsordning så det var nødvendig å dokumentere at ein hadde rett på tak over hovudet, mat og kanskje hjelp, eller endå til tjenarar på dei mest velhaldne gardane. Kårkona i Steinsgarden var foreksempel blind og trengte nok ekstra hjelp då ho vart enke.

Andre gardar er og registrert med «legdslemmar». Gardane hadde nemlig ansvar for å bidra med livsopphold åt dei fattigste på denne tida. Ansvaret vart oftast delt inn etter størrelse og inntjening på gardsbruket. Det var helst dei med eigen gard eller bygsla bruk som skulle stå for husrom medan dei andre betalte ein særkilld skatt, som var personleg. Det var husmenn, kårfolk og tjenarar som skulle betale dette. For den som trong slik fattighjelp, var det ofte å verte flytta frå gard til gard, noko som ikkje kunne ha vore noko lett liv. Jon Tvinnereim fortel i Fylkeshistoria for Møre og Romsdal om at fattigfolk som ikkje var heimehøyrande i bygda, kunne sjå etter ein spesiell utskora fjøl som vart flytt frå gard til gard. Såg dei ein slik stav inni ei stove, så visste dei at dei kunne få husrom der. I Sunndalen fekk denne fjøla namnet «fattigstaven».

I all hovudsak var det slekta som tok seg av born eller eldre i slike høve, men det kunne hende at dei ikkje makta dette økonomisk, at det var nokon som til dømes var bornlaus, eller av andre grunnar ikkje kunne livberge seg. Husmannsplassane hadde mindre hushald enn gardane, og mindre moglegheit til å hjelpe slektningar utover sine aller næraste. Det var med andre ord flest menneske frå dei lavare sosiale lag som opplevde å verte legdslem. I 1801 finn vi tre. Det er Marte Olesdotter, på 46, som var ugift inderste og «Hiisløs». Dette var ei tid der ei kvinne ikkje kunne ha eiga inntekt og vart meir for husbondens eigedom å rekne. På Østrem finn ein Synnøve Knudsdotter som er 50 år, ugift og vanfør legdslem. Det er mogeleg at ho har vore ufør i lang tid, og enda til heile livet. Gunnhild Arnesdotter på 64 er registrert i Emblemsvågen, som enke og inderste. Ho «nyder almisse af sognekassen». I tillegg Finn ein Synnøve Olesdotter på 31, som er ugift og «Krøbling». Så langt har foreldra klart å ta seg av henne sjølv, men som husmannsfolk på Fureholmen og med ein far på 79, så er det nok ikkje sikkert at dei makta det særleg mykje lenger.

Dei andre brukarane i Emblemsbygda vert i 1801-tellinga omtala som «Bonde og gaardbruger», men var det eigentleg så stor forskjell på gaardbrugeren og husmannen med jord? Magerholm var den største garden og opprinneleg Prestegods. Garden hadde óg vore i blant anna Rosenkranz-godset sitt eige, og fekk ikkje nokon sjølveigar før 1814, med Jens Jensen Heltne. I 1801 var det Johan Heide som leigde ut garden på bygsel. Magerholmvika er i bygdeboka omtala som plassebruk til etter 1800, og med arbeidsplikt heilt til 1840, men dette finn vi ikkje spor av i 1801-teljinga. Dei to gardane på Aksla og garden Reiten var prestegods fram til dei vart kjøpt ut av eigarane i 1832, 1846 og 1833. Gardane på Østrem tilhøyrde i 1800 kjøpmannen Nils wind og vart leigd, eller bygsla av brukarane, med unntak av Mattisgarden som vart kjøpt av brukaren Ole Larsen allereie i 1789.

På Nedregotten stod det bedre til. Der kjøpte tre av brukarane ut gardsbruka sine i 1772. Unntaket var Sirigarden som futane Norløv og Landmark åtte til 1808. Dette er kanskje grunnen til at der finst tre husmannsplassar i 1801. Brukarane har kanskje leigd ut hustomter for å spe på inntekta si. Gardane var heller ikkje så store, så det var kanskje lettare å få lånt pengar til gardskjøpet. Handelsmann J. A. Helde åtte alle bruka på garden Emblem i 1800 og dei vart først seld på auksjon i 1809, då han døde. Handelsmannen åtte også Emblemsvågen, medan presten i Borgund åtte Røssevollen fram til 1840.

Eikenosa var eigd av Handelsmann Mecklenburg i Vegsundet, og det var med andre ord ingen sjølveigande bønder på Emblem, med unntak av Ole Larsen Emblem (f. 1756) i Mattisgarden, Johannes Pedersen på Skaret, Guttorm Paulsen Søvik (ca. 1745-1815) i Guttormgarden og Lars Pedersen (ca. 1745-1806) i Steffågarden. Dei andre brukarane hadde bygsla, men måtte betale leige til eigarane, og kunne dermed reknast som leigetakarar og ikkje som sjølveigande bønder.

Det kunne likevel vera ein viss forskjell på brukarane på bygsla bruk i motsetting til husmannsfolk. Den største skillnaden var nok mellom husmenn og brukarar på større gardar slik som Magerholmen, som var ein rimeleg stor gard i Sunnmørs-målestokk. På den andre sida så trong ikkje brukarane i Mattisgarden, og dei tre sjølveigande Nedregotten-bruka å betale leige. Dei hadde nok truleg behov for å låne pengar og å betala ned gjeld dei óg, men dersom dei åtte garden sjølve, så gjekk mesteparten av overskuddet attende i eiga lommebok.

Arne Ellingsen Åkernes, som var brukar på Skaret i fem år til han døydde i 1798, var ein slik mann. Han var godt oppe i åra då han kjøpte garden, og klarte likevel å få sett opp ny kvern, sengjabu, sel og naust. Han åtte 4 kyr, 3 kviger, 5 sauer og 4 geiter, så det var neppe dette som gav overskuddet, men han hadde i tillegg ei mengd fiskevegn og det kan bidra til å forklara litt av overskuddet. Peder Knutsen (1739-1794), som hadde vore første sjølveigaren på garden, hadde ikkje klart seg like godt og måtte skøyte frå seg bruket att etter kun 5 år.Det er mogeleg at han var for optimistisk, eller at han hadde eit dårlegare økonomisk utgangspunkt enn Arne.

Ein gard eller husmannsplass var på denne tida sjølve grunnlaget for å stifte familie med born. Det beste var sjølvagt å gifte seg til ein gard, om ein ikkje var odelsson eller hadde gard som medgift. Sjølve kvardagen var likevel temmeleg lik. Det var skarpt skillje mellom kva som var mannsarbeid og kva som var kvinnene sitt ansvar. Gardsdrifta var heilt avhengig av begge, og det var sjeldan at ein fann ugifte brukarar. Kvinnene tok seg av matlaging, vassbering, reinhald, klede, barn og dyr utanom hesten som var sjeldan på ein husmannsplass. Hesten gav prestisje omlag som dagens bilar kan gje, og difor eit ansvar som mennene tok seg av. Kvinnene hadde óg ansvar for seterdrifta.

Mannfolka tok seg av reidskap, åkrane, skogbruket og vedlikehald av garden. Dei var og pålagd millitærplikt, vegarbeidsplikt, og skyssplikt, men her var det ein viss forskjell. Bønder eller bygselsbønder frå gode kår kunne gjerne ta seg råd til å leige ein husmannson til å utføre militærtjenesta for seg, og skyssplikta like så. I 1801 finn ein husmannsonen Arne Olesen på 34 som var ugift og omtala som «afskediget soldat». Når mannfolka var borte i militærtjeneste, utførte skyssplikt, vegarbeidsplikt, eller var vekke på vinterfiske, så måtte kvinnene ta over mannfolka sitt arbeid i tillegg. På den andre sida var det utenkjeleg at mannfolka skulle gjera likeeins. Dei hadde riktig nok ansvar for jakt, fiske og sjølve slaktinga, kvenna eller brygginga, men det tidkrevande arbeidet med slaktet eller fisken var kvinnfolkarbeid. Langs kysten, og truleg også på Emblem, var mennene mykje vekk på fiske, eller hadde hyre på båtar. Det meste av året var det dermed husmannskona som var den eigentlege brukaren. Kanskje var berre mannen heime i onnene, og her var det nok neppe særleg stor forskjell på husmenn og småbrukarar, som det var flest av i Emblemsbygda.

Borna måtte tidleg i arbeid på bruket, og var dei for små til å gå sjølve så var dei likevel med, festa i eit fatle. Det var lite leik i moderne forstand. Dei måtte arbeide etter evne og hjalp tidleg til med småarbeid, gjeting og pass av mindre syskjen. Dette var også ei nødvendeg opplæring i det ein trong å kunne på tidleg 1800-tal. Dei fleste i bygda livnærte seg på praktisk gardsarbeid i ein eller anna form.

I tida fram mot den neste store folketelljinga skulle mykje endra seg. Frå 1769-1801 steig folketalet med gjennomsnittleg 0.7% per år, men dei neste 15 åra var det lav auke, og det var uår i jordbruket. Blokaden under Napoleonskrigane hindra frakt av matkorn frå Danmark til Norge. I 1809 og 1813 var det så gale at folketalet gjekk tilbake. I åra mellom 1815 og fram til utvandringa for alvor tok til i 1865 fekk vi ei stor folketalsauke og mange av husmannsplassane og leigebruka vart småbruk med sjølveigande bønder . Dette påverka også situasjonen for bøndene i Emblemsbygda. Folketallsauke førte til at fleire eldgamle plassebruk, og endå fleire nye vart rydda utover på 1800-talet. Dette skal eg sjå litt nærare på i ein annan tekst som tek for seg åra frå kring 1865 til 1910.

Kjelder:

Pryser, Tore; «Norsk historie 1800-1870, Det Norske Samlaget, Oslo 1996

Tvinnereim, Jon: Grotid i Grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal bind II 1835-1920, Det Norske Samlaget 1992

Øverlid, Ragnar: Borgund og Giske Band II Gardsoge Gardsnr. 1-51, Borgund og Giske Bygdeboknemnd 1961, Boktrykk L. L., Bergen.

Digitale kjelder:

1801-teljinga frå digitalarkivet, www.digitalarkivet.no

Av Ragnhild Hutchison, Vit. Ass. Norsk Lokalhistorisk Institutt: «Husmannens siste Svanesang», publisert i Aftenposten 14. oktober 2005, http://www.aftenposten.no/meninger/debatt/article1134535.ece

http://www.strindahistorielag.no/wiki/index.php?title=Husmannsplass

Biletet er eit utdrag frå teikninga med tittelen "Husmannsplass" av Ludvig Skramstad. Biletet vart nytta som ein illustrasjon i det engelskspråklege "Century Magazine" i oktober 1886
Biletet er eit utdrag frå teikninga med tittelen "Husmannsplass" av Ludvig Skramstad. Biletet vart nytta som ein illustrasjon i det engelskspråklege "Century Magazine" i oktober 1886