Du har
kanskje ikkje høyrt om den eingong, husmanssplassen Sagled, ved
Røssevollelva. Frå kring 1800 vart det frå høgare hald tatt til
orde for å rydde nye plassar. Sunnmørsfuten, Ole Christian Bull
ivra for ei ordning der så mange bønder som mogeleg sette av
stykker i utmarka si, slik at husmenn kunne rydde seg eigne plassar.
På denne måten kunne det verte stadig meir dyrkningsjord.
Historikaren Atle Døssland fortel at både amtmann og fut ga
husmennene mykje av æra for nydyrkninga utover 1820- og 1830-åra.
Dette stemmer rimeleg godt i vår eiga bygd også. I 1801-teljinga
var det 30 gardsbruk og plassar på Emblem, medan talet hadde auka
til heile 44 i 1865. Held ein frå dei særskilde åra med
hungersnaud og napoleonskrig, ved byrjinga av 1800-talet, så vaks
folketalet jamnt og trutt frå slutten av 1700-talet. Antal på born
som døydde gjekk gradvis ned, og stadig fleire levde opp samanlikna
med tidlegare tider.
Dei
gamle gardsbruka kunne ikkje brødfø alle saman lengre. På
Magerholmen ser ein mellom anna at sjølv dei som hadde vorte fødde
inn i ei rikmannsætt, måtte finna seg ein husmannsplass for å
klare seg. Plassebruka og fjordstovene til dei som ikkje hadde jord
låg ofte nede ved fjorden, for der kunne
dei spe på med fiske. I bunn og grunn var kosthaldet tufta på
fiskemat i ein eller anna variant. Etter
kvart vart vart også potetåkrane introduserte, og det vart lettare
å brødfø seg. Det vart også rydda fleire husmannsplassar opp mot fjellet.
Kring
1800 hadde ein kar frå Geiranger slått seg ned som gardbrukar i
Steffågarden, den gamle tunstaden til matrikkelgarden Emblem. På
den tida var alle desse gardane samla i eit felles klyngetun, og
Steffen Steffensen Gjørva (ca. 1771-1832) budde der som
gamlehuset i Steffågarden stend den dag i dag. Rett nok har
røykstova vorte riven, og huset bygd på i høgda i fleire byggetrinn
seinare, men murane er dei same. I 1801 var det berre Steffen, kona
Anne Ellingsdatter Vesterås (ca 1774-1825), frå Geiranger, ei eldre
tjenestejente på 52 år som heitte Birte Pedersdatter og Ingeborg
Olesdatter på 72, som var registrert som legdslem og «inderste».
Steffen og Anne var på denne tida kun 30 og 27 år gamle, så dette
var truleg den første plassen dei bygsla saman. Det gjekk så bra
med dei, at Steffen kunne kjøpe gardsbruket for 800 riksdaler frå
handelsmann Heide i 1812. Dette var den same Steffen som
vart fengsla og henta ut av fengselet i Kolvika med makt under
«Borgundopprøret» i 1817. For dette vart han sidan dømd til tre
års fengsel, og sendt til soning på vann og brød i Bergen i 1818.
(Du kan lesa meir om han på denne heimesida) Det kan ikkje ha vore
enkelt for Anne å greie seg på eiga hand i tre år. Truleg fekk ho
hjelp av grannane, og det var nok også til stor hjelp at Emblem
framleis var eit klyngetun, der alle måtte samarbeide om onnene på
garden. Steffen måtte i tillegg betale bot til arrestforvararen i
Kolvika, så det må ha vore knapt om pengar etter kvart.
Det er
mogeleg at Steffen si beslutning om å legge ut eit stykke av utmarka
til nyrydding av ein husmannsplass var økonomisk betinga.
Brannen i 1820, som reiv med seg to hus, sette nok også ein støkk i
brukarane. Ystebøfolket var av dei første som fekk utskifting av
jorda si og flytte husa til dagens plassering. Samstundes skal ein
merke seg at kona Anne døydde i 1825. Arveskiftet vart tinglyst i
august det same året, medan bygselskontrakta på den nye
husmannsplassen vart underskrive 25. oktober 1825. Det var med andre
ord mykje som hende på ein gong den somaren og hausten. I følge
skifteregistreringa etter Anne i panteregisteret, så hadde dei då
tre born som vart tilgodesett med arv. Elling var truleg den eldste,
og den som overtok garden nokre år seinare. Dei to andre var Peter
Martinusen og Oline Marthe. Steffen var på denne tida 54 år og
byrja å verte klar for å ta seg kår hos eldstesonen.
I
november 1825 vart bygselskontrakta på husmannsplassen «Sagled»
tinglest. Problemet er at den avfotograferte kontrakta er omtrent
umogeleg å tyde. Så langt som eg maktar å tyde den, så var det
plasseman Ole Andreassen Eidsvig som fekk rett til å dyrke opp 2
utmarkstykke på Steffen sitt gardsbruk. Det seier litt om utfordringa med den handskrevene teksten, for Ole heitte eigentleg Ole Anderson Gedevig (dp.1788-1834) og tok med dette på seg å
dyrke opp plassen til ein god standard. Samstundes skulle han
årleg ha 8 arbeidsdagar på hovudbruket, og betale ei årsavgift på
1 speciedaler. Kontrakta vart bevitna av naboane Ole Olson Emblem og
Ingebrigt Hanson Nedregotten. Den tinglyste bygselskontakta er
temmeleg kort og rimeleg fri for spissfindigheiter eller detaljar.
Det er også verdt å merke seg at eg ikkje klarer å finne namnet
«Sagled» nokon stad. Sidan dette er den tinglyste kontrakta, så
kan det stå meir i sjølve bygselsbrevet. Det er også mogeleg at
området allereie hadde dette namnet, eller kanskje det var Ole sjølv
som ga plassen namn? Eg har leita etter tilsvarande namn utan hell,
og eg kan heller ikkje finne at Emblemsgardane har hatt eiga sag i
elva. Derimot så ser eg at Røssevollen har hatt si eiga flaumsag på
1600-talet, i den same elva. Om namnet sagled har noko som helst med
sag å gjere, skal eg ikkje seie for sikkert, men det kan vere grunn til å gjette på ei tyding av typen "saglei", eller "Saglede". Det kan dermed vere namnet på vegen til røssevollsaga, eller grinda ein stas nedanfor saga. På eit eldre kart har eg også funne namnet "Røssevollgjerdet" like ved, så der var kanskje ei rås opp til indste delen av Røssevollen, slik som i våre dagar. I tidsrommet 1667-1800
finst der ingen spor etter tømmersag på Røssevollen, og
det er kanskje vanskeleg å tru at ein har tatt vare på minnet
om saga i stadnamnet så lenge i ettertid, men på den andre sida så har
tilsvarande gamle stadnamn vorte halde i hevd ellers i bygda. Ein
veit framleis om den gamle tømmerløypa Til Østremsgardane som
gjekk langs Storelva og endte der som inste kriken på Emblemsanden ligg i dag. I det heile så finst der opphaveleg ei rekkje lokale
stadnamn i bygda vår, som anten har vorte skifta ut etter 1900,
eller har vorte gløymde for ettertida. Om Sagled har hatt eldre
opphav er det desverre vanskeleg å seie noko sikkert om i våre
dagar.
Den eldste gardsoga
for Emblem gjev ytterlegare opplysningar om husmannsplassen, som
stemmer temmeleg godt med det eg har klart å finne. Ole Andreason Giedevik kom få Volda og gifta seg i 1820 med Berte Johansdotter Løndal (dp.1790-1853) frå Volda. Ein veit av to born etter dei. I det orginale
festebrevet er følgande opplyst om kvar plassen og dei to
utmarkstykka låg: «....to udmarkstykker, hvoraf den ene er ved
elven, hvor han har sine huse, og det andre i den inderste
myr».Husmannsplassen skulle
ligge ovanfor bygdevegen på stykket til det som i dag er bruksnummer
32. (av Ragnar Øverlid, frå den gamle bygdeboka for Borgund og Giske frå 1961). Det er grunn til å tru at bygdeboka henviser til det som var
hovudvegen gjennom bygda i 1960, og ikkje på den tida då
husmannsplassen vart rydda, for på den tida låg truleg vegen
ovanfor Sagled. Det er Negardsvegenvegen som går forbi Negarden, like
nedanfor Fursetgarden, og inn til grensa til Solvang og Østrem den dag i dag.
Her finn du framleis solide restar av steingjerda kring delar av
vegen. Bruksnummer 32 ligg nemleg nedanfor denne vegen, som eit
samanhengande stykke frå Røssevollelva i vest, vegen mot nord,
Solvang mot aust og Ebbegarden med Ebbemyra stadion i sør.
På
om lag same plassen låg også Jakobgarden etterkvart, men det var
først etter innmarksutskiftinga, og då var Sagled allereie nedlagd.
Jakobgarden er den andre delen av det som var Steffågarden på
Steffen Steffensen si tid. Sidan husa stod lengst vest mot elva, så
låg kanskje myrstykket nord for det nordvestre hjørnet av
dagens kunstgrasbane på Ebbemyra. Området hadde også ei heilt anna
oppdeling og fordeling på klengetunet si tid i 1825, så det er mest
uråd å finne ut kven som åtte stykket i midten den gongen.
Ole døydde på sjukehuset i Ålesund 19. september 1834. Utgiftene ved opphaldet der, og ein forsørgar mindre vart fatalt for husmannsfolket på Sagled. Bygselskontrakta vart avslutta kort tid etter at Ole døydde, 44 år gamal. Ole og Brit fekk altså to born.
a) Andreas (f.1820) vart fødd i Volda. Ho tente
på Giskeødegård i 1834.
b) Johanne Petrine
Andrina (
1828-1898) gifta seg
i 1872 med Peder Haavert Ols. Vagelseth(2+3), frå Hjørundfjorden. Ho vart f
ødd på Emblem, og var
busett
i Skutvika, Ålesund i 1875.
Dottera Johanne Petrine Andrina vart altså fødd på Emblem den 13. mars 1828. Ho tente mellom anna på Fjellgjerdet på Valderøy i 1865. Kanskje var det der ho møtte unkaren Peder Haavert Olsen Vagleseth frå Hjørundfjorden? Han er i allefall nemnd som tjenestedreng hos Siverin Løeg på Valderhaugstrand det same året. Saman fekk dei sonen Ole Britanus Joakim Valderhaugstrand i 1866. Dei gifta seg i Ålesund kirke i 1872, og budde i Skutvika i 1875. Peder finn ein også att i 1900-teljinga, som enkemann på fattighuset i Kippervikgata. Det er soleis mogeleg at dei vart verande i Ålesund.
Kva som fekk Ole og Brit til å flytte frå Volda til Emblemsbygda, veit eg ikkje, men ein skal ikkje gløyme at Steffen på denne tida kan ha vore ein kjend person,
og endå til sett opp til for sitt vågemot då han sette seg opp mot
sjølvaste futen. I 1818 vart han også ført i lenker med seksrøring
til Bergen. Her kan han ha blitt kjend med fleire på vegen sørover,
eller vegen heim som ein fri mann i 1821. Men mest sannsynleg var det
at Ole hadde behov for eit levebrød når han hadde tenkt å gifte
seg og stifte familie. Han var 35 år
gamal allereie. Han løyste difor festebrev der han fekk mogelegheit
til det. Dei var heller ikkje dei einaste som flytta til bygda frå Volda. Der var også fleire som kom heilt frå Eid og Jølster på samme tid. Nokre av desse var truleg haugianerar, medan andre var handtverkarar. Fleire var båtbyggjara, men Ole vart nok ikkje ein av dei.
Plassen
var ikkje stor. I 1834 vart det bokført ei lita røykstove med
kammers, fordør og to svaler. Løa var bygd opp at tradisjonell
stavkonstruksjon, men veggane var av ris, eller tynne greiner og
krattskog som var kutta opp og festa samman ved sidan av kvarandre.
Det gav sikkert god høytørk, men korleis veggane stod seg mot
snøbygene og klarte å halde graset tørt vinterstid, det er eg meir
usikker på. Dyra fekk i alle fall litt betre vern mot kulda. Fjøsen
bestod av ein trevegg og tre steinveggar. Det vert ikkje gjeve nokon
opplysningar om kor mange dyr dei hadde hatt tidlegare, men det var i
alle fall ingen dyr i fjøsen då Ole døde. Truleg måtte Brit selge dyra for å forsøke å greie seg som best ho kunne når Ole
vart sjuk. Dei hadde truleg hatt minst ei ku, kanskje ein gris og
nokre geiter i tidlegare tider. Hest var ikkje noko som husmenn
vanlegvis kunne ta seg råd til. Var dei heldige, så fekk dei anten
leige eller låne hest på hovudbruket. Gjekk ikkje dette, så måtte
dei i verste fall drage plogen med handemakt, slik dei måtte gjere
nokre gongar oppe på Daleplassen i Magerholmdalen. Størrelsen på
årsavgifta for leige av plassen vitnar om at det neppe var mogeleg å
livberge seg av gardsdrifta åleine. I følge opplysningar frå
dødsbuet, kan ein sjå at Ole har vore både fiskar og snikkar
attåt. Dette var ikkje uvanleg. Mange av husmennene i Emblemsbygda
var tømmermenn, og fiske var ei nødvendig attåtnæring for dei
aller fleste i bygda på den tida.
Ole
vart altså ingen gamal mann. Han var sjuk og måtte leggast inn på
sjukehuset i Ålesund. Kor lenge han vart liggande der, er uvisst,
men rekninga vart alt for stor for den vesle husmanns-familien. Då Ole
døydde den 19 september 1834, så gjekk det gale for dei som vart
sittande attende. Arveskiftet syner at dødsbuet var fallitt som ei
følge av rekninga frå sjukehuset. Ute av stand til å greie
forpliktelsane, så vart husmannsplassen drege innatt under
hovudbruket, Steffågarden.
No hadde også Ystebøen starta utskifting
av innmarka til det gamle klyngetunet, og det var kanskje viktig at
bruket hadde størst mogeleg areal for å få mest mogeleg når dei
gjenverande gardsbruka skulle utskiftast. Kvar det vart av enka
til Ole har eg ikkje klart å finne ut av enda. Det vert fortalt at Brit fekk heimatt ei
gamal trøye, buksa og ein vest frå sjukehuset. No var ho like
gamal som Ole og dermed 40-åra ho óg. Dottera, Johanne, var berre 6 år på denne tida, medan sonen Andreas var 14 og hadde truleg vore i teneste i fleire år allereie. Eg finn ingen spor
etter henne i 1865-teljinga, og det var ingen plass å ta over for
borna heller. På den positive sida så finn eg ingen registrerte med
dette, eller liknande namn, som har vorte lægdslem etter 1830. Ho
gifte seg kanskje opp att og bytta vekk Emblemsnamnet, som ho hadde
nytta frå 1825. Desverre så gjev ikkje bygdeboka nokon spor eller
forslag til når ho levde, og kvar ho kom frå. Då vert det også
vanskeleg å finne henne att.
I
dag er det lite å finne att etter husmannsplassen Sagled, men ein
har i alle fall litt kunnskap om kva som ein gong har vore.
Kjelder:
Egil Rabbevåg
Døssland,
Atle: «Med lengt mot havet», Fylkeshistorie for Møre og Romsdal:
1671-1835. Oslo: Samlaget 1990.
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske II, Gardsoge gardsnr. 1-51», Borgund og
Giske bygdeboknemnd 1961
www.digitalarkivet.no
Emblem,
Karl O.: «Om Steffågarden og gardsdrifta»
Østrem,
Svein Ove.: «Om bondeopprøret i Borgund 1816, fritt etter Peder
Fylling»