Dei
siste åra har stadig fleire av dei scanna kirkebøkene blitt søkbare
på einskilde namn, årstall og hendingar. Med eit har denne
kjeldeinformasjonen vorte langt enklare å handtere og ny informasjon
kjem til syne. Medlemmane av Sula Sogelag har lagt ned eit uvurderleg
registreringsarbeid som me no kan nyte fruktene av. Det var slik eg
kom over eit interessant funn. I 1890 og 1891 døydde heile tre born
på Aksla. To av desse borna heitte Johansdatter, medan den tredje
var son av ein som heitte Hans. Eit nærare søk syner at svært få
døydde i bygda vår i dette tidsrommet. Samstundes så fann eg at av
dødsfalla i tidsrommet 1889-1894 hadde nær samtlege av dei
registrerte etternamnet Akslen.
Rett
nok så døydde Karen Nilsdotter Østrem (1803-1891) 1. april 1891,
men ho var då ei 89 år gamal kårenke. Dette var ein verkeleg høg
alder på 1800-talet og kyrkjeboka gjev ingen annan begrunnelse på
dødsfalet enn «alderdomsvakhed». Karen hadde fått eit langt liv
som gardskone i Abrahamsgarden Mannen hennar, Abraham Olsen Østrem
(1801-1885), døydde i 1885 mett av dage og temmeleg gamal han også,
med sine 84 år.
Det
var også eit dødsfall inne på Magerholm i denne to-års perioden,
som var av meir uvanleg karakter. Sonen til Knut Olsen Magerholmsvik,
Ole Sevrin Knutsen på 8 år, omkom i utmarka
1.
oktober 1890 I Kyrkjeboka skreiv presten følgande: «Blev funden
i utmarken under en sten, som havde veltet over ham». Dette
er det einaste eksempelet som eg førebels kjenner til der nokon har
omkome i bygda vår av steinsprang eller ras. På den andre sida så
er det mykje laus steinur og fleire steile fjellhammrar kring
gardstuna på både Reiten, Aksla og Magerholm, så det er likevel
ikkje heilt uventa at ei slik ulukke kunne skje. Dei sist kjende
somarfjøsane til Aksla låg foreksempel under den stupbratte
vestveggen på Stornakken. Ei steinutglidning frå toppen kunne med
andre ord fått store følger i ei tid då det var snautt for skog.
Berre nokre få år seinare rasa det også store steinar ned mot
gamletunet på Brennhaugen. Tunplassen låg den gongen på andre sida
av den gamle bygdevegen opp mot utmarksgejerdet og steinura nedanfor
fjellet. Etter denne hendinga vart husa flytta derifrå.
I denne teksten vil eg sjå nærare på alle
desse dødsfalla på Aksla. Samstundes vil eg sjekke om det finst
andre liknande hendingar i perioden 1889-1894. Eg vil først fortelle
litt om dei einskilde dødsfalla i bygda, før eg forsøker å sjå
nærare på moglege årsaksamanhengar til slutt.
1889
Den første som døde i bygda vår i 1889 kom
frå Aksla. Dette var ungkaren Gunder Knutsen Akslen som døydde den
4. februar Sjølv om Gunder var ugift, så var han ingen «ungfole»
akkurat. Han vart fødd kring 1819, og med andre ord omlag 70 år.
Dødsårsaka var «Alderdomsvaghed». Det var nok ikkje noko uventa
dødsfall. Legen vart heller ikkje bodsendt. Eg veit ikkje med
sikkerheit kva gard han kom frå, for eg finn han ikkje i kyrkjeboka
i 1819, men ved dødsfallet vart fødestaden oppgjeve til
Nedregotten, og då er det enten Sirigarden eller Guttormgarden. Det
interessante er at
han vart fødd på Nedregotten, nytta
etternamnet Akslen og bodde på ein av Emblemsgardane då han døydde.
Det kan tyde på at han hadde slekt på Emblem, for han hadde ingen
kår- eller legdslem registreringar som eg kan finne.
Den neste som døydde dette året var
bygselsmannen Lars Petter Larsen Akslen (1824-1889) i april. Legen
hadde vore på sjukebesøk og dødsårsaka var «mavesaar». Det var
Lars som rydda Akslagjerdet for første gong kring 1850 på innmarka
til hovudbruket Øvste Aksla. Lars Petter og kona Regine Berntsdotter
(1826-1903) kom begge frå Synnylven. Dei fekk festebrev i 1856. Ved
sida av husmannsplassen dreiv Lars som både smed og fiskar. Magesår
var ikkje nokon uvanleg dødsårsak på den tida.
Dette året var det med andre ord få dødsfall
i forhold til fødslar. Av 11 fødde dette året, så levde alle når
året var omme. Det var få dødfødte i Borgund kommune dette året
også, men Hans Larsen og Tidemine Hansdotter Røssevold fekk eit
dødfødt born den 15. juni. Dei andre som eg har funne er Knut Olsen
Emblem og Lovise Rasmusdotter i Sjursgarden i 1893, samt Johan
Knutsen og Else Paulsdotter på Brendhaugen som fekk eit dødfødt
born i 1895. For landet elles var det litt stigning i talet på
dødfødte frå 1889-1893 frå 1615til 1844, men talet på fødslar
vaks også litt frå 59166 til 61918 levendefødde born per år.
Samstumdes skal ei merke seg at talet på dødfødte hadde lagt på
kring 1900-2241 frå 1856 og det var først i 1881 til 1885 at ein
hadde eit årleg bornedødstal under 1900 per år, så sjølv om
talet på dødfødte steig, så gjorde talet på levandefødte det
same. Kanskje var det rett og slett snakk om uvanleg låge dødstal
på slutten av 1880-talet om ein ser 1800-talet under eitt. Med
fleire svangerskap så auka også risikoen tilsvarande. (kjelde:
Statistisk Aarbok 1895) Befolkningsveksten for landet forøvrig var
på rekordhøge 14200 i 1891 medan det i åra før og etter var på
kring 7, 8 og 9 000. Det einaste unntaket var 1889. Her kan verken
fødslar, dødsfall eller utvandring forklare årsaka, for alle dei
andre tala er rimeleg like føregåande år.
1890
Dette året var det 3 som døydde i
Emblemsbygda. Lovise Petra Johansdotter var den første av dei, Den
3. februar 1890. Ho rakk aldri å fylle eitt år, men så var det
berre 15 dagar om å gjere. Lovise var dottera til Johan Nilsen
Akslen (1844-1926) og Johanne Larsdotter Akslen (1854-1927). Johan
kom frå Hesseberg i det som den gongen var Skodje Kommune medan
Johanne var jordajente i Høla, bruksnummer 4 under Akslen. Årsaka
var ukjend. Kanskje kan det ha vore det vi i dag ville kalla
krybbedød, men samstundes var husa rimeleg kalde og februar var ein
månad med influense aog liknande sjukdommar som kunne vere farleg
for eit lite born. Andre som døydde i same periode hadde både
lungebetennelse og kikhoste. Dei fleste fekk legetilsyn, med unntak
av ei gamal kårenke og Lovise. Å tilkalle lege var dyrt,
tidkrevande og ikkje så veldig vanleg på bygdene, men Johan sat
godt i det økonomisk. Ved sidan av sitt eige bruk, hadde han kjøpt
bruksnummer 1 Øvste Aksla attåt og vart eigar av dei to største
bruka. Dette kan tyde på at dødsfallet kan ha kome uventa og
plutseleg. Det kan forklare at ei ikkje visste kva årsaka var, for
feber og lungebetennelse eller kikhoste hadde dei rimeleg god greie
på symptoma til.
Lars Thomas den 17. april 1890. Lars vart i
følge kyrkjeboka heimedøypt av jordmora, Karen Anna Steffensdotter
Nedregotten. Dette kan ha vore ei av døtrene til Steffen Andersen
Tippen (1807-1876) i steffågarden. Eg finn i alle fall ei Anna
Dorthea Steffensdottdener Nedregotten som gifte seg med Kristian
Anderson Hereid frå Ulvik i Sogn den 11. november 1889. Han var då
kolportør i Ålesund og busatt på Nedregotten. Heimedåp i april
kan tyde på at det var noko allereie kort tid etter fødselen.
Heimedåpen vart gjennomført dagen etter fødselen den 16. april og
Lars var død allereie før heimedåpen vart stadfesta den 17. april.
Årsaka var ikkje kjend og lege vart ikkje tilkalla. Foreldra var
Hans Larsen Akslen (1862-1949) og Inger Tobiasdotter Håve (1862-1925
frå Stordal. Dei budde på Akslagjerdet. Hans var sonen til Lars
Petter Larsen Akslen som døydde året i forvegen, og er nemnd
tidligare i denne teksten. Det var med andre ord to dødsfall med eit
års mellomrom på Akslagjerdet, men det var ikkje noko uvanleg ved
desse dødsfalla. Medisin var det lite av og det fanst berre ein
distriktslekjar i Borgund. Dei hadde heller ikkje noko antibiotika
eller den store forståelsen for farene med bakteriar og difor var
mellom anna fødslar ein risikabel prosess for både borna og dei
fødande. Bornedødsfall i løpet av dei første leveåra var også
vanleg nokre tiår til. Samstundes er det merkeleg at av tre dødsfall
i alt dette året, så var alle born og to av dei frå gardane på
Aksla.
Den 1. oktober døydde Ole Sevrin Knutsen
Magerholm av steinsprang. Han har eg allereie skrive om tidlegare i
denne teksten.
1891
På dette,tidspunktet må dei ha byrja å
snakke om alle dødsfalla på Aksla dei siste åra. Om dei hadde
nokre tankar om årsakene veit eg ikkje, men
det kan ikkja ha gått heilt ubemerka hen, i likheit med ulukka inne
på Magerholm der Ole Sevrin vart drepen av stein. Eg har ikkje funne
noko skriftleg prov på denne påstanden, men det er nok heller ikkje
så rart for daglegtale vert sjeldan dokumentert i skriftform. I 1891
vart det registrert 9 fødde og 3 døde. Som ein ser så var
tilveksten høgast. Eg har då ikkje teke omsyn til andre relevante
parameter som talet på emigrantar, utflytte og innflyttarar til
bygda.
Den 23. januar var det gravøl på ny på ein
av gardane på Aksla. Fire dagar tidlegare hadde Olivia Marie
Johannsdotter somna inn. Nok ein gong vart Johan Nilsen og Johanne i
Høla ramma av sorg.
Det hadde enno ikkje gått eit heilt år sidan
dottera Lovise vart ført til grava, og no var det storesøstera
Olivia på 10 år som hadde døydd av det som kan ha vore giktfeber.
Dette er ein streptokokk-infeksjon i fire stadium som byrjar omtrent
som ein forkjølelse med halsesyke. Etter ein til tre veker der ein
ikkje føler seg i form, kjem så giktfeberanfallet med feber,
slappheit gjerne magesmerter og mykje svetting. Vidare kan ein få
leddsmerter før hjartet vert råka. Denne gongen vart heller ikkje
legen bodsendt, og ein kunne difor ikkje vere hundre prosent sikker
på at det verkeleg var giktfeber sidan diagnose ikkje vart stilt.
Ein hadde no ei rekke usikre dødsfall der alle dei ramma heitte
Akslen til etternamn.
1. juni var det på Østrem dei vart råka av
dødsfall, men dette var kårenka Karen Nilsdotter Østrem, på 89 år
frå Abrahamsgarden. Ho har eg allereie fortalt om tidlegare i
teksten, og her var det som sagt alderdom som var årsaka,
Den 1. desember 1891 var det nok ein gong
aksla-folk som vart råka. Olina Johansdotter Akslen, dottera til
Johan Knutsen Akslen. Legen ikkje til stades og dødsårsaka var
Engelsk syke. Ho var 15 månader då ho døydde. Denne gongen vart
«engelsk syge» sett opp som årsak. Legen vart ikkje kontakta, men
no følte dei seg trygge på at dødsårsaka var korrekt. Det vart
ikkje sett noko spørsmålsteikn i kyrkjeboka. Eigentleg heiter denne
sykdommen «rakitt», men det var særleg mykje av den i England og
difor fekk den eit slikt kallenamn. Sjukdommen knyttast ofte til
D-vitaminmangel og vart sett på som ein sjukdom hjå dei fattige.
Skjelettet vart mjukt og klarte ikkje å bere kroppen. Muskelsvinn,
skjelettsmerter og deformerte lårbein er andre kjenneteikn. I
Kyrkjeboka er Johan Knutsen Akslen (1858-1934) oppgjeven som far til
Olina. Han var gift med Else Paulsdotter (f. 1855), som vaks opp på
Brennhaugen og tok over bruket etter faren Paul. Ho dreiv garden
saman med mannen heilt til dei selde i 1927. Dette vart diverre ikkje
den einaste tragiske hendinga dei skulle få oppleve. I 1894 døydde
dottera Paula Johansdotter Akslen på 6 år av hjernekrampe og i 1895
fekk dei eit dødfødt born, men fleire av borna levde opp og du kan
lesa meir om dei i historia om emigrantane frå emblemsbygda. I Paula
sitt tilfelle kom legen, men han kunne ikkje seie med sikkerheit at
det var hjernekrampe. Eg finn heller ikkje nokon informasjon om kva
dette kan vere frå sikre medisinske kjelder. Det er i så fall grunn
til å spørre seg om det kan ha vore noko anna. Det er mogeleg at
presten skreiv feil i farta, og eigentleg meinte hjartekrampe, som eg
har funne fleire eksempel på i den same tidsperioden.
1892
Dette året var det berre kårenka Randi
Knutsdotter Magerholm (1820-1892) som døydde av alderdom. Dette er
truleg den same som vert kalla Ranveig Knutsdotter Magerholm i
Borgundboka og Randine Knutsdatter Magerholm i Folketellinga frå
1865. I alle tilfella stemmer fødselsdatoen og det er ikkje nokon
andre som kan passe. Ho var med andre ord dottera til Knut Salvesen
Tjugen (d. 1845) som var den som rydda Magerholmdalen til
husmannsplass. Plassen vart då kalla «Ramsdalsgjerdet». Om namnet
var eit gamalt lokalnamn eller kanskje eit namn frå heimbygda Loen,
veit eg ikkje noko sikkert om, men det eg derimot veit, er at
dødsårsaka til Randi var alderdom. Ho vart 72 år.
1893
Dette året var det også berre eit dødsfall
og dette året vart dei også forskåna på Aksla. Den ugifte
tjenestedrengen Simon Olaus Knutsen Nedregotten på 23 år drukna ved
eit «baadsforlis i Giskesundet». Ein kan også lese at Simon
vart fødd på Mo i Hjørundfjorden i 1870. Dette kan passe temmeleg
godt med opplysningane om Knut Simonsen Hole frå Hjørundfjorden
(1843-1910) som tok over humannsplasse Tryggeset i 1872. Han var gift
med Mali Steffensdotter Mo (1845-1934) som også kom frå
Hjørundfjorden. Drukningsdatoen er ikkje heilt sikker. I Kyrkjeboka
kan det verke som om datoen er romertal 2, men
dødsfallsregistreringane over er romertal 3, deretter 4 og så 5.
Det kan difor vere mogeleg at dødsdatoen er 20. juni i staden for
februar. Det finst ingen dato for når dødsfallet vart meldt til
lensmannen heller, så ein kan ikkje vere heilt trygg på kva månad
det var.
1894
Som eg allereie nemnde tidlegare, så døydde
Paula Johansdotter Akslen frå Brendhaugen av giktfeber dette året.
I tillegg var det to tragiske bornedødsfall i
Sjursgarden med få dagars mellomrom. Den 16. januar døydde Olaf
Knutsen på omlag tre år. Ein trudde at det var snakk om difteri,
sjølv om legen ikkje vart bodsendt. Olaf var gravlagd kun to dagar
etterpå, den 18. januar. Ei veke seinare døydde søstera , Louise
Anna Knutsdotter på 5 år av den same sjukdommen. Dette var berre to
av i alt 5 tidlege dødsfall i Sjursgarden. I 1917 var også
foreldra, Knut Laurits Olsen Emblem (1866-1917 og Lovise Rasmusdotter
frå Blindheim (1862-1915) borte. Dei etterlot seg fire born.
Yngstejenta, Agnes, var berre 8 år når ho miste mor si og 10 år
når ho måtte fylgje faren sin til den siste kvilestaden. Lovise
døydde av hjertefeil, medan Knut døydde av bronkitt. I tillegg så
fekk dei eit dødfødt born året i forvegen. Årsaka kan ha vore så
mange, men det er likevel underleg å finne fleire tragiske hendingar i
same familie på berre to år.
Det kan vere verdt å merke seg at Andrine
Olsdotter Emblem (1862-1937) også miste to born. Begge døydde av
difteri. Andrine var søstera til Knut Laurits Emblem i Sjursgarden.
Ho hadde gifta seg med Ole Kristian Humlen (1842-1929) som dreiv
Knutegaren på Humla frå 1869-1929. Dei to borna som døydde heitte
Olivia Kristofa Borghild Olsdotter Humlen (6 år) og Oline Amalie
Olsdotter Humlen (1 år). Olivia døydde 1. desember medan Oline
døydde allereie 19. november.
Den 31. august hadde det også vore eit
difteridødsfall på Humla. Kan det ha vore den vegen smitta hadde
kome til Sjursgarden også? Difteri-sjukdommen kunne smitte via
dråpesmitte eller hudkontakt og er ein infeksjonsjukdom i nase og
halsen som angrip hjertet, nyrene og nervane.
På den tida utbrota kom til både Humla og
Sjursgarden, kan dei ha vorte forveksla med vanleg forkjølelse i
starten, men dei burde ha vorte varsla av dødsfalla hjå slekta. Om
borna har vore med i gravferda, eller om dei vart smitta meir
indirekte i etterkant, er det vanskeleg å seie noko heilt sikkert
om. Dt er også mogeleg at sjukdommen kan ha spreidd seg meir
naturleg, men det er få andre dødsfall i dette tidsrommet med
difteri som årsak, så det er mindre sannsynleg.
Kvifor
fekk ein så mange dødsfall på Aksla i perioden 1890-1895?
Det er vanskeleg å seie særleg mykje om
årsakene til alle desse dødsfalla. For det første så veit ein
ikkje med hundre prosent sikkerheit om alle dødsårsakene var
korrekte. Ein av årsakene til denne usikkerheita var manglande
legetilsyn, og ved nokre tilfelle vart ikkje dødsårsaka oppført
som forslag eingong. Det er likevel verdt å merke seg at stadig
fleire sjukdomstypar dukka opp som årsak i tidsrommet etter 1889. Om
dette skuldast betre forståelse for symptoma på dei ulike
sjukdommane, eller berre ei tilfeldigheit kan eg ikkje seie med
sikkerheit.
Det er mogeleg at nokre av dødsfalla på
Akslen kan ha samanheng, slik som dei i Sjursgarden og på Humla.
Brukarane på Akslagjerdet kom alle utanfrå bygda, men som
husmannsplass så hadde dei tilknytning og arbeidsdagar på
hovudbruket, Øvste Aksla. Brennhaug-folket og dei i Høla hadde også
samkvem med resten av av gardane innanfor Storelva. I tida før 1894
låg også Aksla-bruka, med unntak av husmannsplassane, som eit samla
klengetun. Eventuell smitte kunne med andre ord forflytte seg raskt
mellom Øvste Aksla og Høla. Dei gamle klengetuna var heller ikkje
av dei mest
hygieniske stadane. Gjødseldungane og
matavfallet låg rett utanfor husveggane og forståelsen for
smittefarene var heller ikkje så stor. Eilert Sundt var ein av dei
som merka seg dette på sine reiser på Sunnmøre. Doktor S. J.
Hanssen i Indre Romsdal legedistrikt tok hardare i då han skreiv si
årlege melding i 1876. Han nemnde mellom anna at han fleire gonger
hadde opplevd at matgryta vart nytta til nattpotte, medan nattpottene
vart nytta til mjølkekar. Eilert Sundt skreiv i 1870 at folk på
Sunnmøre bada heile kroppen kun to gongar i året. Det fanst heller
ikkje noko eige toalett. Folk nytta den same gjødselsdungen utanfor
husveggen, og slik kunne tarmbakteriar og anna smitte spre seg. Men
ting var likevel i endring, for på denne tida var forståelsen for
bakteriene sin påverknad i ferd med å bre om seg.
Sunnheitskommisjonane var særlege pådrivarar for å bygge eigne
utedo og i 1890 kunne ein også lese råd for korleis ein kunne halde
seg frisk i bladet Vestmannen i Volda. Reinsamheit, husvask og
kroppsvask var nokre av råda. Utover 1890-åra kunne også legane
rapportere ei forbetring av dei hygieniske forholda. Utskifting og
flytting av husa frå dei gamle klengetuna i bygda vår hjalp nok
også på.
Ein skal heller ikkje gløyme at fleire av
vaksinene først vart vanlege etter 1940. Sir Alexander Fleming
oppdaga den første antibiotikaen, «Penicillinet» først i 1929.
Tenker en seg om, så er det ikkje så rett lite me nyttar
antibiotika for å kurere. Sjølv lungebetennelse kunne dermed vere
dødeleg før midten av 1940-åra. Difteri, giktfeber og «engelsk
sjuke» kunne med andre ord vere særs farlege sjukdomar for små
born i 1890-åra. Andre har peika på driftfisket om hausten og lite
eller dårlege klede som årsaker til at mange vart sjuke i den kalde
årstida. Fiske var ei viktig attåtnæring og slik kunne dei vaksne
smitte sine eigne born. Difteri kunne også smitte via foreldra, om
dei ikkje var oppmerksame nok på personleg hygiene når dei passa
dei sjuke borna sine før dei gjekk attende til matlaginga. Utan
betre kjennskap til alle årsaksforholda, kan eg ikkje påvise med
sikkerheit at det finst nokon klar samanheng mellom dei ulike
dødsfalla på Aksla-gardane desse åra. På same tid kan eg heller
ikkje utelukke at det kan ha vore nokon samanheng i enkelte av
tilfella.. Eg må likevel ha betre medisinsk kunnskap, og dermed
eksperthjelp, om eg skal klare å finne desse klare
årsakssamanhengane ut frå dei sparsame og dels usikre opplysningane
frå kyrkjebøkene.
Det er likevel med ei viss grad av
«magefølelse» at eg vil hevde at det er litt for mange dødfall
til at det kan mangle ein årsak-samanheng . Eg har elles ikkje funne
andre periodar med så mange dødsfall på ein såpass avgrensa stad
i bygda vår på eit så kort tidsrom. Dette er også grunnlaget for
denne vesle teksten som eg har skrive her. Eg håpar å kome attende
med eit enno betre svar på kva som eigentleg hende, for det føler
eg ikkje at eg har makta å gje svar på enno. Det er også verdt å
merke seg at det er særs få familiar som vert temmeleg hardt råka
på kort tid. Eg trur ikkje at dei kan ha vore mindre reinslege enn
andre i bygda, og Sjursgardsfolket var heller ikkje for fattigfolk å
rekne, tvert imot. På Øvste Aksla og i Hølå er det heller ingen
åpenbar armod å spore desse åra, og på Brennhaugen var dette ei
økonomisk oppgangstid der ein kunne legge frå litt ekstra pengar på
kistebotn.
Den første tanken som slår meg, er forhold
som kvalitet på drikkevatn og det faktum at Sjursgarden låg nær
inn til det gamle klengetunet, medan Øvste Aksla og Høla ikkje var
utskifta enno, så husa låg framleis på den gamle tunstaden. Men
dette forklarar ikkje kvifor nye plassar som Brennhaugen vart råka.
Fleire gardar hadde same drikkevasskjelder, og skulle det ha vore
noko med vatnet i Sjursgarden, så ville nok også Auregarden og
Steffågarden verte representert i kyrkjebøkene, dei óg.
Ein annan faktor er klimaforholda desse åra.
Legane hadde byrja å registrere slikt i forbindelse med oppsumeringa
av året som hadde vore i rapportane sine. Ein såg etter kvart
samanhengar mellom klima og sjukdom. Det var det nøye
forskningarbeidet på Leprasjukdomen som gav materiale som synte at
enkelte stader i landet vårt var meir utsett enn andre. Eg merkar
meg ein oppgang i talet på ulike diagnosar, men det kan også ha
samanheng med meir legetilsyn og større bevistheit kring årsakene.
I vår eiga bygd var ikkje legebod noko ein sende så ofte. Vi låg
langt frå næraste legekontor og vegen kunne vere både lang og
vanskeleg. I tillegg måtte ein skysse legen attende til bygda og då
kunne det allereie vere forseint. Eg klarer ikkje på det noverande
tidspunktet å finne klare påverknader forårsaka av klimatiske
forhold. Samstundes skal ei ikkje gløyme at dødstala som legane
kunne knyte til bornesjukdomar eller difteri var temmeleg høge på
denne tida. Det var med andre ord vanlege dødsårsaker i samtida.
Det var omtrent berre Lungebetennelse og tuberkolose som hadde høgre
dødstal enn difteri kring 1890, og då skal ein ikkje gløyme at
mange av dei avlidne ikkje fekk legevitjing eller noko sikker
diagnose, så tala kan faktisk vere enno høgre. Det er berre ei
dødsårsak som eg ikkje kan finne at. Det er «hjernekrampe» Truleg
har dødsårsaka i dette tilfellet vore noko heilt anna.
Det ville vore interessant å vite om det var
noko som var ulikt på desse gardane, kontra dei andre i bygda. Kan
det ha vore at dei hadde tilgong på «luksusartiklar» som andre
ikkje hadde? Det kan ha vore alt frå kokekar til giftig måling på
kjøkkenskapa slik ein foreksempel kan finne eksempel på andre
stader. Likevel kan eg ikkje finne hald for ein slik påstand. Ein
veit også at det fanst enno fleire gardar der ein sat godt i det på
denne tida. Ein skal heller ikkje sjå bort frå tilfeldigheitene.
Nokre av desse dødsfalla er naturlege, medan andre har uavklart
årsak. Kanskje er det noko i det gamle ordatekt om at ei ulukke kjem
sjeldan åleine? Likevel er det noko her som eg ikkje forstår heilt.
Eg klarer ikkje å fri meg frå tanken om at det er noko som ikkje
stemmer. Difor har eg også skrive denne teksten der eg avdekker det
ein per dags dato veit om desse dødsfalla.
Kanskje har me vorte litt klokare, men det er
også eit grunnlag for ei vidare nærstudie for den som har interessa
for det.
Skriftlege
kjelder:
Tvinnereim, Jon: «Grotid i Grenseland», Det
Norske Samlaget, Oslo 1992
Øverlid, Ragnar: «Bygdebok for Borgund og
Giske II, Gardsoge for gardane 1-51. Borgund og Giske Bygdeboknemnd
1960.
Digitale
kjelder:
Antibiotika: http://snl.no/antibiotika
Difteri: www.wikipedia.no
Diverse kyrkjebøker med register over fødde,
døde og dødfødte i perioden 1889-1894, og 1865-tellinga:
www.Digitalarkivet.no:
«Engelsk
syke»:
http://www.side2.no/helse/article3027216.ece
Giktfeber:
http://snl.no/.sml_artikkel/giktfeber
«Statistisk Aarbog for Kongeriget Norge 1895»,
Statistiske Centralbureau, Kommission hos H. Aschehoug & Co.
1895. Digital utgåve: http://www.ssb.no/a/histstat/aarbok/1895.pdf