I ei
gamal utgåve frå Romsdal Sogelag fann eg ein spanande tekst om
husmannsonen Ingebrigt Knutsen Bjørset, som kan ha vore ein av dei
første emigrantane frå fylket vårt på amerikaferd.
For min
del vart denne historia enno meir interessant då eg las kvar slekta
til Ingebrigt kom frå. Faren
til Ingebrigt kom nemleg frå Emblem, og busette seg i vaksen alder
like vest for det som den gong var Molde by og amtshovudstaden. I denne
teksten skal me trakke litt i fotspora til forfattaren av den
opprinnelege teksten, Odd Meringdal, og verte meir kjend med
både Ingebrigt og opphavet.
Husmenn ved Molde
I 1821
finn ein to husmenn på Bjørset, som begge kom frå Emblemsbygda.
Den eine heitte Knut og den andre heitte Ingebrigt, eller
«Sunnmørs-Ingebrigt» på folkemunne. Desse to var i tillegg brør.
I følge
Bolsøyboka skal plassen til Knut «Hemblem» ha vorte rydda kring
1820. Eit nærare søk i folketeljingane syner at talet på
husmannsplassar vaks kraftig frå 1801 til 1865. I den første
teljinga finn eg berre 4 husmenn med jord, men 64 år seinare har
Bjørset eit hovudbruk med den sjølveigande og ugifte bonden Petter
A. Møller. Han var ikkje åleine på garden, for han hadde både
hushalderske, to tenestejenter og to drengar. I tillegg låg det 15
husmannsplassar under garden. Petter var ingen kven som helst. Han
var proprietær, klippfiskeksportør, og sonen til konsul Peter
Richardus Møller og Ingeborg Antonette Øwre på godset Moldegård.
Petter tilhørte med andre ord byens overklasse. Hovudhuset låg på
ein stad som i dag vert kalla Glomstua, og er i dag mest kjend som staden
med «kongebjørka», der kong Haakon og kronprins Olav søkte ly for
tyske fly i 1940.
Petter
var ein av tre brødre som arva gardane Moldegård, Bjørset og Kvam.
Broren, Richard Jalles Møller, var særlig interessert i gardsbruk. Han hadde også eige sagbruk. Richard var ein framtredande mann i styret til
Romsdals amts Landhusholdningselskap i tida 1896-1904. På den tida
Petter og Richard levde var mellom anna amtsmannen, med sitt
hovedsete i Molde, ein aktiv pådrivar for nydyrkning og
videreutvikling av utmarka, ved hjelp av gardeigarar som
let folk få rydde stadig fleire husmannsplassar. For den ugifte Petter
var dette ein særs god idé. Garden var stor med datida si
driftsform, og no kunne han kreve arbeidsplikt på sitt eige bruk i
dei viktigaste onnene. Husmannskontraktene kunne sjølvsagt variere,
men det er ikkje utenkjeleg at ein på nokon av desse
husmannsplassane måtte stille med to vaksne. Soleis hadde Petter
minimum 15 par arbeidshender og inntil 30 vaksne som arbeidde gratis,
om han utnytta denne moglegheita maksimalt. Slikt kunne ein gjera både i
Romsdalen og på Sunnmøre, for etterspørselen etter eit plassebruk
var større enn tilbodet kring midten av 1800-talet. Noko av
forklaringa var befolkningsvekst og minimal utvandring, om nokon emigrasjon i det heile.
Kvifor til Molde?
Korleis
brødrene Knut og Ingebrigt hamna som husmenn så langt heimanfrå er
det vanskelegare å seie for sikkert. Knut finn ein i alle fall i
kyrkjeboka, når han gifta seg den 12.11. 1820 med Giertrud Anne
Jonsdotter Kipperstue på 27 år. Ho var like gamal som han sjølv. På
dette tidspunktet var Knut matros. Kanskje var det slik han enten
fekk høyre om mogelegheita til å få seg husmannsplass i Molde,
eller kan det hende at han møtte kjærleiken i denne byen først?
Historikaren Leo Oterhals fortel i alle fall om Bjørset gard at den
opprinnelege Bjørsetsetra måtte leggast ned fordi seterjentene
stadig vart overfallne av framande sjøfolk (Oterhals 2003). No påstår eg
sjølvsagt ikkje at Knut var overfallsmann, men skyvjing kjende han
sjølvsagt til, og det er ikkje utenkjeleg at han møtte kjærleiken
på landlov i Molde. Broren Ingebrigt gifta seg også i Molde kirke,
men det er mogeleg at han kom seinare til byen. Kanskje broren hadde
vore pådrivar for at også veslebroren skulle få sin eigen
husmannsplass i nærleiken? Ingebrigt gifta seg med Karen Olsdotter
(f.1805). Ho veit vi med sikkerheit at ho var frå Molde. Vi veit
altså at Knut og Ingebrigt kom frå Emlem og vart husmenn i Molde på
1820-talet.
Knut
vart skrive inn i kyrkjeboka som «Hemlem». Eit slikt etternamn
finst ikkje i Norge. Odd Meringdal har lufta påstanden at årsaka
skyldast at Knut tala halvemål. Presten kan ha oppfatta måten Knut
uttalte etternamnet sitt slik at det vart Hemlem. I tillegg til at
han var registrert som matros, kunne han også hente dagløn hos
Gørvell i Molde. Dette var ei anna ætt med storfolk, byfogdar i nær
kontakt med Møller-ætta. Kanskje kan denne dagløna bidra til å
bekrefte hypotesa om at Knut slo seg ned i Molde etter at han hadde
møtt Gjertrud, som han seinere gifta seg med. I Bolsøyboka kan ein
også finne opplysning om at det var Knut Emblem som rydda «Ole
Matias» plassen kring 1820. Dette namnet kom til på eit seinare
tidspunkt når Ole Mathias Reiten hadde tatt over. Veslebroren
Ingebrigt, eller «Sunnmørs-Ingebrigt» som han vart kalla på
folkemunne, var skipper då han gifta seg i 1826, og behøvde truleg
ikkje noko ekstrainntekt før han fekk råd til å rydda seg ein
husmannsplass på Bjørset han óg. Kor lenge Ingebrigt hadde vore
skipper er det vanskeleg å seie, men han må ha gjort lynkarriere
for han var kun 22 år i 1826. Fem år tidligare var han fadder for
eldstesonen til Knut. Då var han 16 år og allereie smed, så det må
ha vore ein driftig kar. Det vert fortalt at han ein gong segla skuta til Møller så hardt forbi Hustadvika at masta knakk. Men til Trondheim skulle han uansett, så då fann dei seg eit nytt masteemne i næraste skog og segla så vidare.
Om heimplassen og familien på Emblem
No har
eg fortalt ein del om kvar Knut og Ingebrigt flytte og kva dei hadde
arbeidd med tidlegare, men kvar kom dei frå eigentleg? Arkiva gjev
også eit svar på dette. Vi veit at dei kom frå Emblem i Borgund og
at Knut vart døypt den 10. februar 1793, medan Ingebrigt Andreas
vart fødd i 1804. Sjølv om det var fleire gardsbruk på dette
klyngetunet, og berre faren vart nemnd i kyrkjeboka for Borgund, så
er der berre ei mogelegheit. Ingebrigt Knudsen Emblem (1742-1816) frå
Negarden, bruksnr. 1 på Emblem. I følge bygdeboka for Borgund og
Giske (band II), skal Ingebrigt ha vorte fødd på Nedregotten, på
gardsbruket som vart delt opp i dei to nye bruka Skaret og
Guttormgarden etter at faren Knut Pedersen (1702-1767) døydde.
Ingebrigt gifta seg til Negarden medan brødrene Lars og Peder fekk
kvar sin halvpart av farsbruket. Ingebrigt Knudsen i Negarden dreiv
garden frå 1766 til 1815, og vart gift med jordajenta og enke Annike
Pedersdotter (1725-85), men ho var ikkje mor til Knut og Ingebrigt på
Bjørset. Faren gifte seg i alt tre gonger. Den andre gongen var det med
Ellen Nilsdotter Gryta (1760-1809), som vart mor til både Knut
og Ingebrigt. Ein nærare kontroll i 1801-tellinga for Borgund syner
at fødselsåret til Ellen kan stemme, men her vert ho kalla Eli
Nielsdotter i staden. Fødestaden er ikkje registrert i teljinga. Om
ho heitte Eli eller Ellen er med andre ord uklart. For det første så
veit ein at ikkje alle opplysningane i bygdeboka er korrekte, og
samstundes så var ikkje alle opplysningane i 1801 heilt korrekte heller.
Knut og
Ingebrigt hadde mange søsken og stesøsken. Annike hadde seks born med sin
første ektemann, Lars Olson (1727-1765) frå bruk nummer 9 på Vatne, og fekk to døtre med sin andre ektemann, far til Knut og Ingebrigt, men begge døydde 14 veker gamal. Med si neste kone, Elen (1760-1809) vart det åtte born, Knut og Ingebrigt inkludert. Eldstedottera
til Ingebrigt vart oppattkalla etter kona Annike. Ho gifta seg i Tafjorden, g dreiv ei tid Knutgarden i Emblemsvågen, før dei flytte til Hjelme i Valldalen. Søstera Nille Cathrine gifta seg med Ole Olsen Kaldhusdal frå Tafjorden og tok over farsbruket på Emblem. Søstera Ingebor Kathrine gifta seg med naboen Johannes Pederson Kaldhusdal frå Tafjorden og flytta dit. Ein kan undre seg på om dei yngste søstrene har møtt sin framtidige ektemann i bryllup eller i teneste. Det er i alle fall påfallande med så mange friarar frå nettopp Tafjorden. Dei to siste søstrene var anten dødfødd eller døydde innan få veker.
Ingebrigt fekk ikkje fleire born med si tredje kone, i løpet av sine fem siste
leveår, for han var nærare 50 år når
han var brudgom for siste gong, men 16 born totalt var uansett imponerande, sjølv om ikkje alle levde opp. Han var også ein velbehalden mann.
Arveskiftet etter Annike åleine var på 175 riksdalar, medan gjelda
kun var på 37. Han hadde på den tida hest, 7 kyr, 3 kviger, 7
sauer og 6 geiter, noko som var ein stor buskap i ei tid med
sjølvbergingsjordbruk og fisk som viktigaste middagsrett. Knut var 9 år i 1801 og 23 i 1815, når
storesystera tok over farsbruket. Knut må med andre ord ha stått på
eigne bein i alle fall frå 1815, og truleg lenge før det også. På
denne tida var ein vaksen når konfirmasjonen var omme. Dei fleste
måtte også ut i tjeneste lenge før den tid. Med ein stor
borneflokk, så var det ikkje plass eller rom for husmannsplassar til
alle søskena i Negarden. Dette kan også forklare kvifor Knut
Ingebrigtsen Emblem og Ingebrigt Ingebrigtson Emblem frå Negarden
slo seg ned som husmenn på Bjørset og at Ingebrigt hadde arbeidd
som smed allereie som 16-åring.
Til Amerika
Vi skal
no konsentrere oss om husmannen Knut Ingebrigtson Emblem sin eldste
son, Ingebrigt Knutsen Bjørset. Som vart fødd 3. mai 1821 på
Bjørset i Bolsøy kirkesokn like vest for amtshovudstaden, Molde.
Han var truleg ikkje så sterk ved fødselen, for han vart
heimedøypt, sjølv om det var vår, og vegen til kirka var kort. Han
kom seg likevel raskt og vart døypt i kirka også den 31. mai. Han
var lærevillig, oppfinnsom, og tok lærarutdanning, for
det vert fortalt at han arbeidde ei tid som lærar på Biri. I boka
«Coon Prairie» bekrefter Hjalmar Rued Holand denne påstanden, og
legg til at Ingebrigt vart gift med ei frå denne staden, før han
reiste til amerika i 1850. Då var han 29 år gamal. Kona til
Ingebrigt heitte Pauline Nilsdotter Galtestad. Ho registrerte
utflyttingsattest frå Biri til Molde i 1846, etter at ho hadde budd i
Molde i om lag 2 år. Ingebrigt og Pauline vart truleg prega av
utferdstrongen som kom til Biri og Oppland mot slutten av 1840-åra. Det var nokre tiår før utvandringsbølga kom til nordvestlandet.
Det er
mogeleg at dei reiste via Washington, og truleg gjennom Canada også, på vegen frå
England. Det som er heilt sikkert er at dei kom til Coon Prairie i
Sør Dakota og slo seg ned der. Ingebrigt involverte seg i
lokalsamfunnet, bidrog til å organisere menigheitsarbeidet, og vart også den første læraren der. Han skal ha vore ein dyktig snekkar også. Men
Ingebrigt vart ikkje verande så lenge på denne staden. Vil du vite
meir om korleis det gjekk med Ingebrigt, husmannsonen frå Bjørset
med emblems-blod i årene, så kan du lesa meir i den digitale utgåva
av Odd Meringdal og Romsdal Sogelag sin tekst på følgande nettstad frå side192: http://www.nb.no/nbsok/nb/3740d5a798fa1271849c502b149ae2ab?index=1#193
Det kan
vere grunn til å tru at Bjørset-ætta i Amerika kan ha vore med å
påverke negardsfolket si utferdstrong også. Kanskje har dei fått
hjelp frå Ingebrigt, for allereie i 1860 drog Fredrik Olsen Emblem
til St. Paul. Ingebrigt Bjørset var søskenbornet til Fredrik sin
far, Ole Elias Olsen Emblem (1818-1896), som også var ei tid i
Amerika etter den amerikanske borgerkrigen. Seinare skulle fleire frå
Negarden kome etter for enten kortare tidsrom eller alltid. Du kan
lesa meir om Amerikareisene til Negardsfolket i eigen tekst om
Negarden, teksten om emigrantane frå Emblem, eller historia om Olaf
S. Emblem på emblemsbygda.com.
Kjelder:
http://home.online.no/~aaroenes/moldefolk/personer/m/Moeller_richard_jalles.htm
http://home.online.no/~aaroenes/moldefolk/personer/g/goervell_johan.htm
Gjendem,
Per: «Opplysende om Møllerne på Moldegård», Historieportalen Per
Gjendem, http://www.pergjendem.com/?p=288
Meringdal,
Odd m. fl: «Romsdalingar i Amerika: artikler fra Romsdalslagets
årbøker», Romsdal Sogelag, Molde 1978.
http://www.nb.no/nbsok/nb/3740d5a798fa1271849c502b149ae2ab?index=1#193
Oterhals,
Leo: «Fisk og furu, Molde og Romsdal før 1880». Lagunen a/s,
EKH-trykk Molde 2002
Oterhals,
Leo: «Nød og roser». Lagunen a/s, Fræna-trykk a/s, Elnesvågen
2003
Tvinnereim,
Jon: «Grotid i Grenseland, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal 2
1835-1920», Det Norske Samlaget, Oslo 1992
Øverlid,
Ragnar: «Bygdebok Borgund og Giske Band II, Gardsoge 1-51»
Bygdeboknemnd for Borgund og Giske, 1961
Rabbevåg, Egil & Østrem, Svein Ove Dale: "Bygdebok for Emblem" Innaumnesingen Forlag 2019.