Bygda
vår manglar i dag både matbutikk og postkontor. Storparten av dei
yrkesaktive har funne seg arbeid andre stader enn i heimbygda.
Landbruk er det mest slutt på og vegen gjennom bygda er meir som ei
fartstrekning å rekne for den som er i seinaste laget til eller frå
ferga. No svartmalar eg ein del. Vi har framleis både barnehage og
skule. Samvirkelaget er på ny nytta til sal, om enn andre varer enn
det som huset opphaveleg var tiltenkt. Det finst enno firma som hev
postaddresse her inne, men det meste av inntektsbringande verksemd er
likevel andre stadar, befolkningsveksten til trass.
I denne
vesle teksten vil eg ta nokre skritt attende i tida og sjå litt
nærare på framveksten av småskala-industri i bygda vår. Dei
fleste var ein-manns foretak, men slik har og nokre av dei mest suksessrike
bedriftene på sunnmøre hatt sin spede start. Me kjenner fleire av
desse framleis og Ekornes Møbelfabrikk rett over fjorden er kanskje
ei av dei beste døma. Det har vore spøkt mykje med sunnmøringen og
gründerånda på våre kantar. Det vart mellom ana sagt at dersom
ein spikra ein sunnmøring til ei låvedør ytterst på ein aude
holme, så ville han ha tent pengar når ein kom attende nokre dagar
seinare. Andre he spøkt med at bilethoggaren Vigeland skal ha vorte
inspirert til å lage den mektige monolitten i Frognerparken då han
såg sunnmøringar kaste seg etter ein mynt på bakken. Desse
spøkefulle betraktningane fortel oss at sunnmøringen både vart
sett på som pengeglad og nytenkande, når det gjaldt å tene pengar.
Andre fortel historier om kor gnien sunnmøringane kunne vere. Men
det har ikkje vore slik bestandig. Dei fleste historiene kom til
etter 1900, og mange av dei passar heller dårleg i våre dager.
Korleis vart me eigentleg sett i bås på denne måten.
Det er
nok ikkje slik at dette synet på sunnmøringen har vore slik i alle
tider og det har nok ikkje halde seg ved lag heilt til våre dagar
heller, men der finnst ei gründerånd. Ser ein attende i historia,
så har sunnmøringen klart å finne seg levebrød, sjølv i
venskelege tider. Arnljot Løseth er førsteamanuensis i historie ved
Høgskulen i Volda, og har sett nærare på denne utviklinga i eit
historisk perspektiv. Han peikar på at når ein ikkje makta å
skaffe trevirke til møbelproduksjon, så byrja møbelprodusentane å
flette korgmøblar i staden. Når det vart vanskelegare å søke
lukka i Amerika, så satsa ein på sølvrev i staden. Den nyare
historia er full av slike døme på innovative snuoperasjonar. Men
det har ikkje vore industri til alle tider. Går me vel hundre år
attende, så var hovudinntekta til emblemsbygdaren først og fremst
jordbruk og fiske.
Ein kan
kanskje sjå emninga av synet på sunnmøringen i samanheng med
framveksten haugianarrørsla og pietismen. Emblemsbygdaren hadde
fjorden og havet tett på seg. Flisfjorden var lunefull og det var
ikkje ufårleg å leggje ut i opne båtar på våre trakter. Havet
gav og havet tok. Dette påverka nok lynnet og kristentrua også. Ein
finn ikkje særleg mange på 1700-talet som ikkje var kristen, men
synet på presteskapet hadde truleg ikkje vore like god. Ser ein
lengre attende så ser ein at fleire av dei geistelege hadde hatt
meir enn nok med å samle seg personleg rikdom, medan oppslutninga om
kirka og gudstenestene hadde gått nedover. I 1730-åra gjekk det ei
vekkelsesbølge over landet. Emblem var ikkje noko unntak. Frå
prestane si side vart det klaga på at folk heldt møter i heimane og
ville ha forbod mot den slags. I 1781 vart det halde ei opprekning
over kor mange religiøse bøker som fanst i Borgund, og då stod
Emblemsbygda i ei særstilling. Omtrent kvar einaste gard hadde anten
bibel eller nytestamente, og nokre hadde også begge delar. Dette var
på ei tid der dei færraste hadde råd til bøker og prisen var
uhorveleg stor. Kan dette ha ein samanheng med vekkelsesbølga nokre
tiår i forvegen? Det var meir enn berre ei vekkelsesbølge på denne
tida. Mot slutten av 1700-talet greip også haugianarrørsla om seg,
med lekpredikanten Hans Nilsen Hauge (1771-1824) i førarsetet. Denne
folkelege rørsla var altså ikkje den første, men kanskje den
viktigaste på Sunnmøre. Det handla ikkje berre om pietisme, ei
streng kristendomsfortolking som fekk særleg innpass på våre
trakter, men også økonomi og gründerverksemd. Dei første
haugianske vennesamfunna vart ein stad der både andelege og
matrielle verdiar vart utveksla etter behov. Dei verka nesten som
aksjeselskap. Ein haugianar skulle ikkje berre snakke og te seg som
ein god kristen. Han skulle også starte verksemder og bryte dei
rikes monopol. Overskotet skulle ikkje nyttast til luksus, men førast
attende til bedrifta eller nyttast til å hjelpe andre. Desse tankane
fekk etterkvart god oppslutning på våre trakter, men heller lite
kom ut av desse tankane på Emblem i samtida. Kring 1801 var det få
som eigde noko som helst. Ole Larsen Østrem (f.1756) kjøpte
Mattisgarden i 1789 og tre av bruka på Nedregotten var i privat eige
frå 1772, men det var også det heile. Resten var anten husmenn
eller bygselsmenn under rike handelsmenn og hadde truleg nok med å
livberge seg. Det finst opplysningar om ein og anna tømmermann i
bygda, men særleg meir kan eg ikkje finne. Det var nok slik i vår
eiga bygd som elles at nye tankar trong tid til å modnast. Ein budde
framleis i klengetun og gardsdrifta var prega av ei driftsform der
ein forsøkte å produsere alt ein behøvde til livsopphaldet på
eigen gard. I 1801-tellinga finn eg ingen spor etter anna verksemd i
Emblemsbygda, men noko var likevel på gong. Folketalet auka jamnt
frå slutten av 1700-talet, om ein ser vekk frå hungersåra under
Napoleonkrigane på byrjinga av 1800-talet. Frå 1820 vart det
etterkvart fleire sølveigande bønder i bygda. Behovet for nye bruk
vaks, og amtmannen gjekk etterkvart i spissen for nyrydding ved hjelp
av nye husmannsplassar i utmarka. Dei gamle klengetuna vart sett på
som ein hemsko for utvikling i jordbruket. Åkerlappane var så små
og intrikat inndelt at heile tunet måtte ta onnene i lag. Fordelen
var at dei var mange som kunne hjelpast åt, men jorda gjekk på
omgang og var findelt i ørsmå lappar. I 1834 fekk den nye brukaren
på Ystebøen, Nils Britanus Olsen Østrem frå Larsgarden, i gong
utskifting av Emblemsgardane slik at han fekk delt garden sin inn i
eit samanhengande stykke. Desse utskiftingane medførte at ein ikkje
kunne dele likt inn i jordlappar med både god og ring jord. No var
det oppdyrking og veiting av vassjuk jord som vart løysinga om ein
ynskte å få meir ut av bøane og åkrane. Med stadig fleire
sjølveigande bønder vart det også meir aktuellt å gje plass for
nye husmannsplassar og ei kjærkomen ekstrainntekt. Dei fleste
husmenn hadde arbeidsplikt og det var godt å ha i onnene når ein
ikkje var like mange å hjelpast åt lenger. Ein har tidlegare sett
at nokre av gardenkene i bygda har klart seg utan omgifte i intil to
år så lenge klengetuna bestod, men no vart dei avhengige av eit
raskt omgifte for å klare forpliktelsane sine og gardsdrifta.
Ved
1865-tellinga har det skjedd store endringar. Fleire av klengetuna
var no avskaffa og nyryddinga byrja sakte å bre om seg. Ungeflokkane
vaks, og stadig fleire vaks opp. Kombinasjonen av frittståande tun
og fleire born var truleg noko av årsakene til at ei ny gruppe hadde
gjort sitt inntog på gardane i bygda. Frå 1865 finn ein mange
gardar der ein med ett har tenarar. Eg finn i alt 15
tenarar og ei rekkje nye husmannsplassar i folketellinga dette året.
(du kan lesa meir om husmenn i bygda i ein eigen tekst her på
www.emblemsbygda.com)
Tenarane var ikkje nødvendigvis på dei største gardane, slik som
Magerholm, for der låg det mange husmannsplassar under garden. Det
mest vanlege var på gardar som Magerholmvika der ein ikkje hadde
kårfolk og fleire born under skulepliktig alder. At dei ikkje var
sjølveigarar enno spelar mindre rolle. Tenestejenta Severine
Knutsdotter frå Ørskog var berre 13 år gamal og hadde truleg
ansvar for å passe borna. På dei gardane der nokon av eigne born
hadde passert 9 år, tok ein seg ikkje råd til den slags sjølv om
ungeflokken var stor. Andre stadar, som på Reiten finn ein noko som
ikkje passar inn i dette mønsteret. Gardfolket der hadde berre ei
dotter på 2 år. Dei hadde innlosjert ein tømmermann og hadde to
tenarar på 29 år attåt. Gardane under Aksla vart ikkje fullverdig
utskifta til frittståande bruk før 1890, men ein veit att det har
vore mykje nytenkjande virksomheit på denne garden i ettertida, med
både storbåt til fiske, sagbruk og produksjon av takheller.
Bygdeboka fortel ikkje noko om eiga verksemd kring 1865, og
folketellinga dette året syner berre at dei hadde mykje dyr på
garden. I 1868 fanst det litt furuskog for sal på Aksla. Kanskje kan
dette vere med på å forklare kvifor dei hadde so myke tenarskap.
Det var særleg skogen på nakkane som var moden for hogst. Nokre
år seinare brende mykje av denne skogen ned i ein stor skogbrann som
varte i tre dagar. Det var ei kolmile inne på Magerholm som hadde
blussa opp igjen. Det kan også vere grunn til å lure på om dei
dreiv anna verksemd også på Reiten på denne tida, men eg har ikkje
nokon handfaste bevis.
På
husmannsplassen Vedhaugen, under Aksla, hadde dei også tenar i 1865.
Han heitte Lars Knudsen og var 44 år gamal. Lars var ugift og eg
finn fleire i gifteklar alder som framleis var i teneste. Dette kan
ha fleire årsaker. Utferdstrongen til Amerika hadde enno ikkje
breidd om seg, barnetallet stort og det var truleg ikkje like enkelt
å finna seg eit gardsbruk eller husmannsplass lenger. For mange var
dette nødvendig før ein kunne gifte seg. Det er heller ikkje
sikkert at Lars hadde funne seg ei jente heller. I Mattisgarden på
Østrem hadde dei tenestejente til trass for at eldstesonen var 14
år. Årsaka var truleg at han var gut og at der ikkje var nokon
jente på garden. Der var rett nok kårfolk på garden også, men
bruket var stort, så dei hadde truleg behov for ekstra hjelp. Garden
var på denne tida bygselsbruk under Veibust, og dei hadde ikkje
husmenn under seg. Med nokre få unntak er dei fleste tenarane vaksne
i den forstand at dei var i alderskategorien frå nykonfimerte til 20
år. Nokon var også i tjueårsalderen, medan Randine O. Olsdotter i
Emblemsvågen stod i ei særstilling. Ho var 56 år og framleis
ugift. Randine vart registrert saman med kårkallen, Knut Knudsen på
91 år, som var enkemann. Kanskje har ho vore i teneste heilt frå ho
var ungjente. Ein kan sjølvsagt spørre seg kva tenarar har med
framveksten av heimeindustri. Det er nok først og framst eit døme
på mykje ung arbeidskraft, og langt mindre tilbod om gardsbruk. I
tida fram mot 1900 vart det stadig fleire og godt vaksne born som
framleis var ugifte, sjølv om dei var i 30-åra. Stadig fleire måtte
finna seg anna leveveg enn foreldra sine.
Frå
1865 og utover mot 1920 fekk me det store hamskiftet i bygda vår.
Ein byrja for alvor å dyrke opp slåttemarkene slik at dei kunne
nytte hestereiskap Mathias Halvorson Østrem i Mattisgarden var den
første som dyrka opp i stort monn og innførte maskinell drift i
landbruket. Fleire gjekk bort frå sjølvbergingsjordbruk og over på
hushaldningsdrift, der ein byrja å produsere for sal slik at ein
kunne kjøpe resten av det ein trong. Fiske vart meir og meir eit
heilårsyrke i staden for attåtnæring. På vegen dit vart bøndene
meir opptatt av kun å vere med på det mest innbringande fisket
etter jul. Med auka pengebruk opna det også mogelegheiter for den
som trong ekstra inntekt for å greie seg. Det var helst husmennene
og småbrukarane som tok til med småindustri basert på varer som
kvar einskild gard hadde produsert sjølve nokre år tidlegare.
Sjømann,
fiskar tømrar og skomakar var populær attåtnæring for unge menn
kring 1900. Jentene
kunne ta seg tjeneste på gardsbruka, vere budeie eller liknande.
Dette finn me mykje av i 1900-tellinga uavhengig av om det var snakk
om storbruk eller husmannsplass. Me skal no sjå nærare på dei som
me finn i 1900- og 1910-tellingane. Det er verdt å merke seg at så
og seie kvar einaste gardbrukar og husmann hadde registrert seg som
fiskar også i 1900-tellinga, medan dette er heilt fråverande i
1910. Me veit at det ikkje vart slutt på fisket so tidleg. Dei
fleste karane i bygda hadde medeige i båt utover 1920-talet også,
men dei drog ikkje på fiske før etter jula var over på 1920-talet
(sjå eigne tekstar om fiske og gardsdrifta i Hålå), medan dei
fleste var midlertidig busett i Ålesund og dreiv fiske i desember
1900. Anten hadde fisket fått mindre status, eller så hadde ein
fått større båtar og betre innkome i dei beste sesongane på
etterjulsvinteren. Eg finn fleire lån og investeringar i større
båtar frå omlag 1910 og samtidige kjelder fortel om det same.
Kring
1900 var det altså slik at ungeflokkane framleis er store på mange
av gardane i bygda. Fleire
i barneflokken er i gifteklar alder og vel så det, medan foreldra
framleis driv garden og har fleire år att før dei vel å ta kår.
Dei eldste borna får då eit problem. Skal dei seie frå seg odelen
og finna seg anna innkome, eller vente med å gifte seg og i praksis
vere tenar på farsgarden. Ein del vel ei mellomløysing og får seg
hyre på båt. Min eigen oldefar, Lars Olsen Emblem frå sjursgarden
var ein av desse. Han ver rett nok ingen odelsgut, men han var ein av
mange som valde sjøen etter konfirmasjonen. Det var ikkje alle som
var like heldige som Lars. Han fekk eit gardsbruk på Østrem i gåve
frå far sin nokre år seinare. I 1900-tellinga finn vi to som ikkje
var like heldige. Den eine heitte Johan J. Andestad. Han var svogeren
til Kristen O. Magerholm (1843-1932) og busatt hjå Kristen og
søstera Marte Joakimsdotter (1857-1926) fra Sykkylven på den vesle
husmannsplassen, som for ettertida har fått namnet «Krissenplassen».
I desember 1900 var Johan matros på «Stimbaad» mellom England og
Italia. På Reiten finn me ei liknande ordning. Om husmannen Kristen
Magerholm er det mykje å fortelle, for han var ein kar som verkeleg
forsøkte å finne seg inntekt i det meste han kom over. Før Kristen
si tid hadde husmenn mogelegheit til anten å drive fiske eller å
brenne kol og tjøre på trerøter frå kolmiler i utmarka. Sjølv om
dei ikkje åtte noko skog, fekk dei som regel lov til å utnytte det
som vart att etter skoghogsten til jordeigaren.
Kristen
nøydde deg ikkje med det, for han var ein sann gründer, sjølv om
ikkje alt han forsøkte seg på gjekk like bra. Han tok til å leite
etter jern i fjellet kring Magerholm. Saman med ein smed som heitte
Knudsen, leita dei etter sølv i Hessebergneset utan å finne noko.
Dei fann derimot nokre kilo med krystall i staden. Seinare fekk han
kontakt med eit «Ålesundskonsortium» og vart med på å skyte ut
jernmalm i Eitråsen i 3-4 månader. Han vart også med på
jernutvinning på Ørskogfjellet, men det gav ikkje noko videre
inntekt til å leve av. Då han fann marmor på husmannsplassen sin
klarte han å få i stand ein avtale med ein kar i Kristiania som
baud 5000 kroner. Problemet var at Kristen ikkje eigde plassen, og
alle forsøk på å få kjøpe var nyttelaust.
Men det
var ikkje alt som gjekk gale. Kalkstein er det mykje av i bygda vår.
Ein stor del av denne åra kjem opp i dagen på berga nede ved
fjorden. Saman med jordeigaren, Klaus Magerholm og Anders Akselsen på
Pe-Haugen gjekk han i gong med å sette opp kalkomn på Magerholm.
Etterkvart hadde dei 2 store omnar. Lager og eigen fraktebåt i drift
der inne. Framtida såg lys ut, men så råka uhellet. Ein orkan
øydela kalkomnane og sopte pakkhuset på sjøen kring 1900.
Fraktebåten forliste også i det same uvéret. Etter dette vart det
ikkje starta på nytt på Magerholmen. Anders
flytte frå bygda og fortsette i same verksemd på Blindheimsneset.
Der hadde han fått sett opp ein tilsvarande omn og han var konsulent
for to omnar i Ørsta og ein på Larsneset attåt.
Anders
var ein kar som også hadde ein gründer i magen. Før han starta på
med kalkverksamheita hadde han mellom anna drive overnattingstad for
sjøfarande på sjølve Magerholmen. Det er ingen merke etter dette
huset no i våre dagar, men det syner at han klarte å finne eit
utkome sjølv på ein aude holme med nokre meters omkrins. Det vert
fortalt om Anders at han vart funne som spebarn på
Geirangerfjellet. Han hadde berre eit auge og var ein merkeleg mann
som kunne sitte opp heile natta å fortelle skrøner til dei
reisande. Desverre har desse skrønene ikkje overlevd heilt fram til
i dag. Begge desse verksemdene på Magerholmen kom til før 1900.
Staden var også skyssknutepunkt for den som skulle vidare vestover,
austover eller over fjorden. Anders dreiv med overnattingstilbod
berre nokre få år. Der fanst mange husmenn på staden, så det er
mogeleg at nokon av desse har teke over etter han. Andre var truleg
tilsett i kalkverksemda i dei omlag 20 åra det varte, så desse
småverksemdene kom til nytte for langt fleire enn den som starta
opp.
Det var
ikkje berre husly og kalkomn som vart starta opp på Magerholm. I
1910 fekk både Karoline og Knut Magerholm på Daleplassen i
Magerholmdalen gå på «Fortsettelseskole». Broren Andreas var enno
ikkje gamal nok, men var i teneste i staden. Sjølv om Karoline var
berre 16 år, så tok ho seg allereie arbeid attåt som «syerske»,
kanskje var det hos enka Anna Klausdotter Magerholm på hovudbruket?
Anne hadde flytta attende frå bruket Nedrenes, bruksnummer 2 på
Honningdalsneset etter at mannen Karl Johan Karolusen Honningdalsnes
(1858-1905) døydde. Dei var barnlause, så broren til Karl tok over
Nedrenes. Anne trong eit anna innkome og satsa på strikking for
andre. Ho hadde truleg fått noko attende då ho overlet garden til
svogeren, for i 1910-tellinga vart ho i tillegg registrert som
«rentenist». Det kan tyde at ho selde Nedrenes og levde no på
rentene frå desse pengane. Den vesle strikkeverksemda hadde truleg
minst to «ansatte», for den same folketellinga syner at det bodde
ei anna enke der også. Ho heitte Lina Hansdotter Hesseberg, og var
frå frå Sandøy i Romsdal. Saman tente dei til livsopphald som
strikkerske. Lina hadde særskild hushaldning på garden og ordna seg
truleg sjølv. Det er kanskje desse Mauritz Akslen fortel om frå sin
barndom. Etter at saudene vart klipte på hausten, vart ulla karda og
spunne til garnyste. Ungane fekk arbeidet med å gå med garn til to
som hadde strikkemaskine, og tok imot slike oppdrag. Dei laga
strømper, genser og ullundertøy. Han kunne hugse at dei vart sure
når tråden var for tjukk eller full av «Kalvehaud», for då var
garnet dårleg spunne. Det er mogeleg at det kan ha vore nokon andre
også, for der skal ha vore minst to strikkerske til lenger ute i
bygda. Når me
nærmar oss slutten at 1920-talet finn me med sikkerheit enno fleire
småverksemder.
Karl
Engeset frå Norddalen hadde teke over hovudbruket og sett av tomt
til fergekai av tre. Doktor Weiberg-Aurdal hadde praksis i Ålesund
og gardsbruk i sykkylven. Han hadde behov for å kome seg raskare
fram. Som lege hadde han også eigen bil. Han fekk bygd seg ei privat
ferge på Vestnes og ansette Tore Magerholm i Magerholmvika som
skipper på «Raana». Tore var i tillegg skomakar dei første åra.
Ein del av avtalen med Karl hadde vore at slekta hans fekk
førsteretten på arbeid med kaia. Heving og senking av lemmen var i
dei dagar manuell. Etter kvart som fylkesbåtane tok over fergedrifta
vart det starta både kafé og kiosk der inne. Dette tilbodet har
halde seg ved lag omtrent til i dag, og stort sett i
Engeset-familiens eige.
Ovanfor
Gasseneset, der den vestligste delen av parkeringsplassen ved den
nyaste fergekaia ligg i dag, låg det intil for få år sida eit hus.
På 1920-talet budde Ludvik Berntsen og kona i dette huset. Det var
han som bygde det og der hadde han verkstad med dreiebenk og
produksjon av glasdiskar og anna butikkinnreiing i kjellaren. Ludvik
hadde tidlegare vore med på attreisinga av Ålesund etter
bybrannen, vore møbelsnekkar og til sist hadde han lært seg dette
handtverket i Amerika. Kaféen nede på Magerholmen var ein av
kundane. Eg har tidlegare skrive litt om Kristen på Krissenplassen.
Sjølv om han var ein gamal kall på 1920-talet, så var han på
ingen måte tom for gode idéar. På sine eldre dagar var han mykje
nede i skylet under huset sitt. Her laga han ljåhorv og river. Når
han skulle måle skafta hadde han eit artig patent. Han nytta eit rør
med botn i. Dette røret fylde han med maling. Skaftet vart dyppa
nedi og drege sakte opp att. Fargen han nytta var blå, Kristenblå.
Den heilt store inntekta vart det kanskje ikkje, men pengane kom nok
godt med likevel.
På
Aksla-bruka var det mest fiske og snikkarvirksomheiter på denne
tida. På hovudbruket Øvste-Aksla var dei mange om beinet. Nokre
hadde funne seg snikkararbeid i Ålesund, medan andre hjalp til
heime. Etter 1900 vart det litt meir variasjon. Fleire tok turen til
amerika for å få seg midlertidig arbeid. Brørne Knut og Lars tok
seg arbeid ved sagbruket i Albion nord for San Fransisco. Der vart
dei verande nokre år. Etterkvart vende dei nasen heimatt til
Emblemsbygda. På denne tida hadde Hans Iversen Furset nyleg seld den
nye butikken sin på Magnusbakken. Ein kar som heitte Maude hadde
forsøkt seg ei lita stund, men ynskte ikkje å fortsette. Lars og
Knut greip moglegheita og dreiv butikken som etterhvart fekk namnet
«Aksla-buda» på folkemunne i omlag ti år. Lars var ikkje frisk då
han hadde kome attende til bygda. Han døydde i 1929, på denne tida
tok bestyraren Thomas Kristoffersen over drifta og seinare
butikkverksemda, medan Knut eigde huset framleis.
På
Aksla-gjerdet, Vedhaugen og i Høla finn ein fiskarar og snekkarar.
Dei dreiv truleg ikkje eiga virksamheit i dagens forstand.
Vedhaug-Kristian var kanskje den som var nærast eit moderne
snikkarlag. Saman med broren Hans Larsen Østrem på husmannsplassen
Vestrem, som var steinarbeidar og murar, kunne dei ta på seg dei
fleste typar oppdrag. Det var desse to karane som mura opp grunnmuren
til den første skulen i bygda og det var broren «Marka-Hans»
medlemmane i ungdomslaget vende seg til når tomta på ungdomshuset
skulle sprengast ut. Fire frå Høla reiste til Amerika og fleire av
desse fann seg arbeid og varig bustad der borte. Mauritz Akslen
fortel også om Stige-Oline, frå Stigeplassen, som hadde
ekstrainntekt som bakstekjerring saman med Myhre-Gurine. Dei var
truleg ikkje dei einaste som hadde slikt arbeid som ekstra inntekt.
Det er desverre ikkje så lett å finne fram til alle desse i våre
dagar. Mange av desse småverksemdene har aldri vorte registrerte.
Dei har berre vorte nemnde i samband med livsminner frå andre. Tanta
til Mauritz Akslen er eit av unntaka. Henrikke Akslen dreiv i 1910
som syerske for eiga rekning. Denne informasjonen vart også
registert i folketellinga det same året. Reitefolket er allereie
nemnd tidlegare i teksten, men det var først etter 1900 at ein finn
spor etter dei største verksemdene på garden. Saga fekk i tillegg
motordrift slik at ein ikkje vart avhengig av godt tilsig av vatn i
Sirielva som tidlegare. Dei hadde no både storbåten, «Nord» som
gjekk lengst til havs av alle båtane i bygda kring 1927. Den hadde
bemanning på fem mann og Reite-Ivar som skipper. Saga kunne nyttast
når som helst på året, men helst når husbonden var heime frå
fiskebankane. I tillegg dreiv dei etter kvart med produksjon av
takstein som vart lagt på mangt eit naust etterkvart som torva kom
av moten og vart fjerna. Larsgardsnaustet var eit av desse.
Heimeindustrien bløma med andre ord på Reiten.
På
andre sida av Sirielva låg Østremsgardane. Der klengde dei seg
heller ikkje så mykje til gamle tradisjonar. Mathias Halvorsen
Østrem i Mattisgarden var den gjevaste av dei alle saman. Det vert
fortalt at han var den første som dyrka opp markane sine til
hestereiskap i stort monn og var ein av dei som hadde mest reiskap i
skylet sitt utanom Storelva. Når kunstgjødselspreiaren kom på
garden måtte dei utvide den hundre år gamle kvelvingsbrua i stein
med ekstra steinheller i breidda, slik at hjula ikkje skulle hamne
utfor. Men han gav seg ikkje der. På hammaren rett aust for dei
gamle nausta til Nedregotten og Østrem bygde han seg sjøbu og
starta med oppkjøp av klippfisk og eksport til Spania. Han bygde
også det første private minikraftverket på garden sin og var den
fyrste som fekk elektrisk ljos i Emblemsbygda. Mathias heldt seg
orientert om nyvinningane og klarte også å nytte dei til eiga
forteneste. Det var truleg litt misunnelse å spore hjå
sambygdingane etterkvart. Sonen Fredrik var i Amerika og på
heimturane tok han med seg eit og anna merkverdig. Soleis
vart Mattis-folket dei første med elektrisk komfyr, vaffelhjarn og
etterkvart også kjøleskap frå General Electric.
I
Larsgarden var det ikkje så mykje innovasjon eller
småskala-industri. Lars Olsen Østrem dreiv meir med papirarbeid
attåt gardsdrifta. Han var i fleire år vald inn som forliksmann,
verje og han var med når parsellar skulle skiljast ut frå dei
ophavelege gardsbruka til hyttetomt, boligformål og anna. Han dreiv
også ei tid som lekmannspredikant i vaksen alder. Omlag på den tid
då bestefaren min tok over vart det starta sandtak like nedanfor løa
og hovudhuset. Dette var likevel so seint at det vart for lenge etter
1920 til å få plass i denne teksten. I Abrahamsgarden kan eg
derimot spore fleire små verksemder. Frå 1862 til omlag 1889 dreiv
Peter Andreassen Rasmussen frå Volda garden. Peter var også
båtbyggar og laga mest færingar. Han bygde nok båtar som kårmann
også og døydde i 1908. Sidan vart det ikkje nokon som tok over
båtbygginga i Abrahamsgarden, men borneborna dreiv det sidan godt i
andre praktiske yrke. Alfred Østrem fekk rydda seg ein eigen gard
lengst vest på Østrem sin heimeutgard. Delar av jorda til det nye
bruket «Solvang» kjøpte han frå Nybø og Jakobgarden like ovanfor
staden der dagens skule og klubbhus ligg no. Alfred køyrde lastebil
og dreiv sandtak like aust for dagens klubbhus tilhøyrande Emblem
Idrettslag. Broren Sevrin Østrem dreiv mest som murar og bygde seg
først hus like bak hovudhuset i Abrahamsgarden, der Per Ottar Østrem
bur i dag. Etter nokre år flytte han på seg og bygde eit veldig
murhus ved storelva rett aust for dagens barnehage, der innkøyringa
til Blåskulen ein gong låg. I dette huset har det vore både
fabrikk og badehus. Eg kjenner diverre ikkje nøyaktige årstal for
desse verksemdene. Truleg var dette etter 1934. Steinsgarden vart i
1893 seld til Iver Karlson Furseth, broren til omgong-skulelæraren i
bygda vår. Han dreiv det stort med kjøp og sal livdyr, samt
slakting. Den vestre del av utmarka vart frådelt før hovuddelen av
bruket vart seld til bygselsmannen på garden, Knut Larsen Østrem
frå Larsgarden og bror til Vedhaug-Kristian og Marka-Hans i 1894.
Den vestre delen vart skild ut som eige bruk med namnet Ytrebø.
Bruket vart seinare seld til svigersonen og lærar Lars Peterson
Flydal. Garden har seinare vorte kalla «Flydalsgarden på
Folkemunne» Eg har tidlegare skrive om begge brørne til
Steinsgards-Knut, så eg skal ikkje gjenta dette her.
På
Nedregotten finn me eit av dei tidlegaste døma på småindustri.
Hans Strøm skreiv i andre helvta på 1700-talet at bøndene fann seg
bryne ved Kleberhammaren. Allereie i 1760 var hammaren mest uthogd
for avlssteinar til smiene. Staden hadde også hatt laksevarp i
uminnelege tider. Det var på berga undere Hammaren på Nedregotten
at Mathias Østrem hadde sett opp sjøbua si. Før 1930 vart det også
ordna med ein motorbåt som heitte «Vidar». Den gjekk i rutefart
frå «Mattisbrygga» til både Glomset og Ålesund og der var enno
fleire stoppestader på vegen. Når Emblemsruta kom i 1928 vart det
etterkvart også slutt på rutebåtar nede på berga og Vonbåtane
til Sularuta ute i Eikenosvågen. Knut Per og Bjarne Nedregotten var
alle tømmermenn og dreiv byggelag allereie i 1933. Bedrifta vaks seg
etterkvart stor og fekk namnet P&K Nedregotten. Dei leigde også
dampskipskaia i Emblemsvågen til lagringsplass for material før dei
etablerte seg med trelasthandel ved Gasseneset på Magerholm. Per
Nedregotten (1908-1980) var også oppfinnar. Alt i barndommen byrja
han å fundere på store og små oppfinnelsar. Det var ikkje alt som
vart fullført, slik som snøballkanona som skulle kunne skyte heilt
over Storfjorden, men eigenkonstruert vedkløyvar bygde han seg. På
Elvemyr vaks Karl Karlsen Nedregotten opp. Han vart seinare kalla
Rese-Karl på folkemunne. Karl var kanskje den mest markante
skomakaren i bygda vår. Han tok også over som telefonbestyrar i
1898. I 1910 fekk han frådelt eit stykke ved Hjellhaugreset som
seinare fekk namnet Myrvang. Du kan lesa meir om Rese-Karl i ein
eigen tekst om telefonstasjonen på www.emblemsbygda.com.
I
Løvika rydda Nils Rasmussen Løset (1840-1910) seg ein husmannsplass
i 1891. Nils hadde tidlegare busett seg på Osehaugen i Emblemsvågen.
Der dreiv han som båtbyggar og laga svært mange av båtane i
distriktet kring Emblem. Nils var gift med Nikkoline Sivertsdotter
Kaldvatn (1842-1929) Det vert fortalt at Nikkoline var særs
nysgjerrig av seg. Då ho ikkje klarte å sjå kven som kom på besøk
til båtnaustet til Nils frå kjøkkenglaset på Oshaugen, måtte han
demontere heile naustet og snu det slik at ho fekk betre innsyn. Når
dei flytte inn i Løvika ordna han seg verkstad i eit skyle i Løa.
Det vert fortalt at han kunne halde på til langt på natt. Vart han
sliten og trong ei kvild, så tok han seg ein tur ut på fjorden og
dorga. Nils hadde ei god songstemme og naboane kunne soleis høyre
når han «kvilde seg» der utpå fjorden. Då huset i Løvika skulle
ordnast for nokre år sidan, fann ein gamlegolvet som kanskje
Nikkoline hadde nytta i kvilelaus vandring mellom husarbeid og
vindauge når Nils var ute. Golvborda var i alle fall godt slitne på
stader som kan høve godt til slik gonge, men om det stemmer kan eg
ikkje seie for sikkert.
Ellers
kan eg ikkje ikkje finne så mange fleire. Steffen på Tryssethaugen
var også snikkar og fiskar. Søstera var fisketørkar i Ålesund.
Men ein skal ikkje gløyme Konrad Nedregotten (1914-1978). Han dreiv
med transport og var lastebileigar. Han passar ikkje heilt inn i
tidsmessig, men denne verksemda er ei av svært få som har overlevd
heilt fram til i dag. Det var svigersonen Svein Arne Hoel som overtok
i 1970 og utvikla bedrifta til ei bedrift med fleire titals millionar
i omsetning. Bygda vår vart ikkje arnestad for bedrifter i stil med
møbelbedriftene i Sykkylven eller verftsindustrien på Søre
Sunnmøre, men dei gav kjærkomen inntekt til den som ikkje kunne
leva av gardsdrifta åleine.
På
hovudbruket Emblem har mykje av dei største bedriftene i bygda kome
til. Oskar Emblem var kanskje ein av dei største, som ein av
grunnleggarane av Emblemsruta, sjølv om det var først i 1928. Denne
bedrifta vart etterkvart ei sto bedrift før dei med eit fekk avslag
på fornyelse av busskonsesjonen i 1985. Dei vart forsøkt pressa til
å gå saman i eit større selskap, men valde heller å leggje ned
drifta. Lars Olsen Emblem frå Negarden var ein annan entrepenør. I
likheit med mange av jamnaldringane sine valde også Lars å søke
hyre på båt. Då han kom heim vart han engasjert i politikken.
Bygda hadde fått eige smørmeieri i byrjinga av 1890-åra. Lars var
ein av pådrivarane for denne nyvinninga og samstundes den første
bestyraren. Kanskje var det dette som gav meirsmak og fekk han til å
satse på eige handelslag i huset sitt på Elvarum. Dei første åra
dreiv han i kommisjon for Berli i Ålesund, men etterkvart stod han
på eigne bein. På omlag same tida fakk han ansvaret for postopninga
også. Etter namnebroren på Magnusplassen, som døydde i 1900. Lars
la ned handelsverksemda ikring 1920. På denne tida hadde han også
fått konkurranse av sonen til Kjøt-Iver, Hans Iversen Furset på
Skørene. Kort tid etter Lars hadde gjeve seg, var Hans på plass i
ny butikk like ved, på Magnusbakken (seinare kalla Aksla-Buda).
Sjølv om Lars gav seg, så var ikkje Hans, og seinare akslakarane
åleine om handelsverksemda i bygda. Mattias Kaldhusseter forsøkte
seg som handelsmann ei kort tid etter at Lars var død i 1922. Han
fekk leige kjellaren på Elvarum, men det gjekk ikkje så bra i
konkurransen med L.K. Akslen Kolonial på Magnusbakken. Det heile
enda med konkurs. Lars Olsen Emblem hadde også fleire jarn i elden
før han døydde. I mange år hadde han kjempa for å få i gong eit
kailag og dampskipskai i Emblemsvågen. På slutten av året i 1906
hadde også dette kome på plass, takka vere mellom anna «Kjøt-Iver».
Den som gjorde det best av alle handelsmennene i bygda var Sevrin J.
Emblem (1906-1960). Han hadde tidlegare hatt arbeid i butikken til
Hans Iversen og fått smaken på handelsverksamheit. Han starta ikkje
opp før kring 1930, men butikken hans vart ein av dei største
landhandlane i distriktet før han døydde i 1960.
Etter
1921 vart poståpneriet flytta frå Elvarum til Garsendhaugen til
Joakim Johansen Emleim (1870-1955) og Elisa Iverdotter Furset,
dottera til Iver Karlson Furset («Kjøt-Iver») på Eikenosa. Han var
også skomakar attåt. Harry Akslen fortel at Joakim var særs glad i
born. Han brydde seg ikkje noko om at heile ungeflokken vart med på
lasset når han bar postveska frå Emblemskaia til postkontoret oppe
i bygda. Han hadde ikkje noko imot at dei hang over skranka medan han
sorterte posten heller, og han tøysa og prata med dei til han var
klar for utdelinga. Kring 1920 var det mange skomakerar i bygda vår.
Attåt dei som allereie er nemnd kan eg leggje til Andreas Magnussen
(1864-1925) i Hatlebakken. Han tente også litt ekstra på kvenna si.
I
Sjursgarden var det kanskje ikkje så mykje nystarta verksemder å
spore, men der var fleire som var gode på kjøp og sal.To av desse
var Andrine Christiane Arnesdotter Nedregotten frå Skaret. Ho
hadde gifta seg til garden, men mannen døydde etter berre fem års
ekteskap. I 1832 starta ho på noko som var uvanleg for ei kvinne på
den tida. Ho starta med kjøp og sal av eigedommar. Denne
handelsverksemda fortsette ho ilag med dei to komande ektemennene som
ho gifta seg omatt med i løpet av dei komande åra. I dag ville vi
nok eie at ho var ei særmerkt forretningskvinne før si tid. Den
siste eg har funne var Lars Magnussen på Magnusplassen like ved
Magnusbakken. Lars var husmann, men fekk likevel æra av å verte den
første postopnaren i bygda vår. Han hadde truleg ikkje så mykje å
rutte med, men visste å utnytte dei moglegheitene han fekk. Mot
slutten av 1800-talet vart det slutt på at gardane innanfor elva og
dei utanfor delte seg inn etter elva som grense. Etterkvart som
elevtalet vaks, så vart det vansklegare at alle i bygda delte på å
huse omgongskulen nokre dagar kvar. På Magnusplassen hadde dei to
store stover som egna seg til skuledrift. Fleire av desse åra fek
Lars betalt for å ta over denne byrda for dei andre gardane. I
Auregarden viste dei ein god del om fiske. Saman med Røsevollkarane
var dei tidleg ute med å investere i skikkelege dekksbåtar med
overbygd kahytt. Soleis kunne dei ta del i fisket lengre enn mange av
dei andre i bygda. I Hansgarden på Røssevold var det mykje folk.
Jens Hansen var broren til jordajenta, Tidemine. Han var sjømann,
men dei visste ikkje kvar han var. Ein annan bror heitte Lars Hansen
Røssevold og var på fiske. Elles var han gift og busatt framleis på
farsgarden. Kona Olivie dreiv strikkeforretning og flytta snart til
Ålesund saman med Lars. På Nygjerdet på Røssevollen var Lars
tømmermann attåt gardsdrifta. Dei tok seg også av ein gut, ved
sida av Amund Samuelsen Storstein, som budde der dels på fattigkassa
si rekning. I følge Harry Akslen skal Amund ha vorte påkøyrd og
skada i Amerika. Han hadde mellom anna trebein, noko som borna var
nysgjerrige på å få sjå. Røssevoll-folket var mellom dei som
reiste tidlegast til Amerika og Ålesund eller Devoldfabrikken i
Langevågen for å få seg løna arbeid.
På
Ludvigplassen i Emblemsvågen hadde Ludvig fått arbeid som
ekspeditør for Søndmøre dampskipselskap i Emblemsvågen. På denne
tida måtte varer hentast og leverast ute på fjorden då bygda ikkje
hadde fått nokon eiga dampskipskai. Ludvik var også snikkar og hadde tilnamnet "Ausskjer-Ludvig" for han laga ausesskjer til båt og selde dei. Omfanget av produksjonen er ikkje kjend, men det må ha vore ein del om han skulle få eit slikt namn på folkemunne. I
Plassevågen dreiv plassemannen, Knut Knudsen (1846-) med endel
tørking av fisk. Eldstesonen Karl, var på fiske i Ålesund, medan
dottera Johanne var bosett ei tid i Haram, der ho var «sypige». Knut
samarbeidde truleg med Os-Nikolay på Osehaugen og Jakob Larsen
Emblemsvåg på Sandane (Sandvik). Nikolay var opphaveleg frå
Mattisgarden, der broren Mathias dreiv same verksemda med mellom anna
eksport heilt til Spania. Nikolay var før jul ute på Alnes på
fiske. Sonen Knut hadde fått seg hyre og mellombels bustad i
Ålesund. Det er grunn til å tru at det er til Mathias dei sel den
ferdige tørrfisken. Jakob var truleg også med på det same båtlaget
som Nikolay på Alnes kring 1900. Etterkvart finn me att fleire frå
Emblemsvågen i Amerika. Sjølv odelsgutar let vere å kome heim att.
No var ikkje det så uvanleg, for ein kan sjå det same på
storbruket Sjursgarden.
På
Eikenosa budde som tidlegare nemnd Iver Karlson Furset, eller
«kjøt-Iver». Han åtte fleire gardar, dreiv med livdyr og
slakting. Iver skal ha vore den første utanbys frå som løyste
torgrett i Ålesund. Han hadde fleire born. Hans og Karn hjalp til
med gardsdrifta kring 1900. Tre av borna til kårfolket på Eikenosa
budde også framleis heime. Lars og Aagne dreiv med fiske, medan
Systra, Berthe «Sysler med Syning og Vævning». Stadig fleire i
Ålesund hadde namn frå Emblemsbygda, men det er ei anna historie.
Likevel kan det fortelle oss ein del om at det var trongt om beinet,
for den som ynskte å få seg eit eige bruk. Enno verre vart det
etter børskrakket og depresjonsåra før den andre verdskrigen.
Fisket gav ikkje arbeid til alle som trong det, og naudsarbeid var
det heller ikkje nok av Mange gjekk rett og slett arbeidslause
ikring. Denne tida ga inspirasjon til å tenkje nytt og å vere sin
eigen lykkes smed. Slike hendingar fekk fleire til å vidareutdanne
seg og å få fleire føter å stå på. Korleis det gjekk, ja det
skal me sjå nærare på ved eit seinare høve. Me har i alle fall
fått eit lite innblikk i korleis ein forsøkte å finna nye
inntektskjelder og grobotn for ny heimeindustri i bygda vår.
NB!
Denne teksten er berre eit utkast. Veit du om fleire i det aktuelle
tidsrommet som sysla med heimeindustri, så er det berre å ta
kontakt på sveostrem@hotmail.com