Husmannsplassen
Rognereiten ligg høgt og fritt over Emblemsbygda med Røssevollen
som næraste nabo. Det er også herifrå plassen vart utskild.
Rognereiten var opphaveleg ein del av Hansgarden, bruksnummer 1, si
heimeutmark. I likheit med med fleire av dei andre sjølveigde bruka
i bygda valde Hans Timannsen Røssevold (1830-1910) også å åpne
for nyrydding av husmannsplass. Om han var så opptatt av
ekstrainntekt veit ein no ikkje, men det var i alle fall kjærkome med
fleire hender i onnene på garden og pengane kom nok også godt med.
Festesetelen
vart tinglyst 14. juli 1859. Her forplikta Ole Berntsen Midtgård
(1827-1920) seg til å betale 40 speciedaler før festesetelen vart
tinglyst, og så 1 speciedaler i årleg festeavgift frå 1860.
Han skulle også bidra med 4 arbeidsdagar hos Hans, der 2 av dei
skulle vere i slåtten. Årsavgifta var den same som på dei fleste
andre plassebruka i bygda på den tida, men det var færre pålagde
arbeidsdagar enn ein del av dei andre husmannsplassane. Totalsummen
av festeavgift og arbeidsdagar seier oss noko om størrelsen på
plassen og Rognereiten var ikkje av dei største i bygda vår.
Utmarka på Røssevollen var kanskje heller ikkje av dei mest
populære plassane å rydde frå grunnen av, men det var nok av dei
som var på jakt etter ein eigen plass. Om det var fleire som ynskte
å rydde denne plassen veit eg ikkje noko om, men det var kanskje
ikkje heilt tilfeldig at det var ein frå Sunnylven som forsøkte
seg. Dei var kanskje også litt betre budd på å finne seg eit
brukbart utkome så høgt oppe.
Det
var i denne festeseddelen eg fann namnet «Rognereiten» først. Om
det var Hans som nytta opp att eit eldre namn, Ole som tok med seg
eit namn heimanfrå, eller at namnet har hatt anna opphav, er det
ikkje så lett å seie for sikkert, så lenge etterpå. Eg merkar meg
likevel at Daleplassen i Magerholmdalen også fekk eit liknande namn
på om lag same tid, når Ingebrigt Larsen Emblem tok over plassen etter
svigerfaren sin. Denne plassen låg også høgt. Plassen i
Magerholmdalen fekk namnet «Rognestølen». Dette er sjølvsagt
ikkje nok til å trekke nokon konklusjon ifrå, men det er ikkje så
uvanleg å sjå Rognetre høgt til fjells. Dei trivst i alle
jordsmonn, og er rekna som eit pionér-tre i likheit med nyryddaren i
Røssevollmarkane. Kanskje er det desse eigenskapane ein har lagt
vekt på i namnevalget, for skog må det ha vore minimalt av på denne
tida. Rett nok har det vore litt til ved i 1868-åra, men
hovudbrensel var torv. Rogne-namna kan dermed ha samanheng med at
dei første treskota må ha kome opp allereie i 1859 og kanskje var
dette hovudsakleg Rognetre også. Ole fekk nedfelt i festedokumenta
at han kunne låne hest to dagar i året, og fekk lov til å ha dyra
sine på utmarksbeite på fjellet Hesten kom godt med i våronna når
åkrane skulle pløgast og møkra skulle horvast ned i marka.
Truleg vart møkra køyrd ut på slede når det enno var snø, og
lagd i passande dungar til våren kom. Deretter vart den fordelt under våronna. Høyet bar dei sjølve på ryggen heimatt frå
slåtteteigane på fjellet om natta, saman med nygjerds-folket. Fekk
dei forsyne seg med eine eller trevirke som røter til brennfang
eller kolmiler, så måtte også dette fraktast på ryggen eller
skareføre. Det er ikkje så lett å vite kor store åkrane var dei
første åra, men vi får etterkvart ein idé om omfanget i dei
folketeljingane der avlinga vart registrert. Eg skal kome attende til
dette litt seinare. Eg har ikkje funne noko i dei skriftlege
tinglysingane som seier noko om brennfang eller rettar på slikt, men
mykje er også uskrive der.
I
1865-teljinga finn ein att Ole. Då var han 40 år, medan kona, Anne
Marie Samuelsdotter Storstein (1832-1892) frå Sunnylven var 34. Dei
hadde 4 born, der dei to eldste, Ole Andreas og
Synneve vart fødd i Sunnylven. Det same året måtte dei låne pengar med kjøpmann Hans Andreas
Viderøe på Tyskholmen i Ålesund. Mora til Hans var også av
kjøpmannsætt. Maren Birgitte Heide kom frå familien Heide og hadde eigd det meste på Emblem tidlegare. Hans vart også far til
minst to born som fortsette som handelborgarar. Ole hadde litt
sikkerheit for lånet på 53 speciedaler. Han hadde nemleg sett opp
ei lita stove, fjøs og låvebygg, men jorda kunne han sjølvsagt
ikkje pantsette for den åtte han ikkje. Totalt fekk dei ti born. Det er mykje på ein husmannsplass.
a) Ole Andreas (1856-1883) døydde av tæring.
b) Synnøve (1858-1884) døydde av tæring.
c) Severin (1861-1864) døydde av strupehoste.
d) Ingeborg Johanne (1863-1941) gifta seg i 1888
med Johan Lauritz Slinning(11), brukar Slinningen(11).
e) Berthe Lovise (1865-1957) gifta seg i 1886 med
Sivert Andreas Slyngstad(27) frå Stranda. Bruskøyrar
i Ålesund.
f) Samuel Martinus (1868-1871) døydde 3 år gamal.
g) Knud Britanus (1870-1943) gifta seg først i 1895
med Synnøve Larsine Andersd. Flote(2) frå Volda. Han
gifte seg opp att i
1910 med svigerinna Kanutte Andersd. Flote(2). Knud var
bryggeformann i Ålesund i 1900.
h) Rasmus Olaf
Samuel (
1872-1961) gifta seg med
Oline Josephine Hansd. Nordstrand frå Valderhaug(13),
brukar Nyheim, Valderhaug(36).
i) Kristine Eline
Karoline (
1875-1882) døydde av lungebetennelse.
j) Ole Martin (1880-1947) gifta seg i 1909 med Petra
Gjertine Sofie Lauritsd. Eltvik frå Selje,
busett i Ålesund.
Det
er ikkje lett å finne særleg med opplysningar om Ole og Anne Marie.
Av det eg har funne, så er Ole fødd og oppvaksen på eit av
Midtgårdtuna i Oaldsbygda. Faren heitte Bereth Joakimson Midtgaard, og
mora var Synnøve Olsdotter Skotet. To av syskena til Ole fekk overta
kvar sitt bruk av dei i alt tre Midtgård-bruka som var registrerte i
1865-teljinga for Sunnylven. Ole gifta seg på Hellesylt 22. juni
1856 med Anne Marie Samuelsdotter Storstein(3), og dei hadde hast, for
allereie den 4. september det same året kom eldsteguten deira, Ole
Andreas, til verda på Midtgård. Det står ikkje noko om kven av
desse bruka han vart fødd på, og dei hadde flytta til Emblem i
1865. Fadderane kom frå
begge tuna, og bestefaren Bernt er ikkje registrert på nokon av dei i
1865. Anne Marie kom frå buk nummer 3 under Storstein. Ho vart fødd der 14. september i 1832. Foreldra heitte Samuel Pederson Storstein (1809-1894) og
Ingeborg Marta Larsdotter Vinje (1809-1894?)
Ole
Berntsen var ung men allereie omtala som «indærst» på Midtgård når han fekk eldstesonen i 1856. Det må ha vore litt spesielt for
ein om enno ikkje hadde passert 30 år. Særlig innbringande kan det
heller ikkje ha vore. Kanskje var det dette som fekk han til å sjå
seg om etter ein husmansplass, for midlar til å kjøpe eigen gard
hadde han neppe. Han var nok godt vand med bakkane i Oaldsbygda så
han otta seg truleg ikkje for at Rognereiten låg i bratta. Årsaka til at han kom til Emblemsbygda var kanskje at han allereie kjende folk i bygda. Søstera, Regine hadde busett seg på husmannsplassen Akslagjerdet kring 1850 - vel 6 år tidlegare. Mykje
tydar også på at begge klarte seg brukbart, for nokre år seinare kom også
broren til Anne Marie til Røssevollen og fekk seg ein husmannsplass
der han óg. Den gamle bygdeboka fortel at desse to plassane samarbeidde om
utmarkslåtten. Humannsplassane gav ikkje nok mat til buskapen på
innmarka, så dei måtte ty til slått på eigna plassar oppe på
Emblemsfjellet attåt. Dette arbeidet var gjort om nettene. Svogeren
til Ole var tømmermann på dagtid, medan arbeidet på eigen plass
måtte gjerast utanom. Sjølv var han sagar og reiste ikring han òg.
Det daglege gardsarbeidet var det dermed Anne Marie som måtte ta seg
av saman med ansvaret for borna. Det må ha vore godt å ha
såpass store born som kunne hjelpe til med dei minste.
Den
19. oktober 1880 selde Hans Tidemandsen Røssevoll Rognereiten til Lars
Kristiansen Emblem(11).
Det
vart understreka i kjøpekontrakta at Ole hadde rett på å bu og
drive Rognereiten så lenge han levde eller så lenge han ønska å
bu der sjølv. Kjøpesummen var på 100 speciedaler, og kjøpekontrakta
vart underskriven på «Gaarden Emblem» den 18. oktober 1875, men
først tinglyst fem år etterpå. Lars var inngift på Sjursgarden og opphaveleg frå Viddal. Saman med Andrine hadde han kjøpt fleire
gardpartar og husmannsplassar. Hatlebakken/ Kaldhusgarden på Emblem var ein av desse. På
denne tida hadde han sjølv vorte bygselsmann på Skorene, etter
nokre år som ung kårmann i Sjursgarden. Årsaka til dette var at
han var den tredje ektemaken til Andrine som åtte Sjursgarden. Ho
døydde i ei drukningsulukke ved Valldalen i 1862. Nokre år seinare hadde han overlatt bruket til den eldste stesonen sin, "Sjurs-Ole". Lars rakk berre å
eige Rognereiten i om lag eit halvt år før han sjølv døydde i mars
1876. I denne tinglysinga i 1880 står det ikkje kven som arva
plassen, men den 18. april 1887 får vi svaret. Det vart tinglyst
at sonen til Lars, Knut "Store-Knut" Larsen Ekrem selde plassen til
Johan Abertsen Slinning frå Ålesund for 410 kroner i 1886. nok ein
gong er Ole nemnd som den som har burett etter festekontrakta frå
1859. Det kan tyde på at Rognereiten var del av arva frå faren.
Den var tross alt kjøpt etter at han vart kårmann, og hadde skøytt frå seg Sjursgarden, samt fullført arveskiftet etter kona si, Andrine.
Johan sat ikkje lenge med kjøpekontrakta, for den 16. juni 1887
hadde det vore skylddeling der «Parcellen Rognereit» vart frådelt
hovudgarden og fekk bruksnummer 2 under Røssevollen, med ei skyld på
23 skilling, seinare revidert til 33 øre. Allereie i 1889 vart
Rognereiten seld med «tap» for 400 kroner, ti kroner mindre enn
Johan kjøpte den for. No var det endeleg plassemannen Ole Berntsen
sin tur. Han eigde no plassen sin. Skøytet vart signert den 22.
januar og han trong ikkje vere husmann lenger.
I
1900-teljinga er det kun Ole Berntsen og sonen Ole Olsen Røssevold
heimehøyrande på Rognereiten. Sonen Ole var mellombels busett på
Slinningen i Ålesund og dreiv fiske der, medan faren var enkemann og
budde åleine på garden. Han var på denne tida 73 år og dyrke både
potet og frukt. Ole hadde framleis krøtter også. Han hadde på
ingen måte tatt kår enno, men det skulle likevel ikkje gå så
mange åra før han måtte gje seg.
I
1910 var Ole ikkje lenger på Rognereiten. Då budde Rasmus Arneson Årsnes(2) (1851-1935) brukar saman med kona (Anne) Karoline Ole-Andreasdotter.
(1844-1917). Begge kom frå Hjørundfjorden Bygdeboka opplyser at
han gav kår til Ole Berntsen, men det må ha vore før 1910. Ole
hadde nemleg flytta til Gardsnr. 117, bruksnummer 11 på Slinningen.
Der budde han saman med bornebornet Jenny Johansdotter Slinning (f.
6.6.1893) og mannen hennar, Adolf Johansen Slinning (f. 10.3.1895). Dei hadde ein gut 13 år som heitte Rikard Johanson Slinning. Dei
dreiv både gardsbruk og «fiskearbeide». Sjølv morfar Ole laut trå
til på begge plassar i ein alder av 83 år. Jenny og Adolf tok seg
ikkje berre av bestefaren, men også mor til Jenny, Ingeborg
Olsdotter Slinning på 47, som hadde vorte enke.
Ole
selde Rognereiten i 1902 mot kårbrev på plassen. Kva som var årsaka
til at han ikkje nytta denne kåretten fullt ut er det ikkje sikkert
at vi kan få fullgodt svar på no i ettertid. Kanskje vart det
vanskeleg å fø på ein kårmann på denne vesla plassen. Ole var i
alle fall i arbeid ute på bruket på Slinningen i 1910, og ikkje
kårkall eller legdmann på noke vis. Kanskje var han meir
arbeidsfør enn han som han fekk kår med kring 1910 også? Uansett
er dette kun spekulasjonar frå mi side i mangel på faktakunnskap.
Eg fann ingen spor i panteboka som kunne leie meg på rett stad. I
avskrifta av kårbrevet i panteboka, finn eg likevel at han selde
berre halve naustet. Kjøpesummen var på 1150 kroner. I tillegg
krevde han årlege ytelsar på 36kg havre, 3 hekto smør/landsmør,
samt 4/10 (....) poteter. Her var mengde-eininga streka over. Kåret
sin 5 års verdi vart sett til 100 kroner. Det er interessant at
kjøparen var Rasmus A. Kiperberg, medan bygdeboka nemnar etternamnet
Årsnes. Dette er den samme som eg nemnde som Rasmus Arneson Årsnes(2) tidlegare. Han kom truleg frå Kipperberg til Rognereiten i 1902, og
endra så namn til Røssevold. Eg merkar meg at det ikkje står noko om
hjelp på Ole sine eldre dager. Det verkar om Ole berre var
interessert i ein part av avlinga. Huset var heller ikkje av ein slik
størrelse at det var plass til både ein familie og kårfolk. Når
Rasmus selde Rognereiten vidare den 6. oktober 1917, er kårytingar
til Ole framleis ein del av skøytet. Ole har ikkje seld parten sin i
naustet i Emblemsvågen, men verdien på bruket hadde auka. Summen var
no oppe i 2100 kroner, ei auke på nærmare det dobbelte på 15 år.
Samtidig hadde Rasmus rett på å fortsette å bo på Rognereiten til
årsslutt i 1918. Eg skal kome attende til kvifor dette var mogeleg.
Eg finn ikkje noko meir om Ole i kjeldene. Eg vel likevel å ta med
at han framleis var registrert i Ålesund i adresseboka frå 1916. då
driv han framleis med fiske. Etter dette finn eg ikkje spor etter Ole
før han døydde i 1920. Eg vel difor å fortsette med han som kom
etter.
Rasmus
Arneson Årsnes (1851-1935) kom ikkje frå Sunnylven og delte ikkje
etternamn med Ole.
Han
kom heller ikkje frå bygda vår. Rasmus kom derimot frå
Hjørundfjorden i likheit med mellom anna Steffensenætta som flytta både til Tryssethaugen under Nedregotten, og Pe-haugen inne på
Magerholm. På denne tida var det ein god del kontakt mellom
Emblemsbygda og gardane i Hjørundfjorden. Dei var ikkje dei einaste,
for der vart også inngifte folk frå Sula og mellom anna Kirkebøætt
som ein finn i Sjursgarden på Emblem. Hjørundfjorden var ikkje
nokon avsidesliggjande stad i dei dagar, når båten var det beste
framkomstmiddelet, og «vegen» soleis var å finne på fjorden.
Problemet med Hjørundfjorden var derimot at den var omkransa av
bratte fjell og difor meir tungdreven. Bøndene trong vinterforing
andre stadar mot betaling. Emblem var ein slik plass, og det er
mogeleg at ein del av desse avtalane skyldast slektskap eller andre
forbindingar. Slik fekk dei vite når ein gard vart ledig på Emblem,
og kring 1900 vart det også nytta folk til å spreie bodskapen
ikring når dei reiste slik at flest mogeleg skulle få vite om det
og kanskje vere med på å heve salsprisen på auksjonen. Lars Olsen
Austrem i Larsgarden på Østrem var ein slik bodspreiar. Han reiste som lekpredikant frå om lag 1900. Det vert fortalt at det
var slik Engesetætta fekk vete at Magerholm var til sals nokre tiår
seinare. Vi veit førebels svært lite om Rasmus Arnesen Årsnes. Han
var i alle fall brukar på den vesle plassen fram til 1920. Karoline døydde på Røssevollen, men Rasmus vart gravlagd i gamle Bolsø Kommune, Molde kommune i dag. Han var då registrert på Oppdøl, og truleg pasient på asylet der.
I
1917 kjøpte altså fiskaren Laurits Andreas Johannsen Røssevoll(4)
(1890-1942) frå
Nygjerdet
Rognereiten. Han var fødd på Vigra, men hadde blitt attende hos besteforeldra sine på Nygjerdet, når resten av familien emigrerte til Amerika i 1893. Laurits hadde no to plassar, og dermed meir slåttemark
og meir plass til både dyr og for. Han var ungkar og dreiv desse to bruka som eitt
i nokre år. Derfor kunne Rasmus fortsette med å bo på Rognereiten
til 1918 var omme. Laurits var sonesonen til Lars Samuelsen
Storstein, som var første plassemannen Nygjerdet, og dermed i
slekt med kona til Ole Berntsen, sidan ho var søstera til Lars.
Laurits vart fødd på Vigra og gifta seg 16. juli 1919 med Gyda Josefine Antonsdotter Hegg frå Kristiansund. Han dreiv ikkje Rognereiten og Nygjerdet særleg lenge, før han
gav seg i 1920. Den gamle bygdeboka fortel at han kjøpte Rognereiten noko
før 1920, men eg har funne ut at han fekk skøyte på Nygjerdet 12. juli
i 1917, så han var brukar i tre år. Det vart kanskje litt for
mykje å handtere. Han hadde pantsatt Rognereiten for 2000,- i 1917
for å få kjøpe den. Samstundes kjøpte han Nygjerdet også. Den
26. oktober måtte han utvide lånet på Rognereiten med 600 kroner,
noko som kanskje vart meir enn verdien. Det vart kort tid etterpå økonomiske nedgongstider etter den første verdskrigen, og i tillegg hadde han gjeld på
Nygjerdet. På denne tida var det fleire som kom i økonomisk uføre
etter oppgongstidene under krigen. Bankar gjekk over
ende, og mange på Sunnmøre miste alt dei eigde. Kort tid i førevegen
hadde sjølv fiskarar investert sparepengar i aksjar, noko som ikkje
skulle syne seg å vere særleg lurt. So gale gjekk det ikkje med
Laurits, men i 1920 vart salet av Rognereiten tinglyst for ein lavare
sum enn han sjølv hadde kjøpt den for, og 800 kroner mindre enn han
hadde pantsett bruket for. Likevel var Laurits truleg heldig som fekk
selge. I Spjelkavika gjekk mellom anna den første kooperative
butikken i sentrum ut av historien, fordi andelseigarane frykta å
miste alt dei hadde under den økonomiske uroa dette året. Den 11.
september 1920 sel Laurits Rognereiten til Elias Knutsen Emblem på
Storhaugen, Emblem(16), og den samme dagen vert også Fredik Larsen Emblem frå
Negarden, Emblem(1) eigar av Nygjerdet for 2350 kroner. Laurits flytte med familien sin til Ålesund. Ein finn dei i Molovegen 9, frå 1921 til 1926, og i Ringgata 18 i 1928. Molovegen 9 ligg vegg i vegg med dagens glashus, der Akademiet videregåande skule held til i dag. Ringgata ligg like ved verftsomådet til Liaaen, mot spissen av Aspøya. Laurits fekk seks born.
a) Lars Arne (1920-2008) gifta seg med Aase Hegg.
Dei er gravlagde på Nedre Gravlund i Ålesund. Han
var krigsfange i Marokko under andre verdskrigen.
b) Arnold Charles (1921-1977) gifta seg i 1946 med
Gunvor Valle, busett i Ålesund.
c) Margon Bertine (1923-2013) gifta seg i 1949 med
Anders Stavland, dei var busett på Bømlo.
d) Liv Gunvor (1926-2001) gifta seg i 1948 med
Ingvald J. Ormberg, busett i Bergen.
e) Annbjørg (f.1928) gifta seg i 1949 med Trygve
Hansen, busett i Ålesund.
f) Johan Syver (1930-2010) busette seg i Haram.
Slektskapet
mellom Nygjerdet og Rognereiten var ikkje dei einaste
slektsbindingane på Røssevollen. På Tykjegarden, bruk nummer 3,
var der også Storsteinætt. Hans Peter Larsen Røssevold
(1865-1947) var sonen til Lars Samuelsen Storstein på Nygjerdet. Han
kjøpte garden i 1892, etter at den forrige brukaren hadde reist til
Amerika. I 1910 var også den ugifte farbroren Amund Samuelsen
Storstein registrert der. Han hadde vore i Amerika, men vart
skadd i ei bilulukke i Mineapolis og valde å reise heim att. I følge
opplysningar frå Harry Akslen så hadde ulukka enda med amputasjon,
for han hadde trebein. Etter ulukka var Amund ikkje i standt til å
arbeide og fekk difor støtte frå fattigkassa i 1910 .
Den neste brukaren var Elias Salomon Knutsom Emblem(16) (1869-1949). Han kom opphaveleg frå Steffågarden, Emblem(6) og
vart seinare gardbrukar på Storhaugen, Emblem(16). Han kjøpte Rognereiten som
slåttemark. Elias hadde eigentleg emigrert til Amerika i 1880, der
han hadde arbeidd på eit gardsbruk ved Seattle. I 1886 hadde han
kome attende til bygda. I 1910-teljinga vert det registrert at han enten var
ved «Onahavet eller Aalesund». Det er mogeleg at det er han som var
fadder og fiskar i kyrkjeboka i Ålesund 1895 også. I den gamle
gardsoga
for
Borgund og Giske vert det opplyst at han fekk fråskild Storhaugen frå
Steffågarden i 1903, som bruksnummer 16, og at bruket vart rydda frå
om lag 1902. Dette stemmer godt med panteboka og tinglysinga den
21.9.1903. Kvifor plassen fekk namnet «Storhaug», veit eg ikkje,
men det kan vere verdt å merke seg at broren Ole Knutsen Emblem på
farsbruket, som selde, også var forlovar til Jacob Annanias Berntson
Storhaug frå Kinn, når han gifta seg med Lovise Agnete Hansdotter
Røssevold i 1878. På den tida var brudeparet busatt på
Røssevollen. Det hadde vore litt artig om namnet på den nye
parsellen var ein gest mellom vener. I 1930 tinglyste han ein parsell
som fekk namnet Solhaug. Det er ein del som tyder på at dette kan ha vore nye namn, og
Storhaugen like eins. Det er likevel mogeleg at Storhaugen var det
opphavelege namnet på haugen der bruket vart liggande, for namnet er
på ingen måte unikt i landet vårt. Det var altså Elias som skal
ha dyrka opp gardsbruket og bygd husa. Han flytta seinare til
Røssevollen når sonen Konrad kjøpte nabobruket, Pe-garden i 1931.
Han døydde der oppe og etter kvart busette den andre sonen, Edvin, seg
der også.
a) Konrad Elias (1907-1966) var ugift og brukar i Pe-garden, Røssevold(3).
b) Alfa Petra Tora (1910-2008) gifta seg i 1940 med
Alfred Bertrand Johansen Riise(2), busett i Hatlane.
Ho tok over Pe-garden, Røssevold(3) etter brødrene sine.
c) Edvin Kaspar (1913-1972)
var ugift og brukar
i Pe-garden, Røssevold(3).
d) Anna Olivie (1913-1935) døydde av hjertefeil.
Elias
var ikkje eigar på Rognereiten heilt til sønene tok over Pe-garden.
Den 24. februar 1923 vart garden seld til Lauritz H. Pedersen og Lauritz
J Pedersen Jr. Dei kjøpte Rognereiten som hytte for 2500 kroner. Salet
på tomter til hytter var no på stigande kurs på Emblem, og områda
ikring. Fleire av kjøparane hadde enten tilknytning til bygda eller
dei hadde leigd seg inn på eit av gardsbruka om sommaren. Med eitt
såg bygdefolket moglegheiter til ei kjærkomen ekstra inntekt i ei
vanskeleg tid mellom verdskrigane.
Det som er underleg i den
forbindelsen er at det er først den 24. februar 1930 at Elias får
tinglyst at han har fått avlyst obligasjonen sin på 500 kroner på
Rognereiten i Borgund Sparebank. Det er altså først no han hadde
infridd lånet i forbindels med kjøpet. Det hadde vore ein heftelse
på bruket heilt til 1929. Kva som var årsaka til dette er eg ikkje
sikker på.
Det siste eg finn i digitaliserte pantebøker er skøytet
frå 1. november 1934, der Lauritz Pedersen Jr. sel sin halvpart av
eigedomen for 1000 kroner til nevøen Otto Martin Pedersen (1907-1993). Otto er nemleg sonen til den andre eigaren,
Lauritz H. Pedersen, og dermed vart han eineeigar, når han i 1942 fekk resten av hytta i arv etter foreldra sine. Otto var gift med Henriette Engene (1911-1994). Hytta vart verande i familien, til den vart seld som delar av arveoppgjeret etter Henriette og Otto i 1994.
Den tidlegare husmannsplassen vart kjøpt i 1994, av Torunn Randi Krogsæter Myklebust (f.1955),
Røssevoll(6), frå nabobruket. Då var allereie husa på tunet delt frå, året i forvegen, som hyttetomt.
Sjå meir om dei i teksten om
Tykjegarden, og
Voll.
a) Therese (f.1979) gifta seg i 2001 med
Herman Helgesen, busett Eidsnes.
b) Sylvia Mariann (f.1980) gifta seg i 2005 med
Thorstein Sten Gjerde, busett på Hatlehol.
c) Anette K. (f.1983) er tvilling. Ho gifta seg i
2010 med Anders Hoff, busett i Ratvika.
d) Margareth Helen (f.1983) er tvilling. ho gifta
seg i 2014 med Are Henry Lund, busett på Flisnes.
e) Tom-Ruben (f.1987) er busett i Oslo.
I
2011 kjøpte Trygve Jan Haagensen (f.1943) og Torunn Skarpaas (f.1942) sjølve tunet på plassen frå Anders Grasdal. Dei har i mange år vore naboar til Rognereiten, med både hus og brukbar
fartstid som busette på Røssevollen. Han satsar på å sette den i stand for ettertida. Det er på sin
plass å applaudere for eit slikt godt tiltak i ei tid då dei fleste
historiske stadane i bygda vår vert rivne i staden. Selgaren var Andreas Grasdal
a) Birgit (f.1975) er busett i Oslo.
b) Bjørn Eivind (f.1977) gifta seg i 2014 med
Ane-Marte Grande frå Godøya, busett i Ålesund.
c) Jan Trygve (f.1983) er sambuar med Beate
Husøy frå Hareid, busett i Ålesund.