Nygjerdet
er den andre husmannsplassen som i si tid vart rydda på Røssevollen.
Rognereiten var den første og låg høgst oppe mot utmarka og
fjellet. Nygjerdet vart dyrka opp på den vestlegaste delen av
Tykjegarden, like nedanfor Rognereiten.
Lars
Samuelsen Storstein(3) (1836-1927) var den første som fekk feste på
Nygjerdet i 1865. Han kom frå garden Storstein, og var broren til
Anne Marie Samuelsdotter Storstein (1832-1892), som flytte til
Rognereiten på Røssevollen. Truleg var det via henne og svogeren
han fekk tak på denne husmannskontrakta.
Lars
var fjerdemann i borneflokken og sonen til Samuel Pedersson Storstein
(1809-1894) på bruksnummer 3 på Storstein i Sunnylven. Samuel var
den beste felespelaren i distriktet. Han livnærte seg som sagar, og
var mellom anna heilt til Skjåk for å sage hustømmer. Der fekk han
ein gong spele i lag med «Loms-Jakup», som skal ha vore ein av dei
største spelemenn på 1800-talet . Dei prøvde kvarandre i mange
slåttar og ein av dei som var med på arbeidslaget til Samuel, Ole
Hole, meinte at det var Samuel som stundom var den beste.
Søstra
til Lars hadde kome frå Stranda til Rognereiten om lag 7 år
tidlegare med mann og born. Dei må ha klart seg rimeleg godt, sidan
Lars fekk lyst til å prøve seg han óg. Rognereiten vart opparbeidd
på jord frå Hansgarden, medan husmannsplassen
Nygjerdet vart festa under bruksnummer 3, som var Tykjegarden. På
denne tida skulle Ole Martinus Jensen Røssevold(3) (1843-1882) akkurat ta over garden
etter far sin, Jens Brethanus Ananiason Røssevold(3) (1819-1871). Ole var femte generasjon
på dette bruket. Kva som var årsaka til at husmannsplassen vart
oppretta det året veit ein ikkje heilt sikkert, men
det kan verke opplagt at Ole ynskte seg meir onnehjelp, og at 40 speciedaler for festesetelen var kjærkomne pengar for Jens, som no
vart kårmann. Den årlege festeavgifta på 1 speciedalar var
kanskje ikkje så mykje, men den kom nok også godt med, sjølv om
dei 4 dagane med arbeidsplikt på Tykjegarden kanskje var dei
viktigaste for Ole på sikt. Lars var berre 29 år då han kom, og han var derfor ein mann i sin beste alder når det kom til å gjere nytte for
seg på hovudbruket. Kona til Lars, Ane Haagensdotter Frøysa
(1826-1922) var 4 år eldre og sterk som få.
Om Ole
hadde hatt andre planar for utmarkstykket, så hadde han uansett
ikkje noko val, for faren krevde at Lars skulle få fortsette som
husmann og det vart også tradisjonen tru nedskrive i skøytet på
garden saman med kravet til kårytingar. Det var også vanleg at
festekontrakta til husmannen var skriven slik at den som overtok
hovudbruket laut ta over, og vidareføre festekontrakta frå den
forrige brukaren. Eg har funne fleire eksempel på at husmenn på
slike små plassar kunne kreve å få bu der resten av livet, om dei
klarte forpliktelsane sine. Eg har ikkje funne den opphavelege
festekontrakta frå 1865, men derimot ein panteobligasjon frå Jens
til Ole Johan («Sjurs-Ole») Knutsen Emblem frå Sjursgarden på 50 speciedalar frå 1856, som også vart tinglest i 1866. Det er ingen
opplysningar om når lånet vart avløyst. I panteregisteret finn eg
berre skøyte på Nygjerdet frå 1877 som den første registreringa,
og panteregisteret for Tykjegarden gir heller ikkje noko svar.
Lars og
Ane hadde lite å hjelpe seg med då dei kom til Røssevollen. Etter
at festegifta var betalt hadde dei berre 20 speciedalar att. Av dette
skulle dei rydde seg eit plassebruk, og bygge driftsbygningar frå
grunnen av. Det var heller ikkje billig. Men hus slapp dei å bruke
pengane på, for dei hadde allereie kjøpt seg ei gamal stove inne i
fjordane. Likevel var økonomien heller skral. Dei måtte selje den
eine napperya si for å få råd til å frakte tømmerstokkane til
Emblemsvågen. Transporten på fjorden var ein ting, verre var det
når huset skulle flyttast heilt opp på Røssevollen. Her er det
arbeidshugen til Lars og Ane kom til syne for alvor. Bygdeboka fortel
at Ane bar stokkane opp frå sjøen om kveldane på kveldstid, medan
Lars sette i hop den vesle stova på natta.
Det kan
verke rart at det var Ane som bar stokkane dei bratte bakkane, men
det vert fortalt at ho fekk hjelp av «Emlemskarane». Kven dette
var, fortel ikkje kjeldene noko om, men det var truleg mange som
hadde sympati med nykomlingane, og stilte opp på dugnad. Kan det ha
vore Ole i Tykjegarden som sende bod på naboane sine, eller var det
kanskje svogeren Ole og søstra til Lars, Anne Marie på Rognereiten
som baud inn til dugnad? Dei visste kva som måtte til når ein ny
plass skulle ryddast, og hadde truleg fått ein del vener i bygda
etter 7 år. Dei visste nok også kor dårleg råd nygjerdefolket
hadde. I 1865 finn eg i alle fall ein Knut Larsen Emblem og ei Karen
Larsdatter Emblem mellom fadderane til dottera deira, Berthe Lovise
Røssevold. Desse var truleg søsken og frå Auregarden litt lenger
nede i «Røssevoldbakkane». Lars var også fadder til niesa på
Rognereiten og på dette tidspunktet kallar han seg allereie
Røssevold. Eg vil tru at aurefolket stilte på dugnaden, og dei
hadde igjen mange bekjente i bygda. Når arbeidet vart gjort på
kvelden, så gjekk det ikkje ut over noko anna arbeid på gardane.
I
folketeljinga det same året finn eg den vesle familien på
husmannsplassen «Nygaard» på Røssevollen. Då hadde dei ein gut
på 1 år som heitte Hans P. Larsen og var fødd i Sundelvens
Prestegjeld. I det første året hadde dei klart å skaffe seg to kyr
og fått både korn og såpotetene i jorda på den nye plassen sin. I
den same folketeljinga hadde dei i alle fall klart å hauste både ei
tønne havre og ei halv tønne potet. Det kan tyde på at dei kom
tidsnok til våronna, og at huset kan ha vorte frakta opp kring
påsketider. Lars og
Anne fekk 3 born saman.
a) Nils (1857-1942) gifta seg i 1891 med Inger Tomasine
Larsd.
Hjellereit(1). Han var Lars
sin son, og dei vart
nemnd som inderst på Viset, Ørskog 1900.
b) Hans Petter (1865-1947) gifta seg i 1892 med Ingeborg
Marie Britanusd. frå Ytre Ekroll på
Skodje. Han kjøpte
nabobruket Tykjegarden
.
Sjå meir om han der.
c) Samuel (f.1868) drog til USA 1892. Heime i Ålesund
1945,
for å kreve arva etter
kona si som var «inne frå fjordane». Han
vart døypt samme namn og dag som søskenbornet på
Rognereiten.
d) Johan Peter (f.1873) gifta seg i 1897 med Lisa Petrine Olivie Nedregotten(4). Dei drog til
Amerika. Ho kalla seg Alice i Minnesota. Sonen Laurits vart att heime, og vart neste
brukar.
Samuel
Larsen Røssevold vart fødd den 21. mars og døypt 26.
april. Han fekk underleg nok omtrent det same namnet som søskenbornet
Samuel Martinus Olsen Berntsen Røssevold på Rognereiten, som vart
fødd 30. januar det same året og døypt same dagen som Samuel.
Bestefaren deira, Samuel Storstein må ha vore stolt, men det var
ikkje berre eit hyggeleg samanfall, for Samuel Martinusen vart først
heimedøypt av Hans Tidemansen Røssevold. Slikt vart gjort enten når
ein ikkje kunne komme seg til kyrkje, eller når dei trudde at bornet
ikkje ville leve særleg lenge. Det var også vanleg å døype den
neste opp att med same namn om det var ein gut, eller eit liknande
namn om den neste vart ei jente. Sidan Ole og Anne Marie på
Rognereiten hadde så mange born frå før av, så hadde dei kanskje
ikkje planar om fleire, og då fekk ein kanskje denne underlege dåpen
med to som fekk det same namnet. Samuel Martinus døydde også som
born, men han levde heilt til den 17. september tre år seinare. Han
vart gravlagd 21.9.1871. Samuel på Nygjerdet har eg ikkje klart å
finne att i vaksen alder. Eg har også søkt i emigrasjonsprotokollar
og amerikanske folketellingar. Onkelen Amund Samuelson Storstein var
nemleg ei tid i Amerika. Det er likevel mogeleg at Samuel drog han
óg, eller at han gjekk i land som sjømann. Emigrantlister på dei
som kom via Canada er heller ikkje fullstendige og for dei som endra
namn i det nye landet er det særs vanskeleg å finne at. Vi veit i
alle fall at mange frå Røssevollen drog over Atlanterhavet i håp
om å finne betre kår, og på Nygjerdet var det ikkje så mykje å
hente.
Johan
Peter Larsen Røssevold (f. 1873) vart fødd den 13. november 1873.
Han var far til Laurits Andreas Røssevold, som eg skal kome
attende til. Han er vanskeleg å finne i den søkbare delen av
digitalarkiva, men den 16. juli 1919 finn eg han som far til
brudgommen Laurits. Det vart registrert at brudgommen vart fødd i
1890 på Roald på Vigra. Det står ikkje noko meir om Johan, men
sonen livnærte seg i alle fall som fiskar, og det var fleire med
Røssevold til etternamn ute på øyane. Johan finn eg derimot ikkje
i dei seinare folketeljingane der ute, så han kan vere død i
tidsrommet 1890-1900. I eit søk i slektsdatabasen «Geni» finn eg
eit treff på ei Charlotte Edvarddotter, som skal ha vorte fødd i
1866 i Ålesund og gift med Johan. Dette kan dermed ha vore mor
til Laurits. Den einaste med dette namnet i 1900 er ei Charlotte
Edvardsen, som er fødd i 1860 og var tenestejente i Moloveien, men ho
var ugift, så det kan ikkje stemme.
Eg må
seie at eg er retteleg imponert over arbeidshugen til plassefolket
oppe på Røssevollen, og det var sambygdingane den gongen óg.
Nygjerdsfolket hadde nok god hjelp i slekta på Rognereiten, men
samstundes var dei begge avhengige av å skaffe for til dyra med
utmarkslått langt til fjells på natta. Graset hadde dei neppe i
utmarksløer, slik som på Skillingen, så då måtte det berast heim
med ein gong det var tørt, i staden for å vente på skaresnøen
etter jul. Graset fanst i små mengder på naturskapte bøar og vart
truleg tørka flatt, for skog til hesjestaur var det lite av den gong
dyra beitte over heile fjellet. Når to husmenn trong gras, så måtte
dobbelt så mykje berast heim også.
Kor
mykje Lars og svogeren Ole var vekke på tømrararbeid finst der inga
oversikt over, men ein finn spor av omfanget når alt heimearbeid
måtte gjerast om natta. I tillegg veit eg at Ole på Rognereiten
dreiv fiske. Dette var ei kjærkoma ekstrainntekt, så det er truleg at
Lars nytta seg av dette han óg. Omfanget av fisket var truleg
avhengig av kor mykje dei dreiv med tømmerarbeid, men
Borgundfjordfiske var det nok ingen som laut gå frå seg. Kanskje
var det også kvinnfolka som måtte trå til i periodar, noko som
slett ikkje var uvanleg. Seinare vart borna gamle nok til å hjelpe
til med slikt. Me veit i alle fall at Lars fekk skøyte på Nygjerdet
allereie i 1876, ei voldsom utvikling frå den gongen han kom til
bygda nærast som raka fant.
Ole
Jensen Røssevold i Tykjegarden selde husmannsplassen den 11 desember
i 1876. Frå andre påteikningar på Tykjegarden kan det tyde på at
han hadde behov for meir kapital, og han hadde allereie ein del
lånegjeld. Panteobligasjonen på 350 speciedalar til bygdas rikaste
mann, Sjurs-Ole, var nyleg nedbetalt, men det verkar som om ein satsa
stadig meir på utror og bankfiske på Røssevollen. Skulle ein
såpass langt utpå, så trongst det skikkelege båtar også. Ole
hadde no mogelegheita til å få inn litt kapital utan å låne. Om
dette var den einaste årsaka kan eg ikkje seie for sikkert, men eg
hellar mest mot dette av di Ole, med det same skøytet, fekk mindre
onnehjelp. Når Lars vart sjølveigar kunne heller ikkje Ole kreve
arbeidsdagar på bruket sitt. Kjøpesummen var 728 kroner. Då
skøytet vart tinglyst den 23. juli 1877, var også
skylddelings-forretninga avhalde. Ved skylddelinga vart ein einige om
at Nygjerdet var 1/5 av Tykjegarden og dermed skyldsett til 1 ort og
5 skilling, noko som i 1890 vart revidert til 47 øre.
Finansieringsløysinga til Lars var litt annaleis enn dei fleste
andre som eg har funne i Emblemsbygda. I 1877 tinglyste han eit lån
på 720 kroner med ein panteobligasjon til overformynderiet i
Borgund. Dette var ein komite som var sett til å forvalte umyndige
sine pengar fram til dei enten vart vaksne nok, eller vart i stand
til å ta seg av økonomien sin sjølv. Overformynderiet tok nok vare
på ein del arv og liknande for born, men samstundes også vaksne som
av ein eller anna grunn vart umyndiggjort. Dette er første gongen eg
har funne at dei faktisk lånte ut delar av desse pengane mot rente.
Kanskje var vilkåra betre enn i banken også. I alle fall så vart
dei einige om ein avtale med 5 % rente med to halvårlege
innbetalingar den 11. juni og 11. desember. Det er mogeleg at dette
kan ha vore ei reinvestering av lånet også, for eg finn ikkje andre
datoar på denne avtalen enn tinglysningsdatoen 23.juli 1877, og
garden vart skøytt over som betalt allereie i desember 1876. Det er
likevel ei mogelegheit at dei avventa med endeleg kontrakt til etter
skylddelinga i 1877 og at betalinga først kom den 23. juli 1877 ved
tinglesinga. Det er litt vanskeleg å seie for sikkert, men anten så
hadde Lars 728 kroner å betale med eit halvår tidlegare, og lånte
pengar til andre investeringar, elles så lånte han mest heile
beløpet. Det vi veit med sikkerheit er i alle fall at lånet vart
nedbetalt og «Aflæst» den 24. april 1900.
Vi skal
no bevege oss fram i tid til 1900-teljinga. På denne tida dreiv Lars
og Anne framleis Nygjerdet. Bornebornet Laurits Johansen Røssevold
på 10 år er no busatt på Nygjerdet som «Pleiesøn». Dette er det
vanskeleg å lese så mykje ut av, for det var ein vanleg praksis at
born vaks opp hjå besteforeldra, i alle fall fram til dei skulle
byrje på skulen. Slik var det i alle fall i Magerholmdalen der
sonen Knut og kona hans Nikoline (Nikka) bodde i Spjelkavika og
arbeidde på fabrikk. Slik var det også i Mattisgarden på Østrem.
Forskjellen var at Laurits var 10 år gamal.
Det er
mogeleg at han var dreng på garden, men då ville ein som regel ha
skreve det også. Ei anna mogelegheit var at ein allereie hadde
bestemt at han skulle ta over garden, og då trong han lære seg det
han trong, men det er også mogeleg at faren Johan var død på dette
tidspunktet. Eg har ikkje klart å finne rett svar enno, for fedrene
vart uansett innskrivne ved bryllupet utan slik ekstra informasjon,
som kan vere nyttig for ettertida. I tillegg er det beint umogeleg å
finne Laurits i nokon kirkebok i Borgund og omegn i perioden
1899-1891 til trass for at eg har både årstal og fødselsdato frå
gravminneregister og gravstein. Dei stemmer også godt med
opplysningane i 1900-tellinga. Førebels må ein difor berre slå seg
til ro med desse opplysningane. Andre har fortalt at det var helsemessige årsaker og alder som er årsaka til at foreldra måtte reise utan yngstesonen sin.
Om
gardsdrifta finn eg følgande opplysningar: Dei hadde framleis både
fjærkré, krøtter og frukthage, men småfe fortel denne teljinga
oss ikkje noko om. Dei hadde også enten potet, korn eller helst litt
av begge deler. Truleg var avlinga litt høgare enn i 1865, sidan dei
no var tre vaksne i tillegg til Laurits. 1910-teljinga gjev heller
ikkje fleire opplysningar utover at Amund ikkje lenger er busatt på
Nygjerdet. Han hadde då flytta til Tykjegarden, der nevøen Hans
Peder Larsen Røssevold (1865-1947) frå Nygjerdet no sat som
gardeigar saman Ingeborg Bretanusdotter Eikrol (1856-1933) frå
Skodje. Dei hadde kjøpt bruket allereie i 1892, men det var først
etter 1900 at dei tok over ansvaret for Amund. Han hadde trefot etter
ei bilulukke frå då han arbeidde i Amerika. Han vart ufør. Amund fekk
fattigstøtte og døydde seinare på Borgund Gamleheim i 1924.
Om Lars
si tid på Røssevollen har eg elles ikkje så mange detaljerte
opplysningar om. I pantebøkene finn eg at han lånte 1000,- i Borgund
sparebank våren 1904. I 1912 tok han opp to enno større lån på
til saman 8000,- i lag med sonen Hans i Tykjegarden. Dei pantsette
bruka sine, og ein felles motorbåt på 10 tonn som heitte «Hurtig».
Dette var truleg ein overbygd motorkuttar. Nils Johansen Emblem lånte
samstundes 1000.- med pant i motorbåten «Sverre» på over 4
bruttotonn, og dei var ikkje dei einaste. I 1919 pantsetter også
handelsmann Lars K. Akslen, broren Tomas «Tams» Akslen i
Fursetgarden, Martinus Knutsen Emblem frå Steffågarden og Lars
Olsen Emblem i Auregarden motorkuttaren «MB Vilson» på 7 tonn. Ei
ny tid hadde kome for fiskevirksamheita i bygda. Båtane vart større,
overbygde og dyrare. I 1919 kunne dei låne heile 30 000,- med pant i
båten. Dette var ikkje noko som kven som helst av bøndene i bygda
kunne fortsette med. Notlag og borgundfjordfiske var ein ting, men
det som trongst for bankfiske var noko heilt anna. På om lag denne
tida var det få som investerte i båt og fleire som tok seg hyre i
staden. For den som eigde båt vart meir og meir avhengig av
heilårsfiske, og å reise dit fisken var å finne. Andre valde å ta
seg hyre på fraktebåtar eller ishavsfangst. I tida fram mot
1930-talet var det mest kvar ungdom i bygda som sparte pengar til å
overta eller kjøpe gard på denne måten. Andre drog til amerika
for å finne seg betre inntekter der. På Røssevollen finn eg stort
sett fiskarar og emigrantar i dette tidsrommet.
Laurits
dreiv fiske i alle fall frå 1910, men starta truleg kring
konfirmasjonsalderen når han var for vaksen å rekne. Den 14. januar
i 1917 gifta han seg med Gyda Josefine Antonsdotter Hegg (1893-1980) frå
Kristiansund. Samstundes fekk han skøyte på Nygjerdet frå
bestefaren Lars og bestemora Anne. Dei hadde drive bruket heilt til
Lars var 80 år. Med på kjøpet fekk Laurits og Gyda ein halvpart i
ei kvenn i Røssevoldelva, og ein halvpart i eit oppmura naust i
Emblemsvågen. Han måtte dele med onkelen sin, Hans i Tykjegarden.
Lars hadde nokre krav attåt. Vart det nokon økonomisk gevinst ved
ein eventuell utbygging av Røssevoldelva med vasskraft og
elektrisitet, så skulle den av besteforeldra som framleis levde ha
del i denne pengeinntekta. Ellers var Lars ein rimeleg kar å
forhandle med. Laurits fekk Nygjerdet for 2000,- Frå kårytingane
får ein også nokre opplyningar om kva som vart dyrka på bruket i
1917:
«For
vor Levetid følgende aarlige Føderaad, der svares af Bruket og
paahviler samme som en reel Byrde: # 1 54 kg – femti og fire
Kilogram Havre og 3 – tre – hl (hektoliter red. anm.) Poteter.
# 2 365 liter Søtmelk tilleveret med 1 – en – liter
daglig samt aarlig 3 – tre – kilogram smør.
# 3 Frit Bruk og Benyttelse af Lillestuen, samt Adgang til
fornødent Behov af Loftet over samme tilstøtende Kjøkken, likesom Adgang og
Benyttelse af Rom i Kjelleren.
# 4 Frit Brendfang til fornødent Bruk, hjembragt ot
tilleveret i brukbar Stand.
# 5 Frit Bruk og Benyttelse af et Markstykke, som paa søndre
vestre og nordre Kant
støter til Utgjærdsgaren, og paa østre til
«Ystegrova» samt fornødent Rum i Loven for
Avlingen saavel af dette Stykke, som det saakaldte
Pestykke. Likeledes forbeholdes Fjøsrum til de Kreaturer, der han vinterfødes af
Foringen paa nevndte Markestykker, da saavel Hø som Halm skal benyttes paa Stedet.
# 6 Fri og forsvarlig Tilsyn og Pleie, særlig i Sygdom og
Alderdom.
Lars sette også som krav at han hadde førsterett på å kjøpe
garden attende, om Laurits valde å selge mens han enno levde. Kvifor
ein mann på over 80 år skulle ønska noko slikt er det ikkje så
lett å forstå for ettertida. Kanskje var ikkje Laurits så veldig
ivrig på å ta over likevel? Ein skal også hugse at det var krig i
Europa og usikre tider, sjølv om Norge stod utanfor det heile. Det
er også verdt å merke seg at ein i skøytet får vite at ei
kjøpekontrakt datert 8. juni 1914 «Sattes herved ut af Kraft»
Dei
tidlegare nemnde låna med pant i garden og motorbåten fekk Laurits
med på kjøpet, for dei vart ikkje ferdig nedbetalt før i 1916 og
1920. Dei hadde nok innverknad på kjøpesumen også. I november 1917
måtte Laurits låne 2000,- ekstra med pant i garden. Den påfølgande
hausten, 26. oktober 1918, måtte han låne 1000,- attåt. Eg veit
ikkje om kva desse låna skulle nyttast til. Kanskje var det
investeringar i arbeidsreiskap til fiskebåten? I Skillingsmagasin
hausten 1917 finn eg Laurits omtala som «Skipper», og ein av
aksjonærane ved Anton Tollaas sitt forsøk på å kjøpe opp
fossefall-rettar i Rauma. Om dei kjøpte desse rettane, så vart dei
lite verd for dei fleste av fossane som vart nemnde er enno ikkje
utbygd i 2013. Kanskje lot han seg overtale til å satse på noko
usikkert? I alle fall tok han kanskje litt vel hardt i. panteboka
for Nygjerdet fortel nemleg ikkje heile sanninga. I 1917 hadde han
kjøpt Rognereiten også. Her hadde han fleire lån, og i 1920 måtte
han selge Rognereiten for ein lavare sum enn den han sjølv hadde
betalt. Det same året måtte han selge Nygjerdet også for 2350,-.
Det kan verke som ein litan gevinst på 350 kroner, men eg kan ikkje
sjå at kjøparen Fredrik Larsson Emblem(1) (1863-1938) frå Negarden, Emblem (1) overtok
gjeldsforpliktingane. Det kan bety at Laurits tapte ein heil del
pengar på desse gardsinvesteringane. Det står heller ikkje noko om
videreføring av kårytingane i skøytet frå Laurits til Fredrik
11.9. 1920. Lars nytta ikkje forkjøpsretten sin denne gongen. Han
levde til 1927, medan Anne døydde i 1922. I følge kirkebøkene budde dei på Emblem og Røssevollen heilt til dei døydde, i
motsetnad til Lars sin bror Amund. Om dei fekk bo på Nygjerdet,
eller om dei flytte til sonen i Tykjegarden, veit eg ikkje heilt
sikkert. Fredrik budde i alle fall like ved og trong neppe husa til
anna enn lagring av fóret. Tok han likevel over kårytingane, så
hadde han fleire born som kunne bu der oppe og ta seg av dei gamle.
Dei einaste sikre opplysningane eg har etter 1910-teljinga er at
Fredrik kun var interessert i slåttemarka. Laurits og Gyda flytte
til Steinvågen. Dei fekk til saman 6 born.
a) Lars Arne (1920-2008) gifta seg med Aase Hegg
Dei er gravlagd epå Nedre Gravlund, Ålesund. Han
var
krigsfange i Marokko under andre verdskrigen.
b) Arnold Charles (1921-1977) gifta seg i 1946 med
Gunvor Valle. Dei busette seg i Ålesund.
c) Marion Bertine (1923-2013) gifta seg først i 1944
med Charles Hilmar Heltne. Ho vart gift på nytt i 1949
med Anders
Stavland Bremsnes, busett Sunhordaland.
d) Liv Gunvor (1926-2001) gifta seg i 1948 med. Ingvald
J. Ormberg. Dei busette seg i Bergen.
e) Annbjørg (f.1928) gifta seg i 1949 med Trygve Hansen.
Dei busette seg i Ålesund.
f) Johan Syver (1930-2010) busette seg i Haram.
5.
januar 1923 selde Fredrik Nygjerdet med brukbart overskot til Johan
K. Ville for 4500 kroner. Han kom
truleg frå garden Villane i Hjørundfjorden, og det kan ha vore ein
som heitte Johan Edvard Kolbeinson Ville (1861-1948). I såfall døydde han på Gåseidneset i det som ein gong var Borgund kommune.
Om Johan hadde planar om å busette seg der, så ombestemte han seg i
alle fall raskt. Allereie den 22. september, det same året, kunne han
selge vidare Nygjerdet med 300,- i forteneste. Ingen av desse skøyta
nemner noko om kårfolket.
Den nye eigaren heitte Iver Britanus Peterson Maaseidvog (1871-1954). Han gifta seg i 1912 med strikkerske Severine Marthe Gurine Petersdotter
Sunde (1878-1933) I 1923 lånte han 5100 kroner i Norske Stats
Smaabruk og Boligbank. Lånet vart gjeve samstundes som skøytet var
skrive, så den største delen av pengane gjekk truleg med til å
kjøpe garden. Dei dreiv garden frå 1923 til dei selde i 1943, og flytta til dottera, Borgny, i Innvika.
a) Peder (1906-1994) gifta seg i 1935 med Lovise,
busett i Langevåg.
b) Ole (1912-1961) gifta seg i 1934 med Inga, busett
Trandal. Han drukna ved ei kai i Ålesund.
c) Borgny Olava (1914-1989) gifta seg i 1944 med
Johan Gunder Innvik, busett i Innvika på Skodje.
d) Paul Olav (f.1916) gifta seg ca.1946 med Irene,
busett i Coatbridge, Skottland frå 1948.
e) Mathias Elias (1918-1938) var ugift.
f) Solveig Inga (1919-2008) gifta seg i 1947 med
Knut Julius Johansen Alnes, busett på Godøya.
g) Anna Olga Margit (f.1923) gifta seg i 1944 med
Karl Helgeland, busett Helgeland v/ Svarstad.
Harald Henrikson Bjørkavåg(8) (1904-1991) kjøpte bruket 1944, og flytta med familien frå «Akslabuda
» på Korshaugen. Han gifta seg med
Severine Fredriksdotter Emblem(1) (1906-1995) frå
Negarden. Ho var dotter til
Fredrik, som eigde bruket tidlegare. I 1965 selde dei bruket og
flytta ned på Langhaugen, bak «Laader Berg» fabrikken.
a) Harry Jon (1927-2017) gifta seg i 1953 med
Marie Svanhild Nilsd. Bakke, frå Sogn og Fjordane.
Ho kom til bygd for å arbeidde på Severinbuda. Dei
Busette seg i eige hus, ved sjøvegen til Aksla, Akslen(33).
b) Olga (Mosse)
Kaspara (
1929-2003) gifta seg i 1947 med
Arne Johan Bjørkavoll, Eikenosøydegard(4), busett
Eikenosvågen.
c) Lovise Maria
(Molla) (
f.1931) gifta seg i 1953 med
Kaspar Skytterholm, busett Veibust(32).
d) Anton Hans (1934-2010) gifta seg i 1961 med Ruth
Olsen, busett i Røssevollbakkane på Emblem.
e) Margrethe (f.1942) gifta seg i 1962 med Oddbjørn
Rasmussen Dahl, fødd Opplenskedal(1) i
Geiranger.
f) Svein Harald (1943-2016) gifta seg først med Eli
Ramstad. Han gifte seg på nytt med Liudmila Kirilova.
Dei busette seg på Flisnes.
Bruket vart kjøpt i 1965, av byggmester Asbjørn Westre (f.1941). Han er busett i Hatlane. Huset og
løa er i dag vekke og erstatta av stall. Asbjørn er framleis grunneigar på bruket.