Du har
kanskje høyrd om Ludvikdalen. I min barndom var dette namnet på ei
av dei to gatene i det nye byggefeltet lengst vest i Emblemsvågen si
utmark mot grensa til Flisneset. I våre dagar er mest heile dette
neset vorte eit stort byggefelt. Namnet Ludvikdalen var ikkje noko
som ein fann på mot slutten av 1970-talet i likheit med dagens
overflod av vegar med bær og fuglenamn. I denne vesle teksten skal
me sjå litt nærare på opphavet til dette gatenamnet.
For å
finne opphavet til Ludvikdalen må me lenger attende i tid. På
Valle, gardsnummer 13 finst det ein tidlegare husmannsplass som
heiter Hatlen og har bruksnummer 7. Den vart først skyldsett som
sjølvstendig gard i 1922. Den første plassemannen heitte Ingebrigt
Erikson Ytrevik (1798-1865) og kom frå Indrevik, gardsnummer 12
mellom Valle og Glomset. Han vart i 1831 gift med Nikoline Petrine
Olsdotter Ekornes (1802-1876) frå Sykkylven. Ingebrigt og Nikoline
fekk 5 born, men berre ein av desse fekk ta over festet på plassen,
så dei andre laut finna seg eit anna levebrød. Eldsteguten Ole
Martinus Valde (1831-1912) gifta seg i staden med enka Oline
Klausdotter Emblem frå Ystebøen den 7. oktober 1859, og dreiv
bruket fram til 1869 når stesonen Klaus Nilson Emblem tok over. Han
var kanskje rimeleg godt kjend på Emblem frå før, for forlovaren
var Halvor Matiassen Østrem frå Mattisgarden. Årsaka til dette er
eg ikkje heilt sikker på, men det er ikkje lange vegen mellom
Glomsetmarkane og Østremsetra. Dei kan ha møtt kvarandre allereie i
barndommen som gjetargutar på fjellet. Det finst og mange
slektsforbindingar mellom Valle, Glomset og Emblemsbygda, eller det
kan ha vore so enkelt at Halvor allereie var inngift i Ystebøslekta
via Ingeborg Nilsdotter Emblem, eller at Ole som utanbygds frå fekk
seg forlovar frå bygda av praktiske årsaker. Grunnen til at eg
nemner Ole, er at han kan ha vore eit av bindeledda mellom Emblem og
den vesle husmannsplassen Hatlen. To av dei andre sønene Peter
Bastian og Knut fann seg også eit levebrød. Knut gifta seg til
Glomset, medan Peter Bastian tok over etter faren. Då var det berre
ein gut att, og det var han som eg skal fortelle om her, Ludvig
Gregorius Valde.
Ludvig
vart fødd 6. juli 1844 og døypt på Skodje 18. august. Den
12.7.1849 fekk han truleg koppevaksine. Årsaka til denne kalkulerte
gjettinga er at Peder Johan Olaus Johansen på Hegebakk like ved vart
datert dagen før og to born på Valle dagen etterpå. Det er ingen
andre på konfirmasjonslista til Ludvik sitt kull som anten fekk
sjukdomen eller vaksine det året. Kyrkjeboka er rett nok litt uklar
på dette punktet sidan kolonna gjeld for båe variantane, men tida
frå smitte til utbrot er 1-2 veker. Etter konfirmasjonsdagen den 30.
oktober 1859, kan eg ikkje finne meir om kva Ludvik gjorde dei neste
åra. Han var kanskje ikkje ein av dei som utmerka seg på skulen,
for dei andre konfirmantane var eit år yngre, men han fekk likevel
karakteren Godt i «Kristendom og Flid». Dette var trass alt midt på
treet og den mest vanlege karakteren. Det var berre to som fekk betre
skussmål medan tre fekk «ligesom». Kva Ludvig tok seg til dei
komande åra veit eg ikkje så myke om. Han var vaksen no og ferdig
med skulen. Det var på tide å klare seg på eiga hand og tena
pengar om han skulle verte i stand til å få seg ein gard eller
husmannsplass etterkvart. Det er ikkje heilt utenkjeleg at han gjekk
i snikkarlære anten på Glomset eller Valle, men det er mogeleg at
han tok seg teneste som dreng også. Han var nok ei tid i militæret,
for småkårsfolket slapp ikkje like lett unna slike plikter.
På eit
tidspunkt kring 1865 skal han i alle fall ha kome til Emblemsbygda.
Eg føler meg rimeleg sikker på at storebroren Ole på Ystebøen
hjelpte til, for Ole var enno ugift og ikkje nokon typisk
nyryddingsmann, for dette arbeidet behøvde meir enn berre ein
einsleg ungkar. Staden han fekk feste låg like nord for Plassevågen
omlag der vegen «Ludvikdalen» byrjar, som ein av dei eldste og
austlegaste delane av dagens store byggefelt på Flisneset. Området
låg den gong i utmarka og like ved både utmark og sjøvegen til
Ystebøen. Det forunderlege er at det i Borgundboka si gardsoge Bind
2 vert fortalt at Ludvik bygsla plassen frå Antonesgarden som er
bruksnummer 5 i 1865. Han var rett nok brukar på garden men skøytet
og juridiske rettar fekk han først i 1870 frå svigermor si.
Det var
også dette året han gav bygselsetel til Ludvik. Likevel så veit me
at Ludvik hadde busett seg i Emblemsvågen fleire år tidlegare.
Etter litt meir leiting finn eg at Ludvik vart registrert i
panteregisteret under bruksnummer 1 Knutgaren også. Problemet er at
plassen aldri vart skylddelt, og fekk difor inga eigen registrering i
panteregisteret. Det finst difor ingen oppramsing av alle
registreringar som handlar om Ludvikplassen åleine. Vidare bit eg
meg merke i at det i Skøytet til Antonius ikkje vert nemnd noko om
Ludvik i 1870 og eg finn heller ikkje nokon registrert bygsling av
grunn i Knutgaren. Det er difor mogeleg at hovuddelen av Ludvikplssen
kom frå Antonesgarden til Antonius. Det kan bety at det kun var
mindre bøter av utmarka til Knutgaren som Ludvik fekk bruke. Dette
var likevel stort nok til at han vart nemnd i pantebøkene som del av
garden.
Han var
berre 21 år når han kom til bygda og fekk feste på markastykka
«Reiten» og «Storketeigane», samt litt plass nede ved sjøen.
Truleg var det slik at Reiten låg nærast Plassevågen og nausta,
medan Storketeigane låg nærare Ludvikdalen. I den første
folketellinga etter at husmannsplassen vart oppretta, vert staden
også omtala som Reiten. Ludvik nytta både etternamnet Valde eller
Walle, og byrja å bruke etternamnet Emblemsvåg på same tid.
Byselsummen var eit eingogngsbeløp på 35 Speciedalar, 1 Speciedalar
i årleg festeavgift samt fem arbeidsdagar i Antonesgaren kvart år
attåt. Desse var fordelt på 3 dagar i slåtten, ein dag om våren
og ein dag om hausten. Problemet var at Ludvik ikkje hadde pengar til
å skaffe seg ein husmannsplass. Alt måtte settast opp frå grunnen
av og han lånte 50 Speciedalar frå handelsmann og etterkvart også
disponent i Søndmøre Dampskibselskab, Gunnar Øfstie (1848-1921), i
Ålesund for å greie seg. Då hadde han truleg brukt opp pengane
sine på husbyginga. Problemet var a han ikkje åtte noko jord å
pantsette. Ludvik fekk likevel låne pengane sidan stova hadde både
kammers, «fordørgang» og var taksert for 100 Speciedalar i
Trondhiems Brandcasse. Renta var sett til 5% med fast avbetaling
kvart halvår den 11. juni og desember. Lånepapira vart underskrivne
6. juli 1868 og tinglyst 8 dagar seinare. Problemet var at Ludvik
trong meir pengar. Kvifor veit eg ikkje, men han lånte ytterlegare
167 Speciedalar frå ste-nevøen sin Klaus Nilsen Emblem (1846-1912)
På Ystebøen. Broren Ole hadde nemleg gifta seg med enka til Nils
Olsen Solavåg som også vart inngift på garden i si tid. Om desse
låna var høgst nødvendig eller berre eit eksempel på ungdomeleg
vågemot og optimisme skal eg ikkje seie for sikkert, men gale gjekk
det. Allereie den 31. oktober det same året vart det halde
eksekusjonsforretning. I papira står det ikkje kven som krevde
dette, og det er lite truleg at det var Øfstie, for Ludvik hadde
enno ikkje byrja på attendebetalinga. Det er er då ein annan
mogelegheit. Eg har foreksempel ikkje klart å finne noko datering på
lånet frå Klaus, og lånet frå Øfstie kom seinare enn 1865, så
det var kanskje frå Klaus at Ludvik lånte pengar til å løyse ut
bygselsbrevet. Summen kan og stemme overeins med anna
byggeverksamheit på plassen. Lånet i 1868 på 50 Speciedalar kan ha
vore for å redda stumpane og unngå eksekusjonsforretning fordi han
ikkje greidde å betjene lånet til Klaus. Det kan også hende at
Øfstie hadde oppdaga at Ludvik hadde fleire lån i etterkant. I alle
fall så kan han ikkje ha latt vere å legge merke til at Klaus
krevde eksekusjonsforretning den 28. august, litt over ein månad
etter at han lånte vekk sine 50 Speciedalar. Ludvik miste mellom
anna kua, 4 sauer, færingen, fiskeutstyret sitt og huset som han
hadde pantsatt til Øfstie. Dermed var det ikkje nokon grunnlag att
for å fortsette å låne Ludvik pengane, men no var det berre innbo
og småtteri attende. Dermed måtte Øfstie kreve
eksekusjonsforretning snarast råd for å få at mest mogeleg av
pengane sine han óg.
Ludvik
fekk seg ein alvorleg økonomisk knekk, men han fekk framleis bu på
plassen og truleg fekk han bo i stova si og nytte både båt og
fiskereiskap attåt, sjølv om Klaus åtte det heile. Han ville
kanskje berre sikre seg at verdiane ikkje forsvann når han fekk vete
at Ludvik hadde lånt pengar hjå fleire. Likevel er det eit drastisk
skritt å ta ovanfor ste-onkelen sin. Men frå no av gjekk det meste
mykje betre, reint økonomisk. Han var snikkar også og vart buande
på Reiten heile livet. Plassen fekk seinare namnet «Ludvikplassen»
på folkemunne. Han dreiv også med husflid og fekk tilnamnet
«Ausskjer-Ludvig». Det var fleire husmenn som skaffa seg ei
kjærkomen ekstainntekt på denne måten. Kristen Magerholm laga
foreksempel «Krissenblå» riveskaft for sal. Kjærleiken gjekk det
også betre med. Den 22. mai 1870 gifta han seg med (Anne) Lovise Petersdotter Riksheim (1834-1909) frå Sykkylven. Saman fekk dei to born. Nedanfor har eg også tatt med bonusborna frå Ludvigs andre ekteskap frå 1910 med
Karen Sofie Petersdotter Klokk (1857-1916). Ho skal eg kome meir attende til seinare.
a) Berte Jensine (1862-1949) gifta seg i 1906 med enkem.
Johan Edvard Colbens. Ville(6) frå
Hjørundfjord. Ho var
Lovise si dotter med Bornaa Bornaasen
Aasen, frå Grytten,
og
vaks opp hjå besteforeldra sine.
b) Ingeborg Anne
Nicoline (
1871-1933) gifta seg i 1894 med Vilhelm Andreas Vilhelms. Gåseidnes(1). Familien
budde
først i Emblemsvågen. Etter det på Kårstad, Ratvik(3)
1900, og Klokkersund(1) i 1910. Når Ingeborg døydde i 1933,
var ho busett på Tunheim, Gåseid.
c) Peter Martinus (f.1875) gifta seg i 1896 med Marie Kristofa
Eline Eliasd. Furnes(2). Familien
budde på Kårstad, Ratvik(3)
1900. Han var snikkar.
d) Tomas Martins.
Lied (
1900-1973) gifta seg i 1925 med
Oline Karoline Josefine Petersd. Strømmen, busett
på Emblem. Han var steinarbeidar, og Johanne sin son
med
Martinus Jørgensvåg, Volda.
e) Olav Johans. Lied (1909-1979) gifta seg i 1938 med
Emilie Jonasd. Myklebust(327a), frå Valldal. Han var
skreddar i Sykkylven, og Johanne sin son med husmann
Johan
Eliass. Lied(230).
Ved sida av
plassebruket og fiske vart det pengar frå både snekkarverksemda og
ausekara. Men Ludvik hadde vore i hardt vér tidligare og ein kunne
ikkje vere vågal når ein hadde både kone og born å ta vare på.
Då «Søndmøre Dampskibselskab» starta opp med stoppestad på
fjorden utanfor Emblemsbygda, tok Ludvik etterkvart på seg ansvaret
som ekspeditør. Kor lenge han dreiv med dette veit vi ikkje, men han
var i allefall registrert som «Expeditør for Søndmørskibene ved
Emblemsvaag» i 1900-tellinga, 6 år før dampskipskaia i
Emblemsvågen stod ferdig. Dermed måtte ein ro ut og borde skipa på
fjorden i alt slags vér. Det var farleg, men nødvendig arbeid.
Særleg farleg var det når levande storfe eller fleire hundre liter
med sirup skulle lossast i høg sjøgang. Du kan lese meir om
dampskipskaia her på www.Emblemsbygda.com.
Av
folketellinga for Borgund i 1900 kan ein også lesa litt meir om
drifta av plassen. Dei hadde truleg både potet og korn.
Folketellinga gjev ikkje noko eksakte mål eller svar på om dei for
eksempel kun hadde potet. Likevel var det vanleg å vere sjølvforsynt
med havre og bygg på denne tida. Ein ser også at gardane ikring
hadde dette ifrå kårkrava heilt fram til 1920-åra, og i 1868 var
det dyrka om lag like mange tønner korn som potet i den samla
oversikten over avlinga for samtlege bruk i Emblemsvågen inkludert
Reiten. Krøter, og fjørkré var også vanleg, men det er lite
sansynleg at Ludvik og Lovise hadde særleg meir enn 1-2 kyr og ein
kalv eller kvige. Kvardagsmaten på gardane var stort sett fisk,
medan mengda med graut var på veg ned til fordel for grovbrød og
potet Ein liten frukthage hadde dei óg. Nokre år tidlegare var
ikkje dette så vanleg, og i alle fall ikkje på husmannsplassane.
Ein liten frukthage på mest kvar einaste gard er eit anna spor som
vitnar om overgongen til brødmåltid. Saft og sylte gav både godt
pålegg og sunnare kost med frukt og bær heile året. Det var
sjølvsagt ikkje i eit like stort omfang som i våre dagar, men det
var lite plasskrevande og perfekt der det var dels steinut og dårlege
slåttemarker. Det er mogeleg at dei hadde sau eller geit også, men
det fortel tellinga ingenting om og framveksten av kratt og skog mot
slutten av 1800-talet kan vitne om at småfe var på kraftig retur i
Emblemsbygda. Stadig fleire la tidleg på 1900-talet om drifta til
meir krøterhald. Smørmeieriet hadde også nyleg starta opp inne ved
Ebbegardstunet i Røssevollelva. Når det kom til brennfang, så var
det berre torv dei hadde i 1868, og ikkje nokon vedskog. Dette bedra
seg truleg ein del dei neste tiåra.
I 1900
hadde borna flytta heimanfrå, men eg finn pleiedottera Lovise
Wilhelmsdotter som vart fødd i 1893. Dette var bornebornet deira, og
dottera til eldstedottera Ingeborg Ludviks-dotter som no heitte
Gåseidnes til etternamn. Ho vart gift 11. juni 1894 med Wilhelm
Gåseidness (1865-1951) og busett i Klokkar-sundet Han hadde ingen
gard, men i 1910-tellinga var han registrert som «Jordarbeider,
dagarbeider og pedell ved folkeskole». Pedell tyder at han var
vaktmeister, men namnet på skulen er ikkje nemnd. Lovise var deira
eldste dotter, og utan gard måtte dei begge truleg ta arbeid begge
to for å klare seg. Dottera fekk difor vere hjå besteforeldra til
ho var gamal nok til å greie seg meir på eiga hand, for på denne
tida var det sjølvsagt ikkje barnehagar og SFO slik som i dag. Det
var ikkje så rett få borneborn som difor vaks opp hjå
besteforeldra sine i Emblemsbygda. Hadde ein budd på ein gard så
ville der vore enklare løysingar med både kårfolk som kunne hjelpe
samt arbeid som borna gradvis kunne ta del i. I 1910 finn eg att
Lovise og Wilhelm i Klokkarsundet. Då har eldste dottera flytta heim
att, og er med på å passe dei 5 småsøskena sine. Det er mogeleg
at den nest eldste broren, Ingvald Wilhelmson Gåseidnes, som vart
fødd 27.12.1896, også budde ei tid på Ludvikplassen, men han var 4
år i 1900-og det passar ikkje heilt med ei forklaring om at Lovise
var på Emblem for at mora skulle ha moglegheit til å arbeide.
Samstundes så veit vi at også besteforeldra var pådrivarar for å
hjelpe borna sine. Det er også mogeleg at det var økonomiske omsyn
som førte fram til denne løysinga. Broren, Peter Martinus Ludvikson
Emblemsvåg, vart gift 15. oktober i Borgund kyrkje med Marie
Kristofa Helene Eliasdotter Furnes (f.1872). Ho budde då ute i
Klokkarsundet og Peter busette seg også der som snikkar.
I 1909
Døydde den første kona til Ludvik, Lovise Pedersdotter Emblemsvaag av «alderdom». Ho var gravlagd den 29 november.
Ludvik var på denne tida 65 år, men gifta seg om igjen. Nok ein
gong var han på friarføter i Sykkylven, og den 17. oktober 1910
gifte han seg med Karen Sofie Petersdotter Klokk (1857-1916). Det
underlege med dette giftermålet var at Karen sin forlovar var Klaus
Nilsen Emblem på Ystebøen, ste-nevøen til Ludvik. Sjølv hadde han
vald lærar og sambygdingen Knut Furseth. Karen og Ludvik fekk ingen
born saman, men ho hadde born frå før (sjå oversikta lenger opp i teksten. I 1910-tellinga finn eg heller ingen andre enn Ludvik og
Karen på husmannsplassen. Han hadde gjeve seg som ekspeditør sidan
1900-tellinga, sjølv om det no var mykje enklare når dampskipskaia
hadde kome på plass i Jaktevika like vest for nausta i Emblemsvågen.
Pådrivar og landhandlaren Lars på Elvarum hadde tatt over ansvaret
for ekspederinga på ny-kaia. Dei nygifte fekk ikkje så mange åra i
lag, for allereie den 24.10.1916 døydde Karen, 59 år gamal. Ho vart
gravlagd den 30. oktober. Ludvik var no 72 år gamal, men han gifte
seg likevel enno ein gong. Den utkåra denne heitte Johanne Marie
Toresdotter Lied ( 1872-1941). Ho var eit år yngre enn Ludvik si
eldste dotter ute i Klokkarsundet ved den gamle Borgund Kaupangen.
Dei gifta seg i 1917 og fekk 11 år saman før Ludvik døydde av
kreft den 22. november i 1928. Han vart gravlagd og jordfest den 27.
november i Borgund kyrkje. Etter han var husmannsplassen inndregen
under Antonesgarden att. Det er truleg at Johanne fekk bo i
Emblemsvågen livet ut, men kyrkjebøkene frå 1941 er enno ikkje
frigjevne på nett, så eg kan ikkje bekrefte dette enno. Ho klarte
seg truleg ikkje på eiga hand mot slutten. Det er mogeleg at borna
eller borneborna til Ludvik hjalp til, men det er også mogeleg at ho
måtte ty til fattighjelpa. Kjenner
du svaret, så vil eg gjerne høyre frå deg på
sveostrem@hotmail.com.
I tida
etter 1941 veit me med sikkerheit at plassen vart nedlagd. Nye
moglegheiter til å få seg arbeid avløyste etterkvart den gamle
husmannsordninga. Spora etter plassen var framleis mogeleg å sjå, før utbygginga av plassen til bustader tok til i 2017. Sjølv om plassen er borte, så er
det likevel kjekt at namnet lev vidare i gatenamna like
ved.