Akslagjerdet
har i dag gardsnummer 2 og bruksnummer 2 under matrikkelgarden Aksla
i Ålesund kommune. Bruket ligg ovanfor hovudvegen til Magerholm
lengst aust på Aksla si gamle innmark. Bruket er i dag seld ut til
hustomter for det meste. Plassen grensar opp mot Høla og Øvste-Aksla
i vest og har også eit utmarksområde oppover det bratte berget
heilt til toppen av Akslanakken, like ved den gamle tømmerløypa til
Aksla-gardane. Aust for Akslagjerdet tok den gamle utmarka til. Den
endte med området som i dag heiter Brennhaugen mot grensa til
Kristenplassen, Pe-haugen og Magerholmvika. Dette utmarkstykket har
truleg vore med på å gje namn på dei to plassebruka «Gjerdet» og
«Akslagjerdet». Sidan sistnemnde var utskild frå dei gamle
innmarksbøane til Øvste-Aksla, så må grinda og gjerdet ha gått
langs austgrensa til denne garden. Den gamle postvegen gjekk over
stykket omlag der dagens «gamleveg» mot Magerholm, med det dels misvisande namnet "Paratvegen" gjeng i dag. Den gjekk tidlegare opp gjennom tunet på Øvste-Aksla, der "Akslastubben" ligg i dag, og vende så mot Reiten
og deretter Østrem. Seinare vart vegen lagd om slik at den gjekk ned
den bratte Akslabrauta like bak staden der huset til Lars Akslen i
Høla stend i våre dagar. Slik gjekk også vegen fram til
1930-talet. Kring 1934 vart akslabrauta avløyst av ein utsprengd
vegstubb nedanfor Aksla-tuna og er framleis i bruk. Delar av den
gamle vegen er i dei seinare åra tatt i bruk igjen like aust for
Øvste-Aksla under namnet «Akslastubben» i forbindelse med
husbygging ovanfor Akslagjerdet.
Akslagjerdet
var i si tid rydda som eit plassebruk. Det var Lars Petter Larsen
Frøysa (1824-1889) frå Endrebruket på Frøysa og kona hans, Regine
Berntsdotter Midtgard (1825-1903), som kom frå Sunnylven og fekk
festebrev i 1856. Dei var ikkje det einaste paret som kom utanbygds
frå på jakt etter ein plass å rydde på den tida. Regine hadde
etter kvart søsken både på dei nye husmannsplassane Rognereiten og
Nygjerdet på Røssevollen. Dei gifta seg i 1854 og Lars
livnærte seg som smed og småbrukar. Akslagjerdet ligg
lengst aust på den gamle innmarka til hovedbruket, med grense mot heimeutmarka til Aksla og
Magerholm. Brennhaugen, (Akslen(3+5), var også rydda og delt frå Øvste-Aksla. Opphavleg var der
eit beitefelleskap nede i bygda mellom Aksla og Magerholm. Det tok slutt når begge gardane
oppretta nye husmannsplassar i samme område, frå 1850-åra. At Lars Petter fekk eit stykke i 1855,
som dels var innmark, er ikkje så vanleg. Han fekk festebrev i 1856, med årsavgift på en speciedaler,
ein arbeidsdag på hovudbruket om våren, 4 arbeidsdagar i slåtten og den 6. arbeidsdagen på hausten.
Lars og Regine fekk rett til å hogge seg nok tømmer til å sette opp løe og fjøs. Eigaren transporterte i
tillegg tømmeret, mot å få eigedomsretten. Resten av husa eigde Lars og Regine sjølve. Det var ei
gammal påbygd røykstove og ei smie. Røykstova vart nok kjøpt ein stad, og sett opp her, men kvar
den kom frå er usikkert. Truleg vart den kjøpt litt lenger inne i Storfjorden, slik fleire av dei andre
nye husmennene på Emblem gjorde. I 1868 hadde dei 7 mål dyrka jord, 16 mål natureng, fødde 2 kyr
og 6 sauer, avla 2 tønner bygg, 6 tønner havre og 5 tønner med potet.
I tidsrommet 1866 til 1881, var Akslagjerdet slått saman med «Indre Brennhaug», før den tidlegare
husmannsplassen vart sjølvstendig bruk att. Garden fekk ei revidert skyld på 49 øre i 1890. Lars var
plassemann heilt til han døydde av magesår i 1889. Han hadde mykje slekt på Emblem. Ein finn
brødrene
Rasmus i Steinsgarden, Østrem(4), og
Lars Martinus i Magerholmvika. I tillegg
kom
Lars, på Magerholm,
Laurenze på Skaret, Nedregotten(1) og
Margrethe i Guttormgarden,
Nedregotten(2), som også kom frå Endrebruket, men var søsken til Lars sin bestefar.
a) Lars (1854-1933) gifta seg i 1883 med Anne
Marie Petrine Paulsd.Veddegjerde(6), brukar
Lauritsgarden, Vegsund(4). Ho vart fødd i Sunnylven.
b) Ole Martinus (1857-1944) gifta seg i 1885 med
Karen Marie Petersd. Giskemo(pl.) i Ørskog kyrkje,
brukar Sjøholt(35). Han var bakarlærling hos Ole Ols.
Emblem i
Ålesund i 1875, og starta opp eige bakeri
på Sjøholt der han kalla seg
bakar «M. Larsen». Huset
med bakeri vart reve i 1989.
c) Bernt Severin (1860-1921) gifta seg i 1892 med
Johanne Petrine Bergitte Olsd. Lid(4) i Ørskog
kyrkje. Bakarlærling hos Ole Ols. Emblem i Ålesund
1875. Bernt v
ar også bakar og bygde seg hus rett ved
bror sin, Ole, på
Sjøholt. Fekk sonen Lars Peter Johan,
som døydde av
tuberkulose i 1927.
d) Hans Gabriel (1862-1949) tok over bruket.
e) Lovise Johanne
(«Øyra-Lovise») (
1865-1952)
gifta seg i 1891 med Nils Peter Martinus Andreasen
Apalset(14) i
Ørskog kyrkje, brukar Sjøholt(6).
f) Ingeborg Marie (1867-1867) døydde 11 veker gamal.
Festekontrakta til Lars var temmeleg standardisert med 1 speciedaler i årsavgift og seks
pliktdagar på hovudbruket. Desse var delt inn i ein dag om våren, 4
dagar i slåttonna og ein dag om hausten. Detta var litt fleire dagar
enn dei krevde på Røssevollen, men så låg garden både lavare og
jorda var ferdigdyrka for det meste. Ordninga med hogst var derimot
litt spesiell. Lars og Regine fekk hogge tømmer til hus og løe i
skogen som høyrde Aksla til, og dei fekk tømmeret levert av Hans
Jørgen Knutsen frå Nedregotten (1815-1871) som dreiv Øvste-Aksla
på denne tida. Men då skulle husa vere Hans sin eigedom til trass
for Lars sin arbeidsinnsats med hogging og tømring. Kva som var
årsaka til denne ordninga er det litt vanskeleg å seie for sikkert,
men eg vil tru at Lars og Regine hadde heller lite å tilby av pengar
når eingongsummen på feste av plassen var betalt. Det stod i alle
fall ikkje så godt til, reint økonomisk, med søskena til Regine då
dei kom til bygda i det same tidsrommet. Lars hadde truleg ikkje hest
og Hans Jørgen kan enten ha ynskt å hjelpe til, eller så var det
gardeigaren på Aksla som hadde bestemt at slik skulle det vere. På
denne tida var både Amtmann, prest og byborgarar ivrige pådrivarar
for nyrydding av jord ved hjelp av oppretting av fleire
husmannsplassar i utmarka. Fleire var aktive med i eigne
hushaldingselskap som skulle fremme nye tankar og kunnskap om meir og
betre gardsdrift. I dette tilfelle var det ikkje nokon rik kar som
åtte jorda. Nils Martinus Sørensen Rødsetreit (1805-1883) hadde
likevel nokre ekstra kroner på kistebotnen. Han hadde opphaveleg
vore kausjonist i 1832 åt den førre brukaren på Øvste-Aksla, Lars
Pedersen (1801-1847). Men Lars klarte ikkje å handtere gjelda si
samstundes som han hadde to kårfamiliar som kravde sitt. Etter kvart
måtte han gje seg og søke bygsel hjå Nils i staden. Det er mogeleg
at den nye eigaren søkte fleire bein å stå på ved hjelp av
opprettinga av ein ny husmannsplass på garden. Eg trur i alle fall
ikkje at han var medlem av hushaldningsselskap i alle fall. Eg trur
derimot at han var framsynt når han fekk Lars og Hans Jørgen til å
samarbeide om husbygginga, og difor fekk Hans Jørgen eigarskap på
husa som løn for strevet. Etterkvart fekk Lars råd til å sette opp
hus som han sjølv åtte. Dette var ei gamal røykstove som han
skøytte på, ei smie og naust nede ved fjorden. I 1865-tellinga finn eg at det vart
registrert ei avling på 1 1/8 tønne havre og 1 1/2 tønne potet på
plassen. I tillegg hadde dei 3 kyr og ein gris. I 1868 var utkomet
enno betre. Lars fekk no eit utkome på 2 tønner bygg, 6 tønner
havre og 5 tønner poteter. Han rådde på denne tida over 7 mål
dyrkamark, 16 mål natureng og hadde ein buskap på to kyr og seks
sauer.
I 1866
vart Akslagjerdet slått saman med delar av Brennhaugen, og dermed
skyldsett til 1 ort og 17 skilling. Av denne skylda kom 12 skilling
frå det som då vart kalla «Indre Brennhaug». Årsaka til denne
samanslåinga har eg ikkje funne heilt svar på. I forbindelse med
arveskifteoppgjer datert 29. mai 1872 etter Gullaug Jetine
Thorsteindotter Rødsetreit (ca 1805-1862) får dottera Anne Gurine
Nilsdotter Rødsetreit (1843-1866) og ektemannen Johan Peterson
Spilkevignes (1844-1915) part i Brendhaugen og Akslagjerdet i arv frå
foreldra sitt felles bu. Anne Gurine var dottera til den tidlegare
nemnde Nils Martinus Sørensen Rødsetreit som åtte Øvste-Aksla.
Denne garden fekk broren til Anne Gurine, Nils Nilsen Rødstreit.
Faren levde enno nokre år, og Gullaug var død ti år i forvegen,
men det er truleg arveoppgjerdet etter broren hennar, Nils Nilsen
Rødsetreit som døde på Reknes hospital det året, som er
årsaka til at også foreldra sitt bu vart tinglyst i samme slengen.
Frå denne teksten kjem det fram at Akslagjerdet vart skylddelt 14.
juli og allereie då eigd av Johan. Det tyder dermed på at sjølve
arveoppgjeret vart gjennomført før juli 1866, men at tinglesinga
lot vente på seg. Det var 9/10 av Brendhaugen som Johan no eigde
attåt Akslagjerdet. Paul Olsen (Kvien) Akslen (1827-1912) var
bygselsmannen til Johan på Brendhaugen, medan Lars Petter Larsen
Frøysa fortsette å bygsle Akslagjerdet, så sjølv om bruka vart
slått saman var dette kun på eigarsida. Dei to plassebruka
fortsette å verte drivne kvar for seg. Johan overtok også ei
«ladebygning» på Akslagjerdet, som truleg er den same som Hans
Jørgen, bygselsmannen på Øvste-Aksla hadde ått tidlegare. Dei
andre husa på dei to plassane var i brukarane sitt eige. Det betyr
at desse bygga truleg vart sett opp av Paul og Lars. Ved
arveoppgjeret fekk søskena til Anne Gurine, Thomas og Thomasine rett
på sin del av desse eigedommane i form av ei utbetaling på 50 og 10
Speciedaler frå svogeren Johan, medan faren Nils fekk 60. Johan og
Anne Gurine måtte dessutan videreføre retten til bygsel og
bygselskontraktene til Paul og Lars med ektefeller. Det var vanleg å
gje meir til brødre enn døtre på denne tida. Ingeborg Thomasine
Nilsdotter Rødsetreit (1839-1925) var dessutan gift til gard og
grunn med Knut i Magerholmvika.
Den 26.
juli 1872 vart det avvikla nok eit skifteoppgjer for Akslagjerdet.
Johan Petersen Spilkevignes var no enkemann. Dei gjenverande 60
Speciedalarane som Johan og Anne Gurine sat att
med vart no delt med dottera Anne Gurine Johansdotter (f. Rødsetreit) I 1881
vart Akslagjerdet eit sjølvstendig bruk delt frå Brennhaugen igjen,
og frå 1890 hadde bruket fått revidert skylda til 49 øre. Lars
dreiv plassen så lenge han levde.
Den
10.6. 1889 gifte sonen Hans Gabriel Larsen Akslen (1862-1949) seg med
Inger Tobiasdotter Håve (1862-1925) frå Stordalen. Broren, baker
Bernt Larsen Akslen var forlovaren til Hans, medan Inger fekk Hans R.
Østrem som forlovar. Dei vart gifte i Borgund kyrkje, og det kan
synast som om det var ein tradisjon i dei dagar at forlovarane vart
henta frå den same bygda der bryllaupet vart halde, og det var
truleg brudgomens ven som fekk æra over å vera forlovaren til
bruda. Det var også desse som sette opp husa som vart ståande fram
mot vår eiga tid.
a) Lars Thomas (1890-1890) døydde i første leveår.
b) Lovise Johanne
Ingeborg (
1891-1921) var ugift.
Ho fekk dottera Lina Marie Akslen med Sivert Magnus
Olaus Knuts. Rekdal(8) i 1914. Lovise døydde av tuberkulose.
c) Lars Thomas (1893-1983) gifte seg først i 1918 med
Laura Olsd. Emblem(9) frå Auregarden,
brukar på
Myrane, Emblem(13). Han gifte seg opp att i 1932 med Karen Petra
Petersd. Skorpen Bringsvord(7), Sande. Dei kjøpte
Gjerdet, Østremsreit(3). Lars dreiv fiske og var mellom anna kaptein på skuta
«Skarbak».
d) Thomas Gustav (1895-1966) gifta seg i 1939 med
nabojenta Hjørdis Amanda Jakobsd. Akslen (1909-
1994), Østremsreit(2). Dei kjøpte Minde og Kveldly, og busette
seg på «Minde», Akslen(6). Han gav Kveldly attende til
faren.
e) Ragna Marie (1898-1992) gifta seg i 1925 med
Peder Nilsen Strømmen(12), brukar Indre Berg(8),
Skodje. Tenar på Pe-haugen, Magerholm(3) i 1910.
f) Hans Ingvald (1899-1930) var ugift sjømann. Han
døydde av tæring på Kringsjå Sanatorium i
Ålesund.
g) Elise (1903-1922) var ugift. Ho døydde av tuberkulose.
I
1889 fekk Hans skøyte på farsgarden for 800 kr. mot å
gje kår til mor si, Regine. Faren Lars døde det same året av
«mavesår». Akslagjerdet gjekk no frå å vere husmannsplass til å
verte sjølveigd småbruk. Plassen hadde vore i Johan Spilkevignes og
ætta etter han sitt eige heilt fram til no. Plassen hadde også hatt
gardsnummer 3 og bruksnummer 4 slik som Brendhaugen så lenge dei
hadde vore samla. No vart dette endra ved skylddelinga til
gardsnummer 2 og bruksnummer 2 sidan plassen opphaveleg var utskild
frå Øvste-Aksla. I skøytet vart også kårkontrakta nedskrive. Her
gjorde Regine krav på fór, husrom for ei ku, 126 kg havre, to
tønner med potet, halvparten av frukta frå to epletre, ferdig
brennfang, fritt husrom, tilsyn og kjærlig pleie. Skøytet med
kårbrev vart underskrive den 1. oktober og tinglest den 18. oktober
det same året. I april 1890 vart det registrert nok eit dødsfall på
Akslagjerdet. Denne gongen var det eit bornedødsfall. Lars Thomas
Hanson Akslen heitte guten som fekk eit særs kort liv. Heimedåpen
vart gjennomført dagen etter fødselen den 16. april og Lars var død
allereie før heimedåpen vart stadfesta 17. april. Årsaka var ikkje
kjend og lege vart heller ikkje tilkalla. Det er grunn til å tru at
bornet var heller skralt eller at tilstanden forverra seg kort tid
etter fødselen.
Den 2.
juni 1890 vart lånepapira tinglest. Hans måtte låne heile beløpet
til gardskjøpet av Alv Olsen Rørvik mot 3,5% rente og tre månader
med gjensidig rett til oppsigelse av lånet. Rørvik veit eg enno
ikkje så mykje om, men det er tydeleg at han hadde fleire økonomiske
interesser, for den same dagen vart også ei bygselskontrakt frå Alv
til Knut Simondsen Nedregotten tinglest. Dette er Knut Simonsen f.
Hole (1843-1910) som kom frå Hjørundfjorden og bygsla Tryggeset.
Det kan difor vere grunn til å tru at Alv var investor av eit eller
anna slag. Kanskje var han kjøpmann også? Hans hadde truleg ikkje
særleg med pengar på kistebotnen på denne tida, for elles ville
han truleg ha lånt minst mogeleg. I 1892 måtte Hans auke lånet
sitt med 200 kroner. No var det Ole Olsen Rørvik som var
lånegjevaren. Han hadde då truleg tatt over lånet frå Alv, sidan
det var snakk om ei «påteikning». Hans tok på seg ekstraarbeid
der slikt var å finne. Kort tid etter at den første skulestova vart
sett opp på Skaret finn eg at han vart leigd inn for å kjette
kammerset til læraren og måle skulen utvendig. Han fekk 42 kroner
for dette arbeidet.
I
1900-teljinga får vi eit betre oversyn over kven som var busett på
garden. Dei dreiv framleis med korn- og potetdyrking i likheit med
alle dei andre bruka i bygda vår på den tida. Krøter og frukthage
hadde dei óg, men talet på småfe veit me ingenting om. Det einaste
som med veit med sikkerheit er at der ikkje var registrert nokon
kjøkkenhage eller fjørkré. Dei var 8 som var heimehøyrande på
Akslagjerdet når tellinga vart gjort. Hans og Inger hadde no 5 born
som budde heime. Bestemora, Regine, var framleis buande på
garden som føderådsenke og døydde tre år seinare av
«alderdomsvaghed». Dei ulike kjeldene varierar når dei nemner
Regine. Ein del plassar står det for eksempel «Rigine», men eg
held på namnet Regine, slik bornebornet Harry Akslen nytta. Det er
difor dette som har vore namnet som slekta nytta i daglegtalen.
Hans
fortsette å ha kontakt med søskena sine. Når han skulle på besøk
til Sjøholt så var det åt ta føtene fatt. Det fant ikkje nokon
samanhengande veg frå Magerholm til Sjøholt den gongen. Han gikk
difor over fjellet, kom ned til Solnøvika og leigde seg ro båt over
til den andre sida. Derifrå var det ein tidvis god veg å gå vidare
på mot Sjøholt. Etter at bestefaren var død, fortsette slekta å halde kontakta. Sonesonen,Harry Akslen, var ein av dei som tok turar til Sjøholt og besøkte mellom anna tanta, Øyra-Lovise, men Hans var nok den einaste som gjekk heile vegen.
11.
september 1909 vart lånet på nytt påteikna med 250 kroner. Ein
stor del av den opprinnlege summen på til saman 1000 kroner fordelt
på to lån var nok nesten nedbetalt på dette tidspunktet. I alle
fall så var alle dei tre låna innfridd i 1914. Hans var det året
så heldig å få ei uventa inntekt. H.
Gjøsund og Peter Brandal reiste nemleg ikring i Emblemsbygda, og
sikkert enno fleire andre bygder også, for å kjøpe opp
kalkforekomstar. Hans åleine fekk seld sin del på akslagjerdet for
4500 kroner. Dette var mykje pengar i samtida. Men salet av desse
rettane forplikta også. Kjøperane fekk med det lov til å bygge
kaier, opplagsplassar, vegar, hus og kalkomnar på garden. Det
råda stor optimisme i bygda vår på denne tida. Fleire reiste
ikring før 1920 for å kjøpe opp fallrettar også, men etterkvart
kom nedturen og konkursane. Det vart difor ikkje noko stor kalkverkdrift på
Akslagjerdet, sjølv om ein kan finne spor etter ein liten kalkomn
like ved på nabobruket Gjerdet si tomt. Den var derimot langt mindre
enn dei som ein gong stod inne ved Magerholmvika. Kanskje var det
denne gryande optimismen som fekk Hans til å investere i fleire små
eigedomar ikring seg han óg. Men nedturen i etterkrigstida vart hard
Den 10. mars 1923 måtte Hans låne på nytt. Denne gongen var det
Ørskog sparebank som var kreditoren. Kanskje var det søskena på
Ørskog som gav råd om gode vilkår der inne? Årsaka til fleire av låna var kostnaden på det nye huset.
I 1910
var dei ikkje lenger så mange på Akslagjerdet. Hans og Inger dreiv
framleis garden, men no var det berre dei to yngste borna, Hans på
11 år, og Elise som vart fødd 31. januar i 1903. Den 9. desember i
1925 døydde Inger av ein kombinasjon av tæring og hjertefeil. Ho
vart 63 år gamal. Det må ha vorte ei tung julefeiring det året.
Hans gifte seg ikkje opp att, og fortsette å drive Akslagjerdet,
men no byrja det å gå nedover reint økonomisk. Mellomkrigstida var
ei hard tid for mange og for Hans var det ikkje noko unntak.
Den 20.
april 1934 vart det halde utskiftingsforretning på ein parsell frå
Akslagjerdet. Lars Austrem, Joakim J. Emblem og Elias J. Emblem var
innleigd som utskiftingsmenn frå Borgund Kommune, med Lars som
formann. Her finn ein at den nye eigedommen, som med namnet Minde»
fekk tillatelse til å hente mold på «indbruksteigane» til
hovudbruket, Øvste-Aksla i Tudalen og var pliktig til å gjerde inn
etter forskrifta i «gjærdeloven». Men det følgde ikkje med nokon
rett til å nytte utmarka. ,Skylda vart sett til 0,02 øre og var med
andre ord ikkje særleg stor i forhold til Akslagjerdet som hadde ei
attverande skyld på 0,47 øre. Tomta låg også på kvar side av den
gamle hovudvegen som i våre dagar er erstatta med hovudvegen nærare
fjorden. Eg trur at den vart tenkt som anten ei slags kårtomt, eller kanskje tomt for seinare sal. Den 23.
april selde han nemleg Akslagjerdet til Ålesund Handels og
kontorfunksjonærers Feriehjem for 10.000 kroner. I skjøtet går det
fram at det er snakk om eit gardsbruk og ikkje ei tomt eller
«parcel», og prisen tyder på det same. «Minde» var kort og godt
ei lita hustomt med hage. Huset er no reve, og var sist i bornebornet Liv Akslen
sitt eige.
Hans
hadde truleg behov for ein del pengar. Den 17. desember det same året
vart han nemleg saksøkt av sonen sin, Thomas Akslen, som hadde eit
krav på 1895 kroner med renter. Her kjem det fram at Hans hadde to
eigedomar på dette tidspunktet. «Kveldly», bruksnummer 8, som låg
under Magerholm og altså Minde med bruksnummer 6 og tidligare del av
Akslagjerdet. I tillegg hadde han tatt opp lån på 2000 kroner med
pant i eigedomen Akslagjerdet. Av verdiar sat han med eigedomar til
en verdi av 2300 kroner og ein pantobligasjon på 2000, som var
deponert hos Ragnvald Rødseth i Spjelkavika. Gjelda var på 2800,-
sjølv om det var kort tid sidan han skal ha fått 10.000 kroner på
konto for Akslagjerdet. Kva var det eigentleg som hadde skjedd? Vi veit at det var ei rekke tvangsauksjonar på denne tida. Når det
gjekk gale med bygdefolket, fekk heller ikkje handelsmennene betalt
for varene sine. I Spjelkavika også gjekk sambydingen Hans Iversen
konkurs. Han hadde tidlegare investert i mellom anna fallrettar til vermavassdraget og var med på å kjøpe fossen på Trollstigen, samman med handelsmann Tollaas i Ålesund. Med nye lover og Tafjord Kraft si utbygging, så gjekk det ikkje særleg bra.
Seks dagar
tidlegare hadde Hans vore gjennom ein liknande prosess med
avsetningsforretning på Kveldly utan at han greidde å betale.
Thomas var også her saksøkaren. I følge panteboka var gjelda på
2800 kroner tatt opp i oktober det same året. Långjevaren var
«Ålesund Handels og Kontorfunksjonærar». Det er mogeleg at Thomas
frykta at han ikkje skulle få at pengane sine, og når det kom til
fleire långjevarar, så kan han ha fått kalde føtter. Årsaka til
at Hans enda opp i dette uføret var det nye hovudhuset som han hadde
bygd på garden. Det vart både stort og dyrt, alt for dyrt for den
beskjedne inntekta som han fekk på småbruket sitt. Det hjelp ikkje
at han dreiv med både vinterfiske og som malar. I fleire år var han
også med på malingsarbeid på fyrstasjonane langs Norskekysten.
Det var
nok ikkje nokon langsiktig plan at Akslagjerdet skulle selgast ut av
bygda. Harry Akslen fortel at far hans, Lars Hansen Akslen
(1893-1983), som var den eldste sonen og påtenkt som den som skulle
overta. Det hadde visst vore diskutert også. Han gifta seg om att
etter ei tid som enkemann i 1932, men då trong dei hus og gjerne
litt til. Etter at Harry og søstera, Mary, hadde mista mor si, Laura
Olsdotter (f. Emblem) hadde dei budd hjå besteforeldra sine i
Auregarden. Men det vart ikkje nokon overtaking av Akslagjerdet
likevel. Hans hadde nok behov for kapital raskt, og på om lag same
tid miste Henrikka Johansdotter Akslen på naboplassen Gjerdet mannen
sin. Ho var ikkje frisk og ynskte då å flytte til slekta si i
Høla. Ho valde difor å selge bruket til Lars. Dermed flytta den
vesle huslyden inn på Gjerdet seinhausten 1933 i staden.
I
Panteboka for Nordre Sunnmøre finn ein svaret på korleis det gjekk
med Hans. Den 30. mars 1936 vart både «Minde» og «Kveldly» seld
på auksjon i regi av Nordre Sunnmøre namsrett. Thomas Akslen fekk
tilslaget på begge desse tomtene for 300 og 2000 kroner. Han hadde
budd ei tid på Magnusplassen, og hjå Ebbe-Elias etter salet av
Akslagjerdet, for han måtte flytte der ifrå kort tid etter salet.
Veggar kring den opphavelege stova vart fjerna for å få plass til
dansegolv. Ei stund etter auksjonen kjøpte sonen Lars Hansen Akslen
på Gjerdet «Kveldly» frå bror sin. Faren trong ein stad og bu
samt eit hus til å bu i. Lars var sjømann, kaptein og hadde dermed
økonomi til å betale for den vesle plassen Thomas hadde trass alt
betalt heile 2000 kroner på auksjonen og ville nok ha att litt av
summen som faren skyldte han. I tillegg måtte faren ha ein stad å
bu. Han budde stort sett i dette huset resten av livet sitt, men han
vart etter kvart sjuk og måtte flytte til gamleheimen like ved
Borgund Kyrkje i Borgundgavlen.
Kristian
Rasmusson Leira (1904-1990) kjøpte Akslagjerdet frå Aalesunds
Handelsfunksjonærers Feriehjem i 1938, med god hjelp og truleg også
pengar frå onkelen Edvard Leira, som var medlem i foreininga i
Ålesund. Harry Akslen fortel at det vart arrangert ei rekkje
tilstelningar og dansar på Akslagjerdet på den tida bruket vart
drive som ferieheim. Etter kvart utvikla det seg i negativ lei med
ein god del bråk. Dette gjekk først og framst ut over dei næraste
naboane. Kan hende var dette litt av årsaka til at ferieheimen vart avvikla etter berre nokre få år.
Kristian fekk skøyte på Akslagjerdet 29. april 1938. Han kom frå garden
Leira Gnr. 22, bruksnummer 7 i Hjørundfjorden, og var nummer seks i
borneflokken på 8. Det var registrert 7 born ved folketeljinga i
1910, men då var den nest yngste broren berre nokre månader gamal.
Foreldra heitte Rasmus Olsen og Kanutte Kristiandotter. Truleg vart
han oppattkalla etter morfaren sin. Dette året var onkelen Edvard
Olsen og tanta Anna Olsdotter også busatt på garden Leira, og det
var nettopp Edvard som Kristian tok etternamnet sitt etter. Dette var på
ei tid der folk flest hadde gått vekk fra å endre etternamnet sitt
når dei flytte til ein ny gard. Kristian gifta seg i 1933 og kona Tora Børstad (1910-1998) kom frå Sør-
Odalen. Dei budde på Akslagjerde resten av si levetid, og dreiv frilandsgartneri der dei dyrka planter, avskårne blomar,
grønsaker, frukt og bær. Varene vart seld på Kipperviktorget i
ålesund, men også til bygdefolket og den som tok turen til Emblem
for å handle. I Larsgarden på Østrem handla dei foreksempel
kålplanter. Om vinteren vart det stillare i vekstnæringa. Då var
han enten på vinterfiske, eller arbeidde på Rieberbuda i Ålesund.
G. C. Rieber var opphaveleg ein grossisthandel for skinn, med
avdelingskontor i Trondheim, Oslo, Stavanger, Tromsø og Ålesund.
Etterkvart satsa dei også på garveri og skoproduksjon. På Kristian
si tid var også selfangst, drift av isbrytarar makrellfilét og
fiskeolje viktige næringar. Kristian og Thora fekk to døtre.
a) Rigmor Inge (f.1934) tok over halve bruket.
Ho er busett i Oslo.
b) Karin Torhild (f.1946) tok over halve bruket.
I 1973
vart Akslagjerdet overført til døtrene
Dottera Rigmor Inge Reitan (f.1934) tok over halve huset og halve bruket. Ho er busett i Oslo.
Dottera Karin Torhild Leira (f.1946) tok over halve huset og halve bruket. Ho er gift med Tor Solvang (f.1949). Dei bygde seg nytt hus ved sidan av gamletunet og eig framleis dei delane av bruket som ikkje er seld ut til byggefelt.
a) Siw Solvang (f.1968) er busett ved tunet.
b) Arild Solvang (f.1980) gifta seg i 2014 med
Katrina Guina Cosme, busett Nørve, Ålesund.