Hans Gabriel Larson Akslen(2) (1862-1949), frå Akslagjerdet, fekk denne parsellen delt frå etter ei
utskiftingsforretning i 1934. Eigedommen fekk rett på å hente torv frå hovedbruket, Øvste-Aksla, og
var pliktig å gjerde inn etter forskrift i gjerdelova, men var ellers utan rettar i utmarka. Dette var få
dagar før Hans selde Akslagjerdet. Han tenkte seg kanskje denne tomta som ei kårtomt, men slik vart
det ikkje. Sonen Thomas kjøpte att Minde på auksjon, og Hans bygde hus på ei anna tomt, som
Thomas også hadde kjøpt attende. Det var «Kveldly» bnr. 8 på Magerholm. Hans flytte dit i 1936.
Sjå meir om Hans som brukar
under garden Akslagjerdet, Akslen(2) i venstremenyen her på www.emblemsbygda.com.
Bustadtomta Kveldly er ikkje med i denne utgåva av bygdeboka.
Sonen Thomas Gustav Akslen (1895-1966) gifta seg i 1939, med Hjørdis Amanda Akslen
(1909-1994), Østremsreit(2) frå nabobruket Stigen, også kalla "Stampen" på folkemunne. Småbruket var del av ein husmannsplass (Stigeplassen) som vart frådelt Øvste-Aksla, men vart overført til Østremstreiten etter utskiftinga i 1894. Thomas kjøpte tomtene Minde og Kveldly i 1937. Thomas og Hjørdis
bygde hus og busette seg på Minde. Faren fekk bygge hus, og busette seg på Kveldly inne på Magerholm på sine eldre dager. Han fekk då hjelp av sonen Lars, som hadde kjøpt andre halvdelen av den gamle Stigeplassen, kalla Gjerdet, Østremsreiten(3). Saman med Akslagjerdet, Gjerdet og stigeplassen, utgjorde Minde eit større samanhengande stykke frå den gamle hovudvegen (Hjellhaugvegen i våre dager) til fjorden. etter 1965 vart Minde og Akslagjerdet liggande mellom dagens riksveg og Hjellhaugvegen, medan Gjerdet og Stigen ligg nedanfor riksvegen til Magerholm. Der var mykje samkvem mellom desse bruka. Hjørdis slekta også til hovudbruket på Øvste-Aksla, like vest for Minde, og Reiten, Østremsreiten(1)
a) Inge Erling (f.1939) gifta seg med Else-Marie
Nedregotten(9). Dei var brukara på Vestly,
Nedregotten(9).
b) Liv Johanne (1941-2016) tok over huset og tomta.
c) Randi Marie (f.1945) gifta seg i 1967 med
rørleggar Andreas Per Vik, Syvde, busett Syvde.
Liv Johanne Akslen (1941-2016) gifta seg ikkje. Ho tok over huset og kjøpte ut søskena sin part av
tomta i 1995, etter mora hadde gått bort. Kjøpet inkluderte også ein parsell med bruksnummer 15.
Liv arbeidde mellom anna som kontorleiar på fylkessjukehuset på Åse, og før den tid som tannlegeskretær i Ålesund.