Gjerdet
er skyldsett til 38 øre og har gardsnummer 3, med bruksnummer 3.
Bruket ligg i dag under Reiten. Husa ligg sør for Akslagjerdet på
nedsida av dagens bilveg mot Magerholm. Opphaveleg var dette tunet
til Stigeplassen med bruksnummer 2 som sidan vart delt i bruksnummer
2 og 3. Det er dermed på sin plass å skrive litt om både
Stigeplassen og Gjerdet i byrjinga.
Det
var Rasmus Karolus Andersson (1843-1927) som rydda plassen i
fellesutmarka til Aksla og Reiten i 1860-åra. Tidbolken frå
1850-1860 var den perioden då flest nye husmannsplassar vart rydda i
Emblemsbygda, og Stigeplassen var ein av desse. Rasmus vart fødd på
Reiten den 29. januar og heimedøypt der den 13. april. Truleg var
det ikkje helsa som var årsaka, men heller verforholda denne våren.
Dei fleste av dei som vart fødde i Borgund på same tida vart nemleg
heimedøypte dei óg. Fadderane var Martinus Pederson Østrem, Lars
Pederson Akslen, Ole Rasmusen Østremsreit, Siri Madsdotter
Nedregotten og Marte G. Olsdotter Nedregotten.
Faren
heitte Anders Rasmusson (ca. 1813-1846) og mora heitte Sofie
Kristofersdotter Østremsreit (1812-1859). Eg veit ikkje nøyaktig
kvar dei kom frå, men eg merkar meg at Hans Rasmussen Myrhaug
(1790-1865) og Kirsti Kristofersdotter som eigde og dreiv Reiten
hadde same farsnamn som Anders og Sofie. Sidan namna elles ikkje
passar med namn på Reiten eller Aksla, kan det hende at dei kom
utanfrå og at nokon var i slekt med dei nye eigarane på Reiten.
Det eg derimot veit er at Anders var plassemann på Reiten, men det
finst ikkje opplysningar om kvar denne plassen låg. Anders omkom
under ein orkan på sjøen den 17. mars 1846. Han var truleg på
fiske, for dei var minst tre frå bygda som er registrerte som
omkomne og stilt saman med ei klamme i kyrkjeboka. Teksten er
diverre vanskeleg å tyde, men det er i alle fall to til som eg med
sikkerheit kan seie at dei kom frå bygda vår. Den eine var
plassemann Knut Iversen Magerholmvik på 60 år, og den andre var
drengen Lars på 21 år frå Magerholmvika. Det er interessant å
merke seg at Anders blir oppført som Anders Rasmuss. Gjerde
Østremsreit. Enten så kan fødestaden ha vore ein gard med namnet
«Gjerde», eller så kan det fortelle oss noko om kvar han budde i
1846. Det kan vere grunn til å fundere litt på dette, for det var
sonen og borneborna hans som seinere skulle ta i bruk gardsnamnet
Gjerdet i 1907. Det er i alle fall lov til å tenkje seg at det er
ein samanheng. Kanskje var det Anders som starta å rydde det som
seinare skulle verte garden Gjerdet? Samstundes er det fleire
moglegheitar.
I
1847 vart Sofie oppattgift med Erik Larsen Navelsaker (1825-1898) frå
Hornindal, som hadde vore dreng på Reiten. I bygdeboka fekk han æra
for å ha rydda plassen Vedhaugen under namnet «Midthaug», men
kanskje var det der Anders hadde budd først? Det er mogelrg at han
aldri kom så langt at han fekk registrert nokon festekontrakt. Eg
har i alle fall ikkje funne klare prov for at Anders budde på
hverken Midthaug eller Stigeplassen, men me veit at han var husmann
på Reiten og då er der ikkje så mange alternativ. Eg har også
funne delar av namnet åt far til Sofie i kyrkjeboka ved bryllaupet
med Erik den 20. juni i 1847. I følge presten i Borgund kyrkje
heitte han Kristofer Nygaard. Det kan tyde på at Anders kom frå
Eid og dermed same plass som eigarane på Reiten, men det finst også
ein plass med dette namnet i gamle Borgund kommune.
Rasmus
måtte truleg tidlig i arbeid som dreng på Reiten. I 1865 var han
registrert som tømmermann og «logerende» på hovudbruket. På
denne tida var det ein del skog på Akslanakken, men ikkje noko
flaumsag lenger. For den som var ugift, var det å ikkje vere
sysselsatt eit brot på lausgjengarlova, med påfølgande straff. For
dei unge utan erfaring eller god stand ville det å få seg teneste
vere heilt vanleg. Dei fleste tente på nabogardane frå
komfirmasjonen mot kost og losji, medan dei fattigaste husmannsborna
ofte måtte i teneste fleire år tidlegare. Ein finn også eksempel
på dei som ikkje fekk nokon skulegong i det heile. Truleg stod det
ikke så gale til med Rasmus. Om han arbeidde dels saman med Hans på
hovudbruket, er ikkje heilt utenkjeleg, for begge var bygningsmenn,
og Rasmus gjekk truleg i tømrarlære også. I 1865 hadde dei to
tenarar på Reiten, og sidan Rasmus no hadde gått frå å vere tenar
til å leige husrom, så må han også ha hatt inntekt på
tømrarverksemda. Medan han budde på Reiten vart han forlova med
Anne Inger Severine Petersdotter Hjorthol (1835-1907) frå Sykkylven,
som var tenestejente på garden. Då dei gifte seg i Ørskog kyrkje
17. juni i 1866 hadde dei også behov for å finne sin eigen plass og
inntekt. Husbonden på Reiten fann råd og det endte med at dei fekk
rydda seg eit plassebruk i fellesutmarka til Aksla og Reiten. Årsaka
til at Rasmus valde å flytte kan verke opplagd, sidan han gifta seg,
men avgjerda kan også ha vorte påverka av at Hans døde i 1865, og
eg finn ikkje spor som kan tyde på at sonen Rasmus Hansen
(1826-1890) fortsette med tømring slik som faren. Derimot ser eg at
han var forlovaren til Rasmus i 1866, så dei var truleg vel
forlikte, om det ikkje var meir som ein gest ovanfor sin framtidige
utleigar. Stefaren til Rasmus, Erik Larsen på plassen Midthaug var
forlovaren til Anne. Eg trur ikkje at forlovervalet med odelsguten på
Reiten var nokon høfleg gest, for dei måtte gifte seg. Det samme
året hadde Anne og Rasmus vorte foreldre, og det å få eit «uekte»
born på den tida var alvorleg. Det er mogeleg at det var dette som
tvang fram eit ekteskap, men det er lite som tydar på at dei ikkje
treivst ilag i åra som skulle komme. Eg har per dags dato klart å
finne seks born: Hansine Marie Sophie (f. 1866) , Peter Johan
Christopher (f. 1868), Anna Karoline Petrine (f. 1870), Edvart (f.
1874), Jakob (f. 1876), Oline Marie (f. 1879) og Marie Eline (f.
1882). Eg skal kome attende til fleire av desse lenger ned i denne
teksten.
I
1884 lånte Rasmus 366 kroner og 20 øre frå P. H. Gåseide. Som
sikkerheit hadde han «1 Stuebygning, 1 Ladebygning og 1 Nøst med
mur og nagelfaste Indretninger. Men husa kan ikkje ha vore så store
eller verdifulle, for attåt måtte han dessuten garantere for lånet
med «alt Tilbehør saaledes som Husene nu ere eller herefter med
Tilbygninger maatte befinde. Ligesaa pantsættes med samme Prioritet
Husenes Assurancesum eller de Bygninger, der i Husbondens tilfælde
opføres.» Krava frå
lånegjevaren var høge, men kanskje berettiga, for allereie i 1887
vart det halde eksekusjonsforretning på plassen. Lånet med renter
hadde no auka til 387 kroner og 80 øre. Gåseide fekk no
eigedomsretten til både huset og løa. Frå no av gjekk det likevel
betre. Eg finn ikkje fleire økonomiske utfordringar dei neste åra.
Mot slutten av 1800-talet hadde pengehushaldninga byrja å verte
merkbar kontra den eldgamle tanken om sjølvbergingsjordbruk. Det
vart meir vanleg å ta hyre på båt, satse meir på kjøt og
mjølkeproduksjon eller å finne seg ei attåtnæring som tømrar og
liknande. Kanskje var det difor størrelsen på Stigeplassen fekk
mindre betydning. Dei første åra rakk plassen heilt frå
Akslagjerdet, med bytestein omtrent der hovudvegen går i våre
dagar, og vidare heilt ned til sjøen. Ved utskiftinga i 1894 vart
plassen ein del av Reiten og skyldsett til 84 øre. Det same året
vart plassen kjøpt av Jakob Rasmussen Østremsreit. Denne Jakob må
ikkje forvekslast med Jakob Rasmussen (1876-1938) som var sonen til
Rasmus Anderson Østremsreit som hadde rydda dette plassebruket. Den
nye eigaren av Stigen var fødd og oppvaksen på Reiten, sonen til
Rasmus Hansen (1826-1890). Med to Jakob Rasmuson som tidvis nytta
Østremsreit og deretter Akslen, er det litt vanskeleg å halde
oversikta. Sjøl bygdebokforfattaren ha bomma der. Jakob Iver Olaus
(1877-1938) frå Reiten gifta seg med Eline Thomasine Knutsdotter
Akslen (1880-1943) frå Øvste-Aksla. Saman reiv dei plassen i mange
år i lag.
I
1900-tellinga budde det 6 menneske på plassen, og namnet var
framleis «Stigen», eller «Stigeplassen». Rasmus Anderson Akslen
og Anne Petersdotter var framleis registrerte som «Gaardbruger,
Tømmermann, Fisker» og «Gaardbrugerkone». Sønene Jakob
(1876-1938) og Edvart (1874-1933) var framleis ugifte og dreiv med
fiske og tømmring. Edvart var på denne tida busett i Ålesund, med
det var truleg berre midlertidig i forbindelse med fiske. Søstera
Anna Marie (f.1882)
«holdes hjemme som Pige, sysselsat del med
Kreaturstel og dels i Huset»
. Der var også ei jente som heitte
Marie Rasmusdotter frå Eikrem som var «Tjenestepige». Det er
mogeleg at Rasmus var mykje vekke heimanfrå, sidan dei hadde to
jenter med hjelpande hender på garden. Eg merkar meg at Anna var
meir enn gifteklar med sine 30 år i 1900, men eg trur også at
tellinga er misvisande. Rasmus og Anne hadde nemleg ei dotter som
heitte Marie og vart fødd i 1882, så at denne Mari skulle vore fødd
på Ekrem, kan ikkje stemme. Frå folketellinga kjem det også fram
at dei hadde korn og potet med krøtter attåt. Kjøkkenhage,
frukthage eller fjærkré var der ikkje noko av dette året.
I1910 finn me att Rasmus som enkemann og gardbrukar på Gjerdet.
Edvart var enno ikkje gift og framleis fiskar og snekker. Dottera
Olina Marie Rasmusdotter (1879-1947) var ugift «Husbestyrerinde» på
garden. Ho gifte seg først den 25. januar 1915 med enkemannen Johan
Karlson Nedregotten frå Elvemyr bruksnr. 4. I tillegg budde der ein
gut på 6 år som heitte Hans Jakobsen Molvær. Det vert fortalt at
faren var i Amerika og arbeidde som snekkar der. Guten var ikkje kven
som helst. Han var sonen til Jakob Martinus Olaus Rasmuson Akslen
(1876-1927) og Gina Elise Karoline Karolusdotter Moldvær. Dei hadde
gifta seg i 1903 og busett seg på Moldvær året før Hans kom til
verda. I 1906 hadde Jakob registrert seg som emigrant den 25. mars,
og passasjerlista tyda på det same, men det vart ikkje slik. Han kom
attende i 1907 og var på nytt på veg til Amerika via Ellis Island
8. mars 1909, så han arbeide truleg i Amerika i omlag eit år av
gongen. Då han gifte seg med Gina, 27 år gamal, var det som
«inderst og Fisker». Han bytta også etternamn til Molvær Å verte
kårmann i så ung alder var nok ikkje så mykje å trakte etter.
Samstundes hadde dei mange born å forsørge. I 1910-tellinga for
Moldvær er Jakob framleis registrert som fastbuande der. Saman hadde
dei no 4 born. Gunda vart fødd i 1903, Hans i 1904, Astrid i 1906 og
Gerda i 1909. Gina hadde med andre ord born frå 1 til 7 år å ta
seg av medan Jakob var vekke. Ikkje rart at ho hadde behov for
avlastning, sjølv om ho nok hadde god hjelp av Inga Røssevold på
17 år som var tjenestejente. I tillegg var no Marie Eline
Rasmusdotter (f.1882), søstra til Jakob og ektemannen Karl Johan
Sunde (1882-1973) også busatt på Moldvær.
I
1915 tok den nest eldste sonen, Edvart Rasmussen Akslen (1874-1933),
over på Gjerdet i følge Bydeboka, medan panteregistrerte dokument
syner at han selde kalkrettane på garden frå seg allereie i juni
1914, og då var han allereie registrert som eigaren på Gjerdet. Eit
nærare søk i pantebøkene syner at han fekk skøyte på at han
hadde kjøpt ein «parcell» av Stigeplassen frå Jakob Østremsreit
i juli 1907, og at den vart skylddelt den 18. juni det same året.
Kjøpesummen var på 650 kroner. Dette nye stykket fekk då namnet
«Gjerdet» med ei matrikkelskyld på 38 øre. Samstundes fekk faren
Rasmus bygselsrett og bruksrett på den nye gardparten. I 1894 hadde
det også vore ei skylddelingsforretning på Stigeplassen, der Johan
Nilsen Akslen hadde fått bruksrett på eit markstykke som no vart
ein del av det nye bruket. Det vart konstatert at han fekk fortsette
med det. Det vart også skrive ned at det frå no av var Edvart sine
arvingar som kunne gjere krav på odel og arverett på Gjerdet. I
dette lyset er det då litt merkeleg at det er Rasmus som er nemnd
som gardbrukaren på Gjerdet i 1910-tellinga, sjølv om også Edvart
var busett der. Det kan derfor verke som om Rasmus fortsette å drive
garden på Edvarts vegne, sidan han enno ver ugift og livnærte seg
som snekker og fiskar, medan Rasmus hadde pensjonert seg frå den
slags arbeid. Der finst ikkje opplysningar om talet på dyr og
avlingar i denne folketellinga, men det kan ikkje ha vore nokon
stordrift. Rasmus greidde seg nok godt som drivar framleis med sine
67 år, medan dottera Oline hadde tatt mora sin plass som husmor.
Årsaka til at både skylddeling og skøyte vart tinglyst dette året,
er truleg at mor til Edvart og Oline , Anne, døydde om våren dette
året av magekreft. Rasmus ville truleg ha eit ord med i laget når
framtida skulle planleggast, og ville heller vere føre var med alle
papira i orden.
Edvard
gifte seg med skredderska Henrikka Johansdotter Akslen (1874-1945)
den 18. oktober 1914. Ho var dottera til gardbrukar Johan Nilsen
Akslen i Høla. Han kom opphaveleg frå Hesseberg og var kårmann på
den tida Henrikka gifta seg. Det betyr at ho var tanta til Mauritz
Akslen som du finn tekst frå og intervju med her på
Emblemsbygda.com. Det var også den same Johan som hadde fått
bruksrett på markastykket som no tilhøyrde svigersonen Edvart på
Gjerdet. Så vidt som eg har høyrd så var Edvart og Henrikka
bornlause. Det er ikkje så utenkjeleg når ho var 40 år då dei
gifta seg. Edvart døydde som følge av eit magesår i 1933.
Henrikka var no 59 år og ynskte å flytte tilbake til den næraste
slekta si i Høla.
Ho
selde til skipper Lars Hansen Akslen (1893-1983) som opphaveleg var
tiltenkt Akslagjerdet, der han hadde odel. Av økonomiske årsaker
vart det ikkje mogeleg å overta der. Faren til Lars måtte i staden
selge plassen til Aalesund Handelsfunksjonærers Forbund for å få
nedbetalt mest mogeleg av gjelda han fekk då han bygde seg nytt hus.
Du kan lese meir om Akslagjerdet i ein eigen tekst her på
emblemsbygda.com. Lars fekk skøyte på Gjerdet 30. oktober 1933 mot
ein kjøpesum på 5300 kroner, og flytta inn seinhausten 1933 saman
med si andre kone, Karen Petra Akslen (1898-1970) frå Sande og dei
to borna frå første ekteskap, Harry (1919-2019) og Mary Olga (1921-2015)
Han vart første gongen gift i 1918 med Laura Olsdotter Emblem
(1894-1927) frå Auregarden. Dei budde då på Myrane lenger vest i
bygda, men Laura døydde så alt for tidleg av tæring, og sidan Lars
dreiv på sjøen, så måtte borna Harry og Mary Olga bu i Auregarden
hjå besteforeldra frå 1927-1933. Men med nytt giftermål vart
familien samla igjen. Eg finn ikkje noko spor etter kårkontrakt
eller krav frå selgaren. Skøytet er på berre nokre få linjer med
ei påminning om gardens rett på to torvteigar ifølge utskiftinga i
1907.
Mary Olga flytte til Naustdal og gifta seg med Anders Stubhaug der.
Eldsteguten Harry som tok over Gjerdet i 1959. Han var gift med jordmor Kjellaug Underhaug (f.1925) frå
Jondalen. Harry hadde ein imponerande hukommelse frå omtrent
heile si levetid. I dei tilfella eg har hatt nøyaktige dokument å
frå samtida å støtte meg til, så har Harry vist seg å vite enno
fleire detaljar. Utan han så ville det neppe vore mogeleg å skrive
fleire av desse historiske tekstane på emblemsbygda.com. På 1960-talet måtte hovudhuset rivast, for det kom for nært den nye hovudvegen til Magerholm, som stod heilt klar i 1968. Harry og Kjellaug bygde seg nytt hus like ved gamletunet, der løa framleis står på sin opphavelege plass. Dei fekk to gutar. Det var Lars Andreas Akslen (f.1957) og Kjell Harry Akslen (f.1961). Lars Andreas var ein av initiativtakarane til ungdomskoret "Credo" på Emblem Bedehus. Koret skifta seinare namn til dagens Respons. Han tok medisinsk utdanning, og er i dag ein godt kjent kreftforskar. Han gifta seg 1980 med Åse Nylenna frå Blindheim. Dei bur i Bergen. Kjell Harry Akslen utdanna seg til psykiater. Han gifta seg 1989 med Siv Hånes frå Søvik, og er i dag busett på Flisnes.
Harry utdanna seg til møbelsnikkar, og vart med å starte opp "Østrem Møbelfabrikk, Akslen & Co." hausten 1946. Jakob Hanken var initiativtakaren. Han fekk med seg broren Einar og Harry, samt Severin Østrem som hadde bygd eit heilt nytt fabrikklokale på parsellen "Elvebakk", mellom Storelva og Blåskulen ved Ebbegarden. Severin hadde tidlegare hatt treverkstad i kjelleren sin på "Granly", ei hustomt utskild frå farsgarden, Abrahamsgarden på Østrem. Like før han var ferdig med sin eigen fabrikk, så fekk han arbeid hos Ødegård Karosseri i Puskhola. Det vart dermed Harry som fekk signaturretten til den nye møbelfabrikken. Dei starta det som kan ha vore det første serieproduserte møbelet i distriktet, eit radiokabinett. Allereie i 1947 vart fabrikklokalet for lite. Du kan lese meir om denne fabrikken i ein eigen tekst her på www.Emblemsbygda.com, saman med dei to andre møbelfabrikkane som han engasjerte seg i. Det var "Solid Møbelindustri" frå om lag 1954 til 1973, og "Kvalitetmøbler a/s" frå 1973 til pensjonsalderen. Harry var ein av dei tre som eigde Solid. Dei to andre hadde starta opp først på Blindheimsneset. Etter kvart gjekk det så bra at dei bygde seg ein ny møbelfabrikk på Blindheimsgeilane, på andre sida av vegen for Hjelmeland Møbler, der Lied Verktøy held til i dag. Den siste fabrikken var han berre ansatt hos. Den flytta i 1973 til nytt fabrikklokale ved Emblemsvågen, oppe mot gardsgrensa til Ystebøen si heimeutmark i vest.