Hovudbruket
på Aksla
har
fått namnet sitt frå Akslanakken, som kneisar over garden. Skråninga bak gardshusa på hovudtunet er bratt og
full av stein og laus jord, så det er ikkje heilt farefritt å gå
kring foten av Akslanakken til tider.
Garden grensar mot Magerholm i
aust og Østrem og Nedregotten i vest, der Sirielva er grenseelv.
Namnet «Aksla» kjem truleg frå det gamalnorske ordet «oksl» som
igjen har utspring frå namn på lekamsdelar. I ein periode har slike
namn vore flittig brukt, og ein finn fleire slike eksempel i vår
eiga bygd, samt i områda ikring. Akslanakken består soleis av dei
to ledda «aksel» og «nakke», som begge er lekamsnamn. Vidare
utgjer Akslanakken, Mellomstenakken og Stornakken, ei markant lita
fjellrekke som vert kalla «Nakkane», og som på mange måtar kan
seiast å vere det geografiske kjennemerket på bygda for den som
kjem frå vest. Vassnakken ved Akslasetra er eit anna eksempel på
denne gamle namngjevinga. Historisk sett skal Aksla og Reiten,
tidlegare kalla Østremsreit, ha høyrd saman. Det var først kring
1640 at Reiten vart skylddelt som ein eigen gard. Reiten fekk då 1
våg skyld, medan Aksla fekk tilsvarande mindre, til 1 1/2 våg. Dei
to gardane hadde teigbytte på innmarka og hadde felles utmark heilt
fram til utskiftinga i 1894.
Det
er nærast umogeleg å seie med sikkerheit kor gamal garden er. Det er ikkje funne fornfunn enno som kan gje oss spor
heller. Gardsnamn og kunnskap om grannegardane kan bidra til ein
påstand om at garden vart rydda kring vikingtida, for så å verte
lagd aude etter Svartedauden. Truleg vart garden teken opp att ein
gong på 1500-talet saman med dei fleste andre audegardane i
distriktet. Frå 1603 finst der skrivne kjelder som vitnar om at
garden var i drift, og at der var 2 brukarar. Mykje tyder på at
Reiten vart rydda igjen først i 1620 og fråskild Aksla kort tid
etter dette.
Eigarane
Øvste-Aksla
har frå 1626 vore underlagd Borgund prestebord og var framleis ein
del av dette godset heilt til garden vart kjøpt ut i 1832. Kven som
åtte garden tidlegare er det vanskeleg å finna gode svar på, men
det var truleg skogen som var årsaka til at presten kjøpte bruket
på byrjinga av 1600-talet. På denne tida kom både hollandske,
engelske og skotske skuter til norskekysten for å kjøpa opp alt
tømmer som dei kom over. Borgundpresten let seg ikkje be to gonger,
og han sette dessutan opp flaumsag for å få enno betre betalt for
tømmeret. Det må ha vore ei temmeleg stor drift med mange i arbeid,
for Det kan ikkje ha gått så mykje meir enn om lag 20 år før all
skogen var nedhoggen og flaumsaga borte igjen. Det er mogeleg at den
vart flytta videre, eller seld etter 1630, men ein veit lite om ho no
i ettertida. Vi veit ikkje ein gong kvar ho stod, sjølv om det er
grunn til å tru at dei nytta Sirielva til å drive saga. Det finst
enno stadar med namn som «Akslaløypa» og «Reiteløypa» der det
har vore nokre av dei mest egna stadane å frakte ned tømmeret frå
Nakkane og fjellet ikring garden. Kanskje kan det ha vore i nærleiken
av desse, om lag der dagens sag på Reiten står? Løypene var i alle fall i drift på 1800-talet.
Dei første brukarane
Erik er
den første brukaren, som vi kjenner namnet på. I følge bygdeboka
skal han ha vore her i frå 1603 til 1605. Det var i hans tid at garden Høla vart delt frå Øvste-Aksla. Den neste var Ole Jonsen, som
var brukar frå 1606 til 1620. Han kan ha vore bror til Endre Jonson i Høla. bruka delte nok tunstad på den tida. Den tredje brukaren var tidlegare
husmann under Aksla, og det kan hende at også han var bror til Ole, for han
heitte i alle fall Jon Jonson. Han bygsla Øvste-Aksla frå 1620 til 1630. Han kan ha vore husmann på Østremsreiten, seinare gardsnummer 3 og bruksnummer 1. Ikring 1630 vart Aksla
driven som ein samla gard att av Jon Endreson i «Høla». Han var kanskje nevøen. Han har fått æra for å ha rydda Østremsreiten etter Svartedauden, men han kan ha vorte forveksla med Jon Jonson, som er nemnd tidlegare i denne teksten. Du kan lesa mei om han under Reiten. Det er
mogeleg at dei aller første husmannsplassane hadde tuna sine i samme klyngetunet dei
óg, men Dei veit vi hverken namn på, eller kva stad dei låg, i
motsetning til dei som kom til frå 1800-talet. Etter 10 år som eit
felles bruk vart garden delt att i 1640 og no er det ein Elling som
dreiv hovudbruket.
I
1650-åra finn vi ein som heitte Lars på garden. Det kan ha vore Lars Endreson på Østremsreiten. Han kan ha vore bror til ein tidlegare brukar her på Øvste-Aksla. I 1658 vart Lars skattlagd for ein hest og
fem kyr.
Knut Pederson Akslen (ca.1635-1696) var den neste i rekkja. Han
sat på Øvste-Aksla frå ca. 1660 til 1696. Han gifta seg med Marite Arnesdotter (d.1701), og gav kår til dei av brukarane før han som enno levde. Dei fekk behalde kårettane livet ut. Dei siste åra dreiv han både Øvste-Aksla og Høla.
Skiftepapira syner at han hadde mellom anna hest, 8 kyr, 6
saure, 2 geiter, part i kaste og søkkjenot. Han hadde også brend 8
tønner tjøre. Ein kjenner til to born etter han.
a) Agata (ca.1685-1746) gifta seg i 1712 med Thyge Pederson Vestre(19b), som hadde vore tenar på Østremi 1701. Dei vart brukara i Høla.
b) Marithe (ca.1687-1753) tok over bruket seinare.
Enka, Marite Arnesdotter Akslen (d.1701) vart gift
oppatt
med legdsoldaten Arne Knudson (f. ca. 1664). Han var einebrukar på
Aksla til 1711. Dette året vart garden delt i to igjen, og Arne
beheldt Øvste-Aksla fram til han tok kår i 1730. I 1701 finn ein også tenaren Peder Olson på garden.
a) Knud (1698-1750) gifta seg i 1736 med enka Magnille Pedersd. Stadsnes, brukar Stadnes.
Forlovaren, Tyge Axlen(4), var svogeren til Knud, og brukar
i Høla, Akslen(4).
b) Gunilde (dp.1701-1765) gifta seg i 1743 med enkemann Sivert Jørgens. Kurset(2). Dei budde også på
Veibust(1) og Tørlen(II), før dei flytte til Hatlen(Y,1). Der
budde ei dotter frå Sivert sitt tidlegare ekteskap.
Svigersonen Arne
Arneson(ca.1704-1778) gifta seg i 1730 med Marithe Knudsdotter (ca.1687-1753). Den 2. februar 1730
døypte dei det som truleg var eldstesonen deira, Knut Arneson Akslen
i Sykkylven. På lista over fadderar finn vi Gjervald Larsen Østrem,
Steen Olsen Østrem, Thyge Larsøn Axlen, (Giertrud
Knudsdatter?) Axlen og Gunilla Knudsdatter Axlen. Gjertrud og Gunilla
var truleg søstrene til Marithe, og dermed tantene til dåpsbornet.
Ein kan dessutan merke seg at dei framleis nytta etternamnet Akslen.
Om Knut var først fødd, så vart han i alle fall ikkje eldst, for
allereie den 17. juni 1731 vart ein ny Knut Arneson ført til
døypefonten. Det tydar på at storebroren allereie var død på det
tidspunktet. Denne gongen stod dåpen i Borgundkyrkja, og fadderane
var Peder Larsson Østrem, Ole Pederson Nergotten, Knud Axelson
Emblem, Aagaat Knutsdotter Axelen og (....) Larsdotter Emblem. Det
var denne Knut, som seinare skulle overta bygselskontrakta på
Øvste-Aksla etter foreldra sine. Kor mange søsken han fekk, og kor
mange som vaks opp, er det vanskeleg å seie heilt sikkert, men eg
har i alle fall funne ei som heitte Anne Arnesdotter. Ho vart fødd
13. juni i 1734. Her var det nok ein gong eit nytt sett med faddera frå nabogardane: Rasmus Povelson Østrem, Ole Gierwaldson Østrem,
(Hilla?) Erichsdotter Nedregotten, Anne Hansdotter Østrem, Ragnhilld
(Hansdotter?) Axelen. Det same året finn eg også ei Gunnill
Arnesdotter Axelen som var fadder på Østrem. Det er mogeleg at ho
også kom frå Øvste Aksla. Ein veit ikkje eksakt kvar Arne kom frå, men forlovarvalget kan ha samanheng med at bruda var søstera til Tyge Pederson Vestre. Ho vart også gift med enkemannen på nabobruket, Østremsreiten. Tyge var i tillegg Arne sin svoger. Arne dreiv garden saman med Marithe frå 1730 til 1753. Arne gifte seg opp att i 1755 med Birthe Arnesdotter Østrem(2) (1709-1784) frå Larsgarden like ved. Han var då kårmann
Frå gardsbruk til plassefolk utan jord
Sonen, Knud Arneson (1731-1785) tok over bruket. Han dreiv
garden frå 1754 til 1782. I 1754 gifta Knud seg med nabojenta Inger Larsdotter Østremsreit(1) (dp.1719-1798), det same året som han overtok. Ved ein feil vart ho ved gravferda kalla enke Inger Arnesdotter Axlen.
a) Marte (dp.1755-1813) tok over bruket.
b) Birthe (dp.1761-1762) døydde 20 veker gamal.
c) Anniche (dp.1763) vart fødd utanfor eksteskapet. Mora var Magnille Arnesdotter Røssevold(5). Presten skreiv:
«et døv og dum født kvinnfolk som nu 2. den gang har begått
leieårmål». Dette var harde ord.
d) Arne (1765-1793) var legdslem. Årsaka er ukjend.
Svigersonen Hans Erichson Fausa (ca.1739-1811) kom frå garden Stige på Fausa. Han var truleg sonen til Erik Monson (f.1714) der. Han er den tiande i rekkja av kjende brukarar på Øvste-Aksla, og hadde ei søster i Antonesgarden i Emblemsvågen. Johanne Erichsdotter Fausa vart nemleg gift dit. Hans .
Hans gifta seg 1782 med jordajenta Marte Knudtsdotter Akslen(1) (dp.1755-1813).
I tidsrommet 1783 til 1794 skal Hans si søster, Anne, også ha budd på Øvste-Aksla. Dei dreiv bruket
frå om lag 1782 til 1795, og var dermed ikkje særleg gamle når dei sa frå seg bygselsretten på Øvste-
Aksla. I 1801 kan ein i staden finne dei som husmenn utan jord ein stad nær naustrekka i
Østremsvika. Kanskje budde dei oppe i bakken like bak? Marta sette spor etter seg med namna
«Martaplassen», om lag der Kåre og Judith Kvangarsnes seinare bygde seg hus, og staden
«Martasetet», som ligg ute i fjorden, like utanfor nausta. Sjå meir om dei
på
husmannsplassen «Martaplassen», lenger bak i boka. Årsaka til at dei sa frå seg bruket er enno
uvisst. Ho døydde som legdslem på heimgarden, men det var ein rimeleg vanleg måte å gå ut av livet på den gongen, om ein ikkje hadde kår på ein gard. Som husmenn utan jord måtte ein heile tida arbeide for å klare seg, og når ein vart sjuk, eller gamal, så var det gjerne familie eller legdordninga som livberga ein mot slutten. Det er interessant å merke seg at ho ikkje hadde kår frå Øvste-Aksla. Det kan bety at Marta og Hans måtte gå frå gard og grunn.
Dei hadde heller ingen jord i Østremsvika slik at dei kunne livberge seg av det dei kunne gro sjølve. Det kan bety at fiske og båten vart næringsvegen for dei. Sjølv om sonen tok over husmannsplassen, og Hans døydde to år før Marta, så var der truleg ikkje nok inntekt til at Marta kunne fortsette å bu på Martaplassen. Sjølv om der var fleire slike strandsittarar, og ingen attverande spor etter tufter, så har namnet "Martaplassen" like vel halde seg heilt fram til våre dagar. Området var også forbunde med spøkelse, uvisst av hvilken grunn, og på fjorden rett utanfor naustrekka finn ein stadnamnet "Martasetet". dit er det nesten mogeleg å vasse på fjøre sjø. Eg vil kanskje tru at Hans og Marta måtte gi seg på Øvste-Aksla på grunn av økonomi. Ein finn at neste brukaren sleit like mykje, og der var tidvis høg skyld å betale til eigaren i bygselsavgift.
a) Erich (dp.1783-1835) gifta seg i 1807 med Anne Iverina Pedersd. Drevik. Han tok over som
husmann
, der foreldra
budde ved
Østremsjøen i 1809. Han fekk ei dotter med Hilde (Veibust?)
1805, og tvillingar. Erich budde der heile livet,
til han omkom
på sjøen.
b) Knud Andreas (dp.1787) døydde 1801, 14 år gamal.
c) Ingebrigt (dp.1796-1796) døydde 3/4 år gamal.
Det
verkar som om Østremsreiten har hatt eit tunstykke og eit sjøstykke mot
Nedregotten. Frå 1800, og sikkert tidlegare også, var det eit
gjerde mellom dei to tuna. Alle brukarane og plassemennene skulle
bidra til å halde dette gjerdet i stand. Akslabruka var så
småbytte i eit lappeteppe av teigar at ein i 1824 forsøkte å få
til ei utskifting: Men
«man
kunde ingen udsigt se til at gaardens parter kunde samles i et
stykke».
Jorda
var rett og slett alt for ulik, og brukarane fekk i staden kvar sin
del av dei 14 engstykka og dei 6 åkrane. Denne løysinga vart ikkje
godkjend av overoppsynet så ein måtte gjera eit nytt forsøk
i 1833. Det vart no bestemt at brukarane skulle få kvar sin halvdel
av innmarka delt med ei skillelinje frå sjøen. Denne bestemmelsen
vart ikkje gjennomført, for det fanst framleis ein rekkje teigar ved
den offentlige utskiftinga i 1894.
Ei særmerkt enke
Den
neste var Peder Pederson Furnes (dp.1766) og Anne Rasmusdotter Frøysadal(1) (dp.1761-1823).
Dei gifta seg i 1794 og dreiv Øvste-Aksla frå 1795 til 1802. I 1798 klarte han ikkje
dei økonomiske forpliktelsane sine til handelsmann Mechlenburg. Peder var då skuldig 58 riksdaler, og måtte pantsette eigedomane sine, inkludert hest, to kyr, ukse, kvige, tre sauer, kje og eit sel. Dei tok kår hos neste brukar.
a) Brithe (dp.1795-1799) vart døypt Furnes.
Ho døydde
på Aksla.
b) Rasmus (dp.1798-1868) gifta seg i 1819 med
Guri Hansd. Stokke(1) frå Sunnylven, brukar på
Furnes i Sunnylven. Begge omkom i eit snøskred.
c) Ingebrigt Carolus (dp.1801-1842) gifta seg i 1828
med Femina Larsd. Åsen(6). Dei var husmenn på
Slettebakk/
Moltubakk.
d) Karel (dp.1802-1803) var busett heile tida på Furnes.
Han døydde 4 veker gamal.
e) Petrine (dp.1804-1867) gifta seg i 1829 med
Anders Larss. Åsen(6), brukar Åsenneset, Åsen i
Sunnylven.
Peder Larson Grande (dp.1766-1818) dreiv
Øvste-Aksla frå 1802-1815. I Panteregisteret kan ein lese at han
løyste bygselseddel hjå prost Peter Daniel Baade (1737-1823) i
Borgund prestegjeld. Den vart tinglest 10. juli i 1802 mot 12
speciedaler i avgift. Peder gifta seg i 1801 med Berte Maria Olsdotter Homlung(2) (1775-1868). Ho dreiv bruket etter mannen sin heilt til 1820, før ho tok
kår. Det er uvanleg. Berthe gifta seg på ny i Geiranger i 1824, med husmann Thomas Olson Gjørvad (f.ca.1764). Ved dødsfallet vart ho nemnd som kårenka frå Akslen, men død på Giskeødegård. Det var truleg hos dottera.
a) Lars Olaus (dp.1801) var heimedøypt, og truleg
død før 1805.
b) Lars Olaus
Andreas (
dp.1805-1846) tok over
bruket seinare.
c) Petrine Birgithe
Andrine (
f.1818) gifta seg i 1842
med Peter Gullik Johan Martinuss. Giskeødegård(6),
brukar Giskeødegård(6). Ho vart gift opp att i 1873
med Peter Lauritz
Olss.Ytterland(2).
Ole Pederson Fannemel (Eid) (dp.1789-1848) vart 1813 gift med Oline Joensdotter Rognes (Eid)
(dp.1787-1874). Dei kom frå husmannsplassen Hjellhaugen, under Fannemel i Horningdal, og
forsøkte seg som forpaktarar på Øvste-Aksla frå 1819 til 1822. Eigaren var borgundpresten. I
vigselsprotokollen kan ein sjå at begge signerte med «paaholden pen». Dei kunne nok ikkje lese eller
skrive. Ole hadde også forsøkt seg ei tid på Klokkarhaug, i Sykkylven, frå omlag 1815 til 1819. Det
vert fortalt at
Knut Tjugen i Magerholmdalen óg skal ha prøvd seg som brukar på Øvste-Aksla,
når han først kom til bygda, men med to kårfamiliar vart det ingen inntekt til å leve av. Knut måtte
derfor ta tilleggsarbeid som tømmerkøyrar på Magerholm, hos
Halvor Pederson Magerholm.
Dermed vart han heller husmann oppe i Magerholmdalen. Ole gav også opp, og flytta heller attende
til Fannemel med familien sin.
a) Peder (dp.1814-1872) gifta seg med Anne Sjursd.
Svarstad. Husmenn på Ospegjerdet, under
Grodås(10).
b) Joen Andreas (dp.1816-1886) gifta seg i 1847 med
Pernille Malene Olsd. Engebø(1). Husmann på Engebø
i Hornindal.
c) Anne Marie (f.1818) gifta seg med J. Lindvik, fødd Klokkarhaug i Sykkylven. Konfirmert
1834.
d) Ole Martines (1821-1907) gifta seg i 1875 med
Brite Olsd. Solheim, husmann på Holmøy.
Ingeborg
Malene dp.1824-1910 1855 g.m. Hans Jons. Holmøy(2),
brukar Utigard Holmøy(2).
Fødd på Fannemel
e) Bottolf (dp.1827) gifta seg i 1864 med Martha
Kristensd. Aaland, frå Innvik, brukar på
husmannsplassen
Myra, Kongsvik.
f) Peder Andreas (1830-1913) gifta seg i 1863 med
Oline Marie Olsd. Lillestøl(4), busett husmannsplassen
Hjellhaugen, Lillestøl.
Utfordringa
var no at det var to kårfamiliar på bruket, og presten fekk difor
vanskar med å bygsle bort garden. Det vart freista med forpaktarar
og toårs-kontrakt utan hell. Dei som forsøkte, måtte gje seg
i tur og orden og gå frå gard og grunn, fattige etter kårytingane.
Lars Olaus Pedersen (1801-1847), sonen til Peder Larsen Grande,
bygsla i slutten av 1820-åra. Frå taksten på garden i 1825 har ein følgande opplysningar om drifta: Hest, 6 kyr og 10 sauer. Utkomet
var på 4 tønner bygg, 12 tønner havre og 7 tønner med potet. Det
er interessant å merke seg at dei allereie var i gong med
potetdyrkinga på Øvste-Aksla. Truleg hadde presten som jordeigar
hatt ein viss påverknad, men det var nok også internasjonale
politiske årsaker som også hadde spela inn.
Lars fekk fortsette som bygselsmann, til han omkom i
orkanen i 1846. Den skjebnen delte han med fleire i bygda. Plassemannen
Anders Rasmusen på nabo-plassen
Midthaug/Vedhaugen, under Østremsreiten og Knut Iverson i Magerholmvika var to av dei. Lars gifte seg med Anne Marte Larsdotter
Gjørva(3) (1802-1868). Ho fekk kår, og gifta seg om att i 1848 med
Knud Martinus Knudson
Magerholm(II) på Pe-haugen, Magerholmvik(3). Ein veit ikkje av born etter Lars.
Det må ha vore
vanskeleg å brødfø sin eigen familie, to kårfamiliar, og betale
leige til presten attpå, men det var nok ei hending på byrjinga av
1800-talet som gjorde gale til verre. Under Napoleonskrigane kom
Danmark/Norge på feil side og støtta den franske keisaren. Som eit
resultat vart norske og danske hamner blokkerte av dei allierte. På
den tida var vi svært avhengige av kornimport frå
Danmark. Når kornfrakten vart stogga med makt, vart det hungersnaud i landet vårt. Matvareprisane steig i takt med mangelen
på korn. Dei fleste av oss har nok høyrd om Terje Vigen, og det
fanst dei som fann det tvingande nødvendig å reise i ly av
nattemyrkret med småbåtar heilt frå våre eigne trakter også.
Fleire måtte dessutan bøte med livet på si vågale ferd, nokre av
desse er å finne att i Sykkylven, på andre sida av Storfjorden. Det
er godt mogeleg at ein reiste frå vår eiga bygd også, men eg har
ikkje funne nokon frå denne garden. Ein vart med eitt klar over kor
sårbar ein vart om ein skulle lite så mykje på korn og kornhandelen
sørfrå. Grønår kom med jamne mellomrom i eit land som ikkje var
det beste for kornproduksjon. Øvste-Aksla var ein gard som opplevde
slike grønår fleire gongar på byrjinga av 1800-talet, men poteta treivst godt på våre trakter. Ein skal ikkje gløyma at
gardane på denne tida forsøkte å vere mest mogeleg sjølvhjelpte
med det ein trong til livsopphaldet, og pengehushaldning var enno ein
fjern tanke for dei aller fleste. Det vart fortalt om poteta sin
unike eigenskap sjølv frå talerstolane i kyrkjene kringom i landet
og sakte men sikkert kom den i bruk på mest kvar einaste gard. Den var derimot tander mot frosten, så det måtte gravast frostsikre potetkjellara først.
Vi veit
også kva slags hus som stod på Øvste-Aksla kring 1825. Der var ei
stove, stabbur, løe med hestestall, fjøs og matstove, men ikkje
noko naust, sel eller kvenn. Eg vil tru at der må ha funnest i alle
fall eit naust, for fiske var livsnødvendig, men det er mogeleg at
kårfolket hadde sett opp nye hus og at dei framleis åtte desse ved
takstforretninga, slik at dei ikkje kom med i rekneskapen. Dei som
var nemnd var i alle fall sett opp før Lars Pedersen kom dit, for
alle var i dårleg forfatning, Det tydar på at det var gardeigaren
som åtte dei, og få ynskte å bruke for mykje pengar på andre sine hus. Frå andre gardar i bygda kan ein også sjå at husa som dei
ikkje åtte sjølv forfall raskt på denne tida. Rett
nok var det krav om dette i bygselsbrevet, men i dei vanskelege
tidene var det ikkje lett å få bygselsmenn i det heile tatt, så
ein kunne ikkje vera for kravstor. For leigetakarane var dårlege hus
grunn til å sette ned leiga, samtsundes som dei kunne unnskylde seg
med at dei ikkje hadde midlar til å vedlikehalde godt nok. Eg vil
tru at Lars kan ha utnytta dette, for det det var verdt ein del då han kjøpte
garden i 1832, og fekk Kongeleg skøyte. Frå
takstrapporten kunne han vise til at jorda var «foragtet». Han baud
difor godt under takst med 100 speciedaler. Han måtte seinare heve
budet til 140 speciedaler før Stiftet gav han skøyte på
Øvste-Aksla, med Nils Martinus Sørensen Rødsetreit (1805-1883),
frå Rødsetreiten, som kausjonist.
Lars
forsøkte truleg å koma seg ut av det økonomiske uføret ved å
verte sjølveigar, og sleppe bygselskrava attpå, men det var truleg
ikkje den beste avgjerda, for han hadde framleis to kårfamiliar å
forsørge. Lars var i tillegg temmeleg fattig og klarte ikkje
forpliktelsane til skyldnaren sin ute på Rødsetreiten. Den 5. juni
1838 måtte han difor skøyte garden til Nils Martinus Rødsetreit
mot 140 speciedaler, og vere bygselsmann resten av livet. Frå
bygselskontrakta, som vart tinglest 1. juni dette året, kan ein lesa
at bruket bestod av hus, løe og naust. Teksten er temmeleg utydeleg,
men det verkar som om Lars skulle betale landskylda på 3 ort og 2
skilling årleg. Eg kan ikkje sjå at Lars vart pålagd å delta i
slåtten eller anna arbeid hjå Nils på Rødsetreiten. Han slapp
dessutan kårytingane. Ifølge Bygdeboka var bruket hefta med ei
tønne bygg kvart år, i tillegg til bygselsavgifta, men totalt sett
så vart det nok dyrare å ta opp lån for å kjøpa garden. Kona
Anne Marte Larsdotter fekk kår hjå Nils når ho vart enke
i 1847
.
Ho fekk dermed rett på mellom anna 7 vog havre, 7 vog bygg, 2 tønner
potet, brennfang og pleie. Det vart sett opp enno fleire krav, men
desse er for dårleg scanna til at dei er lesbare.
Nye husmannsplassar
Hans
Jørgen Siverin Knutson Nedregotten(3) (1815-1887) kom frå Sirigarden på Nedregotten, og
dreiv Øvste-Aksla i tidsrommet 1847-1871. Han var bygselsmann all
sin dag, og gifta seg i 1879 med Else Karine Mattisdotter Østrem(1) (1822-1871) frå
Mattisgarden, bruksnummer 1 på Østrem 20. juni, det same året som
han tok over garden. Året etter lånte han 30 speciedaler frå gardeigaren, Nils. Hans Jørgen var ikkje den
einaste bygselsmannen på Aksla under Nils Rødsetreit. I 1848 løyste
også Paul Olsen Kvien på Brennhaugen bygselsbrev hjå han, og i
1856 vart ein ny husmannsplass oppretta på Øvste-Aksla. Dette skal
eg kome attende til.
a) Knut Laurits (1849-1927) tok over bruket.
b) Ingeborg Marie
Lovise (
1851-1936) gifta seg i
1877 med
Iver Karlss. Furseth, Stranda. Sjå også
Skorene, Emblem(10), Østrem(5), Eikenosa og
Torevågen.
c) Marthe Petrine
Lovise (
1856-1934) gifta seg i
1889 med
Hans "Marka-Hans" Nicolai Larss.
Østrem(2). Ho fekk i 1886
sonen Elias med Lars
Peter Rasmuss. Blindheim(2), brukar
Blindheim(2).
Dei var husmenn, på «Vestrem», Østrem(6).
Sjå meir om dei der.
Takka
vere folketeljinga frå 1865, så veit vi litt meir om dei som budde
på Øvste-Aksla det året. Dei hadde framleis kun tre heimeverande
born på denne tida, der Knut Laurits var den eldste på 17 år.
Ingeborg Marie Lovise. Var den mellomste i flokken, på 15 år, medan
Marte Petrine Lovise var 10 år og yngst. Dette stemmer brukbart
over eins med kyrkjebøkene, om dei vart døypt året etter fødselen.
Kvifor alle budde heime fortsatt er det vanskeleg å seie, men det
er mogeleg at dei berre er registrerte som fødde på garden, og at i
alle fall Ingeborg var i teneste hjå andre på den tida. Mellom
fadderane til Ingeborg finn ein bestefaren Mattias, og tanta Marte
Mattiasdotter Røssevold i Hansgarden på Røssevollen. Å gå etter
konfirmasjonsalderen uten å ha arbeid, var uloveleg ifølge
lausgjengerlova på den tida. Det er også mogeleg at både Knut og
Ingeborg hjalp til heime på garden, men slikt var ikkje så vanleg i
ein familie der ein hadde dårleg råd. Det er mogeleg at tidene
hadde bedra seg sidan det ikkje var kårfolk att på garden, men det
heile vert dels spekulasjonar sidan teljinga ikkje gjev konkrete
svar. Marte fekk ein vanskeleg start på kjærleikslivet. Ho vart
gravid, og fekk sonen Elias i 1886 uten å vere gift. Slik var ikkje
enkelt i dei dagar. Faren var tjenestedrengen Lars Peter Rasmussen
Blindheim, men dei vart aldri gifte. Plassemannen Hans Larsen Østrem
frå Larsgarden forbarma seg derimot over henne og dei gifte seg i
1889. På denne tida hadde han også fått seg ein husmannsplass på
Østrem, med god hjelp frå mellom anna «Kjøt-Iver» Furseth, som var
ein velhalden mann og svogeren til Marte via inngifte i akslaslekta.
I Hans
Jørgen og Else si tid vart det også oppretta ein husmannsplass på
Øvste-Aksla si innmark. Denne plassen fekk namnet «Akslagjerdet» med bruksnummer 2. Det
var Lars Petter Larsen Frøysa (1824-1889) frå Endrebruket på
Frøysa og kona hans, Regine Berntsdotter Midtgard (1826-1903), som
kom frå Sunnylven. Dei fekk festebrev i 1856 mot ei eingongs
festeavgift på 18 speciedaler og ei fast årleg leigeavgift på 1 speciedaler. Dei var ikkje det einaste paret som kom utanbygds frå
på jakt etter ein plass å rydde på den tida. Regine hadde etter
kvart søsken på dei nye husmannsplassane Rognereiten og
Nygjerdet på Røssevollen. Ho kom frå Oaldsbygda, medan Lars var
frå Frøysa og han var på langt nær den einaste plassemannen i
bygda som kom frå Frøysa kring 1850. Det er interessant å merke seg at
dei truleg var fattige, i likheit med søskena sine. Dei fekk derfor
hente seg skog til hustømmer i skogen som tilhøyrde Øvste-Aksla,
og truleg oppe på sjølve «Aksla», nakken som gav namn til garden. Det var
lite skog på denne tida, og gardeigaren Nils Martinus Sørensen frå
Rødsetreiten let derfor Hans på Øvste-Aksla få eigedomsrett på
desse husa. Det kan verke rart no i ettertid, men den gong var tømmer
ei verdfull vare som dessutan kunne flyttast og selgast.
Gardbrukar i 56 år
Sonen
Knut L. Hansen Akslen (1849-1927) dreiv bruket heilt frå 1871 til
han døydde plutseleg av slag i 1927. Ei imponerande økt på heile
56 år. Han var berre 22 år då han tok over, men han var til
gjengjeld 78 år då han gav seg. Knut gifta seg i 1879 med Lisa Tomassine
Larsdotter Emblem(9) (1854-1936), og dei var sjølveigarar all sin dag,
for dei hadde kjøpt garden frå Nils Rødsetreit når dei tok over.
a) Else Petrine
Knutsd. (
1872-1959) fødd på
Reiten, Østremsreit(1). Mora var Berthe Johanne
Pedersd. Hatlemark(1) frå Sykkylven. Dei gifta seg
ikkje. Ho gifta seg i
1909 med Jørgen Mathias Eliass.
Eidem, Volda,
busett Lille
Kalvøy(4) frå 1818.
b) Eline Thomasine (1880-1943) gifta seg i 1904 med
Jakob Iver Olaus Rasmuss. Østremsreit(1),
brukar på
Stigen, Østremsreiten(2).
c) Hans Julius (1881-1840) tok over bruket.
d) Lars Kornelius (1884-1929) var ugift handelsmann
på «Akslabuda». Han kalla bedrifta «L.K.
Akslen a/s»,
og stod for den daglege drifta. LArs døydde av tæring.
e) Marie (1886-1971) gifta seg i 1918 med fiskar
Tomas Karl Bastian Ols. Grindvik(3),
Skodje, brukar
Apalset(5), Ørskog.
f) Antonette «Anti»
Birgitte (
1888-1957) var ugift.
Ho kjøpte «Akslabuda» frå enka til huseigar og
handelsmann,
Henrik Maude på Sjøholt i 1950.
Ho fortsette med utleige. Sjå
meir om Akslabuda på
www.emblemsbygda.com
.
g) Knud Laurits (1890-1964) gifta seg i 1930 med
Anne Gurine Petersd. Myklebust(210d), brukar på
Vestrem, Østrem(6) til 1958. Sjå meir om han der.
h) Thomas Hilmar (1892-1974) gifta seg i 1925 med
Johanne Knudsd. Furseth, Emblem(4), b
rukar i
Fursetgarden, Emblem(4).
i) Karl Elias (1895-1941) brakk ryggen etter ei
fallulukke i løa i 1931, og vart sengeliggjande.
Søstera, Antonette. stelte for han i 10 år, til han
døydde. Som takk fekk ho hjelp frå søskena til å kjøpe
Akslabuda, for å sikre seg inntekt på sine eldre dagar.
j) Thea Karoline (1897-1980) gifta seg i 1923 med
Peter Kornelius Andresass. Østrem(3), brukar
Abrahamsgarden, Østrem(3).
I bygdeboka for Borgund (1861) finst det ein kopi av
innmarkutskiftingskartet frå 1891. Den gjev ein peikepinn på talet
på hus og oppdeling av jorda. Bruka var på denne tida delt inn i ei
rekkje mindre bøter enno, sjølv om gardshusa til Østremsreiten og Høla var
flytta ut frå den gamle tunstaden oppe på haugen, der Øvste-Aksla
ligg framleis. Så vidt som eg kan sjå, hadde garden på denne
tida kun stabbur, løe og stove, medan Høla og Reiten hadde minst
to små bygningar attåt. Dei to småhusa til Høla låg framleis
oppe på haugen. Eit av desse var truleg geitefjøset. Åkrane låg der jord og solhellinga var
best. Frå størrelsen å døme, låg kornåkrane til Øvste-Aksla
stort sett nord for tunet, langs vestsida av posvegen frå Aksla til Østremsreiten, og om lag der familien Hustad har huset sitt i dag, ved steingarden som
i våre dagar skiller Høla frå Reiten (Østremsreiten). Ein anna stor åker låg
like aust for huset til Harry og Marie Bjørkavåg, i hellinga ved sjøvegen like
nedanfor dagens hovudveg. Eg vil tru at den passa særleg godt til
korn, medan åkrane nærast Østremsreiten kan ha vore potetåker. Det finst
desverre ingen beskrivelse av desse bøtene lenger, men dei er
likevel spor etter verkeleg gamle åkrar som sikkert hadde eigne namn
også. Dette kjenner vi att frå emblemsgardane. Eg har lagt ein kopi
av dette kartet i albumet, slik at du kan studere det meir nøye på
eiga hand.
Aksla
og Østremsreiten hadde sams utmark fram til 1890, då heimeutmarka (som låg
mellom innmarka på Aksla i vest og Magerholm i aust) vart utskifta.
Skogen var delt i teigar, medan opplagsplassar for tømmer og
beiteplassane var felles. Før 1890 hadde også Magerholm vore del av
dette beitefelleskapet, men det tok slutt kring 1840, når dei nye
plassane Brennhaugen, Joplassen og Nygjerdet vart oppretta, og
inngjerda slik at dei stengde dei gamle krøterstiane i den nedste
utmarka mot sjøen. På denne tida vart også slåttemarka oppe på
nakkane inngjerda og utløer vart sett opp kring 1880-åra, for å
lagre dette høyet fram til vårknipa.
Emblemsbygda
har hatt fleire gode forekomstar av kalk nede ved sjøen. Våren og
sommaren 1897 reiste ein kar frå Kristiania, som titulerte seg som
«translantør», ikring i bygdelaga i Borgund kommune og kjøpte opp
retten til å ta ut steinmassar av verdifulle slag mot ei fast
årsavgift på 100 kroner, og deretter nokre kroner per kubikk med
masse som vart fjerna. Grunneigarane på samtlege matrikkelbruk på
Emblem og Blindheim selde rettane sine til denne Lorents Lorek. Om
det vart funne noko av verdi skal eg ikkje seie for sikkert, men i
tida frå 1890-åra til 1930 var der mange som forsøkte å tene
pengar på å kjøpe vassfallrettar, kalkforekomstar, og felt der det
kunne finnast edlare metall eller edelsteinar. Kristen Magerholm på
Kristenplassen på Magerholm vart også bitt av basillen, men han
hadde ingen ressursar slik desse nyrike hadde.
Som ein kan sjå så var det ikkje lange stunda
mellom kvart born og der var ingen tenarar på garden heller, så ein
hadde nok god hjelp av Lars, som heimeverande dreng. Folketeljinga
gjev også andre nyttige opplysningar om gardsdrifta. Dei hadde korn,
potet, krøter, fjørkré og eigen frukthage, så det må ha vore
lunt oppunder fjellet. Vi veit desverre ikkje kor mykje dyr dei
hadde, og eg vil anta at der var både hest og småfe attåt. Den gamle bygdeboka (Øverlid 1961) fortel at det skal ha vore eit hestedrive korntreskeanlegg,
som truleg vart eigd av fleire gardar saman. Ti år seinare bur dei
fleste heime, er framleis ugifte og registrerte på garden. Maria er
«tenestepike i huset», Antonette er «tenestepike og budeie»,
Thomas og Karl var begge tenarar på Øvste-Aksla, men Karl gjekk
også på den nyoppretta fortsettelsesskulen på kveldstid. Thea var
enno ugift, medan Lars og Knut arbeidde ved sagbruket i Albion i
California og var borte i minst eitt år av gongen. Etter kvart
skulle dette endre seg. Lars og Knut kom etter kvart heim, kjøpte
Akslabuda på Korshaugen av Henrik Maude i 1926 og tok til som
handelsmenn under namnet L.K. Akslen a/s. 2. august det samme året. Dei var ikkje så heilt ukjende med handel, for Lars hadde i alle fall arbeid hjå den
forrige eigaren, Hans Iversen Furset, som bygde butikken i 1920.
Medan Knut gifte seg med Anna Gurine Pettersdotter Myklebust
(1898-1965) frå Stranda, var Lars var ungkar heile livet, og døydde
av tæring i 1929. Det er mogeleg at han vart smitta i Amerika, for
han var ikkje heilt frisk då han kom attende. Marie gifte seg i 1918
med Tomas Karl Bastian Olson Grindvik på Skodje. Dei kjøpte halvardgarden på Apalset i Ørskog og flytte dit. Tomas dreiv fiske, medan Maria dreiv bruket når han var vekke. Thea gifte seg med
Petter Andreasen Østrem (1897-1962) i Abrahamsgarden. Antonette,
eller «Anti» som ho seinare vart kalla, var også ugift all sin
dag. Det vert fortalt at ho tok seg av veslebror sin, som skal ha
skada seg, då han fall ned frå betane i løa som gutonge. Han vart
lam, og Anti tok seg av han så lenge han levde. Det var Karl, som døydde i 1941. Han skada seg i 1931. Som takk
for hjelpa fekk ho hjelp til å kjøpe "Akslabuda" med leiligheit- og
butikkbygg på Korshaugen. Ho budde der sjølv
for det meste, og leigde ut dei fleste romma til ei butikkjente og
fleire familiar. Du kan les meir om Anti og huset i ein eigen tekst
om Akslabuda her på
www.emblemsbygda.com
.
Thomas drog også til Amerika ei tid, men kom attende og vart etter
kvart gift Johanne, som var dottera til lærar Knut Furseth på Nybø
(også kalla Fursetgarden i våre dagar.)
Eline Thomassine Knudsdotter Akslen (1880-1943) vart døypt i 1880, men vart ikkje registrert i 1900-teljinga. Det
er ikkje så rart sidan ho var 20 år på den tida. Eline var kanskje
i teneste ein stad. I 1904 er ho igjen å finne i digitalarkivet.
Dette året gifte ho seg med Jakob Rasmussen Østremsreit (1876-1938)
frå Reiten. Saman tok dei over ein del av husmannsplassen som heitte
Stigeplassen. Etter dette vart plassen delt i dei to bruka Gjerdet,
der Harry Akslen tidlegare bygde seg nytt hus og var eigar til 2019, og Stigen nede ved sjøen (også kalla
Stampen) som Jakob og Eline dyrka opp.
Husa på garden
Eg har
enno ikkje funne ut når dagens løe på garden vart
bygd, men eg merkar meg at Knut lånte 500 kroner i 1899, og 1000
kroner i 1901 utan at bruken av beløpa vart nemnd nokon stad. Det er
ikkje heilt utenkjeleg at det er ein samanheng der. I 1908
selde Knut ein rett til å stikke og tørke torv frå Øvste-Aksla
sin torvteig i 20 meters bredde, med grense til Hølå sin teig for
100 kroner. Kjøparen var Steffen Magerholm på Pe-haugen, og han
fekk dessutan rett til å gå over Aksla si jord når han skulle dit
eller når brenntorva skulle fraktast heim. Eg veit ikkje nøyaktig
kvar den låg, men det var truleg aust for innmarka til Akslen og
kanskje i nærleiken av Tudalen eller Brennhaugen. kring 1913 kom dagens gardshus opp på garden. Det gamle vart seld til Syvergarden, også kalla Elvemyr 8, Nedregotten. Bruket låg på haugen ved bedehuset og Reset. mange knyttar i dag namnet "Liaklevhuset" til dette gardshuset som nyleg vart rive og erstatta av to nye hus.
Med Hans Julius Knutson Akslen(1) (1881-1940) starta også ein meir stabil tidsepoke på drivarsida. Han vart kalla opp etter bestefaren sin, og ein har stort sett
veksla mellom namna Hans og Knut i denne ætta. Hans d.y. tok over
bruket den 6. januar i 1927, men kunne ikkje syne til like mange år
som gardbrukar. Han var rett nok 46 år då han tok over, så det var
ikkje så rart at det berre vart 13 års drift før han døydde. Hans gifta seg i 1923 med Lisa Karoline Pettersdotter Myklebust(210c) (1896-1977). Ho var søstera til Anna Gurine Pettersdotter Myklebust som var gift med broren Knut.
Den eine søstera deira, Helene, gifta seg til husmannsplassen
«Steinane» under Haugengarden på Stranda. Det var på denne
plassen at ho vart stukke ihel i si eiga seng natta mellom 3. og 4.
april i 1929, av ei sinnsforvirra kvinne som deretter tende på låven.
Du kan sjå eit bilete frå begravelsen i albumet, ei drapshandling
som fekk mykje medie-oppmerksamheit i samtida.
Lisa tinglyste skøyte på garden til sonen i 1952.
a) Knut Lauritz (1925-1998) tok over bruket.
b) Laura Karoline (
1927-2018) gifta seg i 1951 med
snikkar
Oddvard Martin Ramsvik(2) (1925-
1993),
bygde hus på bruket, nedanfor bilvegen.
c) Petter Norvald (1932-2003) gifta seg i 1955 med
Ingrid Haukeberg, bygde hus på garden, like ved
søstera Laura. Han arbeidde som sjåfør.
Ved
overtakinga hadde garden ei skyld på 2 mark og 65 øre.
Salgsummen vart sett til 4500 kroner. Men eit markastykke som heitte "Storhaugen" var ikkje del av dette salget. Denne biten skulle Lars
Knutsen Akslen og Karl Knutsen Akslen ha til eige bruk så lenge dei
levde. I den samme kontrakta vart det stadfesta at Storhaugen
vederlagsfritt skulle gå attende til garden når dei anten var ute
av stand til å bruke stykket, eller at dei var døde.
Lars døydde i 1929 og Karl, som hadde vorte lam etter eit fall på låven døydde i 1941. Kårkontrakta
til foreldra var kort og konsis. Hans skulle betale foreldra og
arvingane deira 1000,- årleg. I 1931 vart kåret revidert til ein
femårig sum på 1500 kroner for Knut og 2000 kroner for Lisa.
Det tok
noken år før sonen Knut Laurits Hansen Akslen (1925-1998) tok over.
Den andre verdskrigen var truleg ein del av årsaka, men i følge
bygdeboka, skulle det gå heile 12 år frå farens død, før han tok
over Øvste-Aksla. Knut gifta seg i 1947 med Maggy Thorvik (1925-2012) frå
Elvemyr 4, Nedregotten.
Dei fekk skøyte på garden frå mor til Knut for 8000 kroner i 1952. 2500 kroner
av desse var for dyr og reiskap. I Knut si tid vart den gamle hovudvegen gjennom tunet, opp
Akslabrauta, flytta slik at den vart flatere og lagt i ein sving rundt haugen, der tunet ligg. Gardsdrifta
vart lagt ned etter dei
a) Sylvi Ragnhild (f.1948) tok over bruket
saman
med broren.
b) Hans Lidvard (f.1949) tok over bruket
saman med søstera.
c) Ellinor Johanne (f.1951) gifta seg i 1989 med
Svein Roger Giskegjerde, busett på Emblem.
d) Unni (f.1953) er busett på Blindheim.
e) Johan Kåre (f.1958) gifta seg først i 1986 med
Aud Berit Wedum, Øyer. I 2017 gifta han seg på nytt
med Vibecke
Pedersen frå Ålesund. Johan bygde eige
hus ved garden.
f) Tone (f.1967) er sambuar med Per Ove Godø,
busett i Hatlane.
Sonen Hans Lidvard Akslen(1) (f.1949) gifta seg i 1975 med Solbjørg Oddny Aasen (f.1951), frå
Folkestadbygda, og bygde seg nytt hus like ved tunet. Han var i mange år aktiv fotballspelar på A-laget
til Emblem I.L. Tunet vart etter kvart delt frå garden som ei eiga hustomt. Han tok over halve garden.
a) Frode (f.1976) tok over husa og hagen på garden.
b) Linn Kristin (f.1982) gifta seg i 2010 med Terje
F. Hoel, busett på Emblem.
c) Stine Mari (f.1986) er sambuar med Eirik Rørvik,
busett ved tunet.
Søstera Sylvi Ragnhild Akslen(1) (f.1948) tok over garden saman med broren, Hans. Ho gifte seg
1968 med sambygdingen Sigbjørn Harald «Siggen» Sæter (f.1945). Dei bygde nytt hus ved tunet på
garden. Sylvi tok over halve garden.
a) Monica (f.1969) gifta seg i 2000 med Jarle
Nygard-Sture, busett utanfor Bergen.
b) Terje (f.1971) gifta seg i 2007 med Anna-Martha
Åkernes, busett ved tunet.
c) Bjørn Vidar (f.1974) gifta seg i 2014 med Tone
Aarseth (f.1974). Dei bygde nytt hus ved tunet. Bjørn Vidar
er har engasjert seg sterkt i bygdas ve og vel, gjennom merking
av turstiar på fjellet, engasjert seg i treningsanlegget til EIL, og
stått på for å oppgradere friluftsområda ved Emblemsanden. Vidare er han initiativtakaren til denne nettstaden. www.emblemsbygda.com.
Sonen Frode Aasen Akslen(1) (f. 1976) er forlova med Siw Margrethe Hessen (f.1974) frå Drøbak.
Dei tok over hovudhuset, løa og stabburet, samt hagen, og pussa først opp huset, før han fortsette med ny kledning på løa i 2020.
a) Ida Marie (f.2004) er tvilling.
b) Knut Elias (f.2004) er tvilling.
c) Ådne (f.2011).