Myr
og torv har hatt stor betydning for den nordeuropeiske kulturen heilt
attende til førkristeleg tid og kanskje minst like lenge som det har
vore fast busetting i landet vårt. Ein trur at enkelte myrområde
har hatt stor sermoniell betydning, og frå Tyskland har ein også
funne bosettingar i sjølve myrområdet. Myrene har dessutan vore ei
viktig kjelde til kunnskap om fortida. Den sure og oksygenfattige
myrjorda bryt nemleg ned biologisk materiale svært sakte og har
difor verka mest som historiske arkiv for vår felles kulturarv.
Ei
prøve frå myrene kan fortelle oss mykje om korleis klimaet har
utvikla seg ved at ein sorterar kva slags planterestar og frø som er
bevart på dei ulike djupnene i myra, men det kanskje mest spannande
har vore funna etter menneskeskapte gjenstandar og mennesker som av
ei eller anna grunn har vorte gravlagd nettopp der, truleg av
rituelle årsaker. Nokre av desse ber spor etter menneskeofringar og
kan såleis fortelle oss meir om at myrane kan ha hatt religiøse
verdiar i tidlegare tiders samfunn. Kanskje har det vore slik ein tok
kontakt med gudane sine her, som om dei var i eit forhistorisk
naturskapt tempel?
Det
er tusenvis av myrfunn som er registrerte, særleg av
prydgjenstandar, men ein har også funne heile båtar som har vorte
lagd ned i myra. Frå vår eigen region er funnet av Kvalsundskipet
frå 600-talet på heile 18 meter eit av dei største funna so langt,
men ein kan vera viss på at det framleis finst mykje spanande som
enno ikkje har vorte avdekka.
I
vår eiga bygd har det ikkje vore funne noko særleg med oldtidsfunn
i myrene, men det har heller ikkje vore leita, og der er nok myrer å
leite i. Det kan difor være meir interessant å sjå nærare på
bruksverdien som våre eigne myrer har hatt i nyare tid. Men først
kan det vere på sin plass med eit lite oppriss av det vi veit om
bruken av torva og myrene i Emblemsbygda i eit historisk perspektiv.
Me
veit at bruken av grastorv er minst like gamal som busettinga i
bygda. Den vart først og framst nytta på tak. I tidlegare tider
vart torva nytta dels utanpå vollar kring stein- eller treveggane på
langhusa også. Torva gav god isolasjon mot vér og vind, samstundes
som det var eit billig byggematerial. Sjølv etter at husa gjekk frå
å vere lange grindkonstruksjonar til lafta tømmerveggar, vart det
mest alltid torv på taket på våre kantar. Fram mot 1900-talet, og
some stader, som i Sjursgarden, vart torvtak nytta enno lengre. Det
var nok først og framst med innføringa av ferdiglafta kjøpehus frå
Honningdalen på Glomset at skiferen vart meir populær kring 1901.
Etter denne tida vart alle nye hus og løer bygd på denne måten,
før Reitefolket tok til å produsera støpte steinheller til tak
kring 1930.
På
Larsgarden, gnr. 4 bnr. 2 på Østrem fann Olav Østrem slagg frå
jarnutvinning nedanfor løa mot gardsgrensa til Høla for ein del år
tilbake. Østrem er ein av dei eldste gardane i bygda vår, så
dateringa er vanskeleg i dette tilfellet, men det har truleg vore
gardsmie på Østrem i uminnelege tider. Knut Larsen Østrem
(1856-1947) vaks opp i Larsgarden og gifte seg so til nabogarden,
Steinsgarden. Han fann mellom anna ein liten ambolt, smiesté til
finarbeid og ein særs godt brukt «Hvessesten» (Bryne) datert
attende til omlag 800 e.kr. Alle funna vart kjøpt av rektor V. Voss
i Ålesund og gjeve til Bergen Museum. Andre funn på garden har også
omfatta reiskap til smie. Produksjonen av jarn i bygda vår har i all
hovudsak vore henta frå jarnmalm i myrane. Ein kan finne «rustspor»
som ber bodskap om slik malm over nestan heile Emblemsfjellet Delen
av ei eldgamal jarnsaks, til klipping av sauder, som vart funne i den
same gravrøysa ved gamletuna på Østrem kan soleis ha vorte
produsert på garden, men det er også funne flotte sverd frå
Frankrike og prydgjenstandar som er kjøpt andre stadar, der ein har
spesialisert seg på å lage gode og solide våpen. Eg har ein teori
om at klumpen med slagg kan ha vore frå ei tid då Storelva gjekk
nedover omlag der Sirielva renn i våre dagar, altså fleire hundre
år gamal, for staden har vore ideell med god tilgang på vatn, myr
sand og det meste ein trong til utvinninga. Truleg kom myrmalmen
ikkje frå sjølve bygda, med derimot frå fjellet.
Det
er også kjend at det har vore mykje skog i både bygda og på
fjellet før 1600-talet, når avskoginga tok til.På denne tida var
dei store skogane lenger sør i Europa mest uthoggen, og stormakter
som England og Nederland var i sterk ekspansjon. Det var eit skrikade
behov for tømmer til nybygg, medan diker og byar vaks opp. I London
var det dessutan fleire bybrannar som førte til behov for
oppattbygging i tillegg. I Nederland var det store myrområder og
tidlegare sjøbotn som trong diker, drenering, og husa i byane vart
mange stader bygd på hundretals trepålar som vart slått ned i
myrjorda i mangel på fast steingrunn. Oppkjøparar vende seg då mot
Norge og segla inn i fjordane våre for å kjøpa alt dei kom over av
skog og tømmer, til trass for handelsforbod. Fleire av dei første
skipa var endå til utrusta med kanonar for å beskytte seg. Etter
kvar var det byborgarar og embetsfolk som prestar og futar som krafsa
åt seg dei pengane som det var å tene på sal av tømmeret. Dei
kjøpte anten opp kyrkjebolsgods, eller utnytta og selde mest all
skog på dei gardane som allereie tilhøyrde kyrkja. Etterkvart vart
det sett opp flaumsager på fleire av gardane på Emblem, for
ferdigskore tømmer var meir verdt. Desse jordeigarane hadde ikkje
den same nærheita til bruka som vart tømde for skog og dei hadde
heller ikkje den same bekymringa for mangel på skog til brensel og
vedlikehald eller nybygg på gardsbruka,
Brukarane
på Emblem trong erstaning for veden som dei truleg hadde nytta til
brennsel i hundretals år. Skogen hadde tidlegare fyllt kvar ei øy
og kvart eit nes på Sunnmøre. Der det i dag er myrar på
Emblemsfjellet har det i mange tilfeller vore stor og kraftig skog.
Nede i bygda finn ein framleis eit sagn om at då den første busette
seg på Østrem, var skogen så stor at det var uråd å sjå at
broren hadde rydda seg eit bruk på Eikenosa. Dette sagnet var nok
særleg spanande å høyre for dei som vaks opp etter 1650-1700 når
skogen var borte. Normalt vil skogen vere hoggbar igjen kring 50 år
etter nyplanting, men det skjedde ikkje i vår eiga bygd den gongen.
I staden vaks myrane, fleire stader i bygda var vassjuk, men
drenering av myrer var ikkje påtenkt på den tida, og auka bart
areal førte til at rovdyra kom mest bort i utmarka dei óg. Dermed
vart det meir plass til beite og småfe, noko som førte til at det
vart liten tilvokster av ny skog i over hundre år. Før 1850 veit
ein av at det var mykje geitehald i bygda, og då heldt dei skogen
nede også. Det var likevel nokre plassar som var anten for
vanskelege å hogge heilt ut, lite eigna for husdyrhald, eller busett
med framsynte brukarar, som no vart mest eineleverandørar av
material til husbygging. Glomset var ein av dei. Sjølv i tida
1900-1910 kom dei fleste tømmerbygga i ferdige byggesett utover
fjorden frå nettopp Honningdalen og Glomset. Gamleskulen på Skaret
og Gamlehuset i Larsgarden på Østrem er to slike dømer på det,
men stoppar du opp og ser deg ikring på Glomset, så ser du døme på
fleire andre typar «ferdighus» som også har funne vegen til vår
eiga bygd og frakta sjøvegen utover.
Med
kaldare tider, mangel på brennfang og fleire myrar, måtte
Emblemsbygdarane tenke nytt. Denne utfordringa var sams i heile
distriktet, og løysinga kom kanskje med skottane som sende fleire
skuter til Storfjorden for å hente nettopp tømmer. På dei britiske
øyane var det meste av skogen uthoggen allereie, og ofte erstatta
med svarttorv frå myrane kring bruka. Det er kanskje vanskeleg å
forestille seg at nettopp torv kan brennast i våre dagar, men vart
tørkeprosessen gjort på riktig måte, så vart det til godt
brensel.
Bearbeidingsprosessen
er til tider tung, men svært enkel. Først grov ein grøfter kring
området der ein skulle grave ut torva. På den måten vart vatnet
leia bort frå staden og myra drenert. Dei fjerna deretter det øvste
laget med «grastorv» med anten torvspade eller ein form for kniv
som vart kalla torvljå. No var det den svarte mosetorva som vart
attende. Den hadde ein seig, fuktig, men fast konsistens, slik at den
kunne delast opp i torvstykker omlag 15 X 20 cm i flatemål og 5-15
cm tjukke. For å få litt bedre arbeidskår, så grov dei først ei
djup grøft slik at dei slapp å stå kun framoverbøygd når dei
grov opp torva. Ein skar ofte ut eit større stykke i lengderetninga
langs grøfta før ein grov ein ny lengd med 5-15 cm. Djupne. Slike
utskjeringar vart kalla ein «benk», og kvart torvlag vart kalla
benkar av di det etterkvart såg mes ut som ein lang kjøkkenbenk der
skjerekanten frå dei tidlegare utspadde laga vart omlag som ein
«vegg» imot den som grov. Ein nytta særskild utforma jarnspader
til å skjere ut høvande stykker. Desse reiskapa kunne ha namn som
vengjespade eller flyndrespade. Namnet kom frå forma på spada, der
flyndre spada såg ut som ei flyndre med langt handtak og vengjespada
var mest kvadratisk og flat med ein bøyd vinkel i framkant. Også
denne vart festa på eit eige halvlangt handtak omtrent som på våre
tiders spader.
Frå
torvgropa vart stykka køyrt med ei torvtrillebåre der stykka låg
to og to i høgda. Ein nytta oftst fjøler slik at hjulet skulle
rulle godt utan å sette seg fast på veg mot tørkeplassar i
nærheita som ofte var berg eller større steinrabbar. Ein slik stad
vart kalla «Torvbell» på Jæren. Etter ein par dagar med tørking
og snuing etter behov, vart torva «krakka». Då vart to stykker
sett mot kvarandre, før to nye stykker vart sett intil dei første
med eit stykke som «tak» oppå. I vår bygd vart denne tørkeforma
ofte kalla kalla «å husa opp», og då måtte stykka vere passe
stive først. Etter nokre veker med slik tørking vart torva anten
stabla i pyramidar,ofte vart kalla «såte» eller «stakk», slik at
stykka vart heilt tørre. På Skaret i Emblemsbygda vart den berre
husa opp i staden. Til slutt vart torva lagt til lagring i eigne
torvløer like ved staden der dei vart skorne og tørka. Desse løene
kunne ha ulik form med eller utan veggar og byggemateriala var gjerne
tilpassa staden der dei vart bygde. I vår bygd var det nok som regel
nytta grindbygg med torvtak. Inne i huset vart det tradisjonelt nytta
staur som vart lagt i tett rutemønster med nokre centimeters avstand
i høgda slik at torva fekk god lufting.
Inge
Akslen på Skaret fortel at ein tok til med torvspadinga mellom
våronna og slåttonna, slik at ein fekk nytte den varmaste
sommartida til tørkinga. Då måtte «alt folket» på garden vere
med, gamal som ung. Den som ikkje makta å vera med på sjølve
tungarbeidet kom met mat. Det vart som regel ei koseleg matøkt i
lyngtuene ikring torvmyra, før ein måtte ta til med arbeidet att.
Låg torvmyra nær husa, vart den køyrd til gards etter slåtten på
hausten . Andre stadar måtte ein vente til vinteren og skareføre.
Var det torv som ikkje var tørr nok enno, så måtte ein ta til å
«husa» oppatt ein gong til og ein slik form for dobbeltarbeid ville
ein gjerne unngå
Dei eldste
torvmyrene
Eg
har funne fleire stadar i bygda vår som har vorte nytta til
torvteigar. Det gamle hovudbruket i bygda, Emblem, hadde torvteigar i
Langhaugdalen utanfor Steffensen og Spilka. Det meste er i våre
dagar fyllt att og drenert, men i tidlegare tider var dette eit
særleg blautt myrområde. I si tid gjekk vegen frå bygda gjennom
Langhaugdalen, eit folketomt område med tidvis svært dårleg
køyreveg. Det hende også at bussar og bilar køyrde seg fast i
gjørme i teleløysinga om våren. Du kan dessutan lesa om
gulltransporten i 1940, der ein av bilane køyrde seg fast nettopp
der då Norges Bank skulle evakuere frå Ålesund. Emblemskarane var
mykje plaga av vatn i torvholene sine i Langhaugdalen. Grøftene
klarte ikkje å ta unna alt vatnet, og då var det heller utriveleg å
stå til knes i vatten og spa torv. Frå gamalt av trudde ein
dessutan at det var troll der. Karl O. Emblem fortel soleis ei artig
historie frå verkelegheita om Langhaugtrollet:
«Den
vesle soga eg her skal fortelje er frå 1915/20-åra: Emblemskarane
hadde torv og moldmyr på både sider av Langhaugen. Ein haustdag
skulle to emblemsgutar hente torv eller mold i Langhaugdalen. Det var
tidleg om morgonen og dei var modige karer. Dei skråla og ropte at
nå kunne Langhaugtrollet berre kome for dei var ikkje redde. Då dei
skulle køyre av vegen og burt på torvmyra vart dei vár to
skapningar utan hovud og armar kome ned vestre Langhaugbakken. Det
gjekk i ei viss fart å få snudd hesten andre vegen og det bar på
heimveg det fortaste hesten kunne springe. Kome heim på tunet hivde
dei frå seg taumane, storma inn i huset og for inn under bordet og
gøymde seg. Dei to skapningane dei hadde sett, var han Myre-Ole og
han Myre-Johan som hadde vore ute i Vågane for å få seg agnsild.
Men vågekarane skulle ikkje take opp sild den dagen, dei måtte
difor fare heim med tomme kaser. då dei såg og høyrde dei to
modige gutane, kolvde dei kasene ned over hovudet og vart då utan
både hovud og armar å sjå til.»
Kvar Emblemsvågen hadde torvmyr, er eg ikkje heilt
sikker på, men det var truleg på same staden om Emblem opphaveleg.
Røssevollen derimot henta torv på myrflatene på fjellet ovanfor
gardane. Her var det fleire å ta av, så noko nøyaktig posisjon for
torvholene har eg ikkje funne enno.
Nedregotten henta torv ein rekkje stader. Eg veit med
sikkerheit at Skaret nytta myrane like vest og nord for tunet. Desse
stadene er enten drenert og dyrka opp eller bebygd i våre dagar, men
namn som Myrvang og Elvemyr frå 1800-talet i området sør for
hovudvegen (frå Resebakken og vestover forbi Bedehuset mot
Røssevollelva) er truleg namn knytta til eldre torvplassar før dei
vart rydda til husmannsplassar frå omlag 1850-1910. Dei vart i alle
fall nytta etter att Nedregotten vart frådelt Østremsgardane, men
dei også vere enno eldre enn det. Det fanst også myrer nedover mot
sjøen, men eg kan ikkje finne spor etter bruk av desse frå eldre
tid i alle fall.
Den siste kjende felles torvmyra til Østremsgardane låg
oppå Grønevollen på flata kring Frielebu. Om dette er den
opprinnelege torvstaden er eg usikker på. Det fanst også egna
stadar nede i bygda langs Storelva vest for steinbrua, men det er
også mogeleg at myrane på Grønevolen var best eigna. Nærare brua
og elva mot fellesbeitet er der fine tørkeplassar på bergrabbane
til å tørke torva. Arthur Østrem fortel at der låg tre torvløer
der oppe. Østremskarane nytta tørking med pyramidestabling eller
såter før den vart lagra. Desse torvløene hadde veggar, for torva
vart først kjørt til gards på vinterstid. I Abrahamsgarden hadde
dei heimelaga småsledar utan styring eller bremser til dette
arbeidet. Han hugsar at han og broren, «Kallen», tok turen opp dit
og lasta opp sledane sine før dei sette av gårde på snødekte
vegar nedover Gamlegrønevollen, ein veg som gjekk stortsett rett
framover ned dei brattaste bakkane. Då kan du tru at det vart meir
enn god fart nedover for den som klamra seg til kjelken og
torvlasset. Eg er ikkje heilt sikker på kven dei andre torvløene
tilhøyrde, men det er nok temmeleg sikkert at Mattisgarden hadde den
eine, og kanskje var den tredje løa Larsgarden sin. Det må i så
fall ha vore før dei flytte torvuttaket sitt nedatt i bygda. Den kan
også ha tilhøyrd Steinsgarden, men som regel følgde rettane i
Steinsgarden saman med Abrahamsgarden sidan bruket vart seint kjøpt
ut til sjølveige frå dette bruket. Der fanst ikkje så mange myrar
på Østrem etter at dyrkingslåna vart oppretta, og kring tuna var
det stortsett sand istaden.
Aksla og Reiten hadde truleg sine gamle torvteigar nær
Tudalen og grensa mot Magerholm. Dei var også betre stilt når det
gjaldt tilgong til ved. Kring bruket var det fleire bratte områdar
der det var vanskeleg å ta ut tømmer eller ha dyr på beite. Dei
hadde tidleg registrert noko brennfang til ved, men som regel vart
veden seld til andre i staden for å verte nytta i eigen omn. Sekkar
med ved kunne gje god forteneste for den som likevel skulle ro til
byen for å handle. Slik var det også på Magerholm og Hesseberg,
men det var ikkje alle som fekk tilgong på denne veden og i ein
periode trong dei skogen til kalkbrenninga på Magerholm.
Eg har ikkje funne ut kvar Magerholm har henta torva si,
men i Magerholmdalen låg i alle fall forholda til rette. Er det
nokon som har greie på dette, så er det fint om dykk tek kontakt.
Nyare
torvteigar
I mellomkrigstida endra uttaket av torv seg i bygda vår.
Det var truleg vansklegare å halde seg til nokre få områder per
matrikkelgard, for nye eineboligar kom til og hyttetomter vart stadig
meir populære å kjøpe i bygda vår. Dei første som bygde seg
hytter hadde anten slekstskap med den som selde, eller slekt i bygda
og mange var også fødde og oppvaksne her, før dei anten vart gifte
eller drog mot Ålesund for å finne seg arbeid . Tidligare hadde dei
som hadde gjort det godt økonomisk tatt seg råd til å leige seg
husrom på gardane her inne for seg og familien sin, men etterkvart
så vart gardbrukarane her inne mindre viljug til å flytte ned i
kjellaren og overlate resten av huset til byfolket. Slektskapen vart
óg meir utvatna medan det å byggje si eiga hytte vart meir
populært. Opphaveleg hadde hytteeigarane lov til å ta seg torv på
den garden der dei hadde kjøpt eller fått tomta, men dette gjekk
ikkje i lengda. Det vart dermed meir vanleg å kjøpe seg torvrettar
samstundes som mange gardeigarar i bygda ynskte seg torvmyr så nær
tunet som mogeleg. På denne måten vart vegen kortare og behovet for
eigne torvlager ved myra fall bort.
Ein kan omtrent seie at kvar ei dugandes myr i bygda vår
vart no nytta fram mot byrjinga av 1950. Emblemsvågen nytta no
myrane like nord og aust for den store gruslagde parkeringsplassen
avkjøyringa til garden Sandvik. Derifrå gjeng det ein myrlendt dal
ovanfor Emblemsanden og heilt inn mot innmarka i Kaldhusgarden, eller
Hatlebakken som den eigentleg heiter. I denne dalen er det spor av ei
torvmyr i kvar ende. Det er mogeleg at hytteeigarane oppe på kanten
ovanfor Emblemsanden og like sør for dette myrområdet tok seg
brenntorv lengst vest, medan Hatlebakken spadde torva si lengst aust
i svingen før vegen endar opp i den vesle stien ned til
sandvolleyballbana frå aust. Dette var dessutan grensa på innmarka
til garden og kjørevegen ned til hyttefeltet var temmeleg god. Held
me oss på ner-sida av hovudvegen, så kjem me vidare aust mot
Nedregotten og Tryggeset. Tor Nedregotten minnest at Tryggeset-folket
tok torv mot nord-aust der Erling Nedregotten sitt hus står i dag.
På Skaret henta dei torva si nord-vest for Skare-tunet på ner-sida
av dagens hovudveg, i området ved staden der kommunegarasja og
Skulen og Ungdomshuset ein gong stod. Olav Østrem hugsar at der var
ein høg myrkant og at dei tømde utedoa frå Ungdomshuset ned i den
same myra. I våre dagar er dette området utstyrt med
transformatorstasjon og hus, samt veg vestover mot Resebakken og
«Liaklevhuset» før det går utforbakke ned mot bedehuset. Frå
1930-åra var både heimeutmark og utmarka delt opp med eigneområder
til kvar gard, så det vart difor lettare å lage seg til torvmyr på
eiga hand.
Fortsette ein mot Magerholm langs sørsida i forhold til
hovudvegen, så var der ei god myr rett aust for vegen som går ned
til Vedhaugen, ved Emleimskiltet innover mot huset til Harry
Bjørkavåg og sjøvegen til Høla og Reiten. Området innanfor
Gjerdet, der ein køyrer ned til Stigen og det vesle byggefeltet i
Stampen, kan det også ha vore uttak. Det kan då ha tilhøyrd
Gjerdet og Stigen. Kanskje var det her Steffen Magerholm inne på
Pe-haugen fekk kjøpe seg rett til å ta ut torv mot ein sum på 100
kroner til brukaren på Øvste-Aksla, Desverre er beskrivelsen av
kvar stykket lå alt for uklart til at eg kan vere sikker. Per dags
dato kjenner eg ikkje fleire stadar med sikkerheit, men eg vil tru at
der var fleire. Løvika og hyttetomtene der har nok også hatt
rettigheiter i dette området, og det er fleire egna stader i
nærheita. Sjursgarden, Skorene og Magnusplassen på Emblem er andre
stadar med ukjent uttak, men Eg vil tru at «Gullmyra» nedanfor
tunet til Agnes og Ingvald Flø i retning mot Emblemsvågen sine
myrar kan ha vore eigna stad.
Tek ein turen utatt på Nordsida av dagens hovudveg, så
er torvstaden til Magerholm og Magerholmvika ikkje kjend. Derimot er
det framleis spor å finne like vest for Brennhaugen si nordvestlige
innmarksgrense ovanfor gamlevegen (i dag kalla «Paratvegen») mot
Akslastubben og Akslagjerdet. I tidlegare tider låg torvmyra i
Tudalen, like ved, for dette området vart ein gong nytta som felles
beite mellom Aksla, Reiten og Magerholm, men då nye husmannsplassar
kom til kring 1850-åra, så vart mykje av denne utmarka gjerda inn
slik at der ikkje fanst nokon naturleg passasje for dyra til
Magerholm lenger. Jarle Reiten fortel at han hugsar torvmyrene til
Reiten som låg like sørvest for Løa i Høla, der han og broren
Reidar bygde seg hus seinare. Desse to tomtene grensar i våre dagar
mot avkøyringa til Østrem, Nedregotten, Akslen og Reiten. Dei hadde
ikkje noko torvløe der nede, men frakta den tørre torva heim att
til garden og lagra henne i «Smalefjøsen».
På andre sida av vegen, like nord for den nye
turparkeringa og Sirielva hadde Larsgarden torvmyra si til sist.
Opphaveleg hadde dei nok henta seg torv oppe på flata ved Frielebu
på Grønevollen, men etterkvart vart det raskare å hente seg torv
«nede i myrane» mot grensa til det vestlegaste innmarkstykket til
Høla. Det er i det samme området at kraftlinja går frå vegen opp
mot Østrem og vidare austover mot vegen opp til Reiten. Det meste av
dette stykket er i våre dagar skogdekt, men eg hugsar at då eg var
mindre, så var der ei djup vassfylld hole på omlag 4-5 meters
diameter der me laga oss «stubbebåtar» som me flytta over vatnet
med lange trestokkar. Båten hadde som regel ein rest av ei grein
ståande att, slik at me fekk tak med stokken. I dag er det vanskeleg
å finne så tydeleg spor, men skjerekanten er godt synleg framleis.
Far min, Olav Østrem var med på denne torvspadinga. Den siste tida
tok dei torv lengst vest mot grensa til Mattisgarden. Han kan ikkje
hugse at dei nytta nokon torvljå når topplaget skulle fjernast, men
dei hadde «vingespade» (som tidlegare nemnd) og torvtrillebår med
10-15 cm breitt trehjul. Ein trong ikkje noko fjøl for å hindre at
trillebora sokk ned i myra, for torvstykka var lette å temmeleg
turre. Han minnest at torvstykka kunne vere omag 50-60 cm lange. Ein
trong ikkje ta hensyn til størrelsen på omnen heller, for den tørre
veden vart seinare skjert opp i høvelege stykke på garden. Den
gamle trillebåra stod lenge i skylet som vart bygd inntil
Larsgardløa si austlegaste kortende, men då bølgeblekktaket fekk
hol, så rann det vatn inn og trillebåra måtte til slutt kastast.
Torva vart brend i den mannshøge omnen i finestova i Larsgarden.
Torva var fin brensel, men det vart mykje oske ta ho. Oska fekk
likevel god nytte som gjødsel kring ripsbærbuskene på garden.
Abrahamsfjøsen frå Grønevollen enda sine daga på
utsida av innmarksgjerdet ovanfor Abrahamsbakkane. Arthur flytta den
uten å demontere løa. Han sette den på tvers på
traktortilhengaren (i bjelkeretninga) og køyrde den ned vegen i
gamlegrønevollen med traktoren sin.
Farfaren min i Larsgarden hadde mange søstre. Fleire av
desse fekk seg eit stykke til hyttetomt «Ute i Marka» vestanfor
Storelva like innanfor tunet til Knut Ramsvik på Vestrem. Dei fekk
seg eit torvstykke nedanfor vegen mot Storelva. Dette stykket vart
frådelt kring 1940. Det skulle vise seg at det ikkje vaær noko
stort behov for nokon torvmyr, så den vart seinare seld til Bertil
Humblen til fabrikktomt i staden, før Asgeir Flydal kjøpte den og
dyrka opp. Den gamle gardsgrensa mellom Larsgarden og Steinsgarden
gjekk nemleg i ei rett linje der grensa mellom Vestrem og
Flydalsgarden går i dag. Grensa fortsatte rett over vegen, der det i
alle år har stått eit stort tre nedanfor nyløa til Asgeir, og
vidare ned til elva. Det var truleg ved dette treet at den
opphavelege grinda og steingarden, som delte plassane, låg før
1900. Den første plassemannen på Vestrem, Marka-Hans kom frå
Larsgarden opphaveleg og fekk frådelt denne plassen før oldefaren
min frå Sjursgarden, før Lars Austrem tok over. Han fekk også
nokre kvadrameter med jord nedanfor Markavegen frå Østrem og ut
til Skulen, men den største delen av stykket nedanfor vegen og
Vestrem var altså torvmyra til dei tidlegare nemnde hyttetpmtene.
Karin Eriksen (f. Hollevik) er søskenbarnet til faren
min. Ho bygde seg hytte saman med mannen sin, Richard Eriksen, i
1962. Ho hugsar at ho alltid budde i Larsgarden saman med mor si og
tvillingsøstrene sine om somrane, den gong ho var ei lita jente.
Tantene var som regel alltid med og hjalp til med gardsdrifta om
somaren. Dei samla seg også til dugnad på torvmyrane. Morfaren,
Lars Austrem, og onkelen, Hans, (som seinare tok over Larsgarden) var
også med. Dei spadde stort sett torv til bruk hjå besteforeldra
inne på Østrem. Karin minnest ein gong ho var med frå barndommen
kring midten av 1930-åra ein gong. Ho var kring skulealder og hjalp
nok først og fremst med stabling av torva i hus eit par dagar etter
at ho hadde vorte skore opp. Ho hugsar likevel godt den lange smale
svarte spaden som anten Lars eller «onkel-Hans» stakk ned i myra.
Dei andre sette torva «i hus». Karin var då ei lita jente. Ho
hugsar at ho var redd for tusenbeina som kravla i myra.
Flydalsgarden, eller "Ytrebø" hadde torvplassen sin så og seie kant i kant med Larsgarden der "ute i marka". Stykket låg nedanfor smia til Karl Flydal på ei flate, før det gjekk unnabakke nedover mot Storelva som rann på tvers utover mot skulen. I denne bakkehellinga var det dyrka opp slåttemark tilhøyrande Larsgarden. Torvteigen er nemnd i utskiftingspapira attende til 1892 og faktisk enno lenger attende også. Det var nemleg slik at Abrahamsgarden på Østrem vart kjøpt ut til sjølveige i 1862 av båtbyggaren Peter Rasmussen Ødegård frå Volda. Han makta ikkje kårytingane til alle som hadde rett på dette på den tida. Han selde difor bruket til Johan Nilsen Emblem frå Ebbegarden og vart bygselsmann igjen. Sonen Andreas Petersen Østrem fekk kjøpe attende Abrahamsgarden i 1889, men Johan heldt då att på torvretten sin på dette heimeutmarkstykket, som stod ved lag då Iver "Kjøt-Iver" Karlson Furset fekk kjøpe jord til å etablere garden Ytrebø der i 1892. På 1940-talet stod der framleis ei torvløe som anten kan ha tilhøyrt Flydalsgarden eller Ebbegarden. Den er synleg i biletalbumet til denne undersida.
Fortsette me vidare vestover, så kjem me mot
Toskhaugmyra. Den tok til like nedanfor Toskhaugen som låg rett
ovanfor midtbana på dagens store kunstgrasbane, Ebbemyra, ved
skulen. Torvmyra strekte seg godt innover mot midten på dagens bane,
og her var det også ei naturleg skøytebane kring 1950-talet.
Torvmyra og området ovanfor, omlag der runderenna på ski for dei
minste har gått i alle år, vart seld til Andreas Emblem frå
Ebbegarden på den forutsettning at Ebbegarden fekk fortsette med
uttak av mold og torv der. Dette markastykket vart seinare kjøpt
attåt garden Solvang som Alfred Østrem frå Abrahamsgarden fekk
kjøpt seg jord til å dyrke opp. Eg vil tru at Jakobgarden tok seg
torv på omlag same staden dei óg, men her har eg enno ingen sikre
oplysningar om dette. Andre områder som truleg har vorte nytta til
torvmyr er Auregardstykket som vart omgjort til kårstykke og fekk
gardsnamnet «Myrane» nord for hovedvegen og midt mellom dagens
vegar til Ystebøen og Røssevollen.
Her stoppar også mi vesle fortelling om torvmyrene opp
i mangel på ytterlegare opplysningar. Eg har vald å publisera denne
teksten sjølv om den er mangelfull, i håp om at nye opplysningar
kan kome til frå den som les teksten og ser at det er noko som
manglar. Veit du noko meir, så vonar eg at du tek kontakt med meg på
følgande adresse: sveostrem@hotmail.com
Kjelder:
Inge
Akslem (nedskrive av Magnar Gridseth/Emblem skule)
Olav
Østrem (fortalt til Svein Ove Østrem i fleire omgongar 2012 og
2013)
Karin
Eriksen (informasjon per e-post til Svein Ove Østrem 17.10.2013)
Arthur
Østrem (fortalt til Svein Ove Østrem 26.7.2013)
Jarle
Reiten (fortalt via Facebookmelding 18.10.2013)
«Torv
til brensel» frå Lyngheisenteret på Jæren:
http://www.lyngheisenteret.no/undervisning/12_torv_til_brensel_040505.pdf
http://nn.wikipedia.org/wiki/Myr
Digitalisert
versjon av Per Fetts serie «Førhistoriske minne på Vestlandet:
http://www.dokpro.uio/arkeologi/fett/
Universitetenes
arkeologiske gjenstandsamlinger , Bergen Museum:
http://www.unimus.no/arkeologi/forskning/
«Borgund
og Giske» Bind 1 og 2 , Borgund og Giske Bygdeboknemnd, Boktrykk
Bergen (1957 og 1961)
Ein
rekkje kjelder frå fagtidskriftet «Historie» om diverse myrfunn i
Danmark og Tyskland.