Herren
gjev og Herren tek, heiter det i eit gamalt ordtak. Desse orda gav
kanskje meir trøyst i tidlegare tider enn dei gjev i våre dagar.
Før var ein meir klar over kva farer det medførte når ein la ut i
åpen båt både til kvardag og fest. Fisket gav mat, og tidvis litt
ekstra på kistebotnen for folket i Emblemsbygda. Gardane kunne gje
god grøde, men det vart ikkje snakk om noko dyrking eller særleg
bevisst gjødsling for å få betre utkome før mot slutten av
1800-talet. Folk dyrka stort sett dei åkerlappane som dei hadde
dyrka til alle tider Målet var å vere mest mogeleg sjølvhjelpte
med det ein trong. I våre dagar veit me at ein kan få langt betre
utkome ved å flytte ikring på åkrane. Kosten var i liten grad
kjøtmat før 1880-åra og brødmat vart vanleg del av det daglege
kosthaldet nærare 1900. Ein rimeleg stor gard i bygda hadde litt
småfe og omlag 4 kyr på svelteforing om vinteren. Fisket var difor
ei særs viktig matkjelde og usemje om retten til laksevarp eller
tørkeberg kunne verkeleg utarte seg med handemakt. Fiskemat er i
våre dagar sett på som eit sunt alternativ, men problemet var at
ein nytta lite fersk fisk i tidlegare tider. Fisk til eige bruk hadde
gjerne sine eigne «onner» og fangsten vart tørka i grovsalt.
Resultatet vart ikkje like bra som fersk og nykokt fangst. Salt og
tørking var stort sett det konserveringsmiddelet ein hadde og det
sette også sitt preg på helsa. Magesår vart resultatet for fleire.
Sunnheitskommisjonar vart oppretta utover 1800-talet. Distriktslekjar
Michael Krohn sine populærvitenskapelege foredrag er nok av dei meir
kjende no i ettertida. Han påpeika allereie i 1857 at bøndene i
Manger og Lindås Prestegjeld sende den mest næringsrike maten frå
seg i byte mot pengar på bekostning av folkehelsa. Kor stort
omfanget var i Emblemsbygda, kan eg enno ikkje seie med sikkerheit
for det vart mellom anna først transportert søtmjølk til Ålesund
i 1906.
Held
me dei siste tredve åra utanfor, så har kvardagsmaten i bygda vår
stort sett vore fisk av eit eller anna slag, gjerne sild og potet
eller potet og sild. Det vert fortalt om lærarsonen og bygdesmeden
Karl Flydal (1914-2001) at han ein gong ville oppmuntre drengen sin
lite grann. Det hadde stort sett vore fisk på bordet dag ut og dag
inn i det siste. Medan dei sto å arbeidde på føremiddagen så
spurte Karl om guten visste kva dei skulle ha åt middags. Guten vart
svar skyldig og då fekk han «Hvetefront» til svar. Drengen vart
gåande å lure veldig på kva slags rett dette kunne vere. Kveite
kunne no bere bod om eit eller anna bakverk. Men då han kom åt
middagsbordet vart han skuffa, for der stod det potet og Kveitehaud.
Frå
omlag 1736 til omlag 1750 opplevde me ein gullalder i fisket i
Romsdals amt. Silda og torsken kom i nn til kysten store mengder. Om
sommaren var det dei som våga seg langt til havs ut på fiskebankane
i opne båtar, medan ein på hausten kunne fiske mest sei til eige
bruk, og sjølvsagt kveite framunder jula for den som hadde reiskap
til den slags. Det var nok ikkje så mange frå Emblemsbygda som
rodde heilt ut på fiskebankane i byrjinga, men i likheit med
fjordbøndene så hadde dei sine eigne notlag, og kom meir og meir
med på utrorsfisket. Frå 1740-åra flytte Fleire frå
Østremsgardane til husmannsplassar på Nordigard, Bakken, Røysa og
Ysteneset. Fleire av desse var også søsken. Andre busette seg på
øyane ikring og fisket var truleg ein viktig årsak. Fram mot 1900
var mest alle frå bygda med på både utror. Ein finn fleire av
emblemsbygdarane busatt i Byen når 1900-tellinga vart gjennomført.
Desse hadde leigd seg rom i samanheng med fisket og nokre hadde
jmavel med seg familien sin også.
Bøndene
i bygda var hovudsakleg fiskarbønder før 1920. Kvinnfolka og dei
gamle var heime og dreiv garden mellom onnene, medan dei konfirmerte
gutane og mannfolka var på fiske. Sjølv om dette arbeidet var særs
risikabelt, gjekk folk likevel mann av huse for å vere med då
auksjonane tok til kring Kyndelsmesse . Fiskeri var skikkeleg
mannfolkarbeid og av mange sett på som det aller gjevaste. Kunne ein
kome seg ut på fiskebankane på det opne havet var det enno meir
stas. Borgundfjordfisket hadde også rekordmange deltakarar, men då
var det gjerne unge gutar, kårfolket og tidvis kvinnene i bygda som
tok seg av slikt «nærmast heimstøa». Fram mot 1910 var dei fleste
ute på fiske sjølv når det nærma seg julestria. Stadig fleire
hadde dessutan funne seg ei god attåtnæring i tørking av fisk for
sal. Av desse var Mattis Østrem i Mattisgarden den største. Han
eigde ein havpart av Skøyte galeasen «Avance» som vart bygd ved
Liaaen verft i 1884. I Emblemsbygda hadde han eiga sjøbu og dreiv
med direktehandel med Spania. I Negarden satsa også kjøpmannsonen
Fredrik Larsen Emblem stort på tørkinga fram mot 1936. Etter 1910
kom storbåtar og motorbåtane for alvor til bygda med namn som
«Kviten», «Shalivar», «Sjøblomsten», «Fri» og «Elv»mellom
anna og me finn ei rekke opne storbåtar som kom frå Emblem.
Ystebøbåten, Aurebåten og Reitebåten var to av desse.
Med
aukande fiske til alle årstider, og opne robåtar, skulle ein tru at
talet på ulukker ville stige også, men for Emblemsbygda sin del, så
verkar det ikkje slik. Det var inga markant aukning i takt med
folketalsauke og lengre fiskesessongar utover 1800-talet. Likevel ser
ein at talet på drukningsulukker er litt lavare etter at fisket vart
profesjonalisert og dei overbygde dekksbåtane tok over. Men no måtte
ein drive meir enn berre sessongfiske for å kunne betale rekningane.
Fleire ungdommar tok seg hyre på fangstskuter i ishavet og
fiskebåtar langt til havs. Når ulukker hendte, så kunne heile
mannskapet stryke med, slik som det kunne verte med dei gamle
storbåtane. Sett over tid var det framleis ulukker der anten
enkeltpersonar fall overbord, eller heile båten gjekk ned. Årsaka
til at talet på emblemsbygdarar som sette livet til gjekk ned, var
truleg at dei var langt færre enn før og båtane vart tryggare. Dei
fleste i bygda vår gav seg når dekksbåtane tok over. Som
fiskarbønder var det vanskeleg å stable så stor summar på føtene
når ein skulle drive gard attåt. Men det var dei som forsøkte seg.
På Røssevolden fin ein nokre, medan Auregarden, Aksla-karane og
Negards-karane satsa mykje pengar på større motorbåtar som
«Vilson», utan større hell. Dette var før Brunvollmotorane kom
for sal. Auregarden satsa deretter på fiskebåt på eiga hand, medan
negardsfolket satsa stort på tørking av fisk for eksport i staden.
Denne
teksten er ikkje meint å vera nokon samla historie om fiskeria i
Emblemsbygda. Eg vel heller å skriva litt om dei ulukkene som anten
har hendt mellom Flisfjorden i vest og Hessebergstranda i aust, eller
som har råka nokon frå Emblemsbygda. Utfordringa har vore at ein
ikkje har funne ein like god dokumentasjon på dødsårsak i
kyrkjebøkene før slutten av 1840-åra. Eg har difor vald å
fokusere mest på tidsrommet 1850-1930, medan eg i tida før 1850 har
presentert dei ulukkene som eg per dags dato har funne. Det har vore
eit ynskje å fortella litt meir om dei som måtte bøte med livet i
fjorden eller på sjøen. Dette er kun første utgåve, og eg vil
freiste å oppdatere ettersom nye opplysningar kjem til. Årsaka til
at eg valde eit sopass dystert tema er at ingen har skrive noko om
dette før. Enkeltulukker er nemnd i ulike kjelder, kvar for seg, men
mi erfaring er at dei anten har vore ufullstendige eller ukorrekte.
Gardsoga har soleis vore minst truverdig og eg vonar difor å bøte
på dette. På den andre sida bør det påpeikast at kjeldematerialet
aldri har vore so tilgjengeleg, digitalt og søkbart som i våre
dagar. Utfordringa har berre vore å finne dei rette søkeorda og
stvemåtane som til ein kvar tid vart nytta. Eg skal ikkje påstå at
eg har funne alt, men eg trur at eg likevel har funne mange av dei.
Eg har mellom anna gått gjennom alle dei skanna kyrkjebøkene for
Borgund i tidsrommet 1845-1930 og gått gjennom årsaka for kvart
einskild dødsfall. Eg vonar at teksten kan vera til hjelp for
seinare ættegranskarar.
Den
første kjende ulukka
Vinteren
1794 sokk postbåten på Flisfjorden. Posten forsvann og begge
postbøndene omkom. Dei vart heller ikkje funne att. Etter dette
forliset byrja ein for alvor å vurdere å sende posten frå Sjøholt
til Nørvasundet (Borgensund) over land i staden for å nytte fjorden
på delar av strekninga. Det er neppe tilfeldig at desse diskusjonane
tok til den same våren. Problemet var berre at veg ikkje fanst på
denne tida og planane vart etter kvart skrinlagde, men ikkje heilt
gløymde. I 1809 starta arbeidet så smått på vegen frå Magerholm
til Blindheim. På den måten vart det mogeleg å passera Flisfjorden
landvegen. Eg har ikkje klart å finne ut kven desse to postbøndene
var, for dødsårsaka drukning var ikkje nemnd i kirkjebøkene for
Borgund Skodje eller Ørskog den aktuelle våren. Eg finn heller
ikkje to i arbeidsfør alder med samme dødsdato våren 1794 som kan
vere høvelege kandidatar. Av dei ansettelsesbrev som eg har sett, så
var det truleg ansett lokale unggutar eller menn frå distriktet
ikring den postruta dei skulle betjene. Det var også ei mogelegheit
for å sleppe millitærteneste.
Det
eg derimot veit, er at det var mot instruksen å ro Storfjorden i
staden for den mindre farlege Ellingsfjorden via Straumen ved Solnør
gard. Postbøndene kunne få bøter om dei ikkje var frame til pålagd
tid, og problemet var at det ofte fraus is der inne. Flo og fjøre
kunne også verke inn på mogelegheita for å koma seg gjennom der
med båt. I den vidare brevkorrespondansen mellom Fogd Nordløw,
Generalvegmeister oberst von Krogh og postmeister Wind vart mellom
anna isen og forseinkinga av posten i intil 3 dagar nemnd, men då
utan at postførarane kunne klandrast. Det er difor ikkje heilt
sikkert at det var frykta for bøter som fekk dei til å prøva seg
på Storfjorden i staden. Truleg var problemet såpass stort til
tider at dei fleste såg mellom fingrane med transport utanfor
instruks. Problemet var at Flisfjorden var alt anna enn trygg.
Emblemsfolket hadde reservestø lenger vest i retning Spjelkavika
dersom fjordstykket var utrygt når kyrkjebåtane skulle roast heim.
Det var heller ikkje uvanleg at folk inna fjordane på byferd vart
liggande verfaste ved Glomset eller på Magerholmen. I bygdesoga for
Stranda vert det mellom anna fortalt at nokre strandarar vart
liggande verfaste på Magerholmen i heile 13 dagar, men
bygdebokforfattaren antydar at det truleg ikkje var véret som
forhindra byferda alle desse dagane.
Den
17. mars 1846
bles det opp til orkan på Sunnmøre. Frå kyrkjeboka for Borgund kan
ein lesa at det omkom eit båtlag frå Emblemsbygda. Den eine var
Knut Iverson Magerholmvik (1785-1846) som var bygselsmann og kårmann
i Magerholmvika då han kom bort på sjøen. Med i båtlaget var også
ein dreng på 21 år som truleg heitte Lars. Om han var fødd på
garden eller om han kom frå ein annan stad, er det vanskeleg å
tyde, sidan avfotograferinga er temmelg dårleg. Plassemann Anders
Rasmusson Østremsreit (ca. 1813-1846) som rydda husmannsplassen
Gjerdet og ein gardmann som kan ha vore Lars Pedersen Axelen (ca.
1806-1846) på Øvste-Aksla. I så fall er årstala (1801-1847) i
bygdeboka ikkje korrekte. Dette er også den tydinga som Sula Sogelag
har kome fram til då dei gjorde om kyrkjeboka til søkbar tekst.
Den
6. juli 1853
la folket frå Knutgarden, bruksnummer 2 på Hovden på heimveg frå
bryllup på Eikrem på Sula. Det var ikkje så lang veg dei skulle
ro, for garden ligg mellom Hundeidvik og Tussvika, men dette
fjordstykket med Flisfjorden er uberekneleg. Her møtes straumar frå
Breisundet, Vegsundet, Storfjorden og Hjørundfjorden. Det finst ein
omtale av ulukka den 25. august det same året som vart publisert i
avisa Morgenbladet:
«Den
6te dennes forulykkedes kort indenfor Flisnes en Færingsbaad fra
Søkelven med 7 Personer, der agtede sig hjem fra et Bryllup; blot en
Mandsperson blev reddet, medens de øvrige 6 fandt Graven i Bølgerne.
Det blæste en temmelig sterk vestlig Vind, der kom oftest paa dette
Sted er forenet med Bølgegang, da Havsøen gjennom Bredsundet og
Storfjorden har fri Pasage derind. - Det er imidlertid at befrykte,
at Brendevinet, og det sterke Bryllupsøl have sin Andeel i den
Ulykke; thi det er desverre en stor Sjeldenhed at se en Mandsperson
komme ubeskjenket hjem fra deslig Sammenkomster».
Det
er grunn til å tru at observasjonen om bølgegang og kraftig vind er
korrekt, men siste del er nok meir journalistens moralske innspel.
Det kan sjølvsagt vere grunn til å stille spørsmålet om fleire
dagars bryllupsfeiring kan ha påverka vurderinga om å legge ut på
fjorden. Båten var mykje i bruk og det viktigaste framkomstmiddelet
i tillegg til nyttereiskap på fiske. Kvar søndag rodde dei til
kyrke og passerte denne strekninga, så det er grunn til å tru at
dei var godt kjend med farene på Flisfjorden. På den andre sida kan
det ha blese opp etter at dei la i veg. Uansett vart utkomet av
ulukka tragisk. I Gardsoga for Sykkylven, bind 3, skriv Martin
Gjævenes i 1983 litt meir om dei forulukka. Husbonden Jørgen Elias
Larsen Hovden (1794-1853) kom frå Eikrem, så det var nær slekt han
hadde vore i bryllaup hos. Gardskona Marte Hansdotter Sætre
(1793-1853) var heller ikkje oppvaksen på Hovden, men ho var dottera
åt halvbroren til den forrige brukaren som var bornlaus. Saman hadde
dei fire born: Torstein (f. 1821), Lars Martinus f.1826), Kristian
Severin (f. 1833) og Karen Marie (1835-1915). Alle desse borna, så
nær som Karen Marie var i ulukkesbåten som kolsegla. I tillegg var
kona til Torstein, Olava Olsdotter Gjørvad (f.1819) og sonen Jørgen
Elias Olaus Torsteinson på 6 år med på ferda. I den same gardsoga
kan ein lesa at det var Bernt Olaus Hansen Erstad som klarte å kare
seg fast på båtkvelvet til han vart berga av folk frå
nabogarden,Kurset. Denne opplysninga er interessant, fordi det kan
bety at dei var komen over på Sykkylvsida av fjorden då ulukka
hende. Det er også mogeleg at dei var ute i same ærend, men då vil
eg tru at fleire hadde vorte berga. Det er dermed truleg at
kurset-folket la ut med båt då dei såg kva som hende. Det kan også
tyde på at Hovden-folket vart overraska av anten vind eller bølger
når dei var komen minst midtfjords. Det må ha vore eit frykteleg
sjokk for Karen Marie på 18 år som med eitt var den einaste attende
på Knutgarden. Det er også mogeleg at ho vart vitne til at dei
kjempa for livet ute på fjorden. Ho gifte seg i 1854 med Knut Elias
Sætre (1823-1896) som kom frå same grannelag som mor hennar.
Andrine
Christiane Arnesdotter Nedregotten
(1799-1862) kom frå Skaret og gifta seg i Sjursgarden. Ho og borna
hennar skulle verkeleg få merka dødsfall på garden. I ein alder av
41 år vart Andrine enke for andre gong i 1840. No hadde ho også to
born å ta vare på. Andreas Ole Johan var 6 år og Lars Karolus var
3 år. Sistnemnde døydde kun 9 år gamal den 11. mai i 1846.
Ministrialboka fortel ingen ting om årsaka. Denne gongen gjekk det
ikkje så lenge før Andrine var gift tredje gong. I arveskiftet
etter Knut var det Andrine som fekk det meste. Gutane var ikkje så
store på denne tida, men eg meiner å tyde at Ole og Lars fekk ein
litan skjerv dei óg. Skiftepapira etter Lars den 22. september i
1846 dokumenterer dette. I dette skiftebrevet er Ole, Andrine og
stebroren Knut Larssøn dei tre arvingane. Totalt var det snakk om
335 Speciedaler som omfatta ein gardpart verd 250 Speciedalar og ein
part i Giske Kapell verdt 50 Speciedalar. Truleg fekk brødrene Lars
og Ole Knutsen like mykje i arv etter faren.
Lars
Kristiansen Viddal (1813-1876) var 14 år yngre enn Andrine, men han
delte hennar interesse for kjøp og sal. Dei gifta seg 4. juli 1841,
eit år etter Knut var død. Dette var det ein kan kalle «normalen»
i dei tilfelle der den eine fall frå medan den andre framleis var i
aktiv alder for gardsdrift. I Lars si tid som brukar i Sjursgarden
frå 1841-1865 kjøpte han mellom anna Hatlebakken, eit plassebruk
som var utskild frå Negarden og han har også lånt ut pengar mot
obligasjonar. I 1862 drukna Andrine inne i Tafjorden. I følge
Gardsoga for Borgund band II så skal ulukka ha skjedd då ho og 6
andre skulle ro i land frå Dampbåten. Den lette robåten vart teke
av eit stormkast og kvelva rundt. Lars var med i den same båten, men
vart redda. Kirkeboka støttar opp om påstanden om drukninga, men
elles er det lite som ein kan lesa i andre kilder om denne ulukka.
Det
finst derimot kjeldemateriale om eit forlis utanfor Syltefjellet i
juli 1862. Foreldra til Gunhild Eliasdotter Muldal drukna i den
ulukka. Gunhild var då berre 2 år og vaks opp i Tafjorden. Det er
mogeleg at det er snakk om det same forliset. Det er i alle fall godt
mogeleg at det er snakk om det samme stormkastet for datoane stemmer.
Ei Anne Pernille Olsdotter Tafjord døydde ved Syltefjellet av
drukning 15. juli 1862. Dette er den
eksakt
same dagen som Andrine. I følge Kyrkjeboka så var Andrine den
einaste frå Borgund sokn som drukna. Leitar ein nærare etter i
kyrkjeboka for Norddal, så finn ein at den tidlegare nemnde Anne og
fem andre drukna 15. juli 1862 ved Syltefjellet. Dette stemmer særs
godt med Borgundboka, med unntak av staden. Tenkjer ein seg at
bygdebokforfattaren har skrive feil, eller har rekna heile
fjordstykket frå Syltefjellet og innover som del av Tafjord i
meininga namnet på fjordarma, så stemmer det.
Sonen
til Andrine, Andreas Ole Knutsen (1834-1922) var 28 år når mora
drukna. Han var nær ved å miste stefaren også. Han hugsa truleg at
faren døydde då han var 6, og han miste bror sin , Lars Carolus
Knutson, når han var 12. Det var med andre ord mykje sorg han hadde
fått erfare på få år. Knut hadde ein bror til. Det var Knut
Sevrin som var sonen til stefaren, Lars. Knut Sevrin Larsson
(1842-1916) heitte «Store-Knut» på folkemunne og fekk mellom anna
to gardpartar på matrikkelgarden Eikrem, en gardpart på Hanken, del
av garden Vedde og 1/4 av Giske Kapell i morsarv etter Andrine.
Overtakinga vart tinglest 1. juni 1864. Store-Knut vart også
gardbrukar på Eikrem i 1866, det same året som faren skøytte frå
seg Sjursgarden til broren Andreas Ole Knutsen. Lars vart truleg
prega av både tapet av kona si i tillegg til at han var nær ved å
drukne sjølv. I 1865 overlet han Sjursgarden til stesonen. Dette var
kanskje del av ektepakta mellom Lars og Andrine.
Ein
betre periode
I
tida 1864-1873 var ein god periode der ingen frå vår bygd drukna,
men den 5.1.1873 døde ungkarl Thore Britanus Johannes Andersen
Magerholm (f.1853) Han var 20 år gamal, og det verkar som om det var
ei enkeltståande ulukke under vinterfisket. Kyrkjeboka gjev ingen
informasjon om stad eller årsak. Det var heldigvis ikkje kvar ulukke
som endte tragisk heller, for 14.9.1877 skreiv «Den Norske
Rigstidene» om Ludvig Ingebrigtsen Emblemsvaag frå Ludviksplassen i
Emblemsvågen, Ole Martinus Ingebrigtsen Valle Emblem(1830-1912) frå
Ystebøen og Niels Rasmussen Løset Emblemsvaag (1840-1910). Nils
dreiv plassen Oshaugen, før han seinare rydda seg ein ny plass i
Løvika. Nilse vart kalla Båt-Nils på folkemunne. Desse tre karane
vart heidra for tapper redningsdåd i mars månad. Eg har ikkje makta
å finne ut kven dei redda.
Ein
stad mellom 1870 og 1890 skal Lars Olsen Emblem (1870-1953) frå
Sjursgarden ha kollsegla med Sjursgardsbåten. Eg veit ikkje noko
meir enn at det gjekk bra, og både mann og båt vart berga.
Lars
var sonen til «Sjurs-Ole» og bornebornet åt den tidlegare nemnde
Andrine. Han fekk Larsgarden på Østrem i gåve av far sin. Lars
vart ein markant lekpredikant i samtida etter 1890-åra.
Den
25. februar 1881
vart
derimot ei ulukkesnatt av dei større. I kyrkjeboka i Borgund finn
ein heile 9 mann som drukna. Ei tilsvarande ulukke året før der
mann gjekk ned ved Runde vart mykje omtala og dikutert ved fleire
høve sjølv på Stortinget. Det seier noko om kor uvanleg det var på
denne tida at så mange omkom på ein gong. Årsaka har eg ikkje
funne, men uvér og kollsegling syntes å vere vanleg årsak. Fleire
kom frå Alnes og Myklebust, men der var også tre tenestegutar frå
vår eiga bygd. Albert Olsen, 24 år, heitte Hatlen til etternamn,
men var opphavelg fødd på Hesseberg. Dei to neste var Kornelius
Rasmussen Østrem (1850-1881) frå Abrahamsgarden og Lauritz
Halvorsen Østrem (1862-1881) som kom frå Mattisgarden. Laurits var
broren til «Os-Nikolay» som eg skal komme attende til i neste
avsnitt. I følge kirkeboka var det berre ein gut frå Alnes som vart
funnen att etterpå.
13.
mars 1883
finn eg at seksåringen Karl Olavius Larsen Magerholm drukna. Han var
sonen til Lars Danielsen Magerholm (1856-1929) som var gardbrukar på
hovedbruket på Magerholm. Det var han som selde Magerholmdalen og
sin eigen gard til Karl Engeset (1865-1941) frå Norddalen.
Årsaka
var ikkje oppgjeven, men det er mogeleg at han anten kan ha forulukka
i båt eller under leik nede ved sjøen.
Torsdag
13. august 1885
kom
ein voldsom storm inn over Sunnmøre. 7 større båtar og seksringar
vart råka. 33 menn omkom denne ettermiddagen. 29 av desse kom frå
Ålesund, medan 2 kom frå Sykkylven og dei siste 2 frå Borgund
Kommune. Abraham Olsen Østrem (1801-1885) med opphaveleg fødestad
på Hareid, var på denne tida kårmann i Abrahamsgarden på Østrem.
Det var han som hadde gjeve namn til gardsbruket, eit namn som
framleis eksisterar på folkemunne. Abraham var truleg glad i å
ferdast med båt på det åpne havet. Han var dessutan i god form til
trass for sine 84 år. Det var så visst ikkje latmannsliv på fiske
i åpen robåt, men jamnaldringen Paul Markuson frå Godøya var så
visst ikkje nokon ungfole han heller. Begge omkom. I det heile var
det berre 2 som vart redda. Den eine av desse var Peter Svinøy som
klarte å klamre seg fast til kvelvet på båten i heile 18 timar før
han vart berga av dampskipet «Hero» sør for Runde. Dei fleste av
dei omkomne var frå Buholmstranda i Ålesund og var dårleg stilt
reint økonomisk. Enno verre vart det då mannfolka fall frå. Ei
innsamling til dei etterlatte vart sett i gong og så vel statsrådar
som storkjøp menn bidrog attåt alle dei som ikkje hadde like mykje
å gje. Avisa «Morgenbladet» gav 8000,- åleine.
Uhellet
ved dampbåten
I
eit intervju med P. Stensager på vegne av Borgund bygdeboknemnd,
fortalde Kristen Magerholm på Kristenplassen om slekta si. «På
plassen i lien vestenfor husene til Lars Danielsen bodde Kristens far
til sin død i 1880 («Parat-Ole» på plassen Paraten også kalla
Bøen red. anm.). En bror til Kristen, Martinus, bodde der sist. Han
var yngre end Kristen og ca, 70 år da han døde. Den ældste av
brødrene var nu Kristen. En anden, Ole bodde på Vestnes var smed og
døde 1918, 84 år gammel. En anden bror, Peder, kom bort på sjøen
14. august 1885.(årstallet er feil) En anden, Knut, kom bort 8.
aug.1887
(korrekt
er 29.8.1886 iflg. Kirkeboka)
,
da Kristen og guldsmed Stamnes i Ålesund samt et par andre skulde ro
bort til D/S "Robert".
(Dette
var ifølge kirkeboka ved Tusvika)
Foruten Knut omkom en mand til, men Stamnes og Kristen og en tredie
mand blev reddet av dampskibet i sidste øieblikk og måtte følge
med til byen.
Titranulukka
Etter
1887 kom det ein stillare periode. Sjølv om det omkom folk framleis,
så var det i alle fall ingen frå vår eiga bygd. Etter 6 gode år
omkom
tjenestedrengen Simon Olaus Knutsen Nedregotten (f. 1870) omkom i
båtforlis i Giskesundet 1893og 14.10.1899 drukna ungkar Bernt
Jørgensen Nedregotten (f.1882) i ein storm. I kyrkjeboka for Borgund
fann eg i tillegg brørne Hans og Lars Larsen Gjøsundsæter frå
Vigra. Alle var ugifte og kansje på same båt. Det er mest
sannsynleg at dei var innvolverte i Titran-ulukka der fleire andre
frå Borgund og Sunnmøre omkom ved Frøya. Det var eit sterkt
lavtrykk som førte til Orkan frå nordvest. Store delar av
sildeflåten var samla på denne staden var omlag 30 båtar som
forliste og 140 mann som drukna den natta. Årsaka til at alle desse
var ute på havet var at veret var så fint, og fiskedampskip hadde
fått god fangst der like før. Desverre var det berre stille før
stormen, eller orkanen, som det var i dette tilfellet. Orkanen gjorde
skade fleire stader langs kysten og det er mogeleg at det var då
kalkomnane på Magerholm vart knuste.
1902
I
«Søndfjords Avis» den 12. februar 1902 kan me lesa at to mann fall
overbord og drukna fredagen i førevegen. Dei var mannskap på ein
dekksbåt på havet utanfor Ålesund:
«Ulykken
skede idet der skulde lægges ind et Reb. Medene stod herunder og la
sig over Storfeilbommen. Pludselig gik Stjødet løst og Bommen tog
de to Mand overbord. En tredie havde nær gaaet samme Vei, men blev
holdt igjen i sidste Øieblik.»
Knut
Emblemsvåg var ein av dei som omkom. Den andre var Ivar Viddal som
hadde gifta seg berre tre månader i forvegen. Eg finn at Knut som
Knut Lauritz Nikolaiss. Emblemsvaag (1881-1902) i kyrkjeboka for
Borgund. Han var ungkar og oppført som fiskar. Knut var med andre
ord sonen til Nikolai Halvorsen Emblemsvåg (1858-1926), eller
«Os-Nikolay» som han vart kalla på folkemunne. Nikolay kom
opphaveleg frå Mattisgarden på Østrem, og hadde vore gift på
Blakstad i Sykkylven, før han kjøpte Osehaugen i Emblemsvågen og
flytta dit med si kone nummer 2, Hansine Hansdotter Davenes
(1864-1934) frå Sykkylven. Ved 1900-tellinga fann eg fem born på
bruket, og i 1901 kom nummer 6, Laura Nikolaisdotter Emblemsvoog til
verda. Aldersgapet var temmeleg stort, med 20 års avstand mellom
eldstemannen Knut og minstedottera Laura. Fiske var ei nødvendigheit
for både Nikolay og sønene medan dei heime, store som små, laut ta
seg av det tidkrevande tørkearbeidet. Tørrfisken vart kanskje seld
enten direkte eller til broren Mathias på Østrem som hadde si eiga
brygge lenger aust i bygda og eksport heilt til Spania. 1902 vart eit
tungt år på Osehaugen Først måtte dei gravleggje Knut, og 20
oktober måtte dei følge yngstedottera si til grava, som hadde døydd
av strupehoste 5 dagar i forvegen. Nokre år seinare skulle også
broren Hans oppleve å miste den unge kona si, Anna Peterdotter
Emblem (1902-1929) frå Ystebøen like etter at dei vart foreldre for
første gong.
Østremsfolket
vert råka
Olaf
Hilmar Larsen Østrem, Eldstesonen i Larsgarden drukna då han fall
over bord under fiske utanfor Kristiansund den 16. februar 1920. Så
vidt som eg har høyrd, så skal han ha hekta seg fast i garnet under
utsettjinga. Kyrkjeboka fortel at han fall overbord under sildefiske. Faren Lars Olsen Østrem tok dødsfallet tungt og
gløymde aldri det som skjedde. Han snakka ein god del om eldstesonen
sin og hadde fått framkalla eit stort bilete av både Olaf og
dottera Lida (nummer 1) som aldri rakk å verte 2 år gamal. Kanskje
mintes han si eiga kolvsegling, og frykta han må ha hatt når han
med eitt kjempa for livet i bølgene på Flisfjorden.
I
1927 vart folket i Abrahamsgarden på Østrem råka ein gong til. Ole
Andreasson Østrem (f. 1896) var 31 år, ungkar og fiskar, som dei
fleste av jamnaldringane sine. Den som fekk arbeid var heldige på
denne tida og mange trong å samle seg midlar til å kunne overta
gardsbruk og kjøpa ut søskena sine. Ole var visst den som skulle
overta farsgarden, men slik vart det ikkje. Nevøen Arthur minnest
den siste gongen han han såg onkelen sin i live. Han skulle ein tur
opp på Østremsetra, men på vegen stoggan han framom huset og lyfte
nevøen opp på skuldrane sine ei ri, før han la i veg. Den fine
haustturen endte tragisk. Då Ole var ein tur ute på Østremsvatnet
for å fiske så kolva båten. Kva som hende vidare, veit eg ikkje
sikkert, men han drukna som følge av dette uhellet.
Petter
Magerholm (1896-1950) kom frå garden Magerholmvika. Han gifte seg i
1918 med Klara Peterdotter Emblem (1896-1974) frå Ystebøen. Dei
busette seg i Spjelkavika like ved staden der den gamle tregarasja
til Spjelkavikruta vart bygd, og som yngste sonen Petter tok over
sidan. Huset stend der også i våre dagar, overdådig festkledd i
dragestil. Petter var opphaveleg stuert, medan Klara arbeidde på
mellom anna skofabrikken. Etter kvart arbeidde han seg opp til
Kaptein på båten M/K «Torulf» av Bergen. Han var ein del vekke på
sjøen, og det har vorte fortalt meg at Klara tok hurtigruta nordover
for å vitje han kort tid før ulykka. Dei møtte ikkje kvarandre,
for han hadde forsove seg den dagen, slik at ho måtte reisa vidare
med uforetta sak. Den 7. november 1950 finn ein referat frå ulukka i
Firda folkeblad. Båten hadde 800 hektoliter sild ombord. Ein trudde
i samtida at det var lasten som hadde vorte gradvis forskjøve slik
at båten velta. M/K «Asbjørn» av Tjøtta må ha sett kva som
skjedde ved Sværholtkubben like ved og kom til unnsetting.
Mannskapet hadde klart å kome seg opp på kvelvet av båten, men
Petter var då medvitslaus og dei fekk ikkje liv i han etter det. Dei
to andre var Harry Olsen på 25 år frå Russvåg og Håkon Nilsen,
19 år, frå Lurøy.
Peter
var faren til Aslaug Petrine Magerholm Østrem (1920-2002) som gifta
seg til Larsgarden på Østrem.
Kjelder:
Bugge,
Kristian: «Ålesunds historie 1» 1923
Diverse
avisartiklar som er datert i sjølve teksten
Døssland,
Atle: «Med lengt mot Havet 1671-1835», Fylkeshistoria for Møre og
Romsdal Band 1, Samlaget, Oslo 1992
Gjævenes,
Martin: «Sykkylven Gardsoga 3», Sykkylven Sogenemnd. sats trykk og
innbinding: Norbok a/s Oslo/Gjøvik 1983
http://www.kildenett.no/artikler/2008/1209558111.04
(om Titran-ulukka)
Kirkebøkene
i Borgund frå
www.digitalarkivet.no
Kirkebøker
for Borgund, Ørskog og Skodje i perioden 1794-1930
Programhefte
nasjonal frimerkeutstilling i ålesund oktober 1998
Standal,
Ragnar: «Vegar før vegar var 2. Fjelleier på Sunnmøre og i
Romsdal» Hjørundfjord sogelag 1996
Tvinnereim,
Jon: «Grotid i Grenseland: 1835-1920» Fylkeshistoria for Møre og
Romsdal Band 2, Samlaget, Oslo 1992
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske band II, Gardsoge gardsnr. 1-51» Borgund
og Giske Bygdeboknemnd, Boktrykk L.L. Bergen 1961
Krohn,
Michael: «Om maden vi nyde» Populærvitenskapeleg goredrag i
sunnheitskommisjonen i Lindås og Manger Prestegjeld 28.9.1857
http://www.uib.no/isf/hist/for4.htm
Emblem,
Karl O. «Fiske og fangst». Notat frå omlag 1980.
Måseide,
Knut: Bankskøyta – «et snart glemt pionerfartøy i norsk
havfiske». Publisert i Årbok for Sunnmøre 2013 Tidskrift for
sunnmøre Historielag, Sunmøre historielag 2013