For ei
tid tilbake fekk eg eit artig gamalt bilete på e-post frå Lillian
Nedrelid. Motivet var mørkekledde menn som var dandert slik at ein
kunne lesa namnet «Istind» mot ein kvit bakgrunn. Lillian
fortalte at det hadde tilhøyrd far hennar, Lorentz Emblem
(1912-1993) som kom frå Negarden. Årstall og stad var ikkje kjend,
men det kan ha vore i anten Aust- eller Vestisen mot slutten av
fangstkarrieren hans etter 2. verdskrigen.
Lorentz
var tydeleg stolt av dette biletet. Kapteinen hadde beordra heile
mannskapet opp på isen. Huene måtte av for å nyttast som prikk
over i-ane og som punktum. Om kapteinen var perfeksjonist, veit me
ikkje, men det tok i alle fall si tid å dirigere mannskapet til rett
formasjon frå utkikstønna. Lorentz fortalde at det var isande kaldt
å ligge slik i ro i kulda. Til slutt fekk kapteinen tatt biletet og
resultatet var alle godt nøgde med. Lorentz er mannen som ligg på
tverre oppå T-en på biletet.
No er
det som oftast slik at familien ofte har høyrd historia om biletet
ei rekkje gonger utan at detaljane vart særleg godt hugsa for
ettertida. Spørsmålet frå Lillian var i so fall om det var mogeleg
å finne ut noko meir no i ettertida. Eg var tidleg i kontakt med
Ishavsmuseet «Aarvaak» utan hell. Rett nok fekk eg både fakta og
biletet av ein båt med namnet Istind, men den forsvann ut av
historia før krigen og kunne soleis ikkje vere den rette. Når eg
lette og søkte på nettet, dukka det stadig opp ein båt som heitte
«Norrköping» i staden. Etter mykje langvarig leiting utan hell
sette eg meg difor ned for å søka litt på denne svenske båten.
Det synte seg etter kvart at det var den samme.
«D/S
Norrköping» vart bygd av Helsingborgs Varfs & Svetsnings AB i
Helsingborg som byggnummer 52. Båten var på kring 496 bruttotonn og
235 nettotonn. Dei ytre måla var på 137,7 x 26,9 x 12,1. På
facebooksida «Gamle bilder fra Ishavet», fortel Robert Storøy at
desse måla var i fot, og at båten altså var 12,1 fot djup. Båten
fekk ei tre-stegs dampmaskin på 595 ind. HK. Nettsida www.Skipet.no
oppgjev at båten hadde 84 NHK då den vart overlevert til Rederi-AB
Norden i Norrköping i 1930, men denne detaljen er truleg ikkje so
viktig å granske nærare for ettertida.
I følge
Skipet.no si liste over norske skipsforlis 1953 kan ein lesa at båten
har hatt ei rekke bruksområder. Rederi-bolaget Norden vart danna i
Norrköping i 1858 av P. Jansson m. Fleire. Først satsa dei på
passasjertrafikk i Stockholm, men i 1922 tok denne trafikken slutt og
ein satsa meir på slepefarty og godstrafikk. Robert Storøy har
funne ut at D/S Norrköping skulle bidra til ei rask forflyttning av
gods frå Norrköping til Stockholm, men den var for stor til
formålet. I 1938 vart den difor seld til Slite Cement- och Kalk
Aktiebolag og skifta namn til «Farösund».
I
januar 1950 vart båten kjøpt av John og Ole Alvestad på Sørvær
saman med Einar Enoksen frå Tromsø. Båten vart delvis ombygd til
fangstskute ved Kårbøs mekaniske Verksted i Harstad og omdøypt til
«Istind», med registreringsnummeret T-54-T. Istind fekk berre ein
selfangsttur under dette namnet, så ein kan vera heilt sikker på at
det var nettopp på denne turen at Lorentz Emblem var med. Båten
gjekk til Newfoundland, men resultatet vart ikkje like godt som ein
hadde håpa på. Dei fekk 1179 dyr med ein verdi på 60 000 kroner.
Dette skulle delast på eit mannskap på 13, reiarane og betale på
utgifter, lån og ombyggingskostnader. Om mannskapet fekk del i
overskot eller fast hyre er eg ikkje heilt sikker på, men det var
nok årsaka til at det skulle ta 2 år før neste fangsttur. Enoksen
trakk seg frå eigarskapet, medan dei to Alvestadbrørne reduserte
sine eigelutar til 1/4. Med på laget fekk dei i staden Brørne
Brunvold som tok over halve eigarskapet. Med dette endra båten namn
til «Selbarden» tidlig i 1951.
Under
nytt namn vart det ny fangsttur med langt betre hell i 1952. Då vart
utkomet på ein million kroner før utgiftene skulle betalast. Det
gjekk ikkje like bra på heimturen, som endte med havari og uvér ved
Island. Båten kom med taubåt-hjelp til land på sagaøya. Med slikt
godt overskot, vart det dessutan meir enn berre reprasjonar. No vart
båten bygd om til ein fullkommen selfangar ved H.C. Stülcken Sohn
verftet i Hamburg. Bruttotonn-vekta vart auka til 498, medan
nettotonn verdien vart redusert til 212. Dei nye måla vart på 149,3
x 26,9 x 12,3 fot. Båten fekk no ein brukt seks-sylindra Man DM
motor frå 1945 på 960 Hestekrefter. Men no starta også motgongen
for reiarane. Allereie på heimvegen frå Hamburg i byrjinga av
desember braut det ut brann i maskinislugarane nord for Bergen. Den
10. jauar 1953 braut det ut ein enno større brann under transport av
fiskemjøl frå Tromsø til Oslo. Det endte med at båten vart
kondemnert og overtatt av forsikringsselskapet Storebrand. Restane av
båten vart seld vidare til Skips-A/S Peco i Bodø. Skroget vart ført
til Bolsønes verft i Molde for ombygging til fryseskipet «Topeco»,
men det vart ikkje noko av. Dei neste åra skulle båten skifte både
namn og eigarar temmeleg ofte. Til slutt endte den opp som «East
Star» hos Eastern Shipping Co. i Halifax i Canada i 1962. Den 18.
november det same året vart båten forleten med slagside på veg frå
Turk Island til Halifax. Den fekk slep med den norske båten M/T
Borga, men sank likevel to dagar seinare i posisjonen 33,15 grader
nord og 63,44 grader vest. Istind
endte soleis på havet der den hadde sitt virke.
Kjelder:
http://www.tugboatlars.se/RABNorden.htm
Istind
i biblioteket for merkepliktige båtar 1950:
biblioteket.imr.no/e-tidskrifter/fylkesvis/Troms/merke_1950_troms.pdf
Lillian
Nedrelid via telefon og e-post
Norske
skipsforlis 1953:
http://www.google.com/url?sa=t&rct=j&q=&esrc=s&source=web&cd=1&ved=0CCoQFjAA&url=http%3A%2F%2Fwww.skipet.no%2Fskip%2Fskipsforlis%2F1953%2Fat_download%2Ffile&ei=0ozAUv-KKrCZyQOLwYHgCA&usg=AFQjCNH5f5aT-8yHZj50ingR9qPzM8JILg&sig2=STHJhyNcCTjj1hc3olbz7A&bvm=bv.58187178,d.bGQ
Opplysningar
om Istind i eige fotoalbum på facebookgruppa «gamle bilder frå
Ishavet»:
https://www.facebook.com/media/set/?set=oa.587109758004875&type=1
www.Skipet.no