Enkelte gongar sluttar
ikkje enkeltbilete å fascinere meg. Dette biletet av ein staseleg
Mads, er eit av desse. Fotografen er Olaf A. Simonnæs og biletet kan
vere frå tidsrommet 1885-1886. Utfordringa med denne tidfestinga er
at han skal ha starta i fotolære hos onkelen Enok Simmonæs i
Ålesund først i 1887. Uansett må det ha vore eit tidleg arbeid. Eg
fekk lyst til å sjå litt nærare på kven denne Mads var for ein
kar. Ørskog historielag har lagt ned eit godt historisk grunnlag for
kvar Mads enda opp i vaksen alder. Dette skal eg kome attende til
etter at eg har sett litt nærare på kvar han kom frå, og slekta på
Magerholm.
Den 7. november 1832 vart
Mads Bretannus Knudsen Magerholm fødd i Magerholmvika, og han vart
døypt i Borgund kyrkje den 22. mai det påfølgande året. Det er
ikkje så mykje som tydar på at det vart ein særleg lysteleg
barnedåp, for faren, Knut Iverson Magerholmvig (ca. 1786-1846) og
Else Marie Pedersdotter (1791-1856) var nygifte, og bornet unnfanga
utanfor ekteskapet. Å skaffe fadderar til ein slik dåp i 1832 var
nok heller ikkje så lett, og det vart gjerne den næraste slekta som
måtte trå til. Ut frå fadderlista kan det verke som om det berre
var Else sin familie som stilte opp. Skrifta i den handskrivne
kyrkjeprotokollen er dels vanskeleg å forstå, men det kan verke som
om den første heitte Themotheus Pedersen Spilcheviggen. Den neste
heitte Cornelius Pedersen Spilchevig, og så følger broren Lars
Pedersen Spilchevig Giære. Det neste namnet klarer eg ikkje og tyde,
men eg lurer litt på om den siste kan vere en Maren Pederson
Spilchevig Gjære. Det er ingen spor av Knut si slekt her og det er
tydelegvis kun søskena som var fadderar. Det var ikkje så vanleg på
den tida.
Fadderlista gjev oss ein
peikepinn på kvar Else kom frå. Broren Timoteus hadde eit sopass
uvanleg namn at han vart lett å finne i bygdeboka for Borgund.
Timoteus Pedersen (1795-1848) var brukar på Gjerdet, bruksnummer 8
på Spjelkavikgjerdet ,og det står ein god del i bygdeboka om garden
på hans tid. Det syner seg at Timoteus tok over bruket etter far
sin, og dermed også far til Else, Peder Rasmussen (f. 1765). Peder
var også oppvaksen på Gjerdet og hadde tatt over etter far sin, så
slekta hadde halde til på bruket ein del år. Peder hadde ei tid
vore bygselsmann på Rødsetreiten også før han i 1793 tok over
farsbruket.
Bygdeboka for Borgund og Giske fortel at Peder gifte seg med ei Birthe Timoteusdotter Orvedrag (ca.
1767-1803) frå Geiranger, men det ser ut til å vere feil. Slektsgranskar Egil Rabbevåg har funnet ut at der ikkje er registert nokon Timoteus i Sunnylven, Geiranger eller Norddal. Det finst faktisk berre ein Timoteus i heile landet som kan høve og det er gruvearbeideren Timoteus Andersen som kom til Fiskå frå Røros og gifte seg der med Else Pettersdotter Fischaa i 1756. Timoteus kom nok for å arbeide i gruvene til den vidgjetne og særs upopulære futen Ole Alsing, opphaveleg frå Aukra. Han fekk 5 born og ei av desse heitte Birthe Timoteusdotter Fischaa (dp.1762). Vanlylvsboka fortel ikkje kvar ho vart av, men det er interessant å merke seg at mor hennar heitte Else, slik som eldstedottera til Birthe Timoteusdotter på Spjelkavikgjerde. Der vart også gravlagd ein Timoteus Andersen i Borgund i 1794. Han hadde kanskje flytta etter då han vart eldre. Denne Timotheus er kanskje den samme som vart døypt i Sokndal/Støren i 1726 og var son av "bergknekten" Anders. Birthe kom til Spjelkavika første gong som tenar for sorenskrivar Bull.
Peder hadde drive mykje med fiske og frå
skiftet etter Birthe finn ein både færing, part i trering, seksring
og åttring samt mykje fiskevegn. Buet var på 246 Riksdalar, medan
gjelda var på 138. Gjelda var stort sett til handelsmenn i Bergen,
der Peder bytte klippfisk og skinn mot brennevin, korn, tobakk og
hamp. Tida i byrjinga av 1800-talet var ikkje særleg god for den som
trong kjøpa seg korn. Det kan også ha påverka skulda. Han gifte
seg om att med Johanne Jørgensdotter Vasstrand i 1817 og makta å
kjøpe garden til sjølveige i 1821, så det stod ikkje så gale til
med han.
Det var altså frå
Spjelkavika at Else Marie vandra innover den temmeleg nye hovudvegen
og postvegen opp brattbakkane frå Ødegård i Puskhola, via
Eikenosa, Hegrevegane, Østremsgardane, Reiten og Øvste-Aksla mot
Magerholmvika. Der hadde ho kanskje fått lovnad om teneste kring
1830 ein gong. Det var truleg ikkje så mykje som ho hadde med seg på
ferda utover det ho stod og gjekk i. Inne på Magerholmen venta ein
ugift bygselsmann, men særleg unge kan dei ikkje seiest å vere. Frå
vigselspapira frå 17. juni 1832 vart det opplyst at Knut var 46,
medan Else var 41 år gamal. Eg er ikkje heilt sikker på om dei var
forlova, eller om bryllaupet vart planlagd fordi Else vart gravid.
Gifteringen på handa kunne verke som formildande når dåpen skulle
gjennomførast, men Else var omlag 5 månader på veg, så det vart
nok lagt merke til då ho stod brud, og det er nok mogeleg at presten
gav ein reprimande frå preikestolen også, for det skulle syne seg
at dette ikkje var den første gongen Knut hadde opplevd noko slikt.
Eg nemnde tidlegare at far
til Else gifte seg om att i 1817 med Johanne Jørgensdotter Vaatrand,
men det var ikkje den einaste begivenheita der, for det syner seg at
Else hadde vore gift ein gong tidlegare også. Ho gifta seg det same
året som far sin og med ein frå Vasstranda. Dette var Madtz Erichs.
Vasstrand, som var eit år yngre enn henne. Men lykka vart kortvarig,
og dei måtte tole ein god del motgong. Både i 1818, 1819 og 1820
måtte borna følgast til grava etter kort tid. Dei tre første borna
døde i barselsenga. Dei to neste gjekk det betre med. Helene vart
fødd i 1821 og Lars Martines i 1824, utan at eg veit meir om kvar
det vart av dei etter 1825. Så råka sorga bruket nok ein gong. I
august 1825 døydde mannen Mads. kanskje vart teneste den einaste
mogelegheita for Else og dei to borna som vart sittande att. Ho makta
truleg ikkje å halde på plassen på Vasstranda, og det verka som om
ho ikkje fann nokon å gifte seg med heller. Kvar det vart av ungane
veit eg ikkje. Sidan ho var enke, så kan det vere at ho fekk arbeid
som hushalderske for ungkaren Knut i Magerholmvika. Gardsoga for
Borgund gjev truleg også svaret på kvifor ho enda der inne. Mads
Eriksen Vasstrand (1793-1825) hadde nemleg kjøpt to gardpartar på
Vasstranda for 526 Speciedalar. For å makte kjøpet hadde han lånt
150 Spd. hjå lensmann Bjørstad og løyst obligasjon med selgaren,
Hans Olsen Lermo på 373 Spd. Det enda ikke bra og Mads gjekk
fallitt. Eigedomane vart seld på tvangsauksjon til Halvor Pedersen
Apalset på hovudbruket på Magerholm. Han fekk dermed kanskje eit
visst ansvar for enka, Else og borna også. Ein kan tenkkje seg at
det kan ha vore Halvor som fekk henne til å flytte dit.
Med giftermålet vart
faren til Knut registrert også. Han heitte Iver og budde på
Romestrand i 1832.
Det er grunn til å tru at
det var Iver Olsen Romestrand. Det står ikkje meir opplysningar om
han i Digitalarkivet, men han kom truleg frå Ulstein Prestegjeld og
budde kanskje der også. Ved raporteringa av dødsfallet til sonen i
1846, vert Knut Iversen Magerholmvik i alle fall registrert som
plassemann og med fødselsnamnet Romestrand. Eg kan også sjå at
Knut fekk minst ei søster, som heitte Ingeborg og vart fødd i 1792.
Livet i Magerholmvika vart
alt anna enn lett. Knut var husmann der i tida frå 1818 til 1846. I
1822 hadde han berre ei kyr og nokre sauer. Hest var det ikkje på
garden. Dette kan verke underleg når Mons, som hadde drive bruket
frå 1805-1811, kunne vise til stort overskot, var nærast gjeldfri
og hadde mykje fiskevegn i tillegg til 3-4 kyr, 5 geiter, sauer og ei
fin samling med klede. Mons var truleg bemidla frå før han kom til
Magerholmvika, for Lars Apalset som dreiv både før 1805 og etter
1811, han endte på legd. Det var difor truleg lite å ta over, og
dårleg råd kan ha prega vedlikehald av husa også i åra før Knut
tok over. Bygselskåra åt Knut var noko heilt anna enn den tidlegare
Mons hadde opplevd, med kun ein slåttedag hos handelmann Heide på
Vågneset. Etterfølgaren var Jens Jensen Heltne (f. ca. 1770) som
hadde kjøpt både Magerholm og Magerholmvika i 1814 og busette seg
på hovudbruket på Magerholm. Under hans styre måtte Knut vente
lenge før han fekk tinglest bygselsvilkåra sine. Det første året
måtte han delta med minst 9 arbeidsdagar for Jens. Då byselssetelen
vart tinglyst i 1840 var årsavgifta det dobbelte av det Mons hadde,
han skulle også bidra med for til 2 kyr og ein sau, gje frå seg 6
vågar av kornet sitt og nytte 2 arbeidsdagar i onnene hjå eigaren.
På den positive sida kan nemnast at han fekk rett på å hogge
tømmer og ved for sal.
Bygdeboka for Borgund
fortel at dei tre ekteskapa åt Knut Iversen Magerholmvik var
bornlause, men at han hadde fått eit uekte born med ei jente på
garden før han gifte seg. Desse opplysningane er kun delvis korrekte
så langt som eg kan sjå. Det er rett at Knut og Else hadde ein gut
på veg, då dei gifte seg i 1832, men fleire giftermål har eg ikkje
klart å finne. Bygdeboka gjev heller ingen namn på desse. Heller
ikkje Else er nemnd der. I 1821 finn eg derimot ein ny dåp. Her er
Knut Ivers. Magerholmvig oppgjeven som faren, medan «U-pige» Inger
Ingebrigtsdotter er oppført som mora, og ho vert dessutan registrert
som fastbuande i Magerholmvika. Fødestaden står ikkje der, men eg
har funne Anne Ågnesdotter Hesseberg frå Nerigar på Hesseberg som
ein av fadderane, saman med kårmannen Lars Joachimsen Apalset i
Magerholmvika. Det kan vere eit spor. På hesseberg finn eg ingen som
kan høve til namnet ingebrigt, som kan ha vore far til Inger. Andre
fadderar er truleg borna til Lars, for dei har ikkje noko anna
gardsnamn etter seg, slik Anne har. Eg vil difor tru at Ingeborg var
dottera til Ingebrigt Ingebrigtsen Magerholmvig (1750-1792), som var
brukar i Mageholmvika frå 1785. Han fekk i alle fall ei dotter med
namnet Ingeborg det same året. Kona hans heitte Anne Kari
Klausdotter (ca. 1755-1837) og dei kom snart på fattigkassa. Den
siste tida var han dessutan sengjeliggande. I 1791 vart Magerholmvika
oppgjeve som «øde» og av dyr hadde dei berre ei svart hoppe
attende. Når Ingebrigt døde i 1792, var der ikkje noko attende å
leve for. Anne var i tillegg gravid. I digitalarkivet finn eg spor
som kan stemme på desse påstandane frå bygdeboka. Anne gifta seg
deretter oppatt med Lars Jochumsen, som eg har nemnd tidlegare. Ho
nytta stort sett namnet Karen Clausdotter i arkiva og ved
1801-tellinga. På det tidspunktet budde Maria Ingebrigstdotter på
14 år og Jochum Larsen heime. Anne og Ingebrigt hadde altså minst
ei dotter som levde opp. Det einaste som er rart, er at Inger ikkje
er nemnd som heimeverande på bruket i 1801-tellinga, men er det den
same Inger som heitte Inger Berta Ingebrigtsdotter Magerholmvik, så
må ho ha vore nærare 30 år i 1821 og omlag 10 år i 1801. Tek ein
med dei økonomiske problema, så kan ho ha vore i teneste allereie.
Det kan verke rart at der finst to Inger i Magerholmvika, og stemmer
hypotesen min, så døydde ho som ungpike allereie i 1823. Kanskje
hadde ho hatt eit håp om å gifte seg med Knut?
Eg finn ingen prov på at
Knut gifte seg tre gonger. Derimot har eg funne at han fekk eit born
utanfor ekteskap i 1821 og det var ikkje så langt unna i 1832
heller. Han gifte seg kun med Else, så vidt som eg kan sjå, og han
var heller ikkje sett ned på i nabolaget. Då eigaren i
Magerholmvika, Ole Knudsen, seinare kalla «Parat-Ole» og far til
mellom anna Kristen Magerholm, gifte seg i 1829, var Knut forlovar.
Bruda heitte Kristi Apalsett og var dottera til den velståande
Halvor Apalsett, som hadde kjøpt både Magerholm og Magerholmvika og
Vasstrand-bruka i si tid. Ole sin far hadde før dette eigd halve
Magerholm og Kristi fekk no Magerholmvika i medgift og arv. Dei
busette seg etter kvart oppe på Paraten, eller Bøen som bruket også
vert kalla i våre dagar. Truleg vart kåra betre for Knut, når
Halvor kjøpte ut den tidlegare eigaren, Jens. Knut dreiv for det
meste med fiske, og kom også opphaveleg frå eit fiskedistrikt
lenger ute mot havet. Det vart på sjøen og fiske at han enda livet
sitt i 1846. Enka, Else fekk då kår hos Ole Knudsen, som kan ha
drive bruket sjølv ei kort tid.
I 1865 finn ein ikkje spor
att etter verken Else, Knut eller borna deira. Ei digitalt søk i
digitalarkivet gjev heller ikkje så mykje resultat, men takka vere
Ørskog historielag, så veit me i alle fall korleis det gjekk med
sonen Mats på biletet ovanfor. Han gifta seg i 1870 med Anne Oline
Hansdotter (f. 1846) frå Petergarden, bruksnummer 1 på Valbø i
Ørskog. Foreldra heitte Hans Jørgen Jonsen Valbø (1809-1897) og
Oline Toresdotter Rem (1810-1895) frå Valldalen. Hans var sjølv
fødd og oppvaksen på denne garden. Oline var den andre kona hans og
dei fekk berre ei jente, men han hadde 4 born frå før av. Etter
giftermålet fekk Anne Oline kjøpt og frådelt ein eigen plass frå
farsgarden. Den fekk gardsnummer 2. Løysinga vart truleg slik sidan
Mads ikkje hadde noko mogeleg arv i Magerholmvika. Den nye plassen på
på Valbøen fekk namnet «Massplassen». Dei fekk 7 born. Dei to
eldste finn du på biletet. Eldstemannen (Hans) Tomas (1876-1916)
vart verande på Sjøholt, medan Ole Martinus (f. 1880) drog til
Canada. Dei andre borna er Karl Elias Johan (1882-1884), Karl Andreas
(1884-1959) busette seg på Sjøholt. Dei to neste vart ikkje særleg
gamle. Dette var Anne Marie Elise (1887-1888) og Anne Eline
(1889-1890). Den siste i borneflokken var Lars Andreas Matias (f.
1891)
I 1900-tellinga finn eg at
Mads er innskriven som sjølveigar, «jordarbejdsmand» og
gardbrukar.
Karl Andreas og Lars budde
heime framleis. Karl gjekk i snekkarlære det året. Der budde også
ei som heitte Eli Eliasdotter Stene, som var fødd og oppvaksen på
Ørskog. Ho var 84 år gamal og fattiglem. Når ein beveger seg ti år
fram i tid, til 1910-tellinga, så var det berre Mads og Ann Oline
som var framleis heimeverande på Massplassen på Valbøen. Mads var
på den tida 78 år, medan Ann Oline var berre 57. Det er mogeleg at
ein av dei var sjuk det året, for der budde då ein sjukepleiar som
heite Olave Hansdotter Lande. Ho var også frå Ørskog, så det kan
verke mindre sannsynleg at ho leigde husrom. Då Mads døydde i 1914
gjekk Massplassen attende til hovudbruket igjen. Dermed gjekk bruket
over i historien i lag med Mads Britannus frå Magerholmvika, men
slektsbanda på Ørskog finst truleg framleis.