Emblemsvågen
er ikkje så gamal som einskild gard. Den vart truleg utskild frå
hovudgarden Emblem ein gong på slutten av 1500-talet, men der finst
spor etter folk heilt attende til folkevandringstida, og det er også
eldre funn attende til steinalder både aust og vest for garden. Dei
7 gamle gravrøysene ved vågsbotnen var såleis bygd for brukarane
på garden Emblem kring jernalderen. Emblemsvågen var då sjøstykket
til denne garden.
Frå
utskiljinga av Emblemsvågen til eigen gard og fram til 1712 var det
kun eit bruk her. Innmarka var teigbytt heilt fram til
utskiftingsprosessane i 1907. Det gamle tunet låg oppunder hamrane
mot grensa til Emblem og jorda var oppdelt i 20-30 teigar. Dei fleste
åkrane låg nært tunet i hellinga, men der fanst også nokre nede
på sletta ved den vesle bekken som rann ut i fjorden ved dagens
innerste naustrekke.
Knutgarden
fekk bruksnummer 1 ved oppdelinga i 1712, og det er her denne
teksten tek til. Frå 1650 hadde de vore småstellt der nede i
«Vågen». Brukar og smed, Anders Olsen hadde vorte dømd for
«løsagtighed» og fekk bot for ikkje å møte opp og skysse futen.
Bøtene greidde han ikkje å betale. Ein veit ikkje kven han var gift med, men det er mogeleg at Ingebret Emblemsvåg (ca.1650-1709) kan vere seonen til Anders.
Stort betre gjekk det ikkje
med arvtakaren, Hallvard Sjursen, heller. Han greidde ikkje å betale
tiendeskatten til kyrkja. Hallvard døydde i 1699 og åtte då berre
2 kyr, 3 geit og 3 sauer. Husa må ha tilhøyrd gardeigaren,
borgundpresten Christoffer Hjermann.
I 1699 selde han bruket vidare
til Johann Frimann. Det kan verke som om garden ikkje var like
attraktivt lenger. Kanskje var det slik at eigarane fleire gonger
måtte ta pant i gardshusa. Dette var omtrent det einaste ein
bygselmann hadde som sikkerheit, om han hadde sett dei opp sjølv. Tok
gardeigaren frå dei garn eller dyr og avling, så vart også håpet
om seinare inntekter lavare. Enka etter Hallvard var Siri Ottesdotter
Muri(206c) (ca.1658-1752), og ein veit om to born etter dei.
a) Randi (1689-1744) tok over halve garden. Det vart Antonesgarden (sjå meir om henne der).
b) Inger (1692-1769) vart først gift i 1725 med enkemann Rasmus Knuds. Bjørge(2+3). Han var opphaveleg frå Eikenosa på Emblem. I 1743 gifte ho seg opp att med Lars Bjørge, som tok over drifta av Bjørge(2+3) etter Rasmus. Bruket ligg på Ellingsøya.
Enka Siri gifte seg om att kring 1700 med Jon
Knudsen (ca.1667- død før 1752), og det var på hans tid at Emblemsvågen vart
delt i bruka som seinare skulle heite «Knutgarden» og
«Antonesgarden» på folkemunne.
Det kan virke litt rart å dele bruket, når dei som dreiv heile garden sleit med å brødfø seg. Her kan det vere fleire mogelege årsaker. Kanskje var det eigaren Peter Finde Astrup som beslutta dette, eller var det Siri som ville hjelpe både dottera, 704a Randi, frå forrige ekteskap og yngstedottera Anne? Ho var Siri si dotter med Jon, og dermed ikkje eldst i søskenflokken. Det kan óg vere slik at Jon ynskte at hans dotter skulle få seg jord på garden, eller rett og slett at folketalet vaks markant på Sunnmøre og mange sleit med å få seg noko å leva av.
Ein veit ikkje eksakt når Jon døydde, men Siri var i alle fall registrert som enke i kyrkjeboka i 1752.
Bygdeboka for Norddal nemner Jon og Siri under Omneås(40) i Valldalen, der Siri sin bror vart gardbrukar. Det stemmer truleg ikkje at dei har budd der. Ein finn også det som truleg er feilregistreringar ved introduksjonen av Siri sine born i Borgund kyrkje. I 1701 vert knut kalla Ole, og i 1703 står det Amund, medan det ved dåpen er korrekt namn som er ført. Jon tok kår i 1731.
a) Knud (dp.1701-1701) døydde 3 veker og 1 dag gamal.
b) Knud (dp.1702-1702) døydde 22 veker gamal.
c) Anne (dp.1703-1782) tok over bruket.
I 1731
tok svigersonen, Knud Joensen (ca.1705-1787) over bygselskontrakta
på garden. Underleg nok så gifte han seg ikkje med Anne Jonsd.
Emblemsvåg(1) før den 22. juni i 1732. Han er mellom anna nemnd som
medhjelpar og lagrettemann i folketellinga. Ved vigselen vart dei
kalla Anne Jansdatter og Knud Jensen. Det er funne tre born etter
dei. Det verkar nesten som ein byrjande tradisjon når også deira
førstefødde vart kalla Knudt. Han vart truleg oppkalla etter
bestefar til Anne.
a) Knut (1734-1772) gifta seg i 1758 med Siri Nilsd. Hoff(I), brukar «Karnelsgarden»,
Bjørge(3). Det var del av garden der tanta,
Inger, hadde gifta seg i
1725.
b) Joen (dp.1736-1804) tok over bruket i Emblemsvågen.
c) Jens (dp.1740-1776) gifta seg i 1766 med enka Mari
Knudsd. Nedregotten,
Emblem(6+7). Dei vart brukara i
den opphavelege
Steffågarden, Emblem(6+7), som eter 1840
skulle delast inn i Steffågarden i gamletunet og Jakobgarden
innanfor Røssevollelva.
Sonen
til Knudt heitte Joen. Det var ein variant av namnet Jon. Han tok
over Knutgarden i 1764 og dreiv kanskje bruket saman med faren ei
tid, før han forlova seg den 6. januar 1767. Her kan ein nestan
tenkje seg at det hendte i eit juleselskap eller ei liknande
begivenheit, omtrent som i den gamle norske filmen om Tante Pose.
Verklegheita var nok mindre romantisk og meir praktisk retta for den
som ikkje var sjølveigande bonde. Men på den andre sida var faren i
alle fall godt skrivefør slik at borna fekk ein dugeleg skulegong
og teoretisk lærdom med seg heimanfrå. I følge presten kunne han i
alle fall lese i 1769, og han var skikkeleg opplyst med fleire gode
bøker i heimen sin. Den slags var ikkje nokon kvardagskost på denne
tida. Joen gifte seg med nabojenta, Anne Jonsd. Emblemsvåg(7)
(dp.1746) frå husmannsplassen «Plassevågen». Joen følte seg med
andre ord ikkje heva over plassemennene ikring seg. Forloverane var
Jens Siversen Emblem(9) frå Auregarden og Hans Arnesen Emblemsvåg(5)
frå Antonesgarden. Ingen av borna tok over bygsel på garden
a) Joen (dp.1770) gifta seg i 1799 med Brit Arnesd.
Nordang(1),
brukar Kolbeingarden,
Åse(5).
b) Knud (dp.1776-1850) gifta seg i 1805 med Dorthe
Olsd. Blindheim(8), frå Kolbeingarden,
Åse(5). Han
tok over den garden etter storebroren sin.
c) Anne (Marie) (dp.1782-1856) gifta seg først i 1816 med
Ole Ols. Godø(12), brukar Remvik. Go gifta seg på nytt i
med 1828 g.m.
Knud Styrkers. Søvik(13).
d) Bernt Magnus (dp.1786-1786) døydde 1/4 år gamal.
I
1788
tok Halvor Halvarsen Eikenosødegård(3) (dp.1763-1818) frå Framigard over
Knutgarden. Han dreiv bruket på bygsel til 1817 året før han
døydde. Halvor var sonesonen til Jakob Rasmuss. Emblemsvåg(5), ein
tidlegare brukar på nabobruket Antonesgarden. I 1788 gifte han seg
med
Synneve
Nilsdotter Valderhaug(33) (dp.1766-1831) Dei fekk etter kvart 8 born.
a) Johana (dp.1789-1789) døydde 2 veker gamal.
b) Anne (dp.1790-1881) gifta seg frøst i 1832 med
Gunner Gregoriuss. Røssevoll(1). I 1845 gifte ho seg
på nytt med
Guttorm Nilss. Østrem(sjø), brukar Remvik
på
Digernes, Skodje. Ho fekk 1816 sonen Lars Henrik
Elias med
Knud Ole Andreas Larss. Blindheimsnes(3),
brukar
Veibust(5).
c) Nille Johanna (dp.1792-1876) gifta seg i 1836 med
enkem. Abraham Martin Jetmunds. Lerstad(1),
brukar
Lerstad(1). Ho fekk 1818 dottera Agathe Olsd. med Ole
Peders. Fjørtoft, og 1826 Henninge Ivrine Catrine, med Ole
Hanss. Hundsvær. Enke og fattiglem, busett hos søstera
på Furholm, Eikenosvåg(3) i 1865.
d) Hallvar Martinus (dp.1795-1801) døydde 5 1/2 år gamal.
e) Severina (dp.1798-1876) gifta seg i 1838 med enkemann
Ole Andreas Eriks. Kvasnes(1), brukar
Kvasnes(1). Ho
fekk 1820 sonen Karl med Knud Knuds.
Romestrand(4)
.
f) Henninga Martha (dp.1800-1872) gifta seg i 1842 med
enkem. Peder Andreas Amunds. Mek, frå Volda. Dei var
Brukara på Furholm, Eikenosvåg(3).
g) Halvard Martinus
Andreas (
dp.1803-1847) gifta seg i
1827 med Anne Berthine Henriksd. Gamlemshagen(14),
brukar Søvik(9). Omkom på sjøen med sonen Hallvard, og
fleire andre. Ingen vart funne att.
h) Rasmus (dp.1806-1895) gifta seg i 1838 med Henninge
Rasmusd. Store Nørve, brukar Bjørgeholm,
Ellingsøya.
Var 1831 tenar på Ytterland.
I
1817 vart det på ny slektskifte på Knutgarden i Emblemsvågen.
Ingen av borna til Halvor tok over. Jens Olsen Tafjord(511b)
(1787-1858) gifte seg 1815 i Norddal med Annike Ingebrigtsd.Emblem(1)
(dp.1787-1863) frå Negarden. Dei dreiv bruket i kun tre år, før
dei flytte attende til Norddal. Begge budde på garden Hjelme i
Valldalen når dei døydde. Årsaka til at dei flytte så raskt er
ikkje kjend, men klima og dei vanskelege åra med napoleonstid, krig
og barkebrødtid i forvegen, førte mange på flyttefot etter betre
kår. Det kunne verke fornuftig å komme seg nærare fiskefelta, men
det skulle vise seg at levekåra likevel var betre i indre fjordstrok
i denne perioden. Ein kan sjå at dei forsøkte seg fleire stadar. I
1815 budde dei i Tafjorden, i 1824 forsøkte dei seg på Korsneset,
før ein finn dei på Hjelme i 1837.
a) Ole (f.1812) var landvernsoldat. Mora var Pernille
Larsd. Ringdal(1) frå
Sunnylven.
b) Jørgen (1813-1823). Mora var Maren Paulsd.
Gjerde(418c) frå Norddal. Jørgen
drukna i en brønn.
c) Ragnhild (f.1813) gifta seg i 1850 med Martinus
Frederik Ols. Lille-Årset(2), brukar
Vestre(6) på Vatne.
Mora var Christi Knudsd. Korsnes(67c).
d) Oline (1815-1885) var første born med Annike
etter giftermålet. Ho gifta seg i 1855 med Magnus Andreas Haagens. Alstadsæter(203a),
brukar Alstadsæter(204).
e) Ingebrigt Elias (1817-1870) gifta seg først i 1846
med Susanne Gregoriusd. Engeset(314d), brukar
Valldal(280). Oline gifta seg på ny i 1868 med Ingeborg
Maria Syvertdtr.
Døving(36a), fødd på Skrednakken,
brukar
Valldal (280).
f) Cecilie Inger (1820-1909) fødd Korsnes. Ho gifta seg
i 1849 med Johannes Britanus Villeiksen
Flåte(6), Skodje,
brukar Rødset(strand), Spjelkavik.
g) Ole (1824-1896) gifta seg i 1853 med Karen Marte
Pedersd. Gjerde, som vart fødd
Dalhus(109h) i Norddal.
Dei vart brukarar på Myklebust(16).
Den
neste bygselsmannen i Knutgarden kom også frå Norddalen. Dette var
Knud Knudsen Korsnes(67a) (dp.1779-1866). Han vart heile 91 år
gamal. I hans tid som brukar fram til 1833 var det særs vanskelege
og tronge kår på bruket i Emblemsvågen. Han hadde gifta seg med
Anne Marthe Thorsd. Storstein(1) (dp.1783-1825) i 1803. Det kan verke
som om han hadde bytt gard med Jens før han, Frå skiftedokumenta etter Anne Marthe kan ein lesa at
dei berre hadde hest, 2 kyr, ei kvige og ein sau. Både såkornet og
avlinga på 4 tønner med havre var allereie oppbrukt til mat når
april kom. Dette var fleire månader før neste avling, men dei gav
seg ikkje av den grunn. Knud Knudsen gifte seg opp att i 1826 i
Norddal kyrkje med enka Anne Eriksd.Korsnes(66c) Hauge(127)
(f.1775). Dei fekk ingen barn
a) Anne Regine (dp.1805-1825) vart døypt i Norddal.
Ho døydde 20 år gamal.
b) Karen (1807-1895) tok over bruket.
c) Petter Carl (dp.1811-1845) var dreng i Emblemsvågen.
Dottera
Karen Knudsd. Emblemsvåg(1)(1807-1895) tok over bruket i 1833 og gav
kår til foreldra sine. Ho gifta seg i 1834 med
Ingebrigt Carolus Iverson Emblem(9) (dp.1796-1866), frå Auregarden. Dei
dreiv garden til 1866, og gjorde det godt.
a) Anne Maria (1830-1883), Karen si dotter med
Haaver Sivers. Vedde frå då ho tente i
«Havnen» i
Langevåg. 1852 Anne gifta seg med enkemann Rasmus
Alberts.
Ytre-Hovde(7), brukar Ytre-Hovde(7) Ørsta.
b) Lars Johan (f.1835)
c) Knut Andreas (1839-1917) tok over bruket.
d) Elen Petrine (1844-1846) døydde, nesten 3 år gamal.
e) Ingebor (1846-1846) var tvilling. Ho døydde 8 dagar gamal.
f) Carl (1846-1846) var tvilling. Ho døydde 13 dagar gamal.
g) Peter Karl Elias (f.1848) er kanskje den same som er
nemnd som «korkeskjærer» i
Kristiania, og drog til St. Peter, Minnesota i Amerika 1874.
I
den gamle omgongskuleprotokollen frå skuleåret 1859 til 1860 kan vi
likevel lese litt om både Peter Karl Elias og skulegongen. Han var
innmeld i Emblem Krins som omfatta Emblem, Emblemsvågen og
Røssevollen. Skuleåret varte frå 27. oktober til 15. november og
26. april til 22. mai. Dei ulike brukarane delte på å låne ut
stova si til skulen. Tidsrommet 7. til 9. november 1859 var det
Knutgarden, og faren Ingebrigt, sin tur til å huse skuleborna. Peter
var no i konfirmasjonsalder og presterte på det jamne i dei fleste
faga. Eg veit ikkje kva som var høgste karakter, men eg finn i alle
fall ikkje noko betre enn karakteren 4. Det kan verke som om
karakteren 2 er bestått. Dei fleste låg stort sett på 2 og 3. Nokre
var så heldige å ein karakter på 4, men ytterst få hadde fleire.
Ole Pederson Røssevoll, seinare brukar i Pe-garden på Røssevollen,
var beste elev med heile tre karakterar på 4 og resten på 3. Peter
låg ikkje så langt bak med fleire karakterar på 3, og karakteren
4 i bibelhistorie, men katekismen og staving sleit han meir med. Her
var karakteren 2. Dei andre emna som dei vart vurdert i var mellom
anna historie, lesing, rettskriving, geografi, skriving av bokstavar
og bibelhistorie.
16.
november 1865 vart det halde skifte etter gardeigaren, Knud Halvorsen
Blindheim. Han åtte ein gardpart i Knutgarden, som han hadde kjøpt
av den tidlegare nemnde Lars Larson Nedregård som hadde eigd garden
frå 1833. Frå ekstrautskrifta i 1866 kjem det fram at skiftet
gjaldt alt, med unntak av naustet, kvernhuset og ei bygning til som
var bortbygsla til «Leilending Ingebrigt Iversen og Kone beheftet
med Vilkaar til Knud Knudsen». Det
kan bety at alle husa tilhøyrde gardeigaren. Det var nemleg slik at
dersom ein bygselmann sette opp eigne hus så beheldt han
eigedomsretten til desse. Slikt var veldig vanleg, og det motsette kan
tyde på at det ikkje stod like god til med økonomien på denne
tida. I 1865 finn ein også namnet på ei av tenarane i
Knutgarden. Det var den ugifte tenestejenta Randine O. Olsdotter
(f.ca.1810) frå Hjørundfjorden.
Sonen,
Knut Andreas Ingebrigtsen Emblemsvåg(1) (1839-1917) hadde meld
flytting til Roald på Vigra, som den gong var del av Haram
Prestegjeld, når han gifta seg i 1865. Men opphaldet var særs kort.
Allereie i 1866 var han brukar på farsgarden, og fortsette med
det til 1902. Han gifta seg i 1865 på Vigra med pige Oline Jørgine
Sevrine Nilsd.Blindheim(3) (1837-1912). Dei hadde møtt kvarandre på
Haram, der dei begge var tenarar. Året etter giftermålet kom Knut
heim og kjøpte farsgarden av arvingane etter Knut Halvorson
Blindheim, som døydde i 1865. I den tingleste skøytet finn ein at
dette var døtrene Severine og Nicoline Knutsdotter Blindheim, samt Elias Giskeødegård. Kjøpsummen var på 700 speciedalar. Han klarte
seg mykje betre enn besteforeldra sine. I 1868 hadde han hest, 9 kyr,
12 sauer og eit utkome på 4 tønner bygg, 23 tønner havre og 28
tønner md poteter. Likevel valde han å selge garden til Anders
Olsen Giskegjerde kring 1870 og vart bygselmann i staden.
Ein
kan truleg spore årsaka til det seinare salget i pantebøkene. Det
var først med Knut Andreas at ein
kan spore frådelingar og sal av jord som opphaveleg tilhøyrde
Knutgarden. Først vart det frådelt ein jordlapp til ein
husmannsplass i heimeutmarka mot vest. Den fekk etter kvart namnet
«Ludvikplassen» på folkemunne, etter husmannen Ludvig Gregorius
Ingebrigtson Valle. Det var han som fekk frådelt dette stykket for
si levetid, saman med eit større stykke frå Antonesgarden. Det er
truleg at han fekk hjelp av bror sin som vart godt gift til garden
Ystebøen like ved. Knut Andreas trong nok både nyrydding,
inntekter, men det var Antonius på nabogarden som fekk arbeidshjelpa
i onnene. Så mykje pengar til å betale ned på gjelda fekk han
ikkje ut av ein husmannsplass. Det kan verke som om Ludvig kom
omtrent samtidig med at Knut Andreas kjøpte farsgarden. Det gjekk
ikkje så bra med Ludvig dei første åra. Allereie i august 1865
vart det eksekusjonforetning på plassen. Han makta ikkje å betale
avdraga til Claus Ingebrigtsen Emblem for eit lån på 167
Speciedalar, med pant i den vesle stova han heldt på å sette opp.
Dette var heller ikkje det einaste lånet han hadde.
I
1869 måtte Knut låne 50 Speciedalar frå Jørgen Sørensen
Voldsdal, mot pant i garden. Her kjem det også fram at han hadde
seld eit stykke av bruket til Hans Magnus Iversen Emblem i
Hatlebakken, Emblem(3) også, men dette var enno ikkje tinglest.
Hans hadde fått rydde seg ein plass mot austgrensa til Emblemsvågen
nokre år i forvegen, og vart seinare svigerfar til Knut Andreas si
eine dotter. Skylddelinga og skøytet på dette stykket, som fekk
namnet «Ytre Hatlebakke», vart først tinglest i 1870. Det var på
den tida Knut selde farsgarden. Han fekk 144 speciedalar for denne
delen. Det var tydeleg at Knut trong pengar no. I 1870 selde han
husmannsplasen «Oshaugen» til brukaren der, Nils «Båt-Nils»
Rasmusson Løset frå Volda. For 250 Speciedalar. Men det var rett og
slett ikkje nok. Han måtte selge halve garden med andel i husa,
unntatt
«Nøst, Kornhus og Seterhusene»
til
Andreas Olsen Giskegjerde for ytterlegare 200 speciedalar før 1870
var omme. For dette fekk han bygselskontrakt på det same stykket.
Ein kan undre seg på om Knut hadde feilrekna, eller vore for
optimistisk, når han kjøpte farsbruket. Han klarte i alle fall å
unngå tvangsalg og utpantingsforretning, men pengane rakk berre i to
år. I 1872 måtte han selge det som var igjen av garden til same
kjøpar for 1200 kroner, og i tillegg låne 100 speciedalar til av
Johan Cornelius Giskegjerde. Det kan verke som om den som dreiv fiske
langs kysten hadde pengar å investere, men Knut fekk truleg ikkje
del i denne rikdommen frå havet.
Knut
Andreas og Oline fekk tre born.
a) Caroline Severine
Eline (
1866-1900) gifta seg i 1892
med
Iver Andreas Henrik Ols. Nedregotten(2), frå
Guttormgarden, Nedregotten(2).
b) Nicolai Andreas (f.1868) var ugift sjømann, drog til
USA og Minnesota 1887 som ugift
sjømann.
c) Anna Olivia (1870-1926) gifta seg i 1897 med skomaker
Andreas Britanius Magnuss.
Emblem(3), brukar
Hatlebakken, Emblem(3).
d)
Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) tok
over bruket.
Sonen Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923) hadde vore i Amerika ei tid, frå 1895. Han
kom attende, og kjøpte att bruket i 1902. Lars gifta seg det same året med Karen Marie Gregoriusdotter
Myren(219b) (1878-1962), frå Valldal. Han døydde av bronkitt/ astma 1923. Karen fortsette,
saman med borna, som brukar heilt til 1943. Ho starta også å leige ut huset sitt om somrane.
Frå skuleprotokollen i
1880 kan ein sjå at Lars gjorde det brukbart på skulen. Karakterane
varierte frå 2,5 til nærare 4. No vart elevane vurdert med karakter
i følgande emne: bibelhistorie, katekisme, forklaring (til
katekismen?), utvalde stykker i leseboka, staving, lesing, sang,
skriving, rettskriving, regning, flid og ved avsluttande eksamen når
dei var klare for konfirmasjon og overhøyring. Han hadde ikkje
eksamen det året. Han hadde også møtt opp flittig. Der var kun ein
begrunna fråversdag.
Frå
det siste tingleste Skøytet på garden kan ein lesa følgande:
«Underskrevne
Knud Andreas Ingebrigtsen Emblemsvaag sælger, skjøder og afhender
herved til Andreas Olsen Gidskegjære den anden Halvdel af det mig
tilhørende brug Emblemsvaag (...) med tilliggende Herligheder og
paastaende Huse, dog saaledes at herfra er untaget: a) den Part av
Gardbruget som jeg ved Skjøde af 25. Juni 1868 har solgt til Nils
Rasmusen Løset hvilket Skjøde er oplæst for Kjøberen. b) Nøstet,
Kværnhuset og Sæterhusene, hvilke Eiendomsparter ikke for nogen Del
er inbefattede i Salget. Den omkontraherede Kjøbesum er 1200 Kroner,
der er mig betalt. Af det Gardbrug paaheftede Kaar til min moder
Ksren Knudsdatter overtager Køberen nu ogsaa den anden Halvpart.
ForudenKøbesummen har jeg betinget mig Ret til for min og Enkes
Levetid at bruge den solgte Gaardpart mod Svarelsen af 12 Kroner
aalig Afgift men uden Bygselsens Erlangelse og ansettes denne
Brugsret til en verdi af 200 Kroner derom vil Bygselseddel idag blive
udskrevet. I Overenskommelse med forestaaende skal den solgte
Gardpart herefter følge og tilhøre Kjøberen til Odel og Eiendom.
(...)»
Kjøparen
la på si side til følgande krav i bygselskontrakta:
«1)
Han rydder dyrker og forbedrer Jordveien saaledes som til enhver tid
udkreves til Oppholdelse af Fordringerne til en forsvarlig
Brugsmaade, hvorledes han holder Huse og Gjorder i (..) Stand. Han er
i ethvert tifelde ansvarlig for Husene, ligesom han er pligtig til at
opføre nye Huse naar e ældre ikke lenger er tjenelige. Til
Gardbrugets Huse tilhøre ikke Nøst, Kværnhus og Seterhuse.
2)
Svarer han a) det Gardparten paahvilende Kaar til hans Moder. b) Alle
offentlige samt kommunale Ydelser som ere eller vorde paabudne samt
Tiende.
3)
Husmand eller Inderste maa ikke indtages paa Eiendommen uden
Jorddrottens Samtykke.
4)
Erlegger han i aarlig afgift til Jorddrotten 12 – tolv – Kroner,
der betales inden hver Jul, først gang i dette Aar under forhøielse
med en fjerdepart.
5)
Iøvrigt gjælder Lovgivningenes Bestemmelser om
Leilendingsforholdet.»
Det
kan verke underleg at også han var så opptatt av naustet,
kvernhuset og seterhusa. Ei forklaring kan vere at dei ikkje
tilhøyrde han på denne tida. Knut omkom på tragisk vis i 1902.
«Søndmørsposten» kunne fortelle at han fall overbord frå ein
dekksbåt utanfor Ålesund: «Ulykken skede, idet der skulde
læggæs ind et Reb. Mændene stod herunder og la sig over
Storseilbommen. Pludselig gik Skjødet løst, og Bommen tog de to
Mænd overbord. En tredie havde nær gaaet samme Vei, men blev holdt
igjen i sidste Øieblik.» Meldinga om drukningsulukka denne
natta vart trykt i fleire aviser.
I
1867 vart kårbrevet til mora, Karen tinglest. Av tenestefolk i 1865
kan nemnast Peter Bastian Johan Larsen Jarnes(7) (f.1886) frå
Sykkylven. Han var kjørslegut og er registrert i 1900-teljinga og
drog i april 1906 til Minnesota i USA. Han døydde ugift der kring
1907, og er gravlagd i Hoquiam. I den same tellinga finn me Anna
Karlsd.Hatlemark(1) (1873-1956) Også ho kom frå Sykkylven. Ho
gifte seg i 1903 med Johan Tusvik(2)
Frå
1902 til 1943 var det Lars Karl Knudsen Emblemsvåg(1) (1872-1923)
som var gardbrukaren i Emblemsvågen. Han hadde vore i Amerika, mellom
anna i 1895, og kjøpte att bruket. Han gifte seg i 1902 i Norddal
kyrkje med pige Karen Marie Gregoriusd. Myren(219b) (1878
-1962). Dei fekk heile 10 born.
a) Knut Georg (f.1903) drog til Amerika 1922.
Han er
innskriven på Ellis Island 27. januar 1922. Eg veit enno
ikkje kvar han vart av.
b) Karoline Olea (1904-2000) gifta seg med Lars Kornelius
Ols. Emblem(9) i Auregarden,
brukar Emblem(9).
c) Georg Oskar (1906-1969) tok over bruket.
d) Ragna Petra (1907-1984) gifta seg med målarmeister Ole Johannes Helø. Han gjekk
lakkeringskurs i Oslo, hos Leon
Ørbeck, som var gift med
Karn Lovise frå Antonesgarden.
Ragna busette seg i
Volda.
e) Leo Castberg (1909-1979) gifta seg i 1941 med Lisa
Olivia Larsd. Akslen(4), frå Høla, busett
Emblemsvåg(15).
f) (Nella) Nelly (1912-2002) gifta seg i 1937 med
bilmekaniker Thorstein Halvorsen, busett Oslo.
g) Solveig Tordis (1913-2001) gifta seg i 1939 med gartner
Olaf Sætre, busett Molde.
h) Anna (1916-2007) gifta seg i 1955 med Rasmus Agnar
Erling Støverstein, Storsæter(1),
Skodje. Paktar på
Borgund Prestegard, busett Vilhelmsplass,
Furmyr(9).
i) Olga Marie (f.1918) gifta seg først i 1946 med meieristyrar
Einar Austad, busett Ullvik i Sogn. Gifta seg opp att med
Håvard Opheim, Ullvik i 1959.
j) Peder Greg (1921-1989) gifta seg først i 1949 med Herdis Totland, Åndalsnes. Ho døydde året etter. Peder gifta seg på
nytt i 1955 med Tora. Han var motstandsmann og seinare
oberst. Dei
budde sist på Elverum.
Yngstemann,
Peder Greg Emblemsvåg (1921-1989) var ein vidgjeten kar. Han drog
til Shetland i 1941 og verva seg til motstandskamp under 2.
verdskrigen. Det vert fortalt at han også vart trent til teneste i
Kompani Linge, men det var nok helst som Milorgmann ogat han medverka til
oppbygginga av Milorg i Gudbrandsdalen. Han var med i milliære
trefningar både i 1940 og våren 1945. Han fortsette med ei
millitær karriere etter 1945 også. Han var mellom anna oberst og
sjef for Brigade Nord.
Lars
fortalde i eit intervju kring 1925 til P. Stensager om funn av ei
oval «bombe» i tre utanfor Ystebøen. Den var laga med tønnestavar
og hadde ein tønnestav som lokk på omlag 22 tommar i breidda.
Stensager fortalde vidare: «Den skal efter fortællingen være
fundet i en røis på Ystebøen. Hans Bestefar arvet den. Hans
forgjenger, antakelig faren, skulde ha fundet den med penger eller
sølvsaker i. Der hadde før værert fattigdom, men efterat de hadde
fundet bomben, blev det pludselig velstand i garen, og dette skulde
da skyldes fundet av kisten og den skat den indeholdt.. Lars far var
sikker på beretningens sandhet og holdt trofast på kisten.». Ole
Knutsen Emblem, eller «Sjurs-Ole» fortalde i eit samtidig intervju
med Stensager om at «En av mændene på Auregarden fandt
en middagsykt et skrin med sølv i en røis utenfor Ystebøen. Han
reiste til Bergen med det, men nogen rikdom vet ikke Ole av at der
blev.» Desse historiene kan
sjølvsagt vere sanne, og dei fekk Stensager til å undersøke meir.
Det endte med ei arkeologisk utgraving og funn av fleire graver like
utanfor husa på Ystebøen. Ingen av desse kan truleg ha samanheng
med sølvet. Kanskje er det meir truleg at brukarane i Emblemsvågen
fann verdiar i gravhaugane nede ved sjølve vågen. Slikt var i so
fall plyndring av verdiar som tilhøyrde staten. Slikt finn ein
fleire eksempel på i bygda vår, der funnstaden kan ha vorte endra,
slik at det skulle verte vanskeligare å stille nokon for retten i
ettertid. Det er i alle fall lite som kan tyde på at far til Lars
hadde tilgong på slike verdiar. Far hans var rett nok frå
Auregarden, men han var bygselsmann all sin dag. Alternativt kan det
vere som i Sjurs-Ole si forteljing om at der vart funne noko, men at
der ikkje vart noko rikdom derfrå. Det kan i so fall stemme med dei
andre funna på Ystebøen, at dei var meir av praktisk art.
«Sjurs-Ole fortalde også at far til «Vågs-Ingebrigt» skulle ha
hatt eit spyd på over ei famn som var spiss i den eine enden. Det
passar ogå med tida der dei første gravrøysene i sjølve Vågen
vart utgravde og deretter jamna ut.
Om
kvardagen i Knutgarden finst det eit nedskrive barndomsminne, signert
Harriet Leithe i Ålesund. Far hennar kom opphaveleg frå Oshaugen i Emblemsvågen, og familien leigde seg inn som
«landliggarar» hos Karen om sommrane på 1920- og 1930-talet. Dei
var to familiar som leigde seg inn i skuleferien for to månader. Dei
betalte til saman 80 kroner for opphaldet. Dette var tidlegast frå
1924, etter at Karen vart enke. Inntekta var soleis kjærkomen for ei
ti-borns mor. Minst halvparten var så små at dei truleg budde heime
på denne tida. Dei flytte då ned i kjellaren og overlet resten av
huset og stabburet til byfolket. Ho var ikkje den einaste i bygda, eller Emblemsvågen, som dreiv med dette. Det var ei særs populær
ferieform for dei frå middelklassa som hadde råd til ferie.
Mannfolka vart att i Ålesund for å jobbe, men kom innover i
helgane. Ein veit at der var minst to familiar på bruket Sandane
(Sandvik) litt nærare badeplassen på denne tida. Mest kvar einaste
gard i bygda gjorde det same. Byfolket averterte i avisa etter plass
i førstninga, men fortsette gjerne å leige med dei same fleire år
på rad. Mange hadde slektsforbinding med bygda og frå 1934 byrja
også Karen å selge hyttetomter. Fleire heiv seg på den nye trenden
som etterkvart utkonkurrerte innlosjeringa.
Om
hovudhuset fortalde Harriet at tre- og murveggar i huset var
kvitmalte med breie vinduskarmar, fyllt med geranier i alle fargar. I
kjellaren var det grue og ein svar komfyr. Der stod to vassbytter med
vassause ved sidan av som alle drakk vatn frå, så der var nok ikkje
innlag vatn på den tida. På veggane i kjellaren hang hyller med
kapper på. Dei var fyllte med «rosete» koppar og fat. På golvet
låg heimevevde filleryer og der var eit trekvitt langbord med
tilhøyrande slagbenk. Ungane sov på stabburet om sommaren. Det var
eit rom for gutar og eit for jentene. Utanfor kjelaren låg ei stor
steinhelle som benk. Den var lagt slik at dryppande vatn frå
torvtaket ikkje skulle nå mjølkespannene når dei stod til tørk.
Der var også eit gjerde der dørslag og dørslag vart hengt til
tørk. Det er ikkje nemnd om dette var stakittgjerde.Karen var ei
triveleg dame med krølla hår og rull i nakken. Dei fekk tidleg lære
seg å ikkje springa på attlegane der slåttegraset skulle få veksa
seg høgt.
Kyrne
beita som regel ved Emblemsanden i aust eller vest for tunet. Dei
stod som regel ved grinda og venta på mjølking. Det kan verka som
om dei ikkje setra i Knutgarden på den tida. Kanskje var det
allereie nok beite og nydyrka slåttemark nede i bygda, eller kan
hende var det for dyrt å drive seterhushald no som ho var enke.
Mjølka skulle uansett fraktast til Ålesund med båt frå
dampskipskaia i Emblemsvågen og byfolket skulle ha sine rasjonar med
mjølk for 10 øre literen. Sjølv byfolket laga «rjomekolle» i
store brune fat. Den vart eten etter tur med skei rett frå
lagringsfatet. Når kyrne var kalvtunge måtte dei oftare hentast ute
i Løkane eller Brendhaugane. Det vart fortalt at der var ei hulder i
furuskogen, som ongane var redde for då haustmyrkret kom. Der var
også eit troll på Langhaugane i nærleiken av staden der fabrikken
til Spilka ligg i våre dagar.
I
1943 tok sonen Georg Oskar Larsen Emblemsvåg(1) (1906-1969) over
farsbruket. Han gifte seg med Lovise Kristiane Olea Pedersdotter
Flåen (1910-1997) frå Stordalen. Han vart ein av pionerane i
Emblem Idrettslag, og truleg ei viktig årsak til at laget fekk leige
plass til fotballbane på Emblemsanden dei første åra. Han overtala
mor si til å leige ut ei bot omlag der dagens strandvolleyballbaner
ligg. Då hadde laget arbeid ei god stund med å få seg ein stad å
spele kampane sine. I likheit med dei fleste andre småbrukarane på
Emblem var også Georg ansatt i arbeid for Borgund Kommune etter
krigen. Han omkom i ei ulukke, då ei grøft rasa saman over han.
a) Lars Karsten (f.1940) tok over bruket.
b) Marit (1943-1990) var ugift avdelingssjukepleier.
Sonen Lars Karsten Emblemsvåg (f.1940) tok over bruket etter far sin. Han arbeidde også som
snikkar. Garden vart nedlagt i hans tid. 2005 selde han garden til søskenbornet, Hallvard
Emblemsvåg, og flytte til Gjøvik. Lars gifta seg 2010 med Bente Johanne Mikkelborg.
Då var hovudhuset frådelt.
Søskenbornet
Hallvard Emblemsvåg (1950-2017) gifta seg med Herdis Blindheim(3) (f.1951).
Begge har vore særs aktive i Emblem Indremisjon. Hallvard dreiv sitt eige fysikalske
behandlingsenter på Blindheim. Han var i mange år i leiinga på Emblem Bedehus, og ansvarleg for
ungdomsarbeidet med mellom anna «In*Puls». I tillegg har han hatt fleire verv i kristne
organisasjonar utanfor bygda.
Han tok tidlegare over huset til foreldra, Emblemsvåg(15), Han var yngst i ein ungeflokk
på tre. Søskena er Liv Karin (1942-1998), gift med Kåre Bjørdal
og tidlegare busett like ved, og Øyvind Emblemsvåg (f.1944), busett
i Alta. Dei fekk fire born. Hallvard framleis holdt i hevd gamle tradisjonar
med mellom anna litt hesjing for moro skuld. Det er det ikkje så
mange som kan lenger. Eigedommane vart overdratt til Herdis våren 2020. Ein større del av markane til fleire av gardane i Emblemsvågen er i det siste lagt ut til byggefelt. (2019).
a) Jo-Einar (f.1976) er busett i Spjelkavik.
b) Dag Leo (f.1977) gifta seg i 2011 med Kari Anne Kleiveland, busett Salhus.
c) Margrete (f.1980) er sambuar med Vegard Dahle, busett i hovudhuset til Knutgarden,
Emblemsvåg(1).
d) Helga (f.1982) er busett i Oslo.