Antonesgarden er bruk nummer
5 i Emblemsvågen. Bruket vart utskild i 1712 frå Knutgarden, og frå
den tid eit av to hovudbruk i Emblemsvågen. Matrikkelgarden
Emblemsvåg er truleg det opphavelege sjøstykket til garden Emblem,
som igjen er det eldste gardsbruket i bygda. Emblemsvågen, og områda
like ved, er rik på funn frå både folkevandringstid og steinalderen, men Emblemsvågen vart truleg eige bruk
først etter reformasjonen. Vi finn ein namngjeven Paul i Vågen i
1603. Du kan lesa meir om dei første brukarane i Emblemsvågen her på www.emblemsbygda.com .
Historia om Antonesgarden
startar altså på byrjinga av 1700-talet. Den første brukaren var
Sjur Torsen (d.1716). Han var svigersonen til Halvard Sjursen som var
den siste brukaren av heile Emblemsvågen. Halvard hadde slite med å
greie seg og makta ikkje å betale tiendeskatten til kyrkja. Når han døydde i 1699, var
det kun 2 kyr, 3 geiter og 3 sauer attende. Enka, Siri Olsdotter Muri
(d.1752) gifte seg opp att med Jon Knutsen og det var Sjur at
garden vart delt. Han var gift med Randi Halvorsdotter Emblemsvåg(1+5) (1689-1744). Vi veit kun av eit born etter dei.
a) Thore (dp.1714-1719) døydde 5 år 7 veker og 3 dagar gamal.
Det kan verka underleg at
gardeigaren, prost Finde, valde å dele garden når det var vanskeleg
å klare seg der for ein bygselsmann. Det kan vere mogeleg at det var
brukaren sjølv som yngste denne løysinga, for det var dottera til
Siri, Randi Halvardsdotter Embemsvåg
(1689-1744), som fekk frådelt denne gardparten. På den tida
måtte ein ha noko å leva av om ein skulle stifte familie, og det var
som regel ein gardpart eller ein husmannsplass. Før ein klarte å
skrape saman midlar til å betale husmannsavgift eller
bygselsavgift, måtte ein framleis vere ugift og i teneste på andre
gardar. Siri var 23 år på den tida ho fekk ein bit av farsgarden og
kunne gifte seg det samme året. Det kan også vera ei anna
årsak til at hovudbruket vart delt i to. Halvsøstera, Anne
Jonsdotter Emblemsvåg frå mora sitt andre ekteskap fekk Knutgarden,
sjølv om ho eigentleg var etter Randi i arvefølga. Kanskje
var det dermed slik at garddelinga vart eit resultat av at ei
avtale i familien?
I likheit med dei fleste
gardsbruka på Emblem vart også Emblemsvågen seld frå Niels Wind
til kjøpmann Johan A. Heide. Antoniusgarden skifte soleis eigar i
1781, for 160 riksdalar. På denne tida vaks også folketalet. Stadig
fleire levde opp, og det vart vanskelegare å finne seg ein leveveg. På
denne tida valde stadig fleire frå Emblemsbygda å flytte nærare
havet. Fleire vart husmenn kring Ålesundet. Andre vart husmenn
utan jord og livnærte seg primært av fiske og handtverk. Dette kan
vera litt av årsaka til at bruk med dårleg innkome likevel vart
delt opp. Det kan óg verke som om klimaet vart litt varmare, og ein fekk stadig litt meir utkome frå gardsdrift og fiske.
Storfolk som prestar og amtmenn byrja å interessere seg meir for
korleis ein kunne auke avlingar og buskap ved hjelp av ny kunnskap om
gardsdrift. Det tok lenger tid før bøndene kunne endre vanar. Dei
rike hadde fleire bein å stå på, medan for folk flest så kunne
mislukka eksprimentering føre til svelt i hel. På den andre sida
skulle det syne seg at øvrigheita si interesse for nye vekstar og
vitenskap også skulle komme den vanlege bonden til gode det komande
hundreåret.
Randi og Sjur fekk ikkje
så mange åra saman. Han døydde allereie i 1716. Ho gifte seg opp att med naboen Jakob Rasmussen Emblemsvåg
(1677-1754) frå Plassevågen. Dei dreiv garden
frå 1717 til 1743. Det verka som om dei klarte seg brukbart. Ved
skiftet etter Randi i 1744 hadde dei 1/2 hest, 4 kyr, kvige, og ei
sau. Hest var dyrt, og noko som ikkje husmenn hadde råd til. Det kan
difor vere slik at brukarane i Knutgarden og Antonesgarden delte på
hesten. Dei var i slekt, og såg truleg nytta av samarbeidet.
Gardshusa låg samla opp under hamrane mot grensa til Emblem og
Skorene med åkrane i hellinga nedanfor. Truleg var dette samme
plassen der tuna framleis skulle ligge ved utskiftinga frå 1907 og framleis i
våre dagar.
a) Berite (dp.1718-1784) gifta seg først i 1747 med
Ole Thyges. Akslen(4), frå Høla, brukar
Akslen(4).
Ho gifte seg opp att i 1750 med enkemann Ole Larsen
Furnes(1),
brukar Akslen(4).
b) Rasmus (dp.1722-1755) tok over bruket.
c) Halvor (dp.1725-1797) gifta seg i 1748 med
Anne Siversd. Eikenosøydegard(3), brukar på
Framigar, Eikenosøydegard (3). Sonen, Halvor, vart
seinare
brukar i Knutgarden, Emblemsvåg(1).
d) Siri (dp.1728) er ikkje nemnd i arveskiftet etter mora.
e) Anne (dp.1731-1775) gifta seg i 1768 med Jens Nils.
Hoff(I), brukar Bjørge(2). Det var
halvdelen av garden
der tanta,
Inger, gifta seg.
f) Daardi (dp. 1734) er ikkje nemnd i arveskiftet etter mora.
Randi og Jakob tok seg
kår hos sonen Rasmus Jakobsen Emblemsvåg
(1722-1755) som gifte seg med Anne Jonsdotter Røssevoll (1711-1780).
Han seiest å vere ein dyktig kar. Skifteoppgjeret i 1755
syner eit overskot på 150 riksdalar, noko som kunne samsvare med
verdien av eit brukbart gardsbruk. Det omfatta ein buskap på 4 kyr,
2 kviger, sau og geit. I tillegg hadde han sjølv sett opp og åtte
kverna og naustet på garden. Han hadde ein færing og ein liten båt
som var bygd på garden, 23 vågar tørrfisk til ein verdi på 10
riksdalar og 3 riksdalar i lommeboka. Kverna stod truleg i nærleiken
av Plassevågen der ei småelv kjem ned bakkane mot sjøen. Den vart
også demma opp omtrent der Spilka har fabrikk oppe ved
hovudvegen. Dammen kan óg ha vore nytta til sagbruksdrifta, og
kanskje ha vore bygd allereie på 1600-talet. I våre dagar er det
ikkje spor av dammen og det var det heller ikkje ved
heimeutmarksutskiftinga i Emblemsbygda i tidsrommet 1885 til 1887.
a) Jacob (dp.1743-1801) gifta seg i 1768 med enke
Maren Pedersd. Alnes(3), brukar Alnes(3). Dei
flytta til Klokkarsund, der Jacob døydde.
b) Torsten (dp.1744-1803) gifta seg først med N.N. Namnet
er ikkje kjend. Han gifta seg opp att i
1774 g.m. enka
Ingebor Rasmusd.
Østrem(2) frå Larsgarden, brukar Humlen(6).
c) Gunild (dp.1746) tok over bruket etter kvart.
d) Randi (1748-1748) døydde 14 dagar gamal.
e) Jon (dp.1750-1765) døydde 15 år og 2 mnd. gamal.
f) Synneve (dp.1753-1814) gifta seg med enkem. Ingebrigt
Larsen. Husmannsfolk u/ jord 1801,
brukar Haugen(1), Fiskarstrand.
Enka Anne gifta seg på nytt i
1756 med Hans Arnesson (Sul-)Øygard(1) (1735-1777) frå Hareid, men
fekk ingen fleire born. Dei fortsette å drive garden til dei tok kår
i 1771.
1784 tok han over i Plassevågen, og
gifte seg på ny med enka Marthe Jensdotter Hatlen(Y,1) (1720-1791), som opphavleg vart fødd på
Synnes. Halvbroren til Hans, Salomon, brukar Blindheims-Breivik(1+2).
Dottera Gunnhild Rasmusdotter Emblemsvåg (dp.1746)
tok over bruket. Ho gifte seg med Ole Ebbesen Emblem(8) (f.1744) frå
Ebbegarden. I tredje generasjon på rad finn ein 6 born i familien.
Dei veit vi ikkje så veldig mykje om. I 1801 vert Gunnhild omtala som innerst i Emblemsvågen som
«nyder amisse af sognekassen». Ho døydde visst på Røssevollen og
då truleg på farsgarden hos slekta si.
a) Morten (dp.1772-1772) døydde 7 veker gamal.
b) Karen (1773-1847) døydde på Blindheim.
c) Ragnhild (dp.1775).
d) Martha (dp.1778-1779) døydde 1 1/4 år gamal.
e) Sivert Martinus (dp.1781).
f) Hans (dp.1783-1790) døydde 6 år gamal.
Den nye bygselsmannen heitte
Jens Anderson Skjortenes (dp.1751-1787). Han kom opprinneleg frå
Stranda, der han var fødd på Langlo. Familien flytta til Skjortenes
i Stordal kring 1755. Jens hadde ei søster, Birthe, som budde i
Ebbegarden, på Emblem(8). I 1786 gifte han seg i heimbygda med pige
Johanne Erichsdotter Fram-Fausa (dp.1752-1825). Dei flytte til Emblem, og
bygsla Antonesgarden det same året. Dei fekk ikkje lange stunda
saman. Jens omkom på havet, og vart gravlagd året etterpå den 28.
mai 1787. Dei fekk ingen born.
Enka Johanne Erichsdotter Fram-Fausa (134b) (dp.1752-1825) gifta seg på nytt i 1788 med
Ole Mogensson
d.y. Hundeide(1) (1758-1823) frå andre sida av fjorden, og han tok over
både bygselskontrakta og kårplikta. I Johanne si tid vart garden seld frå
enka etter handelsmann Heide til Knud Danholm for 345
riksdalar i 1809. Knud kjøpte også ei rekke andre gardar i bygda. Ole var ein av mange som vart forhøyrd etter
borgundopprøret i 1816, der Stephen Stephenson Emblem frå
Steffågarden vart henta ut av fengselet i Kolvika. Ole fortalde som
mange andre at han vart motvillig med. Han fekk
følgeleg lite straff etter dette. Ole fekk 4 born med Johanne, men
berre to levde opp. I tidsrommet 1792 til 1794 vert Johanne si søster, Anne
Eriksdotter Fram-Fausa nemnd på Øvste-Aksla.
Ole og Johanne tok kår i 1820.
a) Jens Carolus (dp.1789-1789) døydde 7 veker gamal.
b) Ingebor Martina (dp.1790-1790) døydde 8 dagar gamal.
c) Ingebor Cathrine
Marie (
dp.1792-1831) gifta seg i 1814
med ungkar Ole Pauls. Festøy(2), brukar Festøy(2).
d) Helena Andrina (dp.1796-1863) tok over bruket.
Svigersonen Anders Rasmussen Rørhus (1795-1875) kom
frå Hjørundfjorden og forlova seg i 1820 med Helene Andriana.
På eit tidspunkt etter 1838
vart Helene spedalsk. Ho vart registrert i lepraarkivet, men fekk
truleg ein mildare variant. Ho vart ikkje sendt til hverken
lepasjukehuset i Bergen eller til Molde. Helene døydde heime på
garden i 1863. Anders gifte seg opp att året etterpå i 1864 med Isachine Olave Olsdotter Akslen (1819-1896) frå
Høla. Han var ikkje meir enn 54 år gamal når han tok kår i 1849.
Han vart nemnd som fattiglem då han døydde. Isachine døydde som
legdskone på Nedregotten. Dei fekk ei dotter i lag. Ho er nemnd som hushalderske i
Guttormgarden, Nedregotten(2) i 1900.Kanskje var det der mora døydde?
a) Ole Johanes (dp.1821).
b) Rasmus
Emmanuel (
1822-1858) tok over bruket seinare.
c) Johanne Maria (f.1824).
d) (Ole) Johan
Andreas (
1826-1906) gifta seg i 1849 med
Ane Gurine Ludvigsd. Hesseberg(2), brukar
Hesseberg(2).
e) Ingeborg Marie (1828-1881) gifta seg i 1851 med Rasmus
Ols. Søvikhaug, Øvre-Søvik(3), brukar
«Hatleholen-Ytre», Hatlehol(2).
f) Elen Johanna (1830-1906) gifta seg i 1860 med Ole
Andreas Ols. Stokkereit, busett Buholmgata,
Ålesund 1900.
Elen døydde i Bergen.
g) Ingeborg (1833-1892) døydde som fattiglem i Ålesund.
h) Hellene (1838-1838) døydde 6 dagar gamal.
i) Eline Olivia
Birgithe Marie (
f.1866) var ugift husholderske
i Guttormgarden, Nedregotten(2) 1900.
Anders fekk bygselsbrev med
Knud Danholm, i 1820 og dreiv garden til 1849. I 1840 gjekk skøytet
på garden frå enkefru Marie Bruun født Danholm til Ole Peter
Larsen Gjørvad for 185 Speciedalar. På denne tida vart fleire av
bruka på Emblem kjøpt til sjølveige frå Bruun, men det skulle
enno ta mange år før Antoniusgarden vart eit sjølveigd bruk. Det
gjekk heller ikkje så bra med Anders. I august 1850 kom lensmann
Landmark til Antonesgarden for å halde eksekusjonsforretning.
Tinglysnings-protokollen er dels uleseleg, men ein kan tyde at det er
ein A. Landmark var kreditor. Dette var kanskje den tidlegare futen, og fogden på Sunnmøre. Anders hadde ikkje noko særleg å betale
for seg med. Han var no kårmann og hadde seinast året i forvegen
lånt 76 Speciedalar. Truleg var det desse pengane med renter som no
skulle inndrivast når han ikkje makta avdraget.
Sonen Rasmus Emmanuel
Andersson Emblemsvåg (1822-1858) tok over bygselskontrakta etter far
sin, men han vart ikkje verande lenge. Han gifta seg i 1848 med Massi
Eriksdotter Bjerke(5) (1822-1849) frå Hjørundfjorden. Ho døydde i
barselseng, 26 år gamal og året etter sa han frå seg
bygselskontrakta.
Den tiande kjende brukaren
på garden heitte Antonius Britanus Johannesen Spjelkaviknes(3)
(1825-1920). Det er etter han at garden har fått sitt noverande namn
på folkemunne. Han tok over i 1850, og dreiv bruket til 1886.
Kona, Maren Beate Larsdotter Nedregard (1826-1889) kom også frå
Spjelkavika. Dei gifta seg i 1849. Det var far til Maren, Lars Larsen
Nedregård, som var gardeigar i Antonesgarden etter at han kjøpte det
for 148 Speciedalar i 1841. Antonius fekk kjøpe garden
for 400 speciedalar
frå
svigermor si i 1870, etter at ho vart enke . Av
desse skulle 50 speciedalar betalast til hans eldste dotter, Lovise,
i følge kjøpskontrakta. Det var kanskje hennar arv etter bestefaren.
Videre vart 90 speciedalar omgjort til obligasjon som kjøparen vart
skuldig svigermor si. Han måtte også ta over kårytingane til faren
Anders. I tillegg lånte han 150 Speciedalar frå Borgund
overformynderi, eit lån det skulle ta berre 6 år å betale attende.
a) Lovise Marta (1849-1924) var ugift. Er nemnd
som fosterdotter hos besteforeldra på Nedregård i
1865. Ho var pleier for spedalske i Bergen, og
døydde sjølv som
spedalsk.
b) Johan (1853-d. før 1896) gifta seg i 1882 med
Sara Amalia Kristiansd. Nygaard frå Davik. Dei flytta
til Ålesund. Ho er nemnd som enke i «Torv Gade» 1900.
c) Lars (1853-1907) gifta seg i 1880 med (Berthe) Maria
Johanne Eliasd.
Spjelkavikgjerde(5), brukar Spjelkavikgjerde(5).
Dei flytta til
Ålesund i 1883. Lars døydde der. Maria emigrerte
til Canada,
og Seattle, der ho døydde i 1937.
d) Ole Andreas (1855-1933) gifta seg i 1882 med Caroline
Petrine Knutsd. Skarbø(1),
brukar
i Olevågen, Eikenosvåg(2).
Flytte til Ålesund i
1885. Vognmann i Ålesund 1900, og
enkemann 1910.
e) Maren Johanne
Karoline (
1859-1897) tok over bruket.
f) Amalie Sophie (f.1866) gifta seg i 1888 med Kristoffer
Olavius Lars. Søvik(2), brukar i Søvika.
g) Peter Andreas (f.1869).
h) (Hanne) Anna
Karoline Marie (
f.1872) gifta seg først i
1901 med Ole Martinus Larss. Fylling(6). Han gifta seg på
nytt i 1905 med
Knut Ragnvald Harald Hanss. Steinsvik,
busett i Langevåg. Dei f
ekk i 1899 sonen
Anton med
Joachim Thomas Peder
Johanss. Emblem(2), frå
Garsendhaugen, som døydde ved
fødselen.
Truleg var det behov for ein
del kostbar istandsetting av husa, og kanskje nybygging også.
Gardshusa hadde nok forfalle når Anders dreiv garden. Med dårleg
råd var det mest uråd å halde forpliktelsane sine. Antonius tok
opp lån på 100 kroner frå Borgund Overformynderi i 1878, mot 5%
rente. Det var samme kreditor som han i 1870 hadde lånt 150 kroner
av. Det lånet var ikkje ferdig nedbetalt enno, men han syntest å
klare seg rimeleg godt likevel. Antonius selde bruket vidare til
svigersonen Sevrin Kornelius Rasmussen Kvalen (1856-1952) frå Rovde, mot
kårkontrakt i 1886. Der kan ein mellom anna lese følgande:
Jeg underskrevne Antonius
Johansen Emblemsvåg sælger, skjøder og overdrager hervedtil min
kjære svigersøn Sevrin Rasmussen Emblemsvog mit ifølge Skjøde af
24 de Juni 1870, thingl. 19De December (..)eiende Gaardebrug i
Emblemsvog, (..) for omforenet Kjøbesum Kr. 1200. tolv Hundrede
Kroner, som er betalt saaledes: kontant betalt 1100 (elve Hundrede)
Kroner og overtaget en Panteobligation til Borgund Overformynderi,
stor 100, et Hundrede Kroner. Men saa forpligtelse han herhos til at
svare mig og min Kone Karen Larsdatter Emblemsvog for vores Levetid
følgende aarlige Føderaad: 1) 144 K; er et Hundrede fire og firti
Kilogram Byg (8 Vog), 288 K; , to hundrede otte og otteti Kilogram
Havre (16 Vog) og 560 Liter. Fem Hundrede og seksti Liter, Potetes,
Alt af Gaarden almindelig Avling ... tilleveret i Løbet af Høsten
og Vinteren saaledes som god Skik og Brug tilsiger. 2) Foder,
Grædsgang, Agt, Tilsyn og Mælkning til 2 – to- Kjør og 4 –
fire- Smaafæ (Sauer) og forsaavidt der af disse sidste er Lam skal
de ogsaa fremfodres om Vaaren. 3) Fornødent Husrom for os og vort (...) obekvemmeligheder skal være i Lillestuen med Loft over og
Kjelderen under og med Kammer, samt i Feldesskab med Kjøberen Fordør
og Kjøkken. 4) 3 – tre- Kander Olie som Belysningsmiddel,
tilberedt i ordentlig Tid. 5) Brendfang til Fornødenhed af samme
Slags, som Kjøberen selv bruger. Jeg besørger selv Brændefanget
tilavet og hjembragt saalenge jeg føler mig istand dertil, men
ellers skal det færdigt tilbringes os og, om det i noget Tilfælde
skulde blive nødvendigt, skal det ogsaa ophugges og bringes til
Behov endog til vort Ildsted. 6) Kjærlig dengang til alle Tider, og
kjærlig Tilsyn og Pleie, naar behøves, fornemndig i Alderdommen og
er os udvist og har bestemte Grændser, og kan der i den Stand det nu
ligger, avles omtrent 36 – seks og tredve – kilogram tørt Hø,
paa sammen. Muld og Gjødsel til sammen svares os ogsaa, men som vi
selv paakjøre, saa længe vi føler os istand dertil, ellers
paakjøres det for os. Formaling af Føderaadskornet naar vi selv
ikke ere istand til at formele det. 9) Fornøden Brug af Hest, paa
de Tider det ikke medfører for stor Uleilighed for Kaaryderen. 10)
Føderaadet, der hefter paa Bruget i hvis ... eller Besidderen dette
end maatte komme, skal i det Hele og i det Enkelte være godt og
forsvarligt i enhver Henseende, ligesaa det ogsaa skal leveres i
ordentlig Tid saaledes som god Skik og Brug tilsiger. Føderaadets
Verdi for 5 – fem- Aar er efter bedste Skjønn ansat til Kr. 851,
otte Hundrede en og femti Kroner. 11) Naar et af Føderaadsfolkene
ved Døden afgaar, bortfalder for den Længstelvende: 72 -to og
sytti- Kilogram Byg, 108, et Hundrede og otte Kilogram Havre, 280 og
to Hundrede og otteti Liter Poteter, 1 -et – Kofoder, 2, to,
Smaafæfoder. Naar den Længstlevende ikke skulde selv være istand
til at bruge Markestykket falder ogsaa dets Brug bort. 12) Skulde vi
finde forgodt at borflytte fra Bruget, bortfalder Husrom (dog ikke
for Foderkræaturene) ... Brændefanget Tilsyn og Pleie, Brugen af
Marstykket, Brugen af Hest og Formaling af Føderaadskornet. Vi
afhende i saa Fald vort Føderaad selv til ordentlig Tid. # Dette var
altsaa om Føderaadet til os # I den herved solgte Eiendom ligger en
uskyldsat Plads, «Reiten», der beboes af Ludvig Ingebrigtsen
Emblemsvoog, hvis fæsteret forbeholdes ham efter hans Fæsteseddel
(Pladsen følger naturligvis med i Kjøbet) # Thi skal ovennævnte
Brug i Emblemsvog med de sammen tilhørende Herligheder, Rettigheder
og Tiliggelser, men ogsaa med Byrder og Forpligtelser, herefter følge
og tilhøre velmeldte Kjøber hvis Hjemmelsmand jeg forbliver efter
Loven – Aalesund d. 11De januar 1886 – Antonius Johan Emblemsvog
m.f.P. Vedtages Sieverin Rasmussen Emblemsvog. Til Vitterlighed.
Sevrin gifta seg i
1885 med (Maren) Karen Johane Karoline Antoniusdotter Emblemsvåg
(1859-1897). Dei fekk fire born. Dei skal vi fortelle litt meir om:
a) Marie Anna Sofie (1887-1983) var eldst.
Ho hadde tent litt pengar som budeie då ho emigrerte til USA i 1904,
17 år gamal saman med tanta si frå Garsendhaugen, Helene
Johansdotter Emblem på 28 år. Helene hadde arbeid ei tid som
meierske på smørmeieriet på Emblem. Det låg rett vest for
Ebbegardsløa, bygd midt i Røssevollelva mot grensa til
Garsendhaugen . Dei to drog først til Marie si tante i Clarkfield,
Minnesota med «White Star Line» over Atlanterhavet. Dette kan vere
kona til Siverin Julius Martinnus Johanson Emblem (f.1867) frå
Garsendhaugen som emigrerte i 1893 til Minnesota. I so fall er det
underleg at dei ikkje oppgav han i staden. Det er mogeleg at han var
død og at enka etter han trong hjelp til gardsdrifta. Marie flytta etter kvart til
St. Paul og deretter Minneapolis. I oktober 1905 gifte ho seg med
læraren og gardbrukaren Hellick J. Glaim i Swede Prairie township.
Han var frå ei av dei eldste nybyggarslektene der og arva bruket
etter far sin. Dei fekk 7 eigne born og eit fosterborn.
b) Anton Ragnvald Peter (1890-1992) tok over garden
c) Sofie Karoline Emilie (1894-1963) som tok seg av. Henne skal vi komme meir attende til.
d) Karn Lovise Josefine (1897-1975) var yngst i
borneflokken. Ho skal eg kome attende til. Sevrin og Karen fekk ikkje
så mange åra i lag før Sevrin vart enkemann. Karen Johane døydde
i barselseng i 1897. Sevrin gifte seg etter kvart opp att med Anne
Eline Johansdotter Emblem(2) (1865-1943)
frå Garsendhaugen. Det var hennar søster som Marie drog til Amerika
i lag med
I 1900-tellinga hadde Sevrin
«antatt oppholdsted Aalesund», men registrert i Antonesgarden ved
tellingstidspunktet. Han var truleg på fiske i lag med dei fleste
andre mannfolka i bygda. Det vert også opplyst i teljinga at han var
«Leverandør af Sand til Aalesund». Det var kansje snakk om
støypesand, og han gav seg med det før 1910. Heime var det Anne som
dreiv bruket saman med kårkallen Antonius. Med born på 3, 6 og 13
så kan ein nok rekne med at ho fekk hjelp av eldstedottera Marie til
å passe dei yngste. I tillegg var søstera hennar, Scharlotte
Johansdotter Emblem frå Garsendhaugen, Emblem(2) registrert som tenar
«sysselsat del med Kreaturstel, dels med Husgjerning». Scharlotte
var 37 år og allereie enke på dette tidspunktet.
I 1907 vart det halde
utskifting i Emblemsvågen. Til den tid hadde matrikkelbruket vore
teigbytt med 10-15 teigar på kvar av dei to hovudbruka, Knutgarden
og Antonesgarden. Resten var tidlegare plassebruk som gradvis fekk
sjølveige. Dei fleste åkrane låg oppe under hamrane mot grensa til
Emblems-gardane. Der hadde også husa lagt i ei klynge i eldre tider
og dei ligg omtrent på same plassen den dag i dag. Grensa mellom
Knutgarden og Antonesgarden vart sett midt gjennom dette klengetunet,
der Antonesgarden fekk den austlege halvdelen der husa allereie stod.
Soleis sparte dei kostbar flytting også. Dei fleste gamleåkrane
vart dermed liggande på Antonesgarden sin eigedom, men det vart også
ein god del av myrene, så dei vart nok vel forlikte likevel. Dei
hadde rås til fjellutmarka vestanfor innmarksgrensa til Emblem og
Røssevollen og inngjerda heimeutmark på Emblemsanden, mot
Lisje-Helvete og vestanfor Plassevågen der den vestelgaste delen av
byggefeltet på Flisneset ligg i våre dagar.
I 1910-teljinga hadde Marie
reist til Amerika, medan dei andre borna framleis var heimeverande.
Antonius vart registrert som Antones Jonassen, så han møtte truleg
ikkje opp personleg på tellestaden på skulen i bygda.
Anton dreiv som tenar med forskjellig arbeid på garden, medan Sofie
tok seg av husarbeid på bruket. På den tida var det ikkje vanleg at
eldre born gjekk heime, så dei vart som regel registrerte som
tenarar i staden. Anton hadde enno ikkje byrja som tømmrar, men det
var ei vanskeleg tid for unge å få seg arbeid på. Mange ungdommar
reiste difor til Amerika for å arbeide i tømmerindustrien på
vestkysten eller til slektningar. Det vart løysinga for både Marie
og Anton etter kvart.
Anton Severins. Emblemsvåg
(1890-1992) var fiskar og tømrar. Han fekk skøyte på garden i
1939, men dreiv det ikkje sjølv. Han reiste til Clarkville Minnesota
i 1911. På den tida var det mange som reiste over dammen. Det var
vanskeleg å finne seg arbeid i heimlandet på den tida, og løfter om
gratis reise mot eit års arbeid i mellom anna tømmerindustrien på
vestkysten lokka mange frå Emblemsbygda. Anton endra etternamnet til
Emblem. Han fekk seg raskt arbeid som snikkar, då han allereie
hadde litt erfaring med husbygging i Spjelkavika før han drog. Om
det var planen at han skulle kome heim att veit eg ikkje sikkert.
Han fortel sjølv at USA den gongen var eit betre land å bu i, og
arbeidet var mykje betre betalt. Han gifta seg etter kvart der
borte, og då var nok avgjerdsla tatt. Først gifta han seg med
svenske Mathilda Klingsberg i Lake County i 1929. Deretter gifta han
seg om att med Viola Myrtle Conger (1903-1999) i 1973. Han var fleire
gongar attende til gamlelandet på besøk, og fekk vittjing den andre
vegen óg. Han var ven med sambygdingen Hans Iversson Furset frå Skorene/ Eikenosa, som var handelsmann på Høybråten i Oslo. Der var
han fleire gonger på sine vel seks besøk i heimlandet. I sitt
92. år vart han intervjua av Ålesund Arbeideravis i forbindelse med
turen heim for å feire søskenbornet Gunnvald Myren i Spjelkavika.
Det var første besøket på vinterstid. Han gleda seg til å prøve
eg på torskefangst i Borgundfjorden, og dreiv då framleis litt som
snikkar i pensjonistbyen Kings City, sør for Portland. Anton døydde
i Portland, Oregon
Yngstesøstera, Karn Lovise Josefine (1897-1975),
kalla seg sjølv Karen. Ho flytta til Oslo etter 1910, og gifta seg der
med Leon Ørbeck. Han var opphaveleg fødd Harald Leonhard Ørbeck (f.13.12.1888) og frå
Ørbeck på Eidsvold. I 1910 vart Harald registrert som
busett i ei bakbygning i Bjerregaardsgata 13 saman med mor si, enka
Petra Hansdotter Ørbeck (f.1865), og ei ugift syjente frå Nord
Odalen som heitte Olina Thorgersen. Petra var 45 år gamal på dette
tidspunktet ansatt ved «automat». Ho vart tidleg enke, for ho var
enno ugift i 1900. Harald Leonard livnærte seg som «malersvend».
Om Olina var i slekt veit eg ikkje, men med ei leie på 20 kr i
månaden, så trong dei kanskje ta inn losjerane. Både Harald og
Helga er fødd på Eidsvold. Helga var også uekte fødd, og busett på
garden Ørbeck (191/1). Der budde ho først hos besteforeldra sine, og deretter hjå tanta og onkelen på samme gard. Ho tente litt attåt
på handarbeide, og forsørga sonen sin på det. I 1900 er ho registrert som utmeld av statskyrkja. Harald Leonard nytta sjølv namnet Leon, som ei forkorting for
Leonard. Leon og Karen gifte seg i 1922. Nok ein gong er det
vanskeleg å finne bryllaupsregistreringa. Det kan også tyde på at
dei vart gift utanfor statskyrkja og til dømes var i arbeidebevegelsen. Dei
fekk gutane Odd (1920-1985) og Arvid (1922-1988), som kom til
Emblemsvågen og hjelpte tanta og bestefaren med gardsdrifta om
sommaren. Arvid emigrerte til Amerika.
Sofie Karoline Emilie
Sevrinsdotter Emblemsvåg gifta seg aldri. Ho dreiv bruket for bror
sin frå 1939 i lag med faren. Då dei ikkje makta drifta lenger,
flytte Odd frå Oslo for å ta over i 1950. Det var nok ikkje så
lett å greie seg på gardsdrifta åleine, så han fekk arbeid på
Ødegårds Karosserifabrikk i Puskhola, og gifta seg med dottera til eigaren der, Helga Johanne
Olsdotter Ødegård (1926-1977). Svigerforeldra var Ole og Karoline
Ødegård. Karoline var fødd og oppvaksen i Magerholmdalen. Odd og
Helga fekk borna Linda Karin (f. 1960) og Ole Leon (f.1961). Dei bygde
seg nytt hus på garden.
I 1964 vart Antonesgarden
sin del av friområdet på Emblemsanden seld frå Odd Ørbeck til
Borgund Kommune for 120 000 kroner. Saka hadde pågått i om lag
eit år. Det var mellom anna friluftsnemnda til Borgund kommune som
tok initiativet til å kjøpe 23,6 dekar av Emblemsanden frå
Antonesgarden, til friområde og badestrand. Det vart peika på at dette var eit av dei
finaste områda i kommuna. Det hadde dessutan vore nytta til
badestrand temmeleg lenge, og fotballanlegg i over 30 år. Odd sa seg
villjug til å selje sitt stykke frå austenden av parkeringsplassen
til "utløået" av Storelva i Kriken. Han åtte også neset på andre
sida av elvemunningen. Resten av området tilhøyrde stort sett
Knutgarden i Emblemsvågen. Statens friluftsråd stilte raskt
størstedelen av summen til rådvelde, medan både bygartnaren og
kommuneingeniøren var positive til at Ålesund og Borgund i
fellesskap skulle spleise på resten av beløpet det ville koste.
Begge borna tok over
Antonesgarden etter foreldra sine. Eldstedottera Linda Karin (f.1960) gifta seg med Roar Opsahl (f.1961) i 1988, og reiv det gamle
våningshuset for å bygge nytt.
a) Sunniva(f.1990), busett Ålesund.
b) Sondre (f.1993), busett på garden.
Broren
Yngstesonen, Ole Leon, er sambuar med Anne Irene Lilleeide (f.1964). Ole Leon tok over huset som foreldra hadde bygd ved tunet. Det er i dag ikkje lenger gardsdrift i Antonesgarden.
a) Eirik (f.1992) er sambuar med Linn Strømsnes frå Ålesund.
Busett på Emblem.
b)
Anders (f.1999). Busett ved garden.
Søskena
og naboar, starta i 2017 å dele opp markane i Emblemsvågen til nye bustadfelt. Mykje av dette er no ferdigbygd skråninga der Ludvikplassen og delar av markane Plassevågen låg, mot grensa til Flisnes. Delar av vegen til Emblemsanden er lagt om, og sikra bedre mot hovudvegen til Magerholm.