1700-talet
må ha vore stort sett ein god periode for folkevekst i Emblemsbygda.
Det er mogeleg at ein vert litt farga av at det er betre tilgong på
opplysningar frå kirkebøker og folketellingar frå denne tida og
frametter, men det er også dokumentert av mellom anna historikar
Atle Døssland, i skriftet «Folketal og Næringstilgang på Sunnmøre
1660-1815» frå 1984, at folkeveksten i Haram og Borgund stod i ei
særstilling, frå kring 1700 fram til omlag 1769. Dette til trass
for fleire epidemiar og langt ei lavare vekst i nabokommunane. Eg
skal ikke bruke så mykje tid på å vurdere årsakene, berre
konkludere med at auka vekst i befolkninga førte til eit auka behov
for noko å leve av og ikkje minst ein stad å bu. Det er på denne
tida at dei to bruka på Nedregotten vert til både tre og fire bruk.
Sjølv om bruka vart eigd av andre enn drivarane, så vart det
familien til desse som også fekk bygsle dei nye frådelte bruka.
Problemet var at ein ikkje kunne løysa utfordringane med å få seg
leveveg på denne måten i lengda. Dei som no fekk halvparten så
mykje jord å leve av skulle også ha areal til å kunne brødfø
familien sin. Dette var tider der sjølvberging og ikkje pengehushald
var grunntanken i samfunnet.
Det
er kring 1750 at me kan spore eit tiltakande flyttemønster frå
Emblemsbygda og vestover mot nyare husmannsplassar kring Ålesundet.
Her må fisket ha vore brukbart godt, kanskje betre en utkomet frå
jordbruket på den tida. Presten, Munthe, i Bud kunne foreksempel
fortelle at det i 1742 hadde vore eit godt vårfiske og ikkje minst
sildefiske like før jul. Kvalane som jaga henne inn mot Bud hadde
tatt så hardt i at silda flaut opp daud og kunne plukkast med
hendene. Jordbruket var det værre med. Der var det uår, lik året
i forvegen. Folk såg kanskje at dei trong fleire bein å stå på,
men samstundes var det nok fisket og nærheit til fiskebankane som
lokka dei lenger ut mot havet. Det var særleg dei utan odelsrett som
flytta, men det kunne også hende at dei eldste i ungeflokken kom i
gifteklar alder før foreldra var klare for å ta kår, slik at det
vart eit av dei yngre søskena som tok over farsgarden i staden.
Hans Strøm
Det
var ikkje alle som såg like blidt på frådelinga av gardar og
husmannsplassar. I følge Presten Hans Strøm og boka hans, «Physisk
og Oceconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør» frå 1762 fanst
det ikkje ein einaste husmann eller plassemann i heile Emblemsbygda,
med unntak av ein stad inne på Magerholm som heitte «Sæteren»
(truleg i Magerholmdalen), der det bodde ein plassemann og ein
husmann. Han peikar også på det faktum at kirkesognet Borgund då
hadde fått så «talrige Ungdom», men også mange «ubetenksomme
Giftermaale». Han peika vidare på at fleire av desse giftermåla
kom til ved oppdeling av gardsbruka, noko han meinte hadde gått alt
for vidt. Andre giftermål kom i stand ved at ein delte frå
husmannsplassar, til borna sine. Strøm sette spørsmålsteikn ved om
landet var tjent med dette då dei «sielden ere i Stand til at give
sine Børn den fornødne Oppdragelse og Underholdning, og volde
altsaa, i Fald Fiskerierne (paa hvis Bestandighed alle Indbyggernes
Velstand beroer, men i sær husmændenes) nogle Aar skulde slaae
Feil, ufeilbarlig nødes at gribe til Bettel-Staven, og desuden fylde
Landet op med Tigger-Unger.»
Han
såg altså utfordringar med at bruka vart mindre og at folk vart
freista til å satse for mykje på dei gode tidene. Samstundes gav
ikkje presten Hans Strøm nokon løysing på problemet med kva
ungdommane skulle finne på i staden, for det var ikkje lov å gå
tiltakslaus om ein var konfirmert og dermed for vaksen å rekne. Ein
del fortsette som «tenar» i eigen heim fram til dei gifte seg, men
då måtte dei ha noko å leva av først. Ein vil tru at kanskje
Strøm tenkte seg at det ville verte færre born dersom færre gifta
seg, men han fortel vidare at auka omsetting av brennevin til omlag
500 tønners forbruk i året, også var ei årsak til uekte born og
dermed ekteskap i all hast. Ein kan med andre ord kanskje sjå på
deling av gardar og frådeling av humannsplassar som eit resultat av
folkeveksten i samtida og ikkje som ei ønska utvikling, slik det
vart hundre år seinare kring 1850 der både overklassa og
landhusholdningsselskap med amtmannen i spissen såg på oppretting
av husmannsplassar i utmarka som ein utmerka måte å dyrke opp og
utvide produktiviteten i landbruket i fylket vårt.
Kor
mange frå Emblemsbygda som leste boka og fekk nmed seg kritikken til
Hans Strøm, veit eg ikkje. Emblemsbygderane kunne stort sett lese og
dei var i ei særstilling i fylket vårt, når det gjaldt talet på
bøker og religiøs litteratur per hustand i andre helvta av
1700-talet. Der hadde vore minst ei vekkelsebølge som hadde flauma
inn over emblemsbygdarane. Dei aller fleste hadde no i alle fall ein
eigen husbibel og gjerne nytestamente attpå. Bøker var kort sagt
utruleg dyrt og ikkje noko allemannseige på den tida. Hans Strøm si
bok tvilar eg på at nokon hadde i det heile og den vart i alle fall
ikkje registret av borgundpresten då han var på husbesøk hjå kvar
enkelt i soknet i 1780-åra.
1801-tellinga
gjev betre oversyn
I
1801-tellinga finn me den første fullstendige oversikta over
samtidige husmenn under Nedregotten, eller «Gotten Nedre» som det
heitte då. Til trass for at det skulle ha vore 4 gardsbruk på denne
tida, så finn eg berre 3 brukarar dette året. Desse var johannes
Pedersen på Skaret, Lars Pedersen i Steffagaren og Guttorm Poulsen i
Guttormgarden. Årsaka var at Lars hadde bygsla Sirigarden attåt
sitt eige bruk og dreiv begge gardane fram til han døydde i 1806. På
denne tida var det berre han som var sjølveigar på Nedregotten. Det
kan verke som om Hans Strøm fekk rett i sine advarslar omlag 40 år
tidlegare, for no finn ein også tre husmenn på Nedregotten, og
innen av desse hadde jord slik at dei kunne dyrke noko som helst
eller ha eigen buskap dersom dei ikkje leigde seg plass hos andre.
Det var ein luksus dei færraste husmen i denne kategorien hadde. Det
er vanskeleg å vite eksakt kvar plassane låg, for eg har enno ikkje
funne nokon husmannskontrakt for desse, men nokre av dei kan ein med
sikkerheit plassere likevel. Eg skal kome attende til dette. I
utgangspunktet kan ein som regel sjå at det som seinare vart
oppretta som husmannsplassar kring midten av 1800-talet kan også ha
vore nytta til same formål tidlegare. Soleis kan det ha vore snakk
om gjennopptaking av tidlegare plassar eller at desse har vore i
drift lenger enn bygdeboka har funne prov for. Andre har vore så små
at dei rett og slett ikkje har vorte nemnde i bygdeboka i det heile
tatt. Desse husmennene har heilt klart vore i den siste kategorien
når dei kun leigde seg nokre kvadratmeter til å sette stova si
oppå.
Det
kan vere grunn til å tru at ein husmann utan jord på Nedregotten
budde i såkalla «strandstover» nede ved sjøen. Der kan ha vore
ein og anna jekteskipper, men dei fleste var nok fattigslege med
stort sett fiske som hovudnæring på den tida. Det verka likevel som
om dei fleste klarte seg, til trass for prestens tidlegare åtvaringar
og nauden som skulle kome med napoleonskrigane nokre få år seinare.
Det er interessant å merke seg at dei var omlag jamngamle, fødde i
1740-åra og stort sett gift berre ein gong. Den eine av desse, Ole
Arnesen på 64 år og kona hans, Guri Halvardsdotter, på 65, kan ha
budd like bak eller ved, nausta i Østremsvika, dersom det er den
same Ole som gifta bort sonen sin i 1834. Han oppga då Østrem som
staden han kom frå/ budde og sonen nytta etternamnet «Østremsø»
i kirkeboka. Dette kan stemme sidan dei i 1801 hadde ein heimebuande
son med namnet Arne Olesen på 34 som var «afskediget soldat» og
som kan høve, sidan eg ikkje finn nokon annan Arne i det aktuelle
tidsrommet i kirkebøkene. Han venta sjølvsagt ikkje så lenge på
giftermål, men gifte seg opp att det året og fortsette å bu ved
sjøen i Østremsvika nokre år til.
Dei
andre husmennene kan sjølvsagt ha budd på omtrent same stad, men
det var berre nokre få av dei som nytta slike namn, med unntak av
ein seinare Erik Hansen Østrem, som kan ha vore sonen til Hans
Eriksen på 62 og Marta Knudsdotter på 44 frå 1801-tellinga. I so
fall var han broren til Knut Hansen som budde heime i 1801. Det er
mogeleg at ein eller fleire busette seg lenger vest mot Naustvika og
Løvika, for der er fleire fine stadar i lé for ein husmann utan
jord langs fjorden. Løvika kan soleis ha vorte rydda på nytt på
ein enno eldre plass då «Båt-Nils» kom dit kring 1890. Han kan du
lesa meir om i ein eigen tekst om Løvika. Eg skal no ta for meg dei
ulike husmennene frå folketellinga og forsøke å følge dei
etterkommande generasjonane så langt det let seg gjere. Vidare skal
eg fortelle litt meir om ein som kom nokre år seinare og som kan ha
vore anten den fjerde strandsittaren eller ein husmann med jord. Eg
vel å ta han med fordi han må ha budd ved Østremsvika, kanskje
omlag der som Kåre og Judith Kvangardsnes seinare bygde seg hus.
Husmannsplass
nummer 1 (kanskje i Løvika?)
I
1801-tellinga kan me lesa om ein Peder Pedersen på 56 år som var
oppattgift med Birte Olesdotter på 52 år. Dei hadde inga jord og
festa soleis berre ei hustomt. Difor er det vanskeleg å finne dei
att i nokon skrifteleg kjelde då det var truleg ikkje finst nokon
tradisjonell husmannskontrakt slik som husmennene med jord fekk. Ved
første augesyn kan ein stille spørsmålet om Peder var bror til
Lars Pedersen på 66 som dreiv Steffågarden og Sirigarden, og
kanskje far til Johannes Pedersen på 28 som dreiv Skaret også.
Begge gifta seg til gard og grunn utan at bygdeboka kan fortelle kvar
dei kom frå. På den andre sida så var dette vanlege namn og der
finst ingen klare spor i den retninga, som eg har funne. Etter mykje
søk i arkiva har eg heller ikkje makta å finne nokon Peder Pederson
i kirkebøkene for Borgund i det aktuelle tidsrommet. Det er difor
mogeleg at han kan ha kome frå ein annan stad. Eit søk på alle med
namnet Peder i tidsrommet 1741-1749 gjev berre eit treff. Det er
Peder Pederson Sætter, sonen til Peder Rasmus. Sætter som vart
døypt 2. juli 1748. Det er ikkje heilt utenkjeleg at «Sætter» er
det same som tidlegare nemnde «Sæther» og dermed ein av dei to
plassebruka som truleg låg oppe i Magerholmdalen. Eg meinar å ha
høyrd at der ein gong låg to plassar omlag der Daleplassen vart
rydda på nytt kring 1820. Peder kan soleis ha vore husmannson der
oppe og ikkje funne seg nokon betre livsveg i ei tid då det var kamp
om gardane og småbruka. Som husmannson på ein plass som seinare
knapt gav nok til berre ein familie, hadde han nok lite å tilby av
pengar. Birthe er like vanskeleg å finne, men når eg søker i
Borgund og nabokommunene så finn eg nokre kandidatar. Det er Birthe
Olsdotter Lille-Nørve (f. 1747) og dottera til Ole Iverson
Blindheim, Birthe Olesdotter Blindheim (f. 1748). Eg har ikkje klart
å finne nokon born etter dei, eller den første kona til Peder. Det
kan på si side forklare dei manglande treffa i kirkebøkene.
Husmannsplass
2 (ved Østremsvika?)
Ole
Arnesen på 64 år og kona Gurri Halvarsdotter på 65 var begge gift
kun ein gong. Sonen Arne Olesen var ugift soldat som hadde fått
avskjed. Truleg var det fordi han var ferdig med soldatplikta si, då
han var 34 år i 1801. At han var ugift var også ein peikepinn på
at han kan ha vore soldat ei tid. Husmansønene fekk ofte oppdraget
med å gjennomføre militærtenesta for meir velståande bønder mot
betaling og utrustning. Arne kan ha vore ein av desse. Den 3.
november det same året finn eg han att som brudgom.
Arne
gifta seg med Askeline Christiansdotter Giære. Eg vil tru at ho kom
frå Sykkylven. Det er mogeleg at mora til Arne, Guri, kom frå
Emblemsvågen, men det er like truleg at ho kom annan stads ifrå
saman med mannen Ole, for eg klarar ikkje å finne dei i Borgund
eller dei nærliggande prestegjelda Det er interessant å sjå at
sonen nytta etternamnet «Østremsiø» ved giftermålet. Det var
kanskje nettopp der, like bak dagens naustrekke, dei budde. Der finst
ei gammal steinhelle over Sirielva som vitnar mykje om småbruene på
postvegen frå kring 1809, så det er ikkje heilt utenkjeleg. Andre
restar etter strandstova er nok nytta opp att i nausta, så der er
neppe andre spor å finne. Eg finn ikkje nokon spor som kan tyde på
at Arne og Askeline fekk born, og heller ingen spor etter kvar dei
busette seg, men sidan Arne nytta Østremsø-namnet då han som
enkemann gifte seg om att med enka Ingeborg Monsdotter i 1834, så er
det grunn til å tru at han vart verande i bygda. Det er også
mogeleg at han fekk frådelt eiga tomt eller plass også, sidan faren
ikkje nytta «Østremsø». På den andre sida så oppga han i 1834
at han budde på Østrem, så det kan ha vore same staden, og då på
det som framleis var Østremsgardane sitt beiteområde nede ved sjøen
(før utskiftinga). Eg har ikkje funne born etter han.
Det
er lite truleg at Ingeborg fekk fleire born etter 1834, men ho hadde
minst 4 born frå sitt første ekteskap på Ystebøen med Klaus
Nilsen Grøtt (1760-1819). Du finn meir om dette ekteskapet dersom du
les teksten om Ystebøen her på www.emblemsbygda.com
Dottera Nille (1816-1898) gifte seg i Larsgarden på Østrem, medan
ei anna dotter, Oline, gifte seg med svogeren frå den same
Larsgarden, Nils, som tok over slektsbruket i Solavågen, der faren
kom frå. Dei tok seinare over Ystebøen også då Ingeborg gifte seg
med Arne og flytte derifrå. Opphaveleg heitte ho Ingeborg Monsdotter
Magerholm (ca. 1785-1860) og var gift tre gongar. Klaus var som kjent
den første, medan Steffen Anderson Frøysa (ca. 1795-1832) var den
andre. Han tok over drifta på Ystebøen etter Klaus, men Ingeborg
overlevde begge to. Ho vart enke for tredje gong då Arne drukna på
sjøen 22. februar 1836, berre to år etter at dei gifte seg. I
kirkeboka stod det då at han var 62 år, så det er ein del
usikkerheit angåande fødeåret, for det vart fortalt at han var 71
i 1834 ved bryllaupet og 34 år i 1801-tellinga. Han kan ha vorte
fødd eller døypt anten i 1763, 1767 eller 1774. Utfordringa er at
eg ikkje har funne han på nokon av desse årstala.
Husmannsplass
3 (ved Østremsvika)
Hans
Eriksen (f. ca. 1739) skal ha vore 62 år i 1801 og kona Marta
Knutsdotter 44. sonen Knut Hansen (f. ca. 1787) var 14 år og budde
heime enno. Eg vil tru at Erik Hansson Østremsjø (ca. 1785-1835)
også var sonen deira. Han vart truleg buande ved Østremsvika og
kanskje på same staden som foreldra sine. Han var i alle fall
registrert som husmann og «Østremsø» i forbindelse med
registeringa av dåpen til borna sine og giftermålet til den eine
dottera si. Det var på den tida vanleg å endre namn dersom ein
flytta til ein annan stad. Av dei borna eg har funne etter Erik er
Elen Marie som vart gift Bærent Luth på Store Nørve, Ingeborg
Karen Marthe (f. ca. 1815 og gift med Hans Andreas frå Løset i
1842. Dei busette seg i Ålesund. Det er mogeleg at Peter, som vart
far utanom ekteskap til Anne Jørgine Charlotte Wigholm i 1830 også
var sonen til Mata og Hans.. Ho døydde 8 veker seinare. Den siste er
Hans Peder som var ungkar og dreng. Han vart tvillingfar utanom
ekteskap i 1828. Borna heitte Edvard og Ingeborg Anna. Han gifte seg
ikkje og mora, Elen Rasmusdotter Rørhuus (Giske?), vart dermed
titulert som «Tøs» då ho døydde ugift i Ålesund i 1833, 42 år
gamal. Tvillingane var då berre 5 år gamle. Korleis det gjekk med
dei veit eg ikkje. Erik Hansen Østremsø omkom året etter på havet
den 13. juli 1835. Då var han framleis husman med Østremsjø til
etternamn. Dette er litt rart fordi han skal visst ha gifta seg til
namnet Drevik i 1807. Det er mogeleg at dette ekteskapet havarerte
eller at ho døydde før 1828. Dei to siste borna til Hans og Marte
som eg har funne er Knut Andreas (f.1787) og Ingebrigt (f. 1796). Eg
veit ikkje om dei levde opp eller kvar dei vart av.
Faren
Hans Eriksen kom ikkje frå Østrem eller Nedregotten, i likheit med
dei andre plassemennene. Eg finn han derimot på Øvste-Aksla nokre
år tidlegare. Hans (f. 1735) kom truleg frå Stige på Skodje og
kona, Marta (1755-1813) Knutsdotter var jordajenta på dette bruket.
Av ein eller annan grunn sa dei frå seg bruksretten og vart husmenn
i staden. Myje tydar på at flyttinga var økonomisk motivert.
Husmannsplass
4 (Østremsvika)
Det
er ein del som tyder på at der var minst ein husmannsplass til under
Nedregotten. Det er sjølvsagt også mogeleg at denne brukaren berre
tok over, men sidan dei tre første kun var snakk om strandstover
utan jord, så er det mest truleg at der låg enno ein plass eller
kanskje ei strandstove ved nausta i Østremsvika. Det kan i so fall
ha vore plass nummer tre der. Nils Zachariasen Østremsø (ca.
1774-1838) er den som det har vore lettast å finne i arkiva. Sidan
han levde samstundes med dei tidlegare brukarane er det difor mest
truleg at dei levde side om side. Eg undrar meg på om ikkje Nils
hadde jord attåt, for han fekk veldig mange born. Han var gift med
Marte Sivertsdotter Giære, og ho var kanskje også i slekt med
Askeline Christiansdotter Giære, som eg nemnde under plass nummer 2.
Sonen Bærent vart fødd på Hole i 1801, noko som kan tyde på at
Marte kom frå Sykkylven. Han gifte seg med Siri Ellingsdotter
Vaksvik (f. 1817) i 1840, og dei busette seg i Ålesund. Nestemann
var Guttorm Nilson (1806-1851). Han gifte seg i Remvika i 1845, men
drukna berre 6 år seinare. Nils Andreas Britanus vart fødd i 1819
og gift på Aure i 1847. Petter Sevrin (f. 1820) vart truleg ikkje så
gamal sidan neste mann fekk namnet Peter (1825-1881) Han busette seg
på det som vart heitande Petersplassen på Blindheim etter han. Elen
Marie (f. 1826) gifta seg med Ingebrigt Andreas Elias Slinningen i
1852 og flytte nok dit. Malene Nikoline og Sivert Andreas (f. ca.
1833) flytte begge til Buholmstranda. Ho fekk minst to born i 1851 og
1863, medan Sivert gifte seg med Maren Birgitte Aase i 1862. Den
siste i borneflokken, Elias Jens Rasmus (f. 1836) var busett på
Furnes då han gifte seg med Susanne Randine Sørensdotter Hoffseide
i 1875. Det var altså ingen andre som tok over etter foreldra sine.
Avsluttning
Det
er interessant å merke seg at nettopp strandsittarane ved
Nedregot-sjøen ikkje har fått seg frådelt tomt som følge av
slektband, slik som Hans Strøm peika på. På den måten skil
husmannsfolket som ikkje hadde jord seg frå mange av dei husmenn som
det har vore i bygda vår. No er det likevel ikkje heilt uvanleg, for
det finst ei rekkje døme på husmannsfolk frå mellom anna Volda,
Synnylven, Hjørundfjorden og Sykkylven i bygda vår men, det må
likevel seiast å vere litt underleg når det fanst eit sopass stort
ungdomsoverskot i vår eiga bygd. På den andre sida kan ein kanskje
seie at det er positivt dersom dei hadde ressursar til å finna seg
ein betre leveveg enn som strandsittar utan dyrkningsjord eller
slitar med slåttemark der ein og annan tust kunne finnast, på
nattestid på Emblemsfjellet. Ein skal ikkje gløyme at Martha kom
frå Aksla og bygda vår, men det må ha vore særeigne høve som
førte dei frå gard og grunn på ein sopass rik matrikelgard. Ein
skal ikje sjå vekk frå mogelegheita for at desse husmennene utan
jord valde å flytte frå si eiga bygd før dei ba audmjukt om ei
slik lita festetomt. Det kan ha vore vanskeleg å sjå sambygdingane
og slekta i augo om ein ikkje makta å få seg litt jord å dyrke. Eg
skal ikkje seie for sikkert korleis dette vart oppfatta hjå
bygdefolket i samtida, for ein var no klar over folkeveksten og dei
problema dette medførte. På den andre sida skal ei beundra dei som
ikkje gav opp og heller bøygde ryggen og tok fatt på arbeidet med å
brødfø seg og sine. Eg vonar at eg etterkvart vil klare å samle
enno meir opplysningar om dei små husmannsplassane under både
Nedregotten og resten av bygda. Frå 1800 finn ein fleire slike
plassar i bygda vår. Du kan også finne meir informasjon i to
tekstar som eg skreiv for ei tid tilbake om husmenn kring 1800 og
1865. Du finn dei i venstremenyen på www.emblemsbygda.com
under menyen «Sosiale forhold» saman med denne.
Det
kan verke som om det var lite framtid i livet som strandsittar og
husmann utan jord på Emblem. Festeavtalen var truleg berre for
festaren og ikkje berekna på å vare over lenger tid. Likevel finst
der spor som går over to generasjonar, men kring 1840 var det truleg
slutt. Det skulle likevel ikkje gå så mange åra før nye humenn
kom til Nedregotten, men desse var då truleg berre husmenn med jord.
Kanskje var det hungerstida kring napolenstida som begrensa
tilveksten ein kort periode. Målet med denne teksten har vore å få
fram att kunnskap om det som har vorte gløymd for lenge sidan.
Kjelder:
www.arkivverket.no
: Folketellingar, digitaliserte kyrkjebøker og pantebøker
Døssland,
Atle: «Folketal og Næringstilgang på Sunnmøre 1660-1815» Skrift
10 Møre og Romsdal Distrikstsøgskule, Volda 1984
Døssland,
Atle: «Med Lengt mot havet». Fylkeshistorie for Møre og Romsdal
bind 1, 1671-1834. Det Norske Samlaget, Oslo 1990
Straume,
Jakob: «Kristenliv på Sunnmøre og Romsdal: eit festskrift»,
Bergen: Lunde, 1950
Strøm,
Hans: Physisk og Oeconomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør
Publisert
av Sorøe og tryk hos Jonas Lindgren 1762
Øverlid,
Ragnar: «Borgund og Giske band II, Gardsoge Gardsnr. 1-51», Borgund
og Giske Bygdeboknemnd 1961