Soldatar
frå Emblemsbygda under den stor nordiske krig
1709-1719
Militær
utskriving frå Bergens stift
-Svein Ove Dale Østrem-
Historikaren
Atle Døssland skriv i fylkeshistoria for Møre og Romsdal om
perioden 1705-1720 som ei tid prega av den store nordiske krigen meir
enn noko anna. Denne krigen hadde for Danmark- Norge sin del starta
allereie før 1700 og inkluderte både Russland og Preussen. Det var
nemleg ikkje slik at Danmark-Norge først kom med i krigen mot
millitærmakta Sverige i 1709, over 10 år etter. Danskekongen måtte
derimot bøye seg for den svenske overmakta i august 1700 med freden
i Travendal. Når so Sverige, kom på vikande front i 1709, fekk
Danmark-Norge moglegheita til å verte deltakar i krigen att. Difor
hadde den militære innrulleringa av soldatar og matrosar auka mange
år i forvegen av 1709, og som ei følge av krigen vart også
skattane tidvis meir enn fordobla. Berre i 1716 vart det utskrive 167
mann frå sjølegdene på Sunnmøre åleine. Eg har i denne teksten
sett litt nærmare på kven som lot seg verve som frivillig, og kven
som vart registrerte som soldatar eller matrosar frå Emblemsbygda i
perioden frå 1709 til 1719. Årsaka til denne tidsavgrensinga er at
ein i denne perioden har temmeleg godt kildegrunnlag med bevarte
innrulleringsdokument frå mellom anna Bergen stift. I arbeidet med
denne teksten, kom eg også over nokre so pass interessante
opplysningar om dei som verva seg at eg valde å utvide perioden eg
skriv om frå 1701 til 1719. Dette skal eg kome attende til.
Med
tanke på åra som har gått, og vanskar med å få ei heilt nøyaktig
oversikt, vil eg likevel slå fast at det ikkje var så mange frå
Emblemsbygda som fekk oppleve direkte krigshandlingar. Dei store
utskrivingane for fylket, som Døssland skriv om, verkar ikkje å
vere heilt representativefor vår eiga bygd. Eg har ikkje funne døme
på at godt vaksne eller gardbrukarar vart utkommanderte slik at
kvinnfolka vart åleine om gardsdrifta. Det var dessutan slik at det
var mest frivilljug innrullering i marinen og det var berre nokre
svært få gardar som stod for heile «leveransen» av både soldatar
og frivillige sjømenn til marinen. Det stemmer i alle fall ikkje at
nærast kvar tenestedyktig ungdom over 19 år vart sendt i krigen.
Derimot var det mange som verva seg på eit tidspunkt der det ikkje
var krig og ei rekkje andre goder i staden.
Det var ikkje slik at den
norske hæren var i beredskap under heile den Nordiske krigen frå
omlag 1699, men marinen var for alvor i beredskap etter at
danskekongen sendte ut ei eiga forordning om innrullering den 16.
oktober 1703. For å få fleire til å verve seg gratis lovde han
fleire fordelar til sjøfolk som verva seg og vart innskriven i
militærrullane. Dei skulle mellom anna få sleppe militærteneste på
omtrent 9 år, om dei stillte seg til rådigheit for marinen. Dette
kan verke litt underleg når dei trass alt skulle gjere teneste på
krigskip som kunne komme i kamp, men forskjellen var at dei ikkje
hadde plikt på seg til å sloss. Det var det «landsoldatane»
ombord som skulle gjere. Dette må ha verka freistande på fleire frå
vår eiga bygd , for dei fleste frå Emblem vart matrosar, og særleg
dei som vart innskrivne i rullane i 1704. Dette var dessutan 5 år
før ein kom med i krigen for alvor og då visste ein at
Danmark-Norge hadde stogga krigføringa fleire år i forvegen. Desse
hadde truleg teneste fram til krigsutbrotet i 1709 og kanskje kom dei
aldri ut i krigen heller. Sjømanslivet verka meir spanande enn å
tenestegjere i hæren. Likevel var det for få som verva seg slik at
kongen måtte utvide løfta allereie i 1705. No kunne ein i tillegg
få betalt om ein hadde namnet sitt innskreve i rullane. Det kan
difor ha vorte sett på som ein særs god avtale då den kom. Særleg
kan dette ha verka freistande for unggutar i tenestedyktig alder, for
dei var pålagde å avtene militærplikta før dei tok over eller
bygsla noko gardsbruk. No vart også ventetida kortare. Til slutt var
omlag 1880 innskrivne i 1709. Mesteparten arbeidde etterkvart på
orlogsflåten medan andre kan ha vore ombord på utenlandske skip.
Sjøinnrulleringa vart mindre populært etter at Danmark-Norge vart
med i krigen igjen frå 1709. Dei vart no sendt av garde til mellom
anna København, der maten på kasernene var dårleg, og lønna var
mindre å trakte etter når det no vart alvor. Ein kunne risikere
både epidemiar og død. Krigsflåten hadde utgangspunkt i København,
som mellom anna opplevde pest kring 1711. Heile den frivillige
ordninga vart avvikla kort tid etter krigen til fordel for fast
bemanning i 6 år i staden
Dei færraste av dei
innrullerte frå Emblemsbygda var plassemenn, kort og godt fordi der
knapt fanst nokon husmannsplass i det heile kring 1701. Flisholmen og
Plassevågen var stort sett dei einaste, men det betyr ikkje at
resten vart sølveigande bønder. I 1701-manntalet finn eg for
eksempel kun «bygselsmenn», eller leigetakarar. Dette kan saman med
størrelsen på gardane ha hatt påverknad på kor mange som vart
kommandert i krigen. I utgangspunktet var det slik at 2 "fullgardar" skulle utruste og betale reisa for ein soldat. Fanst der ikkje så
mange, vart finansieringa delt opp i ei legd med 4 «halvgardar»
eller endå til 8 «kvartgardar». Det var ei ordning der gardar med
minst 58 mål åker, og mat nok til å fø minst 16 kyr vart rekna
som ein fullgard. Slike bruk måtte betale full skatt. Dei som hadde
minst 14,4, mål åker og kunne fø 4 kyr vart rekna som halv gard.
Dei betalte då halv skatt. Ordninga vart seinare endra slik at
skattane vart utlikna frå «skylda» som kvar gard vart verdsatt
til. Ingen av bruka på Emblem kunne dermed reknast som fullgardar,
hverken i 1667 eller 1714, men til saman kunne bruka på Emblem og
Østrem utstyre kvar sin soldat. Eg vil difor tru at Emblemsbygdarane
skulle utstyre maksimalt to soldatar. I 1700 og kanskje tre frå
1717. Soldatane skulle ha uniform, våpen mat for to månader og
betalt reise. Det skulle bygselsmennene i kvar legd betale. Dette kan
stemme rimeleg godt med 1701-manntalet der det er tre Legdmenn frå
Magerholm til og med Rødset. Då er nok Blindheim og kanskje også
Spjelkavika tatt med. Desse legdmennene var Arne Axlen på 37 år,
Didrich Emblem på 39 år og Rasmus Ødegaard på 45 år. Rasmus kom
frå Puskhola. Arne Knudsen Akslen finn eg at som brukar på
bruksnummer 1, Øvste-Aksla, Didrik Villumsen Emblem vart seinare
brukar på bruksnummer 5,Ystebøen, medan Rasmus Anderson Ødegård
truleg vart drivar på bruksnummer 1, Utigar. Dette var velhaldne
bruk, så det var ikkje fattige unggutar legdene sendte av garde
akkurat. Det kan verke som om dei anten var eller vart odelsøner og
ikkje ein som var utan arverett eller bygselsrett. Vidare var det 4 andre som
hadde innrullert seg sjølve. Dette kan verke som mange på ein gong,
men ein skal hugse at dette var kort tid etter at Danmark-Norge måtte
bøye seg for svenskane og be om ein fredsavtale. Eg skal kome
attende til desse 4 lenger ned i teksten.
DEI IKKJE-STRIDANDE
LEGDMATROSANE I MARINEN
Dei som har kode «Gap» var
matrosar frå sjølegdene og soleis innført i «Galleibogen». Det
var med andre ord dei som Emblemsbygdarane var pliktige å utstyre og
sende av garde på øvingar eller ved eventuell mobilisering til
krig. I tidsrommet 1709-1719 var det to slike legdsmenn. Om dei nokon
gong tenestegjorde i København, veit eg ikkje heilt sikkert, men eg
vil tru at dei vart sendt av garde. Emblem låg ved fjorden og nær
kysten, så eg vil tru at dei kan ha vorte rekna som ei «kystlegd»
som hovudsakleg skulle levere sjøfolk til den militære flåten. Dei
to som eg har funne i dei militære rullane for Bergen stift er Olle
Pers. Magerholm og Hans Flisnæs.
Olle vart registrert som
«GAp079» med tillegskoden «16SMO60 «. Det fulle namnet var Ole
Pedersen Magerholm. Han var 8 år gamal i 1701, ifølge
1701-tellinga, og dermed fødd i 1692. Ole kom frå bruk II på
Magerholm og var truleg ein av dei eldste i ein ungeflokk på 9.
Faren heitte Peder Olson Våtmyr og døydde allereie i 1702, berre 35
år gamal. Mora var Kari Klementsdotter Magerholm og døde i 1736.
Foreldra hadde tatt over bygselskontrakta etter far til Kari, Klement
Jakobson Magerholm i 1691 og Ole vart altså fødd kort etter den
tid. Eg veit ikkje kvar alle søskena vart av, med untak av Dorte
(død 1776) som gifte seg på Jyljebøen, Isak (1898-1773) som rydda
plass i Magerholmvika, samt Ole og Paul som tok over farsbruket etter
tur seinare. Det var ikkje så vanleg at gardbrukarsøner verva seg
frivillig. Kanskje vart Ole utkomandert, eller så var det vanskeleg
å finne livsgrunnlag på andre måtar når søskenflokken var så
stor.
Hans Hansen Flisnes hadde
kodane «Gap098» og «16SMO59».
Ifølge militærrullane døydde han 5.
januar.1717 på «Trosvig
Søelasarett». Eg
vil tru at det er snakk om Trosvik i Glemmen Prestegjeld ved
Fredrikstad. Der var det i alle fall framleis eit Lasarett i 1910.
Hans kom frå Hansgarden,
bruksnummer 1 på Flisneset. Det var truleg faren, Hans Torsteinson
(f. ca. 1650), som gav bruket dette namnet på folkemunne. Hans
Hansen vart fødd etter at faren bygsla garden kring 1690. Mora
døydde berre 44 år gamal i 1706, og då fekk han ei stemor som
truleg kom frå Rasmusgarden på Flisneset. Det verkar ikkje som om
det var ringe kår i Hansgarden for dei hadde ein litan hest ifølge
arveskiftet. Ifølge 1701-manntalet var Hans Hansen 5 år og dermed
fødd eller døypt i 1696. Stemmer årstalet i forlketellinga var han
21 år då han døydde.
DEI FRIVILLIG
INNRULLERTE MATROSANE
Vervinga av matrosar til
flåten frå Bergen vart leia av vervingsjef Kommandør Frantz Trojel
og mønsterskrivar Espen
Lund. Den kongelege forordninga av 16/10 1703 og 26.1.1704 om
sjøinnrullering i Norge medførte at 1597 mann frå Bergen by, samt
266 mann på landet i Bergens stift verva seg. Desse skulle nyttast i
flåten i «påkommande tilfelle» og oversikta skal vere komplett i
millitærrullane som enno eksisterer for Emblem sin del. Ingen av dei
omskrivne nedanfor har rulleringskode KAP, og var difor neppe i
Københamn ved krigsutbrotet i 1709.
Det var marinegastar frå
frå Bergen by som fekk oppleve det. Dei iverva vart tekne ut til
månadsteneste på den danske krigsflåten og forsyningskipa. Så
lenge dei vart nytta som matros, slapp dei å sloss, men ein skal
ikkje kimse av at dei trass alt var ombord i eit krigskip for det
meste.
Det var heile 10
emblemsbygdarar som lot seg verve og av desse var det 6 som var
matrosar. Samtlege seks matrosar verva seg i 1704 og vart dimmiterte
før det kom til krigshandlingar. Seks av desse verva seg 23. juni.
I motsetning til legdsmatrosane var ingen av desse anten odelsøner
eller registrerte som seinare bygselsmenn på Emblem. Dei fleste var
derimot husmennsøner og tenarar, som kanskje såg nok ein
mogelegheit til å sleppe unna med kortare vervingstid og ei rekkje
andre goder. Det var truleg også grunnen til at det var såpass
mange som verva seg på ein gong. Eg har samla litt fleire
opplysningar om desse i dei kommande avsnitta.
Matros «LA0176»
Olle
Olsen Østrem
Borgund vart fødd i 1687, og det er truleg den
same Ole som vart registrert i 1701-tellinga på Østrem. Han vaks
opp i Mattisgarden og var sonen til Ole Hansen Østrem (1645-1709)
Det var søstera, Inger Olsdotter (død 1765, 87 år) som tok over
bygselskontrakta på dette gardsbruket. Eg veit ikkje kvar det vart
av Ole etter at han kom heim att.
«LA0177» Jens Olsen
Emblem Borgund fødd 1682. I likheit med Ole i avsnittet ovanfor,
kan eg ikkje finne opplysningar om og når han drog til København
eller kva skip han tenestegjorde på.
Han var truleg sonen til Ole
Ingebrigtsen Emblem i Auregarden, for det er den einaste
gardbrukaren på
Emblemsgardane som kan høve. Jens var heller ikkje den einaste i
familien med millitær karriere, Faren var innrullert i 1701, ifølge
folketellinga, i ein alder av 56 år. Det kan verke som om det er
snakk om ei feilregistrering, sidan broren til Jens, Ingebrigt Olson
Emblem var 23 år det året og heimeverande. Han kan nok høve betre.
Eg vil tru at hverken Jens eller Ingebrigt vart med i sjølve krigen
dersom dei ikkje forlenga kontrakta si meir enn dei trong gjere, men
då hadde dette vore innskrive i militærrullane. Det er mogeleg at
det også er veslebroren til Jens, Ole Olsen Emblem, som har
innrulleringsnummer 0798 og koden LA0170. Han vart registrert på
skipet «Havfruen» den 9. september 1719. Han var i so fall omlag 31
år ved den registreringa. I 1701-manntalet finn eg han som tenar,
eller rettare sagt dreng, på nabobruket som heitte Steffågarden. Og
det endar ikkje der, for eg har også funne ein Knut
Olsen Emblem på 24 år i 1701-tellinga som også var i
marinen. Han var også tenar på Ystebøen det same året. Ut frå
desse opplysningane kan ein nesten hevde at auregardsfolket var som
ein «militærfamilie» å rekne.
I den same 1701-tellinga
finn eg ein ung Peder Pers. Emblem på 26 år, som var registrert som
«Marin». Han er ikkje nemnd i militærullane frå Bergenhus, og var
truleg ferdig med si teneste før krigen. Det var Peder Pederson
Emblem (1675-1748) som hadde fått bygselsetel i Ebbegarden. Han var
ikkje oppvaksen der og truleg ikkje i slekt med den forrige brukaren
heller. Han hadde truleg gifta seg omlag då han tok over bruket i
1700. Det er ikkje registert andre enn menn og gutar i mantallet, men
frå bygdeboka for Borgund finn eg at den fyrste kona hans , Anne
Pedersdotter døydde i 1701. Det kan vera grunn til å tru at det kan
ha vore i samband med anten svangerskap eller fødsel. Dei var truleg
ikkje gifte særleg lenge. Peder far også svigerfar til den neste
brukaren, Ebbe Knutsen Hovden (ca. 1705-ca. 1770) som truleg kom frå
andre sida av fjorden ved Hundeidvika.
Matros «LA0181» var
Tideman Olsen Axelen Borgund. Også han hadde
innrulleringsdatoen 230604. Tideman var truleg fødd i 1683. Han er
registert under Bergen verving, men utan opplysningar om utskriving
eller avgang. Tideman var sonen til Ole Anderson Akslen, som bygsla
på bruksnummer 2, «Hølå» fram til garden i 1680-åra vart slege
saman med bruksnummer 1 «Øvste-Aksla» i nokre år. Frå
1701-tellinga finn eg at tenaren Peder Olsen Akslen (f. ca. 1651) på
dette bruket hadde vore soldat tidlegare. Tidemnad fekk lønn for å
stå i militærrullane, men kom truleg ikkje i kamp. I 1701 var han
tenar på Bruk I på Nedregotten, som seinare skulle delast i
Steffågaren og Sirigarden. Han var då 19 år, og registrert som
husmannson.
«LA0185» Biørn Olsen
Flisholm Borgund vart fødd i 1688. Videre opplysningar om
tenestetida hans finst ikkje. Han var truleg broren til Christen
Olsen Flisholm, med innrulleringsnummeret «GA000»som også var
registrert soldat under den Nordiske krig. Frå 1701-manntalet finn
eg at dei truleg var busatt på husmannsplassen på Flisholmen.
Faren, Ole, var då omlag 62 år og det vart fortalt at han var
tønnemakar. Christen var ikkje heime på den tida, medan Bjørn var
nemnd som yngst av tre registrerte gutar med sine 9 år. Det er
truleg slik at alderen har vorte bytta om på brørne. Broren Ole på
linja ovanfor var nemleg 19 år og det kan høve litt betre.
Utfordringa er likevel at han i så fall har vorte dobbelført feil,
for der finst også ein tenar med namnet Olle Olsen Flisholm på 19
år på Humla i 1701. Det er difor mogeleg at der var to brødre som
heitte Bjørn og att fødselsdatoen i innrulleringa var korrekt sett
til 1688 på den eldste Bjørn Olsen Flisholm. Han var i so fall 13
år i 1701 og 16 år då han verva seg. Den eldste i rekkja var nok
uansett Lars på 24 år. I følge 1701-manntalet var også han
innrullert i marinen det året. I tillegg var han dreng på Godøya.
Eg veit ikkje kor det gjekk med Christen, men Bjørn var nok den same
som Bygdeboka for Borgund nemner som neste husmann på Flisholmen.
Han tok i så fall over i 1710, noko som kan passe godt for Bjørn
verva seg i 1704 og då var han truleg dimmitert i 1709, slik
forordninga frå kongen hadde lova i 1703. Han gifta seg også med ei
Ragnhild Jensdotter. Det var ingen familie som tok over etter han.
Det kan verke som om gutane på Flisholmen var anten like flinke til
å verve seg som gutane i Auregarden, eller like interessert i godene
det resulterte i. Det er i allefall ikkje sannsynleg at dei tok på
seg dette for andre. For Bjørn var nok løfte om løn og fritak frå
landvernet etter dei pålagde 5 åra viktige argument. Han endte nok
heller ikkje i krigshandlingar i 1709, for han kom heim att.
Lars Ifuersen Flisnæs
Grytten, med registreringskode
«LA0197», var den einaste av dei nemnde som verva seg 26.
juni 1704, tre dagar seinare. Han vart fødd i 1680 og var i Marinen,
men eg finn han ikkje att i 1701-tellinga i Borgund. Det kan tyde på
at han hadde slekt på Flisneset, men der finst ingen Iver i
Bygdeboka. Han var registrert frå Borgund i 1704, men eg har ikkje
klart å finne meir om han enno. Eg lurer bå om han kan vere frå
ein annan Ødegard utnafor Emblemsbygda. Det kan også forklare at
han har ein annan vervingsdato, tre dagar seinare.
SOLDATANE
I LANDVERNET
Det
var desse som skulle i kamp for å sloss. Desse var det naturleg nok
ikkje så mange av. Truleg deltok alle tre i kamp.
Anders Rasmusen Emblem
var innrullert som nummer 0800 med koden «LA0175», som stod for
landvernet. Han fekk ingen god skjebne. Ein kan berre undre seg over
kva følgende registrering i militærrullane for Bergen stift kan
bety: «Kasseret 17.5.1718 Been istøcker
slagen» Ein ting er i alle fall sikkert. Han vart kjend
udyktig og sendt heim 17. mai 1718 etter å ha vore i kamp. Dette kan
vere den same Anders Rasmussen Emblem som ein annan stad vart
omskriven som «Quest på Fyen». Kan det bety
at han vart kvesta på øya Fyn i Danmark? Det kan sjølvsagt ha
andre tydingar også. Anders finst ikkje i manntalet på garden
Emblem, men der er derimot ein Anders Rasmussen i Emblemsvåg i 1701
som kan høve. Han var sonen til Rasmus Emblemsvåg, som var den
første husmannen i Plassevågen. I så fall så hadde han brødrene
Peder på 16 år, Knut på 12 år og Lars på fire år i 1701. I den
same tellinga vert Anders registrert som tenar på bruk II på
Nedregotten (seinare delt i Skaret og Guttormgarden), medan broren,
Peder, tente på Emblem.
Soldat nummer 044,
Olle
Ifversen Hesseberg,
vart verva
den
28. oktober i 1709. Ole
Døde 10.
mars 1717 i Søen. Eg er usikker på om det betyr at han drukna,
eller om han fall død overbord.
Han
var med i det «Faste Sundmørske kompani» Ole kom frå Nedigard på
Hesseberg og var sonen til Iver Hesseberg, som bygdeboka nemner som
brukar på Nedigardi 1650-åra uten at ein veit sikkert kor lenge.
Broren Bertil Iverson Hesseberg (1635-1709) tok over bygselen på
farsbruket, så det er mogeleg at Ole var ein god del yngre, sidan
han var soldat. Han kan neppe ha vore meir enn 30 år då han vart
innrullert i 1709, så han vart kanskje fødd eingong i 1680-åra.
Det er kanskje også årsaka til åt han lot seg verve, sidan han
ikkje hadde nokon odel. Då Bertil døde, nettopp i Ole sitt
vervingsår, var det søstera Mali som tok over garden. Den normale
vervingstida var stort sett 5 år, men Ole var framleis soldat då
han døydde i 1717. Dette talar også for at han kan ha vorte fødd
seint på 1680-talet. Det finst desverre ingen opplysning om kvar han
tenestegjorde eller kvar han døydde. Ole var forøvrig onkelen til
Engebregt Bertelson Hesseberg, frå den samme garden som også verva
seg som soldat. Han skal eg kome attende til i neste avsnitt. Det er
mogeleg at Ole var ledmann òg. Hesseberg var på denne tida ikkje
del av Emblemsbygda, og han var truleg del av «Valle landlegd», som
hovudsakleg leverte soldatar i motsetning til Emblemsbygda. Ein finn
også fleire eksempel på at gutar herifrå tok seg betalt for å
stille i soldattjeneste på vegne av gardfolket på mellom anna
Gudmundset litt lenger aust mot Glomset.
Engebr.
Bertelsen Hesseberg innrullert nummer «022» vart vervat som
soldat den 17. mai i 1710, eit år etter onkelen, Ole Iversen
Hesseberg, som vart omtala i avsnittet over. Det einaste ein veit om
krigsdeltakinga er at han vart registrert i Christiania den 15.
september 1717. Det kan tyde på at han var stasjonert der på den
tida. Kanskje tenestegjorde han på Akershus festning? Det var nok
behov for auka bemanning med tanke på den svenske beleiringa året i
forvegen. Engebregt hadde minst 6 søskem og hadde mista faren sin
året i forvegen. Han hadde 2 eldre brødre, men det var tanta, Mali
som fekk overta bruket i staden. Av dei tre søstrene var det berre
Tyri som eg har funne giftermål på. Til gjengjeld døydde ho
allereie i 1713 og då var ho gift for andre gong inne i Vaksvika.
Søstrene Eli og Anne var det året 30 og 28 år, men ugifte. Det er
mogeleg at dei vart gifte dei òg, men det kan ikkje ha vore så
store medgifta mora kunne bidra med, og brukarane på garden fekk
heller kort tid som brukarar på denne tida. I likheit med onkelen,
verva Engebregt seg på eit tidspunkt der Danmark-Norge hadde vorte
med i krigen, så det kan ikkje ha vore like freistande. Det er meir
truleg at dei ikkje hadde så mange andre val. Kanskje vart dei
utskrivne, men sidan dei var med i det «Faste Sundmørske Kompani»,
så kan det tyde på at dei sjølve valde å la seg verve til
militærtenesta. I så fall kan det ha vore av økonomiske årsaker.
Heilt til slutt vil eg nemne
Endre Jetmundsen Østremsreit (f. ca. 1645). Han Dreiv gardsbruket
Reiten og hadde også militær bakgrunn. Han var innrullert som
korporal og hadde «verit Soldat» ifølge manntalet i 1701. Kanskje
hadde han ei rolle i arbeidet med å få fleire til å verve seg
etter at han kom heim og tok over farsgarden kring 1690?. Det finst i
alle fall liknande døme på at offiserar av lavare grad fekk slike
oppdrag. Han hadde ingen andre militære oppdrag frå 1709.
SLUTTNING
Det var
altså ikkje berre dei vansklegstilte husmansønene som verva seg
eller stillte som legdsoldatar frå Emblemsbygda. Det var mange
ungdommar på gardane på denne tida, men heller få av desse deltok
i den Store Nordiske krig frå 1709. Ein kan sjå eit slags skille
der husmannsøner stort sett verva seg då dei fekk tilegne seg
ekstra goder eller pengar uten at Danmark-Norge var i nokon krig i
det heile tatt. To av dei tre landsoldatane som faktisk deltok i
krigen gjekk det ille med, medan det maksimalt kan ha vore ein matros
som hamna på sjukehus. Han var det altså ikkje hald for å påstå
at han faktisk kom frå Emblemsbygda. Det er vanskeleg å finne ut
kvar dei vart av etter 1709. Historikar Atle Døssland skriv i
Fylkeshistoria for Møre og Romsdal at dei færraste som verva seg
til marina og drog til København kom attende til heimbygda. Det var
nok først og fremst fordi dei då hadde fått smaken på den store
verda og sjømannslivet. 5 eller 9 år var også sopass lenge at
fleire gifta seg andre stadar enn her heime. Kanskje var det også
nokon av dei ovanfornemnde som verva seg i den nederlandske
handelsflåten etterpå. Den store Nordiske krig påverka difor ikkje
folketalet på Emblem nemneverdig.
KJELDER:
1910-tellinga for Glemmen
herred:
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft/bosted_land/bf01036355010591
Døssland, Atle: «Med lengt
mor havet: 1671-1835, Fylkeshistorie for Møre og Romsdal», Samlaget
Oslo 1990
http://no.wikipedia.org/wiki/Beleiringen_av_Akershus_festning
Manntalet 1705 for Sunnmøre:
http://folk.ntnu.no/ivarse/avskr/mt1701_Sunnmore.htm
Norske Inteligenzseddler
24.2.1779
Sogner, Sølvi: «Krig og
fred: 1660-1780» Aschehoug, Oslo 1996
Østrem, Svein Ove:
Arbeidsutkast til oppdatert bygdebok for Emblemsbygda, Molde 2014
www.digitalarkivet.arkivverket.no
Øverbø, Egil: «I kongens
teneste: militær utskriving frå Bergens stift under Store nordiske
krig 1709-1719» Riksantikvaren 1996
Øverlid, Ragnar: «Borgund
og Giske Band II, Gardsoge 1-51», Borgund og Giske Bygdeboknemnd
1961