Flisfjorden
er eigentleg berre ei lita fjordarm som strekker seg frå Flisholmen
utanfor Flisneset og vidare vest mot Vegsundet, ei strekning på
omlag 1,7 kilometer. Men uansett kor liten og tidvis så stillt der
kan vere, så er det ingen spøk å legge ut på båtferd i dette
krysningspunktet der Hjørundfjorden møter Storfjorden.
Mauritz
Akslen fortalde på 1980-talet, i eit intervju med Sigurd Langleite,
om ein spørjesundag der ungdomar frå bygda skulle ta den raskaste
vegen med ein 40 fots motorbåt frå Emblem til Borgund kyrkje.
Problemet var at det regna og bles, slik at båtføraren vegra seg
for å ta turen kring Flisneset. Då vart løysinga å gå heile
vegen i staden. Den gongen såg ein at det var uvér, men det er
ikkje så reint få som har opplevd at det endra seg frå blikkstille
fjord til ein kamp på liv å død der ute. Sjølv sjøvante folk
kunne verte overraska når kastevindane med eitt kom rasande over frå
Hjørundfjorden og mødte straumar frå både Storfjorden og
Breisundet. So berykta har Flisfjorden vore at der finst eit eige
Olavsagn om denne fjordarma. I likheit med sagnet om matbommen på
Hesseberg, er dette sagnet nermast ukjend i våre dagar, og i ferd
med å gå over i gløymeboka i motsetning til sagnet Sjøormen der
oppe i Syltefjellet i Valldalen. I tidlegare tider kan ein derimot
tenkje seg at særleg sagnet om Flisfjorden kan ha vore betre kjend
enn nokon av dei andre. Då var den alminnelege ferdselsvegen nettopp
på fjorden. Det var folkeminnegranskaren, Peder Fylling som skreiv
ned restane av sagnet, der hovudpunktet var at Heilage Olav fekk opna
opp Dragsundet ved Solnør gard, slik at folk då kunne nytte
Ellingsøyfjorden når Flisfjorden ikkje var farande.
I
nyare tid vart den same Ellingsøyfjorden også nytta som postveg frå
Ørskog til Borgensund og dei styrande fordi Flisfjorden vart for
risikabel. Det var den samme årsaka som førde til at den første
Magerholmvegen vart bygd frå 1809 heilt ut til Vegsundet og dermed
forbi dette Flisfjord-stykket. Sjølv Ungdomslagsbladet til Emblem
Frilynde Ungdomslag fekk namnet «Inaumnesingen», eit namn som vart
nytta på Emblems-bygdarane før 1900. Det tyder «den som bur
innanfor neset», og det er sjølvsagt Flisneset ein tenkjer på. I
våre dagar har vi trygg og god bilveg gjennom Emblemsbygda. Difor
har eg skreve denne vesle teksten om den gongen då Flisfjorden sette
grenser for kva ferdsel og fjordhandel der kunne verte i den gryande
kjøpstaden ute ved havet.
Eg
vil vektlegge dei ulukkene som kan sporast attende til nettopp
Flisfjorden. Der finst framleis langt fleire historier og skjebner
enn dei som er omtala her, men målet har også vore å stadfeste
desse ulukkene ut frå samtidige kjelder der eg har funne hald i
hendingane som er omtala. Soleis har eg foreksempel ikkje valt å
skrive om min eigen oldefar som skal ha kolsegla i sine yngre dagar,
Utfordringa er at eg ikkje veit meir enn at han overlevde. Eg har
lagt lista litt høgare. Det medfører at også Ludvik på
Ludvikplassen i Emblemsvågen, som fekk medalje for edel redningsdåd
på sjøen ikkje har fått plass, fordi eg ikkje veit når eller
korleis det skjedde enno. Håpet er likevel at eg kan samle fleire
historiar etterkvart som eg finn tak i nok informasjon til å gå god
for dei. Det er ikkje sikkert at eg vil klare å kome så langt.
Difor har eg valt å heller publisere ein tekst som kan
videreutviklast og fyllast på seinare også.Er det nokon som kjenner
til fleire slike ulukker, så håpar eg på at dykk tek kontakt.
Eg
har forsøkt å dele inn teksten slik at ulukkene vert fordelt på
dei ulukkesråka sine heimlege trakter. Difor vil du finna alt om dei
som kom frå Hjørundfjorden, før du kan lesa om dei frå Sykkylven
og så vidare. Blant kjeldene står dei frå Sykkylven i ei
særstilling og er godt dokumenterte, medan kjeldetilfanget for
Hjørundfjorden og særleg Vartdal har vore vansklegare å finne fram
til. Der har det også vore vanskeleg å finne særleg mykje
informasjon om hendingane og dei som vart råka. Difor har denne
teksten vore særleg tidkrevande. Når det gjelder postbåtforliset i
1794, så har eg vald å plassere teksten under kapittelet om
Hjørundfjorden i første omgong. Dette er fordi eg ikkje har makta å
finne att kvar postkarane kom frå, medan historia har vore godt nok
dokumentert i andre kjelder. Ved neste oppdatering av teksten håpar
eg å ha funne namna på dei som drukna også, men so langt er søk i
kirkebøkene for både Borgund og dei omkringliggande prestegjelda
ikkje ført fram. Det kan også tyde på at dei ikkje vart gravlagde
i vigsla jord, eller at det har gått særs lang tid før dei vart
funne att. Som du vil sjå, så er det få involverte frå vår eiga
bygd, men det er framleis nok som hende så og seie utanfor vår eiga
stovedør og bør dokumenterast og føyast saman for ettertida. Eg
vil starte med Hjørundfjordingane, som i tillegg til å busette seg
i Emblemsbygda, hadde mykje samkvem desse innaumnesingane. Her kunne
dei tidvis leige beite om sommren eller husrom for dyra om vinteren,
og særleg det siste var visst ein populær måte å utvide buskapen
sin på når eigan fjøs vart for liten.
Omkomne
og ulykkesråka frå Hjørundfjorden
Sjur
Pederson Viddal (1697-1742)
Han
vaks opp på garden Viddal i Hjørundfjorden og vart gift to gonger.
Det første bryllupet var i Ørstakyrkja i 1730. Bruda heiite Ågot
Larsdotter Brautaset og vart ikkje særleg gamal Ho skal ha vorte
gravlagd i Hjørundfjorden i 1750, men det er truleg ikkje rett,
sidan Sjur gifte seg om att med Malene Knutsdotter Sundal frå Volda
i 1741. Dei fekk difor ikkje særleg lang tid saman før Sjur drukna,
truleg på Flisfjorden. Dei budde då på Rasmusbruket på garden
Kvistad i Hjørundfjorden. Malene levde vidare til 1751
Postbåtforliset
Vinteren
1794 sokk postbåten på Flisfjorden. Posten forsvann og begge
postbøndene omkom. Dei vart truleg heller ikkje funne att. Etter
dette forliset byrja ein for alvor å vurdere å sende posten frå
Sjøholt til Nørvasundet (Borgensund) over land i staden for å
nytte fjorden på delar av strekninga. Det er neppe tilfeldig at
desse diskusjonane tok til den same våren. Problemet var berre at
veg ikkje fanst på denne tida og planane vart etter kvart
skrinlagde, men ikkje heilt gløymde. I 1809 starta arbeidet så
smått på vegen frå Magerholm til Blindheim. På den måten vart
det mogeleg å passera Flisfjorden via landevegen. Eg har ikkje klart
å finne ut kven desse to postbøndene var, for dødsårsaka drukning
var ikkje nemnd i kirkjebøkene for Borgund Skodje eller Ørskog den
aktuelle våren. Eg finn heller ikkje to i arbeidsfør alder med
samme dødsdato våren 1794 som kan vere høvelege kandidatar. Av dei
ansettelsesbrev som eg har sett, så var det truleg ansett lokale
unggutar eller menn frå distriktet ikring den postruta dei skulle
betjene. Dette var også ei mogelegheit for å få sleppe
millitærteneste. Det eg derimot veit, er at det var mot instruksen å
ro Storfjorden i staden for den mindre farlege Ellingsfjorden via
Straumen ved Solnør gard. Postbøndene kunne få bøter om dei ikkje
var frame til pålagd tid, og problemet var at det ofte fraus is der
inne. Flo og fjøre kunne også verke inn på mogelegheita for å
koma seg gjennom med båt. I den vidare brevkorrespondansen mellom
Fogd Nordløw, Generalvegmeister oberst von Krogh og postmeister Wind
vart mellom anna isen og forseinkinga av posten i intil 3 dagar
nemnd, men då utan at postførarane kunne klandrast. Det er difor
ikkje heilt sikkert at det var frykta for bøter som fekk dei til å
prøva seg på Storfjorden i staden. Truleg var problemet såpass
stort til tider at dei fleste såg mellom fingrane med transport
utanfor instruks. Problemet var at Flisfjorden var alt anna enn
trygg. Emblemsfolket hadde reservestø lenger vest i retning
Spjelkavika dersom fjordstykket var utrygt når kyrkjebåtane skulle
roast heim. Det var heller ikkje uvanleg at folk inna fjordane på
byferd vart liggande verfaste ved Glomset eller på Magerholmen. I
bygdesoga for Stranda vert det mellom anna fortalt at nokre
strandarar vart liggande verfaste på Magerholmen i heile 13 dagar,
men bygdebokforfattaren antydar at det truleg ikkje var véret som
forhindra byferda alle desse dagane.
Den
15. oktober 1880 hende det ei tragisk ulukke på Flisfjorden der
4 omkom. Ulukka fekk følgande omtale i «Bergen Adressecontoirs
Efterretninger» den 23. oktober: «paa Flisfjorden kantrede
Fredag Formiddag en Baad, hvori var 7 mennesker og 11 kjør. 4
Mennesker, hvoraf en Pige, omkom. Uagtet Ulykken foregik nær Land,
hengik der temmelig lang Tid, før der kom Baad til hjelp. 4
Mennesker var komne op paa hvelvet, men under de Forsøg, som de
omkringsømmende kreaturer gjorde for at komme op paa dette, blev en
af disse 4, en ældre Mand, revet ned, hvorefter han strax omkom.
Kreaturene forsøgte senere at svømme tillands, men dette lykkedes
kun for et av disse. Flisfjorden har et Favand, der mere end noget
andet heromkring krever høi Grad af Forsiktighed, idet særegne
Strømforholde i Forbindelse med farlig Vindkast oftere har
afstedkommet Ulykker paa denne Fjord. For faa Aar siden druknede
paa samme Sted og under lignende Omstendigheer et større Antal
Kreaturer, der ligesom ovennævnte førtes i aaben Baad fra
Hjørendfjord for at sælges i Aalesund til Slagt. (den
samme artikkelen hadde då vore trykkt i Aalesunds Blad).
Namna
på dei omkomne vart ikkje nemnd. Frå Kyrkjeboka for Hørundfjord
kan ein likevel finne namna. Dette var: Kårmann
Ananias Johnsen Vagelsæt (1812-1880), Kårmann Peder Knutsen Aarskog
(1815-1880), ungkar Ole Knutsen Ville (1848-1880) og pige Johanne
Olsdotter (1841-1880). Ho
kom frå Godøya. Av desse var det berre liket av Ananias som vart
gjennfunne.
Eg har ikkje klart å finne dato på den andre ulukka
som vart nemnd i artikkelen. Årsaka til dette kan vere at ingen
menneske omkom den gongen. Ananias var sjøveigande bonde frå
Bondalen. Ifølge 1865-tellinga dreiv han det stort med 15 kyr, hest
og 15 sauder, noko som var temmeleg mykje på den tida. Han var
følgeleg ein rimeleg velhalden mann. Kona hans heitte Marte E.
Hansdotter og dei hadde fem registrerte born i folketellinga dette
året. Av desse var det to vaksne gutar på 20 og 26 år som budde
heime og hjalp til med gardsdrifta. Det er godt mogeleg at det var
han som leigde inn dei andre som rorskarar til den lange ferda mot
Ålesund. Ingen av sønene hans var med på denne ulukkesdagen. Peder
Knutsen Aarskog har eg ikkje klart å finne meir om, men ungkaren Ole
var sonen til Knud Olsen Ville og Nille Knudsdotter. Foreldra var
bygselsfolk på garden Ville i Bondalen. Sonen, Ole, vart ikkje
registrert på farsgarden ved folketellinga i 1865, men det vart dei
yngre søskena Martinus på 11 år, Christiane på 9, Syvert på 7 og
Larine på 3 år. På denne tida var Ole truleg i teneste uten att eg
veit kvar. Kan hende var han dreng hos Ananias i 1880. Kårmannen,
Peder Knutsen Aarskog har eg enno ikkje funne meir om.
Omkomne
og ulykkesråka frå Sykkylven
Jakob
Andestad (ca. 1719-1773)
Jakob
kom frå Pegarden, bruksnummer 3 på Andestad. Han vart fødd på
denne garden og dreiv den frå 1747 til han døydde. Kona heitte
Berte Åmundsdotter Eide (ca. 1722-1796) Jakob fekk bygselsbrev av
presteenka frå Volda, Drude Finde (f. Frimann). Han sleit tungt og
måtte låne 31 Riksdalar av Olde Honningdal med pant i både inbu,
husdyra og fiskereiskapen. Frå pantepapira kan ein lesa meir om kva
han åtte. Dette var koparkjel, gryte, skjering, hest, 3 kyr, 3
kviger, 2 sauer, 4 torskegarn, 1 kvern og ein kvart seksring. Kanskje
var det denne båten han var ombord i då ulukka hende. I tillegg var
den yngste son hans, Peder på 16 år med på turen. Om dei var på
veg til byen, eller fiske veit ein desverre ikkje sikkert. Det me
derimot veit er at ingen av dei fire vart gjennfunne. Det var altså
2 karar til frå Sykkylven i båten. Dette var Styrker og Jetmund.
Dei skal eg skrive litt meir om i dei to neste avsnitta.
Styrker
Styrkerson (ca. 1725-1773) frå Trulsgarden, bruksnummer 1, på
Eidem i Sykkylven. Han var bygselsmann og svært fattig. Styrker
hadde fått garden då han gifte seg med enka der, Marte Ellufsdotter
Slettebakk (ca. 1725-1793) Far hans kom truleg frå Aure i Sykkylven
og han hadde fått bygselsettelen med Lars Fauske då han gifte seg i
1762.
Jetmund
Olsen Kjemphol (1733-1773) var sonen til Ole Ellingson og Anne Knutsdotter Kjemphol. Jetmund
hadde i alle fall 6 søsken, og det er mogeleg at han hadde ein bror
til som heitte Jetmund og døydde ein gong mellom 1730 og 1733, sidan
han vart oppattkalla med same namn. Jetmund vaks opp på bruket
Stølen på Kjemphol, men tok ikkje over etter foreldra sine. Det var
det den tre år eldre broren, Elling, som gjorde. Elling vart far for
fjerde gong i 1773. denne guten vart kalla opp att etter onkelen sin
som drukna i Flisfjorden.
Rasmus
Andreas Gundersen Ramstad 1820-1849) vaks opp som nest eldst i ein ungeflokk på 4 i Jogarden i
Ramstadalen. Familien hadde budd der i fleire generasjonar på
farsida. Foreldra var Gunder Andreas Ramstad (1789-1836) og Marte
Johannesdotter Fjørstad (f. 1785) Rasmus Fekk gode skussmål ved
konfirmasjonen i den 24. april 1836. Ørskog-presten skreiv følgande:
«Meget god Christendomsk. Udviist Flid og et godt Forhold». Han
var då 15 1/2 år gamal og hadde opplevd sin verste vår det året.
Faren Gunder døydde 22. februar og vart gravlagd den 31. mars, under
ein månad før konfirmasjonen til Rasmus, 46 år gamal. Mora vart
sittande som einsleg enke heilt til 1838. Det var nok ikkje så
vanleg, men Rasmus var den eldste sonen og ikkje for vaksen å rekne
før konfirmasjonen. Veslebroren, Johannes var berre 9 år gamal.
Eldstesøstera, Johanne Olave var derimot 18 år når faren døydde,
så ho gjorde nok god nytte for seg i heimen. Ho gifte seg heller
ikkje før i 1852 på Aursneset. Mykje tydar på at delar av
gardsdrifta og særleg fisket vart Rasmus sitt ansvar som odelson og
mogeleg ny bygselsmann på bruket. Men slik gjekk det ikkje. Allereie
i 1837 vart Jogarden seld på auksjon til Erik Eliasson Ramstad, som
på si side selde halvparten vidare for 100 Speciedalar i 1838. Det
året gifta mora seg om att med Rasmus Hallkjeldsen Nedrelid som kom
frå Ulstein, men var busett på Abelset på hi sida av fjorden. Dei
vart truleg verande i Ramstadalen, men ikkje i Jogarden, for ho
stemnde dei to nye eigarane for retten for å få kårytingane ho
trongde. Resultatet vart at ho hadde krav på å bu eit år av gongen
hos kvar av dei to eigarane.Dermed måtte dei eldste borna klare seg
sjølve. Den skrale økonomien var kanskje grunnen til at Johanne
først gifte seg i 1852.
Rasmus,
eller «Iva-Rasmus», som dei kalla han, vart gift i 1848 og flytte
til Ivaplassen på Hjellegjerde, der kona Berte Gurine Iversotter
(1825-1908) vaks opp. Der vart han første sjølveigar, så det må
ha gått rimeleg godt med han åra i forvegen. Han vart berre 29 år
gamal og kom bort på Flisfjorden den 25. februar, året etter at dei
gifte seg. Eg har ikkje funne fleire omkomne i kyrkjeboka, så det er
mogeleg at han var åleine i båten. Berte gifte seg om att med Ole
Martinus Larsen Eidem (1827-1889) i 1852 og dei dreiv plassen vidare
heilt til 1892. Rasmus fekk ingen born.
Den
6. juli 1853
la folket frå Knutgarden, bruksnummer 2 på Hovden på heimveg frå
bryllup på Eikrem på Sula. Det var ikkje så lang veg dei skulle
ro, for garden ligg mellom Hundeidvik og Tussvika, men dette
fjordstykket med Flisfjorden er uberekneleg. Her møtes straumar frå
Breisundet, Vegsundet, Storfjorden og Hjørundfjorden. Det finst ein
omtale av ulukka den 25. august det same året som vart publisert i
avisa Morgenbladet:
«Den
6te dennes forulykkedes kort indenfor Flisnes en Færingsbaad fra
Søkelven med 7 Personer, der agtede sig hjem fra et Bryllup; blot en
Mandsperson blev reddet, medens de øvrige 6 fandt Graven i Bølgerne.
Det blæste en temmelig sterk vestlig Vind, der kom oftest paa dette
Sted er forenet med Bølgegang, da Havsøen gjennom Bredsundet og
Storfjorden har fri Pasage derind. - Det er imidlertid at befrykte,
at Brendevinet, og det sterke Bryllupsøl have sin Andeel i den
Ulykke; thi det er desverre en stor Sjeldenhed at se en Mandsperson
komme ubeskjenket hjem fra deslig Sammenkomster».
Det
er grunn til å tru at observasjonen om bølgegang og kraftig vind er
korrekt, men siste del er nok meir journalistens moralske innspel.
Det kan sjølvsagt vere grunn til å stille spørsmålet om fleire
dagars bryllupsfeiring kan ha påverka vurderinga om å legge ut på
fjorden. Men båten var mykje i bruk, og den viktigaste
framkomstmåten, så det er grunn til å tru at dei var godt kjend
med farene på Flisfjorden. På den andre sida kan det ha blese opp
plutseleg etter at dei la i veg. Uansett vart utkomet av ulukka
tragisk. I Gardsoga for Sykkylven, bind 3, skriv Martin Gjævenes i
1983 litt meir om dei forulukka. Husbonden Jørgen Elias Larsen
Hovden (1794-1853) kom frå Eikrem, så det var nær slekt han hadde
vore i bryllaup hos. Gardskona Marte Hansdotter Sætre (1793-1853)
var heller ikkje oppvaksen på Hovden, men ho var dottera åt
halvbroren til den forrige brukaren som var bornlaus. Saman hadde dei
fire born: Torstein (f. 1821), Lars Martinus f.1826), Kristian
Severin (f. 1833) og Karen Marie (1835-1915). Alle desse borna, så
nær som Karen Marie var i ulukkesbåten som kolsegla. I tillegg var
kona til Torstein, Olava Olsdotter Gjørvad (f.1819) og sonen Jørgen
Elias Olaus Torsteinson på 6 år med på ferda. I den same gardsoga
kan ein lesa at det var Bernt Olaus Hansen Erstad som klarte å karre
seg fast på båtkvelvet til han vart berga av folk frå
nabogarden,Kurset. Denne opplysninga er interessant, fordi det kan
bety at dei var komen over på Sykkylvsida av fjorden då ulukka
hende. Det er også mogeleg at dei var ute i same ærend, men då vil
eg tru at fleire hadde vorte berga. Det er dermed truleg at
kurset-folket la ut med båt då dei såg kva som hende. Det kan også
tyde på at Hovden-folket vart overraska av anten vind eller bølger
når dei var komen minst midtfjords og nerma seg Hjørundfjorden. Det
må ha vore eit frykteleg sjokk for Karen Marie på 18 år som med
eitt var den einaste attende på Knutgarden. Det er også mogeleg at
ho vart vitne til at dei kjempa for livet ute på fjorden. Ho gifte
seg i 1854 med Knut Elias Sætre (1823-1896) som kom frå same
grannelag som mor hennar.
Jens Hansten
Knutsen Åsen (ca. 1834-1890) kom
frå hovudbruket, Åsen, og fekk i 1863 festebrev på «et stykke
mark med mere til en plads» under garden Åsen. Denne
husmannsplassen fekk namnet «Store-Tua», som i seinare tid vart
kalla Åsbakkane, med bruksnummer 4. Han hadde 5 søsken. Jens gifte
seg med Marte Johannesdotter Berge (1836-1928) frå Norddalen. Ho
dreiv bruket heilt til 1915. Det vert fortalt at dei flytte
gamlestova på farsgarden hans til den nye humannsplassen. Jens dreiv
litt med krøterhandel på si. I byrjinga av 1890-åra kollsegla han
saman med Hans Gunderson Grebstad i Kagholen på Flisfjorden. Hans
makta å berge seg på årane medan Jens drukna.
Peder
Karolus Olsen Sandvik (1874-1970) vaks
opp på «Heimiigard» med
bruksnummer 2 under matrikkelgarden Sandvik. Han var eldst i ein
ungeflokk på 6. I 1891 kollsiglde han saman med faren Ole
Petter Pedersen Sandvik (1841-1939) og
grannen Andreas Oppsal på veg til byen med ein vedlast. Dei makta å
kome seg opp på hvelvet og vart redda. Peder tok på seg ei rekkje
kommunale verv. Han sat 9 år i heradstyret, 10 år i likningsnemnda
og 8 år i forstandarskapet i bygda. Han bygde også 400 meter
gardsveg og sin part av bygdevegen Rønes-Sandvik då han dreiv
garden. Om faren, Ole Petter vert det fortalt at han som smågut var
på besøk hjå tanta si i Brusdalen. Der var det barskog, noko han
ikkje var vand med. Han sanka «furekjuker» og samla dei i huva si.
Då han skulle ete vart han beden om å ta av seg hua. Når han so
gjorde dryssa kjukene ut Ole Petter fekk skøyte på garden frå bror
sin og dreiv elles som jekteskipper med turar heilt til Nord-Norge.
Når han var borte var det kona og Kristiane Kristiansdotter Sandvik
(1843-1932), oppvaksen på nabobruket «Framigard» som laut drive
garden på eiga hand.
Andreas
Aurdal (1884-1900) vart berre
16 år. Han vaks opp som ein av heile 11 born på Nilsgarden, med
bruksnummer 1 under matrikkelgarden Aurdal. Foreldra heitte Peter
Olaus Larsen Lyshol (1834-1900) frå Øvsthusgarden og Anne
Sivertsdotter Tynes (1849-1920) Peter var opphaveleg dreng på
garden, men fekk bygsle bruket då han gifte seg i 1865. Peter sleit
tungt, og var forøvrig onkel til Nikolai Nilsen Lyshol, som eg skal
skrive litt meir om i neste avsnitt. Peter var med i båten saman med
sonen Andreas. Dei skulle til Ålesund og hadde med seg nevøen
Nikolai oghans son, Martinus. Det bles med eitt opp då dei var på
Flisfjorden. Båten vart kasta rundt Peter og Nikolai klarte å
kravle seg opp på båtkvelvingen, men sønene deira, som var gode
svømmarar forsøkte i staden å kome seg opp på nokre tomtøner.
Det gjekk ikkje like bra. Både Andreas og Martinus omkom. Ulukka
gjekk hardt inn på foreldra. Peter døydde kort tid etterpå.
Gamlekona i Nilsgarden, som åtte bruket ville at dottera til Peter
skulle, Petrine, skulle ta over. Slik vart det også.
Martinus
Nikolaison Eidem (1880-1900) kom frå Rasmusgarden, bruksnummer 2
på Lyshol. Han var sonen til tidlegare nemnde Nikolai Nilsen Eidem
(1849-1930) og Susanne Knutsdotter Lyshol (1844- ). Ho vaks opp på
bruket, medan Nikolai var sonen til Nils Martinussen Eidem som hadde
kjøpt bruket i 1874 og bygsla det ut til foreldra til Knut og
Lovise, som var foreldra til Susanne. Nikolai og Susanne hadde gifta
seg i 1875, men hadde drive halve bruket allereie frå 1874. Kanskje
var det for Nikolai si skuld at faren hadde kjøpt bruket for 620
Speciedalar? I 1879-1903 dreiv dei heile garden. Martinus hadde 4
søsken, der broren Andreas var eldst. Alle desse søskena levde opp
og vart gifte i området, men Martinus vart berre 20 år gamal. (Du
kan lesa meir om ulukka og dei andre involverte i avsnittet over).
Ole Olsen
Kalvø (1911-1943) kom frå
gamle Borgund kommune. Han gifte seg i 1942 med Astrid Olsdotter
Svindseth (1913-1987) og fekk utskild Solborg, bruksnummer 178 under
garden Øverland med bruksnummer 8. Ole livnærte seg som både
fiskar og bygningsmann, men dei fekk ikkje så lange stunda saman.
Allereie året etter, det same året som dottera Berit vart fødd,
omkom Ole på Flisfjorden. Han var då på veg i båt for å hente
ein medisinpakke. Astrid gifte seg aldri om att. Ho fortsette å bu i
Ramstaddalen, der ho var postopnar frå 1945-1956 ,før ho vart
«maskinbokhaldar» i Privatbanken. Astrid bygde seg hus i 1957.
Peter Jensen
Midtgård (1891-1929) kom frå
Hansgarden. I 1911 hadde han reist til Clarkfield i Minesota og
arbeidd hos Tom Grebstad og Marie Pettersen. I 1925 kom han heim att
for godt og gifta seg med Kristine Hundeide. Peter drukna 11.
oktober 1929 saman med svigerfaren Bastian Hundeide.
Bernt
Knutsen Lyshol (1849-1939) var
ein av dei heldige som kom frå kolsegling på Flisfjorden med livet
i behald. Han kom frå Rasmusgarden på Lyshol og var onkelen på
morsida til tidlegare nemnde Martinus Nikolaison Eidem. Han gifte seg
i 1877 med Karoline Martinusdotter Kjemphol (1854-1929) frå Stølen
og dei busette seg allereie året i forvegen på husmannspassen
Bakken, bruksnummer 7 under matrikkelgarden Haugset. Dei dreiv
plassen til 1918. I gardsoga for Sykkylven vert det skrive at han var
ein trottug slitar både på land og sjø. Han bygde eige hus og løe
på plassen sin og dreiv som gråsteinsmurar all sin dag. På
vinteren var torskefisket ei viktig inntekt. Han var med andre ord
ein fullbefaren sjømann også, men ein gong gjekk det nesten gale på
Flisfjorden. Saman med naboen, Bernt Nilsen Haugset,
kolva dei med vedlasset, men vart heldigvis redda. Dette var ikkje
første gongen han stifta kjennskap med det våte element. Då
Søvikkaia skulle byggast rasa grunnen ut. Bernt vart med ned i
sjøen, men klarte å berge seg til land att.
Omkomne
frå Vartdal
I Vartdalsoga Band III kan ein på side 713 finna ei
oppramsing over vartdalingar som omkom på sjøen, og kvar dette
hende. Frå denne lista har eg funne 4 stykker som omkom på
Flisfjorden. Det er godt mogeleg at der var fleire òg, men
kyrkjebøkene er ofte lite spesifikke når det gjeld stad og årsak.
Der finst foreksempel fire andre mannfolk berre i tidsrommet
april-mai 1844, som døydde to og to på same dag. Av desse var to
gardbrukarar frå Trandal. Problemet er at minesterialboka kun
registrerte om det var nokon smittsam sjukdom som var årsaka. Ein
kan difor ikkje seie for sikkert kor mange som måtte bøte med livet
på Flisfjorden. Vidare har eg ikkje klart å finne att to av dei som
Vartdalsoga nemner i kyrkjebøkene.
Ole
Henriksen Barstad (1809-1844) drukna
24.april samstundes som den neste. Ole vart nok ikkje funne igjen.
Presten registrerte dødsfallet i oktober 1844 utan nokon
begravelsesdato, så då hadde dei nok gjeve opp håpet. Det var
nemleg slik at ein på våre kantar trudde at dei som hadde drukna
kunne flyte opp att til overflata i løpet av «hundedagane» frå
23. juli til 23. august.
Lars
Henrikson Lynge (1810-1844) vart
fødd i Larsgarden på Lynge i Barstadvika. Han var sonen til
sølveigar Henrik Vigleigson (1771-1843) og Lisbeth Eliasdotter
(1771-1833) Det er mogeleg at han var i den same båten som Ole
ovanfor. Lars vart funnen igjen i juli og begravd den 25. august.
Nils R.
Melbø (1837-1885) Kom også
fråLarsgarden på
Søre Vartdal. drukna samme dag den 11. desember som Berte
Rasmusdotter Lynge (1867-1885). Ho var
dottera til Rasmus Knutson Lynge (1819-1889) og Hilde Saksedotter
Barstad (f.1832) i Knutgarden under matrikkelgarden Lynge i
Barstadvika. Ho hadde 4 søsken.Eg
undrar meg på om også Nils og Berte var i den same båten.
Alternativt var det to båtar som kolseglde.
Eg
er framleis på jakt etter fleire opplysningar om dei omkomne frå
Vartdal. Teksten vil verte oppdatert etterkvart.
Kjelder
Aurdal,
Gustav Weiberg: «Sykkylven: Gardsoga 1», Sykkylven sogenemnd 1987
Bergen
Adressecontoirs Efterretninger» den 23. oktober 1880
Ekrem,
Randi: «Primstaven: tradisjonar og merkedagar». Ålesund: R. Ekrem
1992
Gjævenes,
Martin: «Sykkylven: Gardsoga IV», Sykkylven Sogenemnd 1983
Gjævenes,
Martin: «Utvandrarane frå Sykkylven». Sykkylven Sogenemnd 1957
Gjævenes,
Martin: «Sykkylven Gardsoga 3», Sykkylven Sogenemnd. sats trykk og
innbinding: Norbok a/s Oslo/Gjøvik 1983
Grøvik,
Ivar: «Vartdalsoga Band III, Almensoge Andre delen» Vartdal
Bygdeboknemnd 1985
Kirkebøkene
i Borgund frå
www.digitalarkivet.no
Kirkebøker
for Borgund, Ørskog og Skodje i perioden 1794-1930
Programhefte
nasjonal frimerkeutstilling i ålesund oktober 1998
Strømme, Lars: «Gard og Ætt» Hjørundfjord Bygdeboknemnd, Ørsta 1990
Digitale Kjelder:
http://no.wikipedia.org/wiki/Flisfjorden
http://ingmarseth.net/getperson.php?personID=I23280&tree=tree1
http://www.batliv.com/wip4/detail_print.epl?id=242204
http://freepages.genealogy.rootsweb.ancestry.com/~bettans/Database/AarsethKvistad%20/np104.html
http://hhelseth.com/adrians.htm
http://www.werelate.org/wiki/Person:Sjur_Viddal_(1)
http://ingmarz.com/legacyfiler/4/23280.htm
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?urnread_imagesize=full&info=ingen&hode=nei&show=206&uid=108175&js=j
Om
hundedagane:http://nn.wikipedia.org/wiki/Hundedagane