DEI KJENDE FLISFJORDULUKKENE

På ein finevérsdag ligg Flisfjorden nestan urørleg, men sjøvande folk frå bygdelaga ikring veit betre enn som så. Foto: Svein Ove Østrem
På ein finevérsdag ligg Flisfjorden nestan urørleg, men sjøvande folk frå bygdelaga ikring veit betre enn som så. Foto: Svein Ove Østrem

Flisfjorden er eigentleg berre ei lita fjordarm som strekker seg frå Flisholmen utanfor Flisneset og vidare vest mot Vegsundet, ei strekning på omlag 1,7 kilometer. Men uansett kor liten og tidvis så stillt der kan vere, så er det ingen spøk å legge ut på båtferd i dette krysningspunktet der Hjørundfjorden møter Storfjorden.

Mauritz Akslen fortalde på 1980-talet, i eit intervju med Sigurd Langleite, om ein spørjesundag der ungdomar frå bygda skulle ta den raskaste vegen med ein 40 fots motorbåt frå Emblem til Borgund kyrkje. Problemet var at det regna og bles, slik at båtføraren vegra seg for å ta turen kring Flisneset. Då vart løysinga å gå heile vegen i staden. Den gongen såg ein at det var uvér, men det er ikkje så reint få som har opplevd at det endra seg frå blikkstille fjord til ein kamp på liv å død der ute. Sjølv sjøvante folk kunne verte overraska når kastevindane med eitt kom rasande over frå Hjørundfjorden og mødte straumar frå både Storfjorden og Breisundet. So berykta har Flisfjorden vore at der finst eit eige Olavsagn om denne fjordarma. I likheit med sagnet om matbommen på Hesseberg, er dette sagnet nermast ukjend i våre dagar, og i ferd med å gå over i gløymeboka i motsetning til sagnet Sjøormen der oppe i Syltefjellet i Valldalen. I tidlegare tider kan ein derimot tenkje seg at særleg sagnet om Flisfjorden kan ha vore betre kjend enn nokon av dei andre. Då var den alminnelege ferdselsvegen nettopp på fjorden. Det var folkeminnegranskaren, Peder Fylling som skreiv ned restane av sagnet, der hovudpunktet var at Heilage Olav fekk opna opp Dragsundet ved Solnør gard, slik at folk då kunne nytte Ellingsøyfjorden når Flisfjorden ikkje var farande.

I nyare tid vart den same Ellingsøyfjorden også nytta som postveg frå Ørskog til Borgensund og dei styrande fordi Flisfjorden vart for risikabel. Det var den samme årsaka som førde til at den første Magerholmvegen vart bygd frå 1809 heilt ut til Vegsundet og dermed forbi dette Flisfjord-stykket. Sjølv Ungdomslagsbladet til Emblem Frilynde Ungdomslag fekk namnet «Inaumnesingen», eit namn som vart nytta på Emblems-bygdarane før 1900. Det tyder «den som bur innanfor neset», og det er sjølvsagt Flisneset ein tenkjer på. I våre dagar har vi trygg og god bilveg gjennom Emblemsbygda. Difor har eg skreve denne vesle teksten om den gongen då Flisfjorden sette grenser for kva ferdsel og fjordhandel der kunne verte i den gryande kjøpstaden ute ved havet.

Eg vil vektlegge dei ulukkene som kan sporast attende til nettopp Flisfjorden. Der finst framleis langt fleire historier og skjebner enn dei som er omtala her, men målet har også vore å stadfeste desse ulukkene ut frå samtidige kjelder der eg har funne hald i hendingane som er omtala. Soleis har eg foreksempel ikkje valt å skrive om min eigen oldefar som skal ha kolsegla i sine yngre dagar, Utfordringa er at eg ikkje veit meir enn at han overlevde. Eg har lagt lista litt høgare. Det medfører at også Ludvik på Ludvikplassen i Emblemsvågen, som fekk medalje for edel redningsdåd på sjøen ikkje har fått plass, fordi eg ikkje veit når eller korleis det skjedde enno. Håpet er likevel at eg kan samle fleire historiar etterkvart som eg finn tak i nok informasjon til å gå god for dei. Det er ikkje sikkert at eg vil klare å kome så langt. Difor har eg valt å heller publisere ein tekst som kan videreutviklast og fyllast på seinare også.Er det nokon som kjenner til fleire slike ulukker, så håpar eg på at dykk tek kontakt.

Eg har forsøkt å dele inn teksten slik at ulukkene vert fordelt på dei ulukkesråka sine heimlege trakter. Difor vil du finna alt om dei som kom frå Hjørundfjorden, før du kan lesa om dei frå Sykkylven og så vidare. Blant kjeldene står dei frå Sykkylven i ei særstilling og er godt dokumenterte, medan kjeldetilfanget for Hjørundfjorden og særleg Vartdal har vore vansklegare å finne fram til. Der har det også vore vanskeleg å finne særleg mykje informasjon om hendingane og dei som vart råka. Difor har denne teksten vore særleg tidkrevande. Når det gjelder postbåtforliset i 1794, så har eg vald å plassere teksten under kapittelet om Hjørundfjorden i første omgong. Dette er fordi eg ikkje har makta å finne att kvar postkarane kom frå, medan historia har vore godt nok dokumentert i andre kjelder. Ved neste oppdatering av teksten håpar eg å ha funne namna på dei som drukna også, men so langt er søk i kirkebøkene for både Borgund og dei omkringliggande prestegjelda ikkje ført fram. Det kan også tyde på at dei ikkje vart gravlagde i vigsla jord, eller at det har gått særs lang tid før dei vart funne att. Som du vil sjå, så er det få involverte frå vår eiga bygd, men det er framleis nok som hende så og seie utanfor vår eiga stovedør og bør dokumenterast og føyast saman for ettertida. Eg vil starte med Hjørundfjordingane, som i tillegg til å busette seg i Emblemsbygda, hadde mykje samkvem desse innaumnesingane. Her kunne dei tidvis leige beite om sommren eller husrom for dyra om vinteren, og særleg det siste var visst ein populær måte å utvide buskapen sin på når eigan fjøs vart for liten.

Omkomne og ulykkesråka frå Hjørundfjorden

Sjur Pederson Viddal (1697-1742)

Han vaks opp på garden Viddal i Hjørundfjorden og vart gift to gonger. Det første bryllupet var i Ørstakyrkja i 1730. Bruda heiite Ågot Larsdotter Brautaset og vart ikkje særleg gamal Ho skal ha vorte gravlagd i Hjørundfjorden i 1750, men det er truleg ikkje rett, sidan Sjur gifte seg om att med Malene Knutsdotter Sundal frå Volda i 1741. Dei fekk difor ikkje særleg lang tid saman før Sjur drukna, truleg på Flisfjorden. Dei budde då på Rasmusbruket på garden Kvistad i Hjørundfjorden. Malene levde vidare til 1751

Postbåtforliset

Vinteren 1794 sokk postbåten på Flisfjorden. Posten forsvann og begge postbøndene omkom. Dei vart truleg heller ikkje funne att. Etter dette forliset byrja ein for alvor å vurdere å sende posten frå Sjøholt til Nørvasundet (Borgensund) over land i staden for å nytte fjorden på delar av strekninga. Det er neppe tilfeldig at desse diskusjonane tok til den same våren. Problemet var berre at veg ikkje fanst på denne tida og planane vart etter kvart skrinlagde, men ikkje heilt gløymde. I 1809 starta arbeidet så smått på vegen frå Magerholm til Blindheim. På den måten vart det mogeleg å passera Flisfjorden via landevegen. Eg har ikkje klart å finne ut kven desse to postbøndene var, for dødsårsaka drukning var ikkje nemnd i kirkjebøkene for Borgund Skodje eller Ørskog den aktuelle våren. Eg finn heller ikkje to i arbeidsfør alder med samme dødsdato våren 1794 som kan vere høvelege kandidatar. Av dei ansettelsesbrev som eg har sett, så var det truleg ansett lokale unggutar eller menn frå distriktet ikring den postruta dei skulle betjene. Dette var også ei mogelegheit for å få sleppe millitærteneste. Det eg derimot veit, er at det var mot instruksen å ro Storfjorden i staden for den mindre farlege Ellingsfjorden via Straumen ved Solnør gard. Postbøndene kunne få bøter om dei ikkje var frame til pålagd tid, og problemet var at det ofte fraus is der inne. Flo og fjøre kunne også verke inn på mogelegheita for å koma seg gjennom med båt. I den vidare brevkorrespondansen mellom Fogd Nordløw, Generalvegmeister oberst von Krogh og postmeister Wind vart mellom anna isen og forseinkinga av posten i intil 3 dagar nemnd, men då utan at postførarane kunne klandrast. Det er difor ikkje heilt sikkert at det var frykta for bøter som fekk dei til å prøva seg på Storfjorden i staden. Truleg var problemet såpass stort til tider at dei fleste såg mellom fingrane med transport utanfor instruks. Problemet var at Flisfjorden var alt anna enn trygg. Emblemsfolket hadde reservestø lenger vest i retning Spjelkavika dersom fjordstykket var utrygt når kyrkjebåtane skulle roast heim. Det var heller ikkje uvanleg at folk inna fjordane på byferd vart liggande verfaste ved Glomset eller på Magerholmen. I bygdesoga for Stranda vert det mellom anna fortalt at nokre strandarar vart liggande verfaste på Magerholmen i heile 13 dagar, men bygdebokforfattaren antydar at det truleg ikkje var véret som forhindra byferda alle desse dagane.

Den 15. oktober 1880 hende det ei tragisk ulukke på Flisfjorden der 4 omkom. Ulukka fekk følgande omtale i «Bergen Adressecontoirs Efterretninger» den 23. oktober: «paa Flisfjorden kantrede Fredag Formiddag en Baad, hvori var 7 mennesker og 11 kjør. 4 Mennesker, hvoraf en Pige, omkom. Uagtet Ulykken foregik nær Land, hengik der temmelig lang Tid, før der kom Baad til hjelp. 4 Mennesker var komne op paa hvelvet, men under de Forsøg, som de omkringsømmende kreaturer gjorde for at komme op paa dette, blev en af disse 4, en ældre Mand, revet ned, hvorefter han strax omkom. Kreaturene forsøgte senere at svømme tillands, men dette lykkedes kun for et av disse. Flisfjorden har et Favand, der mere end noget andet heromkring krever høi Grad af Forsiktighed, idet særegne Strømforholde i Forbindelse med farlig Vindkast oftere har afstedkommet Ulykker paa denne Fjord. For faa Aar siden druknede paa samme Sted og under lignende Omstendigheer et større Antal Kreaturer, der ligesom ovennævnte førtes i aaben Baad fra Hjørendfjord for at sælges i Aalesund til Slagt. (den samme artikkelen hadde då vore trykkt i Aalesunds Blad).

Namna på dei omkomne vart ikkje nemnd. Frå Kyrkjeboka for Hørundfjord kan ein likevel finne namna. Dette var: Kårmann Ananias Johnsen Vagelsæt (1812-1880), Kårmann Peder Knutsen Aarskog (1815-1880), ungkar Ole Knutsen Ville (1848-1880) og pige Johanne Olsdotter (1841-1880). Ho kom frå Godøya. Av desse var det berre liket av Ananias som vart gjennfunne.

Eg har ikkje klart å finne dato på den andre ulukka som vart nemnd i artikkelen. Årsaka til dette kan vere at ingen menneske omkom den gongen. Ananias var sjøveigande bonde frå Bondalen. Ifølge 1865-tellinga dreiv han det stort med 15 kyr, hest og 15 sauder, noko som var temmeleg mykje på den tida. Han var følgeleg ein rimeleg velhalden mann. Kona hans heitte Marte E. Hansdotter og dei hadde fem registrerte born i folketellinga dette året. Av desse var det to vaksne gutar på 20 og 26 år som budde heime og hjalp til med gardsdrifta. Det er godt mogeleg at det var han som leigde inn dei andre som rorskarar til den lange ferda mot Ålesund. Ingen av sønene hans var med på denne ulukkesdagen. Peder Knutsen Aarskog har eg ikkje klart å finne meir om, men ungkaren Ole var sonen til Knud Olsen Ville og Nille Knudsdotter. Foreldra var bygselsfolk på garden Ville i Bondalen. Sonen, Ole, vart ikkje registrert på farsgarden ved folketellinga i 1865, men det vart dei yngre søskena Martinus på 11 år, Christiane på 9, Syvert på 7 og Larine på 3 år. På denne tida var Ole truleg i teneste uten att eg veit kvar. Kan hende var han dreng hos Ananias i 1880. Kårmannen, Peder Knutsen Aarskog har eg enno ikkje funne meir om.

Omkomne og ulykkesråka frå Sykkylven

Jakob Andestad (ca. 1719-1773)

Jakob kom frå Pegarden, bruksnummer 3 på Andestad. Han vart fødd på denne garden og dreiv den frå 1747 til han døydde. Kona heitte Berte Åmundsdotter Eide (ca. 1722-1796) Jakob fekk bygselsbrev av presteenka frå Volda, Drude Finde (f. Frimann). Han sleit tungt og måtte låne 31 Riksdalar av Olde Honningdal med pant i både inbu, husdyra og fiskereiskapen. Frå pantepapira kan ein lesa meir om kva han åtte. Dette var koparkjel, gryte, skjering, hest, 3 kyr, 3 kviger, 2 sauer, 4 torskegarn, 1 kvern og ein kvart seksring. Kanskje var det denne båten han var ombord i då ulukka hende. I tillegg var den yngste son hans, Peder på 16 år med på turen. Om dei var på veg til byen, eller fiske veit ein desverre ikkje sikkert. Det me derimot veit er at ingen av dei fire vart gjennfunne. Det var altså 2 karar til frå Sykkylven i båten. Dette var Styrker og Jetmund. Dei skal eg skrive litt meir om i dei to neste avsnitta.

Styrker Styrkerson (ca. 1725-1773) frå Trulsgarden, bruksnummer 1, på Eidem i Sykkylven. Han var bygselsmann og svært fattig. Styrker hadde fått garden då han gifte seg med enka der, Marte Ellufsdotter Slettebakk (ca. 1725-1793) Far hans kom truleg frå Aure i Sykkylven og han hadde fått bygselsettelen med Lars Fauske då han gifte seg i 1762.

Jetmund Olsen Kjemphol (1733-1773) var sonen til Ole Ellingson og Anne Knutsdotter Kjemphol. Jetmund hadde i alle fall 6 søsken, og det er mogeleg at han hadde ein bror til som heitte Jetmund og døydde ein gong mellom 1730 og 1733, sidan han vart oppattkalla med same namn. Jetmund vaks opp på bruket Stølen på Kjemphol, men tok ikkje over etter foreldra sine. Det var det den tre år eldre broren, Elling, som gjorde. Elling vart far for fjerde gong i 1773. denne guten vart kalla opp att etter onkelen sin som drukna i Flisfjorden.

Rasmus Andreas Gundersen Ramstad 1820-1849) vaks opp som nest eldst i ein ungeflokk på 4 i Jogarden i Ramstadalen. Familien hadde budd der i fleire generasjonar på farsida. Foreldra var Gunder Andreas Ramstad (1789-1836) og Marte Johannesdotter Fjørstad (f. 1785) Rasmus Fekk gode skussmål ved konfirmasjonen i den 24. april 1836. Ørskog-presten skreiv følgande: «Meget god Christendomsk. Udviist Flid og et godt Forhold». Han var då 15 1/2 år gamal og hadde opplevd sin verste vår det året. Faren Gunder døydde 22. februar og vart gravlagd den 31. mars, under ein månad før konfirmasjonen til Rasmus, 46 år gamal. Mora vart sittande som einsleg enke heilt til 1838. Det var nok ikkje så vanleg, men Rasmus var den eldste sonen og ikkje for vaksen å rekne før konfirmasjonen. Veslebroren, Johannes var berre 9 år gamal. Eldstesøstera, Johanne Olave var derimot 18 år når faren døydde, så ho gjorde nok god nytte for seg i heimen. Ho gifte seg heller ikkje før i 1852 på Aursneset. Mykje tydar på at delar av gardsdrifta og særleg fisket vart Rasmus sitt ansvar som odelson og mogeleg ny bygselsmann på bruket. Men slik gjekk det ikkje. Allereie i 1837 vart Jogarden seld på auksjon til Erik Eliasson Ramstad, som på si side selde halvparten vidare for 100 Speciedalar i 1838. Det året gifta mora seg om att med Rasmus Hallkjeldsen Nedrelid som kom frå Ulstein, men var busett på Abelset på hi sida av fjorden. Dei vart truleg verande i Ramstadalen, men ikkje i Jogarden, for ho stemnde dei to nye eigarane for retten for å få kårytingane ho trongde. Resultatet vart at ho hadde krav på å bu eit år av gongen hos kvar av dei to eigarane.Dermed måtte dei eldste borna klare seg sjølve. Den skrale økonomien var kanskje grunnen til at Johanne først gifte seg i 1852.

Rasmus, eller «Iva-Rasmus», som dei kalla han, vart gift i 1848 og flytte til Ivaplassen på Hjellegjerde, der kona Berte Gurine Iversotter (1825-1908) vaks opp. Der vart han første sjølveigar, så det må ha gått rimeleg godt med han åra i forvegen. Han vart berre 29 år gamal og kom bort på Flisfjorden den 25. februar, året etter at dei gifte seg. Eg har ikkje funne fleire omkomne i kyrkjeboka, så det er mogeleg at han var åleine i båten. Berte gifte seg om att med Ole Martinus Larsen Eidem (1827-1889) i 1852 og dei dreiv plassen vidare heilt til 1892. Rasmus fekk ingen born.

Den 6. juli 1853 la folket frå Knutgarden, bruksnummer 2 på Hovden på heimveg frå bryllup på Eikrem på Sula. Det var ikkje så lang veg dei skulle ro, for garden ligg mellom Hundeidvik og Tussvika, men dette fjordstykket med Flisfjorden er uberekneleg. Her møtes straumar frå Breisundet, Vegsundet, Storfjorden og Hjørundfjorden. Det finst ein omtale av ulukka den 25. august det same året som vart publisert i avisa Morgenbladet:

«Den 6te dennes forulykkedes kort indenfor Flisnes en Færingsbaad fra Søkelven med 7 Personer, der agtede sig hjem fra et Bryllup; blot en Mandsperson blev reddet, medens de øvrige 6 fandt Graven i Bølgerne. Det blæste en temmelig sterk vestlig Vind, der kom oftest paa dette Sted er forenet med Bølgegang, da Havsøen gjennom Bredsundet og Storfjorden har fri Pasage derind. - Det er imidlertid at befrykte, at Brendevinet, og det sterke Bryllupsøl have sin Andeel i den Ulykke; thi det er desverre en stor Sjeldenhed at se en Mandsperson komme ubeskjenket hjem fra deslig Sammenkomster».

Det er grunn til å tru at observasjonen om bølgegang og kraftig vind er korrekt, men siste del er nok meir journalistens moralske innspel. Det kan sjølvsagt vere grunn til å stille spørsmålet om fleire dagars bryllupsfeiring kan ha påverka vurderinga om å legge ut på fjorden. Men båten var mykje i bruk, og den viktigaste framkomstmåten, så det er grunn til å tru at dei var godt kjend med farene på Flisfjorden. På den andre sida kan det ha blese opp plutseleg etter at dei la i veg. Uansett vart utkomet av ulukka tragisk. I Gardsoga for Sykkylven, bind 3, skriv Martin Gjævenes i 1983 litt meir om dei forulukka. Husbonden Jørgen Elias Larsen Hovden (1794-1853) kom frå Eikrem, så det var nær slekt han hadde vore i bryllaup hos. Gardskona Marte Hansdotter Sætre (1793-1853) var heller ikkje oppvaksen på Hovden, men ho var dottera åt halvbroren til den forrige brukaren som var bornlaus. Saman hadde dei fire born: Torstein (f. 1821), Lars Martinus f.1826), Kristian Severin (f. 1833) og Karen Marie (1835-1915). Alle desse borna, så nær som Karen Marie var i ulukkesbåten som kolsegla. I tillegg var kona til Torstein, Olava Olsdotter Gjørvad (f.1819) og sonen Jørgen Elias Olaus Torsteinson på 6 år med på ferda. I den same gardsoga kan ein lesa at det var Bernt Olaus Hansen Erstad som klarte å karre seg fast på båtkvelvet til han vart berga av folk frå nabogarden,Kurset. Denne opplysninga er interessant, fordi det kan bety at dei var komen over på Sykkylvsida av fjorden då ulukka hende. Det er også mogeleg at dei var ute i same ærend, men då vil eg tru at fleire hadde vorte berga. Det er dermed truleg at kurset-folket la ut med båt då dei såg kva som hende. Det kan også tyde på at Hovden-folket vart overraska av anten vind eller bølger når dei var komen minst midtfjords og nerma seg Hjørundfjorden. Det må ha vore eit frykteleg sjokk for Karen Marie på 18 år som med eitt var den einaste attende på Knutgarden. Det er også mogeleg at ho vart vitne til at dei kjempa for livet ute på fjorden. Ho gifte seg i 1854 med Knut Elias Sætre (1823-1896) som kom frå same grannelag som mor hennar.

Jens Hansten Knutsen Åsen (ca. 1834-1890) kom frå hovudbruket, Åsen, og fekk i 1863 festebrev på «et stykke mark med mere til en plads» under garden Åsen. Denne husmannsplassen fekk namnet «Store-Tua», som i seinare tid vart kalla Åsbakkane, med bruksnummer 4. Han hadde 5 søsken. Jens gifte seg med Marte Johannesdotter Berge (1836-1928) frå Norddalen. Ho dreiv bruket heilt til 1915. Det vert fortalt at dei flytte gamlestova på farsgarden hans til den nye humannsplassen. Jens dreiv litt med krøterhandel på si. I byrjinga av 1890-åra kollsegla han saman med Hans Gunderson Grebstad i Kagholen på Flisfjorden. Hans makta å berge seg på årane medan Jens drukna.

Peder Karolus Olsen Sandvik (1874-1970) vaks opp på «Heimiigard» med bruksnummer 2 under matrikkelgarden Sandvik. Han var eldst i ein ungeflokk på 6. I 1891 kollsiglde han saman med faren Ole Petter Pedersen Sandvik (1841-1939) og grannen Andreas Oppsal på veg til byen med ein vedlast. Dei makta å kome seg opp på hvelvet og vart redda. Peder tok på seg ei rekkje kommunale verv. Han sat 9 år i heradstyret, 10 år i likningsnemnda og 8 år i forstandarskapet i bygda. Han bygde også 400 meter gardsveg og sin part av bygdevegen Rønes-Sandvik då han dreiv garden. Om faren, Ole Petter vert det fortalt at han som smågut var på besøk hjå tanta si i Brusdalen. Der var det barskog, noko han ikkje var vand med. Han sanka «furekjuker» og samla dei i huva si. Då han skulle ete vart han beden om å ta av seg hua. Når han so gjorde dryssa kjukene ut Ole Petter fekk skøyte på garden frå bror sin og dreiv elles som jekteskipper med turar heilt til Nord-Norge. Når han var borte var det kona og Kristiane Kristiansdotter Sandvik (1843-1932), oppvaksen på nabobruket «Framigard» som laut drive garden på eiga hand.

Andreas Aurdal (1884-1900) vart berre 16 år. Han vaks opp som ein av heile 11 born på Nilsgarden, med bruksnummer 1 under matrikkelgarden Aurdal. Foreldra heitte Peter Olaus Larsen Lyshol (1834-1900) frå Øvsthusgarden og Anne Sivertsdotter Tynes (1849-1920) Peter var opphaveleg dreng på garden, men fekk bygsle bruket då han gifte seg i 1865. Peter sleit tungt, og var forøvrig onkel til Nikolai Nilsen Lyshol, som eg skal skrive litt meir om i neste avsnitt. Peter var med i båten saman med sonen Andreas. Dei skulle til Ålesund og hadde med seg nevøen Nikolai oghans son, Martinus. Det bles med eitt opp då dei var på Flisfjorden. Båten vart kasta rundt Peter og Nikolai klarte å kravle seg opp på båtkvelvingen, men sønene deira, som var gode svømmarar forsøkte i staden å kome seg opp på nokre tomtøner. Det gjekk ikkje like bra. Både Andreas og Martinus omkom. Ulukka gjekk hardt inn på foreldra. Peter døydde kort tid etterpå. Gamlekona i Nilsgarden, som åtte bruket ville at dottera til Peter skulle, Petrine, skulle ta over. Slik vart det også.

Martinus Nikolaison Eidem (1880-1900) kom frå Rasmusgarden, bruksnummer 2 på Lyshol. Han var sonen til tidlegare nemnde Nikolai Nilsen Eidem (1849-1930) og Susanne Knutsdotter Lyshol (1844- ). Ho vaks opp på bruket, medan Nikolai var sonen til Nils Martinussen Eidem som hadde kjøpt bruket i 1874 og bygsla det ut til foreldra til Knut og Lovise, som var foreldra til Susanne. Nikolai og Susanne hadde gifta seg i 1875, men hadde drive halve bruket allereie frå 1874. Kanskje var det for Nikolai si skuld at faren hadde kjøpt bruket for 620 Speciedalar? I 1879-1903 dreiv dei heile garden. Martinus hadde 4 søsken, der broren Andreas var eldst. Alle desse søskena levde opp og vart gifte i området, men Martinus vart berre 20 år gamal. (Du kan lesa meir om ulukka og dei andre involverte i avsnittet over).

Ole Olsen Kalvø (1911-1943) kom frå gamle Borgund kommune. Han gifte seg i 1942 med Astrid Olsdotter Svindseth (1913-1987) og fekk utskild Solborg, bruksnummer 178 under garden Øverland med bruksnummer 8. Ole livnærte seg som både fiskar og bygningsmann, men dei fekk ikkje så lange stunda saman. Allereie året etter, det same året som dottera Berit vart fødd, omkom Ole på Flisfjorden. Han var då på veg i båt for å hente ein medisinpakke. Astrid gifte seg aldri om att. Ho fortsette å bu i Ramstaddalen, der ho var postopnar frå 1945-1956 ,før ho vart «maskinbokhaldar» i Privatbanken. Astrid bygde seg hus i 1957.

Peter Jensen Midtgård (1891-1929) kom frå Hansgarden. I 1911 hadde han reist til Clarkfield i Minesota og arbeidd hos Tom Grebstad og Marie Pettersen. I 1925 kom han heim att for godt og gifta seg med Kristine Hundeide. Peter drukna 11. oktober 1929 saman med svigerfaren Bastian Hundeide.

Bernt Knutsen Lyshol (1849-1939) var ein av dei heldige som kom frå kolsegling på Flisfjorden med livet i behald. Han kom frå Rasmusgarden på Lyshol og var onkelen på morsida til tidlegare nemnde Martinus Nikolaison Eidem. Han gifte seg i 1877 med Karoline Martinusdotter Kjemphol (1854-1929) frå Stølen og dei busette seg allereie året i forvegen på husmannspassen Bakken, bruksnummer 7 under matrikkelgarden Haugset. Dei dreiv plassen til 1918. I gardsoga for Sykkylven vert det skrive at han var ein trottug slitar både på land og sjø. Han bygde eige hus og løe på plassen sin og dreiv som gråsteinsmurar all sin dag. På vinteren var torskefisket ei viktig inntekt. Han var med andre ord ein fullbefaren sjømann også, men ein gong gjekk det nesten gale på Flisfjorden. Saman med naboen, Bernt Nilsen Haugset, kolva dei med vedlasset, men vart heldigvis redda. Dette var ikkje første gongen han stifta kjennskap med det våte element. Då Søvikkaia skulle byggast rasa grunnen ut. Bernt vart med ned i sjøen, men klarte å berge seg til land att.

Omkomne frå Vartdal

I Vartdalsoga Band III kan ein på side 713 finna ei oppramsing over vartdalingar som omkom på sjøen, og kvar dette hende. Frå denne lista har eg funne 4 stykker som omkom på Flisfjorden. Det er godt mogeleg at der var fleire òg, men kyrkjebøkene er ofte lite spesifikke når det gjeld stad og årsak. Der finst foreksempel fire andre mannfolk berre i tidsrommet april-mai 1844, som døydde to og to på same dag. Av desse var to gardbrukarar frå Trandal. Problemet er at minesterialboka kun registrerte om det var nokon smittsam sjukdom som var årsaka. Ein kan difor ikkje seie for sikkert kor mange som måtte bøte med livet på Flisfjorden. Vidare har eg ikkje klart å finne att to av dei som Vartdalsoga nemner i kyrkjebøkene.

Ole Henriksen Barstad (1809-1844) drukna 24.april samstundes som den neste. Ole vart nok ikkje funne igjen. Presten registrerte dødsfallet i oktober 1844 utan nokon begravelsesdato, så då hadde dei nok gjeve opp håpet. Det var nemleg slik at ein på våre kantar trudde at dei som hadde drukna kunne flyte opp att til overflata i løpet av «hundedagane» frå 23. juli til 23. august.

Lars Henrikson Lynge (1810-1844) vart fødd i Larsgarden på Lynge i Barstadvika. Han var sonen til sølveigar Henrik Vigleigson (1771-1843) og Lisbeth Eliasdotter (1771-1833) Det er mogeleg at han var i den same båten som Ole ovanfor. Lars vart funnen igjen i juli og begravd den 25. august.

Nils R. Melbø (1837-1885) Kom også fråLarsgarden på Søre Vartdal. drukna samme dag den 11. desember som Berte Rasmusdotter Lynge (1867-1885). Ho var dottera til Rasmus Knutson Lynge (1819-1889) og Hilde Saksedotter Barstad (f.1832) i Knutgarden under matrikkelgarden Lynge i Barstadvika. Ho hadde 4 søsken.Eg undrar meg på om også Nils og Berte var i den same båten. Alternativt var det to båtar som kolseglde.

Eg er framleis på jakt etter fleire opplysningar om dei omkomne frå Vartdal. Teksten vil verte oppdatert etterkvart.

Kjelder

Aurdal, Gustav Weiberg: «Sykkylven: Gardsoga 1», Sykkylven sogenemnd 1987

Bergen Adressecontoirs Efterretninger» den 23. oktober 1880

Ekrem, Randi: «Primstaven: tradisjonar og merkedagar». Ålesund: R. Ekrem 1992

Gjævenes, Martin: «Sykkylven: Gardsoga IV», Sykkylven Sogenemnd 1983

Gjævenes, Martin: «Utvandrarane frå Sykkylven». Sykkylven Sogenemnd 1957

Gjævenes, Martin: «Sykkylven Gardsoga 3», Sykkylven Sogenemnd. sats trykk og innbinding: Norbok a/s Oslo/Gjøvik 1983

Grøvik, Ivar: «Vartdalsoga Band III, Almensoge Andre delen» Vartdal Bygdeboknemnd 1985

Kirkebøkene i Borgund frå www.digitalarkivet.no Kirkebøker for Borgund, Ørskog og Skodje i perioden 1794-1930

Programhefte nasjonal frimerkeutstilling i ålesund oktober 1998

Strømme, Lars: «Gard og Ætt» Hjørundfjord Bygdeboknemnd, Ørsta 1990

Digitale Kjelder: