OM SKUTA ISTIND

Biletet er enten frå VestIsen eller AustIsen. Istind var båten som Lorentz Emblem var på fangst med det året. (Lorentz Emblem ligger over T-en) Mannskapet er dandert utover isen, mens skipperen tok bildet fra tønna. Det må ha vært en kald fornøyelse å liggje slik Årstallet er ikke kjend.
Biletet er enten frå VestIsen eller AustIsen. Istind var båten som Lorentz Emblem var på fangst med det året. (Lorentz Emblem ligger over T-en) Mannskapet er dandert utover isen, mens skipperen tok bildet fra tønna. Det må ha vært en kald fornøyelse å liggje slik Årstallet er ikke kjend.
Lorentz Emblem med bornebarnet Ole Per Eiken ca 1972. Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug
Lorentz Emblem med bornebarnet Ole Per Eiken ca 1972. Biletet tilhøyrer Eli-Anne Skaug
Istind etter at den vart omdøypt til Selbarden. Biletet vart teke ved kai i København og seld til Arnljot Rolandsen som også var mannskap ombord på 1950-talet. Han har framleis orginalbiletet.
Istind etter at den vart omdøypt til Selbarden. Biletet vart teke ved kai i København og seld til Arnljot Rolandsen som også var mannskap ombord på 1950-talet. Han har framleis orginalbiletet.

For ei tid tilbake fekk eg eit artig gamalt bilete på e-post frå Lillian Nedrelid. Motivet var mørkekledde menn som var dandert slik at ein kunne lesa namnet «Istind» mot ein kvit bakgrunn. Lillian fortalte at det hadde tilhøyrd far hennar, Lorentz Emblem (1912-1993) som kom frå Negarden. Årstall og stad var ikkje kjend, men det kan ha vore i anten Aust- eller Vestisen mot slutten av fangstkarrieren hans etter 2. verdskrigen.

Lorentz var tydeleg stolt av dette biletet. Kapteinen hadde beordra heile mannskapet opp på isen. Huene måtte av for å nyttast som prikk over i-ane og som punktum. Om kapteinen var perfeksjonist, veit me ikkje, men det tok i alle fall si tid å dirigere mannskapet til rett formasjon frå utkikstønna. Lorentz fortalde at det var isande kaldt å ligge slik i ro i kulda. Til slutt fekk kapteinen tatt biletet og resultatet var alle godt nøgde med. Lorentz er mannen som ligg på tverre oppå T-en på biletet.

No er det som oftast slik at familien ofte har høyrd historia om biletet ei rekkje gonger utan at detaljane vart særleg godt hugsa for ettertida. Spørsmålet frå Lillian var i so fall om det var mogeleg å finne ut noko meir no i ettertida. Eg var tidleg i kontakt med Ishavsmuseet «Aarvaak» utan hell. Rett nok fekk eg både fakta og biletet av ein båt med namnet Istind, men den forsvann ut av historia før krigen og kunne soleis ikkje vere den rette. Når eg lette og søkte på nettet, dukka det stadig opp ein båt som heitte «Norrköping» i staden. Etter mykje langvarig leiting utan hell sette eg meg difor ned for å søka litt på denne svenske båten. Det synte seg etter kvart at det var den samme.

«D/S Norrköping» vart bygd av Helsingborgs Varfs & Svetsnings AB i Helsingborg som byggnummer 52. Båten var på kring 496 bruttotonn og 235 nettotonn. Dei ytre måla var på 137,7 x 26,9 x 12,1. På facebooksida «Gamle bilder fra Ishavet», fortel Robert Storøy at desse måla var i fot, og at båten altså var 12,1 fot djup. Båten fekk ei tre-stegs dampmaskin på 595 ind. HK. Nettsida www.Skipet.no oppgjev at båten hadde 84 NHK då den vart overlevert til Rederi-AB Norden i Norrköping i 1930, men denne detaljen er truleg ikkje so viktig å granske nærare for ettertida.

I følge Skipet.no si liste over norske skipsforlis 1953 kan ein lesa at båten har hatt ei rekke bruksområder. Rederi-bolaget Norden vart danna i Norrköping i 1858 av P. Jansson m. Fleire. Først satsa dei på passasjertrafikk i Stockholm, men i 1922 tok denne trafikken slutt og ein satsa meir på slepefarty og godstrafikk. Robert Storøy har funne ut at D/S Norrköping skulle bidra til ei rask forflyttning av gods frå Norrköping til Stockholm, men den var for stor til formålet. I 1938 vart den difor seld til Slite Cement- och Kalk Aktiebolag og skifta namn til «Farösund».

I januar 1950 vart båten kjøpt av John og Ole Alvestad på Sørvær saman med Einar Enoksen frå Tromsø. Båten vart delvis ombygd til fangstskute ved Kårbøs mekaniske Verksted i Harstad og omdøypt til «Istind», med registreringsnummeret T-54-T. Istind fekk berre ein selfangsttur under dette namnet, så ein kan vera heilt sikker på at det var nettopp på denne turen at Lorentz Emblem var med. Båten gjekk til Newfoundland, men resultatet vart ikkje like godt som ein hadde håpa på. Dei fekk 1179 dyr med ein verdi på 60 000 kroner. Dette skulle delast på eit mannskap på 13, reiarane og betale på utgifter, lån og ombyggingskostnader. Om mannskapet fekk del i overskot eller fast hyre er eg ikkje heilt sikker på, men det var nok årsaka til at det skulle ta 2 år før neste fangsttur. Enoksen trakk seg frå eigarskapet, medan dei to Alvestadbrørne reduserte sine eigelutar til 1/4. Med på laget fekk dei i staden Brørne Brunvold som tok over halve eigarskapet. Med dette endra båten namn til «Selbarden» tidlig i 1951.

Under nytt namn vart det ny fangsttur med langt betre hell i 1952. Då vart utkomet på ein million kroner før utgiftene skulle betalast. Det gjekk ikkje like bra på heimturen, som endte med havari og uvér ved Island. Båten kom med taubåt-hjelp til land på sagaøya. Med slikt godt overskot, vart det dessutan meir enn berre reprasjonar. No vart båten bygd om til ein fullkommen selfangar ved H.C. Stülcken Sohn verftet i Hamburg. Bruttotonn-vekta vart auka til 498, medan nettotonn verdien vart redusert til 212. Dei nye måla vart på 149,3 x 26,9 x 12,3 fot. Båten fekk no ein brukt seks-sylindra Man DM motor frå 1945 på 960 Hestekrefter. Men no starta også motgongen for reiarane. Allereie på heimvegen frå Hamburg i byrjinga av desember braut det ut brann i maskinislugarane nord for Bergen. Den 10. jauar 1953 braut det ut ein enno større brann under transport av fiskemjøl frå Tromsø til Oslo. Det endte med at båten vart kondemnert og overtatt av forsikringsselskapet Storebrand. Restane av båten vart seld vidare til Skips-A/S Peco i Bodø. Skroget vart ført til Bolsønes verft i Molde for ombygging til fryseskipet «Topeco», men det vart ikkje noko av. Dei neste åra skulle båten skifte både namn og eigarar temmeleg ofte. Til slutt endte den opp som «East Star» hos Eastern Shipping Co. i Halifax i Canada i 1962. Den 18. november det same året vart båten forleten med slagside på veg frå Turk Island til Halifax. Den fekk slep med den norske båten M/T Borga, men sank likevel to dagar seinare i posisjonen 33,15 grader nord og 63,44 grader vest. Istind endte soleis på havet der den hadde sitt virke.

Kjelder:

Istind i biblioteket for merkepliktige båtar 1950: biblioteket.imr.no/e-tidskrifter/fylkesvis/Troms/merke_1950_troms.pdf

Lillian Nedrelid via telefon og e-post

Opplysningar om Istind i eige fotoalbum på facebookgruppa «gamle bilder frå Ishavet»: https://www.facebook.com/media/set/?set=oa.587109758004875&type=1

Svein Ove 09.03.2021 18:52

Veit dessverre ikkje meir om dei andre.

Ole Per Eiken 18.10.2021 10:22

Istind forliste i Vestisen 29/3 1936,folket tatt opp av Veslekari.

Aslaug Tomren 06.03.2021 19:16

Hei! Min far var mannskap på Istind da bilde ble tatt. Jeg skulle like å vite hvor på bildet han er plassert. Hans navn var Peder Tomren . Noen som vet mer ?