Du saknar kanskje nokre av bileta på denne sida etterkvart. Årsaka er at eg forsøker å flytte dei fleste over til eigne undersider, kategorisert etter gardar i bygda. Det er ikkje alle som dette passar heilt til, eller at det ikkje er nok informasjon og bilete enno til å flytta dei. Ta kontakt med meg på sveostrem@hotmail.com om du har bilete, så kanskje det er mogeleg å få til fleire undersider likevel. Målet mitt er ei underside per gard.
Dette albumet fokuserer først og framst på emblemsbygdarar, i både fjern og nær fortid. Eg er alltid på jakt etter fleire, og vil gjerne rette ei særskild takk til Eli-Anne som har nytta påskeferien til å finne fram spanande emblemsbilete. Fleire har bidrege med namn på deltakerane på S-Lagsfesten 1971, og det er eg svært takksam for. Du kan også nyte bileta frå Anny Hesseberg og Lillian Nedrelid i dette albumet, og eg håpar at også du kan hjelpa til på biletdugnaden, slik at vi kan få synt fram ein del av vår felles historie her på www.emblemsbygda.com Eg vil også rette ei stor takk til Per Almar og Gunvor (f. Flydal) Steinnes, som har gjeve god og grundig informasjon om Flydal- og Furset bileta, og Olaf Hesseberg som gjer eit kjempearbeid med å leite fram til namn og korrigere fleire av bilettekstane. Utan hjelp, er det vanskeleg å utvikle denne web-sida.
Peter Johannaes Magerholm 14.08.2011 07:27
Det var utrolig morro å sjå igjenn tanter og onkler.Spesielt bestemora mi,Klara,
som jeg vokste opp med øg hadde et nært forhold til.
Jeg bor i Vietnam.
lillian nedrelid 13.05.2011 14:42
Jeg har sett igjennom det .Flott svein ove .Har sendt ilbud til slektninger ,så de også får se .
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com