 |
 |
|
 |
 |
Bilde frå pokalrenn i 1949. Foran: Oddvar Ramsvik. Bak: Olav Lundanes, Johan E. Emblem, Odd Lundanes, Erling Emblem, Ola Emblem og Harry Bjørkavåg.
På Svartevatnet 1958?
F.v.: Lars Akslen, Oddvar Ramsvik, Olaf Hesseberg, Ivar Reiten, Olav Østrem og Odd Lundanes.Foto: Otto Andreassen
Fredrik Emblem vart suveren kretsmeister på 3-mila i 1967. Bak han kjem Odd Lundanes som vart nummer 2.
F.v.: Brødrene Ivar, Reidar og Harald Reiten
Jon Johansen smører ski ein gong på 1950-talet
Fredrik Emblem i farta
Oddvar Martin Ramsvik (1925-1993) var ein markant person i bygda sitt lagsliv på 1900-talet. Han var med på å stifte Gjallarhorn og ivrig idrettsmann i fleire greiner. Særleg gjorde han seg bemerka på fotballbana og i skisporet, men det var kanskje først og fremst som ivrig dugnadsmann at dei yngste av oss hugsar han best. Han var delaktig på dei fleste dugnadane og han tok også ansvar for både ved og varme på Frielebu. Med dette skapte han ein god stad for prat over nistepakka for både mosjonistar og konkurranseløparar vinterstid. Han var også tilsynsvakt i ei årrekke på Emblem Skule.
Fleire av dei første skirenna som vart arrangerte av Emblemsbygda Sportsklubb fann stad på Emblmsfjellet kring Østremsetra. Ein gong vart det snøstorm og ein frykteleg tur nedatt då det viste seg at veret ikkje lettna. Dette biletet er frå påska 1961. Foto Olav Østrem
Skirenn med målområde på Ebbemarkane ved Blåskulen ein gong på 1960-talet. Foto: Per Kåre Østrem
Frå vestlandsmesterskapet i 3x10km stafett som EIL arrangerte i 1966. Foto: Olav Østrem
Frå Vestlandsmesterskapet på ski i 1966. EIL arrangerte 3 x 10km staffett og her er det Aslak Nerland frå Vistdalen som går over mål og sikrar seieren. Olaf Hesseberg som står fraoverbøygd og noterar, medan mannen som er nr. 3 f.v. er Kjell Dalen
Frå vestlandsmesterskapet i 3x10km stafett som EIL arrangerte i 1966. Foto: Olav Østrem
Frå vestlandsmesterskapet i 3x10km stafett som EIL arrangerte i 1966. Mannen på bildet er skiskyttar Jon Istad frå Voss. Han vann 20 km i VM i Garmisch Partenkirchen dette året. Foto: Olav Østrem
Et orginalt løypekart frå 1960-talet og truleg det einaste i sitt slag. Det er sannsynleg at det er den same løypa dei gjekk
den gongen bildet frå Blåskulen vart teken (du finn det her i albumet). Kartet vart teikna på brun-papir og det er ikkje heilt usannsynleg at han som held kartet på dette biletet er "kunstaren". Olav Østrem fann det i kjellaren nyleg. foto: Svein Ove Østrem
Frå Sunnmørsposten
Vi er på Emblemsfjellet og du kan skimte skytterhuset i bakgrunnen.
Staden er setrevegen like framom
dagens fellesfjøs. Odd Lundanes (Nærast skytterhuset), Harald Reiten
(sittande), Alfred Hesseberg (med svart caps), dei har fått selskap av
Olav Østrem, Ivar Reiten, Olaf Hesseberg, som har vore på treningstur, og Malvin Garshol (sett frå venstre mot høgre)
Fotografen er Per K. Østrem
Barmarksamling på Ørskogfjellet ein gong tidleg på 1960-talet. Foto: Olav Østrem
Invitasjon til junior NM på ski på Hønefoss 1962.
Harald Reiten i avisa
Hopp og individuelle KM-konkurransar på ski gjekk i Ørsta i 1962, mens stafetten vart arrangert i Eidsdalen Her er Sunnmørspostens omtale og resultatar
KM i Eidsdalen 1962. Her er det Odd Lundanes i farta for EIL.
på andreetappen i 3 x 10 km i seniorklassa
Odd Lundanes på 2. etappe vekslar med Harald Reiten på tredje og siste etappe på KM-stafetten i 1962. Seieren er allereie sikra og ingen i sikte lenger bak.
Harald Reiten avslutta KM-stafetten i Eidsdal 1962. EIL deltok med 2 lag. Harald gjekk på førstelaget saman med Olav Østrem og Odd Lundanes. I venstre biletkant ser du Olaf Hesseberg frå 2.laget som spring attmed og heiar.
Ivar Reiten på 2. laget for EIL på KM i Eidsdalen 1962 der dei sikra 4. plassen. Det betyr at EIL sikra seg 2 av dei fire beste plassane og den eine var altså seieren for første gang. På biletet er det like før mål og Ivar gikk sisteetappen. Den første var det Olaf Hesseberg som gikk og 2. etappen stod Oddvar Ramsvik for.
Harald Reiten på veg mot mål og individuell sølvmedalje KM 1962
Olav Østrem på vei til mål og individuell seier i 1962. Han vart første kretsmeister i langrenn for EIL i Ørsta
Skifestivalen i Geiranger var eit stort arrangement i si tid. Biletet er teke av Olav strem i 1961. F.v.Malvin Garshol, han med nummer er ukjend, Harald Bjarte Øyen, Ivar Reiten, Odd Lundanes og Harald Reiten.
f.v.: Magnus Bjørdal, Hjellvik? og Harald Bjarte Øyen. Det er mulig at biletet er teke på Skifestival i Geiranger tidleg på 1960-talet
Året er kring 1979 og staden er gymsalen på Emblem Skule. Eg trur at det er snakk om premiering av borna som deltok på bornerenna. Oss fekk eigne kort på skulen der me skulle skrive opp kor mykje me gjekk på ski kvar sessong. I bakkane bak skulen var det óg tirsdagsrenn med ei lita løype. Dei største borna ville og vera med på biletet som skulle i avisa.
Ein klassisk allemannspremie før premiane vart litt flottare utforma i ekte forgyld plast og steinsokkel. Liknande premiar vart og nytta under borneleikane på 17.mai i regi av idrettslaget, men då var klistremerket litt anna. var du heldeg så fekk du ein trebit der det var overlima både ein og to gongar
Teksten er under oppdatering
Dei eldste skia som nokon gong er funne er omlag 8000 år gamle. Her i vårt eige land kan me
skryte av å ha funne ski som er nærare 5200 år. Skileiken er truleg minst like gamal, og det er
grunn til å tru at skileiken i bygda vår har vedvart like lenge som den faste busettinga. Det finst
desverre ikkje nokon muntlege eller skriftlege overleveringar som kan fortelle oss meir om
skihistoria i bygda før 1935.
I denne vesle teksten skal me difor sjå litt nærare på skirenna som vart haldne i idrettslaget sin regi
fram mot 1970. Ved hjelp av dei gamle møteprotokollane kan ein finne både resultat og nokre ord
om kva løyper som var i bruk på denne tida. Dette er på ingen måte nokon uttømmande tekst, men
snarare eit lite innblikk i farne tider der du kan bli kjent med nokon av dei første idrettsheltane våre
i vinteridrett. Då laget vart stifta i 1932, var det ingen vinteridrett å spore i det heile tatt. Dette
skulle heldigvis endre seg nokre år seinare. For den særs interesserte har eg også publisert samtlege
resultatlister nedanfor hovudteksten. Det er på sin plass å minne om at idrettslagets historie har
vorte samla mellom to permar, og er tilgjengeleg for sal. Vil du lesa meir kan du kontakte Emblem
Idrettslag.
Den 17. februar 1935 vart det første offisielle skirennet i regi av «Emblemsbygda Sportsklubb»
arrangert. Emblemarane hadde invitert Spjelkavik Sportsklubb til dyst. Det gjekk ikkje så bra for
arrangørane som måtte sjå at dei gjevaste plassane i både skirenn, hopp og kombinert gjekk til
nabobygda. Eg veit ikkje kvar rennet vart halde, for det er ikkje nemnd i møteprotokollen, men det
vart skrive at hoppbakken låg ved hytta til «fjellfote». Det er mogeleg at det kan vera eit tilnamn på
Petter P. Emblem på Ystebøen, som var idrettslagsmedlem. Ein veit at det allereie låg ein
hoppbakke ved Gamle Emblemseter på den tida som også Spjelkavik nytta. Den låg også godt
tilgjengeleg for spjelkavikerane, med tilkomst via Vasstranda. Men ein veit samstundes at
Ystebøselet vart nytta som sel og ikkje hytte, for det vart setra der i både 1935 og 1936, så
hoppbakken kan ha lagt på andre sida av Kubbane i nærleiken av Tryssethytta eller Skillingsetra
også. Ei anna plassering kan ha vore nede i bygda, for det neste rennet vart halde kring
Ungdomshuset «Borgheim», med startstrek der. Det var likevel meininga å halde rennet på fjellet,
og det var berre véret som forhindra det. Referenten i møteboka til Emblemsbygda Sportsklubb
nemner at starten veka etterpå, den 24. februar skulle ha vore ved selet til «E. Emelem». Dette var
truleg Elias J. Emblem frå garden Tunheim.
Ein vart einige om å opprette ein vandrepokal-tevling i langrenn, der det tre-manns-laget som vann
samanlagd tre år på rad, fekk troféet til odel og eige. Herd, Spjelkavik Idrottslag, Sportsklubben Lyn
og Emblemsbygda Sportsklubb vart samde om vilkåra for konkurransen, og allereie den 24. februar
1935 vart det første pokalrennet halde i bygda vår. Det verka ikkje som om alle laga skulle samlast
samstundes. Denne gongen var det foreksempel kun Lyn som var med i konkurransen, og det vart
eit suksessrenn for løparane frå Emblem. Løypa var 5 kilometer lang og temmeleg tung denne
dagen. På fjellet var det snøstorm og det var truleg ikkje så mykje betre nede i bygda der løpet vart
halde. Styggeføret vart ein fordel for emblemskarane som tok dei seks første plassane. Jon Lysfjord
vann rennet med tida 32:20, medan Petter Dalebø, Egil Hansen, Mauritz Akslen, Oskar K. Emblem
og Lars Akslen tok dei fem neste plassane for Emblemsbygda. . Lyn-gutane tok alle dei nederste
plassane på resultatlista, med unntak av J. Slinning som klarte å slå Mons Kaldhussæter. Jørgen
Emblem og Konrad Nedregotten måtte bryte løpet fordi bindingane svikta undervegs i løpet.
Det verkar som om desse pokalløpa hadde ei ordning der berre to lag møtest av gongen.
Møteprotokollane fortel ikkje noko om skikonkurransar andre stadar enn i heimbygda, så det er litt
vanskeleg å finne kva system dei nytta.
3. april var det tredje og siste skirennet på Emblem. Løypa var då utvida til heile 12 kilometer og
det var eit klubbrenn uten utenforståande deltakerar frå andre idrettslag. Mons Kaldhussæter var
heldigare denne gongen og kom på andreplass i både langrenn og hopp. Han vart berre slått av Egil
Hansen som også vann begge disiplinane. Mons fekk desverre ikkje brukt skitalentet sitt fleire
gonger, då han gjekk bort om hausten det same året. I 1935 fekk skigruppa si eiga «nemnd for
vinteridrett» beståande av Jørgen Emblem, Harald Øyen og Lars L. Akslen. Harald Øyen vart óg
vald til deltakar i plass- og bakkenemda saman med P. Emblem og F. Emblem. Dei to siste er truleg
Petter P. Emblem frå Ystebøen og Fridtjof Emblem frå Negarden som også var varamann i
klubbstyret. Ein var med andre ord klar for å utvide idrettslaget frå fotball og friidrett til også å
omfatte vinteridrettsgreiner som hopp, ski og kombinert. Naturlege hoppbakkar var det nok av, både
på fjellet og nede i bygda, så det vart ikkje behov for å bygge seg noko trekonstruksjon i ovarennet.
Snøfattige år
I 1936 vart det også arrangert 3 skirenn, der klubbrennet var eit av dei. Emblemsbygda sportsklubb
fortsette med å kapre den gjevaste plasseringane og klarte dessutan å få den andre av i alt tre
«aksjar» i pokalkampen mot naboklubbane spjelkavik, Herd og Lyn. Men frå no av vart det nokre
verkelege og magre år for skisporten. Det var ikkje mogeleg å arrangere nokon skirenn i 1937, 38
eller 39 på grunn av snømangel. Ein prøvde å få til noko i 1939, men snøen uteblei også denne
gongen. Dessutan var det ingen heime, som kunne delta i vinteridrett for klubben. Dei fleste hadde
hyre og dreiv fiske i staden. Fleire var forlova og trengte å spare opp til å ta over heimgarden. I
møteboka vart året sett på som «et av dei svarteste sesonger for Emblemsbygdas Sportsklubb». Det
vart heller ikkje spelt nokon fotballkamp det året. Det vart nok diskutert en del kring dette temaet,
og det vart ymta frampå at yngre krefter måtte få sleppe til. Om dette berre gjaldt fotballen, er eg
ikkje så sikker på. Det vart skrive at det var fleire unggutar som var klare til å ta over om dei fekk
sjansen. Dei fleste hadde vore med sidan starten i 1932 og rimeleg jamngamle. Det vart no påpeikt
at ein måtte sikra seg rekrutering også om ein skulle klare å hevde seg i toppen. Dei snøfattige åra
gav dårlege treningsforhold når skiteknikken skulle finslipast, men det verka ikkje som om nokon
slutta av den grunn.
Søndag den 28. januar 1940 vart det igjen liv i skiløypene og hoppbakken på Emblemsfjellet. Ei
omlag sju kilometer lang løype hadde vorte handtrakka av medlemmane. Start og målstrek var på
«Emblemsæteren», som i dag vert kalla Gamle Emblemseter, og ligg like vest for Langevatnet i
Emblemsdalen. Det var desverre ikkje så mange som deltok denne gongen, for mange var ikkje
heime i bygda på denne tida. Det var midt i vinterfisket og berre ni starta. Sju kom seg til mål, men
tidene vart gode likevel. Igjen kan ein spore gryande entusiasme:
«...så det ser ikke så dårlig ut med
vinter idreten, når mann får en så fin vinter som iår mykje sne og fint føre. Så har dem været
hjemme dem som har været med før, så har det blitt stor strid om dei første plassene».
Bjarne
Ramsvik vann skirennet med tida 48,5 minutt, medan Han Østrem fekk andreplassen, og Johan
Emblem kom på tredje plass. Sidan deltakerane var såpass få, kan eg også nemne at Karl
Nedregotten, Inge Emblem, Erling Nedregotten og Martin Emblem fekk dei neste plassane på
resultatlista. Det var mest truleg eit klubbrenn.
I byrjinga av mars 1940 var det arrangert pokalrenn igjen. For Emblem sin del, så gjekk det ikkje
særleg bra Hans Østrem og Martin Emblem hadde ikkje vore så heldige, då dei som laget sine
representantar skulle vere med å trekke ut startrekkefølgen i Spjelkavika ei veke i forvegen:
«...for
vår beste mann måtte jo starte først, og det er jo ikke bra. Men det værste var jo det, med det
samme han skulde starte mistet han skoene av skiene, så han tapte en 2 tre minutt. Og den samme
avstanden var det når han kom i mål. Det blev altså ingen av våre som fikk nogen premie.
Spjelkavik drog av med den eftertraktede pokalen.».
I 1941 vart dei siste skirenna haldne før krigen sette stoppar for den organiserte idretten. Det første
skirennet for året, var klubbrennet den 9. februar. Løypa vart trakka nede i bygda, med start og mål
på Ungdomshuset. For første gong stod Petter Kaldhussæter på øvste pallplass. Nye utøverar som
Olav Nedregotten og Konrad Østrem i klasse A. I klasse B var det Knut Akslen, Martin Emblem og
Oskar Nedregotten som gjorde det best. Dette var truleg første året med inndeling der ein ikkje
konkurrerte på lik linje uavhengig av alder. Nye krefter hadde komne til, samstundes som ein ville
ta vare på dei gamle travarane også. Dette var ikkje det einaste nye for vinteridretten sin del. No
vart det også konkurrert i vinteridrett mot Blindheim, og slalåm erstatta kombinert. Det vart sett av
to dagar til avviklinga av skirenna. Sundag 23. februar var det 8 kilometer langrenn kring Gamle
Emlemseter, medan slalåm og hopp fekk sin eigen dag den 2. mars. «Kaldhus-Petter» held
suksessen ved lag frå klubbrennet og fekk førstepremie i klasse A. I klasse B klarte
emblemsbygdarane ikkje å vinne, men fekk både sølv og bronse, takka vere Lars Akslen og Kåre
Engeset.
Den 2. mars vart slalåm og hopp avvikla ved Skjelbruvatnet. Emblemsbygdarane var neppe så
veldig erfarne i denne nye sporten, men dei klarte likevel å kapre både sølv og bronse, ved hjelp av
Kåre Engeset og Andreas Magerholm. I hoppbakken gjekk det enno betre. Harald Øien kunne
krabbe heilt til topps på seierspallen, med Kåre Engeset på andreplass. Emblemsbygda Sportsklubb
fekk også sin første «aksje» i pokalkampen for 4-manns lag ved hjelp av Petter Kaldhussæter, Lars
L. Akslen, Knut Engeset og Bjearne Ramsvik. Dette var det første året med eigen vandrepokal for
fire-manns lag, og ein tok no til å nytte klasseinndeling på skirenna. Ein delte no inn i dei som var
under 18 år og dei som var eldre. Premieutdelinga vart ikkje halden før laurdagskvelden 8. mars,
men då vart det også fest på ungdomshuset etterpå. Dette slalåmrennet er det einaste som eg finn
omtale på i møteprotokollane. Det har ikkje vore like stor interesse for dette i bygda vår. Det var
nok først og fremst i dei indre fjordstrøka på Sunnmøre at denne sporten stod sterkt, slik som i
Dalsbygda i Norddal. Det verkar som om slalåmrennet hovudsakleg vart arrangert for
blindheimarane si skuld, men det var likevel ei viss interesse for sporten kring midten av 1960-talet
og det vart faktisk rydda ei løype med flomlys i Grønevollen, som stod ferdig i 1971. Problemet var
berre at då hadde dei fleste forkjemparane for slalåmsporten flytta heimanfrå.
I 1942 vart det berre halde årsmøte og pølsefest. I 1943 vart også dette avlyst, som eit ledd i
«idrettstreiken» mot okkupasjonsmakta. Det skulle gå heile fem år før Emblemsbygda Sportsklubb
arrangerte noko offisielt skirenn igjen. Gleda var nok rimeleg stor og truleg var det godt oppmøte
med publikum også når ein nok ein gong kunne møtast til skikonkurranse i eit fritt land. I god
tradisjon vart løypa på ca 7 kilometer lagt kring Gamle Emlemseter. Ho var etter sigande både god
og avvekslande, slik at det var nok å bryne seg på. Av dei 14 som møtte på startstreken, var det to
som braut løpet. Martin Emblem vann rennet med 34 minutt og 16 sekund. Det er interessant å sjå
at det var fleire løparar som deltok for første gong. Odd Lundanes, Ola Emblem, Harry Bjørkavåg
og Oddvar Ramsvik var mellom desse. Desse karane var også med på bygdas fotballag, og Odd var
ein habil friidrettsmann. Seinare på dagen forflytte ein seg frå setra og ned i Furseth-bakkane, der
hopprennet vart halde. Det finst ikkje nokon informasjon om kvifor ein ikkje bygde bakken på
fjellet, for forholda nede i bygda var alt anna enn gode. Referenten i møteboka karakteriserte det
heile slik:
«Føret og bakken var kriminelt, det vart mykje fall. Dei beste vant.»
Dei beste dette året
var Johan E. Emblem, Andreas Magerholm, Ola Emblem, Oddvar Ramsvik, Petrus Magerholm,
Olgard Garshol og Odd Lundanes. Det beste hoppet vart på 38 meter.
I 1947 var sportsklubben medlem av Sunnmøre idrettskrets og heldt for første gong eige
treningsrenn kring ungdomshuset. I alle fall er dette dei første som vart nemnd i årsmeldingane.
Løypelengdene var enno ikkje standardiserte, og denne gongen var den på omlag 6 kilometer. Det
er derfor vanskeleg å sammenlikne resultat og tider frå dei ulike renna. Odd Lundanes vart beste
mann og slo Petrus Magerholm med omlag 50 sekund. Bronse-vinnaren, Johan E. Emblem, kom 43
sekund etter Petrus. I Fursetbakken var det Olav Lundanes som vann, med 41,5 meter, foran Harry
Bjørkavåg. Dei hoppa like langt, men Olav hadde nok betre stilkarakterar. Petrus Magerholm hoppa
38 meter, og desse tre var i ei klasse for seg sjølv. Heile 10 meter skilde tredje og fjerdemann. Dette
året hadde ein også satsa på «barmarkstrening» med mellom anna gymnastikk og turn. Dette kom
nok særleg hopparane til gode.
I 1948 tok interessa for vinteridretten seg kraftig opp. Snøforholda var gode og klubben hevda seg
også i distriktsrenn. Det vart ikkje pokal til Emblemsbygda i alle renna dei deltok i, men den 27.
mars vann Oddvar Ramsvik, Odd Lundanes og Jon Johansen pokal for beste tre-manns-lag i det
tradisjonelle Ålesundsrennet på Sula. Dei beste i 1947 held forma godt i 1948 også. Furseth-bakken
heldt stand som konkurransebakke, medan Ungdomshuset var eit godt utgangspunkt for årets
klubbrenn på ski.
Klubbrennet i 1949 vart halde på Østremsetra, med glitrande forhold, den 12. februar. For første
gong sidan krigen vart det konkurrert i to klassar. Ein hadde no ei meir standardisert løype på 5 km.
Konkurrentane i A klassa gjekk to rundar og det var Oddvar Ramsvik som vann. I B klassa var det
Anton Bjørkavåg som gjekk av med sigeren. Eg er ikkje heilt sikker på om klassane var
aldersbestemte slik som tidlegare, eller om det var andre kriteriar som vart nytta. Ein ser i alle fall at
det også fanst andre inndelingar på nokre av distriktsrenna og kretsmesterskapa på denne tida.
Pokalrennet den 5. mars vart også halde på Østremsetra, men det hadde ikkje vore særleg godt vér
veka i førevegen. Det hadde regna ein del, og oppmøtet vart heller skralt. Under sjølve rennet var
det heldigvis rimelig godt vér. Det var likevel ikkje alle idrettslaga som møtte denne gongen, og
Spjelkavika var ranka som favoritt på førehand, men Emblem miste ikkje motet av den grunn. Vi
hadde kanskje fordel av å vere på heimebane, for emblemsbygda Sporsklubb vann stort den dagen.
Oddvar Ramsvik vann langrennet på 10 km. Oddvar Ramsvik, Harry Bjørkvåg, Jon Johansen og
Johan Emblem vart også beste 4-manns-lag og fekk sin andre «aksje» i 4-manns pokalen.
I distriktsrenna hadde vi stort sett ein mann blant dei 6 beste kvar gong. Det var Oddvar Ramsvik
som stod for desse prestasjonane med femte plass i Eidsdalen, sjetteplass i Ørskog, 10. plass på 17
km. i Velledalen, 4. plass i Langevågen og 2. plass i Ålesundsrennet til Rollon. Han fekk også 7.
plass i Kretsrennet i Sunnylven. Saman med Harry Bjørkavåg og Jon Johansen og Johan Emblem
vart det stadig meir reising og deltakelse på fleire renn i distrikta ikring. Innandørstreninga på
Borgheim med gym og turn vart fortsatt halde vedlike i åra som kom.
I 1950 tok emblemarane dei 5 øverste plassane i pokalrennet på Blindheimsfjellet. Emblemsbygda
Sportsklubb auka også talet på treningsrenn. Løypestadane byrja også å variere litt meir. Det første
vart halde på «Grøn-haugen» 30. desember 1949 og 4. januar 1950 var det treningsrenn på
Auresetra. Idrettslaget gjorde det fortsatt like godt i distriktsrenna. Laget byrja for alvor å gjere seg
bemerka i kretsmeisterskapa også. Den 18. februar vann me B klassa i 4 x 10 kilometer stafett i
Hevsdalen. Vinnaraget bestod av Erling Emblem, Olav Lundanes, Harry Bjørkavåg og Odd
Lundanes. Odd vann også B-klassa i 17 kilometer langrenn i Kretsmesterskapet i Ørsta. Han fekk
dermed gå opp til klasse A, der Harry Bjørkavåg hadde blitt nummer 9.
Laget fortsette å hevde seg i skisporet utover 1950- og 1960-talet. Vandrepokalen frå 1949 vann ein
til odel og eige i 1955, det same året som laget arrangerte sitt første kretsrenn. Medlemstalet auka
jamnt og trutt og i 1959 hadde Emblem for første gong med ein deltakar i NM også. Hoppinga finn
ein ikkje fleire opplysningar om etter 1948. Det vart likevel arrangert uformelle hopprenn for moro
skyld og speiderenn på 1950-talet, men hopparar frå Emblemsbygda høyrer me ikkje noko meir om
i protokollane til idrettslaget.
Teksten er under oppdatering
Kjelder:
Jubileumsskrift for Emblem I.L. i forbindelse med 50-års jubileet i 1982
Jubileumsskrift for Emblem I.L. i forbindelse med 75-års jubileet i 2007
Møteprotokoll for Emblesmsbygda Sportsklubb 1932-1947
Møteprotokoll for Emblemsbygda Sportsklubb 1947-1961
Bilde frå pokalrenn i 1949. Foran: Oddvar Ramsvik. Bak: Olav Lundanes, Johan E. Emblem, Odd Lundanes, Erling Emblem, Ola Emblem og Harry Bjørkavåg.
På Svartevatnet 1958?
F.v.: Lars Akslen, Oddvar Ramsvik, Olaf Hesseberg, Ivar Reiten, Olav Østrem og Odd Lundanes.Foto: Otto Andreassen
Fredrik Emblem vart suveren kretsmeister på 3-mila i 1967. Bak han kjem Odd Lundanes som vart nummer 2.
F.v.: Brødrene Ivar, Reidar og Harald Reiten
Jon Johansen smører ski ein gong på 1950-talet
Fredrik Emblem i farta
Oddvar Martin Ramsvik (1925-1993) var ein markant person i bygda sitt lagsliv på 1900-talet. Han var med på å stifte Gjallarhorn og ivrig idrettsmann i fleire greiner. Særleg gjorde han seg bemerka på fotballbana og i skisporet, men det var kanskje først og fremst som ivrig dugnadsmann at dei yngste av oss hugsar han best. Han var delaktig på dei fleste dugnadane og han tok også ansvar for både ved og varme på Frielebu. Med dette skapte han ein god stad for prat over nistepakka for både mosjonistar og konkurranseløparar vinterstid. Han var også tilsynsvakt i ei årrekke på Emblem Skule.
Fleire av dei første skirenna som vart arrangerte av Emblemsbygda Sportsklubb fann stad på Emblmsfjellet kring Østremsetra. Ein gong vart det snøstorm og ein frykteleg tur nedatt då det viste seg at veret ikkje lettna. Dette biletet er frå påska 1961. Foto Olav Østrem
Skirenn med målområde på Ebbemarkane ved Blåskulen ein gong på 1960-talet. Foto: Per Kåre Østrem
Frå vestlandsmesterskapet i 3x10km stafett som EIL arrangerte i 1966. Foto: Olav Østrem
Frå Vestlandsmesterskapet på ski i 1966. EIL arrangerte 3 x 10km staffett og her er det Aslak Nerland frå Vistdalen som går over mål og sikrar seieren. Olaf Hesseberg som står fraoverbøygd og noterar, medan mannen som er nr. 3 f.v. er Kjell Dalen
Frå vestlandsmesterskapet i 3x10km stafett som EIL arrangerte i 1966. Foto: Olav Østrem
Frå vestlandsmesterskapet i 3x10km stafett som EIL arrangerte i 1966. Mannen på bildet er skiskyttar Jon Istad frå Voss. Han vann 20 km i VM i Garmisch Partenkirchen dette året. Foto: Olav Østrem
Et orginalt løypekart frå 1960-talet og truleg det einaste i sitt slag. Det er sannsynleg at det er den same løypa dei gjekk
den gongen bildet frå Blåskulen vart teken (du finn det her i albumet). Kartet vart teikna på brun-papir og det er ikkje heilt usannsynleg at han som held kartet på dette biletet er "kunstaren". Olav Østrem fann det i kjellaren nyleg. foto: Svein Ove Østrem
Frå Sunnmørsposten
Vi er på Emblemsfjellet og du kan skimte skytterhuset i bakgrunnen.
Staden er setrevegen like framom
dagens fellesfjøs. Odd Lundanes (Nærast skytterhuset), Harald Reiten
(sittande), Alfred Hesseberg (med svart caps), dei har fått selskap av
Olav Østrem, Ivar Reiten, Olaf Hesseberg, som har vore på treningstur, og Malvin Garshol (sett frå venstre mot høgre)
Fotografen er Per K. Østrem
Barmarksamling på Ørskogfjellet ein gong tidleg på 1960-talet. Foto: Olav Østrem
Invitasjon til junior NM på ski på Hønefoss 1962.
Harald Reiten i avisa
Hopp og individuelle KM-konkurransar på ski gjekk i Ørsta i 1962, mens stafetten vart arrangert i Eidsdalen Her er Sunnmørspostens omtale og resultatar
KM i Eidsdalen 1962. Her er det Odd Lundanes i farta for EIL.
på andreetappen i 3 x 10 km i seniorklassa
Odd Lundanes på 2. etappe vekslar med Harald Reiten på tredje og siste etappe på KM-stafetten i 1962. Seieren er allereie sikra og ingen i sikte lenger bak.
Harald Reiten avslutta KM-stafetten i Eidsdal 1962. EIL deltok med 2 lag. Harald gjekk på førstelaget saman med Olav Østrem og Odd Lundanes. I venstre biletkant ser du Olaf Hesseberg frå 2.laget som spring attmed og heiar.
Ivar Reiten på 2. laget for EIL på KM i Eidsdalen 1962 der dei sikra 4. plassen. Det betyr at EIL sikra seg 2 av dei fire beste plassane og den eine var altså seieren for første gang. På biletet er det like før mål og Ivar gikk sisteetappen. Den første var det Olaf Hesseberg som gikk og 2. etappen stod Oddvar Ramsvik for.
Harald Reiten på veg mot mål og individuell sølvmedalje KM 1962
Olav Østrem på vei til mål og individuell seier i 1962. Han vart første kretsmeister i langrenn for EIL i Ørsta
Skifestivalen i Geiranger var eit stort arrangement i si tid. Biletet er teke av Olav strem i 1961. F.v.Malvin Garshol, han med nummer er ukjend, Harald Bjarte Øyen, Ivar Reiten, Odd Lundanes og Harald Reiten.
f.v.: Magnus Bjørdal, Hjellvik? og Harald Bjarte Øyen. Det er mulig at biletet er teke på Skifestival i Geiranger tidleg på 1960-talet
Året er kring 1979 og staden er gymsalen på Emblem Skule. Eg trur at det er snakk om premiering av borna som deltok på bornerenna. Oss fekk eigne kort på skulen der me skulle skrive opp kor mykje me gjekk på ski kvar sessong. I bakkane bak skulen var det óg tirsdagsrenn med ei lita løype. Dei største borna ville og vera med på biletet som skulle i avisa.
Ein klassisk allemannspremie før premiane vart litt flottare utforma i ekte forgyld plast og steinsokkel. Liknande premiar vart og nytta under borneleikane på 17.mai i regi av idrettslaget, men då var klistremerket litt anna. var du heldeg så fekk du ein trebit der det var overlima både ein og to gongar
Mer infoLiker
| |
 |
|
|
|