Du har kanskje sett restane av gråsteinmurar i sjøkanten eit lite
stykke utanfor fergekaia på Magerholmen. Det er ikkje lett å sjå i dag
kva som ein gong har vore der.
Borgundpresten Hans Strøm beskriv
alt i si bok: "Physisk og Oekonomisk Beskrivelse over Fogderiet Søndmør"
frå 1762 at det "hist og her" på Sunnmøre finst ei samanhengande
Marmor-kalkstein-åre som kjem for dagen ei rekke stader på Sunnmøre.
Denne kalkåra kan ein spore heilt frå holmar i Ellingsøyfjorden, via
Spjelkavik, Humla, Blindheim, til Magerholm og vidare under Storfjorden
til Sykkylven. Den geologiintresserte presten var og på Magerholm og ved
Klebershammeren, men nemner ikkje kalkåra eller moglegheiter for
utvinning og brenning av kalk, slik han nemner andre stader i distriktet
og i Spjelkavika. Andre stader i Norge er kalkbrenninga nemd allereie i
middelalderen og i eit dokument fra 1336 vert alle skogar og
almenninger i Asker og Bærum lagd under Mariakirka i Oslo for å halde i
gang "limovner" og teglovner til kirkens behov.
Kva vart kalken nytta til i gamle dagar
Limstein
er eit eldre ord for kalkstein og på plassar med hard marmorkalkstein
kunne ein utvinne god byggestein for kirkebygg. Det var slik stein ein
nytta til bygging av dei gamle steinkirkene i Borgund-Kaupangen. Ein
kjenner dessutan til brend kalk som byggemiddel heilt attende til
antikkens Hellas og i ei rekkje gamle kyrkjebygg attende til 1100-talet
Brend kalk vart nytta som bindemiddel i mørtel når kalkpulveret vart
blanda med vatn. Det engelske ordet "limestone" eller limstein kjem av
at mørtelen "limar" steinane saman. Dette vart særs mykje nytta før
sement vart teken i bruk, eller som kalkmaling av steinbygg slik som
Borga på Østråt. Bøndene nytta kalk både på markane og på innerveggar
som ei slags desinfisering av trefjøsa før dyra kom attende frå setra. I
industrien vart kalk nytta både i papirproduksjon og ved smelteverka.
Ei kalkåre kunne med andre ord gje ei kjærkomen ekstrainntekt til den
som visste å gjere seg nytte av henne.
Kring andre halvdel av
1700-talet vart det leita etter gode utvinnbare områder på Sunmøre for
blant anna jernmalm og det tyder på at fleire vart klar over
mogligheiter for inntekt frå slike ressursar. Sunnmørsfogd og Kammerråd
Ole Alsing gjorde seg soleis særs upopulær blant bøndene på Sunmøre og i
Romsdal då han kjøpte opp nær sagt kvar brukbare tre i Romsdalen og
nekta å selge treverk til bøndene i Amtet slik at dei kunne byggje
hovedframkomstmiddelet, båten, eller byggje og reparere husa sine. Han
skulle nemlig ha alt sjøl til den store Masomnen ved smelteverket sitt i
innerst i Fannefjorden i Romsdal. Alsing sikra seg einerett til å
utvinna jernmalm på Fiskå og Bergsøya, samt kalk i Ulsteinvik på Søre
Sunnmøre. Han fekk frakta kalken og malmen nordover av dels utkomanderte
bønder ei eit storstillt industriprosjekt til eiga vinning. like etter
Alsing døde i 1780 vart smelteverket nedlagd og gruvene seld, men det
sette nok eit støkk i dei som fekk oppleve konsekvensane.
Kristen Magerholm
Kristen
Olsen Magerholm (1843-1932), på Krissenplassen på Magerholm, var ein
mann med interesse for for geologi. Han fortel sjølv at han hadde vore
mykje med på skjerp og leita etter mellom anna jern i fjella kring
Magerholm. Han var på jakt etter sølv i Hessebergneset. og fortel vidare
at eit "konsortium på mann skjøt ut jernmalm i Eitråsen i 3-4 måneder
og at han har funne jernmalm på Ørskogfjellet. Det er soleis ikkje så
uventa at han starta med kalkomn på Magerholm saman med Klaus Olsen
Magerholm (1820-1907) på hovedbruket og Anders Akselsen (1816-1879) på
det vesle plassebruket Pe-Haugen. Som plassemenn hadde Kristen og Anders
stort behov for ekstrainntekter for å få endane til å møtast. Dei var
to av i alt 6 husmenn og ein dagarbeider som forsøkte å klore seg fast
på berga kring Magerholm. Klaus hadde vore heldigare og gift seg til
velstand hos enka Olave Gjetmundsdotter på hovedbruket og vart
registrert som brukar På Magerholm i 1845. Borgundboka fortel at Kristen
slapp innfestingsavgift på Krissenplassen mot å sette opp hus, men at
han måtte betale kår til Berte Ellingsdatter, enka etter den forrige
husmannen på bruket. Han skulle også betale årsavgift på 2 spesidaler
til henne6. Han trengde med andre ord pengar til hus, avgift og andre
skattar og avgifter til konge og Amtet.
Det må ha vore ein litt
rar oppleving for kristen å verte husmann på ein plass som faren hans,
Ole Knudsen åtte og la inn under garden sin i si tid. Ole var sjølveigar
og eide både Magerholmvik og naboplassen Nygjerdet som seinare fekk
namnet Pe-Haugen. Bestefaren, Hallvard Abelset var den rikaste på
Sunnmøre i si tid og skal ha kjøpt heile 18 gardar på ein gong. Kristen
fortel P. Stensager at gardane til faren, Ole, Magerholmvika og
Nygjerdet vart seld til Lars Straumgjerde på auksjon men fortel ikkje
meir om årsaka. Borgundboka bidreg med informasjon om at faren overlet
bruka til eldstesonen Halvor, som var sjukeleg og døydde som spedalsk.
Halvor skal ha tatt eit slags kår hos Lars, truleg på grunn av
helsetilstanden, men at Lars ikkje hadde makta forpliktelsane og at ein
annan bror av Halvor og Kristen hadde bygsla garden. Halvor fekk bruke
den eine stova og eit jordstykke. som ein del av bygselsavtalen. Kristen
sin plass i arverekkefølga medførte dermed at han forblei husmann.
Kanskje
var det nettopp dei ringe kåra som husmann og viten om at han var frå
riksmannsætt som var del av drivkrafta til Kristen. Om han ynkste seg
rikdom veit eg ikkje men det kan verke slik og han gjer fleire mislukka
forsøk med leiting etter etter både sølv og krystall inne ved Hesseberg.
Han fekk og eit tilbud på det som den i den tid var den enorme summen
på kr. 5000,- for å selge ein marmorhaldig haug på plassen sin til en
"Kristiania mand". Dei skreiv kontrakt på salet, men Kristen kunne ikkje
gjennomføre salet uten at han fekk kjøpt plassebruket,og det sa eigaren
Klaus Magerholm nei til. Om Kristen fortalde Klaus kvifor han ville
kjøpe plassen veit eg ikkje noko om, men dei vart i allefall ikkje
uvener av dette og dessutan samarbeidspartnarar på Kristen sitt neste
prosjekt.
Kalkomndrifta
Kristen, Anders og Klaus
starta kalkbrot og bygde kalkomn ved sjøen nedanfor husa på Pe-Haugen i
1867. Kristen var nok initiativtakaren, men han kunne ikkje realisere
planane utan at jordeigaren tillot det heile eller selde staden, og det
veit me at han ikkje ville. Kanskje følte Kristen at det var tryggast at
Klaus var medeigar slik at det ikkje skulle verte like lett å stoppe
drifta utan vidare. Klaus var også den einaste av dei som hadde pengar
til å bygge for. Anders var Plassemann på Pe-Haugen og den som vart
direkte ramma ved at ein måtte byggje annlegsveg, 2 omnar, kai og 2
lagerhus langs heile strandlina som Anders elles kunne ha nytta til
beite og dermed eiga livberging.Det føltes kanskje også litt tryggare å
vere 3 om arbeidet og utgiftene. Ragnar Øverlid skriv i gardsoga for
Borgund og Giske Band II at det var sakfører Ludvig Daae som skaut inn
kapitalen og leigde ut verksemda inlkudert fraktebåt til Dei tre
magerholmkarane for 200,- per år. Kva som er årsaka til at Klaus ikkje
tok investeringsbyrden og dermed meir av inntekta, vei eg ikkje, men det
er truleg at han ikkje forsto seg heilt på dette med kalkdrift og
moglegheitene for fortjeneste slik som Daae tydlegvis gjorde. Ei anna
forklaring kan vere at han var forsiktig med pengane og ynskte heller å
investere på sikrare inntektskjelder slik som gardsbruk og eigedom.
Carl
Bugge beskriv kalkåra der verket låg slik i 1905: "I bruddet som ligger
ved Storfjorden lige nedenfor husene på Magerholm, ligger kalksten(...)
mægtigheten i bruddet er ca 5-6 m (dvs. den synlige) med 0,5 m skifer
imellem, men en ulempe ved dette brudd er, at man må borttage de
skiferlag hvorunder kalklagene for en væsentlig del stikker. Fra bruddet
sænker kalklagene sig med blottede lagflader ned til fjorden. I bruddet
er levninger etter to ovne og disse ligger nogle få meter over søens
nivå. dobbelt slettesystem dannede en vinkel lidt under 90
Peder
Magerholm, som er oldebornet til den eine drivaren, Anders Akselsen,
meiner at dei nytta krutt til å løyse kalksteinen frå skiferlaga før dei
slo den sund. i mindre bitar for hand med slegge. Den omnklare
kalksteinen var i knytnevestore bitar, noko som ikkje er så reint lite
krevande med kun handemakt å lite på. Vart bitane for små så lot dei seg
ikkje flytte med greip og det var såleis ein god del kalksteinsingel
som var attende etter at drifta vart lagd ned. Om sjølve brenninga
fortel han at det første laget i botn av omnen var eit lag "tennved".
Den vart sett på høgkant slik at han stod og formålet var å få god varme
i begynnelsen. Oppå tennveden la dei lag på lag med kalkstein og trekol
om kvarandre heilt til omnen var full. Det brende i ca 8 dagar i den
minste omnen mens den største kunne bruke dobbel så lang tid på å brenne
heilt ut. Då det hadde kjølna tilstrekkeleg, måtte dei hente ut kalken
og som regel så leska dei han og. Då sette dei til vatn slik at han
pulveriserte seg Kristen Magerholm fortalde kring 1920 at dei brende 100
tønner i gongen og at det tok kring ei veke å få kalken ferdig. Dei
gjekk fram på følgande måte: "Først la de et par lag med svære kubber.
Derefter en favnbjørkeved,hvorpå igjen kul, så sten, så en kuld?å,så
igjen sten og slik forattes til ovnenvar fuld. Kalken tok de så ut i
bunden av ovnen.Dette stemmer godt overeins med det Peder hadde høyrt
seinare.
Sjølve omnen var temmeleg enkelt tillaga med tørrmurar
av grovhogd stein frå plassen. Den omnen som stod nærast flomålet ved
sjøkanten vart kalla "Storomnen" og var plassert nærmast mulig
kalksteinsåra der dei tok steinen med eit eige pakkhus der dei samla opp
den ferdigbrende kalken, før det var nok til å frakte eit lass,
sjøvegen til Ålesund. Daae leigde ut fraktebåt, men eg veit ikkje kva
type. Det kunne for eksempel ha vore ei Sunnmørsjekt som var svært
vanleg til frakt av varer på den tida. Peder fortel at dei frakta både
leska og uleska kalk, så det må ha vore ein måte å skilje dei to typane
frå kvarandre på. Likeeins veit me at Flisfjorden har fleire farlege
straumar, så dei trengte finever om dei skulle frakte varene sikrast
mogeleg til byen. Dei kjøpte med seg steinkol på veg attende frå byen.
Slutten på kalkdrifta
I
følge Kristen Magerholm, dreiv dei kalkomnen på Magerholmen i 20 år,
men han fortel ikkje kvifor dei slutta. I 1885 var Klaus Magerholm 65
år, men han var kanskje ikkje den mest aktive av dei tre i den daglege
drifta. Anders var derimot 69 år og 20 år med manuel drift med
steinknusing med slegge, må ha satt sine spor for ein aldrande kar.
Kristen på si side var berre 42 og det er meir uforklarleg kvifor ikkje
han fortsette for dei andre hadde vel tillete det når kalkverket tross
alt stod der klar til bruk. Dei ansette i tillegg husmenn og
gradbrukarar i området til å hjelpe seg med drifta, så dei var ikkje
åleine om det. Eg finn eit spor og mogleg forklaring i intervjuet som
Sigurd Langleite gjorde med ein aldrande Peder Magerholm på 82 år i
1985. Her fortel han at kalkomnen såg likeeins ut då han var gutonge som
den gjer no, med berre nokre små restar attende. Ein liknande omn av
omtrent lik utforming og alder stod i motsetning temmeleg fint på
Blindheim når Magne Flem fotograferte han i 1935. Kva var det som var
årsaka? Den same Peder hadde høyrt at det kom ein orkan som øydela
kalkomnane og sopte pakkhuset på sjøen. Fraktebåten forliste i det same
styggeveret. Det er mogeleg at dette vart spikaren i kista for
kalkverket, men det forklarar ikkje det faktum at det vart sett opp
andre omnar i nærleiken etterpå. Anders vart seinare drivar av kalkomnen
på Blindheimsnes og Kristen sette opp den første omnen på Larsnes før
han var med å bygde to i Ørsta. Kanskje er forklaringa at det var
kalkbrotet på Magerholm som var for tungvindt, slik C. Bugge dels
antyder. Eg veit i allefall at Anders hadde overlatt gardsdrifta til
sonen når kalkverket på Magerholmen vart sett i gong, så han hadde inga
rettrettmoglegheit. Han slo seg ned på Blindheim og dreiv vistnok
Kalkomnen der så lenge han levde, og døde der i 1879. Samstundes så er det noko som ikkje stemmer heilt, for eg finn framleis Kalkverket på Magerholm i Addresseboka for Romsdals Amt i 1900. Det kan sjølvsagt vere slik at dei skipa ut kalkstein etter at omnane var øydelagde også. Kanskje vart steinen frakta over fjorden eller ut til Blindheim, men det verkar likevel litt rart. Det er også ei mogelegheit for at Anders trekte seg ut av den daglege drifta på Magerholmen før drifta på anlegget vart avslutta, og kanskje før omnane vart øydelagde også. Han hadde verdifull kunnskap om kalkomnane som også andre ynskte å utnytte.
Om Kristen
veit eg at han sat på bygsel så lenge han levde. 2 år etter at han døde,
i 1935, vart Kristenplassen lagt inn under Pe-Haugen som barnebarnet
til Anders, Steffen Pedersen (1863-1948) hadde bygsla og kjøpt nokre år
etter 1900. Han vart nok ikkje særleg rik, Kristen. Klaus ville
riktignok ikkje selge, men svigersonen Lars Danielsen Honningdal var
kanskje ikkje like avvisande då han tok over Magerholm i 1877og Den
neste brukaren, Karl Engeseth, selde iallefall frå seg Krissenplassen og
Pe-Haugane før Kristen døydde, så moglegheita var der nok om finansane
eller viljen hadde vore til stades. Då Kristen vart intervjua kring 1920
verkar han fortsatt opptatt av dei gamle eigedomsforhalda. Kanskje var
han mannen med visjonane men med uhell med finansane? Det var i hvert
fall ikkje meir kalkutvinning på Magerholmen, men verksemda bidrog til
at fleire starta opp kalkdrift i nærheita og den som dreiv lengst var
nok han Heinrich Schmidt som fekk tyske murarar til å sette opp eit
moderne prakteksemplar av sorten nedanfor Blindheimsbakkane i Sykkylven i
forbindelse med bybrannen i Ålesund i 1904.