Endre Jonsen er nemnd her i 1603. Han dreiv bruket til 1632, og kan vere bror til Ole og Jon på Øvste-Aksla. Sjå meir om dei enger fram i denne boka. Han vart 1626 skulda for å la vere å lyse ut funnet av ein død bukk i sjøen. Han vart dømd til å betale 3 riksdaler i bot. Tunet til Høla låg truleg oppe på haugen, ved tunet til Øvste-Aksla, i eit samla klyngetun heilt fram til 1890-åra.
Sonen Jon Endreson Akslen(1) hadde tidligare dreve nabobruket Østremsreiten frå 1623 til 1624. I 1632 hadde han over bygselen på farsgarden, i tidsrommet 1632 til ca.1665. Jon dreiv ei tid Øvste- Aksla attåt. 1685 skatta han for hest og 6 kyr. Sjå også meir om han som brukar på Østremsreiten, og på Øvste-Aksla. Det er mogeleg at Østremsreiten var del av klyngetunet på Øvste-Aksla i begynnelsen. Øvste-Aksla, Høla og Østremsreiten låg dermed i lag.
Peder Olson (f. 1651) var tidlegare soldat, ifølge 1701-teljinga. Han var brukar i ti år, frå ca.1665 til om lag 1675.
Ole Andersson var brukar frå om lag 1675 til 1680. Begge gutane er nemnde ved arveskiftet etter ein Ole på Sulebust i 1725, så det er mogeleg at han kan ha hatt slektskap, eller anna nær tilknytting, til Sulebust, før sonen gifta seg dit. Ikring 1680 vart Høla slått saman med Øvste-Aksla.
a) Ole (f.ca.1681) gifta seg i 1713 med Siri
Pedersd. Ytre Holen, brukar Sulebust. Kanskje
det var han som tente i Spjelkavik 1701.
b) Timann (f.1683) var innrullert matros 1704-1709,
før den Nordiske krig. Kanskje identisk med husmann
Tidemann Ols. på Østrem, nemnd i 1725.
I tidsrommet frå 1680 til 1711 vart Høla drive saman med bruk nummer 1, Øvste Aksla, som eit samla bruk. Den første var svigerfar til neste brukar, Knut Pederson Akslen(1). Den siste var
Arne Knutson Akslen(1). Begge var gifte med Marite Arnesdotter Akslen(1).
Tyge Pederson Vestre(19b) (1685-1747) var tenar på Østrem i 1701, men ein veit ikkje eksakt kvar, for husbonden Olle Anderson finst ikkje der. Kanskje er etternamnet feil, og det er snakk om Ole i Mattisgarden, Østrem)1)? Han gifta seg i 1712 med Agata Knutsdotter Akslen(1) (1685-1746), frå Øvste-Aksla. Dette giftermålet kan vere årsaka til at gardane vart delte att. Han hadde kvern i Østremselva, sette opp naust og hadde mykje fiskevegn. I skiftet etter han i 1747 er det nemnd hest, 3 kyr, 3 ungdyr, sauer og geiter. Søstera, Karen, gifta seg til nabogarden Østremsreiten 1734. Sjå meir om henne på Reiten, via venstremenyen på denne nettstaden .
a) Marit (dp.1712-1751) var ugift, busett på Akslen.
b) Ragnild (dp.1714-1783) gifta seg i 1748 med
Lars Madzon Stadsnes, busett Stadsnes.
c) Knud (dp.1717-1757) gifta seg i 1744 med
Anne Jonsd. Røssevold(3), brukar Røssevold(3).
Med henne kom namnet Tyge/ Tykje dit. Sjå meir
under bnr. 3 «Tykjegarden» på Røssevollen.
d) Ole (dp.1720-1720) døydde 16 veker gamal.
e) Ole (dp.1721-1749) tok over bruket.
f) Peder (dp.1724-1767) gifta seg i 1753 med
Anne Olsd. Stokke(4?), Hjørundfjorden? Brukar
på Tørla(1).
g) Paavel (dp.1727) vart døypt Akslen. Ikkje
nemnd ved arveskiftet i 1747.
h) Marithe d.y. (dp.1731). Ho gifte seg først i
1779 med enkemann Styrker Larss. Blindheim(9),
Vigra, brukar Synnes(3). Ho gifte seg opp att i 1783
med enkem. Bersvend Endres. Giskegjerde, brukar Valderhaug(Myra).
Ole Tygesen Akslen(4) (dp.1721-1749) var brukar frå 1747 til 1749. Han gifta seg 1747 med Berite Jacobsdotter Emblemsvåg(5) (1718-1784), frå Antonesgarden. Berite gifta seg opp att med neste brukar.
a) Thyge (dp.1748-1748) døydde 14. dagar gamal.
Enka Berite Jakobsdotter Emblemsvåg(5) (1718-1784) gifta seg om att 1750, med ungkar Ole Larsen Furnes(1) (ca.1714-1784), fødd i Ørskog prestegjeld. Han var brukar på Vasset(1) på Sula, før han kom til Høla. Ole hadde også vore forlova med Martha Gudbrandsdotter frå Sunnfjord, og dei fekk to born før ho døydde i 1748. 1750 kalla han seg Akslen ved giftermålet, så han kan ha budd der ei tid.
a) Niels (dp.1747-1781) var tvilling. Gifte seg i
1780 g.m. Anne Axelsd. Emblem(11), brukar i
Sjursgarden, Emblem(11). Døypt «Wadsæt».
Fekk sonen, Lars i 1772 med Siri Størkersd.
Nedre Volstad(I).
b) Lars (dp.1747-1826) var tvilling. Er døypt
«Wadsæt». Tok over bruket.
c) Martha (1750-1827), brukar Valderhaugstrand(20).
Nemnd som «f. tøs» på Svinøya.
Sonen Lars Olson Akslen(4) (1747-1826) gifta seg 1774, med Gidschen Olsdotter Østrem(1) (dp.1747-1786) frå Mattisgarden. I 1793 gifta han seg om att med enka Tollou Larsdotter Giskegjerde (dp.1744-1803). Ho vart fødd på Alnes. Dei er nemnd som husmenn på Vikholm, Langøy(2), i perioden 1801 til 1803. Enkemannen Lars gifta seg ein tredje gong, i 1808, med enka Elen Johnsdotter Alnes(3). Han er nemnd som legdslem der i 1815.
a) Ole (dp.1774)
b) Son (1776-1776) var dødfødd.
c) Arne (dp.1777)
d) Marthe (dp.1780-1786) døydde på heimgarden.
e) Niels (dp.1783) gifta seg i 1817 med (Malene)
Martine Catrine Rasmusd. Store Nørve, brukar
Fagervik, Voldsdal(3) på Ystenes.
f) Peder (d.1788) var kanskje frå dette bruket?
Peder Knudson Maråk(1) (dp.1744-1788) gifta seg 1783, med Malene Jacobsdotter Korsbrekke (dp.1757), døypt Ringdal i Sunnylven. Dei bygsla bruket 1786. I skiftepapira, etter han er det registrert hest, 3 kyr, kvige, 2 kalvar, 8 sauer og 4 geiter. Malene dreiv bruket åleine nokre år med hjelp frå tenar og tenestejenta.
a) Synneve (dp.1783-1838) gifta seg i 1830 med
Lars Jacobs. Magerholm(II), brukar Bryggå,
Hesseberg(3). Fødd i Sunnylven.
b) Karen Petricia (dp.1786-1853) gifta seg først i
1820 med Jon Gunders. Mørch, brukar Valle(5).
Gifta seg på nytt i 1831 med Jakob Larss. Valle(3),
busett Fagervika, Valle(5).
Enka Malene Jacobsdotter Korsbrekke Akslen(4) (dp.1757) gifta seg 1789, med Lars Jonson Alnes(4?) (ca.1758-1835). Ved forlovelsen i 1788 vart han kalla Akslen frå Giskegjerde, men det
stemmer kun dersom han var tenar der. Alderen ved 1801-teljinga stemmer heller ikkje med alder ved begravelsen, så det er ikkje sikkert kvar han kom frå. Lars og Malene dreiv Høla frå 1788 til 1796. Deretter flytta dei til Bryggå, Hesseberg(3), og vart første kjende plassebrukarane der. Han hadde tilnamnet «Halte-Lars», og var vilkårsmann på Hesseberg(3), men budde i Høla når han døydde.
Ole Larson Korsbrekke(4) (dp.1767-1855) gifta seg 1794 i Sunnylven, med Birthe Rasmusdotter Hellebostad(3) (dp.1773-1856?). Dei dreiv garden frå 1795 til 1831, og tok kår hos dottera Olava, som dreiv bruket etter dei.
a) Ragnild Petrine (dp.1797-1835) gifta seg i 1833
med Bernt Larss. Hellesylt(2). Husmann/ fattiglem
på Hellesylt ved dødsfallet. Dei fekk ein dødfødd son
i 1834.
b) Lars Andreas Martinus ( dp.1799-1840) gifta seg i
1829 med Lisbeth Marie Olsd. Synes(9), brukar på
Roald(2), Vigra.
c) Martinus (dp.1801-1870) vart først gift i 1827 med
Maren Larsd. Ytre-Skodje(3), brukar Grasdal(2), Skodje.
Gifta seg på nytt i 1863 med enke Berte Larine Andrine
Olsd. Ekroll. Dei var p lassefolk på «Bertebakken», Ekroll.
d) Dødfødt born (1804-1804) som var tvilling.
e) Karen Martha (dp.1804-1838) var tvilling.
Ugift og død på Ekornes. Budde der i 1815 i
«Anexet».
f) Olava (Oline) (dp.1807-1882) tok over bruket.
g) Rasmus Carolus (1809-1809) døydde 9 dagar
gamal.
h) Rasmus Martinus (dp.1810-1849) gifta seg i 1841
med Severine Petrine Iversd. Tandstad(M,3), brukar
Aurdal(7).
i) Mallene Siverine (dp.1815) var tvilling. Ho
levde kanskje ikkje opp.
j) Jacob Andreas (dp.1815 -1855) var tvilling. Han
gifta seg først i 1840 med Andrine Olave Andersd.
Straumgjerde( 11), busett «Urvik-Kråen» (Skjerva),
Ålesund i 1840. Han gifta seg på nytt i 1850 med
Karen Marie Jørgensd. Brunstad, Sykkylven. Han
drukna.
k) Isachine Olave (ca.1819-1896) gifta seg i 1864 med
enkemann Anders Rasmussen Røyrhus, Hjørundfjord.
Dei flytta til Antonesgarden, Emblemsvåg(5). Ho
døydde som enke og legdslem på Nedregotten.
Svigersonen Johan Gundersen Vik(3) (dp.1796-1849), frå Sykkylven, gifta seg 1830, med Olava (Oline) Akslen(4) (dp.1807-1882). Dei bygsla høla 1831. På den tida var der stove og stabbur i dårleg forfatning. Løa med fjøs stod det betre til med. Husa stod i eit klyngetun, saman med Øvste- Aksla oppe på haugen, der Øvste-Aksla framleis har tunet sitt. Han sette sjølv opp eit sel. Det er mogeleg at det er samme selet som framleis står på Akslasetra. Dei hadde, i 1845 hest, 6 kyr, 12 sauer og avla 10 tønner havre, 3-4 tønner bygg og 9 tønner med potet. I tillegg tok dei seg av ein sjuk slektning og gav kår til Olave sine foreldre, som dei fødde 2 kyr og 4 sauer for. Presten skreiv at det
var «mere end gaarden taaler». Dette var på ei tid før bruket vart dyrka opp for maskinell drift. Johan ønska å kjøpe bruket av Borgundpresten for 150 speciedaler. Han fekk etterkvart bruket for 200 i 1846. Då var han både fattig og aldrande, og greidde ikkje betalinga, så han måtte skøyte frå seg bruket til kausjonisten Lars Knutson Emblem(9) i Auregarden. Johan fekk sitte på bygsel dei siste åra han levde. Olava gifta seg om att 1861 med enkemann Elling Karolus Martinson Ekornes(Y,4), (1809-1876). Dei vart brukara på Blegen, Blakstad(3) i Sykkylven.
a) Berthe Severine (f.1831) vart fødd Akslen.
b) Ole Peter (1833-1858) var dreng på Juliebø.
Han drukna 25 år gamal.
c) Gunder Lauritz (1835-1835) døydde 14 veker gamal.
d) Gunder Laurits (1836-1874) gifta seg først i 1864
med Karoline Kristine Jensd. Åse(6). ho døydde 1865 i
barselseng. Gunder gifta seg på nytt i 1866 med
(Oline) Elisabeth Eriksd. Kvasnes(1), busett på
Gjerdet under Store-Nørve.
e) Karolus Martinus (1839-1924) gifta seg i 1865 med
Oline Hansine Andrine Andersd. Nygard, Bjørkavåg(9),
brukar Nakken, Karolusplassen.
f) Petrine Lovise (1841-1847) døydde av strupehoste
på Akslen.
g) Maria (1844-1847) døydde av strupehoste.
Lars Olaus Olson Nedregotten(5) (1820-1877) vart fødd i Steffagaren, og var svoger til Steffen Tippen, som gav Nedregotten(5) det gardsnamnet det har i dag. Lars gifta seg 1853 med Henriche Bergithe Erichsdotter Godø(18) (1822-1895). Dei kjøpte halve gardsbruket i 1859 for 155 speciedaler.
a) Johanne Severine (1854-1927) tok over bruket.
b) Christopha Anna (1858-1923) gifta seg i 1880
med enkemann Andreas Johan Hanss. Kvasnes, brukar
Olsvik(5).
Svigersonen Johan Andreas Nilsson Hesseberg(1) (1845-1926), frå Nerigar, gifta seg 1874 med Johanne Severine Larsdotter Akslen(4) (1854-1927). Dei dreiv bruket frå 1874 til 1908. Johan kjøpte den andre halvdelen av garden attåt, og vart dermed eigarar av heile bruket. I deira tid vart garden flytta frå det gamle klyngetunet oppe på haugen. Bruket hadde truleg husa sine på flata, der postvegen svinga opp mot nabobruket Reiten. Dei lot geitefjøsen stå att, og flytta stova og stabburet ned bakken, om lag der kraftlinjan går i våre dagar. Det er usikkert om dei flytta fjøsen også. Markane vart ikkje dyrka opp til maskinell drift før neste brukar. Dagens gardsnamn, «Høla» kom truleg til ved utskiftinga og flytting av tunet i 1890-åra. Den dag i dag seier fleire på Østrem «nedi Høla», når ein skal til dette bruket. Johan fekk tarmslyng, og døydde av det.
a) Henrikke Margrethe Severine ( 1874-1945) gifta
seg i 1914 til Stigeplassen, Østremsreit(3), med
Edvard Matthias Ramuss. Akslen, Østremsreit(3). Ho
var skreddar, og f lytta attende til Høla når ho vart enke.
b) Lars Edvard Nikolai ( 1875-1951) tok over bruket.
c) Nikoline Lovise (1877-1968) gifta seg i 1903 med
Johan Severin Ivers. Stadsnes(2), brukar Stadsnes(2).
Ho var veverske på ullvarefabrikk i Langevåg 1900.
d) Olivie Elisa (1880-1891) døydde i Høla, Akslen(4).
e) Johan Andreas (1882-1964) gifta seg i 1913 med
Ane Olufa Jørgensd. Valle(3), busett 1916 i Spjelkavik.
Han var fabrikkarbeidar, og reiste fleire gonger til
Amerika.
f) Oline Kornelia (1884-1972) gifta seg i 1909 med
Ole Andreas Karolussen Sunde(1), Spjelkavik(24).
g) Anna Margrete (1887-1976) var ugift kokke på gamlesykehuset i Ålesund. Døydde av «Brystsygdom».
h) Lovise Petra (1889-1890) døydde i Høla, Akslen(4).
i) Ludvig Olaf (1891-1969) gifta seg i 1916 med Karen
Marie Sevrinsd. Hjelle(1), Sykkylven, busett i Seattle,
USA. Kaptein på eiga skute, «Coolidge». Han dreiv
bla. kveitefiske i Alaska i 1947.
j) Jenny Laura (1894-1980) gifta seg i 1917 med
Nils Martinus Johans. Aspehaug, fabrikkarbeidar
«Spilkevig snøre & not fabrik». Busett Aspehaugen,
Spjelkavik(24).
k) Nils Ingvald (1897-1986) gifta seg i 1920 med
Olave Petrine Johansd. Nedregotten(1). Dei vart
brukara på «Skaret», Nedregotten(1).
Sonen Lars Edvard Nikolai Johanson Akslen(4) (1875-1951) gifta seg 1906, med lærardottera Laura Karoline Mauritsdotter Ulvestad (1881-1960), frå Ellingsøya. Han bygde nytt hus og løe litt lenger sør for tunet til brukaren før han. Stabburet var det ikkje meir bruk for på nytunet. Sonen, Maurits, fortalde at Lars dyrka først opp om lag 5 mål for maskinell drift. Saman med naboen, «Reite-Iver», kjøpte han ei av dei første hesteslåmaskinene i 1918-19. Lars var også den som dyrka opp garden, til det den er i dag. Nede ved sjøen hadde dei høyløe, for dei klarte ikkje å køyre ned dit enda. Lars og Laura fekk kår med sonen Maurits, som tok over bruket i 1947. Lars omkom i ei arbeidsulukke med bråtebrenning på garden.
a) John Leidulv (1908-2000) giftas eg i 1931 med
Hanna Grødal frå Kristiansund. Dei emigrerte til USA i
1925. Først busett i Minneapolis, så i Seattle.
b) Maurits Jostein (1911-2008) tok over bruket.
c) Lisa Olivia (1914-2011) gifta seg i 1941 med
Leo Castberg, Emblemsvåg(1).
d) Jente (f.1919) var dødfødd.
e) Jofrid Klara Mary (1921-2002) gifta seg i 1947
med Karsten Ola Marvin Emblem(1), frå
Negarden. Dei bygde eige hus nær tunet i Negarden.
Sonen Maurits Jostein Akslen(4) (1911-2008) gifta seg 1940, med Herborg Lida Østrem(2) (1911-1993), frå nabobruket Larsgarden på Østrem. Dei hadde då vore forlova sidan 1938. Far til Maurits var ikkje så lysten på å gje frå seg bruket under krigen, så dei tok først over bruket i 1947. Begge engasjerte seg i lagslivet på Emblem. Dei var aktive i både ungdomslaget og på bedehuset. Maurits er i tillegg ein av pionerane i idrettslaget, og har vore ei viktig kjelde til mykje lokalhistorisk kunnskap frå Emblemsbygda. Han var av dei første som stod på scena då Ungdomshuset åpna i 1934, og det har vorte fortalt at han var godt kjent på begge sider av fjorden, som ein svært god dansar i sin ungdom. I likheit med mange av gardbrukarane i bygda, fekk også Maurits tilleggsarbeid i Borgund kommune. Han var ein ivrig fiskar, og dreiv sjøen i alle år. Maurits er også ein av ytterst
få gutar som mjølka på setra, for budeiearbeidet vart helst gitt til jentene. I hans tid låg Akslasetra aust for Setrevatnet, der «Huldrestølen» ligg i dag. Setrenamnet var opphaveleg «Urastølen», og dagens hytte der er bygd på murane etter «Høleselet». Det vart flytta til dagens «Akslaseter» på hi sida av vatnet i 1925, for at vegen til emblemskaia, og meieriet i Ålesund, skulle verte kortare. På samme tida hadde ein også byrja å flytte sela frå «Gamle Emblemseter» nærmare setrevegen til Østrem og Aksla. Dei hadde då søkt om tilskot til utbetring av eigen setreveg, men det vart ikkje slik. Østrem, Aksla, Nedregotten og Østremsreiten fekk fullført traktorvegen fram til setrane sine i mellomkrigsåra.
a) Laila Karin (f.1941) gifta seg i 1968 med
Hans Inge Kvalbein, Oslo.
b) Lars (f.1943) tok over bruket.
c) Kirsti Margrethe (f.1946) gifta seg i 1969 med
Gunnar Kvåle, busett i Os.
d) Hilde Marie (f.1953) gifta seg i 1976 med Kjell
Aarseth frå Blindheim, busett Molde.
Sonen Lars Akslen(4) (f.1943) gifta seg 1967, med hjelpepleiar Jorunn Aud Langlo (f.1947), frå Blindheims-Breivika. Han arbeidde som lærar på barneskulen på Flisneset, og både køyrde skulebuss og trakkemaskina på Emblemsfjellet i fleire år. Dei bygde seg nytt hus der den gamle bygdevegen hadde gått opp ei bratt kneik, kalla «Akslabrauta», til tunet på Øvste-Aksla. Den vart nytta som test, når dei første bussane til Emblemsruta skulle kjøpast inn. Seinare vart vegen lagt rundt Akslahaugen. Lars og Jorunn tok over garden i 1979. I deira tid vart løa og fjøsen forbetra. Begge har engasjert seg i kristlege lag og foreiningar. Her kan mellom anna idrettslaget, Speiderebevegelsen, søndagskulen og «NLM Gjenbruk» nemnast. Dei har pussa opp det gamle selet på Akslasetra frå 1830-talet, og er dagens grunneigarar på bruket. Gamlehuset frå tidleg 1900-tal var det ikkje mogeleg å ta vare på, eller pusse opp, så det vart reve sommaren 2019.
a) Ragnhild Karin (f.1968) gifta seg i 1993 med
Torbjørn Ove Emblem, busett på Emblem.
b) Marit Helen (f.1971) gifta seg i 2008 med
Øyvind Fet, busett i Sykkylven.
c) Øyvind Andre (f.1975) gifta seg i 2012 med
Kristin Dybvik Blindheim, busett Emblem.
d) Lars-Marius (f.1984) gifta seg i 2015 med
Sølvi Karin Romarheim, snart busett på Emblem.
Jon Maloy 03.09.2020 17:07
Takk igjen. Det tek meg vidare.
Jon Maloy 03.09.2020 13:42
Takk for svaret.
Tyge er eit såpass uvanleg namn at det burde vere mulig å spore han opp. "Vestre" må vel vere i Vestrefjorden i Haram, eller?
Svein Ove Østrem 03.09.2020 16:30
Her er lenke til Ørskog gjennom tidene: https://www.nb.no/items/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?page=591&searchText=bygdebok%20%C3%B8rskog
Svein Ove Østrem 03.09.2020 16:27
Tyge-namnet spredte seg på Emblem. Du skal til Ørskog, og Vestre der. 19b er plasseringa i bygdeboka der
Jon Måløy 02.09.2020 21:39
Min forfar "Tyge Pederson Vestre(19b) (1685-1747) var tenar på Østrem i 1701." står det. Men eg finn ingen med dette namnet på sida Østrem. Nokon som veit meir?
Svein Ove Østrem 03.09.2020 13:33
Det er enda uklart kvar han tente på Østrem. Olle Anderson er ikkje avklara sikkert. Kanskje er også det namnet feil. Du finn derimot Tyge som i Høla u Akslen
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com