DELT FRÅ BNR. 2 AKSLAGJERDET
Hans Gabriel Larson Akslen(2) (1862-1949), frå Akslagjerdet, fekk denne parsellen delt frå etter ei utskiftingsforretning i 1934. Eigedommen fekk rett på å hente torv frå hovedbruket, Øvste-Aksla, og var pliktig å gjerde inn etter forskrift i gjerdelova, men var ellers utan rettar i utmarka. Dette var få dagar før Hans selde Akslagjerdet. Han tenkte seg kanskje denne tomta som ei kårtomt, men slik vart det ikkje. Sonen Thomas kjøpte att Minde på auksjon, og Hans bygde hus på ei anna tomt, som Thomas også hadde kjøpt attende. Det var «Kveldly» bnr. 8 på Magerholm. Hans flytte dit i 1936. Sjå meir om Hans som brukar under garden Akslagjerdet, Akslen(2) i venstremenyen her på www.emblemsbygda.com. Bustadtomta Kveldly er ikkje med i denne utgåva av bygdeboka.
Sonen Thomas Gustav Akslen (1895-1966) gifta seg i 1939, med Hjørdis Amanda Akslen (1909-1994), Østremsreit(2) frå nabobruket Stigen, også kalla "Stampen" på folkemunne. Småbruket var del av ein husmannsplass (Stigeplassen) som vart frådelt Øvste-Aksla, men vart overført til Østremstreiten etter utskiftinga i 1894. Thomas kjøpte tomtene Minde og Kveldly i 1937. Thomas og Hjørdis bygde hus og busette seg på Minde. Faren fekk bygge hus, og busette seg på Kveldly inne på Magerholm på sine eldre dager. Han fekk då hjelp av sonen Lars, som hadde kjøpt andre halvdelen av den gamle Stigeplassen, kalla Gjerdet, Østremsreiten(3). Saman med Akslagjerdet, Gjerdet og stigeplassen, utgjorde Minde eit større samanhengande stykke frå den gamle hovudvegen (Hjellhaugvegen i våre dager) til fjorden. etter 1965 vart Minde og Akslagjerdet liggande mellom dagens riksveg og Hjellhaugvegen, medan Gjerdet og Stigen ligg nedanfor riksvegen til Magerholm. Der var mykje samkvem mellom desse bruka. Hjørdis slekta også til hovudbruket på Øvste-Aksla, like vest for Minde, og Reiten, Østremsreiten(1)
a) Inge Erling (f.1939) gifta seg med Else-Marie
Nedregotten(9). Dei var brukara på Vestly,
Nedregotten(9).
b) Liv Johanne (1941-2016) tok over huset og tomta.
c) Randi Marie (f.1945) gifta seg i 1967 med
rørleggar Andreas Per Vik, Syvde, busett Syvde.
Liv Johanne Akslen (1941-2016) gifta seg ikkje. Ho tok over huset og kjøpte ut søskena sin part av tomta i 1995, etter mora hadde gått bort. Kjøpet inkluderte også ein parsell med bruksnummer 15. Liv arbeidde mellom anna som kontorleiar på fylkessjukehuset på Åse, og før den tid som tannlegeskretær i Ålesund.
Minde vart seld til Emblem Bygg Eigedom i 2015. Gamlehuset er no reve og erstatta av fleire nye hus. Dagens gateadresser er dermed Øvre Tudalsvegen 4 og 6, samt Hjellhaugvegen 132 og 134. Den gamle Minde-tomta ligg mellom vegane Leirajordet, Hjellhaugvegen og Øvre Tudalsvegen.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com