Brendhaugen er del av den gamle matrikkelgarden Aksla, med gardsnummer 2 i Emblembygda. Det er truleg Akslanakken som gav namnet til hovudgarden. Det var ein gamalnorsk tradisjon å nytte lekamsdelar i fjellnamna, og i dette tilfellet er namnet samansett av både aksel og nakke. Frå O. Rygh sin beskrivelse av gardsnamna i Romsdals Amt i 1908, kan vi sjå at uttalen den gong var lik dagens uttale. Namnet Aksla har vore skriven med «x» i staden for «ks», men har elles ingen store namneendringar frå garden dukkar opp i dei fyrste skriftlege kjeldene kring 1603. I 1723 er namnet framleis med x men elles skrive som i dag. Eg har ikkje noko grunnlag for å seie om namnet har vore annleis tidlegare, men forutset ein at gardsnamnet er gamalnorsk, så kan garden vere rydda som eigen gard i vikingtida ein gong. Har fjellet heile tida gjeve namn til garden så vil i så fall namnet vore stava med bruk av det norrøne namnet «oksl» som tyder aksel. Det finst ingen arkeologiske funn på garden som kan fortelja om alderen, men det er mogeleg at Akslen har vore øydegard, og dyrka opp att på 1500-talet.
Brendhaugen kan ikkje skryte av so høg alder. Ser ein vekk frå ein plassemann under garden Reiten, som var del av Aksla fram til 1600-talet, så er det først kring midten av 1800-talet at plassebruka dukkar opp. Brendhaugen er ein slik plass og var opphaveleg ein del av felles utmark mellom Magerholm, Reiten og Akslen før 1840-åra. Kring den same tida vart Reiten seld til den første sjølveigaren, Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) i 1833 og Den fattige bygselsmannen Jon Gundersen Vik (1796-1851) som kjøpte Høla i 1846, men som var så tilårskomen og fattig at han ikkje makta kjøpesummen på 200 speciedaler, og måtte skøyte garden til kausjonisten Lars Knutsen Emlem og bygsle i staden dei siste 6 åra han levde. Truleg var det behov for pengar, arbeidskraft og ikkje minst ein auka etterspørsel etter plassebruk som fekk dei nye sjølveigarane til å åpne for nydyrking og husmannsplassar som Brendhaugen.
Gardsnamnet «Brendhaugen» kjenner eg ikkje opphavet til. Det finst liknande Brendhaug-namn på både fjellområder og garder over det meste av landet. Truleg er det berre snakk om ein haug som har vorte nytta til å brenne bål på. Sidan det er gamal utmark i nærleiken av dei langt eldre husmannsplassane kring Magerholmvika, så kan det vere snakk om foreksempel kolmilebrenning som dei fleste plassemennene på Magerholm hadde rett på. Det er ingen ting som tyder på at namnet kan ha samanheng med eldre tiders heksebrenning og det finst ingen spor av nokon gamal tinghaug eller retterstad i nokon av dei kjeldene som eg har funne. Det er kanskje snakk om namn i samanheng med nydyrking, men det er uvisst.
Den første plassebrukaren veit eg derimot meir om. Paul Olson Kvien (1825-1912). Han kom frå Vartdal og fekk festebrevet sitt i 1849. Det var han som gjerda inn garden og dyrka det meste av slåttemarkane som enno er synlege. Paul var først gift med Christi Knutsdotter Festøy(2) (1817-1880), og der etter med Pernille Syvrine Larsdotter Årsnes (1837-1902) frå Hjørundfjorden. På denne tida låg husa på andre sida av den gamle bygdevegen tettare inn under ein fjellhammar, omtrent der det i dag ligg ei stor steinblokk ligg i dag. Den kom ned med eit ras, og er årsaka til den seinare flyttinga av tunet. Plassen var tidlegare felles beitemark for Aksla, Reiten og Magerholm, men vart avvikla når dei nye plassane vart frådelte. I 1866 vart 3/10 av Brendhaugen skylddelt og kjøpt av Johan Pedersen Spjelkaviknes i lag med Akslagjerdet. Paul brukte resten av garden fram til han overlet garden til svigersonen Johan Knutsen Alvestad (1858-1934) frå Haram i 1884.
a) Karen Hansine (f.1850) var tenar i Torevågen,
Eikenosvåg(1) i 1865.
b) Oline Elisabeth (1853-1918) gifta seg i 1898 med
Peder Andreas Eriksen Dale, Fræna. Dei var brukara
på Kiperberg(3), Sula. Ho fekk 1880 dottera Petra Marie
Kristine med tenestegut Hans Martinus Madss. Heltne.
c) Else Caroline (1856-1938) tok over bruket.
Det var altså eldstedottera Else Paulsdotter som fekk overta garden og vart verande på garden. i 1865 vart det registrert 4 kveg, 2 får, 1/4 tønne med bygg, 1 1/4 tønne havre og 1 tønne med poteter men ingen hest. Ektemannen Johan Knudson Alvestad(6) (1857-1934) kom frå Haram. Han var avhaldsmann, murar og fiskar, attåt gardsdrifta. dei gifta seg i 1881. Ho døydde som enke på Svinøya, der broren Peter hadde busett seg. Johan hadde ein stor jordbæråker, på den andre sida av den gamle bygdevegen til Magerholm, i dag kalla Hjellhaugvegen. Det var omlag der det eldste tunet til Brennhaugen låg tidlegare. Han konstruerte eit stort fugleskremsel med snortrekk over vegen til huset. Det var kledd opp som ei trollkjærring, og laga eit voldsomt lurveleven, når ein drog i snora. I 1924 reiste dei til Amerika for å besøke eldstedottera Kristine i Seattle. Dei dreiv bruket frå 1884 til 1929 I deira tid vart frukthagen ved nyetunet planta. Plassen var fortsatt husmannsplass i heile Johan si tid som brukar. Han flytta også husa ned på hammaren der dei vart ståande heilt fram til dei vart rivne for nokre år sidan. I 1900 har brendhaugfolket fått planta seg ein frukthage på plassen. Dei dreiv fortsatt med korn, potet og krøter ved sidan av.
a) Kristine Karoline (f.1880) var ugift tenestejente på
Brunvold(3) i Sandøy i 1900. Ho utvandra til Seattle,
Washington etter 1900.
b) Emma Petrikke (f.1882) var ugift tenestejente på
Stølen, Sandøy i 1900.
c) Adolf Olaus (f.1884) utvandra 1903 til USA via
Trondheim, til søskenbornet Olaf Anton Ellingsen Nygard,Veddegjerde(6) i Seattle.
d) Pauline Severine (1887-1894) døydde av hjernekrampe.
e) Ragnhild Olivia Mathea ( 1890-1894) var tvilling.
f) Oline Inga (1890-1891) var tvilling. Ho døydde av engelsksyke.
g) Ole Ingvald (f.1893).
h) Johan Edvin Paulus (f.1897).
Kåre Magerholm har i heftet om barndomsminna sine frå Daleplassen i Magerholmdalen, tatt med minner som omhandlar fleire av brukarane i nærleiken. Han nemner mellom anna Johan og Else på Brendhaugen: «Det var han Johan og kona Else (og ein Tafjord) som budde der. Der har eg eit minne ifrå som gjorde eit sterkt inntrykk på ein liten gutonge som eg då var. Ovanfor bygdevegen hadde Brendhaugfolket ein stor jordbæråker, og i den stod eit stort fugleskræmsel. det var ei stor trollkjærring i full mundering, og den klæsdrakta ho hadde på kan ikkje beskrivast, den måtte opplevast. ja, sjølve kråka måtte ha respekt for henne. Om ein målar hadde prøvd å måle henne hadde han gått Picasso i næringa. Frå trollkjærringa gjekk det ei snor over bygdevegen og opp til husa. Når folket på Brendhaugen drog i snora vart det eit syndens lurveleven på kjærringa! Det var nesten like fælt som mykje av den moderne musikken av i dag!
Dei var med andre ord nytenkjande på Brendhaugen og ein skal hugse at dette var ei tid lenge før ein byrja å nytta utgåtte fiskegarn til å dekke over buskene, slik at fuglane ikkje skulle få tak i den verdfulle bæra. Johan tok kår hos nest brukar, den første sjølveigaren på Brendhaugen.
Andreas Martinus Johan Karlson Hesseberg(1) (1887-1967) kom frå Nerigard på Hesseberg. Han gifta seg i 1929 med Petra Anna Marta Nikoline Sivertsdotter Nilsen (1908-2000), frå Ålesund. Han kjøpte plassen i 1927, etter ei tid i Amerika for å tjene pengar. Petra vart gjerne kalla «Brendhaug-Petra» på folkemunne. Andreas var i alle år ein ivrig fiskar, og særleg dyktig til å fange storkveite. Han kjøpte seg ny naustplass frå enka på Ytrebøen/ Paraten inne på Magerholm i 1931. Petra dreiv garden lenge, etter Andreas fall frå. Ho var av dei siste som setra på fjellet. På 1980-talet var det mest sauehald. Andreas og Petra var særs gjestfrie, og det gjekk gjetord i bygda om selskapa inne på Brennhaugen. Ho gav også betydeleg økonomisk støtte til lag og foreiningar i bygda, og kjøpte alltid mykje lodd.
a) Alfred Perry (1930-2001) tok over bruket.
b) Karl «Kallen» Johan (1933-2007) gifta seg i 1960
med Irene Hareide (f.1939). Han arva huset til tanta,
Karen Hesseberg, frå Nerigar i 1964, og busette seg
der, i Nylandvegen 17 i Spjelkavik.
c) Sverre (f.1938) tok over bruket seinare
d) Reidar (f.1940) gifta seg i 1968 med telegrafist
Liv Bruhaug frå Bardu. Dei er busett i Verdal.
Brennhaug-Petra og sonen Alfred (1930-2001) var dei siste som budde på det nyaste gardstunet. Ho dreiv framleis med sauer i min barndom, på 1980-talet. Gardshusa er i dag rivne og det er no opplagsplass for lastebil, gravemaskin på tunet.
Broren Sverre Hesseberg (f.1938) bygde seg i 1962 hus på nordsida av gamlevegen til Magerholm, om lag der tunet på Brennhaugen, og postvegen frå 1809, opphavleg låg. Tunet vart flytta til andre sida av vegen, etter at eit stor stor steinblokk løsna i fjellsida og kom heilt inn på tunet. Den er godt synleg ved utmarksgjerdet framleis. Murane til postvegen er også synleg. Dei ligg austover frå hagen, mot Krissenbrauta. Sverre gifta seg med Oddhild Kirsten Karlsd. Østrem (1939-2005), frå Midthaug, Østremsreiten(4). Sverre selde huset sitt til Andreas Hjelme i 2007, og flytte til eldstedottera si ved Midthaug, eller Veahaugen, som området ofte vert kalla på folkemunne.
a) Berit Irene (f.1958) gifta seg i 1977 med Per Ove
Hjelme frå Flisnes. Dei er busett på Veahaugen.
b) Arne Per (f.1959) er busett i Thailand.
c) Marita Kristin (f.1963) er busett i Remvika.
d) Svein Ove (f.1965) gifta seg i 1997 med
Wenche Hovde. Dei er busett på Emblem.
Nevøen til Sverre, Johnny Hareide (f.1957), tok 2009 over den delen av bruket som vart liggande på sørsida av gamlevegen. Han var i mange år keeper for bygdas A-lag i fotball. Johnny er maskinentrepenør og har bygd seg nytt hus saman med Gerlinde Marianne Gehnen (f.1962), der tunet låg tidlegare. 2016 kjøpte han ut onkelen, Reidar, som hadde hyttetomt på garden, like ved huset til broren Sverre Hesseberg.
a) Nina Hareide (f.1986) er ugift, og busett i Bergen.
b) Sindre Stiauren (f.1991) gifta seg i 2017 med Maren
Ysland, busett i Lensvik, Trøndelag.
c) Ida-Helen (f.1994) er sambuar med Mikal Sætremyr
Fylling, busett i Ålesund.
d) Jenny Sofie (f.1996) er saman med Solveig Thunhold Hatteberg, busett i Ålesund.
Nyeste kommentarer
09.11 | 16:49
Er det noen som har Bygdebok for Emblemsbygda, ut...
24.10 | 16:33
Hei alle sammen! Dette var en svært interresant oppdagelse all den...
13.08 | 10:14
Framme f v Johanne Furseth frå Fursetgarden og Tomasine Johnsdtr...
23.04 | 08:09
Emblemsbygda.com er eit idealistisk prosjekt skapt på dugnad. Tid avsett til
å oppdatere tekstar vil derfor variere ein del. Førebels har bokprosjekta våre
fått høgare prioritet på grunn av tidsnaud når det gjeld innsamlingsarbeid av
viktig kjeldemateriale. Har du tilbakemeldingar, tips, korrigeringar eller lyst til
å delta med eigne historiske tekstar?
Ta gjerne kontakt med oss på følgande måte:
E-post sendast til: sveostrem@hotmail.com