BNR. 3 + 5 BRENNHAUGEN

Tunet på Brennhaugen. Foto: Ragnar Øverlid i 1961 for Borgund og Giske Bygdeboknemnd. Biletet er publisert i lavoppløst kopi med tillatelse frå dagens bileteigar, Stiftinga Sunnmøre Museum. Biletreferanse frå DigitaltMuseum.no er: SM.F.001786

Dette er truleg Johan Knutsen Brendhaug frå Alvestad i Haram (1858-1934) og kona Else Paulsdotter (f. 1855) Fotografen er Enok O. Simmonæs ein gong mellom 1905 og 1910. Orginalplata tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.204131

Johan J. Brendhaug er truleg identisk med sonen til Johan Knutsen Brendhaug og Else Paulsdotter Brendhaug. Han vart fødd 13.8.1897 ifølge 1910-tellinga for borgund. Bildet kan dermed vere frå ein stad kring 1905 eller 1908. Biletet er tatt av Enok Simmonæs og orginalplata finst i Fylkesfotoarkivet: FAKf-100187.204136

Det er mulig at kvinna som sitter er Berta Sellø Nilsen med opphav fra Selje. Hun giftet seg i så fall med den langt eldre fiskeren Sivert Nilsen fra Borgund og fikk minst 2 barn. Det er mulig at hun har med seg søsteren sin på dette bildet. Den yngste jenta er i så fall Petra Anna Nilsen (f. 1908) som giftet seg med Andreas K Hesseberg (f.1887) som kjøpte Brennhaugen i 1927. det er med andre ord en viss mulighet for at Brennhaug-Petra er med på dette bildet. Orginalen tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: AM-95003.014555

Bryllupsbiletet til Petra Anna Nilsen (f. 1908) og Andreas Hesseberg (f. 1887) frå Nerigard på Hesseberg. Dei kjøpte Brennhaugen i 1927. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Bryllupsbiletet til Petra Anna Nilsen (f. 1908) og Andreas Hesseberg (f. 1887) frå Nerigard på Hesseberg. Dei kjøpte Brennhaugen i 1927. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Petra og Andreas Hesseberg med borna ikring seg.  Bak f.v.: Karl (Kallen) og Alfred. og dei to gutane som står ved sida av foreldra er  f.v.: Reidar og Sverre   Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Petra og Andreas Hesseberg med borna ikring seg. Bak f.v.: Karl (Kallen) og Alfred. og dei to gutane som står ved sida av foreldra er f.v.: Reidar og Sverre Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Petra Anna Nilsen (1908-2000) frå Ålesund som gifte seg med Andreas Hesseberg og flytte inn på Brennhaugen. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Petra Anna Nilsen (1908-2000) frå Ålesund som gifte seg med Andreas Hesseberg og flytte inn på Brennhaugen. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Brudeparet Oddhild (f. Østrem) og Sverre Hesseberg. Dei bygde hus på garden ved staden der gamletunet ein gong låg. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Brudeparet Oddhild (f. Østrem) og Sverre Hesseberg. Dei bygde hus på garden ved staden der gamletunet ein gong låg. Biletet tilhøyrer Peter Blindheim
Dette er biletet av Andreas Martinus Johan Karlsen Hesseberg (f. 1887) og søstera Karen Hesseberg (f. 1892) , sittande til høgre. Den unge kvinna til venstre er enno ukjend. Andreas og Karen kom frå Nerigar på Hesseberg. Då dette biletet vart tatt i 1914 var Andreas heime på besøk frå sitt nye heimland, USA. Han hadde emigrert i 1907 og slo seg ned i Eidsvold Township i Bottineau i Nord Dakota. I 1912 hadde den yngste broren, Daniel reist etter og bosatt seg i Rolette Township i nærleiken. Daniel vart gravlagd på Turtle Mountain Lutheran Cementrery i 1971. Andreas kom etterkvart heim og gifta seg med Petra Anna Nilsen (f. 1909) frå Ålesund. I 1927 kjøpte dei bruket Brendhaugen og flytta dit.  Biletet tilhøyrer Fylkesfotoarkivet: FAKf-100530.231808

Karl Johan Hesseberg, Kari Terøy og Oddhild Østrem ein gong mot slutten av 1950-talet. Det nærmaste selet er vel Brennhaugselet og så kanskje gamleselet til Øvste-Aksla i bakgrunnen? Fotografen er nok Karsten Terøy og biletet er lånt ut av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

F.v: Alfred Hesseberg,Kjell Skrede og Magnar Skrede fotografert med ålen dei fanga i elva like ved setra ca.1958. Foto: Karsten Terøy. Biletet er lånt ut frå hans fotoalbum av Mariann Randi Fiskerstrand Bjørdal.

Bestyrar Arne Liaklev og sjåfør Alfred Hesseberg utanfor Samvirkelaget i 1984. Foto: Sigurd Langleite
Bestyrar Arne Liaklev og sjåfør Alfred Hesseberg utanfor Samvirkelaget i 1984. Foto: Sigurd Langleite

Brendhaugen er del av den gamle matrikkelgarden Aksla, med gardsnummer 2 i Emblembygda. Det er truleg Akslanakken som gav namnet til hovudgarden. Det var ein gamalnorsk tradisjon å nytte lekamsdelar i fjellnamna, og i dette tilfellet er namnet samansett av både aksel og nakke. Frå O. Rygh sin beskrivelse av gardsnamna i Romsdals Amt i 1908, kan vi sjå at uttalen den gong var lik dagens uttale. Namnet Aksla har vore skriven med «x» i staden for «ks», men har elles ingen store namneendringar frå garden dukkar opp i dei fyrste skriftlege kjeldene kring 1603. I 1723 er namnet framleis med x men elles skrive som i dag. Eg har ikkje noko grunnlag for å seie om namnet har vore annleis tidlegare, men forutset ein at gardsnamnet er gamalnorsk, så kan garden vere rydda som eigen gard i vikingtida ein gong. Har fjellet heile tida gjeve namn til garden så vil i så fall namnet vore stava med bruk av det norrøne namnet «oksl» som tyder aksel. Det finst ingen arkeologiske funn på garden som kan fortelja om alderen, men det er mogeleg at Akslen har vore øydegard, og dyrka opp att på 1500-talet.

Brendhaugen kan ikkje skryte av so høg alder. Ser ein vekk frå ein plassemann under garden Reiten, som var del av Aksla fram til 1600-talet, så er det først kring midten av 1800-talet at plassebruka dukkar opp. Brendhaugen er ein slik plass og var opphaveleg ein del av felles utmark mellom Magerholm, Reiten og Akslen før 1840-åra. Kring den same tida vart Reiten seld til den første sjølveigaren, Hans Rasmussen Myrhaug (1790-1865) i 1833 og Den fattige bygselsmannen Jon Gundersen Vik (1796-1851) som kjøpte Høla i 1846, men som var så tilårskomen og fattig at han ikkje makta kjøpesummen på 200 speciedaler, og måtte skøyte garden til kausjonisten Lars Knutsen Emlem og bygsle i staden dei siste 6 åra han levde. Truleg var det behov for pengar, arbeidskraft og ikkje minst ein auka etterspørsel etter plassebruk som fekk dei nye sjølveigarane til å åpne for nydyrking og husmannsplassar som Brendhaugen.

Gardsnamnet «Brendhaugen» kjenner eg ikkje opphavet til. Det finst liknande Brendhaug-namn på både fjellområder og garder over det meste av landet. Truleg er det berre snakk om ein haug som har vorte nytta til å brenne bål på. Sidan det er gamal utmark i nærleiken av dei langt eldre husmannsplassane kring Magerholmvika, så kan det vere snakk om foreksempel kolmilebrenning som dei fleste plassemennene på Magerholm hadde rett på. Det er ingen ting som tyder på at namnet kan ha samanheng med eldre tiders heksebrenning og det finst ingen spor av nokon gamal tinghaug eller retterstad i nokon av dei kjeldene som eg har funne. Det er kanskje snakk om namn i samanheng med nydyrking, men det er uvisst.

Den første plassebrukaren veit eg derimot meir om. Paul Olson Kvien (1825-1912). Han  kom frå Vartdal og fekk festebrevet sitt i 1849. Det var han som gjerda inn garden og dyrka det meste av slåttemarkane som enno er synlege. Paul var først gift med Christi Knutsdotter Festøy(2) (1817-1880), og der etter med Pernille Syvrine Larsdotter Årsnes (1837-1902) frå Hjørundfjorden. På denne tida låg husa på andre sida av den gamle bygdevegen tettare inn under ein fjellhammar, omtrent der det i dag ligg ei stor steinblokk ligg i dag. Den kom ned med eit ras, og er årsaka til den seinare flyttinga av tunet. Plassen var tidlegare felles beitemark for Aksla, Reiten og Magerholm, men vart avvikla når dei nye plassane vart frådelte.  I 1866 vart 3/10 av Brendhaugen skylddelt og kjøpt av Johan Pedersen Spjelkaviknes i lag med Akslagjerdet. Paul brukte resten av garden fram til han overlet garden til svigersonen Johan Knutsen Alvestad (1858-1934) frå Haram i 1884.

a) Karen Hansine (f.1850) var tenar i Torevågen, 

Eikenosvåg(1) i 1865.

b) Oline Elisabeth (1853-1918) gifta seg i 1898 med 

Peder Andreas Eriksen Dale, Fræna. Dei var brukara

på Kiperberg(3), Sula. Ho fekk 1880 dottera Petra Marie 

Kristine  med tenestegut Hans Martinus Madss. Heltne.

c) Else Caroline (1856-1938) tok over bruket.

Det var altså eldstedottera Else Paulsdotter som fekk overta garden og vart verande på garden. i 1865 vart det registrert 4 kveg, 2 får, 1/4 tønne med bygg, 1 1/4 tønne havre og 1 tønne med poteter men ingen hest. Ektemannen Johan Knudson Alvestad(6) (1857-1934) kom frå Haram. Han var avhaldsmann, murar og fiskar, attåt gardsdrifta. dei gifta seg i 1881. Ho døydde som enke på Svinøya, der broren Peter hadde busett seg. Johan hadde ein stor jordbæråker, på den andre sida av den gamle bygdevegen til Magerholm, i dag kalla Hjellhaugvegen. Det var omlag der det eldste tunet til Brennhaugen låg tidlegare. Han konstruerte eit stort fugleskremsel med snortrekk over vegen til huset. Det var kledd opp som ei trollkjærring, og laga eit voldsomt lurveleven, når ein drog i snora. I 1924 reiste dei til Amerika for å besøke eldstedottera Kristine i Seattle. Dei dreiv bruket frå 1884 til 1929 I deira tid vart frukthagen ved nyetunet planta. Plassen var fortsatt husmannsplass i heile Johan si tid som brukar. Han flytta også husa ned på hammaren der dei vart ståande heilt fram til dei vart rivne for nokre år sidan. I 1900 har brendhaugfolket fått planta seg ein frukthage på plassen. Dei dreiv fortsatt med korn, potet og krøter ved sidan av. 

a) Kristine Karoline (f.1880) var ugift tenestejente på 

Brunvold(3) i Sandøy i 1900. Ho utvandra til  Seattle, 

Washington etter 1900.

b) Emma Petrikke (f.1882) var ugift tenestejente på 

Stølen, Sandøy i 1900.

c) Adolf Olaus (f.1884) utvandra 1903 til USA via 

Trondheim, til søskenbornet Olaf  Anton Ellingsen Nygard,Veddegjerde(6) i Seattle.

d) Pauline Severine (1887-1894) døydde av hjernekrampe.

e) Ragnhild Olivia  Mathea ( 1890-1894) var tvilling.

f) Oline Inga (1890-1891) var tvilling. Ho døydde av engelsksyke.

g) Ole Ingvald (f.1893).

h) Johan Edvin Paulus (f.1897).

Kåre Magerholm har i heftet om barndomsminna sine frå Daleplassen i Magerholmdalen,  tatt med minner som omhandlar fleire av brukarane i nærleiken. Han nemner mellom anna Johan og Else på Brendhaugen: «Det var han Johan og kona Else (og ein Tafjord) som budde der. Der har eg eit minne ifrå som gjorde eit sterkt inntrykk på ein liten gutonge som eg då var. Ovanfor bygdevegen hadde Brendhaugfolket ein stor jordbæråker, og i den stod eit stort fugleskræmsel. det var ei stor trollkjærring i full mundering, og den klæsdrakta ho hadde på kan ikkje beskrivast, den måtte opplevast. ja, sjølve kråka måtte ha respekt for henne. Om ein målar hadde prøvd å måle henne hadde han gått Picasso i næringa. Frå trollkjærringa gjekk det ei snor over bygdevegen og opp til husa. Når folket på Brendhaugen drog i snora vart det eit syndens lurveleven på kjærringa! Det var nesten like fælt som mykje av den moderne musikken av i dag!

Dei var med andre ord nytenkjande på Brendhaugen og ein skal hugse at dette var ei tid lenge før ein byrja å nytta utgåtte fiskegarn til å dekke over buskene, slik at fuglane ikkje skulle få tak i den verdfulle bæra. Johan tok kår hos nest brukar, den første sjølveigaren på Brendhaugen. 

Andreas Martinus Johan Karlson Hesseberg(1) (1887-1967) kom frå Nerigard på Hesseberg. Han gifta seg i 1929 med Petra Anna Marta Nikoline Sivertsdotter Nilsen (1908-2000), frå Ålesund. Han kjøpte plassen i 1927, etter ei tid i Amerika for å tjene pengar. Petra vart gjerne kalla «Brendhaug-Petra» på folkemunne.  Andreas var i alle år ein ivrig fiskar, og særleg dyktig til å fange storkveite. Han kjøpte seg  ny naustplass frå enka på Ytrebøen/ Paraten inne på Magerholm i 1931. Petra dreiv garden lenge,  etter Andreas fall frå. Ho var av dei siste som setra på fjellet. På 1980-talet var det mest sauehald.  Andreas og Petra var særs gjestfrie, og det gjekk gjetord i bygda om selskapa inne på Brennhaugen.  Ho gav også betydeleg økonomisk støtte til lag og foreiningar i bygda, og kjøpte alltid mykje lodd.

a) Alfred Perry (1930-2001) tok over bruket.

b) Karl «Kallen» Johan (1933-2007) gifta seg i 1960 

med Irene Hareide (f.1939). Han arva huset til tanta,

Karen Hesseberg, frå Nerigar i 1964, og busette seg

der, i Nylandvegen 17 i  Spjelkavik.

c) Sverre (f.1938) tok over bruket seinare

d) Reidar (f.1940) gifta seg i 1968 med telegrafist 

Liv Bruhaug frå Bardu. Dei er busett i Verdal.

Brennhaug-Petra og sonen Alfred (1930-2001) var dei siste som budde på det nyaste gardstunet. Ho dreiv framleis med sauer i min barndom, på 1980-talet. Gardshusa er i dag rivne og det er no opplagsplass for lastebil, gravemaskin på tunet.

Broren Sverre Hesseberg (f.1938) bygde seg i 1962 hus på nordsida av gamlevegen til Magerholm,  om lag der tunet på Brennhaugen, og postvegen frå 1809, opphavleg låg. Tunet vart flytta til andre  sida av vegen, etter at eit stor stor steinblokk løsna i fjellsida og kom heilt inn på tunet. Den er godt  synleg ved utmarksgjerdet framleis. Murane til postvegen er også synleg. Dei ligg austover frå  hagen, mot Krissenbrauta. Sverre gifta seg med Oddhild Kirsten Karlsd. Østrem (1939-2005),  frå Midthaug, Østremsreiten(4). Sverre selde huset sitt til Andreas Hjelme i 2007, og flytte til  eldstedottera si ved Midthaug, eller Veahaugen, som området ofte vert kalla på folkemunne.

a) Berit Irene (f.1958) gifta seg i 1977 med Per Ove 

Hjelme frå Flisnes. Dei er busett på Veahaugen.

b) Arne Per (f.1959) er busett i Thailand.

c) Marita Kristin (f.1963) er busett i Remvika.

d) Svein Ove (f.1965) gifta seg i 1997 med 

Wenche Hovde. Dei er busett på Emblem.

Nevøen til Sverre, Johnny Hareide (f.1957), tok 2009 over den delen av bruket som vart liggande på  sørsida av gamlevegen. Han var i mange år keeper for bygdas A-lag i fotball. Johnny er maskinentrepenør  og har bygd seg nytt hus saman med Gerlinde Marianne Gehnen (f.1962), der tunet låg  tidlegare. 2016 kjøpte han ut onkelen, Reidar, som hadde hyttetomt på garden, like ved huset til  broren Sverre Hesseberg.

a) Nina Hareide (f.1986) er ugift, og busett i Bergen.

b) Sindre Stiauren (f.1991) gifta seg i 2017 med Maren 

Ysland, busett i Lensvik, Trøndelag.

c) Ida-Helen (f.1994) er sambuar med Mikal Sætremyr 

Fylling, busett i Ålesund.

d) Jenny Sofie (f.1996) er saman med Solveig Thunhold Hatteberg, busett i Ålesund.