17. MAITALEN I EMBLEMSBYGDA 2011

17.mai tale 2011.

Ver helsa kjære bygdefolk, innfødde, innflyttarar, tilreisande og anna godtfolk! Gratulerer med dagen! Med glede i sinn og hjerte ser vi Sunnmøre smile mot oss i dag, veret er på vår side, og vi kan juble med i eit stort hurra ! Vi skal glede oss over at vi kan feire og fryde oss i dag over gode ting som fred, demokrati, likeverd, velferd, vennskap og kom mai du skjønne milde. I ei verd kor altfor mange må kjempe for rettane sine mot herskesjuke diktatorar utan hjartelag, og kor katastrofar som tsunami og jordskjelv skakar grunnvollen i livet, har vi enda større grunn til å feire. Som det står i sangen, ”takk din store Gud”. Beste måten å gjere det på er å hjelpe andre, vere noko for andre, og tale nesten din si sak. Lat opp hjartedøra di på vidt gap i dag ! 17. mai ER ein viktig dag. 

Den store verda er blitt lita i vår oppjaga tid. Internett har med sitt hav av muligheter gjort oss i stand til nesten alt, både på godt og vondt. Vesle Emblem, staden som vi bur på, er langt ifrå noko midtpunkt i verda, men er heller ikkje utan betydning. Med så mykje festglade folk er dette eit sjeldant høve til å tale bygda si sak. Hjertet mitt bankar for denne bygda, og eg vil prøve å teikne eit verdig riss sjølv om eg eigentleg er for amatør å rekne, da mange her har trakka på markane og sparka småstein her i fleire år enn meg…

For altfor mange er Emblem ein stad ein berre fyk i gjennom, ja jamvel gassar opp , etter at ein har anstrengt Ladaen sin for å unngå desse fotoboksene, som gir så fine, men altfor dyre foto. Nokre år tilbake var eg i London, denne smeltedigelen av ein metropol som sydar av glede, venleik og alskens freistingar. På sør-sida av Themsen var eg med eitt ståande som nagla fast , – eg kasta auga på eit stort og verdig murhus – som med store gullbokstavar sa ” Emblem House”. – Emblemshuset. Som engelsklærar veit eg jo at Emblem betyr noko anna enn bygda vår, men eg leika med tanken på at nokre ihuga bygdefolk hadde flytta dit og bygd eit hus til bygda si ære, og gjort det til heimen sin. 

Men det er HER  i har heimane våre, og du nye Emblemar, veit du kor du har havna? Veit du kor du no har planta røtene dine? I denne flyktige multi-media tida vår kor mange snur seg så fort og trykker på data eller mobiltastane medan ein både går, står, køyrer bil, jobbar, snakkar og søv, er det kanskje minst like viktig å stoppe opp og sjå seg rundt. La blikket ditt gli over den verkelege verda, og ta imot inntrykk ved å bruke alle sansane. Sjå! Lukt! Høyr! Ta på ! ja Smak ! på bygda du bur i ! For livet glid fort, som vakraste morgondraum!

Då eg flytta tilbake til Emblem for nokre år sidan, gjorde eg det i full visse om at ikkje alt var som før. At barndommens sin grøne dal frå 70 og 80 åra ikkje var like grøn som Kiwi visste eg, men stagnasjon er ikkje nødvendigvis positivt.

Kor mange her veit noko om opprinnelsen til namnet Emblem? Emblem, Emleim, Embleim, Embelem, Emblenn, ja det har vore skrive på så mange måtar… kjem frå ordet Imileimar –  som tyder heimar. Så kor er det då vi har heimane våre? Jo, inst inne i Ålesund kommune. Ikkje fullt så mykje eit endepunkt som før, men ei vaksande og sterk bygd. Stadig fleire har i dei siste åra funne vegen hit, det florerar av folk i 30-40 åra, og ungetalet veks skulen over hovudet. Grøn er ho enda bygda, men færre har ku og sau på bås, og okse og asen står ikkje der dei plar gjere. Riktignok er det framleis eit sikkert vårteikn at dei nyvaska kleda på snora ute luktar møkk etter tørking i mai, og hesten har invadert oss att, men færre dyrkar jorda, og både innmark og utmark vert vraka til fordel for hus og heim for fleire. 

Naturen i Emblemsbygda har i alle år gitt oss gode vilkår for jordbruk, med god jord, sol heile året, rimeleg lunt og ope terreng dei fleste stadar. Vi er mellom dei får stadane i Ålesund som har hatt fjellmark med beite og skog, og elvar med nokolunde sikker vassføring. Eige kraftverk har vi og hatt, og eigne drikkevasskjelder. Det har budd folk her i lange tider. Den eldste garden i bygda, Emlem, høyrer vi om på 1200-talet, men funn viser at bygda har høg alder, frå før vikingetida. Andre tidlege gardar var Austrem, Magerholm og Røssevoll. Men så--- så kom Svartedauden! Her var mest aude i 200 år, før folket kom att. Innan 1700 talet finn vi mellom anna og Nedregota, Magerholmvik og andre kjende gardsnamn.

Emblemsfjellet har hatt mykje skog, og fram til på 1700-talet er tømmer ei næring i bygda , og vi finn vi minst 5 store sager i bygda. Attåtnæringar som kull og tjærebrenning gjorde at det gjekk med både skog og røtene til trea.  Men i 1853 brann skogen på Akslanakken, og bønder frå heile distriktet vart tilkalla for  hjelpe til med slukkinga. 

Fiske har skaffa folk kontantar og mat frå dei eldste tider. Så lenge ein kjenner til, har det blitt fiska laks langs strendene frå Flisneset til Hesseberg. Sjøvegen var og lenge den vanlege framkomstvegen, også mykje nytta etter at vegen til Magerholm vart bygd rundt 1810. Folk handla i Vegsundet og på Flisholmen, og ungdommane kapprodde til Borgundkyrkja, som i fint ver tok vel ein time. 

Men kva har bygda vår å by på i 2011? Handel og industri ? Fint lite. Bygda er ribba som ei gås før middag. Rekk opp handa alle dei som kjenner til den gamle kalkomnen ved Magerholm? P.K.Nedregotten trelast? Posten? Meieriet ? Telefonsentralen ? Ja, lista er lang.. og kven kjenner til utvinninga av den grøne klebersteinen frå hellaren ved Emblemssanden frå 1760 og framover?  Borte er brørne Flydal 

( dei eldre altså ), Ivar som bygde båtar og Karl med smia si på garden. Han laga mellom anna rekkverka på bedehuset i 1989. Kanskje vi kan be Ikea komme hit i staden for?

Emblem samvirkelag rakk å gje bygdefolket grautris og mjølk til innpå det nye tusentalet. I over 50 år var dei her, S-laget rakk jamvel å selje øl i butikk. Kanskje det var nettopp det som vart kroken på døra? Som kjend vert det mann av ein etar, og ikkje av ein drikkar! I lag med eit par vener og eit videokamera var eg på S-laget siste dagen, i 2003, og festa historie til band. Vi vart budne på blaut kake på bakrommet, og ikkje på gravøl.  Vemodig var det likevel. Det er langt å gå til Kiwi for å snope.  Heller ikkje kan ungane i bygda kjøpe usunne varer på ”Videoposten”, der ein i si tid i tillegg kunne leige videokassettar, nei – ikkje dvd og blueray, – ja det var tider det! Heldigvis kan dei enno – som vi gjorde, ta seg ”ein Magers”. Det vil seie, gå til kiosken på Magerholm og snope. Det dei derimot ikkje kan sjå på vegen inn, er Brendhaugen til nedfalls, men ein kan ikkje få alt heller? Ein gong var det 3 butikkar ( minst ! ) i bygdesentrum – samtidig! Lat oss håpa at Botnpris eller ein annan kjøpmann i Severin Emblem eller Arne Liaklevs klasse, finn bygda verdig, for plass og kundar er her nok av! 

Pakkar og pengar må vi no hente på Kiwi, post i butikk. 6023 Emblem er 6013 Ålesund, og det siste postkontoret har blitt hytte. Og eg er til og med gamal nok til å hugse tida kor bygdefolket henta pengar i Borgund sparebank sin bankbuss, som med jamne mellomrom svinga inn på plassen framfor S-laget. Kor mange hugsar det? Bra! 

På tomtene mellom Farstad sitt hus og Caravanservice, kunne ein inntil nyare tid finne to viktige bygg. I 1934 opna Ungdomshuset Borgheim dørene sine med skodespelet ”Det brenn”. Her kunne ungdom danse, drive lagsarbeid, spele teater, sjå bygdekino, feste og drive ugagn. Som eit alternativ til Bedehuset kunne ein gjere anna enn oppbyggeleg verksemd. Ikkje ein stein er igjen av huset no, kanskje bortsett frå denne ( viser stein frå U-huset ) , den utrulege lysekrona som heng i klubbhuset, nokre årgangar av dei handskrivne bladet ”Inaumnesingen”, og bokskapet med bøker som står inne på lærarrommet her. Som de ser av bileta der borte var Borgheim ein mykje brukt feststad for 17.mai, ilag med den gamle kvite skulen på nabotomta. Då den blå skulen vart opna i 1956, var det der ungane fekk påfyll med kunnskap og fornuft. For den som ikkje veit kor blåskulen var, sjå på bileta der borte og ja.. den stod der som skaterampa og ballbingen er i dag.  Seinare vart det både 1.Emblem KFUK og KFUM speidar, husmorlag og bygda sin første barnehage som heldt til i den kvite skulen, og den blå vart brent ned etter år med hærverk og lite bruk, så seint som i 2002. 

Kvar er Emblemsbygda billag? Campingvogner er vel og bra, men kva har no ungdommane å sjå fram mot som yrkesval? Før blei ein kar gjerne sjåfør i bygda sitt rutelag, eller kommunearbeidar, og stas var det! Heldigvis er bussar bevart av Rutebilhistorisk foreining, og nye generasjonar har blitt sjåførar. Men no heiter det Ålesund Bilruter. Om fargane er ulike, er vegstrekkene stort sett dei same som då rutelaget starta i 1929, men no går det fortare på vegane. I ekspressfart til og med!

Heldigvis lever Emblem I.L. i beste velgåande! Og med ei storstove som overgår bygdestova på Garsendhaugen. Stolte av klubbhuset og anlegget ikring har vi grunn til! Minst like stolte er vi sjølvsagt av dei store orienteringstalenta som bygda får fram. Ein gullgut er eit godt førebilete og god reklame! Med trakkemaskin vert gode skiløyper laga og bygdefolk og farande som gjer gamlevegen om til parkeringsplass på vinterstid, kan nyte skisesongen med å gli på beina opp på fjellet. Emblemsfjellet med den vakraste utsikta ein kan tenke seg, – ja så ein nesten vert svimmel! Men det er for tida lite servering og varme i Frielebua. Makelause speletilhøve for alle som likar fotball er det og, men gras både sumar og vinter, og lag i alle aldrar og fargar, jamvel rosa. Det er lett å halde seg i god form, og trimme både inne og ute her i bygda. For flottare treningsterreng skal ein leite lenge etter.

På Bedehuset kryr det av tilbod. Ikkje ein kveld er ledig, for her øver Mannskoret, Respons, Tusenfryd, Koras. Her finst og musikkskule, søndagsskule, småbarnstreff, ving, krik, torsdagstreff, foreningsarbeid, gudstenester, storsamlingar og andre møter. Noko får ein kvar smak, alder og kreativitet. Det gamle kvite bedehuset frå 1902 vart avløyst med det noverande, bygd på dugnad, og opna i 1989. Det er trygt å ha eit målretta tilbod kor folk kan finne seg til rette, og kor ein kan peike på sjølve skaparen av Emblemsbygda. 

I dag, som alltid, har vårt eige Gjallarhorn, gitt oss kraftige tonar. Tonar frå Emblem, og mange er dei som har gleda seg over Gjallis i morgontimane og i toget. Dei kling like godt som før, men skulle gjerne vore fleire. I si tid hadde vi Skulekorps her, med sine raude drakter som gav ungane musikalske utfordringar. Lat korpsmusikken blåsast opp til nye høgder att!

Og kva er ei bygd utan ein skule? Etter den kvite og blå skulen, fekk vi den nye skulen i 1978, fornya og påbygd sidan den gong, og det er fleire år sidan vi har vakse ut av den. Den er flott skulen vår, og enno kan ein lære nynorsk i stort monn i kommunen vår. Mykje godt skjer her, både innanfrå og utanfor desse veggane. Her er trivselsleiarar, gode uteområder, positivt skulemiljø. Her er SFO. Det er plass til fleire brakker, men med veksande folketal burde jo vi få noko venare og meir varande enn kassehus? Likevel, det er innhaldet som tel, og flinke lærarar som gjer skulen vår til ”ein god stad å være, ein god stad å lære ”

Ebbegarden barnehage er ein ettertrakta plass kor ungane blir tatt på alvor, og får utfalde seg, lære, og vekse til i eit trygt miljø. Vi skal vere stolte av barnehagen vår, der ungane får ein god start på livet får. Oi ! Den rima! Dei kan nyte godt av den vakre Emblemsnaturen, med fjord, fjell, skog og mark. Må bås, binge, stall, fjøs og stabbur bli fylt opp i tidene som kjem, og må fjøsrøktarane som jobbar der halde fram med å vere så engasjerte og oppfinnsame som dei er no!

Om nokon kjenner seg gløymt no, er dette ikkje tilsikta. Då vil eg berre leggje til ”Du ! Ja nettopp DU! og det DUdriv på med er også viktig

Då håpar eg du har fått litt inspirasjon – slik at alle her ser fram til å bli buande i Emblemsbygda – og ferdast mellom minne og merkesteinar. Og ikkje minst – vere med på å lage nye fotefar. Vegen vert som kjend til medan ein går. Lat ikkje bygda bli ein drabantby for Moa og storsamfunnet. Lat oss saman fegna om heimen, om Emblem du skjøne, kransa av fjell, blå himmel og natur så grøne. Her bygde dei farne fedrar sin heim, og var med på å skape Embleim! 

Leve bygda ved Storfjorden – og Gratulerer med dagen ! 

A.12. mai. 2011. / revidert 15.mai / 28.mai. 

Du har fremdeles ikke lagt til bildet i fotoalbumet.