Emblemsbygda
har ei lang og rik historie. Emblem er eit heim-namn som er mellom
dei eldste i landet vårt. Arkeologiske funn syner at garden har
vorte rydda før vikingtid. I Skylehammaren rett vest er det funne
rike kulturlag, der dei yngste stammar frå folkevandringstida. Mykje
tydar difor på at der kan ha vore busetning, eller i alle fall
menneske på Emblem allereie i steinalderen. Funn frå Hamnevika på
Flisneset bygger også under ein påstand om dette, sjølv om dei
første «emblemarane» neppe var bufaste i dagens forstand. Bergen
Museum har registrert funn frå området mellom Magerholm og
Flisneset som kan vere kring 7000 år gamle. Når den første
familien slo seg ned for godt er det elles vanskeleg å fastslå.
Særs lite har eigentleg vorte undersøkt eller gravd ut. Årsaka til
dette er truleg at store delar av garden Emblem enno er ubebygd
jordbruksland. Det er først og fremst gamle heimeutmarkstykke som
har vorte omregulert til boligformål. I tillegg har ei rekkje
gravrøyser vorte fjerna av ukundige hender for over hundre år
sidan.. Der finst følgeleg meir enn ei historie om funn av
jarnslegne bomber med skattar i. Andre fortel om gardar og armod der
slikt brått tok slutt.
Der
var bufaste familiar Emblem i alle fall i bronsealderen. Ei rekkje av
dei flottaste gravrøysene i området er nemleg frå denne tida. Det
kan verka som om Emblem, og særleg Flisneset kan ha vore eit mogeleg
maktsentrum på den tida all ferdsla gjekk på Fjorden. Dette må ha
vore før 1000-talet når nabogrenda Blindheim kom meir fram i lyset.
Frå Emblem og Flisneset er det vidt utsyn og fleire fjordar som
møttest. Dette same møtet førte dessutan til at Flisfjorden var
eit uberekneleg fjordstykke med fjordstrømmar og vindkuler som har
kosta mange menneske livet opp gjennom hundreåra. Den som då hadde
kontroll på nødhamnene, dei hadde nok også ein brukbar posisjon i
lokalsamfunnet. Gamle sagn fortel at Emblemsgarden, som Negarden er
del av, var den første i bygda. Seinare namneforskning på dei
noverande gardsnamna i området kan også støtte opp om ein slik
påstand.
Den første
kjende brukaren
Den
første tida var Emblem kanskje berre ein gard, men det er like
mogeleg at der kan ha vore to familiar også. Det vert også hevda at
Østrem kan ha vorte skild ut frå denne gamle storgarden før
folkevandringstida ein gong, men det finst naturleg nok ingen
skriftelge kjelder som kan støtte opp om denne påstanden frå
namnegranskarane utover gamle sagn og fortellingar. Det som ein i
alle fall veit er at Emblemsvågen, med heile 7 gravhaugar i si tid,
var ein del av denne storgarden, Emblem. Den aller første brukaren
me veit namnet på heitte Berdor Hedinson og fødd ca. 1220. Han var
gift med Margaretha Jonsdotter Ake, som truleg kom frå frå Urke.
Han vert òg omtala som «Bardor på Emblem» i andre kjelder. Han
skal ha vore soneson til Gudøy-ætlingen Karl på Straumsheim
(Godøya) og «Gudrid i Giske». Det er grunn til å tru at han også
vaks opp på Straumsheim i dagens Sykkylven Kommune. Han kunne også
rekne ætta si attende til Møre- og Orknøy-jarlane, og kanskje den
første Ladejarlen også. Berdor var med andre ord av god ætt og
truleg også ein velhalden mann. Det er mogeleg at dei gamle
fortellingane om ein Kongsgard på Ystebøen kan sporast frå nettopp
han. Eg har også høyrt fortelling om funn av ei gamal kongekrone,
men den er ikkje registrert i noko offentleg register og er truleg
knytt til fortellingar kring utgravinga, eller fjerninga av dei gamle
gravhaugane i Emblemsvågen ein gong på 1800-talet. Sidan Negarden
har bruksnummer 1, så kan Berdor ha vore brukar av det som seinare
skulle verte Negarden og Ystebøen. Men det er like truleg at han
åtte heile garden også. Slekta hans brukte mykje ressursar på å
få tak på gamalt adelsgods. Seinare finn ein også at Margretha frå
Urke si etterslekt, Rosenkrantz-ætta fekk eigedomsrett til heile
Emblem. Dette skal eg kome attende til.
Eigarane i
Negarden
Sjølv om Emblem må ha vore
ein storgard, så var det lite sølveige å finne ei dei skriftlege
kjeldene etter 1400-talet. Frå den tidligare nemnde Berdor si tid,
så var det vanleg å samla gardane til større gods-einingar. Det er
mogeleg at garden vart gjeven i arv, men på eit tidspunkt vart også
Erkebiskopen i Nidaros interessert i bruket. Det kan være fleire
grunnar til det. Enten har delar av garden vorte kjøpt opp, eller så
har den vorte gjeven i gåve i byte mot visse kirkelege handlingar.
Då var det særleg frelse eller enklare veg til himmelen som det var
mogeleg å kjøpa seg. Kva som er rettast i dette tilfellet er enno
usikkert. I Aslak Bolt si jordebok frå omlag 1440 finn ein i alle
fall at Erkebispestolen åtte ein gardpart i Emblem verdsett til 3
1/2 Matabol. Den vart bygsla vekk mot ei årleg leige på 1 laup smør
(ca. 15,4 kg). Erkebispesetet heldt på denne eigeluten fram til
erkebispegodset vart lagt under danskekongen. I løpet av desse åra
hadde denne eigedelen vorte redusert og seld til andre.
Bygdebokforfattar Ragnar Øverlid sette fram påstanden om at det
truleg var private hender som overtok. I 1648 er Margrethe-Prebendet
ein storeigar på Emblem. Deretter fekk Statthaldaren Hannibal
Sehested i 1649 kontrollen over det gamle kyrkjegodset. Frå denne
tida vart Emblemsgardane ei lett omsetteleg «vare». 1660 var det
Giske-gods, 1680 i amtmann Liljenskjold, så del av Hans Christian
Sæd sine eigedommar, før amtmann Hagerup kjøpte garden i 1751.
Andre deleigarar var Rosenkrantz-familien (1624) , Borgarmeister
Rasmus Larsen i Bergen (1646), Henning Hansen på Giske,
Borgundpresten Kristoffer Hjermann, Rasmus Smit på Giske og familien
Castberg. I 1790 fekk handelsmann J. A. Heide eigedomsretten til
heile Emblem ved arv. Då han døydde i 1809 kjøpte sonen Arent. N.
Heide og svigersonen Knut Danholm i Kristiansund kvar sin halvpart
som slekta seinare selde til brukarane. Danholm var den som kjøpte
Negarden og bygsla den til brukarane. I 1834 hadde dottera Maren
Bruun arva denne garden. Det var ho som selde garden til den første
sjølveigaren på garden. Dette skal eg kome attende til.
Brukarane i Negarden
Berdor
på Emblem er allereie nemnd, men det var først frå 1603 at det er
lettare å få ei oversikt over brukarane på garden. På 1600-talet
var Negarden og Ystebøen eit bruk som var dobbelt så stort som dei
på denne tida 4 andre bruka. På eit tidspunkt vart garden Emblem
delt først i to, og deretter har det eine bruket vorte til 4 enno
mindre bruk. Noko kan ha vore delt av familiære årsaker, men mest
truleg var det snakk om oppdeling i eigelutar hos eigarane som var
årsaka. Det var trass alt enklare å frådele sin eigedom framfor å
skulle samarbeide med dei andre deleigarane.
Dei
første brukarane/leigetakarane veit me stort sett berre namnet på.
Dette var ein Lars. Han hadde bygsel på Negarden i 1603-1606 i alle
fall. Oluff (1606-1611) vart den neste. Om Sivert (1614-1623) veit me
meir. Han overtok saga til Rasmus i Auregarden. Då var kanskje det
meste av skogen vekke på det bruket, og følgeleg var nok lommeboka
til eigarane temmeleg velfyllt. Skottar og hollendarar hadde trassa
forbudet mot direkte kjøp av tømmer utanfor kjøpstadane og sende
skute på skute til Sunnmøre heilt til det knapt var eit tre attende
i bygda vår. Ein slik grovhogst var det neppe brukarane sjølve som
tok initiativet til. Kanskje står der framleis hus i Amsterdam på
pålar av tre frå Emblem. Byggematrialane som vart nytta til å
gjennoppbygge London etter bybrannane der, er nok burte for lengst.
Siver i Negarden hadde truleg meir skog å ta av enn Rasmus. Han
skatta i alle fall for 15 tylfter skorne bord enno nokre år. Ei
tylft tilsvarar 12 heile stokkar (tre). Siver skatta med andre ord
for hogging og bearbeiding av 180 tre per år.
Etter
Siver var det Peder Pålsen som dreiv garden frå 1623 til omlag
1660. Like før han tok kår hadde han 10 kyr, hest og ukse. Dette
var med andre ord ein brukbart stor gard på den tida. Den neste
brukaren var Ole Pålsen (f. ca. 1620), som kan ha vore ein yngre
bror av Peder. Ole ga seg i 1687 og var den siste som dreiv Ystebøen
og Negarden som eit samla bruk heile tida. Emblemsgardane var då
samla i eit større klengetun på 5 gardar. «Negard»-namnet kan ha
vore frå denne tida, der dei nyare bruka vart bygde ovanfor dette
gamle hovudbruket. Auregarden kan soleis ha kome av at det var det
«Øvre» bruket, men det kan også ha samanheng med
utskiftingsprosessane der husa vart liggande øvst, forutsett at det
ikkje alltid har lege der det ligg no. Eg vil tru at den beste
forklaringa er at Auregarden var øvst i klengetunet og Negarden
nest.Ystebøen er i allefall eit nyare namn som vitnar om den tida
det vart frådelt Negarden og flytta lengre vest og opp i lia til dei
gamle gards-gravene.
Negarden vert delt
Didrik
Villumsen (ca. 1662-1718) kom til bygda og gifte seg med Anne
Pålsdotter Emblem, som var dottera til den tidlegare eigaren, Ole,
og dermed kanskje niesa til den tidlegare brukaren, Peder. Dei fekk
minst 6 born. Den eldste som levde opp var Peder Didrikson
(1698-1768). han vart den neste brukaren på garden. Dei andre borna
var Ole (f. 1699), Elen (f. 1702) Desse veit eg ikkje kva dei vart
av, men den neste i ungeflokken, Anne Didriksdotter Emblem
(1703-1767) finn ein att som gardkjerring på bruksnummer 2,
Johangarden på Valle. Ho gifta seg der i 1742. Sonen Jørgen tok
over dette bruket. Den siste som eg med sikkerheit kan knytte til
Negarden er Jens (1706-1755). Han tok over den delen av farsgarden
som fekk namnet Ystebøen. Det er også mogeleg at der var ein bror
til som vart fødd i 1708 og heitte Jens han også, men dette er enno
ubekrefta.
Sonen
Peder Didriksen (1698-1768) var altså den som fekk bygsle halve
farsbruket. Han fekk bygselspapira i 1714 og gifte seg først med
Ingeborg Pedersdotter Glomset frå Nilsgarden, bruksnr. 2 på
Glomset. Ingeborg vart berre omlag 30 år og døydde i 1729. Då
hadde dei 2 born. Det var Didrik (1723-1788) som var oppatkalla etter
farfaren og flytte ut på Hanken. Annike (1725-1785) var den yngste i
borneflokken. Det var ho som tok over i Negarden. Det er mogeleg at
dei hadde ei syster som heitte Birte som vart fødd på nyttårsaftan,
det same året som Annike, men det er enno ikkje bekrefta. Peder
gifte seg om att med Synnøve Larsdotter (ca. 1705-1777). Med henne
fekk han borna Ingeborg (1733), Ole (f. 1736), Sissel (f. 1742) og
Lars (f. 1746-1778). Sistnevnte gifte seg med Janiche Jonsdotter
Aarsnes (1743-1823) frå Indre Aarsnes i Hjørundfjorden.
Storesøstera, Ingeborg, gifte seg til bruk nummer to på Rødset.
Annike
Pedersdotter Emblem vart dermed den tredje generasjonen frå samme
familie på garden. Ho gifte seg med Lars Olsen Vatne (1725-1765) Dei
var like gamle og tok over bruket i 1753 Eg har funne tre born etter
Lars, men ingen av desse tok over garden. Ole (f. 4.1.1756) var
truleg eldst. Deretter kom Ingeborg (f. 1759) og Ingeborg (f. 1760).
Lars og Annike fekk berre 12 år ilag, men dei dreiv garden godt. I
skiftebuet frå 1765 var det 152 Riksdalar og berre 17 i gjeld. Dei
hadde hest, 6 kyr og ein del småfé attåt. Dei åtte også part i
ein seksring og nytt naust hadde kome til. Annike gifte seg om att
med Ingebrigt Knutsen Nedregotten (1742-1816) i 1766. Han var då
berre 24 år, medan ho var 41 år og nesten dobbelt så gamal. Men
skulle gardsdrifta gå rundt så trongdest sterke arbeidshender.
Kanskje var Ingebrigt tidlegare dreng på garden? Annike var i alle
fall eit godt gifteemne med pengar og ein stor gard. Dei fekk eit
born saman. Det var Lisbeth Ingebrigstsdotter Emblem (f. 1773) som
busette seg i Ratvika. Då Annike døydde i 1785 gjekk garden ut av
familien. Det var no Ingebrigt som vart den rettmessige eigaren etter
giftermålet. Han var ikkje ringare enn Annike og gifte seg også med
ei som var over 20 år yngre enn seg. Dette var Ellen Nilsdotter
Gryta (1760-1809). Han sat framleis godt i det. Sparepengane hadde
auka til 175 Riksdaler, men gjelda hadde auka med omlag det samme. I
tillegg til hest så hadde dei no 7 kyr, 3 kviger, 7 sauer og 6
geiter. Ny kvern var på plass og no åtte dei heile seksringen samt
part i ein åttring attåt. Dei fekk i allefall 9 born, så det var
nok meir enn eit fornuftsekteskap dette. Den første dottera heitte
Annike (f.1787) og vart truleg ikkje særleg gamal. Den neste heitte
nemleg også Annike (f. 1789) På den tida var det vanleg at den
neste som vart fødd arva namnet dersom den førre døydde før
dåpen. Ho gifte seg med Jens Ols. Tafjord i 1815. Deretter kom Nille
Katrine (f. 1790) som tok over garden og gifte seg det same året som
søstera, Annike. Brødrene Knut (f. 1792) og Ingebrigt A. (f. 1804)
livnærte seg i fleire år som sjøfolk før dei busette seg
etterkvart som plassemenn på Bjørset ved Molde kring 1820. Knut
gifte seg i 1820 med Giertrud Anne Jonsdotter Kipperstue (f. 1793)
Han snakka halvemål og vart difor ført inn som Knut Hemblem i
kirkeboka. Ingebrigt vart kaptein og kalla «Sunnmørs-Ingebrigt» i
daglegtalen. Han gifte seg med Karen Olsdotter (f. 1805) og dei vart
foreldre til Knut Ingebrigtson Bjørset (f. 1821) som skal ha vore
den første frå Romsdal Amt som emigrerte til Amerika. (Du kan lesa
meir om han her på www.emblemsbygda.com
Mellom brørne Knut og Ingebrigt var det enno fleire søsken. Dette
var Iver (f. 1794), Ingeborg Catrine (f. 1796), ein med fornamn som
eg enno ikkje har klart å tyde enno (gravlagd 11.12.1800), Henninga
(1802-1802) som berre vart 11 veker og kanskje ein Knut til i 1893,
men den sistnemnde er eg lite sikker på. Det er truleg berre feil
registert årstal og den same Knut som tidlegare er nemnd. I
1815-tellinga finn eg også ein Nils Ingebrigtsen som var 7 år. Han
vart difor fødd anten i 1807 eller 1808. Faren, Ingebrigt i Negarden
rakk å gifte seg ein tredje gong i 1811. Han var då 68 år gamal.
Ektemaken, Marie Knusdotter Mork har eg ikkje sikre årstal på enno,
men bygdboka oppgjev at ho truleg vart fødd i 1760.
Nille
Katrine Ingebrigtsdotter Emblem (f. 1790) vart den andre kvinnlege
brukaren som tok over bruket på rad. Ho var gift i 1815 med Ole
Olsen Kaldhusdal (ca. 1790-1866). Dei dreiv garden frå 1815-1841.
Ole vart den første sjølveigaren og kjøpte bruket 19. juni 1834
for 215 Speciedalar frå enkefru Bruun i Kristiansund. Han hadde
tidlegare vore bygselsmann under eigaren Knut Danholm frå 1815. Det
er mogeleg at dei fekk 9 born. Ole Elias (1814-1815) kom til verda i
ei vanskeleg tid. Han vart berre 5 månadar. Ingebrigt Elias (f.
1815) gifte seg i 1844 med Henriette Marie Fjelde på Hareid. Ole
Elias (1818-1896) var den tredje i flokken og den som tok over
garden. Den neste Ingebrigt Elias i søskenflokken (f. ca. 1818)
gifta seg i 1839 med Anne Henriksdottter Morkve frå Kjerringøy. Eg
vil tru at han var anten sjømann eller fiskar ei tid før dette.
Klaus Ingebrigt (1820-1907) skulle gifte seg til god stand på
Magerholm med enka Olave Marie Jetmundsdotter Hjorthol (1816-1870).
Svigerfaren hennar hadde vore en særs velhalden mann med fleire
store eigedomar. Garden var åleine taksert til 328 Speciedalar og
etter giftermålet i 1845 forsette Klaus å kjøpe opp nabogardane i
bygda. Agnete (1824-1824) vart berre 21 veker, medan den neste,
Johanne, (f. 1825) gjekk det betre med. Ho gifte seg i 1848 med Peder
J. Sandvik i Volda. Den nest yngste heitte Nille Katrine (f. 1827) og
gifte seg i 1855 med Arne Nilsen Monge Grytten i Haram. Oline vart
yngst, men ho vart desverre aldri meir enn 3 dagar gamal.
Sonen
Ole Elias (1818-1896) tok over Negarden etter far sin i 1841 for 50
Speciedalar. Han vart fødd det same året som USA tok i bruk flagget
Stars and Stripes og Storbritania sikra seg makta i India. Ein anna
stor hending var då dampskipet Savannah som kryssa Atlanteren på
kun 26 dagar og bidrog til å korte ned både reisetid og kostnader
for seinare generasjonar. Han fekk 5 born med Agnete
Ebbesdatter frå Hatlehol (1823-53). Dette var Fredrik Elias (f.
1842), Lars Carolus (f. 1844) som truleg døydde i sitt første
leveår, Lars Carolus (1845-1925) som tok over garden, Ole Martinus
(f. ca. 1847) som reiste til Durban, og til slutt Ingeborg
(1849-1891) som gifte seg i Hansgarden på Flisnes. To av dei seks
borna hennar - gutane, Ole og Hans drog til Amerika og busette seg
der. Søstra deira, Lena, var og ei tid i USA, men kom attende til
Ålesund der søstrene Agnette, Hansine og broren Ingvald budde.
Agnete døydde i 1853 etter berre 11 års ekteskap. Ole gifte seg så
opptatt med med ei ny Agnete, men denne gongen med etternamnet
Kristoffersdatter Sperre (f. 1828). Giftermålet fann stad i 1854,
eitt år etter den første kona døydde. Han fekk fekk visst 7 born
med si andre kone. Av desse har eg førebels funne bere tre. Det er
Andreas Olaus Christopher (f. 1854), Kristie Oline Catharine (f.
1857) og Caroline Nicoline Helene (f. 1859).
Ein
skulle tru at Ole Elias hadde nok å gjere som forsørger for til
sammen 11 born, men han skøytte derimot frå seg garden i 1862 til
sonen, Lars Olsen Emblem for 500 Speciedalar og kårrettar til ein
verdi av 148 Speciedalar for 5 år. Det vart også påkrevd at
plassemannen Magnus Iversen på Magnusplassen skulle få fortsette å
drive humannsplassen sin. På denne tida var Lars ikkje eingong 18
år. Frå kårkontrakta kan ein mellom anna lesa om følgande krav
frå Ole Elias og Agnete:
14
kg. Bygg, 10 1/2 kg havre, tre tønner poteter i tillegg til den
vanlege retten på stell, brennfamn, husrom, mjølk og moglegheit til
å dyrke litt på eiga hand. Ein kan dessutan merka seg at kårbrevet
ikkje var av den særleg kravstore eller detaljstyrte sorten.
Bygdeboka
fortel at den eine sonen hans, Fredrik, hadde reist over til Amerika
i 1860. Lars fortel sjølv at broren reiste til St. Paul og lot seg
verve i Nordstatshæren. Dette kan tyde på at Fredrik allereie hadde
ein plan om å busette seg der borte. Fleire av dei norske
imigrantane deltok nemleg i krigen på begge sider, avhengig av kvar
dei hadde busett seg. Fleire nordmenn deltok derfor på sørstatssida,
uavhengig av eiga personleg overbevising om at slaveriet burde vore
avskaffa. Årsaka til dette kan ha vore at dei følte at dei burde
støtte lojalt opp om sin nye heimstad. Den amerikanske borgerkrigen
var over i 1865 og Fredrik døde like etter krigen. Eg veit enno
ikkje kva Ole tok seg til etter at han overlot Nergarden til sonen.
Det einaste eg veit er at han drog til Amerika for "å få rede
på hvordan det var gåt til med sønnen og hans efterladenskaber".
Det kan verke litt rart at Ole selde Nergarden som var eit temmeleg
stort gardsbruk med nærmare 200 mål innmark, og då er ikkje dei
vel så viktige utmarksbeitene tatt med. Dette var i ei tid før
bøndene gjekk over fråsjølvbergings-jorbruk der markane var små
og steinfyllde og store utflata marker berekna på einsidig kjøt- og
mjølkeproduksjon for sal var eit ukjend kapittel. Det var berre
garden Nørve og Magerholm som var større enn Negarden. 11 born er
temmeleg mykje sjølv om dei eldste borna frå første ekteskap var
gamle nok til å klare seg på eigenhand. Han var framleis far til
sju born som vart fødde etter giftermålet i 1854, noko som tyder at
den eldste i denne ungeflokken ikkje kunne vere meir enn 7 år i
1862.
Frå
skriftleg materiale etter Hans Larsson Flisnes får eg opplyst at Ole
drog til Philadelphia, der han kjøpte jordeigedom og eigde ein
skofabrikk. Kona, Agnete, nekta å reise til Amerika. Den same kjelda
opplyser at "den eine sonen kom over". Det kan oppfattast
som om sonen Fredrik kom etter faren. Borgundboka gjev motsatt
opplysning. Det kan bety at ikkje alle opplysningane i kjeldetekstane
stemmer heilt. Det er lite truleg at Ole var "over there"
dei næraste åra før sonen kom i 1860. Ei slik reise tok tid og
minst 30 dagar eller meir kvar veg. Han fekk dessutan eit born per år
frå 1854. Lars Olsen Emblem nemner dessuten berre farens eine reise
etter sonens død og fortel vidare at Ole blei verande der i 4 år.
Det er vanskeleg å forestille seg korleis kona Agnete opplevde å
vere åleinemor den gongen. Det var ikkje uvanleg at mannfolka var
borte frå Emblemsbygda i fleire år for å tene pengar til å kjøpe
seg gard, spe på inntekta eller realisere nye gardshus. Eg kjenner
til seinare eksempel ifrå både Steffågarden på Emblem og
Mattisgarden på Østrem. Fredrik gifta seg i Philadelphia og døde
der, utan at eg veit om han fekk nokon born. det kan også vere
årsaka til at faren tok turen heilt frå Norge for å ettersjå
korleis det gjekk med eigdomen som sonen åtte. Då Ole kom attende,
bodde han ei tid i Ålesund før han busette seg på Magerholmen hos
broren Klaus. Ole døde der "noget over 70 år av et
slagtilfelde". Sjølv om Fredrik var den einaste sonen som drog
til Amerika, så var han ikkje den eineste som forlot Emblemsbygda og
fedrelandet. Ole Olsen Emblem slo seg ned i Durban i Sør-Afrika og
døydde der. Han fekk tre born.:Lauritz , som døde under segling,
Trine som gifta seg med ein engelskmann i Johannesburg og Sara som
var sekretær og døydde i 1918.
Lars
Olsen Emblem (1845-1925) tok over Negarden etter faren. Han var
brukar frå 1862-1889, men for ettertida mest kjend som handelsmann
og postopnar på Elverum, ein parsell utskild frå Negarden. Dette
skal eg kome attende til. Lars gifte seg med Severine Knutsdotter
Roald (1836-1916), og dei fekk i alle fall tre born. Dette var
Fredrik (1864-1938), Ole, Lars, Lina, Andreas Carolus (1873-1957) som
først utdanna seg til smed, før han vart kaptein og busette seg på
Sjøholt. Olaf Severin (1880-1938) var den yngste i flokken. Han var
også utdanna smed og livnærte seg ei tid som både sjømann og
dampbåtmaskinist. Han emigrerte til USA og vart verande der resten
av livet i mellom anna Arizona, på vestkysten og Santa Fe. Olaf er
også omtala særskild her på
www.emblemsbygda.com
Han var ein flypionér av dei verkeleg store, med ei rekke viktige
oppfinningar på samvittigheita som også er i bruk i fly i den dag i
dag.
I
1864 selde Lars halve Negarden til Ågne Sjurson Roald, før Knut
Olsen Magerholm kjøpte denne parten to år seinare. I 1868 kan ein
finne at Lars hadde 10 kyr, 18 sauer og hest på sin del av garden.
Han avla 12 tønner bygg, 30 tønner havre, 24 tønner potet og 66
skippund høy. Han var ikkje sjølveigar, berre bygselsmann, og
gråsteinshuset som faren hadde sett opp vart rive igjen og erstatta
då Lars syntest at det vart for fuktig. I 1877 vart han vald inn i
Borgund Heradstyre og aktivt med i politikken. Han vart sittande i
fleire periodar der saker som byutviding og opprettelse av Borgund
Sparebank vart drøfta. Som ein følge av dette fekk han fleire
tidkrevande kommunale verv. Men så fekk også han utferdstrong, som
så mange frå Negarden føre han, overlet garden til sonen ikring
1889. Lars var etter eige utsagn i utanriksfart i 12 år før han
vende heimover og kjøpte tilbake eit udyrka utmarkstykke som han
kalla Elvarum. Det var her han starta filial for Handelsmannen B.
Berli i Ålesund, og dreiv snart eigen Landhandel med postopneri frå
1900 til 1921 i huset sitt. I tillegg var han pådrivar for å bygge
dampskipskaia, bestyrte smørmeieriet ca.1890-1906 og var aktiv del
av styre og stell i Emblemsbygda.
Slektsforankring
i Amerika har nok hatt noko å seie når så mange i samme familie
drog over for å skape seg ei betre framtid. Samstundes skal ein
hugse at det var i denne tidsbolken at mange forlet heimbygda si for
å reise til nettopp Amerika, landet med alle draumane. Om
utferdstrong kan gå i arv kan eg ikkje påstå, men det er nok
avgjerande at ein allereie i oppveksten har lært og høyrt om andre
som og har gjordt det same og at det er slektningar som kan ta imot
og hjelpe ein i eit nytt og framandt land. I 1900 er det berre nemd
ei pleiedatter som tjener for føa hos Lars Olsen Emblem og kona
Severine Knudsdatter på Elvarum. Sonen Olaf var då ugift sjømann
og på "Paa Reise fra Amerika til Australien". Dette var
altså før han valde å gå i land på vestkysten av USA. Broren,
Lars, studerte ei tid i Chicago, i den same byen der søstra Lina
bodde. Begge døde i Norge. Olaf busette seg i Santa Fe i New
Mexico, medan sønene Fredrik, Ole og Andreas busette seg heime i
fedrelandet.
Fredrik
Larsen Emblem (1864-1938) hadde overtatt Negarden i 1889, etter ei
tids samdrift med faren. Årsaka til overtakinga var nok at Lars drog
til sjøs og valde seg ei anna inntektsform i staden for gardsdrifta.
Han fekk kjøpe at eit lite stykke frå Negarden då han kom heim att
i 1900. Det vil seie at han truleg kan ha frådelt seg eit stykke
allereie før han drog, og Borgundboka nemner at han starta
opparbeiding av garden i 1890-åra. Det kan tyde på at han var heime
i periodar dei åra han var på sjøen og at han var forbereidd på å
skape seg ei brukbar inntekt, sjølv på sine gamle dager. Det var
ingen pensjonsordning den gongen og han var ikkje den som sette s9eg
ned med sikkert kår. Fredrik var gift første gong med Anne
Jørgensdatter Eikroll (1857-1897 som vart berre 41 år og døydde i
1897. Han vart deretter gift ein gong til med den einslege mora
Lovise Jensdatter Hovden frå Sykkylven. (1869-1940) Fredrik må ha
vore ein barnekjær mann for han fekk 17 born, 6 i det første
ekteskapet og utrulege 11 i det andre ekteskapet. Dei seks eldste
borna var Lars Ingvald (1885-), Severine Andrine (1887-), Inga
(1889-) som utvandra til Amerika i 1910 saman med broren Jørgen
(1892-), Dei tre yngste borna deira var Fredrik Anton (1894-), Olivia
(1895-) og Klara (1896-). Då Anne døydde gifte, og Fredrik seg om
att med Lovise, hadde ho ei uekte dotter frå forlovelsen med Lars
Olsen Emblem i nabogarden, Sjursgarden. Han gifte seg aldri med henne
og då han fekk Larsgarden i gåve frå far sin, var eit av krava frå
faren «Sjurs-Ole» at Lovise eller dottera aldri skulle få arverett
på bruket. Enkemannen Fredrik tok derimot Lovise under sine
beskyttande vengar og gifte seg med henne. Saman fekk dei borna Anton
Lorentz (1898-1939) som gifte seg to gongar og flytte etterkvart til
Harøya. Deretter kom Olga (1899-), Laura (1903-), Lars Bernhard
(1905-1990) med tilnamnet «Hatlebakk-Lars», Severine (1906-) som
gifte seg på Nygjerdet, Jensine (1908-), Klara Elise som gifte seg
til Rødsethatlen, Olav (1910-1987) som busette seg i Emblemsvågen,
Lorentz (1912-1993) som gifte seg med Anna Hundeide (tidl. bestyrar
på Myrstad Kolonial på Magnusbakken i Emblemsbygda) bygde eige hus
inne på Aksla, og Fritjof (1913-1988) , som fekk overta resten av
farsgarden. Fredrik hadde arbeidd i periodar i Amerika og tok seg
også ein kortare tur over dammen for å besøke borna sine på sine
eldre dagar. Mykje tyder på at han likevel ikkje lærte engelsk.
Norske ungdommar var attraktive tømmerhoggarar på vestkysten, og
nokre av desse felta var dessutan eigd av sunnmøringar. Frå
Sykkylven kom ein av dei mest kjende. Det var tilstrekkeleg å seie
namnet hans i San Fransisco, så vart ein skyssa vidae dit. I
tekstsamlinga på denne nettsida kan du jamvel lesa eit av breva som
Fredrik skreiv til sonen Jørgen og kona Carmen i Amerika i 1936.
Den
1924 selde Fredrik Negarden til Johan Hovrud og Fritjof Aspesæter.
Samstundes frekk ha frådelt ein eigen parsell som han kalla
«Lunberg» bruksnr. 21. Dette vart skylddelt den 28. august. Tomta
fekk ei skyld på 9 øre og vart tinglest den 3. september. Dei to
kjøparane hadde, etter det eg har hørt, plan om å drive
frilandsgartneri i Negarden. Det gjekk ikkje så bra for den 7. juni
1926 vart det halde eksekusjonsforretning på garden. Kravet kom frå
konkursbuet etter ein annan sambygding, Handelsmannen Hans Furset,
som dreiv kolonial under namnet Hans Iversen i Spjelkavika. Han var
igjen avhengig av at dei handlande kunne betale for seg. Gjelda til
dei to gartnarane var då på nærmare 290 kroner. Det var ikkje
store beløpet, men dei makta ikkje å betale bostyraren innan
fristen. Det endte med at banken overtok garden med eit bod på 8000
kroner. Tvangsauksjonen endte etter fleire rundar i retten i juni
1928 med at banken fekk kjøpe garden frå Aspesæter og Hovseter.
Det
verkar anten som om Fredrik Emblem ikkje ynska å kjøpe attende
farsgarden, eller var det slik at han ikkje hadde råd? I 1924 skreiv
han i alle fall eit garantibevis til broren Andreas på 700 kroner
med pant i Lunberg fordi han hadde fått tilsvarande beløp for lite
i arveoppgjeret etter faren deira. Andreas hadde gitt eit lån i 1925
som ikkje hadde vore med i rekneskapen. Fredrik kunne ikkje betale
attende dette beløpet med det samme. På denne tida var han fleire
turar til Amerika for å arbeide der, ved sida av tørking og sal av
tørrfisk nede på berga i stort monn. Problemet var berre at han
først måtte kjøpa ein god del av fisken. Deretter måtte den
tørkast og selgast før det vart avkastning. I mellomtida var mykje
av midlane bunde opp. På den andre sida så hadde Fredrik 4000,- til
å kjøpe nok ein part av Negarden frå Borgund Sparebank den 6. juni
i 1928 Denne parten fekk namnet «Lundberg» med ein «d» i namnet
og fekk ei skyld på 22 øre. Eigedomane til Fredrik på garden var
no oppe i 29 øre. Det vart dermed Lars Olsen Emblem frå Auregarden
som kjøpte Negarden frå Borgund Sparebank for kr. 9000,- 28. juni
1928. Ifølge opplysningar frå mellom anna Erling Emblem så flytte
truleg dottera til Lars, Thea Olsdotter Emblem (1886-1979) og
ektemannen Martinus Knutsen Emblem (1881-1949) frå Steffågarden inn
på eit tidspunkt mellom 1927 og 1929. Eg vil tru at dei ikkje flytte
inn før rettstvisten var over. Sønene deira Martin, Inge og Trygve
vart fødd i Auregarden. Trygve vart yngst av desse og fødd sommaren
1927. Broren Erling var derimot fødd i mars 1929 i Negarden. Det er
dermed godt mogeleg at dei flytte inn hausten 1928 ein gong.
Auregards-Lars kjøpte bruket på deira vegne. Før dette budde dei i
Auregarden, men det vart både trongt og mange ungar der på den
tida. Også borneborna Harry og Mary Akslen budde der då mor deira
frå Auregarden døydde.
Etter
Fredrik var det altså Martinus Knutsen Emblem (1881-1949) frå
Sjursgarden og Thea Olsd. Emblem (1886-1979) frå Auregarden som tok
over. Auregards-Lars overlet ifølge pantergisteret skøytet på
Negarden til Martinus i 1958. I følge opplysningar frå næraste
slekta så kan dette ikkje stemme. Sonen Erling fortel at Martinus
døydde då han var i Tysklandsbrigaden i 1949. Han hadde akkurat
kome ned att etter eit besøk heime då beskjeden kom. Eg vil tru at
dei som registerte opplysningane skreiv feil, for Borgundboka fortel
at det var sonen Trygve som overtok i 1958. Han hadde mellomnamnet
Trygve Martinus. Faren er registrert med ein obligasjon på Negarden
i 1937, så då må han ha overtatt skøytet etter svigerfar sin i
Auregarden.
Martinus
og Thea fekk 6 born. Dette var Inge (f. 1919) som gifte seg på
Skaret med Johanne Akslen (1923-2008), Karsten Ola (1921-1997) som
busette seg i eige hus på garden og gifte seg med Jofrid Klara Mary
Akslen (1921-2002), Martin (1923-2012) gift med Ruth (1924-2004),
Trygve Martinus (f. 1927) som tok over garden, Erling Olav (f.1929)
som er gift med Kjellaug (f. 1933) og busett i eige hus på garden,
Gunvor (1931-1993)
Sonen
Trygve Emblem tok over bruket etter foreldra. Han er fødd i
Auregarden i 1927 og ungkar. Garden tok han over i 1958. Ved sida av
gardsdrifta var han aktiv ungdomsleiar i mellom anna speidaren.
Truleg var det også han som stifta lokallaget på Emblem på
1950-talet. Han sette opp ny løe på bruket og dreiv for det meste
med sauehald før han på sine eldre dager leigde ut driftsbygg og
marker til hestehald. Eg vil komme attende til den nyare
Negardshistoria etter 1939 ved eit seinare høve.